Sitat

«Jeg blir borte i mørket» av Michelle McNamara

Leseeksemplar

Historia om Golden Gate-morderen er noko av det eklaste eg har lest. Eg trur alle er ganske så opptatt av true crime for tida, og det er like mykje bra i bokform som det er på tv.

På 70- og 80-talet herja ein voldtektsmann – seinare seriemorder – i California. Over femti grove seksuelle overgrep og minst ti mord. Han var umogleg å fange; lite videoovervakning, ingen DNA-testing. Vitnene var ofte uenige om korleis han såg ut, og han endra mønstra sine etterkvart. Det var eit mareritt for politiet, men enormt mange folk har aldri sluppet taket i saka.

Forfattaren skildrar historia på fantastisk godt vis. Eg kjende ingenting til saka før eg las boka, men føler meg som ein liten ekspert. McNamara klarer balansen mellom mykje fakta og mykje kjensler, høgt tempo og fokus på detaljer og livshistorier. Til saman blir det ein skummel og ubehagelig tekst, med eit heilt eige driv.

McNamara døydde to år før boka vart utgitt, så den siste delen er satt saman av ulike notater og tidlegare publiserte artiklar. To månader etter at boka vart publisert i USA, fanga dei mordaren: Joseph James DeAngelo. På omslaget står det «Boka som oppklarte en av USAs største seriemordsaker», men det er teknisk sett ikkje sant. Boka bidrog til å halde interessa oppe og søkelyset retta mot saka, men så vidt eg forstår er det ingenting i boka som førte til arrestasjon, men det er eit fantastisk portrett av eit udyrs handlingar.

Om du leiter etter krimlektyre til påska, er dette eit godt alternativt. Eg veit ikkje kva som kan vere meir skremmande enn at det faktisk har skjedd. Eg les vanlegvis ganske raskt, men her var det nesten umogleg; eg følte på trangen til å måtte få med meg kvar enkelt detalj.

Forlag: Press
Utgivelsesår: 2019

Sitat

«Vår egen grusomhet» av Araminta Hall

Leseeksemplar

Mike og Verity har vore saman i ni år og har eit lidenskapeleg forhold. Dei leiker ofte Suget: la Verity bli sjekka opp på bar, og så dukker Mike opp og går i mellom og truer fyren. (Litt krydder i kvardagen, veit du.) Så blir Mike tilbudt ein jobb i New York og dei bestemmer at han skal reise og tene penger, så kome tilbake. Men så går det skeis, og når Mike kjem tilbake til London er Verity forlova med ein annan mann. Og for Mike er beskjeden klar: han må gjere seg klar til den største utgåva av Suget nokonsinne.

Det er ei ganske underleg oppdeling av tekst i denne boka. Tre deler, der siste del er ei rettsak. Men dei to første ser eg ingen logisk brytning mellom, for det er ingen sjokkerande avslutning på del en eller sjokkerande start på del to. Det skuffa meg litt, for første del var ganske trå. Det er ingen oppdeling av kapitler innimellom, og det gjer teksten unødvendig slitsom, og for meg er det drepen på ei god leseoppleving.

For meg blir desse to karakterane usedvanlig flate, noko som ikkje fungerer i det heile tatt. Eg skreiv om menn som ikkje kan skildre truverdige kvinner i omtala mi av Den forrige jenta, men det kan visst gå begge veier. Ei kvinne som ikkje kan skildre menn? Mike skal vere ein mann med ein vanskeleg barndom, men eg føler han blir skildra som om han har ei slags funksjonshemming. Han har jo den mentale kapasiteten til ein tolvåring? Det bidrar òg til at eg ikkje trur på historia, for Verity er ei intelligent kvinne, og det er vanskeleg å tru at dei har vore saman i ni år.

Det er nesten flautt å skrive kor dårleg eg synest boka – og hovudsakleg karakterane – er, for Hall underviser i skriving på masternivå og skriv i etterordet at for henne er interessante karakterer det som driv romanen, og spesielt ein psykologisk thriller, framover. Dette er ikkje ein psykologisk thriller i mine auge. Hall streba etter å skape karakterer som gjer at ein ikkje veit kven ein skal tru på, men det fungerer ikkje. (Sjølv om det kan virke arrogant, så følte eg at historia berre var fortalt frå ein sjuk mann si side, uten at eg trudde på at historia hans heller.)

Noko eg derimot synest er veldig fascinerande med boka, og som dessverre ikkje gir meining før i etterordet, er rettssaka. Ei rettsak mot både ei mann og ei kvinne der dei blir behandla ulikt, og kvinnas aktive seksualliv blir brukt som eit slags bevis på lav moral. Dette er bevisst lagt inn som eit politisk innspel, og det burde kanskje heller vore utgangspunktet for boka.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2019

Sitat

«Alle disse vakre løgnene» av Peter Swanson

Leseeksemplar

Alle disse vakre løgnene er den tredje boka eg har lese av Swanson (eg har visst hoppa over Hennes største frykt!), og eg kan driste meg til å seie at han aldri skuffer. Plottene er originale og elegante, i tillegg til å vere pur kvalitet i språket.

Harry er akkurat ferdig på college, men må droppe eksamensseremonien i New York for å dra i farens begravelse i Maine. Faren har falt av ein klippe på sin vanlege kveldstur ved kyststien han likte å gå på. Først virker det som ei ulukke, men etter at Harry kjem tilbake til den vesle byen, viser etterforskinga til politiet at Bill, Harrys far, har blitt slått i hovudet før fallet. Han har blitt myrda.

Eg vil ikkje seie noko meir om handlinga, for det trur eg vil øydelegge mykje, men dette er altså utgangspunktet for boka. Framdrifta er noko av det beste eg har sett, både sakte og rask. Her er både opprulling av bakgrunnshistorier som vert meir og meir sjokkerande, i tillegg til dei brå vendingane som er varemerket til sjangeren. Swanson klarer å dra historia vidare bare basert på handling som til tider ikkje er meir enn foruroligande, men han mister aldri nerven som gjer at ein berre lese vidare.

Dette er noko av det nifsaste og eklaste eg har lest på lenge. Stemninga er gjennomborande og trykkande, og boka er ekkel på så mange plan. I tillegg til å vere uhyre velskriven, er boka lettlest, raffinert og overraskande intelligent, sjølv med såpass enkle komponenter. Med andre ord: ein veldig vellukka thriller!

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2019

Fleire bøker av Peter Swanson finn du HER.

Sitat

«Passasjeren» av Lisa Lutz

Leseeksemplar

Det som er så fint med å lese bøker av forfattarar du aldri har høyrd om før, er at du ikkje har nokon forventingar til innhaldet. Eg les dessutan knapt baksidene, eg lar meg stort sett kjøpe på omslag og korte pitcher. For min del blir bøkene mykje meir spennande på den måten, og det fungerer jo fint når ein les alle slags sjangrar uansett. I alle fall, denne boka var som ei bombe!

Tanya Dubois kjem ut av dusjen og ser at ektemannen er død. Ho veit ho ikkje har drept han, men alternativa er enkle: å stikke av og virke skuldig, eller å ringe politiet og la dei snuse opp heile fortida hennar. For Tanya er valget ganske enkelt, og ho pakker ein koffert og reiser sin veg.

Vi følger Tanya (og alle dei andre aliasene) på reisa hennar, og møter mange underlege menneske og store problem undervegs. Det viser seg at å skifte identitet og prøve å leve eit vanleg liv utan politiet i hælane, ikkje er like lett som ein ofte ser på film. Tittelen er òg ganske så passande, for Tanya føler nok ofte under reisa si at ho ikkje har så mykje ho skulle ha sagt i fluktruta, at ho berre er along for the ride.

No skal eg jo ikkje øydeleggje dine forventingar, men dette er perfekt for alle Peter Swanson-fans. Mørk historie, elegant utforming og ei konstant nerve i språket. Det er ikkje store tvistar som er fokuset (som hos Clare Mackintosh), men ei konstant framdrift og ei bakgrunnshistorie som vert rulla opp, men som verkeleg slår deg i bakken til slutt. Historia gikk rett heim hos meg, og boka i si heilhet får toppkarakter.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2019

Sitat

«Øynene som ser» av Mary Higgins Clark

Leseeksemplar

Mary Higgins Clark har gjeve ut over 30 bøker, og er eit godt kjent namn i bransjen. Mor mi har alltid likt bøkene hennar godt, og når det no kom ut ei fersk bok av henne, tenkte eg at det kanskje var på tide å teste ut forfatterskapet.

Handlinga er lagt til ein småby i New Jersey, Saddle River. Etter ein heime åleine-fest, vert vertinna, atten år gamle Kerry Dowling, slått i bakhovudet og drukner i bassenget sitt. Der ligg ho til foreldra og storesystera kjem heim neste dag. Det einaste vitnet til mordet er naboen, tjue år gamle Jamie – som er mentalt funksjonshemma og ikkje det mest pålitelige vitnet. Redd for at han vil få skulda, prøver mora å dekke over at Jamie veit noko som helst.

Det er ikkje ein klassisk politikrim, heller ikkje heilt ein psykologisk thriller. Du får historia frå fleire hald, men det er ingen store tvister i handlinga, heller ikkje mange skjulte hint eller falske spor. Det er berre to-tre knøttsmå hint om at nokon veit noko. Om du bare les rett fram, så får du heile historia servert uten å trenge å tenke. Veldig lettlest, med kanskje litt stiv dialog til tider. (Spesielt dei indre dialogane blir litt uekte og rotete for meg.)

Historia er truverdig, framdrifta kronologisk og jamn og det er absolutt ei bok som fanger deg og får deg til å ville lese heile greia så raskt som mogleg. Vel verdt nokre timar med underhaldning! Når det er sagt, er det ingen stor litterær opplevelse, korkje plott eller språklig utforming er spesielt original eller iaugefallande. Det gir meg litt assosiasjoner til Frustrerte fruer (!) eller kiosklitteratur (utan at det er negativt meint), for det krever veldig lite av lesaren. Eg skulle ønske Higgins Clark hadde utfordra seg litt meir, for for min del vart den skuldige openberr frå sekundet vedkommande dukka opp i boka. Ho kunne med fordel brukt aspektet med den funksjonshemma guten som upålitelig forteljar litt meir kreativt; då kunne sjølve plottet vore likt, men leseopplevelsen litt meir minneverdig.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2019

Sitat

«An Ocean of Minutes» av Thea Lim

Leseeksemplar

Dette er noko av det kulaste, særaste, mest bittersøte og nerdete greia eg har lest på evigheter. Det er ein sjukt merkeleg roman, men eg digga den frå ende til annan. Det er åtti- og nittitalet, tidsreiser, epidemiar og oppbrytning av landlinjer.

I 1981 herjar ein epidemi over USA, og den er nesten umogleg å kurere, i tillegg til rådyr å kurere. Pollys kjærast, Frank, er blitt sjuk, men har ikkje råd til kuren. Heldigvis for dei, er tidsreise oppfunne, og i framtida treng dei arbeidskraft. Pollys erfaring som møbelfikser er nødvendig i 1993, og om Polly reiser, vil tidsreiseselskapet betale for Franks kur. Så ho reiser, og Frank skal vente på henne. Han skal møte henne når ho kjem fram; deira kjærleik kan definitivt tole tolv år. Men noko går gale. Polly ender opp i 1998 og Frank er ikkje der. Polly vil leite etter han, men å jobbe for tidsreiseselskapet begrenser henne og fritida hennar kraftig. For å gjere ting verre er USA og America to forskjellige land, og ho er i feil land.

Romanen er veldig overraskande, kløktig komponert og hjarteskjærande. Den slutta ikkje slik eg ville den skulle, men eg trur ikkje den ville vore god om den hadde endt annleis. Om du leiter etter ei knallgod bok som ikkje er heilt A4 eller vil ha noko lettbeint science fiction, er dette definitivt eit godt val.

Forlag: Quercus
Utgivelsesår: 2018

Sitat

«Daisy Jones & The Six» av Taylor Jenkins Reed

Leseeksemplar

Eg har lenge hatt lyst til å lese The Seven Husbands of Evelyn Hugo, og i fjor fekk eg med meg dette forhåndseksemplaret av same forfatter frå jobb. Så vart den marsboka til Reese Witherspoons leseklubb, så då starta eg like så godt med denne. Og gjett om eg skal lese absolutt alle romanane til Taylor Jenkins Reed etter dette!

Daisy Jones & The Six. Kanskje det mest ikoniske bandet frå syttitalet. I intervjuform vert historia fortalt, frå starten på it-jenta Daisy og rockebandet The Six, og korleis dei blei så store som dei vart. Og ikkje minst korleis og kvifor bandet brått vart oppløyst 12. juli 1979. Aldri før har bandmedlemmene og deira nærmaste fortalt kva som hendte, men no vert altså heile historia fortalt for aller første gong.

Dette er altså eit fiktivt band, sjølv om eg må innrømme at eg måtte google litt for å finne det ut. Og sjølv om det er rock & roll frå syttitalet, er ikkje heile boka full av sex, dop og musikk. Det er absolutt ein del av det, men den verkelege historia ligg i forholdet mellom menneska i bandet, og forholdene dei hadde til menneska rundt dei. Korleis suksess, sjalusi, forelsking og skuffelse kan øydelegge alt, uansett kven ein er. Vonde hendingar og varme kjensler er stikkordene her. Kvinnene i boka er hardbarka feministar, og sterke karakterar på kvar sine måtar. I tillegg er det ein veldig fin tvist på slutten av romanen, som eg absolutt ikkje skal seie noko meir om.

Og skildringane av musikken! Du kan verkeleg høyre musikken når du les, og eit pluss er det at Jenkins Reid har tatt seg bryet med å skrive ut nokre av songtekstane og lagt dei ved til slutt.

Boka er fantastisk! Godt komponert, original og underhaldning frå ende til annan. Eg slukte kvar einaste linje, og sjølv om eg elsker å lese, er det sjeldan eg koser meg så heilhjarta med ei bok. Om det er ein einaste svakhet i romanen, er det at dei stemmene til dei forskjellige litterære karakterane kanskje er litt vel like, noko som gir ei kjensle av at dette er ein roman og ikkje røynd. Likevel er dette ein lesefest av dei absolutt sjeldne. Løp og kjøp!

Forlag: Hutchinson
Utgivelsesår: 2019