Sitat

«Maurtuemordene» av Hans Olav Lahlum

Boka er eit rådgjevareksemplar frå forfattaren

Maurtuemordene

Kva er meir spanande (og uløyseleg) enn ein «ope rom»-krim? Det er få leietrådar, få mistenkte og ingen eller liten samanheng mellom drapa. Det som gjer denne boka ekstra spanande er at vi får innblikk i seriemordarens sinn òg. Det auker spenninga gonger tusen.

Unge kvinner dukker opp – døde, naturligvis. Både teologistudentar, jazzsangarar, rike arvingar… Fellesfaktorane ser ut til å vere få, og til og med Patricia slit med å finne løysinga. Ein seriemordar er laus, og ved offera sine legg han eit bilete av ein maur. Presset under etterforskninga auka, og K2 (endeleg singel) opplever press i privatlivet òg. Og twisten i historia er fantastisk! Eg er kjempestolt av at eg gjetta meg til løysinga før den vart avslørt (i alle fall halvvegs).

I tillegg til spenninga ved å lese boka i seg sjølv, las eg denne som rådgjevar for Hans Olav. Den skil seg ganske kraftig frå dei tidlegare bøkene med tanke på plott, men det er jo berre kjekt med litt nytt!

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2014

Fleire bøker av Hans Olav Lahlum finn du HER.

Sitat

«Kven er redd?» av Carl Frode Tiller

Kven er redd?

For eit skodespel! Ein må faktisk snappe etter luft her, jo. Dette er verkeleg morosamt, og det går slag i slag. Eg lo høgt fleire gonger, og humra konstant for meg sjølv. Det første eg gjorde no når eg sette meg foran Macbooken (etter å ha lese heile greia i eit strekk) var å leggje alle bøkene til Tiller på ynskjelista mi. For denne fyren veit tydelegvis kva han driv med.

Stykket «Kven er redd?» handlar om Bjørn. Bjørn er middelmådig i det meste: som skodespelar, ektemann, far, menneske generelt. Han er til og med middelaldrande (snakk om gjennomført type!). Han og kona har eit ganske anstrengt forhold, men ikkje fullt så anstrengt som det han har til borna sine eller svigerforeldra, eller sin eigen far. Men det er heller ikkje langt i frå. Bjørn spelar hovudrolla i eit stykke kalla «Hvem er redd for Virginia Woolf», og etter kvart kjem Bjørn sine eigne redslar fram. Mellom kvar «familiescene» er det ein monolog av Bjørn, der han snakkar direkte til publikum.

Eg har ikkje tenkt å avsløre meir, berre at stykket er fantastisk (så om nokon vil setje det opp, tek eg gjerne på meg rolla som regissør og castingansvarleg, for eg har allereie den perfekte skodespelaren i hovudet i rolla som Bjørn). Sjølv om du ikkje les drama til vanleg, vil du nesten ikkje merke det, det er like lettlest som ein roman. Såpass skildrande, og likevel ikkje dikterande, er sideteksten. Eg anbefalar skodespelet på det varmaste!

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Carl Frode Tiller finn du HER.

Sitat

«Mors gaver» av Cecilie Enger

Mors gaver

Denne boka vant Bokhandlerprisen i 2013, og dei bøkene pleier jo å vere ganske gode. Og med så mykje skryt som denne har på omslaget og inn i omslaget, burde den jo vere fantastisk? Og tjaaaaa. Den er jo fin! Veldig, veldig fin. Det kjennest jo nesten litt for privat og intimt å lese så mykje om andre menneske sine liv (det er jo ein sjølvbiografisk roman), men Enger gjer det eigentleg lettare å lese enn det kanskje burde vore.

Boka handler om mora til Cecilie Enger, som no lid av Alzheimer og bur på sjukeheim. Når ho og søskena tømmer barndomsheimen før den skal selgast, finn Cecilie moras lister. Lister over alle julegaver gitt og fått i rundt 40 år. Med utgangspunkt i desse listene fortel Cecilie om moras sjukdom, det som vert huska eller gløymd, minner frå barndommen og ungdomstida si, og korleis ho og familien opplever Alzheimeren.

Det er som sagt ei veldig fin bok, med mange interessante tankar og refleksjonar. Den var litt kjedeleg dei fyrste 50 sidene, når alle menneska vert presentert (og må plasserast mentalt), men når vi er komne litt inn i boka vert den god. Det er fint, trist og ei interessant bok. Litt overvurdert, men ikkje mykje.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av Cecilie Enger finn du HER.

Sitat

«Heime mellom istidene» av Guri Sørumgård Botheim

Mellom istidene

Wow. All muleg creds for å skrive gjennomført på tjukk gudbrandsdalsdialekt (unntatt «Trondheim»-delen). Det er godt gjort. Dessverre er det det einaste positive eg kan seie om denne diktsamlinga. Det er kjedeleg knekkprosa, rett og slett. I tillegg er det som sagt skrive på ei av Noregs mest uforståelege (og styggaste, sorry) dialekter, så det er heilt umogleg å nyte lyrikken. Ikkje at det er så mykje lyrikk å snakke om, for språket er ikkje melodiøst eller fint i det heile. Innhaldet er platt og utan nokon særleg form for verkemiddel: det blir veldig MEGMEGMEG!, om att og om att. Og akkurat når det kjem ei kul strofe, er den neste sær og meiningslaus. Samlinga skal liksom handle om å kjenne seg heime, men det var ikkje akkurat eit djupdykk. Det finnast ikkje noko poetisk ved å dele opp setninga «Vi har ikkje innboforsikring» opp i tre liner. Uansett.

Frå ei jente som har brukt det siste året på å studere og analysere litteratur (med gode karakterar, om du lurer), så treng du ikkje bruke tida di på denne samlinga. Den støyten har eg teke for deg. Så om du slit med vanleg nynorsk; styr unna. Om du likar fin og innhaldsrik lyrikk; styr unna.

Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Lakse-enka» av Ingrid Bjørnov

Lakse-enka

Eg må heilt ærleg innrømme at eg tok feil av denne boka. Veldig feil. Eg kjøpte den billeg, og ville eigentleg berre lese den for å bevise for meg sjølv at den var like uforskamma som eg trudde den var. Eg trudde den skulle vere skarpare i språket og meir angripande på ein mann som «elskar laksen bittelitt meir enn kona». (Eg trudde og at boka var ny, men den er visst frå 2007.) Men den var bare artig. Den var faktisk bare kjempemorosam å lese. Den var rett på sak, ærleg, humoristisk, frekk og eg kunne kjenne meg att i fleire av skildringane om maktbalansen – terrorbalansen – i eit forhold.

Den var ei fryd å lese, og eg storkoste meg med den. Så om du vil ha noko å flire av når du les sjølv, eller du vil kjøpe den som ei fresh gave til ein sportsfiskar, er det nettopp det du bør gjere – kjøpe den.

Forlag: Vega
Utgivelsesår: 2007

Sitat

«Hold pusten så lenge du kan» av Maria Sand

Hold pusten så lenge du kan

«Hold pusten så lenge du kan»? Ja, det kan du seie! Denne boka tok pusten ifrå meg fleire gonger. Greit at det er ein debutroman frå i fjor, men kvifor er ikkje denne boka snakka meir om? Den tar jo for seg eit viktig tema!

Gjennom delar kalla Før, Etter, Så og Nå møter vi Alva. Alva har eit tøft liv. Som åtteåring vert ho mobba, bestevenninna, Kjersti, døyr og foreldra hennar går frå kvarandre. Som tenåring er ikkje livet mykje betre, sjølv om det er veldig annleis. Alva slit med sunne forhold, både til seg sjølv, andre menneske og haldningar. I tillegg lev ho med skuldkjensla over at det kanskje var bitte litt hennar feil at Kjersti døydde.

Språket er så godt, det dirrar! Og måten Sand har brukt pronomena på er utruleg perspektivskapande. Som barn er Alva «jeg», som tenåring opplever ho seg sjølv utanfrå og er «du». Som ung vaksen er ho «hun» og som vaksen er ho seg sjølv att. For ei effekt! Tonen i boka er heilt unik. Sår, fin, vond, og ikkje minst presis. Den MÅ bare lesast.

Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Fugletribunalet» av Agnes Ravatn

Fugletribunalet

No har eg ynskt meg denne boka så lenge, at eg har nesten ikkje lov til å mislike henne. Og så er den jo i tillegg på nynorsk! Men den var heilt annleis enn forventa. Ikkje at eg heilt veit kva eg forventa av ho?

Boka handlar om Allis, som røymer frå ei skandale i NRK. Ho hamnar hos Sigurd Bagge, som hushjelp og gartnar (ikkje at ho kan noko om det), ein stille fyr langt ut på landet. Han treng hjelp når kona er vekke på reise, men Allis oppdagar fort at det er mykje som ikkje stemmer med historia hans.

Boka er skikkelig spanande! Det er ei kjensle av uro gjennom heile greia, og den er creepy som få. Og Ravatn held på spenninga til siste side. Herrefred, eg må ta ei pustepause!

Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av Agnes Ravatn finn du HER.

Sitat

«Kjære» av Linnéa Myhre

Kjære

Linnéa Myhre er kanskje ein av dei skribentane idag ein kan identifisere seg med. Ikkje at eg har hatt eteforstyrringar, men kjensla av at andre stirer, sosial angst og andre ubehagelige opplevingar i dagliglivet.

I denne boka, som har den perfekte tittel til innhaldet, er det brev Myhre skriv til familie, venner, redaktører og andre som har gjort henne glad eller forbanna. Nokre av breva er jo nesten public shaming, men med Myhre sin sarkasme, sjølvironi og mørke humor vert det berre ei fryd å lese.

Om du ikkje er i stand til å takle sanninga om det sjuke kropps- og prestasjonspresset dagens jenter (og gutar) opplev i dag, vil du nok ikkje gidde å lese boka. Er du derimot oppegåande og forståelsesfull, så er dette ei veldig fin bok det er verdt å lese. (Og så gleder vi oss til den tredje!)

Forlag: Tiden
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Linnéa Myhre finn du HER.

Sitat

«Alt som teller» av Ingrid Ovedie Volden

Alt som teller

For ei lita perle! Det er ikkje ofte eg les ungdomsromanar lengre, men denne verka interessant. Den handler om Petra. Petra er 12 år og går i sjuande. Ho elskar partal, og hater oddetal – verst av alt er primtall. Heilt til ho oppdagar pi. Tanken på eit tal som aldri slutter, gjer henne kvalm og ho kaster opp. Fordi ho kaster opp, vert ho sendt til PPT, som kan fortelje henne at ho lir av tvangstankar. Litt og litt må Petra utfordre seg sjølv, og slik møter ho Thomas.

Boka er kjempefin. Den skildrar utruleg godt korleis det er å føle seg litt annleis utanfor, samstundes som ein veit kven ein er – og likar denne personen. Den handler om venskap, og familie. Og så litt om matematikk, då. Og grukar. (Veit du ikkje kva ein gruk er? Les boka.)

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Ingrid Ovedie Volden finn du HER.

Sitat

«Sånn ble det» av Maren Uthaug

Boka er sponsa av Bastion forlag

Sånn ble det

Denne boka handler om Kirsten. Før ho vart danske Kirsten, var ho halvt samiske Risten i Finnmark. Faren Knut tok ho med til Danmark då ho var sju år gamal, og gav ho eit nytt liv i Danmark. Som barn føler Kirsten at ho aldri passer inn, ho hater stemora og kjem med tause demonstrasjonar kvar dag. Ho blir òg kjend med den vietnamesiske flyktningen (som for «praktisk skuld» no heiter Niels), og dei blir bestevenner. Kirsten husker lite frå tida i Noreg, og har ingen kontakt med mora før 20 år etterpå. Og så viser det seg at ingenting eigentleg var slik Kirsten trudde.

Boka er ikkje direkte lettlest, men det er likevel ei spenning der som dreg deg vidare når det kjenst litt trått. Det er ei ærleg, rå historie med mange såre menneske (som for mange nok vil bli for ærleg). Ikkje forvent noko fluff når du les denne boka, det er ikkje ei kose bok. Det er ei av dei bøkene ein ikkje les fordi historia er vakker – men fordi den er godt fortalt og kanskje litt viktig.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«Eplehagen» av Marianne Storberg

Eplehagen

Det første ordet eg vil bruke om denne boka er kvalitet. Det er ei godt komponert bok med eit høgt detaljnivå, mykje innbakt fakta og godt språk. Vi veit jo mykje  om 1814 (grunnlov, unioner og sånt), men denne boka tar for seg dei små historiene i historia.

Boka handler om Maren. Maren blir enke i ein alder av 25, og for å kome seg unna Christiania søker ho på ein post som guvernante hos presten Johannes Høegh i Asker. Men Maren oppdager snart nok at det meste ikkje er slik det ser ut ved fyrste augnekast. For kvar er eigentleg prestekona? Og kvifor er presten så uvenleg mot enkelte av dei fattige i bygda? For fyrste gong i sitt liv opplever Maren lidenskap, og verkeleg sorg.

Eg trur dette er ei bok som kan treffe mange, både unge og gamle. Eg trur eg helst ville anbefalt den for kvinner, det er vel kanskje ein typisk dameroman (sjølv om man kanskje ikkje skal sei sånt?). Men uansett er den veldig spanande, og historia drar deg inn.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Katalysatormordet» av Hans Olav Lahlum

Katalysatormordet

Denne er spanande. Og ein får litt vondt og dårleg samvit av K2. Han ser ei jente springe som ein gal mot trikken, men når den ikkje. Ein time seinare vert kvinna funnen skoten og drept i trikkesporet. K2 veit at han kunne redda ho om han berre hadde trukke i nødbremsa. Jenta viser seg å vere ein del av ei gruppe unge sosialistar.

Men historia startar eigentleg ikkje her – den startar eigentleg med ein hyttetur to år tidlegare, der gruppas leiar forsvant utan eit spor. Og denne leiaren var forlova med den avdøydde jenta. I tillegg til å skulle løyse mordet saman med Patricia, oppdager K2 at han kanskje har kjensler for henne. Og løysinga – wow, wow, wow.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2012

Fleire bøker av Hans Olav Lahlum finn du HER.

Sitat

«Satelittmenneskene» av Hans Olav Lahlum

Satelittmenneskene

Dette er utan tvil ein av favorittbøkene mine om K2 og Patricia! Motstandsmannen Magdalon Schjelderup døyr under mistenkelege forhold – midt under ein familiemiddag. Og så seint som dagen før hadde Schjelderup kontakta K2 og bedt om eit møte, for han trur at ein av hans nærmaste vil drepe han.

Det er eit avgrensa tal menneske som kan ha drepe han, for mordaren må vere ein av middagsgjestane. Og saman med Patricia, vil K2 prøve seg på ei ny drapssak. Og enda meir pirrande vert det når fleire brev dukker opp som avslører kven andre i omgangskretsen som skal døy. Kor mange døyr før saka vert oppklart?

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2011

Fleire bøker av Hans Olav Lahlum finn du HER.

Sitat

«Til Vestisen» av Tor Even Svanes

Boka er eit leseeksemplar frå Boklageret

Til vestisen

Bakpå står det blant anna at romanen «dirrer på hver side; konsekvent i stil og utførelse, rystende og kompromissløs på innholdssiden.» Og eg kan ikkje anna enn å seie meg einig. Korleis Svanes faktisk får sidene til å vibrere av spenning, er heilt over mi forstand. Det er noko så ekstremt spent over heile teksten, og måten han er komponert på.

Romanen handlar om Mari Risa. Mari er nettopp sertifisert selfangstinspektør, eller inspektrise. Men hennar fyrste tur vert ikkje som ho ventar. Og om ein les starten av boka, forklaras det meste slik: ingen kunne forutsett det som skulle skje, med mindre ein hadde fordommar og trudde det verste om folk.

Denne boka overrasker på kvar side. Ingenting kan forutsjåast eller takast for gitt. Du vil sitte og gispe saman med hovudpersonen og kjenne noko på huda di gjere deg panisk. Det er eit lite mesterverk.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Ingrid Winters makeløse mismot» av Janne S. Drangsholt

Ingrid Winters makeløse mismot

Denne boka er blitt hausa opp til å vere ei hysterisk morosam bok, og hylla av blant andre Henriette Steenstrup. Og for å vere ærleg: det er den mest oppskrytte boka frå 2015. Verkeleg. Kanskje den ikkje traff helt fordi eg ikkje er ei førti år gamal dame med små barn og fæle kolleger og hussalg. Men sjølv om eg hadde vore det, hadde eg nok likevel ikkje funne den hysterisk. Maksimalt ville eg kalla den underhaldande. Alt eg satt igjen med var eigentleg irritasjon over hovedkarakterens dumskap.

Boka handlar om Ingrid. Ho jobbar på på Universitetet i Stavanger, demotert og med drittsekkar av kollegar og studentar som ikkje likar henne. Ekteskapet hennar er ganske daudt, og blir ikkje betre når ho byr på eit hus dei ikkje kan ha råd til og reiser til Russland midt i flytteprosessen.

Ingrid manglar (i følge meg) sosiale antenner, og lev alt for mykje i ein fantasiverden for seg sjølv. Ironisk nok var det desse bitane som var det beste med boka. I tillegg er Ingrid ein ganske upåliteleg forteljar som ikkje klarer å oppføre seg som ein vaksen. Eg forstår at denne boka liksom skal ta for seg kvardagsproblem med humor, men det fungerer ikkje. Så for å oppsummere: oppskrytt til dei grader, frustrerande karakterer, skivebom. Absolutt ikkje ei bok du treng å lese. Du er herved advart.

Forlag: Tiden
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Irma Dahl – den dedikerte begravelsesagenten» av Kristine S. Henningsen

Boka er sponsa av Juritzen forlag

Irma Dahl

Fyrst av alt vil eg berre vite korleis i alle dagar ein kan kome på ideen om å skrive denne boka. Og så vil eg klappe litt. For denne boka er strålande! Den er velskriven, banebrytande og latterleg morosam. Eg storkosa meg gjennom heile leseprossessen, og det vart eit par seine netter; eg ville ikkje legge boka ned.

Vi møter Irma Dahl. Irma tok (uheldigvis) livet av ein pasient som sjukepleiar, og etter ho vart permittert har ho tatt vakter på Kirkens SOS. Men irritasjonen stig når ho aldri møter nokon på telefonlinja som faktisk vil ta livet sitt. Og kva er då vitsen?? Så ho får seg jobb i eit gravferdsbyrå, og elskar det umiddelbart. Ho strekk seg den ekstra mila for alle (nesten) avdøydde, og er ressurssterk til fingerspissane. Irma har eit annleis forhold til døden enn dei fleste, og dette, i kombinasjon med litt brukne sosiale antenner, skaper ganske mange utrulege situasjonar.

Boka er tragisk, og morosam. Døden er jo noko ein ikkje skal spøke med – men ein skal ikkje snakke om han på ein kvardagsleg måte heller. Henningsen bryt ned eitt og eitt tabu, og resultatet er fantastisk. Ho har kanskje satt lista for moderne tragikomikk. For ver så snill, la det kome meir.

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Menneskefluene» av Hans Olav Lahlum

Menneskefluene

Dette er den første boka om K2 og Patricia, og pokker for ein start. En tidlegare statsråd og mostandshelt, Harald Olesen, vert skoten og drept i si eiga leilighet. Innelåst. Det er ingen spor etter verken morder eller mordvåpen. Men morderen må ha vore nokon andre som bur i oppgangen. Han får, på underleg vis, kontakt med Patricia, som viser seg å vere til uvurderleg hjelp i saka. Men så vert ein av naboane funne skoten i leiligheta si. Vidare etterforskning viser at sakene kanskje er knytt saman gjennom andre verdskrig og Olesens innblanding i motstandsrørsla.

Det er 10 ekstremt spanande dagar med etterforskning, teoriar og spekulasjonar. Og løysinga er ekstremt slåande og kreativ. Og om du ikkje har lest heile serien, bør du gjere det.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2010

Fleire bøker av Hans Olav Lahlum finn du HER.

Sitat

«Få meg på, for faen» av Olaug Nilssen

Få meg på for faen

Tommel ned fra meg. Eg har, som dei fleste andre på min alder, sett filmen, og den er jo morosam. Men herregud, så kjempeskuff boka var. Delen om Alma og Artur, som dyttar pikken sin mot låret hennar (og er heile filmen, eigentleg) er berre 1/4 av boka. Og det einaste verdt å lese, sjølv om det berre er eit par scener frå filmen.

Resten av boka er liksom berre Maria, som studerer og arbeider som reinhaldsarbeider i Bergen, og mora til Maria i Førde, som får ei slags feministisk midtlivskrise. Maria skriv eit føredrag i sosiologi om livet sitt som reinhaldsvikar (og som kva som helst univers ville gitt F). Mora hennar, «Kona til Sebjørn» oppdagar at ho ikkje har noko liv, og bestemmer seg for å sitje på røykjerommet til den lokale nepefabrikken (som ho ikkje arbeider for) og stikk av til Oslo for å lenke seg fast på Stortinget. Artig idé, men tjaaaa. Nei, det funker ikkje. Ikkje som ungdomsbok!

Dette skal jo vere ein ungdomsroman, og eg liker gjerne romaner som er skrivne på ein spontan, absurd og kreativ måte – men denne sleit eg med. Den er for innvikla til at ein normal ungdomsskuleelev ville likt den (trur eg), men for barnsleg for ein vaksen. Ei omtale av ei anna av bøkene hennar vert kalla noko nytt og eige, men for min del kom det ikkje naudsynt noko positivt ut av dette «nye og eige» (unnteke temaet ungdomsseksualitet, som absolutt bør belysast meir). Det er få bøker eg ikkje liker, men denne var, vel – unødvendig for min del. Ikkje verdt strevet.

Forlag: Det norske samlaget
Utgivelsesår: 2005

Fleire bøker av Olaug Nilssen finn du HER.

Sitat

«Vinterindianere» av Anne Gjeitanger

Vinterindianerne

Dette er ei tynn lita flis av ein roman, i veldig typisk Oktober-stil. Den er lågmælt, fin, sår, men kva handler den om?? Ein må liksom lese vaskelappen bakpå for å forstå kva ein skal lese. For meg vert det litt feil.

Boka handler om Anne på fem-seks år. Ho forel om barndomen på hytta, og kvardagslivet etterpå. Heile boka er eit svær før. Veslebroren døyr (og det er ikkje spoiler, det blir avslørt heilt i byrjinga). Det er ei veldig fin bok, og ein kan kjenne seg igjen i mykje. Boka er fortalt i retrospekt, men tankegangen og samanhengen er likevel som hos eit barn. Eg kan kjenne igjen mange av mine eigne refleksjonar og logiske, men likevel ulogiske, tanker.

Boka er på knappe 100 sider, så eg burde jo ha lest den på ein time. Men stoffet var sårt og tungt, og det gjorde at eg måtte ha pauser for å fordøye det eg hadde lese. Ei fin, lita bok. Langt i frå nokon framtidig klassiker, men verdt lesinga om du har ein time (eller to) til overs.

Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Bilydar» av Marianne Clementine Håheim

Boka er sponsa av Oktober forlag

Bilydar

Så grusomt sårt og fint. Er det så mykje meir å seie? Dikta til Marianne er nydelege. Dei har si eiga form, og sin eigen stil. At Marianne er ei sterk personlegheit skin gjennom. Og kor lett det er å kjenne seg att i dikta! Dei er slåande, og dei sit i.

Dikta handler om død, familie, venner, kjærleik – fysisk kjærleik. Dei handlar om å skrive, kanskje om noko anna enn kroppen sin. Og ordet «bilydar» vert også definert i boka, og når ein les definisjonen og knyt det opp mot alle dei vakre dikta, så dør ein litt innvendig.

Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2012

Fleire bøker av Marianne Clementine Håheim finn du HER.