Sitat

«Mere blod» av Jo Nesbø

Mere blod

Først av alt, så ingen blir like forvirra som meg; ja, dette er i ei forstand ein oppfølger til Blod på snø. I tidslinje, i alle fall. Hovudkarakteren er derimot ikkje den same, sjølv om han kjem frå same miljø. Det tok meg halve boka å oppdage det, men betre seint enn aldri.

Boka handla om Jon (kalla Ulf) som stikk av frå narkobaronen Fiskeren i Oslo. Vi er fortsatt på syttitalet, men no tar vi ein tur nordover, til Kåsund, der lestædianarar og samar bur side om side. Ulf får låne ei jakthytte av Lea, og blir god ven med sonen Knut. I løpet av den korte tida han er der, opplever Ulf å både bli invitert inn overalt og fryst ut på dei same stadene. Og han veit at det ikkje vil vere lenge til Fiskeren sender nokon for å drepe han. Og kanskje hadde det berre vore like greitt? Ho døydde jo og…

Desse bøkene er så langt dei einaste bekjentskapa eg har gjort med Jo Nesbø (I know, right?), men eg liker dei. Dei er tynne, enkle, lettleste, og sjølv om eg ikkje akkurat ville kalle denne boka direkte krim, synest eg den er god. Språket er munnleg og godt, og vips, er boka slutt.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Jo Nesbø finn du HER.

Sitat

«Svart belte» av Marianne Clementine Håheim

Boka er sponsa av Oktober forlag

Svart belte

Hjartet mitt blør i skrivande stund. Denne boka vart slukt på ein liten time, og det var ikkje snakk om å leggje ho ned. Boka er skriven av ei veninne av ei veninne, og er sjølvbiografisk. Dette er Marianne.

Marianne er 13 år gamal når no utviklar anoreksi. Ho er ikkje lei seg eller manglar noko – ho føler rett og slett at ho er for mykje. Og om ho kunne skjert vekk alt, sett vekk frå skjelettet, ville livet vore perfekt. 15 år gamal strevar ho fortsatt med å skape den kroppen ho sjølv ynskjer å ha. 15 år gamal blir ho òg lagt inn på psykiatrisk avdeling i Bergen. Etter noko som verka som ei evighet, er ho endeleg frisk nok til å reise heim. Frisk? tenker Marianne. For det er ikkje slik, ho var jo aldri sjuk.

Eg kunne skrytt i det uendelege av denne boka, men eg kan avslutte med å seie at dette er boka for deg som vanlegvis ikkje likar å lese. Den er lettlest, med korte avsnitt i staden for kapittel, og heilt, totalt, absolutt nydeleg. Og ja, så er den jo på nynorsk!

Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Haimennesket» av Hans Olav Lahlum

Boka er eit rådgjevareksemplar frå forfattaren

Haimennesket

Det er med stor glede eg kan presentere denne boka! Det er nummer sju i serien om K2 og Patricia, og den andre boka eg har vore rådgjevar på. Og alle saman, den er så verdt å lese.

For første gang er vi utanfor Oslo, vi er på ei øy på Sørlandet. Fetteren til K2, har invitert han dit for å oppklare eit 10 år gamalt mordmysterie: eit barnemord. Alle gjenlevande hotellgjestar frå dagen mordet tok sted, er invitert via brev frå ein mystisk avsendar til å kome tilbake til øya. Men iløpet av helga K2 og Patricia er på ferie der, skjer det eit mord. Og så eitt til. Klarer K2 (med 99% hjelp av Patricia) å løyse gåta før helga er omme?

Uuuu, dåkke aner ikkje kor bra den er!! Det er drama, driv og eit snev av humor. Umogleg å legge i frå seg, og umogleg å gjette løysinga! Terningkast 6 for det!

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Hans Olav Lahlum finn du HER.

Sitat

«Blondehuset» av Heidi Bjørnes

Blondehuset

Heidi Bjørnes har blitt kalla Norges Karin Brunk Holmqvist, men det er heilt feil. Dette var mykje, mykje betre. De veit vel til no at eg elsker Holmqvist og koser meg med bøkene hennar, men dette var ei klasse for seg sjølv. Eg kan ikkje forklare boka betre enn å presentere eit par av hovudpersonane:

Mina er 87 år gamal og oppvaksen i Blondehuset. Ho byrjar smått å bli dement, men tar i mot alle som treng ei hjelpande hand, og lar dei bu i Blondehuset.

Det nyaste tilskotet er Egorbert, postmannen i byen. Han har budd i bilen sin nokre dagar, fordi han kom heim og fann kona splitter naken under pianostemmaren – på pianoet.

Lillian er den som har budd der lengst, etter å ha reist frå Nord-Norge med mange grusomme minner i bagasjen, både som kone og mor.

Anna dukka opp fordi Mina ba henne kome då ho vart sjuk. Anna aner ikkje kor komplisert livet hennar skal bli når ho drikk seg sanselaus og vakner opp med ein kjekk kar. Som ho seinare ser att på preikestolen i ein nabos begravelse. Og han er 12 år yngre enn hennar 48 år.

Johan er evig ungkar og driv ein strikkebutikk. Etter at huset hans brann ned, har han budd i Blondehuset inntil vidare, som dei andre.

Ein annan person i bygda er Ellen. Søte, snille, pliktoppfyllande Ellen med ein tosk av ein ektemann og grusomme stedøtre – eigentleg er ho meir slave og punchingbag enn kone og morsfigur. Men éin ting kan Ellen – å bake! Dess meir kjend ho blir med beboerane i Blondehuset, dess meir finn ho mot til å fikse livet sitt.

Boka er lettlest, herlig og lattermild som få! Og kjære, kjære Heidi Bjørnes: kan eg versåsnill å få ein spin-off-roman om kvar einaste ein i denne boka????

Forlag: Silke
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Blod på snø» av Jo Nesbø

Leseeksemplar frå Boklageret

Blod på snø

Dette er den fyrste boka eg nokon sinne les av Jo Nesbø. Eg høyrer ofte folk seie/skrive at denne er dårlegare enn Harry Hole, at dei ikkje likar språket osv. Vel, eg likte den i alle fall.

Boka er ganske kort, men det er skvist mykje handling inn. Den handler først og fremst om leigemordaren Olav. Olav er eit veldig hyggjeleg menneske, og han forelskar seg lett. Det går stort sett greit, men blir litt problematisk når han forelskar seg i det neste offeret sitt. Som att på til er kona til sjefen. Men kva skal ein gjere når kjærleiken slår til? Kan love ein fantastisk plot twist!

Så ja, eg synest den var bra. Språket er munnleg, og boka kjempelettlest. Storyen var kompakt, men ganske genial, og eg såg ikkje slutten kome slik den gjorde. Prisen er kanskje litt vel høg (maksrabatt 262,-) for denne tynne greia, men du kan sjølvsagt vente til 1. mai neste år og få den til nesten halve prisen, vil eg tippe. Eller låne den på biblioteket (om du ikkje har same eigetrangen til bøker som eg har).

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Jo Nesbø finn du HER.

Sitat

«De fem fyrstikkene» av Hans Olav Lahlum

Dette er ikkje éin roman, det er tre kortromaner, eller langnoveller, om du vil. Patricia dukkar ikkje eigentleg opp, for det meste via telefon. Men det hindrar ikkje drama mellom K2, Miriam og Patricia.

Sjølv om boka ikkje er den typiske kriminalromanen som Lahlum skriv, er novellene like spanande kvar for seg som kvar av bøkene er. Sakene er kortare og mindre kompliserte enn i romanene (logisk nok), men dei er like vanskelege å gjette seg til ei løysing på. Og dei er kjempekreative! Dei er veldig Sherlock Holmes-aktige i utforminga (ikkje det at K2 er noko geni, haha), og råbra. Settingen er lagt til jul og nyttår, og gjev spenning for K2 sitt privatliv.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2012

Fleire bøker av Hans Olav Lahlum finn du HER.

Sitat

«Kameleonmenneskene» av Hans Olav Lahlum

K2 og Patricia er tilbake! Ein ung gut med ein blodig kniv oppsøker K2 i panikk. Kniven er blitt brukt til å drepe stortingsrepresentant Per Johan Fredriksen. K2 (som er litt luftig i toppen) klarer ikkje løyse saka på eiga hand, og kontakter Patricia. Patricia karakteriserer Fredriksen som eit kameleonmenneske – han framstår som svært ulik i forskjellige miljøer, og dei finn ut at han har ei dramatisk fortid.

I denne kriminalromanen blir det drama, EEC-kamp, spionasje, og som alltid – klarer du å resonnere deg fram til løysinga?

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av Hans Olav Lahlum finn du HER.

Sitat

«Bryllup og begravelser» av Jens M. Johansson

Bryllup og begravelser

Jens M. Johansson er en svensk-norsk forfatter, og han skriv om seg sjølv. Boka handlar om han, hans avdøde far og resten av hans utruleg kompliserte og moderne familie (know the feel). Det er stemødre, eks-stefedre, halvsøsken og bestemødre som eigentleg ikkje er bestemødre likevel. Boka gir eit veldig ektefølt inntrykk av korleis det er å vere småbarnsfar og gift (i den grad eg kan sette meg sjølv inn i situasjonen). Men litt vel ekte, inn i mellom. Han og kona har jo aldri sex?! Den mest brukte dialogen er «Skal vi ligge litt sammen?» med svaret «nei, ikke akkurat nå». Om igjen og omigjen. Eg jubla nesten for han då han endeleg fekk eit ja (etter å først ha fått eit nei).

Anyways, boka fekk meg til å ville gråte. Det er tydeleg at han har reflektert mykje over den viltvoksande familien sin og sin plass i han. Skildringane av kranglar, familiemiddagar og pinlege øyeblikk er on point. Ikkje minst personskildringane. Menneska blir levande, og ein blir glade i dei. Alle dei irrasjonelle kranglane i eit parforhold er så lette å kjenne seg att i! Verkeleg ei bok å lese!

Forlag: Tiden
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«Ren samvittighet» av Jan Mehlum

Bok sponsa av BOKeksperten.no

ren samvittighet

Eitt ord: PAGETURNER. Eg klarte berre ikkje å legge boka fra meg. Las ut heile greia på en busstur. Det var spenning frå første side. Eg hadde aldri lest ei bok i krimserien før, men på spørsmålet om eg skal bestille heile serien, er svaret eit klart JA. Og her er kvifor:

Boka handlar om advokaten/hobbydetektiven Svend Foyn, bosatt i Tønsberg. Ein dag dukkar tenåringsjenta Elvira Widerberg opp på kontoret hans, viser han eit bilde av ein penis og ber om hjelp. Ho fann bildet på systera sin telefon, og vil finne han som sendte det. Foyn kan ikkje hjelpe. Dagen etterpå døyr Elvira i badekaret sitt, og ingen veit om det var sjølvmord, ei ulykke eller forsettlig drap. Og systra hennar, Johanna, forsvinn. I tillegg viser det seg at Elvira har småveis forfulgt Foyn i ein lengre periode. Og plutseleg er Foyn kasta ut i ei vanskelig og ømtålelig sak, men er fast bestemt på å løyse henne.

I tillegg til sjølve krimplottet, har jo Foyn eit privatliv. Han har ein hund, ei dotter og ein mogleg kjærast/damevenn med ein gal soon-to-be-eksmann.

Men ja, så seriøst. Var ikkje sjans å legge frå seg boka. Så les den!

Forlag: Publicom
Utgivelsesår: 2014

Fleire bøker av Jan Mehlum finn du HER.

Sitat

«Evig søndag» av Linnéa Myhre

Boka er sponsa av BOKeksperten.no

Evig søndag

Gud så lenge eg hadde hatt lyst å lese denne boka då eg fekk den i posten!

Ei så ærleg bok skal ein leite lenger. På same måte som bloggen til Linnéa, Alt du vet er feil, er den tvers igjennom ekte. Ein får eit så realistisk innblikk på livet til ei jente med mange problem og tankar i livet. Ein følgjer henne frå då ho først møter psykiateren sin og ein ser korleis ho betrar seg igjennom boka. Eg leste den ut på eit par timar. Det er verkeleg ei vakker og unik bok, og ein kan ikkje noko anna enn å få sympati med Linnéa.

Linnéa har ein utrulig flott humor, og ein sjølvironi utan like. Boka er veldig morsom og har med artige detaljar. Blant anna åt Linnéa basically bare lomper eine året boka foregår. Det er mykje varme med i boka, spesielt mellom Linnéa og mora. Boka anbefalast på det sterkaste.

Forlag: Tiden
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av Linnéa Myhre finn du HER.