Sitat

«Ikke min familie» av C.L. Taylor

Boka er sponsa av Panta forlag

Ikke min familie

På tampen av fjoråret las eg Løgnen av denne forfattaren, og no er den andre boka her. Eg absolutt elska Løgnen, så eg må innrømme at eg blei skuffa. Ikkje det at boka er dårleg, for dei 450 sidene gjekk ned på fem og ein halv time, i strekk. Men like bra som den første boka var den ikkje.

Familien Wilkinson lev vidare etter at yngstemann Billy på femten forsvann for eit halvt år sidan. Mora Claire (som og er eg-personen) har ikkje gitt opp håpet, og arrangerer pressekonferanser og deler ut brosjyrer, til trass for at resten av familien heldt på å rakne. Ekteskapet hennar er kjølig, eldste sonen drikk og svigerdottera som bur med dei slit og tydeleg på grunn av kjærasten (som er han som drikk). Så ein dag finn Claire seg sjølv på eit hotellrom, og aner ikkje korleis ho har hamna der. Ho får rett og slett hukommelsestap av traumet ho har vore gjennom. Det vert eklare og eklare, og ei konstant kjensle av uro fyller boka. Spesielt dei innskotne chattesamtalene som dukker opp mellom handlinga, mellom Billy og ein annan.

Twisten i slutten er faktisk kjempebra! Eg forventa noko heilt anna, så eg veit ikkje om eg var letta eller sjokkert eller trist. Historia bruker ganske mange sider på å bygge seg opp, men eg trur kanskje dei trengst for å skape eit bilete av karakterane og forholda dei har til kvarandre. Det er ein thriller, men ikkje så voldsomt skummelt. Passer heilt fint om du er «ei sart sjel».

Forlag: Panta
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av C.L. Taylor finn du HER.

Sitat

«Milk and Honey» av Rupi Kaur

Milk and honey

Er det lov å seie at ein sluker ei diktsamling?? Eg veit at dikt skal nytast og alt det der, men denne diktsamlinga er skapt for å slukast. Inndelt kronologisk i the hurting, the loving, the breaking og the healing, er det nesten som å lese ein veldig poetisk roman. Perspektivet er ei ung jentes forhold til ein gut, og det er jo vanskeleg å la vere å tenkje på diktsamlinga som sjølvbiografisk.

Dikta handlar som sagt om kjærleik, om eit brot og å kome over det. Det er varme, sex, sakn, sorg og glede. Dikta er sensuelle, med mykje seksuelle skildringar (utan at det vert vulgært). Det er vondt, nesten fysisk ubehageleg å lese enkelte delar. Det provoserar, det får deg til å føle – det er ekte kunst. Men ja, i tillegg til alt det såre og vakre rundt kjærleiken og det som kjem etter den, er feminismen som skin igjennom. Dikta har eit håp i seg, eit ynskje om likskap mellom kvinner. Dei handler blant anna om å vere den du er, gjere det du vil og sørge for å ha det bra. I dikta ligg det ein beskjed om å ta vare på seg sjølv, og skilje behova sine frå einannan. Ein kan ville ha menneske som øydelegg deg, men det er langt i frå det same som å trenge dei.

Det er rett og slett vakker poesi. Diktaren sjølv er ung, og boka passer perfekt for unge menneske. Det er lettlest, ærleg og gjennkjenneleg. Og eg kan love deg, at denne diktsamlinga vil passe for deg som kanskje ikkje trur du likar dikt. Åja, og så er den kun utgitt på engelsk. Så langt.

Forlag: Andrews McMeel Publishing
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Rupi Kaur finn du HER.

Sitat

«Kledd naken» av Agnes Lovise Matre

Boka er sponsa av Gyldendal Norsk Forlag

Kledd naken

Eg er vel ikkje den fyrste i landet til å lese Kledd naken av Agnes Matre, men eg håpar då verkeleg at eg ikkje blir den siste. Denne boka fortener eit breitt publikum. Temaa som vert tekne opp er viktige. Boka er jo heller ikkje ny, men voldtekt slutter jo aldri å skje. Orda «viktig» og «bok» bør her plasserast saman.

Iselin lev eit perfekt liv. Ho er gift med ungdomskjærasten, har to fine barn og er lærar i bygda. Det einaste problemet ho har er at ho er litt husredd, men det har jo aldri skjedd noko. Heilt til ho vert brutalt voldtatt etter ein bygdefest, og i tillegg av ein nær venn. Ingenting blir det same. Panisk vel ho å halde det for seg sjølv, og angsten overmannar henne. Ekteskapet skrantar, ungane lid og sladderen går over heile bygda. Iselin er hjelpeslaus.

Temaet er sårt som få, og ein vert konstant provosert når ein les. Eg er jo frå ein liten stad sjølv, så bygdemiljøet i boka er veldig gjenkjenneleg. For de som har lest bloggen min ei stund, veit at eg gjerne snakkar om pendlerbøker; lettlestebøker med korte kapittel. Denne er slik. Ekstra spennande er det at perspektivet skiftar, om ikkje ofte, frå Iselin til mange av dei involverte. Boka er kjempebra, men det er litt vel drøyt å kalle det ein kriminalroman, slik bladet inni seier. Og ja, sjølv om slutten var kanskje likevel litt for vag for min smak, så anbefaler eg boka.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2016 (Comino forlag 2015)

Sitat

«Orkansesongen og stillheten» av Anne-Cathrine Riebnitzsky

Boka er sponsa av Font forlag

Orkansesongen og stillheten

Du vil aldri, aldri, i dine villaste fantasiar gjette deg til kva som skjer i løpet av denne romanen. Riebnitzsky kan i alle fall overraske! Kapitla er korte, og det at vi følgjer fleire personer kunne fort gjort det vanskeleg å hengje med, men det fungerer liksom. Du heng ikkje på kanten av stolen i spenning, men du vil likevel kose deg kvart minutt du les.

Presten Monica reiser til Guatemala for første gong på tjue år for å slappe litt av, og kome seg unna sorggrupper, kyrkjemøter, konfirmantar og bekymra foreldre. Ho er ein litt annleis prest, veldig folkeleg, ærleg og menneskeleg. På reisa si, og heime i Danmark, krysser ho mange liv (som igjen kryssar kvarandre, tenk Love Actually/Valentine’s Day). Ein av desse er Beate, advokat og jeger med ei sur kjerring til mor. Ein annan er den Nory, tenåringsjenta frå Guatemala som drøymer om eit nytt liv i USA.

Men karakterane i boka oppdager at alt ikkje blir som ein skulle ønske, og av og til går det nesten for bra. Romanen tek for seg forholdet (ofte turbulent) mellom foreldre og barn; alt vi er villige til å gjere for å beskytte dei, for å kome oss vekk i frå dei (enten det er foreldre eller barn), samstundes som vi er glade i dei. Det er og tema som narkotikasmugling, angst, rådyrjakt (ikkje spør, berre les) og religion. Det høyrest kanskje litt rart ut, men det fungerer knallgodt. Eg storkoste meg med boka, og så velskriven og lettlest som den er, flaug den forbi.

Forlag: Via
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Løgnen» av C.L. Taylor

Boka er sponsa av Panta forlag

Løgnen

Først av alt: kudos til Panta (eller Pantagruel) for den ubeskrivelig deilige og estetiske leseopplevinga. Skriftstørrelsen, margen, proporsjonane, papiret… Aldri har det vore så behagelig for auga mine å lese ei bok først. I tillegg til at boka så klart berre sug deg inn.

Jane lev eit roleg liv: ho er saman med ein lokal barneskulelærer, ho jobbar deltid på Green Fields Animal Sanctuary (kva er det norske ordet??) og lev eit roleg liv. Heilt til ein dag, då ho får eit brev der det står «Jeg vet at du ikke heter Jane Hughes». For Jane er eigentleg Emma. For fem år sidan opplevde Emma eit mareritt på ferie i Nepal med tre venninner (og eg meiner eit seriøst mareritt, det var grusomt skummelt). Nokon har oppdaga at ho ikkje er den ho seier ho er, og er bestemt på å avsløre Emma, og sørge for at ho får svi for det som skjedde.

Eg sleit verkeleg med å legge vekk denne boka, og 440 sider forsvant på under to døgn (kjærasten min er ikkje så glad for det, eg satt oppe og las til langt på natt). Den er akkurat slik den vert forespeila på baksida: ein sit med ei creepy kjensle heile tida ein les. Eg var heilt og totalt oppslukt av denne historia. Anbefalast på det sterkaste! Og eg gler meg vilt til den nye thrilleren hennar som kjem snart.

Forlag: Panta
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av C.L. Taylor finn du HER.

Sitat

«Et hav av minner» av Alyson Richman

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Et hav av minner

Eg var ikkje førebudd på kva denne boka var, eller kva den ville gjere med meg. Eg har lest dei andre bøkene til Richman (i alle fall dei norske utgivelsane), og det er i stor grad kjærleikshistorier med modige karakterer knytt til andre verdskrig. Denne boka har for så vidt litt bakgrunn i andre verdskrig, men det er ein heilt annan «krig» som er hovudfokuset. Dette er ikkje ein typisk romantisk dameroman, sjølv om omslaget kanskje kan lure deg litt.

Størsteparten av perspektivet i boka ligg hos Salomé, og alle dei andre historiene i boka er knytt til hennar, gjennom ett eller to eller tre ledd. Under Pinochet sitt kupp i Chile, vart Salomé kidnappa to gonger og mishandla sterkt fordi hennar berømte ektemann var kritisk til kuppet. Og sjølv om Salomé reiste med han og barna sine til Sverige som politiske flyktningar, går det ikkje lang tid før ho og Octavio går frå einannan, for Salomé kan ikkje tilgi. Ho går i terapi, og vi vert og kjend med psykiateren Samuel, hans fortid, og hans kones fortid.

Dette er ikkje ei historie der alle ledda fra fortida møtast i notida og plutselig var alle i slekt, men ein roman som rett og slett knyt saman eit hendelsesforløp. Den er original, sterk og ja, annleis. Det er faktisk ein knusande roman, og ikkje ei bok ein kan pløye raskt gjennom som underhaldning. Det tok meg heile fire dager å lese ut denne boka, for skildringane og historia er så utruleg sterkt. Språket er velskrive og kapitla korte, så boka er i grunnen lettlest; men tru meg, denne boka vil du bruke tid på å kome gjennom (og nyte!).

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016 (2004)

Fleire bøker av Alyson Richman finn du HER.

Sitat

«Et lite liv» av Hanya Yanagihara

Boka er sponsa av Gyldendal Norsk Forlag

et-lite-liv

Dette er ei heilt fantastisk bok. Eg føler ikkje at eg har lese, eg føler at eg har levd. Eg har fordjupa meg i denne tjukke boka, og eg har levd i denne verda. Det er ikkje ei glad historie, dette er ei stor oppleving. Teksten gnistrar, orda veks og sidene flyr av seg sjølv. Eg har grått og grått og smilt og ledd, og no er det slutt. Det er ei skikkeleg tom kjensle, og eg vandrar berre rundt på måfå i leiligheta. Kva bok skal eg kunne starte på etter denne????

Denne mursteinen roterer hovudsakleg rundt Jude (sjølv om jeg-personen er Harold). Jude er det mystiske limet i vennskapet mellom han, Willem, Malcom og JB. Dei har gått på college saman, og dei held på vennskapet gjennom heile livet (sjølv om det er litt av og på). Willem, Malcolm og JB er ganske opne karakterar det ikkje tek lang tid å bli kjend med, men å bli kjend med Jude tek eit heilt liv. Det blir ganske klart tidleg i romanen at han har hatt ein grusom (eller mangel på) barndom, og dette slepp aldri taket.

Dette er hjerteskjærande lesing, og som nevnt grein eg augene mine tørre. Denne boka går så djupt, og sit att hardt. Den utforsker styrken på vennskap, ser på den ulike kjærleiken vi kan kjenne for menneske, kor mykje vi er villige å ofre for dei vi elsker. Det er ei bok om rettferd, vennskap, familie, mellommenneskelege band, skyld og skam. Men kanskje mest om vennskap.

Kapitla er av og til typ 90 sider med få blankliner, så det er ikkje teknisk sett lettlest. Men om du berre lar deg flyte med, vil boka forsvinne på nokre dager. Eg gjer denne boka toppkarakter, eller for å parafrasere ei eldre dame på Kjekt å ha (som ikkje heilt forsto korleis terningkast fungerer): «Eg gir denne boka terningkast 10 på en skala fra 1-10.»

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«En blå kjole fra Herr Hitler» av Toril Brekke

en-bla-kjole-fra-herr-hitler

For ei oppsiktsvekkande bok! Og så utruleg merkeleg at eg ikkje har høyrd om Toril Brekke før, når dette er den nittande boka hennar? Det er tydeleg at eg har gått glipp av noko, for dette er ein forfattar som eg skal lese meir av framover!

Liv har bestemt seg for å ta livet sitt. Overdose av et skudd, og så skal ein kompis hente hunden. Og alt kunne ha gått fint, om ikkje ein av dei ferierende i bygda plutseleg gjer henne ansvaret for den gamle, tyske dama i nabohuset. Ho må kjøre henne til Kiwi. Irma synest det er stas å få hjelp av Liv, og gjer alt ho kan for å bli venner med henne. Men Liv har det vondt, og klarer ikkje ta inn Irma og hennar vonde historie.

Dette er ei sår og fin bok, og personane er så sympatiske! Dei er ekte menneske, med ekte problem, ekte kvardagsfrykter (som om det er påkrevd å ha kvar sine handlekorger på Kiwi?). Du vil bli glad i personane, og i sin tur boka.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2012

Sitat

«Calendar Girl: Besatt» av Audrey Carlan

Boka er eit førehandseksemplar frå Cappelen Damm

Besatt

Historia om Mia er ikkje slutt enno, men det er ikkje mange månadane att no! Vi er no komne til juli, august og september – månader som vil vise seg å utfordre Mia og presse henne til hennar ytste.

I juli er ho ansatt for å spele forførerske i hiphopvideoen til Anton, betre kjend som Latin Lov-ah (sjukt kleint namn). Mia slit fortsatt med flashbacks etter overgrepsepisoden i juni, og dette påverkar heile tilveret hennar. I august går turen vidare til Texas, der ho er hyra for å late som om ho er den forsvunne systera til Maxwell Cunningham, men oppdager etter kvart at noko ikkje stemmer (ho er heilt hinsides treig til å fatte poenget, faktisk). I september må ho reise tilbake for å ta farvel med faren, då tilstanda hans forverrer seg. Difor møter ho ikkje opp hos den niande klienten, og skuldar no han hundre tusen dollar. Og har dermed ikkje pengar til å betale Blaine, og det tar Blaine heller dårleg.

Like sexy som dei førre, men med eit mykje meir personleg preg. Mia må i stor grad forholde seg til kjenslene sine, og desse gongane kan ho ikkje stikke av. Her er mykje drama, mykje kjærleik, mykje varme og vennskap. Boka tar for seg forhold på godt og vondt, og viser kor viktig det er å ha nære menneske i livet sitt ein kan lene seg på når ein har det kjipt – og kor viktig det er å faktisk lene seg på dei.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Audrey Carlan finn du HER.

Sitat

«Mørke rom» av Gillian Flynn

Mørke rom

Då var eg nettopp ferdig med Mørke rom, etter å ha tilbrakt nesten tre timar i senga med den i dag tidleg. Den er altså såpass avhengighetsskapande at å leggje den frå seg ikkje falt meg inn. Eg trur noko av det beste med Flynn sine bøker, er at du ikkje elsker hovudpersonen. Dei er helt vanlege personar; ofte grådige, egoistiske, sure og sjølvgode. Det blir litt sånn «kven bryr seg om det går bra med dei«?

For Libby Day har ting nemleg gått sjeldan bra. Vi møter henne som 31 år gamal, einsam, fattig og bitter. For 24 år sidan vart mora og dei to systrene brutalt drepne i noko som såg ut til å ha vore ei satanistisk ofring. Den eldre broren Ben sonar enno for drapa. Libby treng desperat pengar, så når nokre medlem frå Kill Club, ei gruppe menneske som er fiksert på grusame drap, tilbyr henne pengar for gamle brev, bilder og for å ta kontakt med resterande familiemedlem, er det vanskeleg å seie nei. Plutseleg er Libby dratt inn i eit helsikes oppstyr, og blir meir og meir overbevist om at broren ikkje drepte mora og systrene. Men hvis ikkje Ben gjorde det, kven gjorde det då?

Herregud, eg vart heilt skjelven av å lese denne boka. Kvifor? Det er eit par relativt groteske skildringar i denne boka, så obs obs! om du er redd for slike bøker. Men satan (hehehe) så god denne boka var! Etter mi meining er den endå betre enn Flink pike, med ein mykje betre slutt.

Forlag: Font
Utgivelsesår: 2011

Fleire bøker av Gillian Flynn finn du HER.

Sitat

«Syndenes forlatelse» av John Hart

Boka er eit ukorrigert førehandseksemplar frå Font forlag

Syndenes forlatelse

Denne boka har tatt frå meg nattesøvnen på meir enn éin måte. Det er slik du veit at ein thriller er god: når den er så godt skriven at du ikkje vil slutte å lese, samstundes som den er truverdig nok til at det du les skremmer livskiten ut av deg.

For tretten år sidan vart den dekorerte politihelten Adrian Wall arrestert og fengsla for eit mord. Alle var sikre på at det var han som hadde gjort det, utanom Elizabeth Black. No er Elizabeth sjølv politi, og har hamna i ein liknande situasjon: to svarte menn er drept av henne, ei kvit politikvinne. Ikkje berre drept, men brutalt drept. Adrian vert løslatt på prøve, og Elizabeth klarer ikkje å halde seg unna han, til trass for alle beskjedane ho får av sine overordna. Samstundes må Elizabeth klare å unngå arrestasjon sjølv, noko som er ganske vanskeleg når du nektar å samarbeide med delstatspolitiet.

Boka er eit djupdykk inn i ulike menneskesinn, og menneskets evne til kjærleik, hat, tilgjeving og hevn. I tillegg tar den for seg den politiske biten av dobbeltdrapet, altså svarte som vert brutalt drept av kvite politimenn utan ein tilsynelatande grunn. Den er altså svært aktuell. I tillegg er den nesten latterlig godt skrive, så dette er ei bok eg kan gje ein heilhjarta sekser. Les den!

Forlag: Font
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av John Hart finn du HER.

Sitat

«Til Vestisen» av Tor Even Svanes

Boka er eit leseeksemplar frå Boklageret

Til vestisen

Bakpå står det blant anna at romanen «dirrer på hver side; konsekvent i stil og utførelse, rystende og kompromissløs på innholdssiden.» Og eg kan ikkje anna enn å seie meg einig. Korleis Svanes faktisk får sidene til å vibrere av spenning, er heilt over mi forstand. Det er noko så ekstremt spent over heile teksten, og måten han er komponert på.

Romanen handlar om Mari Risa. Mari er nettopp sertifisert selfangstinspektør, eller inspektrise. Men hennar fyrste tur vert ikkje som ho ventar. Og om ein les starten av boka, forklaras det meste slik: ingen kunne forutsett det som skulle skje, med mindre ein hadde fordommar og trudde det verste om folk.

Denne boka overrasker på kvar side. Ingenting kan forutsjåast eller takast for gitt. Du vil sitte og gispe saman med hovudpersonen og kjenne noko på huda di gjere deg panisk. Det er eit lite mesterverk.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016