Sitat

«Villa Magdalena» av Santa Montefiore

Boka er sponsa av Bastion forlag

Villa Magdalena

I den nyaste boka til Santa Montefiore møter vi Floriana, i Toscana 1973. Floriana er 10 år, og praktisk talt foreldrelaus. Ho elskar å henge rundt ved herskapshuset Villa Magdalena utanfor byen , og drøyme seg vekk i dei vakre hagane som omringer huset. Ein dag vert ho invitert inn av Dante, den 18 år gamle sonen i huset. Heile familien vert betatt av den sjarmerande, vesle jenta, og ho får ein smak av det søte livet.

45 år seinare møter vi Marina. Marina og ektemannen hennar, Grey, bur i Devon, England og driv eit hotell. Hotellet går ganske dårleg for tida, og for å lokke gjestar, bestemmer Marina seg for å ansette ein huskunstnar. Valget fell på argentinske Rafa Santoro. Det Marina ikkje veit, er at Rafa er ein mann med ein skjult agenda. I tillegg følgjer vi mange sidespor i boka, blant anna stedottera til Marina, Clementine, sjefen hennar, dei ansette på hotellet og gjestane.

Den er ikkje like god som Birøkterens datter, men stilen er jo ein annan, meir som Hagen i Hartington. Og det hadde vore for godt til å vere sant om bøkene skulle blitt betre og betre, korleis skulle det endt?? For ein oppmerksom leser (som er bevandra i Montefiore sine bøker) var det ikkje mange overraskingar når dei to historiene vert knytte saman i slutten av boka. Men er det ikkje litt deilig når kabalen går opp? Uansett, boka er likevel god. Den er varm, morsom og lettlest litteratur. Utanpå står det at boka handler om kjærleik og tilgjeving. For meg handler den mykje meir om å vakse opp og godta fortida slik ho er.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Santa Montefiore finn du HER.

Sitat

«Gule krokus om våren» av Laila Ibrahim

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Gule krokus om våren

Dette er ei seriøst undervurdert bok. Det er sjeldan eg ser nokon omtale den, og eg kan ikkje for mitt bare liv skjøne kvifor. Den er jo heilt strålande?!

Boka er ein historisk roman som foregår i ein av dei nordre sørstatane under slaveriets gullalder i USA. Lisbeth veks opp med den svarte amma Mattie – som måtte gi opp sin eigen son for å ta vare på Lisbeth. Lisbeth og Mattie vert nære, litt for nære for Lisbeths familie sin smak. Boka skildrer korleis Mattie opplev slaveriet, ynskjet om å vere fri og med sin eigen familie, og Lisbeths oppvekst, der ho konstant føler seg utanfor og slit med å godta slaveriet på same måte som alle rundt henne ser ut til å gjere. Og denne tankegangen er ikkje velkomen i sørstatane, og Lisbeth må gjere sine livs val.

Dette er ein av dei beste historiske romanane eg har lest om sørstatane og slaveritida. Språket er nydeleg, boka er lettlest, og historia er sterk og nydeleg – og den kjem til å vere hos meg lenge.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«En ny grevinne» av Fay Weldon

En ny grevinne

Avslutninga av trilogien Kjærlighet og arv er den minst utforutsigbare boka av dei, sjølv om tittelen gir eit stort hint. Og for fyrste gong får vi vere med på dramaet, ikkje berre lese referat! Vi snakkar barnekidnapping, skilsmissetruslar og uaktsomt drap.

Rosina returnerer som rik enke fra Australia, med store planer om å gi ut ei bok om aborigineranes seksualvaner, og Isobel blir spinnvill. Som om ho, Isobel, ikkje hadde nok å tenkje på allereie? Kongen med følge og elskerinne skal kome på jakt, om berre seks månader! Rosina flytter inn saman med Anthony og Diana Robin, søskenparet vi møter i den fyrste boka. Dit flykter også Minnie når ekteskapet hennar leggast i grus.

Eit spørsmål ein kan stille seg er korleis alt dette ville gått om ikkje politibetjenten Andrew Strachan hadde blanda seg bort i absolutt alt? Uansett, dette er desidert den beste av bøkene! Vi er litt saman med tenarane igjen, og tidsperspektivet er meir normalisert, ikkje hypersakte som i den fyrste boka eller hyperraskt som i den andre. Vel verdt å lese!

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2014

Fleire bøker av Fay Weldon finn du HER.

Sitat

«Leve kongen!» av Fay Weldon

Leve kongen

Dette er den andre boka i Fay Weldons trilogi, Kjærlighet og arv. Først av alt, IKKJE les bak på! Ikkje på nokon av bøkene. Det er kun spoilers, og det som står bakpå denne er rett og slett ikkje sant.

Denne boka er ganske annleis enn den fyrste. Vi får ikkje lenger oppgitt handlinga frå minutt til minutt, men susar gjennom eit halvt år fort som fy. Vi får heller ikkje tilbringe tid med tenarane til familien Dilberne. Vi møter derimot eit ny karakter, Adela.

Adela er dottera til grevens veslebror, og vert foreldrelaus etter ein stor brann. Ho hamnar midlertidig hos biskopen av Bath og Wells, og familien Dilberne har ingen hast med å hente ho. Dei er altfor opptekne av den foreståande kroninga av kongen og dronninga, gode vener av familien. Som vanleg kan ein rekne med at Rosina finn på faenskap, men Adela, som tidlegare prestedotter, finn og på sprell medan ho ventar på at ein skal finne ut kva som skal skje med henne.

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av Fay Weldon finn du HER.

Sitat

«Huset Dilberne» av Fay Weldon

Huset Dilberne

Om du likar serier som Downton Abbey, Mr. Selfridge, Herskap og tjenere (som før øvrig er skriven av same kvinnemenneske), så vil du like denne boka. Og resten av trilogien, for øvrig. Boka er skrive ganske filmatisk, med ganske korte kapitler som kunne vore scener i ein dramaserie. Romanen skildrer det kvardagslege hos dei absolutt ikkje «vanlege» menneska i London i skiftet mellom 18- og 1900-talet. Dei store hendingane, som alle middagsselskapa og kranglar vert berre kommentert utan replikkar og referert til. Dei er ikkje poenget.

Den første boka i serien involverer veldig mykje berre å bli kjend med karakterane, for det er uhorveleg mange namn, titlar og tenarar å holde styr på. Plottet er jo at grevefamilien er i enorm gjeld, og ikkje kan betene låna sine, så dei må få sørge for å få sonen gift med ei rik jente. Men likevel er ikkje det hovudhandlinga i boka. Det er mykje meir personlege drama for grevinna Isobel, dottera Rosina og ikkje minst Arthur, sonen (som er litt av ein handfull).

Boka hadde ein litt treig start, men det var god og interessant lesning – spesielt om du er interessert i historiske og detaljerte romanar.

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av Fay Weldon finn du HER.

Sitat

«Birøkterens datter» av Santa Montefiore

Boka er sponsa av Bastion forlag

Birøkterens datter

Eg skriv omtala mi av ei bok så fort eg kan etter å ha lese den, og eg kan fortsatt kjenne stivna tårer på kinna mine. No fell eg ofte ei tåre eller to når eg les ei engasjerande bok, men dette var annleis. Eg rett og slett hulka meg gjennom dei tre siste kapitla. Ufatteleg rørande og varm. Aldri før har eg kjend så mykje omtanke og medkjensle for karakterar i ei bok.

Vi får historiene til Grace og dottera Trixie gjennom tre ulike tiår. På slutten av tredvetalet følgjer vi Grace som ungdom; vi går saman med henne gjennom ungdomsforelskelse, farens død og andre verdskrig. Grace må gi kall på alt ho er glad i for å reise til Amerika saman med ektemannen Freddie. På midten av syttitalet er Grace blitt ei middelaldrande dame med ei tenåringsdatter, Trixie, som er håplaust forelska. Håplaust er nøkkelordet. Men Trixie gløymer aldri ungdomsforelskelsen, og som vaksen dame i 1990 oppdager ho mora sin store hemmelegheit og sorg – og ikkje minst korleis den er knytt opp mot henne.

Dei som har titta litt innom her før, veit kanskje at eg har vore nokså ambivalent til Santa Montefiore, men har synest at bøkene hennar berre har blitt beire og beire. Og bønene mine blei sanne, for dette er den beste boka til Santa Montefiore så langt! Utruleg nydeleg, godt skrive, og flott historie! Om ein er einig i moralen i boka, og kor vidt enkelte ting utviklar seg litt vel raskt og urealistisk, er éin ting; men det som verkeleg betyr noko er jo så klart om den er bra! Så les den; viss ikkje går du glipp av ei stor oppleving.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Santa Montefiore finn du HER.

Sitat

«Hagen i Hartington» av Santa Montefiore

Hagen i Hartington

Dette er den andre boka av Santa Montefiore utgitt på norsk, og den beste så langt. Plottet var mykje meir originalt og uforutsigbart enn Sommerpaviljongen, så det var ein positiv opplevelse – og setter endå høgare krav til boka som nettopp er komen, Birøkterens datter. For det bør jo berre gå oppover, eller kva?

Boka har to historier – ei i notid, og ei i fortid. Begge foregår i det same herskapshuset i Dorset, og blir knytt saman når franskmannen Jean-Paul dukker opp. Før budde nemleg Ava og hennar familie der, men no har Miranda flytta inn der saman med sin familie. Miranda og David har problem i ekteskapet, og Miranda blir nysgjerrig på Jean-Paul – på alle måtar. Men kor langt er ho villig til å la det gå? Like langt som Ava lot det gå?

Boka er sitrande, og full av spenning! Boka har vekslande synspunkt, og den kan vere litt forvirrande i byrjinga, men ein blir fort vant til det. Plottet er som sagt kjempeoriginalt, og eg gråt i bøttevis på slutten.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Santa Montefiore finn du HER.

Sitat

«Syv år til synd» av Sylvia Day

Boka er sponsa av Bastion forlag

Syv år til synd

«Kjærleiksroman», «erotisk roman». Vi kan jo berre kalle ein spade for ein spade, eller kva? Husmorporno, det er det dette er. Boka traff meg ikkje ett hundre prosent eigentleg. Det var ganske kleint i starten med dei stive 1800-talsfolka som sa «De» og «Dem» medan dei hadde sex, samstundes ord som «nypult» og «knulle» blei slengt litt vel casual rundt, så der krasja det litt for min del. Og eg er heller ikkje så veldig opptatt av folk sine anklar, men eg forstår jo at romantikkens engelske gentlemen hadde sansen for det.

Boka handler fyrst og fremst om Jessica Sheffield. Når Jessica er 18 år gamal ser ho ein bekjent, Alistair Caulfield, ha sex med ei mykje eldre lady i eit lysthus. Biletet brenn seg fast. Sju år seinare døyr ektemannen til Jessica, og ho legg ut på ei reise for å ordne opp i ektemannens business på Jamaica. Ho hamner (nesten) tilfeldigvis på same skip som Alistair, og det uunngåelege skjer. Pang!, og vi har ei kjærleikshistorie av proporsjonar.

Om ein kjem seg gjennom dei første kleine møta, så er boka knallbra. Den var med meg på tredemølla i dag, like godt som på sofaen. Den fanga interessa mi, både hovedhistoria og sidehistoriene. Så om du er husmor på leit etter god porno (hehe, neida), så er dette i alle fall ein god kandidat. No gler eg meg til å lese Crossfire-serien av same forfattar, og kryssar fingrane for at den moderne stilen er enno litt betre!

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2013

Sitat

«Sommerpaviljongen» av Santa Montefiore

Sommerpaviljongen

Ett ord: OK. Etter å ha lest Hagen i Hartington gleda eg meg til å begynne på denne. Og eg vart litt skuffa. Bøkene er skrivne på same måten: sakte framgang, skildrane og godt språk, og kjappe byter av synspunkt (utan endring av avsnitt, noko som er kjempeforvirrande dei første par kapitla ein les, men ein blir vand med det).

Boka starter med at Lord Frampton døyr. Heile familien er knust. I gravferda dukker det opp ei ung kvinne, som hevdar å vere den ukjende dottera til lorden. Med litt sunn skepsis i begynnelsen, vert ho snart ynskt varmt velkomen inn i familien. Kun éi i familien er mistenksom på denne nye «dottera», som dukker opp og vert invitert til familiens gods og arver fleire millioner.

Eg kan eigentleg ikkje sei så mykje meir utan å avsløre alt. Sjølv synest eg boka var ekstremt forutsigbar, og etter berre første kapittel hadde eg forstått heile storylinen. Men det er berre meg, da. Uoriginal historie? Kanskje. Godt skrive? Absolutt. Den passar fint som sommerlektyre på stranda.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2014

Fleire bøker av Santa Montefiore finn du HER.