Sitat

«Hannahs reise» av Nick Alexander

Boka er sponsa av Bastion forlag

Hannahs reise
For ein oppfølger! Eg vart veldig skuffa i byrjinga av boka, fordi det var ganske mykje oppramsing frå HannahMen ganske snart tok den seg opp, og eg vart like dratt inn i denne boka som forgjengeren.

No er familien tilbake i England, og Hannah og Cliff går igjennom ei skilsmisse. Cliff flytter ut, oppsøker ein psykolog, og utforsker seksualiteten sin. Hannah blir med James tilbake til Australia, og forelsker seg i landet. James kan ikkje bli i England, og Hannah kan ikkje flytte til Australia om ho vil ha delt foreldrerett for Luke. Hannah må velje – den store kjærleiken eller sonen.

Boka er mykje sårare enn den forrige, og tar opp tema som homofili i større grad, og Cliff får mykje meir å seie. Vi kjem nærare inn på han, og det gir boka eit ganske mykje breiare perspektiv enn ho elles ville hatt.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Nick Alexander finn du HER.

Sitat

«Lykken er en søt hevn» av Elizabeth Buchan

Lykken er en søt hevn

Mann forlater kone for yngre kvinne. Kone mister jobben. Korleis i alle dager skal ho kome seg gjennom dette? Klisjé, tenkte eg. Til eg hadde lest dei første 50 sidene. Så viste det seg at denne boka ikkje var så typisk likevel. Den viser ei mykje meir realistisk side ved samlivsbrot. Det vesle håpet om gjenforening, samtidig som ein eigentleg ikkje vil tilgi. Og den vesle skadefryden når mannens nye forhold viser seg å ikkje vere ei dans på roser. Alle dei små kvardagslege tinga ein må takle kvar dag uansett kor knust ein kjenner seg.

Romanen er herlig skriven, med mange tilbakeblikk på minner, tankesprang og gode dialoger. Den fenga verkeleg, og når det var ein fjerdedel att, hadde eg faktisk ingen aning og korleis den ville ende. Men kan og love dykk; den enda bra.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«Til vi møtes igjen» av Kate Lord Brown

Boka er sponsa av Apropos forlag

Til vi møtes igjen

Dette er ei slik bok eg kunne lest om att fleire gonger. Herregud, så fantastisk! I samme stil, periode og tykkelse som Brevet til Stella, og vart slukt like fort. Historier om kjærleik og vennskap under andre verdskrig er og forblir ein fantastisk romanidé. Gi meg meir!!

Boka handlar hovudsakleg om Evie, ei rikmannsjente som er lei av å berre sjå på krigen. Ho vil hjelpe til. Og når Evie, som er pilot av hobby, finn ut at dei treng fleire pilotar til å sivilt transportere krigsfly, melder ho seg. Ho hamnar på brakke med Stella, ei kvinne som har mista mannen sin og forlatt barnet sitt, og Megan – ei walisisk jente som vil gjere ein innsats for å hedre broren som vart skoten ned i kamp. Saman opplever dei mykje fint, og mykje grusomt. Det er kjærleik, vennskap, krig, og som alle andre stadar ein tulling eller to.

Dette vart ei av bøkene eg græt av, men eg smilte òg mykje. Eg droppa Lekeland og Uno-spel for å få lese ferdig boka, så bra var den! Eg plent nekta å legge den ned. Den drog meg inn, og slapp ikkje taket før siste sida.

Forlag: Apropos
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«Den dagen du kom tilbake» av Hilary Boyd

Boka er sponsa av Apropos forlag

Den dagen du kom tilbake

Så vanvittig gripande! Boka var ein skikkeleg hjarteknusar. Eg var på gråten fleire gonger, i tillegg til alle gispa som vart ytra under lesinga.

Boka handlar om Flora, ein heimesjukepleiar på 41. For tre år sidan forlot sambuaren hennar, Fin, ho, etter åtte år, utan så mykje som ei forklaring. Dei to første åra etter brotet var ho i djup depresjon, og flytta inn i kjellaren til Prue, systera. Flora trivst igjen på det sosiale, går på eit par dater, og likar jobben sin med å passe den 93 år gamle Dorothea. Heilt til Fin dukker opp att, ut av det blå. Og han vil ha henne tilbake. Men Flora er usikker på om ho kan tilgi, og risikere helsa si for mannen som knuste hjartet hennar. For Flora skjøner at kjærleik kanskje ikkje alltid er nok.

Igjen har Hilary Boyd skrive ei fantastisk bok om det å komme seg ut av eit dårleg forhold. Boka var varm, hjarteskjerande og umulig å legge frå seg. Historia var kanskje litt urealistisk, men eg kan ikkje førestille meg historia annleis heller. Kjempefin sommarlektyre, med mange viktige bodskap. (Som for eksempel: dump den dusten.)

Forlag: Apropos
Utgivelsesår: 2014

Du finn fleire bøker av Hilary Boyd HER.

Sitat

«Ikke bare appelsiner» av Jeanette Winterson

Ikke bare appelsiner

Det mest sjokkerande med denne boka er så klart at den er basert på forfatterens eige liv. Eg blei litt sånn «what the fuck» når eg oppdaga det på slutten. For boka var heilt sjuk.

Boka handler om Jeanette. Jeanette veks opp i ein veldig religiøs familie, i eit veldig religiøst samfunn. Mora har faktisk adoptert Jeanette, for å unngå unnfangelse. For etter ein jomfrufødsel, er adopsjon nest best. Det er faktisk så ekstremt at Jeanette er døv i tre månader, og mora og kyrkja berre trur ho er inne i ein salig tilstand. Også på skulen vert det tydeleg at Jeanette er frå eit annleis miljø. Og betre blir det ikkje når ho forelsker seg i ei jente.

Det kan høyrast ut som ein dramatisk roman, men heile boka var eigentleg berre epos. Det er mykje allusjonar, spesielt til Bibelen og «Alice i Eventyrland». Det dukker også opp eit par avsnitt som berre er tankar, metaforar, eventyr, og antalet av desse stig utover i boka. Men ja, boka var uansett heilt fantastisk. At Winterson er ein fantastisk forteljar, er det ingen tvil om.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2006 (1985)

Fleire bøker av Jeanette Winterson finn du HER.

Sitat

«The best thing that never happened to me» av Laura Tait & Jimmy Rice

The best thing that never happened to me

På boka står det: «First love. Second chances.» Å, er ikkje det noko vi alle kan kjenne oss igjen i? Tanken på kor annleis ting ville vore om den første kjærleiken hadde gått i orden? Det er temaet boka tar opp.

Alex og Holly har vore venar sidan dei var elleve år gamle. I løpet av tenåra blir dei forelska i kvarandre, men av frykt for ugjengjeldte kjensler og å øydelegge venskapet, tør ingen av dei å seie noko. Holly flyttar til London for å studere, og kontaktar aldri Alex igjen, etter å ha fått kjenslene sine såra. Elleve år går, og Alex flytter til London. Han tar kontakt med Holly, og sakte men sikkert vert dei bestevennar igjen. Og begge veit at dei gamle kjenslene er der, men heller ikkje denne gongen tør nokon av dei å seie det. Var kjærleiken deira aldri meint å være, eller var den det?

Ei bok med like mykje humor og sarkasme skal ein leite lenge etter. Den er open og ærleg, og karakterane er truverdige og sympatiske, hovudsakleg. Det er fin flyt og driv, og eg kunne ikkje legge henne frå meg. Det finst ikkje nokon norsk versjon, men engelsken er veldig lett, så dei fleste burde kunne klare den språklege utfordringa.

Forlag: Corgi Books
Utgivelsesår: 2014

Boka er ikkje tilgjengeleg på norsk.

Sitat

«Torsdager i parken» av Hilary Boyd

Torsdager i parken

Denne boka handler om kva som skjer når mannen din utan forvarsel berre flyttar inn på gjesterommet, og blir buande der i eit tiår med sexnekting med utan så mykje som eitt ord til forklaring. Den handlar om å vere gift med ein manipulativ dust. Eg vart i alle fall ekstremt frustrert, og ville gi George ei lusing eller sju. Han fullstendig overkjører Jeanie når det gjeld alt.

For plutseleg bestemmer George seg for at dei skal flytte på landet. Jeanie vil ikkje gi opp helsekostbutikken sin, og heller ikkje barnebarnet. Og på tur med dette barnebarnet, møter ho plutseleg ein mann på tur med sitt barnebarn: Ray. Og Jeanie oppdager at ho kan snakke med Ray om alt, og for første gong på mange år er ho lukkeleg. Og så sel George huset og flytter ut med Jeanie på slep, og ho aner ikkje kva ho skal gjere for å fungere vidare.

Denne boka var så fin. Den provoserte, gleda og gjorde meg opprømt. Hjertet mitt vart knust ein gong eller to, og eg skulle knust trynet til George like mange gonger. Den er lettlest og fin lektyre å smålese på i ein travel kvardag. Anbefalast på det varmaste!

Forlag: Apropos
Utgivelsesår: 2014

Fleire bøker av Hilary Boyd finn du HER.

Sitat

«Sommerpaviljongen» av Santa Montefiore

Sommerpaviljongen

Ett ord: OK. Etter å ha lest Hagen i Hartington gleda eg meg til å begynne på denne. Og eg vart litt skuffa. Bøkene er skrivne på same måten: sakte framgang, skildrane og godt språk, og kjappe byter av synspunkt (utan endring av avsnitt, noko som er kjempeforvirrande dei første par kapitla ein les, men ein blir vand med det).

Boka starter med at Lord Frampton døyr. Heile familien er knust. I gravferda dukker det opp ei ung kvinne, som hevdar å vere den ukjende dottera til lorden. Med litt sunn skepsis i begynnelsen, vert ho snart ynskt varmt velkomen inn i familien. Kun éi i familien er mistenksom på denne nye «dottera», som dukker opp og vert invitert til familiens gods og arver fleire millioner.

Eg kan eigentleg ikkje sei så mykje meir utan å avsløre alt. Sjølv synest eg boka var ekstremt forutsigbar, og etter berre første kapittel hadde eg forstått heile storylinen. Men det er berre meg, da. Uoriginal historie? Kanskje. Godt skrive? Absolutt. Den passar fint som sommerlektyre på stranda.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2014

Fleire bøker av Santa Montefiore finn du HER.

Sitat

«Brevet til Stella» av Iona Grey

Brevet til Stella

I skrivande stund har eg tårer i auga. Ikkje berre i auga, men det renn nedover ansiktet mitt. Herregud, så trist og lykkeleg og fantastisk hjerteskjerande. Det finst gode bøker som ein gler seg til å lese i, som er gode og interessante. Og så finst det bøker ein ikkje kan leggje frå seg om ein hadde ynskt. Denne boka høyrer til den siste kategorien.

Boka handler om Jess, ei ung jente som rømmer frå ein valdeleg kjærast og tek seg inn i eit forlatt hus. Der finn ho brev frå Dan Rosinski, til ei kvinne som heiter Stella. Dei var kjæraster under andre verdskrig. Ho finn og eit nytt brev frå Dan, der han fortel at han er døyande. Og Jess bestemmer seg for at ho må finne Stella før det er for seint.

Boka er så perfekt. Eg lo og gråt, og eg smilte i massevis. Humoren og optimismen er gjennomgåande i heile boka, og han smittar. Eg har vel kanskje sendt eit par for lange, klissete meldingar til min eigen kjærast i løpet av dei timane (!) det tok meg å lese ut denne boka. For som sagt: eg kunne ikkje ha lagt den frå meg om eg hadde ynskt.

Forlag: Apropos
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Bringebærpiken» av Karen Swan

Bringebærpiken

Eg begynte å lese denne boka med forventingar om ei skikkelig klissete, søtsuppe-bok. Boka skuffa på det punktet. Heldigvis. Den var SÅ mykje meir enn ei kjærleikshistorie. Den var varm, morosam, herlig. Ei feelgoodbok ein ikkje har lyst å legge i frå seg. Stor takk til tante Marit som gav den til meg!

Boka handlar om Cassie. Det første som skjer i boka er at Cassie, medan ho feirer sin tiårsbryllupsdag, oppdager at mannen har vore utro. Med hennar beste venninne. Oooog i tillegg er far til denne venninnas barn. Eit slag i trynet. Bestevenninne hennar frå skulen overtaler henne til å bu fire månader med kvar av dei, for å hjelpe henne gjennom bruddet. Ho bur i New York med Kelly, hos Anouk i Paris og hos Suzy i London. I løpet av året som går forelsker ho seg, kranglar med vennane, folk blir gravide, folk skal gifte seg – vi får eit lite liv på ein gong. Boka er skikkelig catchy, sjølv om slutten blir ganske openbar. Men, vi vil jo eigentleg at det skal ende godt uansett, gjer vi ikkje?

Forlag: Apropos forlag
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«Svøm med dem som drukner» av Lars Mytting

Svøm med dem som drukner

Eg veit nesten ikkje korleis eg skal begynne ein gong for å forklare denne boka. Perfekt, er vel ganske dekkande. Det er ein roman om Edvard Hirifjell som har vakse opp saman med bestefaren sin, Sverre, fordi foreldra døydde i Frankrike då han var tre år gamal. Underet var at han sjølv ikkje døydde også, han dukka opp ein annan stad i Frankrike tre dagar seinare. Heile livet sitt har Edvard undra seg over kva som faktisk skjedde. Det kan virke som om ingen veit eller bryr seg.

Heilt til Sverre døyr, og presten fortel Edvard ei historie. Og så begynner Edvards jakt på svaret om korleis foreldra døydde, korleis han overlevde, men viktigst av alt: kvifor?? Turen går innom Shetland og Frankrike, og på vegen møter han ei jente som er minst like interessert i å finne svara han leiter etter. Men igjen; kvifor??

Boka var nesten besettande, eg måtte leggje ho frå meg med tvang. Den var nervepirrande, med eit heilt fantastisk plott. Eg kunne ikkje forstå slutten før Mytting avslørte den. Eg klarer ikkje beskrive kor bra denne boka faktisk er. Så om du bare skal lese éi bok i år: la det bli denne.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2014