Sitat

«Café Estrella» av Linda Ask-Knutsen

Boka er sponsa av forfattaren

Café Estrella

Då har eg lest oppfølgjaren til Orkanen. Igjen møter vi Mira Cara Rodriguez, og fortsetter historia på minuttet, der den forrige boka slutta.

Mira har ei krevjande framtid i møte: ho skal bli kjend med den nye familien sin, sette seg inn i rolla som hovudaksjonær i farens rederi, og avstand skaper problemer i forholdet mellom henne og Levi. I tillegg har ho fleire draumar enn før, og vert autorisert til å besøke limbus (tilstanda mellom levande og døde), men valet ho tek der skaper store fysiske og psykiske problem for Mira.

Boka går ikkje like raskt framover som forgjengeren, men den går endå djupare. Det byggjer seg opp eit drama i boka, men som aldri blir heilt forløyst eller avslørt (skriv ferdig den tredje boka, Linda!). Vi går inn på Mira på eit meir personleg nivå, og mykje meir av hennar indre liv, noko som er veldig interessant, då Orkanen tok meir for seg alt som skjedde rundt Mira. Du må for øvrig definitivt lese den fyrste boka før du starter på denne, elles kjem du ikkje til å forstå 1/10 av handlinga. Så… no skal eg liksom sitte her og vente eit år på avslutninga?!

Forlag: Kolofon
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Linda Ask-Knutsen finn du HER.

Sitat

«Black Rabbit Hall» av Eve Chase

Black Rabbit Hall

Dette er altså debutboka til Eve Chase, og kom på norsk i år. Og etter utruleg mange anbefalingar om boka, kjøpte eg den –  innbunden og til fullpris, ei sjeldan oppleving. Og eg angra eigentleg litt, men mest fordi gullfargen på omslaget smittar og øydela lommeboka mi.

På slutten av sekstitalet, på Black Rabbit Hall, skjedde fleire tragiske ulukker som endra Ambers liv for alltid – både på godt og vondt. Over tredve år seinare kjem Lorna og forloveden til godset for å sjekke om det er brukandes til bryllupsloka. Jon er skeptisk, men Lorna forelskar seg i huset og lar seg lokke til å kome att og bu der ei helg. Og det blir ei helg som kjem til å forandre livet hennar.

Omtalene om boka seier at det er veldig likt Daphne DeMaurier, og det er eg heilt einig i: ein knakandes god slutt, men det skjer ikkje noko i dei første 75% av boka. Så godt som ingenting. Og slutten er litt forutsigbar, litt ikkje. Men den var likevel fin å lese, mest på grunn av det friske og gode språket. Midt på treet, altså.

Forlag: Gyldendal norsk forlag
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Hitler – min nabo» av Edgar Feuchtwanger og Bertil Scali

Hitler - min nabo

Kor skal eg begynne?? Edgar Feuchtwanger er fødd i 1924 og er historikar. Som 87-åring skreiv han denne boka saman med Bertil Scali. Historia han alltid sa han skulle fortelle andre om, nemleg barndomen sin. For i ti år, før familien klarte å kome seg ut av Tyskland, budde Hitler i huset over gata.

Boka skildrar korleis Edgar veks opp under oppseilinga til krigen, som jøde. Det vil seie, Edgar blir stempla som jøde. Ingen i hans familie er religiøse, men det spelar ingen rolle. Litt etter litt forsvinn alle vennane, familien, rettigheitane. Og alt er på grunn av Adolf Hitler, han som Edgar ser på gjennom vinduet sitt om kvelden, den bittelisje mannen med den enda mindre barten.

Dette er ei vanvittig sterk bok. Eg sat med tårer i auga fleire gonger, for det er ikkje meininga at eit barn skal oppleve slikt. Eller nokon, eigentleg. Det er mykje historie stappa inn i voksne samtaler, og det er lærerik lesning. Og vanvittig skummelt, for dette er det mest redselsfulle kapitlet i verdshistoria som «sanne historier» baserer seg på. Ikkje bry deg om hermetegna, for dette er faktisk ei sann historie. Og no har eg berre lyst å gråte.

Forlag: Pantagruel
Utgivelsesår: 2013

Sitat

«Livet som var ment for deg» av Kristin Harmel

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Livet som var ment for deg

Når eg las den forrige boka til Kristin Harmel, Så lenge det er stjerner på himmelen, gråt eg sikkert i ein time til saman. Og allerede fem sider ut i denne boka gråt eg (pinlig nok, på toget). Og eg har nesten ikkje slutta.

Boka handlar om Kate. For 12 år sidan var Kate på sitt lykkeligaste: ho hadde akkurat starta på ei utdanning ho likte, gifta seg med verdens beste mann og levde et liv ho elska. Helt til 18. september, så ektemannen Patrick blei drept i ei bilulykke. Etter dette, vart Kate sitt liv svart. Etter 12 år har ho endeleg møtt ein ny mann, og er nyforlova. Men samme dag som forlovelsen vert inngått, har ho ein merkeleg draum: om livet sitt med Patrick om han hadde levt. Problemet er at draumen er så utruleg livaktig – for livaktig.

Den er varm, humoristisk, fin og overraskande realistisk. Eg må innrømme at eg såg endinga sånn halvveis i starten, men etter cirka førti svinger trudde eg at eg hadde bomma, men NEIDA! For en lettelse. Men ja, uansett: den er like fin som den forrige boka, så om du likte den er det bare å komme seg på butikken!

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Kristin Harmel finn du HER.

Sitat

«Også dette går over» av Milena Busquets

Boka er sponsa av Gyldendal norsk forlag

Også dette går over

Nei, dette var skivebom. Eg forstår ikkje spanjolane sin trang til å skulle skrive romanar om dei store spørsmåla i livet, samtidig som dei er så late at dei ikkje gidd å bake det inn ei skikkelig historie? Det er vel eigentleg ikkje ein roman ein gong, det er berre ei poenglaus forteljing.

Det handlar om Blanca. Mora til Blanca har nettopp døydd, og blir framstilt som eit fantastisk og ondskapsfullt menneske. Blanca er deprimert, umoden og sexavhengig. For i følge Blanca, kan sex fikse alt. Vel, dama har to gutar med to ulike eksmenn og ein gift elskar, som ho alle dreg med seg til moras hus i Cadaqúes, i tillegg til hushjelpa, to venninner (og barna deira). Og så stikk ho eigentleg berre av heile tida og drikk seg full, røyker seg høg og har sex med elskaren sin.

Dette er den typen bok som sikkert kjem til å vinne mange (og har vunne nokre allereie) kritikarprisar, men som omtrent ingen kjem til å gidde å lese. Det er mange fine tanker i boka, men det hadde fungert mykje betre om det var lagt til ei skikkeleg handling. Slik som det var no, var det berre tungt å lese. For spesielt interesserte (og for ein gongs skuld er eg ikkje ein av dei).

Forlag: Gyldendal norsk forlag
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Safranhuset» av Rosanna Ley

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Safranhuset

På omslaget er boka kalla båe fortellerkunst på sitt beste, meiningsfull og vakkert skrive, og eg kan ikkje gjere noko anna enn å slutte meg til rosen. For wow, for ei bok; ei bok om familieband, opprinnelse, vennskap, tilgjeving, sorg og lengsel. Ei bok som ikkje lett vil bli gløymt.

Boka vekslar mellom fire synspunkt og på sett og vis eigne historier. Nell, Amy, Lillian (grandtanta til Amy) og Glenn (sonen til Lillian). Amy og Nell møtast i Marokko, på eit matkurs. Nell er der fordi ho fekk kurset i bursdagsgåve av ektemannen etter at mora hennar døydde brått, og etterlot Nell knust. Amy er der for å fotografere, og for å leite etter Glenn, som ingen har sett sidan 1969. Det einaste Lillian har etter han er eit postkort han sendte frå Essouira, utanfor Marrakech. I Marokko vert Nell og Amy venner, og saman oppdager dei kor viktig familie er – men òg kor naudsynt ei eiga styrke er.

Og så vil eg eigentleg ikkje avsløre meir av handlinga, for den er så god!! Måten alle historiene, hemmelegheitane og menneska møtast og går i hop på. For sjølv om eg kanskje såg éi av løysingane kome, kunne eg aldri ha gjetta meg fram til delane og detaljane i historia. Og favorittdelane mine av boka var faktisk Glenn sine skildringar av reisene sine og livet i Marokko. Dette er rett og slett ei rørande, herlig og god bok, så sett den på leselista di med éin gong!

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Rosanna Ley finn du HER.

Sitat

«Sommerfugløya» av Corina Bomann

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Sommerfugløya

Det er så deilig med slike bøker som bare fanger deg frå første side! Akkurat som Måneskinnshagen av Bomann, tar boka deg rett inn i ein avgjerande augneblink i ei kvinnes liv. Og igjen vert vi sendt på tur til eksotiske sydhavsøyer. Denne boka var rett og slett ei fryd å lese!

Boka handler om Dianas jakt på familiens store, mørke hemmelegheit. Etter at grandtanta døyr, er ho nemleg den siste slektningen i live, og grandtanta har sørga for at ho vert satt på sporet av skandalen ingen ville eller lenger kunne snakke om. Skandalen ramma Grace, Dianas tippoldemor, då ho budde med foreldra og systra på teplantasjen deira på Sri Lanka. Handlinga vekslar mellom Graces opphold på plantasjen, og Dianas jakt på kva som skjedde. (Personlig synest eg at Graces historie var den verkeleg interessante, men det synest vel strengt tatt Diana òg?) Og slutten tok meg verkeleg på senga!

Handlinga suser av gårde, og du har knapt tid til å puste! Eg var litt redd for at enkelte tråder ville forbli knytte (slik som i Måneskinnshagen), men alle spørsmål vart heldigvis svart på. Boka er òg pendlervennlig som få, då kapitla er ca 15 sider lange, og avsnitta 2-3 sider. Så du har alltid tid til eitt kapittel til, noko som går skummelt mykje ut over matlaging, eksamenslesing og husarbeid! (Men er det ikkje berre verdt det?)

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Corina Bomann finn du HER.

Sitat

«Søstrene på Sullivan’s Island» av Mary Alice Monroe

Boka er sponsa av Bastion forlag

Søstrene på Sullivan Island

Dette er ei skikkeleg sommerbok, rett og slett ein fryd å lese! Feelgood, familiedrama, autisme, alkoholisme og kjærleik rulla saman i ein herleg ball. Handlinga foregår i South Carolina, men det er ikkje ein typisk sørstatsroman. Det er ikkje klasseskiljer eller rasisme som er tema. Temaet er nemleg familie, nærmare bestemt systre.

Dora, Carson og Harper har fint lite til felles, unntatt ein felles far. Faren var alkoholikar og øydela alle forholda sine, så det einaste mennesket alle tre jentene kjenner er bestemora. Og i anledning at ho fyller åtti, inviterer Marietta alle barnebarna sine på besøk. Og for fyrste gong sidan dei var barn, møtes systrene igjen. Historia handlar mest om Carson, som har mista jobben i L.A., og bestemmer seg for å bli heile sommaren hos bestemora. Ho slåss mot ein gryande alkoholisme, og etter ei grusom oppleving ligg ho an til å miste fristaden sin – havet. Heilt til Delphine og Blake dukkar opp i livet hennar.

Boka er nydeleg skrive (og eg fant faktisk ikkje ein einaste skrivefeil!), og den er full av varme og kjensler. Det er faktisk den perfekte boka å holde mellom henda på stranda i sommar!

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Orkanen» av Linda Ask-Knutsen

Boka er sponsa av forfattaren

Orkanen

No la eg nettopp ned den 409 sider lange romanen du ser på biletet ovanfor. Og eg sit litt i sjokk, for dramatikken økte dramatisk (hihi) på slutten, og fy søren for ein cliff hanger som avslutta boka! Takk gud for at eg har oppfølgjaren liggande på vent.

Mira Cara Rodriguez er hovudpersonen i denne boka. Ho har spesielle evner som ho ikkje heilt klarer å forklare, ikkje for seg sjølv ein gong. No skal ho reise til Brasil for eit år for å utvide firmaet sitt, men rundt Mira skjer det alltid noko. Det er ikkje ho som viklar seg inn i ting, det er livet som viklar henne inn. Og i Brasil går det slag i slag. For byen ho skal etablere ein ny filial i, er ein by ho besøkte med faren som barn. Ho hugser ingenting av opphaldet, og bestemmer seg for å endeleg takle tapet av faren, som forliste for 20 år sidan. Ho graver i fortida, og det viser seg å utvikle seg i rasande fart.

Når Linda fortalte meg om boka si, vart eg interessert i å lese henne på flekken! Og det var eit sabla godt val, for denne boka oser av kvalitet, og Linda viser at ho veit verkeleg kva ho snakkar om, og i sin tur skildrar. Historia flyt lett, og har ein spanande driv, med både tilbakeblikk og andre sine perspektiv. Det er ei verkeleg unik bok. Det er ikkje fyllstoff for ein pendlar, men ei bok ein verkeleg set seg ned med og nyt. Så enjoy!

Forlag: Kolofon
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Linda Ask-Knutsen finn du HER.

Sitat

«Kranvriderne» av Karin Brunk Holmqvist

Kranvriderne

Dette er den nyaste boka til Brunk Holmqvist, og den det utan tvil skjer minst i. Det er heilt alvorleg talt ikkje noko plot. Det er fint og flott med rolege feelgoodbøker, men noko må jo skje??? Med mindre ein reknar ei kvinne som bur med broren og er bekymra for at han har fått seg kjærast (men ikkje tør å spørre han om det). Og så organiserer bygda bruktbutikk og restaurant. Og så skjer det fint lite før dei siste fire-fem kapitla.

Kanskje Brunk Holmqvist er gått litt tom for morosame plot? Ingen har så langt kunne matcha Potensgiverne eller Rapsgubbene. Er det kanskje på tide å legge opp, eller i alle fall slutte å presse ut ei intetsigande bok i året? Dette blir jo ei kort omtale, men så er det ikkje mykje å omtale heller. Den var jo koseleg og hadde det typisk koselege språket hennar, men den blei heller lest fordi det var det mest kompliserte mitt feberhaud av ein bomullsdott klarte å fokusere på.

Forlag: Silke
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Karin Brunk Holmqvist finn du HER.

Sitat

«Villa Magdalena» av Santa Montefiore

Boka er sponsa av Bastion forlag

Villa Magdalena

I den nyaste boka til Santa Montefiore møter vi Floriana, i Toscana 1973. Floriana er 10 år, og praktisk talt foreldrelaus. Ho elskar å henge rundt ved herskapshuset Villa Magdalena utanfor byen , og drøyme seg vekk i dei vakre hagane som omringer huset. Ein dag vert ho invitert inn av Dante, den 18 år gamle sonen i huset. Heile familien vert betatt av den sjarmerande, vesle jenta, og ho får ein smak av det søte livet.

45 år seinare møter vi Marina. Marina og ektemannen hennar, Grey, bur i Devon, England og driv eit hotell. Hotellet går ganske dårleg for tida, og for å lokke gjestar, bestemmer Marina seg for å ansette ein huskunstnar. Valget fell på argentinske Rafa Santoro. Det Marina ikkje veit, er at Rafa er ein mann med ein skjult agenda. I tillegg følgjer vi mange sidespor i boka, blant anna stedottera til Marina, Clementine, sjefen hennar, dei ansette på hotellet og gjestane.

Den er ikkje like god som Birøkterens datter, men stilen er jo ein annan, meir som Hagen i Hartington. Og det hadde vore for godt til å vere sant om bøkene skulle blitt betre og betre, korleis skulle det endt?? For ein oppmerksom leser (som er bevandra i Montefiore sine bøker) var det ikkje mange overraskingar når dei to historiene vert knytte saman i slutten av boka. Men er det ikkje litt deilig når kabalen går opp? Uansett, boka er likevel god. Den er varm, morsom og lettlest litteratur. Utanpå står det at boka handler om kjærleik og tilgjeving. For meg handler den mykje meir om å vakse opp og godta fortida slik ho er.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Santa Montefiore finn du HER.

Sitat

«Alt som teller» av Ingrid Ovedie Volden

Alt som teller

For ei lita perle! Det er ikkje ofte eg les ungdomsromanar lengre, men denne verka interessant. Den handler om Petra. Petra er 12 år og går i sjuande. Ho elskar partal, og hater oddetal – verst av alt er primtall. Heilt til ho oppdagar pi. Tanken på eit tal som aldri slutter, gjer henne kvalm og ho kaster opp. Fordi ho kaster opp, vert ho sendt til PPT, som kan fortelje henne at ho lir av tvangstankar. Litt og litt må Petra utfordre seg sjølv, og slik møter ho Thomas.

Boka er kjempefin. Den skildrar utruleg godt korleis det er å føle seg litt annleis utanfor, samstundes som ein veit kven ein er – og likar denne personen. Den handler om venskap, og familie. Og så litt om matematikk, då. Og grukar. (Veit du ikkje kva ein gruk er? Les boka.)

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Ingrid Ovedie Volden finn du HER.

Sitat

«Så lenge det er stjerner på himmelen» av Kristin Harmel

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Så lenge det er stjerner på himmelen

Forbered deg: du må vere klar til å gråte når du les denne boka. Den er så nydeleg og strålande, at du (i alle fall eg) treng emosjonelle pauser for å fordøye alt saman. Om du krysser Jodi Picoults Historiefortelleren med ei kva som helst slags Sarah Jio-bok, og der har du denne boka. Og om det ikkje høyrast fristande ut, veit eg ikkje kva som gjer.

Boka handler om Hope. Hope har vekst opp på austkysten i USA, og utan at ho heilt skjøner korleis, har ho endt opp som ei skilt kvinne som driv familiens bakeri. Mora er daud av kreft, bestefaren er daud, dattera hater henne (ho er tenåring, så klart) og bestemora har demens. Som om det ikkje var nok, er eksmannen en drittsekk og bakeriet er på randen er konkurs. Det siste Hope treng er at bestemora ber henne dra til Paris for å finne døde familiemedlem. Men det skjer, og etter mykje overtaling reiser Hope. Og det er ikkje berre éin familiehemmelegheit ho oppdager, det går berre djupare og djupare og Hope oppdager at ho ikkje kjenner historia til bestemora i det heile tatt.

Oppsummeringa mi er ganske enkelt: Du vil gå glipp av ei STOR leseoppleving om du lar vere å lese denne boka.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2014

Fleire bøker av Kristin Harmel finn du HER.

Sitat

«Sånn ble det» av Maren Uthaug

Boka er sponsa av Bastion forlag

Sånn ble det

Denne boka handler om Kirsten. Før ho vart danske Kirsten, var ho halvt samiske Risten i Finnmark. Faren Knut tok ho med til Danmark då ho var sju år gamal, og gav ho eit nytt liv i Danmark. Som barn føler Kirsten at ho aldri passer inn, ho hater stemora og kjem med tause demonstrasjonar kvar dag. Ho blir òg kjend med den vietnamesiske flyktningen (som for «praktisk skuld» no heiter Niels), og dei blir bestevenner. Kirsten husker lite frå tida i Noreg, og har ingen kontakt med mora før 20 år etterpå. Og så viser det seg at ingenting eigentleg var slik Kirsten trudde.

Boka er ikkje direkte lettlest, men det er likevel ei spenning der som dreg deg vidare når det kjenst litt trått. Det er ei ærleg, rå historie med mange såre menneske (som for mange nok vil bli for ærleg). Ikkje forvent noko fluff når du les denne boka, det er ikkje ei kose bok. Det er ei av dei bøkene ein ikkje les fordi historia er vakker – men fordi den er godt fortalt og kanskje litt viktig.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«Champagne og hetetokter» av Dora Heldt

Boka er sponsa av Bastion forlag

Champagne og hetetokter

Eg har så langt likt bøkene til Dora Heldt, og eg er usikker på om eg kan sei at denne skuffa. Språket er morsomt, situasjonane er komiske og det er ei skikkeleg feelgoodbok. Dessverre er det noko i omsetjinga som må ha gått gale. Enkelte partier er rotete, store deler markert i kursiv, der ein boktittel skal stå er det kun satt inn Tittel (som ikkje gir nokon meining), og mange manglande hermeteikn. Og så er det eit par lause tråder (eg fikk i alle fall ikkje med meg at enkelte av knutene vart løyst opp – om dei blei det).

Boka handler om Doris, Anke og Katja. Dei var bestevenner på vidaregåande, men har som mange sklidd frå kvarandre etter tredve år. No skal Doris straks fylle 50, og etter ein kveld med litt for mykje kvitvin ringer ho Katja for å be henne og Anke med på spahelg for å rømme fra feiringa mannen hennar insisterer på. Doris kunne likevel ikkje sett føre seg alle hemmelegheitane som skulle kome til overflata i løpet av ei helg, heller ikkje kor ustoppelege både mannen og mora er.

Historia er veldig fin, og som sagt morosam, og kan godt lesast på stranda eller som underhaldning på ein busstur. Det er ikkje stor litteratur (og det er heller ikkje meininga). Om du derimot er en grammarnazi og blir uvel av feil teiknsetjing og markeringar, så bør du kanskje styre unna. Eller vente til ei eventuell pocketutgave blir revidert og utgitt.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Dora Heldt finn du HER.

Sitat

«Eplehagen» av Marianne Storberg

Eplehagen

Det første ordet eg vil bruke om denne boka er kvalitet. Det er ei godt komponert bok med eit høgt detaljnivå, mykje innbakt fakta og godt språk. Vi veit jo mykje  om 1814 (grunnlov, unioner og sånt), men denne boka tar for seg dei små historiene i historia.

Boka handler om Maren. Maren blir enke i ein alder av 25, og for å kome seg unna Christiania søker ho på ein post som guvernante hos presten Johannes Høegh i Asker. Men Maren oppdager snart nok at det meste ikkje er slik det ser ut ved fyrste augnekast. For kvar er eigentleg prestekona? Og kvifor er presten så uvenleg mot enkelte av dei fattige i bygda? For fyrste gong i sitt liv opplever Maren lidenskap, og verkeleg sorg.

Eg trur dette er ei bok som kan treffe mange, både unge og gamle. Eg trur eg helst ville anbefalt den for kvinner, det er vel kanskje ein typisk dameroman (sjølv om man kanskje ikkje skal sei sånt?). Men uansett er den veldig spanande, og historia drar deg inn.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«God natt, June» av Sarah Jio

Boka er sponsa av Cappelen Damm

God natt, June

Dette er så langt ei Jio-bok som skil seg frå dei andre ho har skrive, utan å bryte sjangeren ho har gjort sin eigen. Vi vekslar ikkje mellom fortid og notid på same måten som i dei førre bøkene, berre gjennom brev og historier fortalt. I tillegg dukker her opp tidligare romankarakterer og ekte mennesker, noko som er ein fin touch.

Denne boka handler om June. June er 33 år gamal og kjem frå Seattle, men har budd i New York sidan ho var 18 år gamal. June sitt liv vert snudd opp ned når grandtanta døyr og etterlét June barnebokhandelen sin, Blåfugl Bøker, som er på konkursens rand. Logikk og nostalgi slåss om plassen i June – det er nettopp slike små, konkurse bedrifter ho nådelaust stenger i bankjobben sin. Ho har allereie fått helseproblem av den krevjande jobben, og slit med sviket systera hennar gjorde mot henne for fem år sidan. Men alt forandrer seg når ho finn brevvekslingar mellom grandtanta og den berømte barnebokforfattaren Margaret Wise Brown – og når ho møter Gavin.

Dette vert nok ikkje favorittboka mi av Jio (ironisk nok, fordi den handlar mykje om kjærleik for litteratur), men eg trur likevel at denne historia kanskje vil treffe fleire enn dei andre. Det er svik, sorg, død, kjærleik, tilgjeving, anger, pågangsmot og draumar. Og det er familie, ikkje minst. Og så klart ein liten twist på slutten, som eg ikkje såg kome. Så om du vil ha ei nydeleg og spanande historie med eit fantastisk språk – les denne.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Sarah Jio finn du HER.

Sitat

«Morgengry» av Sarah Jio

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Morgengry

Denne boka var mitt første møte med Sarah Jio. Og kort sagt: det blir ikkje det siste. Dette er god litteratur. Det fengjer, gir leseglede, medkjensle, smil, tårer og du vil berre lese ut boka raskt – for så å ynskje du hadde 300 sider til.

Boka skifter perspektiv mellom notida og femtitalet. Vi følgjer Ada, som i djup sorg leiger ein husbåt for å kome seg litt vekk frå seg sjølv og situasjonen sin. I husbåten finn ho ei gamal kiste, som inneheld personlege eigendelar av ei kvinne ved namn Penny. Ada vert raskt nysgjerrig på kven Penny var, og kvifor alle naboane nektar å snakke om henne eller korleis ho på mystisk vis forsvann. Vi følgjer òg Penny sjølv på husbåten på slutten av femtitalet, og får ta del i alle dei fine og grusomme opplevingane hennar – og vi ser kor nært knytte Ada er til Penny, utan å ane noko.

At den blir kalt «en spennende pageturner» på omslaget, er så utruleg spot on. Historia verkeleg trakk meg inn, og eg følte verkeleg at eg levde i ein husbåt i Seattle på 1950-talet. Jio-bøker er absolutt bøker for dei som kanskje ikkje er like glad i å lese som underteikna, men ynskjer seg noko lettlest og spanande som ikkje er alt for langt. Og ei generell oppfordring til alle der ute: det er berre å byrje å handle inn Jio sine bøker. I går, helst.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2014

Fleire bøker av Sarah Jio finn du HER.

Sitat

«Frost i mai» av Sarah Jio

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Frost i mai

OBS OBS! Uhemma skryt. Eg har fått ei lita dille på Sarah Jio, og etter å ha lese Morgengry, vart eg overlykkelig over at det var utgitt mange fleire av ho. Dette er så tilnærma perfekte bøker som ein kan kome. Klart, dei kunne vore lengre, djupare, meir høgstemte og blablabla. Men poenget med bøker er vel at ein skal kose seg når ein les boka, at den flyt lett, har ein god driv og ei god historie? Og dette er noko Jio nailer. 

Claire vakner ein morgon i mai og oppdagar at det er snøstorm. Redaktøren i avisa hennar gjev henne oppdrag i å skrive ei historie der ho skulle linke årets snøstorm til den som var på akkurat same dato i 1933. Claire synest oppgåva er latterleg kjedeleg og triviell, heilt til ho oppdager noko som kjem til å endre alt. I Seattle i 1933 levde ei kvinne som heitte Vera Ray. Vera gjekk på nattevakt, kom heim om morgonen og oppdaga at den tre år gamle sonen Daniel var forsvunnen. Saka rører Claire, og ho starter å grave, samstundes som ho har eit ekteskap som held på å falle saman. Og det ho ender med å finne, kan vere dråpen som får begeret (ekteskapet) til å renne over.

Som sagt, boka les nesten seg sjølv. Før du veit ordet av det, er den over; så lettlest er den faktisk. Korte kapittel, mange avsnitt, tidshopp. Noko som passer meg ypperlig når eg pendler til og fra jobb, å få lest så mykje som berre overhovud mogleg på toget og trikken er så utruleg kjekt. Så om du ikkje aner kva du skal lese, så er alt av Jio å anbefale.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2014

Fleire bøker av Sarah Jio finn du HER.

Sitat

«Den ene pluss en» av Jojo Moyes

Den ene pluss en

Jess er dama med maks uflaks. Mannen har forlatt henne og dottera, og i tillegg sonen han hadde frå eit tidlegare ekteskap. Jess har to jobber og klarer knapt å få endane til å møtast. Dottera er uhyrleg intelligent, og får «the chance of a lifetime». Men kva gjer du som mor når du ikkje har råd til å råd til å gjere dottera di lukkeleg?

I dette tilfelle møter Jess Ed, ein forretningsmann med sine heilt eigne livskatastrofer bak seg. I eit emosjonelt augneblink tilbyr han seg å hjelpe Jess og borna, og kastar seg ut på ein fleire dager lang roadtrip, med ein komplett framand familie. Og han lurer: er han blitt gal?

Boka kan jo ikkje måle seg med Et helt halvt år, men kven forventar det? Denne boka er av mykje lettare kaliber, og ei skikkeleg feelgoodbok. Kjøp den, les den, kos deg!

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2014