Sitat

«Villa Magdalena» av Santa Montefiore

Boka er sponsa av Bastion forlag

Villa Magdalena

I den nyaste boka til Santa Montefiore møter vi Floriana, i Toscana 1973. Floriana er 10 år, og praktisk talt foreldrelaus. Ho elskar å henge rundt ved herskapshuset Villa Magdalena utanfor byen , og drøyme seg vekk i dei vakre hagane som omringer huset. Ein dag vert ho invitert inn av Dante, den 18 år gamle sonen i huset. Heile familien vert betatt av den sjarmerande, vesle jenta, og ho får ein smak av det søte livet.

45 år seinare møter vi Marina. Marina og ektemannen hennar, Grey, bur i Devon, England og driv eit hotell. Hotellet går ganske dårleg for tida, og for å lokke gjestar, bestemmer Marina seg for å ansette ein huskunstnar. Valget fell på argentinske Rafa Santoro. Det Marina ikkje veit, er at Rafa er ein mann med ein skjult agenda. I tillegg følgjer vi mange sidespor i boka, blant anna stedottera til Marina, Clementine, sjefen hennar, dei ansette på hotellet og gjestane.

Den er ikkje like god som Birøkterens datter, men stilen er jo ein annan, meir som Hagen i Hartington. Og det hadde vore for godt til å vere sant om bøkene skulle blitt betre og betre, korleis skulle det endt?? For ein oppmerksom leser (som er bevandra i Montefiore sine bøker) var det ikkje mange overraskingar når dei to historiene vert knytte saman i slutten av boka. Men er det ikkje litt deilig når kabalen går opp? Uansett, boka er likevel god. Den er varm, morsom og lettlest litteratur. Utanpå står det at boka handler om kjærleik og tilgjeving. For meg handler den mykje meir om å vakse opp og godta fortida slik ho er.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Santa Montefiore finn du HER.

Sitat

«Alt som teller» av Ingrid Ovedie Volden

Alt som teller

For ei lita perle! Det er ikkje ofte eg les ungdomsromanar lengre, men denne verka interessant. Den handler om Petra. Petra er 12 år og går i sjuande. Ho elskar partal, og hater oddetal – verst av alt er primtall. Heilt til ho oppdagar pi. Tanken på eit tal som aldri slutter, gjer henne kvalm og ho kaster opp. Fordi ho kaster opp, vert ho sendt til PPT, som kan fortelje henne at ho lir av tvangstankar. Litt og litt må Petra utfordre seg sjølv, og slik møter ho Thomas.

Boka er kjempefin. Den skildrar utruleg godt korleis det er å føle seg litt annleis utanfor, samstundes som ein veit kven ein er – og likar denne personen. Den handler om venskap, og familie. Og så litt om matematikk, då. Og grukar. (Veit du ikkje kva ein gruk er? Les boka.)

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Ingrid Ovedie Volden finn du HER.

Sitat

«Måneskinnshagen» av Corina Bomann

Forhåndseksemplar fra Cappelen Damm

Måneskinnshagen

Det gjekk ikkje i nokon fei å lese denne boka (for meg betyr det at det tok meir enn to dager), for kapitla er ganske lange og utfyllande, så eg måtte setje meg ned når eg skulle lese. Dette var mitt første møte med Corina Bomann, og no har eg absolutt tenkt å skaffe meg Sommerfugløya av same forfatter!

Lilly Kaiser er hovudpersonen i denne boka. Lilly er ei ung enke og driv ein antikvitetsbutikk. Ein dag kjem det ein framand mann inn i butikken, gir ho ein fiolin og erklærer at den tilhøyrer henne. Lilly kan ikkje forstå noko som helst, då ho ikkje speler fiolin eller har familie som gjer det. Forundra ringer ho venninna Ellen, som er ekspert i å restaurere gamle instrument. Spontant reiser ho frå Berlin til London, der venninna bur, for å finne ut meir om fiolinen. Når ho oppdager at den har tilhørt ikkje berre éin, men heile to verdskjende fiolinistar, vert ho fascinert. Og når det viser seg at ingen aner korleis fiolinen vandra frå den eine fiolinisten til den andre, klarer ikkje Lilly å stoppe gravinga. Leitinga på svar sender henne til Italia og Indonesia, men ingenting kunne førebudd henne på svara ho ville finne.

Boka var veldig lik Sarah Jio sine med ei naturleg veksling mellom nåtida og fortida. Det einaste eg ikkje likte noko særleg var ein laus tråd i enden – som med letthet kunne vore nøsta opp i – så eg skulder på at Bomann må ha vore litt lat på slutten. Opne sluttar er jo ikkje heilt uvanleg heller, men for min del liker eg at historia er slutt når boka er det (med mindre det kjem ein oppfølger, så klart, men det er nok ikkje tilfellet her).

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Carina Bomann finn du HER.

Sitat

«Å slentre plystrende forbi kirkegården» av Susan Crandall

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Å slentre plystrende forbi kirkegården

Denne boka var noko heilt anna enn eg forventa den skulle vere. Eg trudde den skulle handle om ein tenåring som rømmer frå bestemora og blir venn med ei farga kvinne (vi er i sørstatane i 1963). Men, nei. Starla er nemleg berre 9 år gamal.

Starla bur ho bestemora. Faren arbeider på rigg, og mora flytta til Nashville for seks år sidan for å bli berømt. Starla hater den sure og krevande bestemora, og etter ein slåsskamp, krangel og litt panikk, stikk ho av. Ho skal til Nashville – til mora. Ho får haik hos ei farga kvinne, og alt kunne eigentleg gått heilt fint – om ikkje den farga kvinna hadde teke med seg ein kvit baby frå ei kyrkjetrapp. Kvinna tek ho med seg heim, men mannen hennar er ikkje nøgd med situasjonen på nokon måte. Starla oppdager raskt nok at kanskje det ville vore betre å bli heime.

Dette er jo ein historisk sørstatsroman i ein forstand, men det er ikkje det typiske «hvit pen jente forelskar seg i farga gut»-opplegget. Om du tenkjer deg ei krimbok der eit barn er forsvunnen, er dette den manglande biten. Dette er frå barnets side. Ein får verkeleg kjensla av at det er eit barn som fortel historia (og det er det jo), med morsomme observasjonar, litt manglande forståing, mykje godhet og naivitet er det utruleg fint fortalt. Om du likte Det blå rommet av Susan Henderson, vil du elske denne!

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Susan Crandall finn du HER.

Sitat

«Så lenge det er stjerner på himmelen» av Kristin Harmel

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Så lenge det er stjerner på himmelen

Forbered deg: du må vere klar til å gråte når du les denne boka. Den er så nydeleg og strålande, at du (i alle fall eg) treng emosjonelle pauser for å fordøye alt saman. Om du krysser Jodi Picoults Historiefortelleren med ei kva som helst slags Sarah Jio-bok, og der har du denne boka. Og om det ikkje høyrast fristande ut, veit eg ikkje kva som gjer.

Boka handler om Hope. Hope har vekst opp på austkysten i USA, og utan at ho heilt skjøner korleis, har ho endt opp som ei skilt kvinne som driv familiens bakeri. Mora er daud av kreft, bestefaren er daud, dattera hater henne (ho er tenåring, så klart) og bestemora har demens. Som om det ikkje var nok, er eksmannen en drittsekk og bakeriet er på randen er konkurs. Det siste Hope treng er at bestemora ber henne dra til Paris for å finne døde familiemedlem. Men det skjer, og etter mykje overtaling reiser Hope. Og det er ikkje berre éin familiehemmelegheit ho oppdager, det går berre djupare og djupare og Hope oppdager at ho ikkje kjenner historia til bestemora i det heile tatt.

Oppsummeringa mi er ganske enkelt: Du vil gå glipp av ei STOR leseoppleving om du lar vere å lese denne boka.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2014

Fleire bøker av Kristin Harmel finn du HER.

Sitat

«The Rosie Effect» av Graeme Simsion

Rosie effect

Dette er den andre boka om den australske forskeren Don, og kjærasten (no kona) Rosie. Dei har flytta til New York, og vore gift i eitt år. Dons venn Gene annonserer at ekteskapet hans er slutt, og Don inviterer han til New York for å bu med Rosie og han ei stund. Men størst av alt; Rosie er gravid. Og born er ikkje noko Don har erfaring med, og havner i klammeri med politiet når han driv researchen sin.

Som nevnt i omtalen av The Rosie Project er Don ein karakter typ Sheldon Cooper fra Big Bang Theory, han slit litt sosialt. Sarkasme går han over hovudet, alt skal helst planleggast og enkelte normer er ikkje heilt naturlege for han. Til tross for dette har han seks venner, og Rosie, sjølvsagt. Rosie er intelligent, feminist, pesceterianer (vegetarianer som og et fisk) og litt av ei personlegheit. Og ho tviler, som alle andre, på om Don kan takle å vere ein far.

Boka er varm, den er ei laugh-out-loud-bok, og den er intelligent. Det er ei skikkeleg feelgood bok som kjem til å få deg til å smile i timevis.

Forlag: Penguin Books
Utgivelsesår: 2014

Boka er enno ikkje tilgjengeleg på norsk.

Fleire bøker av Graeme Simsion finn du HER.

Sitat

«Fioler i mars» av Sarah Jio

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Fioler i mars

Boka har så vidt komt ut, men korleis kunne eg vente med å lese den?? Den blei slukt på få timar. Det er eigentleg debutromanen til Jio, men den femte boka på norsk. Og alle bør springe til butikken og kjøpe den (eller kjappe seg til biblioteket og håpe at ventelista ikkje er enorm allerede).

Husker dere Emily som Claire besøker i Frost i mai? Vel, dette er hennar historie. Og Emilys historie er ikkje som ho forventa at den skulle vere. Etter at ektemannen går fra henne, reiser ho til Bainbridge Island for å besøke grandtanta og få litt ro. På rommet sitt finn ho ei dagbok skriven av Esther, og tusen spørsmål dukker opp – blant anna kvifor grandtanta ikkje vil svare på nokre av dei. På et merkeleg vis kjenner ho seg beslekta med Esther, og klarer ikkje la vere å grave i fortida, samstundes som ho prøver å holde seg flytande i notida.

Å tenke på at dette er en debutroman, slår meg heilt ut. Den er så forbanna god, det er lett å sjå kvifor ho fortsette som forfatter. Det er ei bok om vennskap, tilgjeving, familie og å ta sjanser. Lagt fram gjennom en fantastisk roman. Om du likar gode historier, er Sarah Jio verkeleg ein forfatter for deg.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Sarah Jio finn du HER.

Sitat

«Sånn ble det» av Maren Uthaug

Boka er sponsa av Bastion forlag

Sånn ble det

Denne boka handler om Kirsten. Før ho vart danske Kirsten, var ho halvt samiske Risten i Finnmark. Faren Knut tok ho med til Danmark då ho var sju år gamal, og gav ho eit nytt liv i Danmark. Som barn føler Kirsten at ho aldri passer inn, ho hater stemora og kjem med tause demonstrasjonar kvar dag. Ho blir òg kjend med den vietnamesiske flyktningen (som for «praktisk skuld» no heiter Niels), og dei blir bestevenner. Kirsten husker lite frå tida i Noreg, og har ingen kontakt med mora før 20 år etterpå. Og så viser det seg at ingenting eigentleg var slik Kirsten trudde.

Boka er ikkje direkte lettlest, men det er likevel ei spenning der som dreg deg vidare når det kjenst litt trått. Det er ei ærleg, rå historie med mange såre menneske (som for mange nok vil bli for ærleg). Ikkje forvent noko fluff når du les denne boka, det er ikkje ei kose bok. Det er ei av dei bøkene ein ikkje les fordi historia er vakker – men fordi den er godt fortalt og kanskje litt viktig.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«The Rosie Project» av Graeme Simsion

The Rosie Project

Dette var ei tilfeldig bok eg kjøpte på ferietur i mangel på lesestoff (kan du tru det?). Og eg vart tatt med storm. Denne boka er i ei klasse for seg sjølv.

Don er ein litt spesiell type (tenk Sheldon Cooper-ish), med rutiner så strenge at det nærmar seg sjukt. Han er forsker, og dei sosiale ferdighetene hans er ikkje akkurat på topp. Men Don har funne ut at han vil gifte seg, og har laga ei laaaaaang liste med kriterier for denne kvinna. Problemet er at han ikkje eigentleg veit korleis han skal finne henne. Vennen Gene (som verkeleg er noko for seg sjølv med sitt «åpne» ekteskap for «forskning») prøver å hjelpe han. Som ein spøk (når Don viser seg å vere litt vel kritisk), fiksar han Don ein date med ein student av seg – Rosie. Rosie er så langt frå lista som ein kan kome, men kanskje er det akkurat det Don treng?

Boka er så latterleg morsom, med sarkasme og komiske situasjonar. Eg har ikkje lest den norske omsettinga, men kan i alle fall anbefale originalen varmt. Og gjere alle lykkelege ved å informere om at det finst ein oppfølgjar, The Rosie Effect.

Forlag: Penguin Books Limited
Utgivelsesår: 2014

Norsk tittel: «Prosjekt Rosie»
Norsk forlag: Aschehoug

Fleire bøker av Graeme Simsion finn du HER.

Sitat

«Champagne og hetetokter» av Dora Heldt

Boka er sponsa av Bastion forlag

Champagne og hetetokter

Eg har så langt likt bøkene til Dora Heldt, og eg er usikker på om eg kan sei at denne skuffa. Språket er morsomt, situasjonane er komiske og det er ei skikkeleg feelgoodbok. Dessverre er det noko i omsetjinga som må ha gått gale. Enkelte partier er rotete, store deler markert i kursiv, der ein boktittel skal stå er det kun satt inn Tittel (som ikkje gir nokon meining), og mange manglande hermeteikn. Og så er det eit par lause tråder (eg fikk i alle fall ikkje med meg at enkelte av knutene vart løyst opp – om dei blei det).

Boka handler om Doris, Anke og Katja. Dei var bestevenner på vidaregåande, men har som mange sklidd frå kvarandre etter tredve år. No skal Doris straks fylle 50, og etter ein kveld med litt for mykje kvitvin ringer ho Katja for å be henne og Anke med på spahelg for å rømme fra feiringa mannen hennar insisterer på. Doris kunne likevel ikkje sett føre seg alle hemmelegheitane som skulle kome til overflata i løpet av ei helg, heller ikkje kor ustoppelege både mannen og mora er.

Historia er veldig fin, og som sagt morosam, og kan godt lesast på stranda eller som underhaldning på ein busstur. Det er ikkje stor litteratur (og det er heller ikkje meininga). Om du derimot er en grammarnazi og blir uvel av feil teiknsetjing og markeringar, så bør du kanskje styre unna. Eller vente til ei eventuell pocketutgave blir revidert og utgitt.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Dora Heldt finn du HER.

Sitat

«Den du ikke ser» av Jonas Moström

Boka er eit leseeksemplar fra Boklageret

Den du ikke ser

Denne boka har solgt som hakka møkk på jobb før påske, så når vi fikk tilsendt leseeksemplar tok eg den sjølvsagt med på min eigen påskeferie. Påskekrim er eigentleg ikkje ein tradisjon eg følger slavisk – dette var den einaste krimromanen eg tok med. Og eigentleg er det like greitt. Krim er ikkje det eg les mest av (eg forstår ikkje dei som berre les krim, det blir jo veeeeldig mykje av det same – eller?).

Uansett, boka er den fyrste i ein komande serie om psykiater Nathalie Svensson. Boka går berre over eit par dagar, men med mange ulike synsvinklar og eit par tilbakeblikk frå ti år tilbake. Ei vårnatt i Stockholm ser Nathalie elskeren sin bli skoten og drept i ei fontene – på akkurat same vis forloveden vart drepen ti år tidlegare. Ho ynskjer at det ikkje skal vere ein samanheng mellom drapa, men tvilen kjem snikande når ho oppdagar at ho har ein stalker som ikkje vil late henne vere i fred.

Kapitla var veldig korte, så lesninga gjekk ganske radig unna. Sjølve plottet var nok ikkje heilt det store, eg har lest verre og meir dramatiske historier i det mange krimentusiastar vil kalle «typiske dameromanar». Vel… Språket var jo godt, så eg kjem nok til å lese den neste boka òg, men då må nok historia ta seg opp om eg skal gidde å lese den tredje. Det er ikkje noko blodig og grusom bok, så den passer godt for det folk i Hva leser du akkurat nå? ville kalt «sarte sjeler».

Forlag: Goliat forlag
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Eplehagen» av Marianne Storberg

Eplehagen

Det første ordet eg vil bruke om denne boka er kvalitet. Det er ei godt komponert bok med eit høgt detaljnivå, mykje innbakt fakta og godt språk. Vi veit jo mykje  om 1814 (grunnlov, unioner og sånt), men denne boka tar for seg dei små historiene i historia.

Boka handler om Maren. Maren blir enke i ein alder av 25, og for å kome seg unna Christiania søker ho på ein post som guvernante hos presten Johannes Høegh i Asker. Men Maren oppdager snart nok at det meste ikkje er slik det ser ut ved fyrste augnekast. For kvar er eigentleg prestekona? Og kvifor er presten så uvenleg mot enkelte av dei fattige i bygda? For fyrste gong i sitt liv opplever Maren lidenskap, og verkeleg sorg.

Eg trur dette er ei bok som kan treffe mange, både unge og gamle. Eg trur eg helst ville anbefalt den for kvinner, det er vel kanskje ein typisk dameroman (sjølv om man kanskje ikkje skal sei sånt?). Men uansett er den veldig spanande, og historia drar deg inn.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Den lille kjærligheten» av Francesc Miralles

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Den lille kjærligheten

Denne boka er ei merkeleg lita greie. Eigentleg er den ikkje så lita heller, med sine 286 sider. Den handler om Samuel de Juan, ein professor i tysk ved universitetet i Barcelona. Samuel er ein ganske einsom ungkar, og ein intellektuell type som frustrerer seg over studentar som ikkje har peiling på Goethe og Brecht (enkelte elevar lar han stå i faget så han skal slippe dei neste år igjen – praktisk). Ein dag dukkar ein katt opp på døra hans, og nektar å gå sin vei. Og sjølv når han går, dukkar han snart opp att, tilsynelatande ut i frå intet. Gjennom katten kjem Samuel i kontakt med mange nye menneske, og finn slik att barndomsforelskelsen si – som ikkje hugsar han i det heile.

Heilt ærleg. så traff ikkje boka meg heilt. Objektivt sett var den ganske god – både handlinga, karakterane og ikkje minst språket var finspissa og utruleg levande og humoristisk. For min del vart handlinga litt for platt, og dialogane tok litt for mykje plass. Det er ikkje ei bok ein les for plottet sin skuld. Men om du liker bøkene om katten Bob (men kanskje vil ha det litt meir intellektuelle med i miksen), trur eg gjerne at du vil like denne boka òg. Elles er boka litt filosofisk av seg, så om det er noko du liker, er den verdt å teste ut (den er uansett lettlest til det ekstreme, og ein kan lett pløye gjennom den for underhaldinga si skuld).

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«God natt, June» av Sarah Jio

Boka er sponsa av Cappelen Damm

God natt, June

Dette er så langt ei Jio-bok som skil seg frå dei andre ho har skrive, utan å bryte sjangeren ho har gjort sin eigen. Vi vekslar ikkje mellom fortid og notid på same måten som i dei førre bøkene, berre gjennom brev og historier fortalt. I tillegg dukker her opp tidligare romankarakterer og ekte mennesker, noko som er ein fin touch.

Denne boka handler om June. June er 33 år gamal og kjem frå Seattle, men har budd i New York sidan ho var 18 år gamal. June sitt liv vert snudd opp ned når grandtanta døyr og etterlét June barnebokhandelen sin, Blåfugl Bøker, som er på konkursens rand. Logikk og nostalgi slåss om plassen i June – det er nettopp slike små, konkurse bedrifter ho nådelaust stenger i bankjobben sin. Ho har allereie fått helseproblem av den krevjande jobben, og slit med sviket systera hennar gjorde mot henne for fem år sidan. Men alt forandrer seg når ho finn brevvekslingar mellom grandtanta og den berømte barnebokforfattaren Margaret Wise Brown – og når ho møter Gavin.

Dette vert nok ikkje favorittboka mi av Jio (ironisk nok, fordi den handlar mykje om kjærleik for litteratur), men eg trur likevel at denne historia kanskje vil treffe fleire enn dei andre. Det er svik, sorg, død, kjærleik, tilgjeving, anger, pågangsmot og draumar. Og det er familie, ikkje minst. Og så klart ein liten twist på slutten, som eg ikkje såg kome. Så om du vil ha ei nydeleg og spanande historie med eit fantastisk språk – les denne.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Sarah Jio finn du HER.

Sitat

«Gule krokus om våren» av Laila Ibrahim

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Gule krokus om våren

Dette er ei seriøst undervurdert bok. Det er sjeldan eg ser nokon omtale den, og eg kan ikkje for mitt bare liv skjøne kvifor. Den er jo heilt strålande?!

Boka er ein historisk roman som foregår i ein av dei nordre sørstatane under slaveriets gullalder i USA. Lisbeth veks opp med den svarte amma Mattie – som måtte gi opp sin eigen son for å ta vare på Lisbeth. Lisbeth og Mattie vert nære, litt for nære for Lisbeths familie sin smak. Boka skildrer korleis Mattie opplev slaveriet, ynskjet om å vere fri og med sin eigen familie, og Lisbeths oppvekst, der ho konstant føler seg utanfor og slit med å godta slaveriet på same måte som alle rundt henne ser ut til å gjere. Og denne tankegangen er ikkje velkomen i sørstatane, og Lisbeth må gjere sine livs val.

Dette er ein av dei beste historiske romanane eg har lest om sørstatane og slaveritida. Språket er nydeleg, boka er lettlest, og historia er sterk og nydeleg – og den kjem til å vere hos meg lenge.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«Morgengry» av Sarah Jio

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Morgengry

Denne boka var mitt første møte med Sarah Jio. Og kort sagt: det blir ikkje det siste. Dette er god litteratur. Det fengjer, gir leseglede, medkjensle, smil, tårer og du vil berre lese ut boka raskt – for så å ynskje du hadde 300 sider til.

Boka skifter perspektiv mellom notida og femtitalet. Vi følgjer Ada, som i djup sorg leiger ein husbåt for å kome seg litt vekk frå seg sjølv og situasjonen sin. I husbåten finn ho ei gamal kiste, som inneheld personlege eigendelar av ei kvinne ved namn Penny. Ada vert raskt nysgjerrig på kven Penny var, og kvifor alle naboane nektar å snakke om henne eller korleis ho på mystisk vis forsvann. Vi følgjer òg Penny sjølv på husbåten på slutten av femtitalet, og får ta del i alle dei fine og grusomme opplevingane hennar – og vi ser kor nært knytte Ada er til Penny, utan å ane noko.

At den blir kalt «en spennende pageturner» på omslaget, er så utruleg spot on. Historia verkeleg trakk meg inn, og eg følte verkeleg at eg levde i ein husbåt i Seattle på 1950-talet. Jio-bøker er absolutt bøker for dei som kanskje ikkje er like glad i å lese som underteikna, men ynskjer seg noko lettlest og spanande som ikkje er alt for langt. Og ei generell oppfordring til alle der ute: det er berre å byrje å handle inn Jio sine bøker. I går, helst.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2014

Fleire bøker av Sarah Jio finn du HER.

Sitat

«Frost i mai» av Sarah Jio

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Frost i mai

OBS OBS! Uhemma skryt. Eg har fått ei lita dille på Sarah Jio, og etter å ha lese Morgengry, vart eg overlykkelig over at det var utgitt mange fleire av ho. Dette er så tilnærma perfekte bøker som ein kan kome. Klart, dei kunne vore lengre, djupare, meir høgstemte og blablabla. Men poenget med bøker er vel at ein skal kose seg når ein les boka, at den flyt lett, har ein god driv og ei god historie? Og dette er noko Jio nailer. 

Claire vakner ein morgon i mai og oppdagar at det er snøstorm. Redaktøren i avisa hennar gjev henne oppdrag i å skrive ei historie der ho skulle linke årets snøstorm til den som var på akkurat same dato i 1933. Claire synest oppgåva er latterleg kjedeleg og triviell, heilt til ho oppdager noko som kjem til å endre alt. I Seattle i 1933 levde ei kvinne som heitte Vera Ray. Vera gjekk på nattevakt, kom heim om morgonen og oppdaga at den tre år gamle sonen Daniel var forsvunnen. Saka rører Claire, og ho starter å grave, samstundes som ho har eit ekteskap som held på å falle saman. Og det ho ender med å finne, kan vere dråpen som får begeret (ekteskapet) til å renne over.

Som sagt, boka les nesten seg sjølv. Før du veit ordet av det, er den over; så lettlest er den faktisk. Korte kapittel, mange avsnitt, tidshopp. Noko som passer meg ypperlig når eg pendler til og fra jobb, å få lest så mykje som berre overhovud mogleg på toget og trikken er så utruleg kjekt. Så om du ikkje aner kva du skal lese, så er alt av Jio å anbefale.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2014

Fleire bøker av Sarah Jio finn du HER.

Sitat

«Katalysatormordet» av Hans Olav Lahlum

Katalysatormordet

Denne er spanande. Og ein får litt vondt og dårleg samvit av K2. Han ser ei jente springe som ein gal mot trikken, men når den ikkje. Ein time seinare vert kvinna funnen skoten og drept i trikkesporet. K2 veit at han kunne redda ho om han berre hadde trukke i nødbremsa. Jenta viser seg å vere ein del av ei gruppe unge sosialistar.

Men historia startar eigentleg ikkje her – den startar eigentleg med ein hyttetur to år tidlegare, der gruppas leiar forsvant utan eit spor. Og denne leiaren var forlova med den avdøydde jenta. I tillegg til å skulle løyse mordet saman med Patricia, oppdager K2 at han kanskje har kjensler for henne. Og løysinga – wow, wow, wow.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2012

Fleire bøker av Hans Olav Lahlum finn du HER.

Sitat

«I en og samme person» av John Irving

Boka er sponsa av BOKeksperten.no

I en og samme person

Eg har no lest denne boka to gonger, og dei siste åra er ikkje det noko eg gjer ofte. Fyrste gang eg las den var eg 17 år, og no er eg (som dei fleste veit) 20. Og helt ærleg, boka var enda betre no enn forrige gong, og ein rein nytelse å lese.

Boka handler om Bill – Billy, William. Han veks opp i Vermont på sekstitalet. Når han fortel historia si, er han om lag 70 år gamal, og fortel heile livshistoria si. I alle fall dei delane som har forma han som menneske. Og livet til Bill har vore litt av ei reise – frå ein 13 årig gut som var usikker på seksualiteten sin frå augneblinken han forelska seg i den transseksuelle, 40 år gamle bibliotekaren, og til ein velkjend forfatter.

Boka har ein fantastisk flyt, og er lettlest som få. NB! Ikkje for dei pripne. Om du ikkje takler detaljar om homsesex, aids, og litt vel sjuke historier, så bør du absolutt ikkje lese denne boka. Det er ei fantastisk god bok, men om du er eit trangsynt dyr, bør du ikkje kaste vekk tida di.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2012

Sitat

«Den ene pluss en» av Jojo Moyes

Den ene pluss en

Jess er dama med maks uflaks. Mannen har forlatt henne og dottera, og i tillegg sonen han hadde frå eit tidlegare ekteskap. Jess har to jobber og klarer knapt å få endane til å møtast. Dottera er uhyrleg intelligent, og får «the chance of a lifetime». Men kva gjer du som mor når du ikkje har råd til å råd til å gjere dottera di lukkeleg?

I dette tilfelle møter Jess Ed, ein forretningsmann med sine heilt eigne livskatastrofer bak seg. I eit emosjonelt augneblink tilbyr han seg å hjelpe Jess og borna, og kastar seg ut på ein fleire dager lang roadtrip, med ein komplett framand familie. Og han lurer: er han blitt gal?

Boka kan jo ikkje måle seg med Et helt halvt år, men kven forventar det? Denne boka er av mykje lettare kaliber, og ei skikkeleg feelgoodbok. Kjøp den, les den, kos deg!

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2014