Sitat

«Rapsgubbene» av Karin Brunk Holmqvist

Rapsgubbene

Albert og Henning er eit par brødrer og ungkarer som bur saman i barndomsheimen deira. Dei er godt kjend i bygda, då dei er litt eksentriske. Dei lev med moras stemme i øyra, som fortel dei om å sove med sokkar, eller vaske seg i øyra. På gården deira er det ein rapsåker, og ut av det blå dukker det opp spor av romvesen der! Media dukker opp og invaderer oppkjørslen og hagen deira. Når kjem dei til å få tilbake det rolege livet sitt? Og … romvesen???

Bok nummer to av Karin Brunk Holmqvist er like god som den første! God underholdning, med mykje latter på kjøpet.

Forlag: Silke
Utgivelsesår: 2010

Fleire bøker av Karin Brunk Holmqvist finn du HER.

Sitat

«Villa Serena» av Domenica de Rosa

Villa Serena

Eg kan starte med å seie at eg aldri har vore i Italia, men etter å ha lest denne boka kjennest det litt slik ut likevel. Vi får bli kjent med det ekte, lokale i Italia, og ikkje berre turistversjonen. Boka var varm og flott, ei glede å lese!

Historia starter med at mannen til Emily ber om skilsmisse i ein sms. Emily sit no i Italia med tre born, eit dyrt hus og totalt isolert frå lokalsamfunnet. Litt etter litt vert ho teken inn i varmen, blir kjend med presten i byen, får vener og møter ein arkeolog. Vi følgjer også dei tre borna hennar, som alle slit med sitt.

Og så kjem sjokket. Det var eit par foruroligande episoder gjennom heile boka, som at guten på tre opplev at ein mann besøker han om natta. Og når det var rundt ti sider igjen, endra historia seg totalt og komplett uventa. Eg satt heilt i sjokk, og fatta ikkje korleis det kunne kome ei ny konflikt og løysing med berre nokre fåtals sider att. Og herre, eg satt med hjartet i halsen!! Mykje spenning på få sider. Ei flott bok som ein verkeleg kan ta seg bryet med å lese.

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2011

Fleire bøker av Domenica de Rosa finn du HER.

Sitat

«Potensgiverne» av Karin Brunk Holmqvist

Potensgiverne

Eg er fan av svensk litteratur, det er ein spesiell type sarkastisk og samstundes koseleg humor. Eller er det berre eg som føler det slik? Eg elsker i alle fall alle bøkene til Karin Brunk Holmqvist, og debuten «Potensgiverne» er så klart ei av dei beste.

Boka handler om systrene Tilda og Elida, som lev eit fredeleg pensjonistliv på landsbygda i Sverige. Dei er nøgde med eit roleg, gamaldags liv med utedo. Heilt til Alvar flytter inn i nabohuset. Og sjarmerer damene i senk. Plutseleg kjøper dei seg nye klede, dei krøller håret, og dei må skaffe seg innlagt do. For det har Alvar. Men for å få råd til ein innlagt do, så treng dei pengar. Og nød lærer naken kvinne å spinne, så dei finn opp eit potensmiddel. Samstundes ynskjer veslebroren deira at dei skal flytte på gamleheim så han kan ta over barndomsheimen som sommarhus, og har sine eigne problem med kona. Som potens.

Tårene trillar, og boka er god lesning frå side til side. Det er jo ikkje ei bok få har lest, og færre har høyrd om, men det er verkeleg ikkje vanskeleg å skjøne kvifor.

Forlag: Silke
Utgivelsesår: 2009

Fleire bøker av Karin Brunk Holmqvist finn du HER.

Sitat

«Indias datter» av Shilpi Somaya Gowda

Boka er sponsa av BOKeksperten.no

Indias datter (2)

Boka startar på åttitalet i India med Kavita Merchant, som føder sin fyrstefødde. Ei dotter. Mannen Jasu tek bornet og set det ut i skogen. Dei har ikkje råd til ei dotter. Andre gongen Kavita føder er det også ei dotter. Kavita ber Jasu om nokre timar åleine med barnet før det skal drepast. Desse timane brukar ho på å gå til Bombay og levere dottera Usha til ein barneheim.

På den andre sida av verda, i San Fransisco, opplever Somer endå ein spontanabort. Ho kan ikkje få barn. Ho og mannen Krishnan bestemmer seg for å adoptere frå India, der Krishnan kjem i frå. Jenta dei vel er kalla Asha.

Boka strekkjer seg over 20 år, og ein får innblikk i Indias kultur, kor enn barbarisk den enn måtte vere til tider. Det nye livet til Kavita, det nye livet til Somer etter at Asha blei ein del av det. Når ho er 20 år reiser Asha til India for å finne ut kvar ho kjem i frå. Boka er vakkert skiven, på den måten at kvart einaste ord er ærlig. Enkelte hendingar er så grusomme at ein får tårer i auga. Innblikka i den indiske slummen gir sterke inntrykk, og ein må klype seg i armen for å fatte at dette skjer i den verkelege verda.

Boka er sterk, den er grusom, og den er varm. Den anbefalast av heile mitt hjarte.

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2013

Sitat

«Naken i hijab» av Gunn Marit Nisja

Naken i hijab

Wow. Herrefred, wow. Eg satt med hjartet i halsen og heldt pusten medan eg las denne romanen. En perfekt page-turner! Eg klarte ikkje legge den i frå meg eit sekund, heile greia forsvant iløpet av ein dag.

I boka møter vi Live, som er reist på ferietur med venninna si til ein liten by i Egypt. Der møter dei Kareem, og Live forelsker seg hodestups i denne kjekke egypteren med svarte krøller. Ho held kontakta med han etter at ho er komen tilbake til Noreg, og ender opp med å reise på besøk til han. Før det har gått mange dagar, er dei gift. Live er lukkeleg, lærer seg arabisk og blir kjend med familien hans. Ho vert gravid, og dei skal flytte til Noreg før fødselen. Men så går det gale. Kareem vil ikkje reise, han vert valdeleg, ho blir tvungen til å gå i hijab og halde seg innandørs. For å redde seg sjølv om barnet som skal kome, skjøner ho at ho må rømme landet.

Historia er dramatisk, vakker, skremande og tankevekkande. Den skildrer eit vakkert Egypt, og eit stygt. Flotte tradisjonar i islam, og grusomheten i haldningar. Dette er ei av dei bøkene alle bør lese i løpet av sitt liv.

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2011

Fleire bøker av Gunn Marit Nisja finn du HER.

Sitat

«Olivensteinen» av Gunn Marit Nisja

Enno ein gong har Gunn Marit Nisja skrive ein nydeleg roman om kvinnesynet i Egypt. Den er ikkje like fantastisk som Naken i hijab, men så trur eg det er lite som kan slå den, da.

Denne boka handler hovudsakleg om Hoda, ei 18 år gamal jente som veks opp med familien sin utanfor Kairo, i Giza. Hoda er gifteklar, og blir brått vekt frå ein fri barndom. I tillegg dukker Sabrin og Mahrousa opp i huset, og norske Sigrid. Hoda vert dratt mellom det egyptiske samfunnet, Sigrid sin norske moral og dei moderne egyptiske jentene.

Det er ei veldig flott bok, men den burde vore delt opp i ein trilogi. Ikkje at den er for lang, den er derimot for kort. Det er altfor mange fantastiske kvinnehistorier som vert fortalt (Sabrin, Hodas mor, Hodas grandtante osv), og dei burde få sine eigne bøker for å kome til sin rett. Det er jo litt for seint å endre på no, menmen. Next time!

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2014

Fleire bøker av Gunn Marit Nisja finn du HER.

Sitat

«Brevet til Stella» av Iona Grey

Brevet til Stella

I skrivande stund har eg tårer i auga. Ikkje berre i auga, men det renn nedover ansiktet mitt. Herregud, så trist og lykkeleg og fantastisk hjerteskjerande. Det finst gode bøker som ein gler seg til å lese i, som er gode og interessante. Og så finst det bøker ein ikkje kan leggje frå seg om ein hadde ynskt. Denne boka høyrer til den siste kategorien.

Boka handler om Jess, ei ung jente som rømmer frå ein valdeleg kjærast og tek seg inn i eit forlatt hus. Der finn ho brev frå Dan Rosinski, til ei kvinne som heiter Stella. Dei var kjæraster under andre verdskrig. Ho finn og eit nytt brev frå Dan, der han fortel at han er døyande. Og Jess bestemmer seg for at ho må finne Stella før det er for seint.

Boka er så perfekt. Eg lo og gråt, og eg smilte i massevis. Humoren og optimismen er gjennomgåande i heile boka, og han smittar. Eg har vel kanskje sendt eit par for lange, klissete meldingar til min eigen kjærast i løpet av dei timane (!) det tok meg å lese ut denne boka. For som sagt: eg kunne ikkje ha lagt den frå meg om eg hadde ynskt.

Forlag: Apropos
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Jordmoren i haremet» av Roberta Rich

Jordmoren i haremet

Denne boka er oppfølgjaren til Jordmoren frå Venezia, og no sit eg her ynskjer meg ein oppfølgjer til! Romanen er full av gode skildringar, med massevis av historiske hendingar frå det osmanske riket.

Vi følgjer Hannah Levi til hennar nye bustad i Konstantinopel, der ho er jordmor for sultanens kone og haremsjenter (odalisker). Så møter Hannah den jødiske slavejenta Leah, som berre har lyst vekk. Hannah veit at det kan koste livet å forsøke å hjelpe. Men korleis kan ho seie nei? Som om det ikkje var eit plott godt nok i seg sjølv, dukker også Isaacs svigerinne opp, Grazia, for å kreve tilbake eit lån. Dersom ho ikkje får pengane att, seier lova at ho og Isaac er gift i følgje jødisk lov. Hannah får panikk. Sjølv om Hannah rett nok ikkje har klart å bære fram eit barn, vil vel ikkje Isaac godta å ha to koner? Eller vil han??

Språket er nydeleg, med masse historiske fakta, og ei truverdig miljøskildring. Vi blir dratt inn i ei like eventyrleg historie som forrige gong, og denne er minst like fornøyeleg!

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2014

Fleire bøker av Roberta Rich finn du HER.

Sitat

«Evighetens Roma» av Domenica de Rosa

Evighetens Roma

Denne boka er ei fin lita greie. Den handlar om Gaby som får sitt første barn. Ho er i lykkerus, heilt til ho får vite at faren døydde same dag. Gaby vert knust, for ho har alltid vore veldig nær faren. Heile familien reiser fra England til Italia, landet der faren var i frå, for å spre askene hans (på litt ulovlig vis). Kvar og ein av søstrene til Gaby har ei meining om kvar dei trur faren ville ha askene sine spreidde hen.

Vi reiser på ein nydeleg tur igjennom Roma, både det turistane kjenner, og Roma for dei innfødde. Det vert dramatikk i familien på mange ulike nivå. Boka er ei nydeleg historie om familie, kjærleik og sakn. Og eg er allereie igang med neste bok av Domenica de Rosa!

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av Domenica de Rosa finn du HER.

Sitat

«Ran og rullator» av Catharina Ingelman-Sundberg

Boka er eit leseeksemplar frå Boklageret

Ran og rullator

Eg likte den første boka i serien om Pensjonistligaen. Og denne, den er betre! Humor tatt til eit nytt nivå. Pensjonistane er klare med neste kupp, og kjøper seg eit gammalt herskapshus utanfor Stockholm. Og så viser det seg at deira nærmaste naboar er medlem av ein skummel MC-gjeng. Men kven er eigentleg dei kriminelle mastermindane av motorsykkelbøllene og eit sett med gamle pensjonistar?

Igjen klarer dei å rote seg opp i litt av klart, og med alderen er jo denne forvirringa. I tillegg blir det litt romanse og krangel innad i gjengen, og ein vert endå meir stressa. For no kan det verke som om dei er ille ute, desse elskelige gamle kriminelle. Men ja, herregud. Svensk humor er aces. Så igjen anbefaler eg å lese bøker om pensjonerte svenskar ute på tur for å lage sprell!

Forlag: Silke
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Catharina Ingelman-Sundberg finn du HER.

Sitat

«Søndager med The Supremes» av Edward Kelsey Moore

Boka er eit leseeksemplar frå Boklageret

Supremes

Ein fryd å lese! Åh, så mange fine ord eg kan finne til å skildre denne boka. Etter første kapittel var eg hekta, og eg har kosa meg så vanvittig mykje med å lese denne flotte boka. Eg gråt og lo, og eg vart ekstremt glad i karakterane i boka, og eg skulle ynskje den aldri tok slutt.

Boka handler om The Supremes; Barbara Jean, Odette og Clarice som er middeladrande, svarte kvinner i Indiana, USA. Dei har vore bestevenninner sidan 60-talet, og kvar søndag et dei på Earl’s All-You-Can-Eat etter kyrkjetid. Vi følgjer kvinnene gjennom kreft, tap av born og ektemann, utroskap og vennskap (og eit heilt sjukt vilt bryllaup!).

Boka har humor, den har varme. Vi snakkar mødre som røyker hasj, å kunne sjå daude mennesker (som den alkoholiserte Eleanor Roosevelt). Det var så mykje godt og morosamt i denne boka. Men det var og mykje sårt, som seksuelt misbruk, barnedaud og å miste den store kjærleiken. Eg gråt opptil fleire gonger.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2015

Ny norsk tittel: «Alltid på en søndag»

Sitat

«Jordmoren fra Venezia» av Roberta Rich

Jordmoren fra Venezia

Historie er alltid kjekt, spesielt i form av skjønnlitteratur. I denne boka fylgjer vi jøden Hannah Levi i 1600-talets Venezia. Ho vert vekt midt på natta av ein kristen mann som treng hjelp: kona hans har lege to døgn i barsel, og er dauden nær. Sjølv om det er ulovleg for ei jødisk jordmor som Hannah å hjelpe kristne, klarer ho ikkje å la vere. Ho treng pengane for å redde mannen sin Isaac, som er vorte teken som slave på Malta. Men så går alt gale, og Hannah må sjølv kjempe for å overleve.

Boka er fantastisk fengslande, eventyrleg og herlig! Den er full av morosame replikkar, artige karakterar og skremande hendingar. Også den historiske delen om forholdet mellom jødar og kristne er interessant. Ei fantastisk flott bok! Gler meg til å lese oppfølgjaren, Jordmoren i haremet.

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2012

Fleire bøker av Roberta Rich finn du HER.

Sitat

«Svindel og multelikør» av Catharina Ingelman-Sundberg

Svindel og multelikør

Bare coveret til denne boka er jo nok til å ville lese den! Du ser kanskje at Liv Gade har kalt den årets morsomste bok? Og gud fader, så er eg einig. Plottet i seg sjølv var berre komisk og fantastisk. Fem pensjonerte korsongarar oppdagar at sjukeheimen dei bur på driv med nedskjeringar i budsjettet, og både maten og kaffien vert dårlegare. Dette er uakseptabelt for Märtha, gjengens leiar. Dei planlegg ei flukt og eit ran. Boka er så godt skriven at ein eigentleg ikkje bryr seg om dei får det til eller ikkje, dét er god underhaldning. Dessutan veit vi jo at gamle menneske på 80 år ofte er litt glømske, og desse fem er ingen unntak.

Eg kosa meg så ekstremt med denne boka. Det er så rett på sak, så frekt! At eg verkeleg har fått ei greie for alle dei svenske bøkene om eksentriske pensjonistar, kan ein godt seie! Om den er verdt å lese? Absolutt!

Forlag: Silke
Utgivelsesår: 2014

Fleire bøker av Catharina Ingelman-Sundberg finn du HER.

Sitat

«De fem fyrstikkene» av Hans Olav Lahlum

Dette er ikkje éin roman, det er tre kortromaner, eller langnoveller, om du vil. Patricia dukkar ikkje eigentleg opp, for det meste via telefon. Men det hindrar ikkje drama mellom K2, Miriam og Patricia.

Sjølv om boka ikkje er den typiske kriminalromanen som Lahlum skriv, er novellene like spanande kvar for seg som kvar av bøkene er. Sakene er kortare og mindre kompliserte enn i romanene (logisk nok), men dei er like vanskelege å gjette seg til ei løysing på. Og dei er kjempekreative! Dei er veldig Sherlock Holmes-aktige i utforminga (ikkje det at K2 er noko geni, haha), og råbra. Settingen er lagt til jul og nyttår, og gjev spenning for K2 sitt privatliv.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2012

Fleire bøker av Hans Olav Lahlum finn du HER.

Sitat

«Kameleonmenneskene» av Hans Olav Lahlum

K2 og Patricia er tilbake! Ein ung gut med ein blodig kniv oppsøker K2 i panikk. Kniven er blitt brukt til å drepe stortingsrepresentant Per Johan Fredriksen. K2 (som er litt luftig i toppen) klarer ikkje løyse saka på eiga hand, og kontakter Patricia. Patricia karakteriserer Fredriksen som eit kameleonmenneske – han framstår som svært ulik i forskjellige miljøer, og dei finn ut at han har ei dramatisk fortid.

I denne kriminalromanen blir det drama, EEC-kamp, spionasje, og som alltid – klarer du å resonnere deg fram til løysinga?

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av Hans Olav Lahlum finn du HER.

Sitat

«Oscar og den rosa damen» av Eric-Emmanuel Schmitt

Forfattaren var usikker på om han skulle skrive denne bittelille boka i årevis før han faktisk skreiv henne. Den handlar jo om dødssjuke born, generelt eit tabu. Men boka er ikkje så veldig trist, ikkje eigentleg. Schmitt klarer å gjere boka varm og morosam, sett frå det naive og betrevitande perspektivet til ein tiårig gutt.

Vi følgjer kreftsjuke Oscar dei siste ti dagane av hans liv, der han saman med besøksvennen Marie-Rose (Rose-bestemor) lev som om kvar dag var ti år. Han opplev barndommen, ungdommen, vaksenlivet og alderdommen. Kvar kveld skriv han eit brev til Gud (som han ikkje heilt trur på), før han til slutt døyr.

Det er ikkje så mange slike bøker ute og går. Ei bok om leukemi som får deg til å smile medan du les? Når hovudpersonen, ein tiårig gut, døyr?? Det høyrast hjerterått og useriøst ut, men Schmitt har klart det. Ei flott lita bok.

Forlag: Pantagruel
Utgivelsesår: 2004

Fleire bøker av Eric-Emmanuel Schmitt finn du HER.

Sitat

«Saras nøkkel» av Tatiana de Rosnay

Dei fleste av oss har vel kanskje sett filmatiseringa av boka med same namn, og veit kva den handler om. For dei som ikkje har det, handlar altså denne boka om den amerikanske journalisten Julia. Og parallelt med hennar historie, får vi høyre om Sara og hennar opplevingar under krigen.

Julia har budd i Paris i 25 år, er gift med ein franskmann, og saman har dei dottera Zoë. Medan ho jobber med ein artikkel, oppdager ho ein fæl og ofte ignorert del av fransk historie, Vel d’Hiv. I juli 1942 arresterte det franske politiet mange tusen jødar (mykje på eige initiativ) og sendte dei vekk til konsentrasjonsleirar, medan det franske folk berre sto og såg på. (Og dette er faktisk sant.) Ho finn ut at leiligheta til ektemannens familie tilhørte ein slik familie som blei arrestert, og set i gang med å finne ut kven desse menneska var, og oppdager at ingen veit kva som skjedde med Sara, dottera i den jødiske familien.

No er det lenge sidan eg har sett filmen, men eg huska likevel nok til å ha eit godt grep om historia før eg starta på boka. Altså, boka var god, den, og eg skal ikkje påstå at det var bortkasta tid, men: boka kjem ikkje til å setje nokon varige spor hos meg, for det har allereie filmen gjort. Er det berre eg som blir vanvittig rørt og prega av nesten alle historier knytt til andre verdskrig?? Dersom du ikkje har sett filmen, les boka! Har du sett filmen, har du eigentleg fått med deg det meste. De Rosnay skriv såpass nøkternt og rett fram at du ikkje vil ha gått glipp av mykje indre liv.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2008

Fleire bøker av Tatiana de Rosnay finn du HER.

Sitat

«Boktyven» av Markus Zusak

Dette er FAVORITTBOKA MI. Above all else. De ser jo kor gjennomlest og godt slitt pocketboka mi er på utsida.

Boka handler om tyske Liesel under andre verdskrig. Ho og veslebroren er på veg til Molching, for å bu hos eit ektepar. Men veslebroren overlever ikkje turen, og må gravleggjast undervegs. Under gravferda ser Liesel ei handbok for gravarar, og stikk henne i lomma – sjølv om ho ikkje kan lese. Når ho kjem fram, vert ho god venn med fosterfar sin, Hans. Saman med Hans finn Liesel den store litteraturverda. Livet til Liesl verkar ganske ordinært, heilt til Max dukkar opp i det. Max er jøde.

Boka er heilt unik. Den er skriven så vanvittig godt, er så original (og det er godt gjort med tanke på alle romanane andre verdskrig har inspirert). Mange av scenene er ekte historier Zusaks bestefar opplevde under krigen sjølv, noko som jo er både fint og samstundes grusomt å tenkje på. Den er lettlest og utruleg spennande, så eg vil anbefale denne boka til absolutt ALLE. (Og om du ikkje likar den, vil eg ikkje vere venn med deg.)

Forlag: Cappelen Damm
Utgiveslesår: 2006

Sitat

«Bringebærpiken» av Karen Swan

Bringebærpiken

Eg begynte å lese denne boka med forventingar om ei skikkelig klissete, søtsuppe-bok. Boka skuffa på det punktet. Heldigvis. Den var SÅ mykje meir enn ei kjærleikshistorie. Den var varm, morosam, herlig. Ei feelgoodbok ein ikkje har lyst å legge i frå seg. Stor takk til tante Marit som gav den til meg!

Boka handlar om Cassie. Det første som skjer i boka er at Cassie, medan ho feirer sin tiårsbryllupsdag, oppdager at mannen har vore utro. Med hennar beste venninne. Oooog i tillegg er far til denne venninnas barn. Eit slag i trynet. Bestevenninne hennar frå skulen overtaler henne til å bu fire månader med kvar av dei, for å hjelpe henne gjennom bruddet. Ho bur i New York med Kelly, hos Anouk i Paris og hos Suzy i London. I løpet av året som går forelsker ho seg, kranglar med vennane, folk blir gravide, folk skal gifte seg – vi får eit lite liv på ein gong. Boka er skikkelig catchy, sjølv om slutten blir ganske openbar. Men, vi vil jo eigentleg at det skal ende godt uansett, gjer vi ikkje?

Forlag: Apropos forlag
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«Hvor ble du av, Bernadette» av Maria Semple

Bernadette

Fin, fin, fiiiin bok. Den tar for seg så ekstremt mykje som går på det å ikkje passe inn, vere litt sær og utestengt – men som vaksen. Boka er fortalt av dottera til Bernadette, Bee, og boka er ikkje skrive som ei vanleg bok. Boka du held i henda er satt saman av Bee, og er ein god miks av epostar, dagboksnuttar, artiklar, blogginnlegg og handskrivne lappar frå mange ulike menneske. Gjennom desse får vi ta del i livet og meiningane til ulike menneske. Bernadette er eit artitekturisk geni og slit med diverse psykiske problem, Bee er eit geni, og faren jobbar for Microsoft, og hyperintelligent. Han er og ein dust.

Det vert planlagt ein intervention for Bernadette, men ho forsvinn på mystisk vis. Ingen veit kvar ho er blitt av. Eigentleg kan eg ikkje fortelle så mykje meir utan å spoile heile boka, men den er knallgod. Lettlest, enkelt å ta pauser og lese i små doser, morsom som få, og karakterane kjem mykje betre fram enn ein skulle tru. Enkelt og greit ei kjempebra bok.

Forlag: Bastion forlag
Utgivelsesår: 2014