Sitat

«Huset på stranden» av Sarah Jio

Huset på stranden

Sarah Jio er for lengst blitt ein av favorittforfattarane mine! Herregud, så flotte historier denne dama skriv. Denne boka er ikkje noko unntak.

Boka handler om Anne. Anne sitt liv har vore tilrettelagt og enkelt så lenge ho kan hugse, og når bestevenninna bestemmer seg for å reise som frivilleg sjukepleier til Bora-Bora under andre verdskrig, kaster Anne seg med. Det viser seg å bli hennar livseventyr. Og kjenselene for forloveden heime forsvinn raskt når ho møter Westry Green. Men idyllen ho opplever på øya mørkner raskare enn ho forventa.

Historia kjendest utruleg realistisk, og eg satt med gråten i halsen på slutten. Det er umogleg å ikkje bli sjarmert av Jio sine bøker, spesielt når ho stapper dei fulle av tropiske omgivelser og rørande krigshistorier. Boka handler om vennskap, tilgjeving, verdien av minner og ikkje minst – å følgje hjartet sitt.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av Sarah Jio finn du HER.

Sitat

«Lykke til!» av Tegnehanne & Jostein Larsen

Boka er sponsa av Kagge forlag

Lykke til

Dette er ei bok til ungdommen skriven av Hanne Sigbjørnsen (mest kjend som Tegnehanne) og Jostein Larsen (Hanne sin sambuar). Altså, ALLE har vel fått med seg kven Tegnehanne er på dette tidspunktet, og om du ikkje har det er det på tide.

I denne boka finn du «52 ting du dessverre må gjennom før du blir voksen», alle med litt tekst og ein god del tegneseriestriper. Og kva kan eg seie? Det er ganske så spot on. Det er muleg å kjenne seg igjen i omtrent alt, og du sitt att med ei god kjensle. Teksten (og særleg stripene) er ekstremt morsomt, litt kleint, litt trøstande og litt deprimerande. Men slik er det, slik er livet. Streken (fancy ord for tegnestil) er litt annleis enn dei vanlege tegneseriane til Hanne, men humoren er akkurat den same. Om ikkje drøyare!

Denne boka er seriøst den perfekte gåva, anten til deg sjølv eller andre. Både for tenåringar og «unge vaksne» som treng å forberede seg på den verkelege verda, og for «eldre vaksne» som kan le og prise seg lykkelege over å vere ferdige med det. Eg fell jo inn i den første kategorien, og det kjennest ut som om eg nettopp har fått en god klem.

Forlag: Kagge
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Ikke min familie» av C.L. Taylor

Boka er sponsa av Panta forlag

Ikke min familie

På tampen av fjoråret las eg Løgnen av denne forfattaren, og no er den andre boka her. Eg absolutt elska Løgnen, så eg må innrømme at eg blei skuffa. Ikkje det at boka er dårleg, for dei 450 sidene gjekk ned på fem og ein halv time, i strekk. Men like bra som den første boka var den ikkje.

Familien Wilkinson lev vidare etter at yngstemann Billy på femten forsvann for eit halvt år sidan. Mora Claire (som og er eg-personen) har ikkje gitt opp håpet, og arrangerer pressekonferanser og deler ut brosjyrer, til trass for at resten av familien heldt på å rakne. Ekteskapet hennar er kjølig, eldste sonen drikk og svigerdottera som bur med dei slit og tydeleg på grunn av kjærasten (som er han som drikk). Så ein dag finn Claire seg sjølv på eit hotellrom, og aner ikkje korleis ho har hamna der. Ho får rett og slett hukommelsestap av traumet ho har vore gjennom. Det vert eklare og eklare, og ei konstant kjensle av uro fyller boka. Spesielt dei innskotne chattesamtalene som dukker opp mellom handlinga, mellom Billy og ein annan.

Twisten i slutten er faktisk kjempebra! Eg forventa noko heilt anna, så eg veit ikkje om eg var letta eller sjokkert eller trist. Historia bruker ganske mange sider på å bygge seg opp, men eg trur kanskje dei trengst for å skape eit bilete av karakterane og forholda dei har til kvarandre. Det er ein thriller, men ikkje så voldsomt skummelt. Passer heilt fint om du er «ei sart sjel».

Forlag: Panta
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av C.L. Taylor finn du HER.

Sitat

«Et hundeliv» av Arne Svingen

Boka er sponsa av Gyldendal Norsk Forlag

Et hundeliv

Dette er vel eigentleg ei barnebok, men den kan lesast av absolutt alle aldrar. Det er ikkje bilete i den, så det er ei «vanleg» bok. Eller vanleg og vanleg, fru Blom. Boka er unormalt morosam, og veldig unik!

Synsvinkelen tilhøyrer ein hund. Hunden Basse (eller som han har kalt seg sjølv, Reginald Birger El Nachos Bigdog IV), som tilhøyrer Narko-Kjell. Basse lev det han sjølv kaller eit hundeliv, for han må heile tida bite folk og bur i ei rotete leilighet. Narko-Kjell eigde Basse før han vart Narko-Kjell og berre var Kjell (sjølv om Basse ikkje er einig i dette med at nokon eig han). Han ser på seg sjølv meir som ein ven som Narko-Kjell desperat treng. Dette vert bevist når Narko-Kjells halvbror Gusto dukker opp (mora kalte han opp etter si favorittkaffimaskin), og treng Kjell som verge medan mora er på sjukehuset. Og det kan forandre litt av kvart.

Boka er som sagt morsom, og ei ganske god barnebok. Uten å skulle virke belærande, viser den litt av korleis narkomane kan ha det, og kor vanskeleg rusmisbruk kan vere å leve med – og at det kan vere like vanskeleg å bli kvitt uvanen. Basse sine kommentarar er veldig on point, anten dei er kritiske eller vennlege. Resultatet er i alle fall ei knallbra bok!

Forlag: Gyldendal
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Thirteen Reasons Why» av Jay Asher

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Thirteen reasons why

Dersom dette omslaget ser ukjent ut for deg, er det sikkert fordi eg har originalomslaget, medan den nye utgåva har eit ganske anna omslag (svart, med ein gut med høyretelefonar på). For dei skal lage ein Netflix Original av boka, og gud forby om det ikkje skal finnast ein filmpocket (eg likar ikkje filmpocketar). Men ja, innhaldet og tittelen er no det same, så få tak i boka vil ikkje bli eit problem.

Ein dag etter skulen oppdager Clay Jensen ein pakke på døra si. Inne i pakken ligg det fleire kassetter (for den yngre garde: før cd-ar hadde vi slike små mini-vhs-ar med kun lyd på). Hannah Baker snakker på desse kassettene – jenta som tok livet sitt for nokre veker sidan. Ho forklarer at dersom du har fått desse kassettene er du ein av grunnane til at ho drap seg sjølv. Clay vert ganske satt ut, for han kan ikkje hugse å ha gjort Hannah noko. Han var jo faktisk forelska i ho?! Resten av natta bruker Clay på å høyre om Hannahs historier om dei andre som øydela livet hennar – og historia om seg sjølv.

Eg las boka på engelsk, men den kom på nytt på norsk no i år under tittelen 13 gode grunner, på Vigmostad & Bjørke. Den var veldig lettlest på engelsk, men det er jo ganske tilfeldig kva språk eg les på. Men handlinga er lik uansett, og den er knallbra. Eg vart verkeleg riven med frå første side, og sleit med å leggje frå meg boka (eg seier det ofte, men det er alltid sant). Det er ei veldig fascinerande bok! (Og ikkje så makaber som handlinga skulle tilseie.)

Forlag: Penguin
Utgivelsesår: 2017 (2007)

Fleire bøker av Jay Asher finn du HER.

Sitat

«Mars er best» av Lea Marie Løppenthin

Boka er sponsa av Fanfare forlag

Mars er best

Gjendiktet av Amalie Kasin Lerstang.

Eg veit ikkje om det eksisterer statistikk på dette, men eg føler at ungdom les ein god del meir lyrikk og poesi no enn før. Eg opplever i alle fall på jobb at det er jentene på min alder som kjem innom og kjøper med seg diktsamlinger, ikkje dei vaksne. Og det er fint for framtida, synest eg. Poesi er viktig, det speler ei rolle. Det kan få fram kjensler og tankar prosa ikkje alltid klarer. Og ei diktsamling eg vil anbefale i år, er denne danske samlinga her, fint gjendikta av Amalie Kasin Lerstang (ho er forfattar hos Cappelen Damm).

Dette er eit knippe dikt, satt i vår tid og i vårt samfunn. Alle saman uttrykker ei slags ro, ei kjensle av at «det går nok greit, slik er det», samstundes som det rettast eit skarpt blikk mot korleis vi er som menneske. Gjennom dikta dukkar nokre av dei same metaforane opp fleire gonger, og skaper ei heilhet i samlinga. Språket er muntleg, ungdommeleg og fullt av ord og uttrykk eg fajtisk ville brukt sjølv. Her er mange kulturelle og ikkje minst litterære referansar til andre verk, verk det lyriske eg-et lar seg inspirere av. Det er veldig fine dikt, veldig såre. Ærleg er eit anna ord eg kan bruke for dei. Dei framstår som veldig ekte, som om dei kjem rett frå hjartet. Og det gjer vel god poesi?

Favorittstrofen min frå diktet oss, som ein smakebit:

og til dere jeg elsker vil jeg nå gjerne si
at når jeg ler så ofte
så er det ikke fordi jeg synes dere er latterlige
i hvert fall ikke latterligere enn jeg selv er
latteren
det er bare smilets måte å bli til lyd på
det er bare smilets måte å bli til lyd på

Fint, hæ? Midt inne i diktsamlinga er det og ei lita kjærleiksnovelle. Og eg kan berre seie det med ein gong, skriv ei bok, Løppenthin! Det er så himla fint. Og om du er usikker på om denne samlinga er noko for deg, så kan du jo tenke at om du likte Milk and honey av Rupi Kaur eller Klokken og sengen av Eline Lund Fjæren, så vil du sikkert like denne vesle diktsamlinga her.

Forlag: Fanfare
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Jordfast» av Graham Norton

Boka er sponsa av Juritzen forlag

Jordfast

Okei, så no har Graham Norton (ja, han talkshowfyren med skjegget og verdens beste latter) kome med si første skjønnlitterære bok. Og eg simpelthen digga den. Sjå for deg ei krysning av den sesongen i Frustrerte fruer der fruene drep en fyr og Med hjartet på rette staden, i sped biiiiittelitt Karin Brunk Holmqvist. Og så skal den visst likne litt på bøkene typ En mann ved navn Ove, men den har eg ikkje fått lest enno, så det kan eg eigentleg ikkje garantere.

Handlinga foregår i den vesle irske byen Duneen, der alt er ganske kjedeleg og stille. PJ Collins er politimann, og ein ganske så overvektig og sjenert type. Det er lite kriminelt i bygda, så han bruker mykje av tida si på å ete. Men så, under eit byggeprosjekt, dukkar det opp eit sett med knoklar av ein ung mann. Heile bygda tenker på Tommy Burke, som alle trur reiste til England, men ingen har høyrd frå han. PJ gjer sitt beste for å løyse saka med hjelp i frå ein betjent i Cork, men det er for mange spørsmål som treng svar. Fleire i bygda var forelska i Tommy, som ikkje akkurat var nokon engel. Og så er det så klart nokon som veit mykje meir enn dei er villege til å fortelje.

Det er ganske spennande, men hovedtema i boka er ikkje krimsaka, føler eg. Det handlar meir om hemmelegheiter på små stader, sjalusi, naboskap og offer. Vi følgjer fleire av bygdas innbyggjarar, som alle har sitt. Det gjer boka varm og truverdig, og boka er ypperleg for dei som foretrekk meir «kosete krim» enn andre.

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Caraval» av Stephanie Garber

Boka er sponsa av Aschehoug forlag

Caraval

Eg har nettopp lest den nye store it-boka. I alle fall spår eg det (og ikkje berre fordi den blå stjerna på omslaget glitrar). Det er ei magisk bok, på fleire måtar. Ikkje berre er den skriven så rasande bra at sidene flyr, men det er faktisk ein god del magi med i boka. Så ikkje tru på alt du les…

Boka handlar om søstrene Scarlett og Donatella («Tella»), som bur på øya Trisda. Vi befinn oss i ein fantasiverden, men vi kan like gjerne innrømme med ein gong at dette er tilnærma Spania under sein middelalder. Faren deira er ein grusom tyrann som elsker å plage døtrene sine, og dei vil desperat vekk. I fleire år har Scarlett skrive brev til Legenden, for å bli invitert til å delta på det fantastiske Caraval-spillet han arrangerer kvart år. No har ho gitt opp, og har ein ny plan for å redde seg sjølv og Tella: ho skal gifte seg med ein greve. Dette synest Tella er ein elendig idé, så når Scarlett ein dag får tre billetter i posten, kidnapper ho søstera ved hjelp av sjømannen Julian. Når Scarlett kjem til øya der spelet foregår, oppdager ho raskt at det verkar mykje meir ekte enn ho hadde forventa. For søstera er borte, og ho sit att med ein frekk og innpåsliten sjømann som bruker henne for å få delta i spelet. Og til trass for alle advarslene om at det berre er eit spill, synest Scarlett at kjærleiken, smerten og magien verkar ekte nok.

Okei, eg lover: Du vil la deg sjølv bli dratt inn i denne boka. Den er så vanvittig fengande og lettlest og herleg og magisk og ja, eg veit ikkje kva. Dersom eg må seie noko som helst negativt om boka, er det at historia kan minne om Hunger Games, og ikkje verke så original. Vel, det er inntrykket før du faktisk les boka. For den er supersmart komponert, kreativ og vil utfordre deg og det du trur på. Du vil bli fortvila og du vil juble, for så å bli knust. Garber har laga ein skikkeleg labyrint av ei historie, som du føler aldri lar deg løse gåta og vinne spillet. Og så insinuerer epilogen om at det kjem ei bok til, for historia verkar ikkje på langt nær ferdig.

Og som om dét ikkje var nok!! Boka er allerede planlagt filmatisert av Twentieth Century Fox, så det er berre å lene seg godt tilbake i stolen og smile. Og lese, så klart.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Stephanie Garber finn du HER.

Sitat

«Kunsten å være normal» av Lisa Williamson

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Kunsten å være normal

Denne boka MÅ du lese. Det er ein ungdomsroman, men den bør verkeleg lesast av alle vaksne. Dersom nokon har lest I en og samme person av John Irving, så kan du sjå på denne boka som ein light versjon av den. Den er opplysende, personleg og viktig.

Boka handlar om David. David vil vere jente, eller David er jente. Berre at han er biologisk gut. Han held på å gå inn i ein vekstspurt og veit at han snart må seie det til foreldra; det er kun dei to bestevennane som veit det. Når skulen startar etter sommarferien er det ein ny gut på Eden Park, nemleg Leo. Leo vil helst vere for seg sjølv, vere usynleg og berre bli ferdig med skulen. Men både Alicia Baker og David og hans venner har bestemt seg for å bli venn med Leo. Leo viker unna, heilt til han i eit raserianfall slår ned David si bølle. Leo forbanner seg sjølv for å gitt seg sjølv så mykje merksemd, for han har ein hemmelegheit som han ikkje vil dele med nokon. Noko som kan bli problematisk når han forelsker seg i Alicia.

Det er altså to parallelle historier (eller, dei er jo vikla nøye inn i kvarandre), fortalt av to unge gutar med mykje på hjartet. Dei er veldig ulike, kjem frå ulike heimar og er flinke til heilt ulike ting. Det som er så utrulig bra med denne boka er at den ikkje prøvar å normalisere transkjønn, for det er berre gitt at det er heilt normalt; sjølv om det er vanskeleg for folk rundt dei å akseptere til tider.

Boka prøver heller ikkje å overforklare temaet og proppe lesaren full i informasjon. Det er rett og slett ei vellykka bok. Og så trur eg det er ei bok vi treng i samfunnet. For éin ting er kva vi kan lære av sakprosa og dokumentarar, eg trur skjønnlitteraturen alltid vil spele ein viktig rolle i å få folk til å forstå denne typen tema.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Lisa Williamson finn du HER.

Sitat

«Brev til Victoria» av Marcelo Puglia

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Brev til Victoria

Spenn deg fast og gjer deg klar for ei emosjonell berg-og-dalbane. Fy søren for ei fantastisk bok (og eg kjem heller ikkje over kor VAKKERT omslaget er). Denne boka tar opp så viktige, men eigentleg ingen nye tema. Det er ei ganske tidlaus bok; om forholdet mellom menneske; om kjærleik til livet; om å bruke tida på det som betyr mest; om å klamre seg fast. Forfattaren har sjølv uttalt at denne boka ikkje handlar om liv eller død, men tid. Bruk den rett.

Mauricio har nettopp fått sparken, saman med halvparten av bedrifta. Med eit halvt års sjukeforsikring igjen via jobben, går han for sin årlege sjekk. Og til sitt store sjokk får han vite at han har ein hjernesvulst og seks månader igjen å leve. Mauricio vert knust; han har ei lita jenta på ein månad og ein vakker samboer. Han bestemmer seg raskt for å skrive brev til Victoria (dottera) som ho skal få når ho vert eldre. I løpet av det halve året vi følgjer Mauricio og hans nærmaste, opplever dei mykje. Boka er eigentleg berre ein lang veg med eit vanvittig antall twists and turns, og ein særs kreativ slutt.

Dersom du ikkje liker denne boka, gråter ein skvett eller blir rørt, må du ha eit hjarte av stein. Eg føler liksom at den passer for alle. Måten den knyt saman fleire historier på, forteljarmåten som vekslar mellom brev, personlege synspunkt og ein meir all-vitande forteljar.

Om du treng eksempel til andre verk for å skjøne om dette er noko for deg, kan du tenkje litt Paulo Coehlo, berre meir jordnært og moderne. Eller Breaking Bad, det er eit par parallellar her og (dødssjuk, korleis tene pengar raskt så familien har noko å leve av når eg døyr, nyfødt baby in the mix), berre mindre valdeleg. Eller Et helt halvt år, berre frå eit anna synspunkt. Konklusjonen min er i alle fall at det er ei veldig allsidig bok som vil passe for dei fleste.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Milk and Honey» av Rupi Kaur

Milk and honey

Er det lov å seie at ein sluker ei diktsamling?? Eg veit at dikt skal nytast og alt det der, men denne diktsamlinga er skapt for å slukast. Inndelt kronologisk i the hurting, the loving, the breaking og the healing, er det nesten som å lese ein veldig poetisk roman. Perspektivet er ei ung jentes forhold til ein gut, og det er jo vanskeleg å la vere å tenkje på diktsamlinga som sjølvbiografisk.

Dikta handlar som sagt om kjærleik, om eit brot og å kome over det. Det er varme, sex, sakn, sorg og glede. Dikta er sensuelle, med mykje seksuelle skildringar (utan at det vert vulgært). Det er vondt, nesten fysisk ubehageleg å lese enkelte delar. Det provoserar, det får deg til å føle – det er ekte kunst. Men ja, i tillegg til alt det såre og vakre rundt kjærleiken og det som kjem etter den, er feminismen som skin igjennom. Dikta har eit håp i seg, eit ynskje om likskap mellom kvinner. Dei handler blant anna om å vere den du er, gjere det du vil og sørge for å ha det bra. I dikta ligg det ein beskjed om å ta vare på seg sjølv, og skilje behova sine frå einannan. Ein kan ville ha menneske som øydelegg deg, men det er langt i frå det same som å trenge dei.

Det er rett og slett vakker poesi. Diktaren sjølv er ung, og boka passer perfekt for unge menneske. Det er lettlest, ærleg og gjennkjenneleg. Og eg kan love deg, at denne diktsamlinga vil passe for deg som kanskje ikkje trur du likar dikt. Åja, og så er den kun utgitt på engelsk. Så langt.

Forlag: Andrews McMeel Publishing
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Rupi Kaur finn du HER.

Sitat

«Tinderella» av Heidi Nathalie Hovland

Boka er sponsa av Juritzen forlag

Tinderella

Eg har litt vondt inne i meg. Sorry not sorry, men dette er ikkje særleg bra. Boka skal liksom passe for dei som likar SKAM, men eg ser absolutt ingen likskapar mellom serien og boka, på noko nivå. For å ikkje snakke om karakteren Sofie! Ho er nitten, men oppførselen er meir som tretten. Intelligensen og normal folkeskikk er kanskje lågare. Det står bakpå at Sofie er sjølvutleverande og ironisk. I call bullshit. Sofie framstår berre som smådum, barnsleg (ho snakkar seriøst berre dritt om foreldra sine, som ikkje eigentleg gjer noko gale) og overflatisk. Det vert ikkje oppfatta som sarkasme eller satire frå mi side, berre kleint.

Sjølve boka handler berre om alle dei forskjellige gutane som Sofie møter, som alle er dumme, kjedelege, sjølvopptatte, overflatiske, frekke eller stygge. Vel, shocker, Sofie er ikkje noko catch sjølv. Ho er ferdig på vidaregåande, jobbar på kafé og bur fortsatt heime, noko ho surmular over konstant. Ho leiter berre etter kjekke, rike, vestkantgutar, men ingen er bra nok når det kjem til stykket (til trass for kor smålubben, lite pen, lat og kjedeleg Sofie sjølv veit ho er). Ho sveipar og sveipar. Ho vil så gjerne ha kjæreste, men ingen er bra nok. Ho klager over alle som dumpar ho etter ein date, men gjer akkurat det same sjølv. Forfattaren har jo uttalt at mykje er basert på eigne erfaringar, og dersom det stemmer synest eg eigentleg litt synd på ho.

UNNSKYLD for at eg verkar så sur og negativ. Eg prøver alltid å vere positiv når eg omtaler bøker, for vanlegvis vil bøker passe for ein eller annan. Eg ser derimot ikkje heilt kven som vil like denne boka. Vaksne kjem nok til å tenke det same som meg (auch, er eg så gamal allereie??), unge vil nok oppfatte det som ganske merkeleg opplegg. Eller, opplegget og ideen er ikkje så dum, utførelsen er berre mislukka. Språket er dårleg (show, don’t tell gjekk forfattar og redaktør hus forbi), det skjer ikkje så mykje som ikkje involverer alkohol og sex av typen why not? Uff, nei, det funker ikkje. Eg føler eg burde vere ung og kul og like denne boka (eg er yngre enn forfattaren), men det gjer eg dessverre ikkje.

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Vann til elefantene» av Sara Gruen

Vann til elefantene

Korleis skal eg begynne å beskrive denne herlige romanen?? Det som er så herlig med denne boka er at nesten alt i ho er sant. Ikkje heile historia, den er fiksjon, men alle delane av henne. Nesten alt som skjer i boka, til dømes av dyra stikk av og ein løve blir funnen under ein oppvaskbenk med ein oppvaskar, er ting som faktisk har skjedd. Og det er ganske kult.

Romanen følgjer nesten-veterinæren Jacob Jankowski si reise med Benzini-brødrenes sirkus (ikkje det at Benzini-brødrene er der, då). Han hoppar på eit tilfeldig tog i fart etter å ha mista foreldra, heimen og droppa avsluttande eksamen. Dette toget viser seg å vere eit sirkustog, og dei treng tilfeldigvis litt hjelp med ein sjuk hest. Og før Jacob veit ordet av det, er han dyrlege for sjiraffar, løvar, kamelar og til slutt elefanten Rosie. På denne reisa oppdager Jacob kor egoistiske enkelte menneske han vere, og kor sjølvoppofrande andre er. Han finn kjærleiken, og knytter vennskap. Og utan å meine det, skapar han mykje drama.

Den rommar liksom det meste; vennskap, forelskelse, nye opplevingar, drama, hat, psykiske lidingar, grusomme menneske og attpåtil eit sirkus! Du føler at du er i ei blanding av Dagboken og Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant, og om ikkje det høyrest interessant ut, så veit ikkje eg! Og no skal eg endeleg få sett filmatiseringa. (For eg er så klart ein sånn ein som skal lese boka først.)

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2008

Sitat

«Naboparet» av Shari Lapena

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Naboparet

WOW, HOLY SHIT. Okei, ikkje les denne boka om du er interessert i nattesøvn, for det vil det bli lite av. Om du derimot vil få hjerna di vridd rundt, bli sjokkert og henge på stolkanten til siste side, er dette boka du bør lese. Den er latterleg spennande.

Anne og Marco Conti er i eit middagsselskap i nabohuset. Barnevakta meldte avbud, så den seks månader gamle babyen ligg heime og søv, medan dei har på babycallen og sjekkar innom kvar halvtime. Alt ser ut til å gå greit, babyen har det fint. Heilt til dei kjem heim i halv to-tida og oppdager at babyen er borte. Panikken treff, politiet blir tilkalt og mistankane aukar. For kor godt kjenner du eigentleg dine nærmaste?

Denne thrilleren utforskar skuldkjensla rundt eit barns forsvinning, hemmelegheiter i eit ekteskap og andre familierelasjonar og panikken over å ikkje kunne stole på nokon – ikkje ein gong seg sjølv.

Boka er bygd opp meir som ein roman enn ei krimbok, og nye avsløringar og perspektiv dukkar opp konstant; ein ekte pageturner (eller bladvender, hehe). Det er ei pokker så bra bok, så om du likte Bak lukkede dører og Piken på toget vil du like denne òg!

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Min fars fem bad og andre fortellinger» av Per Schreiner

Min fars fem bad

Denne boka med mange fortellinger er skriven av Per Schreiner, ein av manusforfattarane bak Kampen for tilværelsen (den sjukt morosame TV-serien om livet i Ullevål Hageby). Og eg kan eigentleg seie med ein gong at dersom du likte den serien (den er jo dessverre ikkje tilgjengeleg lenger), så vil du òg like denne boka. Den er like full av mørk humor, ei perfekt blanding sannsynlege og usannsynlege hendingar og viser fram dei små, fæle delane vi har inne i oss.

Som for eksempel å la formannen i burettslaget døy fastklemt under bilen sin. Å ikkje ville bli som far sin, som fyller tomromma i livet sitt med å byggje nye bad (derav tittelen på boka). Korleis det er å døy. Og er det innafor å lyge til foreldra sine om å ha fått barn? Korleis overleve ei helg med konas motbydelige familie?

Boka er fylt med temaa og brokkane nevnt ovanfor, pluss mykje meir. Eg trur eg kan garantere at du vil le, på ein litt sånn klein og vantru måte. Men du vil like det òg. Dét trur eg i alle fall at eg kan garantere.

Forlag: Tiden
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Chicks o’hoi» av A.N.P.

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Chicks ohoi

Denne boka har jo vorte ein liten snakkis sidan den kom ut, og hoppa ganske raskt inn på bestselgerlistene for sakprosa. Når eit leseeksemplar kom inn i butikken kunne eg ikkje dy meg, mest på grunn av det utruleg kule coveret.

Eg kan seie etter berre 40 sider at dette ikkje er ei «ekte» dagbok. Altså, det kan godt hende at dette er skrive av ei jente på min eigen alder, men eg synest det er så vanvittig tydeleg at denne «dagboka» har jenta skrive for å gi den ut. Det er ikkje ei «hundre prosent usensurert dagbok» i den forstand at jenta berre har notert ned kvardagen sin og SÅ bestemt seg for å prøve å publisere den. Det er ganske misvisande, etter mi meining, å kalle det «bekjennelser» og gudveitkva. Det er ei ung jente som fortel om livet sitt, og prøver å skrive djupe (dårlege) essay, endå dårlegare skjult som dagbokinnlegg. (Eg nekter i alle fall å tru på at den er ekte.)

Eitt av spørsmåla A.N.P. stiller dagboka si er om ho har ein unormal vennegjeng eller om ein berre aldri høyrer om folk sine sjuke tankar og handlingar. Eg haller ekstremt mot det første, for desse greiene er faen ikkje normale. Uansett kor normalt seksualitet er, så er enkelte av desse greiene berre seriøst fucka. Og warning/spoiler: boka inneheld dickpics. Er det i det heile tatt lovleg??

Elles kan eg seie at det meste som står i boka er totalt ekkelt. Sitat: «Jeg vil slikke flere hårete rumpehull.» Altså, eg er heilt for at seksualitet er normalt, men litt må det gå an å halde privat. Eg veit ikkje heilt kva eg skal seie. Eg kan jo sitere ein kollega: dette er eit makkverk. Det er faktisk noko av det verste eg har lese. Både innhaldet, skrivemåten… At dette er publisert, er på grensa til flaut. Stryk det. Det ER flaut. Ikkje kast vekk tida di på denne boka, uansett kor poppis den er for tida.

Forlag: Kagge
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Veien fra Italia» av Anna Grue

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Veien fra Italia

Etter å ha lest ein del krim, litt Ibsen og eit par dokumentarar, hadde eg ein craving for ein skikkeleg kjærleiksroman, og plukka fram dette leseeksemplaret som eg fant på jobb. På omslaget står det at forfattaren kan sine saker, og at det er ei bok som flyt over av kjærleiksforviklingar. Så eg satte i gang, men følte at det var meir forviklingar enn kjærleik det var snakk om, og det skal holde hardt å påstå at dette er ein kjærleiksroman.

Vittoria, ei ung italiensk kvinne, har køyrd frå Roma til København i den vesle fiaten sin, saman med babyen sin, Massimo. Ho er på flukt, og kan aldri sjå seg tilbake. I Danmarks hovudstad flyttar ho inn på eit litt shabby hotell, der ho møter nattklubbservitrisa Conny, som er Vittorias rake motsetning. Dei danner likevel eit nært vennskap, til tross for sine ulikheiter. Når Vittoria får jobb som husbestyrerinne for enkemann doktor Møller, vert kvardagen hennar snudd på hovudet. Ho strevar hardt for å tilpasse seg sitt nye liv som dansk, men oppdager at det er vanskeleg å leve eit godt liv med eit stor hemmelegheit hengande over seg – spesielt når ho nektar å dele den med nokon.

Veien fra Italia er absolutt ikkje den største leseopplevinga mi, men eg satte stor pris på det historiske perspektivet og tidsbiletet i boka, som føltes veldig autentisk. Eg likte og mislikte karakterane om einannan, så slikt sett var desse òg veldig naturleg portrettert. Faktisk trur eg at eg heller hadde elska ein roman om Conny, ikkje Vittoria. Veldig kort oppsummert fant eg boka til å henge midt på treet; nokon vil nok elske den, andre synes den er forferdelig kjedeleg.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Verden er en boble» av Nicola Yoon

Boka er sponsa av Aschehoug forlag

Verden er en boble2

Viss du har sett trailer for filmen Everything, everything og tenkt at «wow, den verkar sykt spennande!» så er dette boka for deg. For dette er nemleg boka bak filmen. Det er ein ungdomsroman som er veldig lettlest, skrive omtrent som ei dagbok med både tekst, utklipp og meldingar. Men ikkje slik at det vert som ei barnebok altså, det gir eigentleg berre romanen eit moderne og ektefølt preg.

Madeline er sjuk. Veldig sjuk, faktisk. Så sjuk at ho ikkje kan gå ut av huset. Ho brukar dagane sine på heimeundervisning og lesing. Alt er likt kvar dag. Heilt til Olly flyttar inn i nabohuset. Madeline kommuniserer med Olly via internett, og etter kvart slepp ho han inn i huset. Ho oppdagar etter kvart at ho fell for Olly, og at enkelte ting er verdt å risikere livet for. Og det er akkurat det ho bestemmer seg for å gjere.

Boka er eigentleg ein parallell til Rapunzel, og historia er verkeleg eit eventyr. Det er rørande, vakkert, provoserande og intelligent skrive. Denne boka vil vere med meg lenge. Og om du liker bøkene til John Green, vil denne vere midt i blinken for deg.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Nicola Yoon finn du HER.

Sitat

«Kledd naken» av Agnes Lovise Matre

Boka er sponsa av Gyldendal Norsk Forlag

Kledd naken

Eg er vel ikkje den fyrste i landet til å lese Kledd naken av Agnes Matre, men eg håpar då verkeleg at eg ikkje blir den siste. Denne boka fortener eit breitt publikum. Temaa som vert tekne opp er viktige. Boka er jo heller ikkje ny, men voldtekt slutter jo aldri å skje. Orda «viktig» og «bok» bør her plasserast saman.

Iselin lev eit perfekt liv. Ho er gift med ungdomskjærasten, har to fine barn og er lærar i bygda. Det einaste problemet ho har er at ho er litt husredd, men det har jo aldri skjedd noko. Heilt til ho vert brutalt voldtatt etter ein bygdefest, og i tillegg av ein nær venn. Ingenting blir det same. Panisk vel ho å halde det for seg sjølv, og angsten overmannar henne. Ekteskapet skrantar, ungane lid og sladderen går over heile bygda. Iselin er hjelpeslaus.

Temaet er sårt som få, og ein vert konstant provosert når ein les. Eg er jo frå ein liten stad sjølv, så bygdemiljøet i boka er veldig gjenkjenneleg. For de som har lest bloggen min ei stund, veit at eg gjerne snakkar om pendlerbøker; lettlestebøker med korte kapittel. Denne er slik. Ekstra spennande er det at perspektivet skiftar, om ikkje ofte, frå Iselin til mange av dei involverte. Boka er kjempebra, men det er litt vel drøyt å kalle det ein kriminalroman, slik bladet inni seier. Og ja, sjølv om slutten var kanskje likevel litt for vag for min smak, så anbefaler eg boka.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2016 (Comino forlag 2015)

Sitat

«Siste mann i tårnet» av Aravind Adiga

Siste mann i tårnet

For ein skremmande og fantastisk roman dette er! Siste mann i tårnet tar for seg menneska sin grådighet, og kor langt enkelte er villige til å gå for å få det dei vil ha – sjølv om dei kanskje ikkje visste at dei ville ha det før dei ikkje kunne få det. Det er ei bok om dei vi gløymer i samfunnet, og vår modernisering av det.

Handlinga i denne historia er lagt til ein litt fattig del av Mumbai, i eit borettslag kalt Vishram Society tårn A. Masterji har budd i denne blokka i tretti år, og er godt likt og respektert av naboane sine. Dei ser på han som ein «engelsk gentleman» som står i mot utbyggjerkongen Dharman Shah som vil kjøpe ut beboarane og byggje luksusleiligheter. Men når naboblokka, Vishram Society tårn B, vert solgt, og bebuarane i tårn A ser kva naboane deira flyttar vidare til, får pipa ein annan lyd. Ein etter ein vil dei selje, og ein etter ein prøver dei å overtale Masterji til å gjere det same. Dessverre for dei andre bebuarane, har den pensjonerte læraren ingen planar om å selje heimen sin, der han budde med kone og barn i så mange år.

Dette er ein storslagen roman, som vil dra deg inn. Sidene føyk avgårde, sjølv om den heller slake spenningskurva ikkje skulle tilseie at dette var ein pageturner. Det er ei ganske dramatisk historie, lagt til eit fargerikt, men moderne India. Du vil ikkje bli skuffa!

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2012