Sitat

«Istvillingene» av S.K. Tremayne

Istvillingene

Uææ, eg sit her med frysningar. For ei utruleg skremmande bok! På eit eller anna vis klarer ho likevel å vere truverdig, og eg som alltid har ynskt meg tvillingar… Huff.

Sarah og Angus Moorcroft flytter frå London til ei lita øy i Skottland, der Angus kjem frå. Flyttinga skal hjelpe dei og dottera, Kirstie, å kome seg over tragedien som ramma dei for litt over eit år sidan. Nemleg det dødelege fallet til Lydia, Kirsties einegga og identiske tvilling. Og midt i flyttinga, kjem Kirstie med ei uhyggjeleg utsegn: ho er Lydia, og det var Kirstie som døde. Sarah veit ikkje kva ho skal tru, for det var kun Kirstie som såg fallet, og det er umogleg å skilje tvillingane frå einannan. Kan ho faktisk ha tatt så feil? Sarah kan heller ikkje snakke med mannen om problemet, ekteskapet deira hanglar så fælt at dei knapt snakkar saman.

I boka kjem det tydeleg fram at Sarah og Angus har ganske ulike oppfatningar av kva som skjer og har skjedd. Begge veit noko dei ikkje vil dele med den andre, og alt bygger seg opp til ein overraskande slutt. Dette er ein ekstremt god psykologisk thriller, som i tillegg er fantastisk godt skriven. Så om du ikkje vil lese typiske sommarbøker i sommar, les denne. Og eg kan garantere at ikkje eingong sola vil varme opp blodet ditt medan du les.

Forlag: Font
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av S.K. Tremayne finn du HER.

Sitat

«Café Estrella» av Linda Ask-Knutsen

Boka er sponsa av forfattaren

Café Estrella

Då har eg lest oppfølgjaren til Orkanen. Igjen møter vi Mira Cara Rodriguez, og fortsetter historia på minuttet, der den forrige boka slutta.

Mira har ei krevjande framtid i møte: ho skal bli kjend med den nye familien sin, sette seg inn i rolla som hovudaksjonær i farens rederi, og avstand skaper problemer i forholdet mellom henne og Levi. I tillegg har ho fleire draumar enn før, og vert autorisert til å besøke limbus (tilstanda mellom levande og døde), men valet ho tek der skaper store fysiske og psykiske problem for Mira.

Boka går ikkje like raskt framover som forgjengeren, men den går endå djupare. Det byggjer seg opp eit drama i boka, men som aldri blir heilt forløyst eller avslørt (skriv ferdig den tredje boka, Linda!). Vi går inn på Mira på eit meir personleg nivå, og mykje meir av hennar indre liv, noko som er veldig interessant, då Orkanen tok meir for seg alt som skjedde rundt Mira. Du må for øvrig definitivt lese den fyrste boka før du starter på denne, elles kjem du ikkje til å forstå 1/10 av handlinga. Så… no skal eg liksom sitte her og vente eit år på avslutninga?!

Forlag: Kolofon
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Linda Ask-Knutsen finn du HER.

Sitat

«Black Rabbit Hall» av Eve Chase

Black Rabbit Hall

Dette er altså debutboka til Eve Chase, og kom på norsk i år. Og etter utruleg mange anbefalingar om boka, kjøpte eg den –  innbunden og til fullpris, ei sjeldan oppleving. Og eg angra eigentleg litt, men mest fordi gullfargen på omslaget smittar og øydela lommeboka mi.

På slutten av sekstitalet, på Black Rabbit Hall, skjedde fleire tragiske ulukker som endra Ambers liv for alltid – både på godt og vondt. Over tredve år seinare kjem Lorna og forloveden til godset for å sjekke om det er brukandes til bryllupsloka. Jon er skeptisk, men Lorna forelskar seg i huset og lar seg lokke til å kome att og bu der ei helg. Og det blir ei helg som kjem til å forandre livet hennar.

Omtalene om boka seier at det er veldig likt Daphne DeMaurier, og det er eg heilt einig i: ein knakandes god slutt, men det skjer ikkje noko i dei første 75% av boka. Så godt som ingenting. Og slutten er litt forutsigbar, litt ikkje. Men den var likevel fin å lese, mest på grunn av det friske og gode språket. Midt på treet, altså.

Forlag: Gyldendal norsk forlag
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Hitler – min nabo» av Edgar Feuchtwanger og Bertil Scali

Hitler - min nabo

Kor skal eg begynne?? Edgar Feuchtwanger er fødd i 1924 og er historikar. Som 87-åring skreiv han denne boka saman med Bertil Scali. Historia han alltid sa han skulle fortelle andre om, nemleg barndomen sin. For i ti år, før familien klarte å kome seg ut av Tyskland, budde Hitler i huset over gata.

Boka skildrar korleis Edgar veks opp under oppseilinga til krigen, som jøde. Det vil seie, Edgar blir stempla som jøde. Ingen i hans familie er religiøse, men det spelar ingen rolle. Litt etter litt forsvinn alle vennane, familien, rettigheitane. Og alt er på grunn av Adolf Hitler, han som Edgar ser på gjennom vinduet sitt om kvelden, den bittelisje mannen med den enda mindre barten.

Dette er ei vanvittig sterk bok. Eg sat med tårer i auga fleire gonger, for det er ikkje meininga at eit barn skal oppleve slikt. Eller nokon, eigentleg. Det er mykje historie stappa inn i voksne samtaler, og det er lærerik lesning. Og vanvittig skummelt, for dette er det mest redselsfulle kapitlet i verdshistoria som «sanne historier» baserer seg på. Ikkje bry deg om hermetegna, for dette er faktisk ei sann historie. Og no har eg berre lyst å gråte.

Forlag: Pantagruel
Utgivelsesår: 2013

Sitat

«Livet som var ment for deg» av Kristin Harmel

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Livet som var ment for deg

Når eg las den forrige boka til Kristin Harmel, Så lenge det er stjerner på himmelen, gråt eg sikkert i ein time til saman. Og allerede fem sider ut i denne boka gråt eg (pinlig nok, på toget). Og eg har nesten ikkje slutta.

Boka handlar om Kate. For 12 år sidan var Kate på sitt lykkeligaste: ho hadde akkurat starta på ei utdanning ho likte, gifta seg med verdens beste mann og levde et liv ho elska. Helt til 18. september, så ektemannen Patrick blei drept i ei bilulykke. Etter dette, vart Kate sitt liv svart. Etter 12 år har ho endeleg møtt ein ny mann, og er nyforlova. Men samme dag som forlovelsen vert inngått, har ho ein merkeleg draum: om livet sitt med Patrick om han hadde levt. Problemet er at draumen er så utruleg livaktig – for livaktig.

Den er varm, humoristisk, fin og overraskande realistisk. Eg må innrømme at eg såg endinga sånn halvveis i starten, men etter cirka førti svinger trudde eg at eg hadde bomma, men NEIDA! For en lettelse. Men ja, uansett: den er like fin som den forrige boka, så om du likte den er det bare å komme seg på butikken!

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Kristin Harmel finn du HER.

Sitat

«Flink pike» av Gillian Flynn

Flink pike

Det er ikkje thrillarar og krim eg les mest av, så eg prøver å vite på førehand at den typen bøker er GODE før eg les dei. Og etter å ha hørt denne boka bli skrytt opp i skyene, tenkte eg at det fekk stå til. Og eg kan love deg at skrytet var berettiga.

Amy er sporlaust vekke. Ektemannen Nick vert raskt politiets hovudmistenkt av mange grunner: han smiler heile tida, er altfor roleg, lyg i bøttevis til politiet og har ikkje alibi (og det er berre til å starte med!). Nick veit ikkje kva han skal tru, og leiter desperat etter eit svar – som i tillegg må reinvaske han. Og det viser seg å vere mykje lettare tenkt enn gjort, når han byrjar å mistenkte at Amy har forsvunne av fri vilje.

Boka er delt inn i 3 delar, og i kvar del vekslar vi mellom Amys og Nicks perspektiv på ekteskapet deira. Eg visste (dessverre) frå før sånn ca korleis boka enda, så det la jo ein dempar på overraskingsmomentet, men fy søren for ei spenning det likevel var. Eg var ikkje heilt nøgd med slutten, eg hadde håpt det vart annleis – men (dessverre?) var slutten realistisk og tru mot resten av boka. Heile greia vart slukt på ein dag, for eg slapp (heldigvis) å leggje den i frå meg. Og no har eg tenkt å sjå filmen, for eg er ganske nysgjerrig på korleis ein kan filmatisere denne psykologiske thrillaren. Og så kjenner eg at det er fint å vite at når eg kjem heim i frå ferien, ligg dei andre bøkene hennar og ventar på meg.

Forlag: Font forlag
Utgivelsesår: 2013

Sitat

«Også dette går over» av Milena Busquets

Boka er sponsa av Gyldendal norsk forlag

Også dette går over

Nei, dette var skivebom. Eg forstår ikkje spanjolane sin trang til å skulle skrive romanar om dei store spørsmåla i livet, samtidig som dei er så late at dei ikkje gidd å bake det inn ei skikkelig historie? Det er vel eigentleg ikkje ein roman ein gong, det er berre ei poenglaus forteljing.

Det handlar om Blanca. Mora til Blanca har nettopp døydd, og blir framstilt som eit fantastisk og ondskapsfullt menneske. Blanca er deprimert, umoden og sexavhengig. For i følge Blanca, kan sex fikse alt. Vel, dama har to gutar med to ulike eksmenn og ein gift elskar, som ho alle dreg med seg til moras hus i Cadaqúes, i tillegg til hushjelpa, to venninner (og barna deira). Og så stikk ho eigentleg berre av heile tida og drikk seg full, røyker seg høg og har sex med elskaren sin.

Dette er den typen bok som sikkert kjem til å vinne mange (og har vunne nokre allereie) kritikarprisar, men som omtrent ingen kjem til å gidde å lese. Det er mange fine tanker i boka, men det hadde fungert mykje betre om det var lagt til ei skikkeleg handling. Slik som det var no, var det berre tungt å lese. For spesielt interesserte (og for ein gongs skuld er eg ikkje ein av dei).

Forlag: Gyldendal norsk forlag
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Safranhuset» av Rosanna Ley

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Safranhuset

På omslaget er boka kalla båe fortellerkunst på sitt beste, meiningsfull og vakkert skrive, og eg kan ikkje gjere noko anna enn å slutte meg til rosen. For wow, for ei bok; ei bok om familieband, opprinnelse, vennskap, tilgjeving, sorg og lengsel. Ei bok som ikkje lett vil bli gløymt.

Boka vekslar mellom fire synspunkt og på sett og vis eigne historier. Nell, Amy, Lillian (grandtanta til Amy) og Glenn (sonen til Lillian). Amy og Nell møtast i Marokko, på eit matkurs. Nell er der fordi ho fekk kurset i bursdagsgåve av ektemannen etter at mora hennar døydde brått, og etterlot Nell knust. Amy er der for å fotografere, og for å leite etter Glenn, som ingen har sett sidan 1969. Det einaste Lillian har etter han er eit postkort han sendte frå Essouira, utanfor Marrakech. I Marokko vert Nell og Amy venner, og saman oppdager dei kor viktig familie er – men òg kor naudsynt ei eiga styrke er.

Og så vil eg eigentleg ikkje avsløre meir av handlinga, for den er så god!! Måten alle historiene, hemmelegheitane og menneska møtast og går i hop på. For sjølv om eg kanskje såg éi av løysingane kome, kunne eg aldri ha gjetta meg fram til delane og detaljane i historia. Og favorittdelane mine av boka var faktisk Glenn sine skildringar av reisene sine og livet i Marokko. Dette er rett og slett ei rørande, herlig og god bok, så sett den på leselista di med éin gong!

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Rosanna Ley finn du HER.

Sitat

«Sommerfugløya» av Corina Bomann

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Sommerfugløya

Det er så deilig med slike bøker som bare fanger deg frå første side! Akkurat som Måneskinnshagen av Bomann, tar boka deg rett inn i ein avgjerande augneblink i ei kvinnes liv. Og igjen vert vi sendt på tur til eksotiske sydhavsøyer. Denne boka var rett og slett ei fryd å lese!

Boka handler om Dianas jakt på familiens store, mørke hemmelegheit. Etter at grandtanta døyr, er ho nemleg den siste slektningen i live, og grandtanta har sørga for at ho vert satt på sporet av skandalen ingen ville eller lenger kunne snakke om. Skandalen ramma Grace, Dianas tippoldemor, då ho budde med foreldra og systra på teplantasjen deira på Sri Lanka. Handlinga vekslar mellom Graces opphold på plantasjen, og Dianas jakt på kva som skjedde. (Personlig synest eg at Graces historie var den verkeleg interessante, men det synest vel strengt tatt Diana òg?) Og slutten tok meg verkeleg på senga!

Handlinga suser av gårde, og du har knapt tid til å puste! Eg var litt redd for at enkelte tråder ville forbli knytte (slik som i Måneskinnshagen), men alle spørsmål vart heldigvis svart på. Boka er òg pendlervennlig som få, då kapitla er ca 15 sider lange, og avsnitta 2-3 sider. Så du har alltid tid til eitt kapittel til, noko som går skummelt mykje ut over matlaging, eksamenslesing og husarbeid! (Men er det ikkje berre verdt det?)

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Corina Bomann finn du HER.

Sitat

«Søstrene på Sullivan’s Island» av Mary Alice Monroe

Boka er sponsa av Bastion forlag

Søstrene på Sullivan Island

Dette er ei skikkeleg sommerbok, rett og slett ein fryd å lese! Feelgood, familiedrama, autisme, alkoholisme og kjærleik rulla saman i ein herleg ball. Handlinga foregår i South Carolina, men det er ikkje ein typisk sørstatsroman. Det er ikkje klasseskiljer eller rasisme som er tema. Temaet er nemleg familie, nærmare bestemt systre.

Dora, Carson og Harper har fint lite til felles, unntatt ein felles far. Faren var alkoholikar og øydela alle forholda sine, så det einaste mennesket alle tre jentene kjenner er bestemora. Og i anledning at ho fyller åtti, inviterer Marietta alle barnebarna sine på besøk. Og for fyrste gong sidan dei var barn, møtes systrene igjen. Historia handlar mest om Carson, som har mista jobben i L.A., og bestemmer seg for å bli heile sommaren hos bestemora. Ho slåss mot ein gryande alkoholisme, og etter ei grusom oppleving ligg ho an til å miste fristaden sin – havet. Heilt til Delphine og Blake dukkar opp i livet hennar.

Boka er nydeleg skrive (og eg fant faktisk ikkje ein einaste skrivefeil!), og den er full av varme og kjensler. Det er faktisk den perfekte boka å holde mellom henda på stranda i sommar!

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Orkanen» av Linda Ask-Knutsen

Boka er sponsa av forfattaren

Orkanen

No la eg nettopp ned den 409 sider lange romanen du ser på biletet ovanfor. Og eg sit litt i sjokk, for dramatikken økte dramatisk (hihi) på slutten, og fy søren for ein cliff hanger som avslutta boka! Takk gud for at eg har oppfølgjaren liggande på vent.

Mira Cara Rodriguez er hovudpersonen i denne boka. Ho har spesielle evner som ho ikkje heilt klarer å forklare, ikkje for seg sjølv ein gong. No skal ho reise til Brasil for eit år for å utvide firmaet sitt, men rundt Mira skjer det alltid noko. Det er ikkje ho som viklar seg inn i ting, det er livet som viklar henne inn. Og i Brasil går det slag i slag. For byen ho skal etablere ein ny filial i, er ein by ho besøkte med faren som barn. Ho hugser ingenting av opphaldet, og bestemmer seg for å endeleg takle tapet av faren, som forliste for 20 år sidan. Ho graver i fortida, og det viser seg å utvikle seg i rasande fart.

Når Linda fortalte meg om boka si, vart eg interessert i å lese henne på flekken! Og det var eit sabla godt val, for denne boka oser av kvalitet, og Linda viser at ho veit verkeleg kva ho snakkar om, og i sin tur skildrar. Historia flyt lett, og har ein spanande driv, med både tilbakeblikk og andre sine perspektiv. Det er ei verkeleg unik bok. Det er ikkje fyllstoff for ein pendlar, men ei bok ein verkeleg set seg ned med og nyt. Så enjoy!

Forlag: Kolofon
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Linda Ask-Knutsen finn du HER.

Sitat

«Alt i et øyeblikk» av Erica James

Boka er sponsa av Bastion forlag

Alt i et øyeblikk

Dette er årets feelgoodbok. Den kan ikkje bli noko anna enn ein bestselger. Tenk dykk Santa Montefiore + Jojo Moyes = Erica James. For herrefred, denne boka er fantastisk! Den er på meir enn 600 sider, men den tok meg berre eit par dagar å lese ut – det var umogleg å legge henne ned.

Boka handler om Floriana Day. Med eit smell (les: bilulukke) møter ho Adam Strong og den eldre dama Esme Silcox. Med litt press frå Esme, vert alle tre goder vener, og alle liva deira vert snudd på hovudet. Adam er midt i eit brot, og Floriana har nettopp blitt kontakta igjen, etter to år med stillheit, av mannen ho trudde var hennar store kjærleik. Tilfeldighetane vil det slik at Floriana må til Comosjøen i Italia, same stad som Esme opplevde sin store kjærleik.

Boka er lettlest, humoristisk, og historia er berre nydeleg! Det er notid, det er fortid, og det er herleg komponert. Det er sjeldan eg blir så rørt av ei bok som ikkje får meg til å gråte. Dette er ei bok eg ikkje kjem til å gløyme på ei stund. Så for guds skuld, les den!!

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Erica James finn du HER.

Sitat

«Nøkkelmakeren» av Gert Nygårdshaug

Nøkkelmakeren

Om du fikk med deg det forrige innlegget mitt om Gert Nygårdshaug bok, Klokkemakeren, veit du nok allereie at eg elskar denne oppfølgjaren/parallellromanen. Tips: les Klokkemakeren først, denne boka. Då vil du forstå litt ekstra i denne.

Boka er skriven på akkurat same måten som parallellromanen, med laaaange setningar utan punktsetjing. Og igjen; det er kjempelett å lese likevel.

Også denne boka handlar om Melkior Mussenden – på akkurat same stad og same Tid. Eller, er Tiden eigentleg lik?? Melkior opplever merkelege syner og minner han aldri har hatt, og får ingenting til å stemme. Plutseleg ser han kona si som overvektig, og gir salt til okser. Og så dukkar ein mystisk nøkkelmakar opp i byen.

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av Gert Nygårdshaug finn du HER.

Boka er parellellroman til Klokkemakeren, som bør lesast først.

Sitat

«Klokkemakeren» av Gert Nygårdshaug

Klokkemakeren

DENNE BOKA ER FANTASTISK.

Denne boka handler om urmakaren Melkior Mussenden (som ikkje er «klokkemakeren»), i ein by utan namn, i eit land utan namn.Og no, utan Tid. For Tiden forsvinn på merkeleg vis. Eller, den er jo der. Men den er ulik for alle. Og tenk for et kaos når folk skal handle, jobbe, og sove på totalt ulik tid? Melkior lev eit helt vanleg liv med kona si Matilde, heilt til det dukkar opp eit svært hol i bakken der kyrkja vanlegvis står.

Det er eventyr, filosofi, fabel, og alt på en gang! Setningane kan fort bli ei side lange, utan punktsetjing og replikkar som flyg. Men det er underleg lett å følge med. Eg veit liksom ikkje korleis eg kan anbefale denne boka høgt nok, for den er verkeleg fantastisk.

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2014 (2009)

Fleire bøker av Gert Nygårdshaug finn du HER.

Boka er parellellroman til Nøkkelmakeren, men les «Klokkemakeren» først.

Sitat

«Det du ikke ser» av Katherine Webb

Det du ikke ser

Dette er eit råskinn av ein pageturner. Du får så mange halve løysinger undervegs, og nye spørjemål dukkar konstant opp, men det er ikkje mogleg å få det til å gå i hop før til slutt. Joda, du veit eigentleg kva svaret er, men korleis det endte opp slik er nesten umogleg å fatte.

I 2011 vert Leah ringt av ekskjærasten (som vart eks av ein god grunn). Han arbeider i Belga for Kommisjonen for krigsgraver, og har ein uidentifisert soldat. Leah er frilansjournalist, og breva denne soldaten har på seg kan vere starten på ei stor sak. Leah byrjer å grave, og oppdager snart at avsenderen av brevet var Hester Canning, pastorfrue i Berkshire før første verdskrig braut ut.

Mesteparten av tida følgjer vi Hester, og særleg den nyansatte tenestejenta Cat, som har ein nokon lunde frynsete fortid. Cat er misnøgd med sin posisjon i samfunnet, og finn alltids ein måte å gjere opprør på. Tida vert ikkje rolegare på prestegarden når teosofen Robin Durrant dukkar opp, invitert av den beundrande presten som sjølv trur han har sett naturåndane Durrant preikar om. For Durrant har ein ubehageleg side til seg, og gnissingar dukkar opp alle vegar. Det ender til slutt med mord.

Det er verkeleg herleg lesning, med skildringar som til tider får deg til å grøsse og som driv deg vidare. Eg såg verkeleg ikkje løysinga til Leahs problem eller Hester og Cats før dei vart avslørt, og det var utruleg forfriskande. Plottet er enkelt nok, men likevel så originalt! Om du liker serier som Downton Abbey, Mr. Selfridge, eller bøkene til Fay Weldon og Sarah Jio, vil nok Katherine Webb sine bøker òg falle i smak.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2012

Fleire bøker av Katherine Webb finn du HER.

Sitat

«Kranvriderne» av Karin Brunk Holmqvist

Kranvriderne

Dette er den nyaste boka til Brunk Holmqvist, og den det utan tvil skjer minst i. Det er heilt alvorleg talt ikkje noko plot. Det er fint og flott med rolege feelgoodbøker, men noko må jo skje??? Med mindre ein reknar ei kvinne som bur med broren og er bekymra for at han har fått seg kjærast (men ikkje tør å spørre han om det). Og så organiserer bygda bruktbutikk og restaurant. Og så skjer det fint lite før dei siste fire-fem kapitla.

Kanskje Brunk Holmqvist er gått litt tom for morosame plot? Ingen har så langt kunne matcha Potensgiverne eller Rapsgubbene. Er det kanskje på tide å legge opp, eller i alle fall slutte å presse ut ei intetsigande bok i året? Dette blir jo ei kort omtale, men så er det ikkje mykje å omtale heller. Den var jo koseleg og hadde det typisk koselege språket hennar, men den blei heller lest fordi det var det mest kompliserte mitt feberhaud av ein bomullsdott klarte å fokusere på.

Forlag: Silke
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Karin Brunk Holmqvist finn du HER.

Sitat

«Mandag til fredagsmannen» av Alice Peterson

Mandag til fredagsmannen

Gilly er einsam. Ho er no singel, og har kun den vesle hunden sin som selskap. Alle venane hennar er gift og har born, og Gilly er frustrert. Løsninga hennar blir å leige ut det ekstra soverommet i leiligheta til ein vekespendlar. Valet blir Jack Brown, ein kjekk TV-produsent. Gilly vert litt småforelska, og innleier raskt eit forhold til Jack. Problemet er berre at ho ikkje aner korleis livet hans eller er. For kva gjer han i helgene? Har Guy, Gillys hundeluftervenn, rett i den ekle kjensla han har når det gjeld Jack?

Denne boka vart slukt på ein dag. Den er skriven med ein driv som gjer den umogleg å legge ned! Den er enkel, underhaldande og ikkje minst god. Problemet er enkelt, løysinga ikkje fullt så enkel.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2013

Sitat

«Instituttet for de siste ønsker» av Antonia Michaelis

Forhåndseksemplar fra Cappelen Damm

Instituttet for de siste ønsker

Dette er ei underfundig, fin og verkeleg spesiell bok. Den tok si tid å lese ut, og historia snirkla seg rundt sving etter sving – og overraskingane ville ingen ende ta. Når du trudde du hadde forstått alt saman, dukka noko heilt uventa opp og forandra alt. Og så skjedde det igjen.

Boka følger Mathilda, som i rundt eitt år har arbeidd på Instituttet for de siste ønsker. Ho og Ingeborg arbeider døgnet rundt med å oppfylle døyande menneskes siste ynskjer. Folk kjem med alle slags ynskjer, som å få feire jul (sjølv om det er sommar) eller reise i luftballong. Nokon vil høyre ein avdøydd songer synge live éin gong til, og alt går an med litt triksing. Men Mathilda sitt liv blir snudd opp ned når Birger Raavenstein dukker opp og vil finne kjærasten som stakk av for femten år sidan med deira ufødte barn. Det blir ei altoppslukande jakt for Mathilda, som ikkje ender slik ho (eller vi som lesarar) kunne trudd. Ganske raskt får Mathilda ei kjensle av at noko ikkje stemmer, og at noko stemmer alt for godt, og ho klarer ikkje sleppe taket.

Ein kan verkeleg føle humøret sitt stige og synke i takt med Mathildas. Eg fann meg sjølv både smilande og med ei bekymra rynke mellom bryna. Det kjennes litt som om Jojo Moyes og Gert Nygårdshaug har fått eit kjærleiksbarn. Og det fungerer eigentleg ganske godt.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Kjære» av Linnéa Myhre

Kjære

Linnéa Myhre er kanskje ein av dei skribentane idag ein kan identifisere seg med. Ikkje at eg har hatt eteforstyrringar, men kjensla av at andre stirer, sosial angst og andre ubehagelige opplevingar i dagliglivet.

I denne boka, som har den perfekte tittel til innhaldet, er det brev Myhre skriv til familie, venner, redaktører og andre som har gjort henne glad eller forbanna. Nokre av breva er jo nesten public shaming, men med Myhre sin sarkasme, sjølvironi og mørke humor vert det berre ei fryd å lese.

Om du ikkje er i stand til å takle sanninga om det sjuke kropps- og prestasjonspresset dagens jenter (og gutar) opplev i dag, vil du nok ikkje gidde å lese boka. Er du derimot oppegåande og forståelsesfull, så er dette ei veldig fin bok det er verdt å lese. (Og så gleder vi oss til den tredje!)

Forlag: Tiden
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Linnéa Myhre finn du HER.

Sitat

«En herlig røre» av Janet Evanovich

En herlig røre

Denne boka er Morosam. Legg merke til den store M-en. Det fortener denne boka. Janet Evanovich er kanskje ikkje så godt kjend i Noreg, men på engelsk er denne serien allereie på bok nummer 22 (!). Og om berre Bastion ville publisert heile serien (men da må folk berre hamstre denne boka og gjere den megapopulær!!!!). Vær så snill.

Boka handler om Stephanie Plum: arbeidslaus, blakk, og med konfiskert bil. Stephanie er desperat, og med litt utpressing tvinger ho fetteren Vinnie til å ansette henne – som dusørjeger. Stephanie er absolutt ikkje vand med å fange hardbarka kriminelle, spesielt ikkje som prøver å gjere livet hennar eit helvete. Og når mannen ho skal fange, er den utskeia ungdomskjærasten sin, blir det fullstendig kaos. Eller, en herlig røre.

Den er ustyrteleg morosam, og underhaldande som få! Den går raskt unna, og eg vil ha MEIR. Så om det ikkje kjem fleire på norsk, må eg nok gå til innkjøp av alle dei 22 bøkene på engelsk. Den passer forresten også fint for ungdom.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2014