Sitat

«Seks historier» av Matt Wesolowski

Boka er sponsa av Font forlag

Førebu deg på noko så kult og originalt som ein podcastkrim! Eg er faktisk overraska over kor godt det fungerte (og eg trur det blir veldig bra når lydboka kjem i september).

Heile historia vert fortalt gjennom seks episodar av ein podcast kalla Seks historier, laga av Scott King. Gjennom desse episodane, vert seks personar knytta til ulykka på Scarclaw for omkring 20 år sidan intervjua. I 1995 forsvant tenåringen Tom Jeffries frå turgruppa si, og det tok nesten eit år før han vart funnen. Etterforskninga til politiet kom ingen vei, men King trur det er meir bak Jeffries død enn politiet kom fram til. Han har som mål å frå fram sanninga (utan å dømme), og intervjuer dei han kan få tak i av turkameratane til Jeffries, og andre menneske i livet hans. Kven var eigentleg Tom Jeffries? Ville nokon drepe han, eller var det ei ulukke? Eller, var det kanskje noko endå eklare som hendte den natta?

Mellom kvar episode, er det i tillegg korte kapittel frå den lokale lorden, som fann liket til Tom Jeffries. Han er heller ikkje villig til å fortelle om alt han og kompisane hans opplevde den natta dei fann den døde tenåringen.

Dei som les bloggen min jevnlig, vil nok ha fått med seg at eg er ganske kresen når det kjem til krim, men Font klarer det liksom kvar gong. Akkurat som Istvillingene av S.K. Tremayne, er dette ein iskald og skikkelig creepy thriller som kan komme til å skremme vettet av deg. Atmosfæra er så kjølig, tåkete og skummel, og dei overnaturlege elementa som dukker opp er verkeleg prikken over I-en. Twisten var heilt uventa, og ja, direkte sjokkerte meg. I tillegg er sjølve historia velskriven som få. Eg kan seie med sikkerhet av dette er den beste krimboka eg har lest i år, og eg kan verkeleg anbefale den! (Og eg gler meg allereie til bok nummer to!)

Forlag: Font
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«The Power» av Naomi Alderman

Boka er et leseeksemplar frå Norli

Herregud, for ei fantastisk bok! Absolutt alle som er fans av The Handmaid’s Tale (bok eller serie), bør plukke med seg et eksemplar av denne futuristiske romanen. Margaret Atwood har jo sjølv rosa den opp i skyene. Og sjølv har eg allereie bestilt dei tre andre romanane hennar, for dette er ein forfattar eg vil lese meir i av.

Tenk deg at vi er fleire tusen år inn i framtida. Tenk deg at kvinner er det sterke kjønnet. Tenk deg at ein mann ved namn Neil Adam Armon (stokk om dei bokstavane litt, då) sender ein mail til sin kvinnelege kollega Naomi Alderman og spør om ho vil lese bokmanuset han er ferdig med, The Power. Dette manuset er altså sjølve romanen, ein historisk roman, som han kallar det (for handlinga er frå vår tid, så for framtidige menneske er jo dette historisk). Det er ei utrulig kul vinkling.

Ei jente oppdager at ho kan gi ein mann elektrisk sjokk, brenne huda hans ved berre å ta på han. Ei anna oppdager at ho kan det same. Det viser seg kjapt at nesten alle kvinner har eit innebygd «skein» ved kragebeina, som gir dei denne elektrisiteten, som kan skade og ikkje minst drepe. Opprøra byrjar, og det tek ikkje mange år før kvinnene har teke over land, militær, makt og ein full krig bryt ut. Gjennom desse ti åra følgjer vi den amerikanske politikaren Margot og hennar datter Jocelyn; fosterheimsjenta Allie som vert leiaren for ei ny religiøs rørsle; Roxy, dottera til ein engelsk mafiaboss; og den nigerianske journalisten Tunde, ein av dei få menna som klarer å skaffe intervju med kvinnene om denne nye krafta og det nye samfunnet.

Dette er grusomt godt skrive, og ikkje minst fascinerande til tusen. Problemstillinga er jo ikkje reell, men det gir eit ganske stygt speilbilete av dagens samfunn. Mange av handlingane i boka er skikkelig fæle, men det er ingenting kvinnene her gjer som menn ikkje allereie har gjort. Eigentleg er det litt omvendt av The Handmaid’s Tale (der kvinnene blir fratatt makta), men det er likevel mykje politikk og religiøs ekstremisme som ligg bak også her. Det er ein spennande idé, som eg synest Alderman har gjennomført knallgodt. Boka er så langt ikkje omsett til norsk.

Forlag: Penguin
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Jeg gidder ikke leve uten deg» av Christelle Ravneberget

Dette var skuffande greier, altså. Eg trudde av ein eller annan grunn at dette skulle vere ein ungdomsroman. Når det etter eit par sider gjekk opp for meg at det var det absolutt ikkje, googla eg boka og såg masse kritikerros og minst éin pris, medan «vanlege» lesarar hadde slakta den. Så eg må nesten henge meg på: dette var ikkje noko særleg.

Handlinga er lagt til Oslo sånn cirka rundt år 2000. Annabel er ein ung kunstner som kastar vekk livet på alkohol og dop. Ho forelsker seg i vokalisten Christian, som om mogleg er endå hardare på rusmidla. Dei forelskar seg, men han vil ikkje gå frå dama og barnet sitt. Så han er utro med Annabel i nokre år, og dei slår jevnlig opp og blir deretter saman att. Her er vald, sex, narkotika og alkohol. (Og sutring.)

Eg kan starte med det positive: her er eit par bra vendingar Ravneberget har komponert. Men miljøskildringane, personskildringane og dialogen er ekstremt lite truverdig. Det skal liksom vere rundt 20 år gamalt, men det verkar alt for moderne. Språket inneheld altfor mange flosklar og klisjear, og det vert kjedeleg å lese. Eg forstår ikkje heilt at denne boka er vert kalla «heftig», her er jo berre klaging og syting og mangel på vilje. Og dersom du leiter etter bøker om mistilpasning, narkotika, ujevne forhold og depresjon, så er det mange betre romanar å få tak i.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«My Husband’s Wife» og «Blood Sisters» av Jane Corry

Begge bøkene er leseeksemplar frå Norli

Jane Corry er ein forfattar som er ut til å putte mykje av seg sjølv inn i bøkene. Ho har sjølv jobba i eit fengsel, slik begge hovudpersonane i desse bøkene òg gjer. Tema som å manipulere loven, kunst, funksjonshemming og oppvekst er sentrale i begge. Eg ser fleire like namn i bøkene, og like datoar. Eg følte rett og slett at eg var i det same universet i begge bøkene. Litt usikker på om det er ein styrke eller svakhet for ein forfattar, men så langt har det i alle fall fungert!

Ed Macdonald er myrda. Den nye kona hans er arrestert for mordet. Men dette er no. For femten år sidan var Ed nygift med Lily. Lily si karriere som advokat tar av når ho forsvarer Joe Thomas, dømt for å ha drept kjærasten sin, men som no vert frikjent med Lilys hjelp. Lily og Ed sitt ekteskap er hult og tomt, men å passe nabojenta Carla hjelp litt. Vesle italienske Carla, med flyfilla av ei mor som er saman med ein gift mann. Carla, som alltid vil ha det andre har. Og som vil gjere kva som helst for å få det.

Corry er veldig, veldig flink å kome seg inn i hovudet på folk. Måten ho skildrar Carla sin barndom er realistisk og ærlig. Og litt brutalt, og litt naivt. Slik som sinte, små barn ofte er. Eigentleg er det ikkje forbrytelsen som er den beste delen av boka, men heller Carla si historie og oppvekst. Av desse to bøkene er det nok denne her som passar minst for krimfans, eller for dei som foretrekker krim à la Store hvite løgner.

Blood Sisters er den nyaste boka til Corry, og kom i år. Det er utan tvil skumlare enn debutboka, og har mykje meir spenning. Her skjer det noko heile tida.

Alison er ein småfattig kunstner tidleg i tredveåra som strever litt med å få endene til å møtast. Motvillig søker ho på ei stilling som kunstlærer i eit «åpent» fengsel i nærområdet, men ho treng pengane. Alison er veldig menneskesky og paranoid, og får panikk når ho begynner å motta lapper og telefonsamtaler om at nokon skal «ta henne». Det virker som om fortida endeleg har tatt henne att. For Alison veit jo at ho har gjort noko veldig, veldig gale når ho var yngre.

Samstundes møter vi Kitty, som bur på ein sjukeheim. Etter ei ulukke ho sjølv ikkje hugsar, har Kitty hamna i rullestol, er delvis funksjonshemma og har ei hjerneskade som svekker hukommelsen hennar. Men bortsett frå det med hukommelsen (og at hjerneskada gjer kommunikasjon omtrent umogleg) er Kitty mentalt tilstede og er nærmast fanga i sin eigen kropp. (Og ho er rasande.) Men så skjer det noko som skal forandre heile livet hennar.

Corry skriv så utruleg godt og realistisk! Det er så utruleg ukomfortabelt å vere inn i hovudet til Kitty. Ho er så rasande og ekkel mot andre, så bitter. Det er skikkeleg fælt, og sjølv om det er godt skildra og truverdig, er det grusomt å lese. Corry held ikkje att, og kvar gong du trur du har skjønt alt, er det alltid litt meir, heilt til den fantastiske siste plottwisten. Boka er kjempespennande, og ein skikkeleg pageturner! Og den absolutt beste av desse bøkene.

Eg vil samanlikne desse bøkene med Liane Moriarty sine, berre meir creepy. Det er ikkje direkte chick-lit, men samstundes er det jo litt slik likevel. Bøkene er i skrivande stund berre tilgjengelege på engelsk.

Forlag: Penguin
Utgivelsesår: My Husband’s Wife (2016), Blood Sisters (2017)

Sitat

«Levende og døde» av Han Kang

Boka er sponsa av Pax forlag

Eg må innrømme at eg var litt nervøs for å begynne på boka; eg var bekymra for at den skulle vere for innvikla, for historisk, for politisk. Men du og du, som sidene berre fauk, og historia flaut av gårde for eiga maskin. Noko så magisk! Korleis kan eit så grusomt tema (Gwangju-opprøret i 1980) – så blodig, råtnande og livlaust – skildrast så poetisk som dette?

Boka er delt opp i seks delar (pluss ein epilog), som alle har ulike vinklar. I den første delen, Ungfuglen (1980), er fortalt at Dong-ho, ein unggutt som jobbar på eit slags likhus. Mengda lik aukar kvar dag, men likevel finn han ikkje vennen sin, Jeong-da. Denne delen er skriven i du-form, og det er som å vere vitne til noko overnaturleg som snakkar til eit menneske; som gjenfortel historia hans til han. Det er sterkt, det er dramatisk. I del to, Svart pust (1980), skjønar vi kvifor: det er Jeong-da som snakkar – eller rettare sagt sjela hans – medan han klamrer seg til den døde kroppen sin. No skal eg ikkje avsløre resten av boka for deg, så eg skal oppsummere kort ved å seie at dei neste fire delane og epilogen handler om korleis menneska blei påverka av opprøret i ettertid, fleire tiår etter. (Epilogen verkar forresten veldig sjølvbiografisk.) Det handler om tortur, om sensur, om demonstrasjonar.

Det er så mange perfekte setningar i denne boka: Hvis en sjel har forlatt kroppen, hvordan kan den så åpne øynene og se på oss? Hallo, prøv å fortelje meg at denne setninga ikkje sug deg inn!? Romanen brettar seg liksom ut for deg, og boka opnar seg (pun intended). Enkelte delar gjer fysisk vondt å lese, så gode er bileta Han Kang har skapt. Det er så gripande! Boka vil kreve litt av menneskelegdomen din, den vil kreve mykje av intelligensen din og litt av samvitet ditt, men det er verdt det. Hurra for slik skrivekunst!

Forlag: Pax
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Han Kang finn du HER.

Sitat

«Ut i vannet» av Paula Hawkins

Boka er sponsa av Bazar forlag

Før lesning: HURRA! Eg er så utruleg gira for at denne boka endeleg er komen. Eg absolutt elska og slukte debutromanen til Hawkins, Piken på toget, og eg ville ha meir. Vel, my prayers have been answered, og ho har kome med ei ny bok (det er ikkje ein oppfølgjar, forresten). MEN, så er det alltid kjempeskummelt å lese bok nummer to av ein forfatter når du elska den første du leste. Kva visst det viser seg å vere kjempedårleg? Ein vil jo ikkje bli skuffa. Og det er det store spørsmålet her: vil boka klare å leve opp til mine skyhøge forventningar? Eller endar eg opp med hovudet i hendene av frustrasjon?

Etter å ha lest boka, er svaret ja. Hendene mine holdt seg på boka heile tida, eg heldt fingrane mine frå å rive ut hår i irritasjon. No skal eg ikkje lyge og seie at den er mykje betre enn den fyrste, for Piken på toget er vesentleg betre. Men dei er veldig forskjellige bøker. Medan Piken på toget berre fortel frå tre kvinners synspunkt og på den måten skaper stor usikkerhet om kva som er sant eller ikkje, har denne boka eit utal av perspektiv. Handlinga går føre seg i ein landsby, og omtrent alle involverte får eit ord med i laget. Oppbygginga blir dermed ganske ulik debutboka, men er likevel god.

Som sagt er vi i ein liten landsby i England, der ei lokal kvinne nettopp har blitt funnen i elva. Dottera er rasande, overbevist om at mora hoppa og forlot henne, slik bestevenninna gjorde nokre månader tidlegare. Systera til den avdøde vert sjokkert, men ikkje spesielt rysta. Det er ikkje spesielt mange som verkar triste for Nel Abbotts bortgang. Ho dreiv nemleg på med å skrive ei bok om alle «dei brysomme kvinnene» som i løpet av dei siste fire hundre åra har mista livet sitt i denne elva som går gjennom byen.  For Erin, ei politikvinne kalt inn for å hjelpe den lokale politimannen Sean, verkar saka og alle menneska – ikkje berre dei involverte, men heile byen – utruleg rart. I tillegg sit den påståtte klarsynte Nickie og grublar over korleis ho skal få fortalt sanninga.

Eg synest som sagt det var ei god bok, med ein del unike element og mykje spenning. Det kom fleire overraskingar, og vi finn mykje under karakterane sine overflater (pun intended). Så om du likar thrillarar, vil eg anbefale deg å plukke med deg boka.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Paula Hawkins finn du HER.

Sitat

«Det store sviket» av B.A. Paris

Boka er sponsa av Gyldendal Norsk Forlag

Endelig, endelig er den nye thrilleren til B.A. Paris komen! Heilt sidan Bak lukkede dører kom, er det vel fleire enn meg som har lengta etter meir frå forfattaren? Og no er det endeleg kome ei ny bok, og så rett i pocket, da! (Så utrulig greit!)

Hovudpersonen i denne boka er Cass. Alt forandrar seg for Cass den natta ho ikkje stopper og hjelper ei kvinne som står parkert langs veien under stormen. Ho får snart vite at kvinna i bilen var Jane Walters, ei ny venninne, og at ho vart drept den natta. Cass blir heilt i frå seg, men skuldkjensla hindrar henne frå å fortelje korkje ektemannen, bestevenninna eller politiet om det ho såg. I tillegg hjelper det ikkje at hukommelsen hennar sviktar til alle tider; ho gløymer å kjøpe gåver, hugser ikkje at ho har invitert folk på besøk, nekter for at ho har fylt ut og signert ei kontrakt, osv. Og når ho opp på der igjen føler at det er nokon som luskar rundt huset og held auge med henne, då blir ho panisk. (På engelsk heiter boka The Breakdown, noko som er mykje meir passande. Den norske tittelen gir vekk for mykje.)

Boka fenga meg eigentleg ganske raskt, men når eg hadde lest ca 100 sider, då tok det heilt av. Eg knuga boka til meg og las til langt på natt, for eg måtte berre lese den ut. Herregud, så godt skrive! Akkurat som i debutboka klarer ho å halde på spenninga til siste side, sjølv om vi også i denne thrilleren får ei «løysing» til slutt. Eg må innrømme at eg verkeleg har sansen for skrivestilen til forfattaren.

Denne psykologiske krimmen er rett og slett ulidelig spennande! Så om du likte Bak lukkede dører er det berre å køyre på (og om du mot formodning ikkje gjorde det, burde du gi denne ein sjanse, det er eit ganske anna plott).

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av B.A. Paris finn du HER.

Sitat

«Old Filth»-trilogien av Jane Gardam

Den fyrste boka i trilogien, Old Filth, er nyleg omsett til norsk, og komen ut på Gyldendal, under tittelen En ulastelig mann, med eit heilt anna omslag. (Eg absolutt elskar desse grafiske omslaga! Dei er så pene og forlokkande, og skrik liksom «KJØP MEG!»). Eg kjøpte og las bøkene på engelsk, fordi eg ikkje kunne vente med å lese heile trilogien. Kollegaene mine og andre bokbloggarar har anbefalt den fyrste såpass sterkt, at eg berre slo til.

Den fyrste boka om Eddie Feathers, heiter Old Filth og har gitt namn til trilogien. Old Filth er og namnet til Eddie, eller i alle fall kallenamnet hans. Han er no blitt ein gamal mann på cirka 80, og er ei levande legende (sjølv om mange ikkje har fått med seg at han fortsatt er i live). Opphavet til kallenamnet er suksessen han gjorde som advokat i Hong Kong. FILTH står nemleg for Failed In London Try Hong Kong. Sjølv om han er ganske populær, godt likt og velkjent innan jussen, har han få venner og er ganske isolert. Familie har han heller ikkje mykje av, då han er ein «Raj orphan», altså eit barn fødd i utlandet under Emperiets tid, og så sendt til ein fosterfamilie i England, og deretter kostskular (dette er heilt faktiske greier). Etter konas død har han isolert seg ganske kraftig, og er i villreie om veien vidare.

Historia om Eddie Feathers er skildra med ein slik varme, ein slik menneskelig innsikt at det er nesten ikkje til å tru. Skrivestilen er så personleg, men samstundes så objektiv og allvitande, og minna meg svært om korleis John Steinbeck skriv, spesielt i East of Eden. (Eg er heilfrelst på Steinbeck, så frå meg er dette eit stort kompliment!)

Bok nummer to, The Man in the Wooden Hat tar for seg Betty – den avdøde kona til Filth – si side av historia og samlivet deira. Betty har nemleg ei heilt eiga fortid og notid. Ho er som Filth ein «Raj orphan», var kodeknekker under andre verdskrig og forelska seg i ein anna mann eit par timar etter at ho forlova seg med Filth. Eddie Feathers er jo skildra som ein ganske distré, tilbaketrukken og nøktern type – som ser på seg sjølv som emosjonelt skada. Mykje av det han fortel i den fyrste boka, får vi her Bettys perspektiv på desse (og langt i frå alt er heilt slik han framstiller det) og ein heil del nye bitar av samlivet deira.

Historia er rørande, velskriven og direkte menneskeleg. Den tek for seg korleis vi mennesker kjenner begjær for motstridande ting, sårer menneska vi føler lojalitet over og kor vanskeleg det kan vere å gjere det rette.

Boka kjem forresten på norsk i haust. Denne her er meir lettlest på engelsk enn Old Filth var, men dei norske omsetjingane skal visst vere ganske gode, så det er berre å velje heilt fritt kva språk du vil lese dei på.

Den tredje og siste boka i trilogien, Last Friends, tar utgangspunkt i Terry Veneering – Old Filth sin rival på omtrent alle måtar. Vi får jo vite ganske tidlig i dei andre bøkene at Betty Feathers og Terry Veneering har hatt noko på gang for omtrent alltid. I tillegg hadde Terry ein ganske annleis oppvekst enn dei andre karakterane i bøkene, då han vaks opp ganske fattig i nordre del av England.

I denne boka blir alle trådane knytt saman, og du blir òg betre kjend med den litt obskure karakteren Fiscal-Smith. Dette er kanskje den morsomste boka av dei tre, og i alle fall den mest rørande. Eg likte trilogien så godt at eg allereie har bestilt novellesamlinga hennar òg.

Kjapt til slutt: Eg absolutt elska bøkene, og eg spår herved at denne trilogien vil stå att som ein moderne klassiker. Du burde definitivt lese desse bøkene dersom du likar John Steinbeck, Elena Ferrante eller Sophie Starks liv og død av Anna North.

Forlag: Abacus
Utgivelsesår: Old Filth (2004), The Man in the Wooden Hat (2009), Last Friends (2013)

Sitat

«The Handmaid’s Tale» av Margaret Atwood

Eg plar eigentleg ikkje å blogge om klassikarane eg les, hovudsakleg av to grunnar; 1. Då ville bloggen bli overfylt, og 2. Dei treng stort sett ikkje mine omtaler for å bli lest. Eg gjer av og til unntak, og dette er eit av dei. (Eit anna er Alkymisten av Paulo Coelho.) Denne boka er jo blitt ein moderne klassiker, og etter valget i USA har dystopiske romanar (som denne) blitt kjempepopulære.  Boka slo meg rett i bakken. Og så har det heller ikkje skada at HBO har laga ein serie basert på boka. (Traileren for serien er grunnen til at eg fekk opp auga for boka, og så klart må eg jo lese litteraturen bak fyrst.)

Etter århundrets lengste intro om kvifor eg les ei bok, skal eg fortelje kva boka handler om. Vi er ei framtid (vel, framtid for 1985), der kvinner er underlegne. Vi er i Gilead, som USA no heiter. Gilead er ikkje eit demokrati, men eit teokrati – dei religiøse styrer. Alle i samfunnet anten er eller tvingas til å vere religiøse, eigentleg godt over grensa til ekstremisme. Folk blir angitt, drept, sendt vekk, straffa. Regjeringa påstår at dette samfunnet beskytter kvinnene; valdtekt er lik dødsstraff, og ved å måtte dekke seg til oppmuntrer ikkje kvinner til å bli valdtekne, heller (ja, det provoserer). I dette samfunnet møter vi Offred, som er «tjenerinne». Ho er fruktbar, og blir dermed sendt rundt til ulike kommandører for ei viss tid av gongen, for å prøve å bere fram borna deira, i ei tid der kvinner (og menn, men det er kun kvinner offisielt) stort sett er sterile eller får «unbabies», misfostra born. Ho fortel si historie, om korleis livet hennar var før og korleis det er no.

Det som sette spissen på heile boka for meg, var blandinga av det veldig moderne (igjen, moderne for 1985) og det gamaldagse ved tjenerskap, religiøsitet og heildekkande klede med slør. Det er heilt forbløffande kor aktuell og truverdig denne boka er, 32 år etter at den fyrst kom ut. Det er sterk lesning, så provoserande som du kan få det, og gir deg mykje å tenke på. Og kan vi faktisk tenke litt på det samfunnet som er skildra her, og sjå godt på oss sjølve? Er det slik vi vil bli? (Det triste er at det er fullt mogleg at samfunnet vårt utviklar seg i denne retninga, om vi ikkje passar på.)

Forlag: Vintage
Utgivelsesår: 1985

Fleire bøker av Margaret Atwood finn du HER.

Sitat

«Jentene» av Emma Cline

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Eg har lengta etter å begynne på denne boka! Dei fleste har vel sett omslaget dersom dei har gått i ein bokhandel. Har du sett anmeldelsen av boka i VG òg, kanskje? Blitt skremd vekk av den toeren boka fekk? Eg trur aldri eg har sett ein anmeldelse med så lågt terningkast. Men når eg såg at det var VG som trilla toeren, kunne eg ikkje brydd meg mindre. VG gav jo ein femmer til Chicks o’hoi, som kanskje er det verste eg nokon sinne har lest. Så den dårlege omtala frå Verdens Gang, overser eg glatt. (Etter å ha lest boka, ser eg på den toeren som ein skam av eit terningkast. (Kanskje VG blanda terningkasta på denne og Chicks o’hoi? Eg håpar – for VGs rykte – at det er slik det er.)

Boka tek utgangspunkt i den høgst reelle historiske personen Charles Manson (kan eg kalle ein levande person historisk???), og jentene som var ein del av «familien» hans. No har jo alle desse nye namn, men elles er (så vidt eg veit) detaljane ekte, som den svarte skulebussen dei køyrde rundt i. Fokuset er heller ikkje Manson (eller Russell, her), men – slik tittelen gir vekk – jentene rundt han.

Hovudpersonen er Evie, ei no godt vaksen dame som lev i konstant frykt og håp for at politiet skal kome og ta henne. Ho har levd eit grått liv sidan 1969, og medan ho lånar strandhuset til ein ven, møter ho nokre ungdommar som minner henne om livet hennar som fjortenåring. Ho ser tilbake på den sommaren då alt endra seg, då ho var ein del av kulten som tok livet av fire uskuldige menneske, og korleis ho hamna opp i situasjonen. Ho tenkjer på korleis ting kunne ha vore, frampeik ho burde ha lagt merke til, og reflekterer over seg og si rolle i det heile. Korleis hamna ho her? Kven er desse menneska? Ville eg òg ha drepe nokon om eg var der den kvelden?

Perspektivet til den fjortenårige jenta er rått og brutalt, og ho har ei tydeleg stemme – til trass for den usikkerheita og sjølvbevisste haldninga ho sit med. Før denne kulten – med Suzanne som den viktigaste delen for henne – hadde ho aldri tenkt at vennskap kunne vere eit mål. Unge Evie går nemleg og berre ventar på kjærleiken, og hatar seg sjølv for det. Ho er open og sårbar, og sjølv om ho til tider er skeptisk og kritisk til livet på ranchen, lèt ho seg rive med.

Det er ein verkeleg intens og velskriven roman, med eit bakgrunnsteppe av eit tørt og støvete California. Språket er godt og gnistrande, men boka er langt i frå lettlest. Boka vil kreve mykje av deg, men den vil gi ein utruleg god leseopplevelse til gjengjeld. (Og så støtter eg meg til Leif Ekle si utsegn: denne boka fortener di fulle merksemd.)

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Poesiar: Etter Henrik Wergeland» av Jon Fosse

Poesiar

Dette er eit ganske interessant prosjekt. Jon Fosse fikk ei stor interesse for diktinga til Wergeland etter å ha flytta inn i Grotten, der Wergeland i si tid budde. Fosse noterte mykje i margen om dikta han las, og skreiv så desse sjølvstendige dikta med Wergeland sin poesi som utgangspunkt. Dette er, for å sitere vaskelappen, «skrift over skrift». Vidare står det bakpå at «Det er noko frå Wergeland i alle dikta som her er samla, hulter til bulter, frå fleire dikt i eitt dikt, mykje i eit dikt, lite eller nesten ingenting i eit anna».

Sjølv har eg ikkje eigentleg lese noko av Wergeland, så eg har ikkje noko omgrep på kor mykje som er inspirert, nesten rett avskrive eller berre småplukk; Men at her er nasjonalromantiske trekk, er det i alle fall ikkje tvil om. Det er norsk natur, det er kjærleik, det er død. Alt er så flott og vakkert. Det som gjer dette ganske kult, er at det meste er skrive i modernistisk form.

Eg skal ikkje skryte på meg å ha forstått alt innhold frå perm til perm, men det er etter mitt syn ikkje så mykje djupareliggande meining bak desse dikta. Dei er derimot veldig fine og hyggjeleg lesing, og som sagt; eit interessant prosjekt. Og det er vel i hovudsak det, eit kunstnerisk og litterært prosjekt, meir enn faktisk litteratur til å lese som kos. (Og så er det mykje strofer i parentes! Parentes i litteratur, spesielt sjølvstendige setningar og delar, er noko eg er veldig for. Det må seiast.)

Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Ensomheten i Lydia Ernemans liv» av Rune Christiansen

Ensomheten i Lydia Ernemans liv

Det var ikkje så mange stikkord eg kunne bruke om denne boka, for den handlar eigentleg ikkje om så mykje. Ikkje om einsemd ein gong, for Lydia er eigentleg ikkje einsam. Synest eg, då. Men eit rikt liv vil eg heller ikkje påstå at ho har, i alle fall ikkje i starten av boka.

Boka er kort, og følgjer Lydia igjennom eit par år av livet sitt. Lydia er svensk, utdanna veterinær og bur i ei bygd utanfor Oslo. Ho lev eit stille, roleg, høfleg og eigentleg fint liv, og saknar eigentleg ikkje så mykje.

Det er ikkje så mykje plot eller handling, men ei fin og lita forteljing om Lydia og alt som går føre seg inne i hovudet hennar. Ikkje ei bok for den utålmodige lesar som forventar action, men perfekt lesning for å slappe av på sengekanten. (Sjølv om han kunne spart seg dei få svenske avsnitta inn i mellom, for svensk er verkeleg vanskeleg å lese!)

Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«Ildbarnet» av S.K. Tremayne

Boka er sponsa av Font forlag

Ildbarnet

Så dette er den fyrste påskekrimmen min i år. Eg las den forrige boka til forfattaren (unnskyld, den anonyme, kjende forfattaren som skriv under pseudonymet S.K. Tremayne), og eg seriøst elska den. Igjen har ho (eller han) skrive ein skummel roman med utgangspunkt i små barn og overtro. Og for å sei det sånn, den skuffa absolutt ikkje.

Denne thrilleren handler om Rachel Daly. Ho har nettopp gifta seg med den litt eldre David, ein arving til eit svært gods i Cornwall. Rachel var sjølv ganske fattig under oppveksten, og synest det er overveldande å skulle bestyre eit stort og gamalt gods, spesielt når ho heile tida føler ho vert samanlikna (og samanliknar seg sjølv) med Davids avdøde kone, Nina. Nina døydde i ei gruveulykke for kun halvanna år sida, og Rachel vert ganske stressa når hennar nye steson, Jamie, fortel at han drøymde om Rachel, med mykje blod på henda. Betre vert det ikkje når draumen hans ser ut til å bli sann, og Rachel finn forstyrrande brev åtteåringen har skrive til mora – som han er overbevist om at er i live.

I heile boka er det ei nedtelling til den komande jula, som vil vere toårsdagen for Ninas død. Det er ein stor del av drivkrafta (bortsett frå dei utruleg urovekkande handlingane som skjer, naturleg nok). Spesielt med tanke på at Jamie forteller Rachel at ho vil vere død innen første juledag. (Og blodet fraus til is i årene og alt det der.) Og herregud, måten miljøet og naturen i Cornwall er skildra! Det er så utrulig godt gjort, ein ser heile greia for seg og historia berre flyt!

Viss du har lest Istvillingene, så MÅ du berre få med deg denne òg! (Og har du ikkje lest Istvillingane, må du seriøst gjere det! Creepy greier, altså.)

Forlag: Font
Utvgivelsesår: 2017

Fleire bøker av S.K. Tremayne finn du HER.

Sitat

«Lyden av en lerke» av Erica James

Boka er sponsa av Bastion forlag

Lyden av en lerke

ÅÅÅÅÅ, SOM EG HAR VENTA PÅ DENNE BOKA!! Etter å ha slitt meg gjennom Enken,  var denne boka et kjærkomment avbrekk. Eg absolutt elska Alt i et øyeblikk, så gjett om eg var spent då eg starta på denne. Og eg vart ikkje skuffa.

Lizzie har fått sparken frå radiojobben sin etter å ha hatt eit forhold til sjefen sin (etter først å ha dumpa langtidskjærasten sin for sjefen), og må no flytte heim til foreldra sine. For å ha noko å gjere, får mora hennar Lizzie til å vere besøksvenn på ein gamleheim, noko ho slett ikkje har lyst til. Etter kvart oppdager Lizzie at det ikkje er så verst, spesielt ikkje når ho kan sitje i timevis og høyre på gamle Clarissa Dallimore fortelje om livet sitt, spesielt om livet sitt før, under og etter andre verdskrig på landsbygda i England. Lizzie og Clarissa utvikler eit fint vennskap i løpet av boka, og ein blir varm om hjertet.

Historia har mange likskaper med Alt i et øyeblikk; hoppinga i tid, ung kvinne som har det litt vanskeleg, blir venn med gamal dame, får høyre historia hennar og samstundes prøver å ordne opp i sitt eige liv. Men eg føler likevel ikkje at «dette har eg lest før» (sjølv om romanar om unge kvinner i England under andre verdskrig er ein guilty pleasure of mine), for det er ei veldig fin bok. Eg likte den forrige boka betre, men dette var uansett ei absolutt herlig bok å dukke ned i. Enjoy!

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Erica James finn du HER.

Sitat

«Lycke» av Mikaela Bley

Boka er eit leseeksemplar frå Boklageret

Lycke

Dette er den fyrste boka i ein ny serie om journalisten Ellen Tamm (og eg håpar Cappelen Damm vil fortsetter å gi den ut!). Makan til lettlest krim har eg sjeldan vore borti. Språket er enkelt, historia er ganske rett fram og egnar seg fint for såkalla «sarte sjeler». Så kvifor skal du lese den om den er så enkel? Vel, døm sjølv:

Lycke er 8 år. Ein fredag vert ho sluppen av utanfor treningshallen for den ukentlige tennistreninga si, som både mora, faren og stemora har gløymt er avlyst. Når dei skal hente henne, er ho ikkje å finne. Politiet anstrenger seg ikkje særleg hardt; mora er kald; stemora misliker Lycke fra før; og faren er totalt uengasjert. Ho er eit ganske uelska barn, når alt kjem til alt. Ein av dei få som ser ut til å bry seg, er journalisten Ellen Tamm. Ho veit at det ikkje vil endre noko av det som har skjedd, dersom ho finn Lycke, men ho kan ikkje la vere å prøve. Om berre ikkje privatlivet hennar (og no det arbeidslivet) var så himla kaotisk.

Det er ikkje ei bok som får toppkarakter, men eg gler meg likevel til den neste boka i serien, Liv. Historia om Ellen er nemleg langt i frå ferdig, og eg er spent på utviklinga til både Jimmy, det merkelege forholdet Ellen har til Ove, og så vil eg at Leif skal få seg ein på trynet. Snart. Så for å oppsummere: om du likar god krim som ikkje vil gi deg mareritt, er dette boka for deg!

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Thirteen Reasons Why» av Jay Asher

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Thirteen reasons why

Dersom dette omslaget ser ukjent ut for deg, er det sikkert fordi eg har originalomslaget, medan den nye utgåva har eit ganske anna omslag (svart, med ein gut med høyretelefonar på). For dei skal lage ein Netflix Original av boka, og gud forby om det ikkje skal finnast ein filmpocket (eg likar ikkje filmpocketar). Men ja, innhaldet og tittelen er no det same, så få tak i boka vil ikkje bli eit problem.

Ein dag etter skulen oppdager Clay Jensen ein pakke på døra si. Inne i pakken ligg det fleire kassetter (for den yngre garde: før cd-ar hadde vi slike små mini-vhs-ar med kun lyd på). Hannah Baker snakker på desse kassettene – jenta som tok livet sitt for nokre veker sidan. Ho forklarer at dersom du har fått desse kassettene er du ein av grunnane til at ho drap seg sjølv. Clay vert ganske satt ut, for han kan ikkje hugse å ha gjort Hannah noko. Han var jo faktisk forelska i ho?! Resten av natta bruker Clay på å høyre om Hannahs historier om dei andre som øydela livet hennar – og historia om seg sjølv.

Eg las boka på engelsk, men den kom på nytt på norsk no i år under tittelen 13 gode grunner, på Vigmostad & Bjørke. Den var veldig lettlest på engelsk, men det er jo ganske tilfeldig kva språk eg les på. Men handlinga er lik uansett, og den er knallbra. Eg vart verkeleg riven med frå første side, og sleit med å leggje frå meg boka (eg seier det ofte, men det er alltid sant). Det er ei veldig fascinerande bok! (Og ikkje så makaber som handlinga skulle tilseie.)

Forlag: Penguin
Utgivelsesår: 2017 (2007)

Fleire bøker av Jay Asher finn du HER.

Sitat

«Jordfast» av Graham Norton

Boka er sponsa av Juritzen forlag

Jordfast

Okei, så no har Graham Norton (ja, han talkshowfyren med skjegget og verdens beste latter) kome med si første skjønnlitterære bok. Og eg simpelthen digga den. Sjå for deg ei krysning av den sesongen i Frustrerte fruer der fruene drep en fyr og Med hjartet på rette staden, i sped biiiiittelitt Karin Brunk Holmqvist. Og så skal den visst likne litt på bøkene typ En mann ved navn Ove, men den har eg ikkje fått lest enno, så det kan eg eigentleg ikkje garantere.

Handlinga foregår i den vesle irske byen Duneen, der alt er ganske kjedeleg og stille. PJ Collins er politimann, og ein ganske så overvektig og sjenert type. Det er lite kriminelt i bygda, så han bruker mykje av tida si på å ete. Men så, under eit byggeprosjekt, dukkar det opp eit sett med knoklar av ein ung mann. Heile bygda tenker på Tommy Burke, som alle trur reiste til England, men ingen har høyrd frå han. PJ gjer sitt beste for å løyse saka med hjelp i frå ein betjent i Cork, men det er for mange spørsmål som treng svar. Fleire i bygda var forelska i Tommy, som ikkje akkurat var nokon engel. Og så er det så klart nokon som veit mykje meir enn dei er villege til å fortelje.

Det er ganske spennande, men hovedtema i boka er ikkje krimsaka, føler eg. Det handlar meir om hemmelegheiter på små stader, sjalusi, naboskap og offer. Vi følgjer fleire av bygdas innbyggjarar, som alle har sitt. Det gjer boka varm og truverdig, og boka er ypperleg for dei som foretrekk meir «kosete krim» enn andre.

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Brev til Victoria» av Marcelo Puglia

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Brev til Victoria

Spenn deg fast og gjer deg klar for ei emosjonell berg-og-dalbane. Fy søren for ei fantastisk bok (og eg kjem heller ikkje over kor VAKKERT omslaget er). Denne boka tar opp så viktige, men eigentleg ingen nye tema. Det er ei ganske tidlaus bok; om forholdet mellom menneske; om kjærleik til livet; om å bruke tida på det som betyr mest; om å klamre seg fast. Forfattaren har sjølv uttalt at denne boka ikkje handlar om liv eller død, men tid. Bruk den rett.

Mauricio har nettopp fått sparken, saman med halvparten av bedrifta. Med eit halvt års sjukeforsikring igjen via jobben, går han for sin årlege sjekk. Og til sitt store sjokk får han vite at han har ein hjernesvulst og seks månader igjen å leve. Mauricio vert knust; han har ei lita jenta på ein månad og ein vakker samboer. Han bestemmer seg raskt for å skrive brev til Victoria (dottera) som ho skal få når ho vert eldre. I løpet av det halve året vi følgjer Mauricio og hans nærmaste, opplever dei mykje. Boka er eigentleg berre ein lang veg med eit vanvittig antall twists and turns, og ein særs kreativ slutt.

Dersom du ikkje liker denne boka, gråter ein skvett eller blir rørt, må du ha eit hjarte av stein. Eg føler liksom at den passer for alle. Måten den knyt saman fleire historier på, forteljarmåten som vekslar mellom brev, personlege synspunkt og ein meir all-vitande forteljar.

Om du treng eksempel til andre verk for å skjøne om dette er noko for deg, kan du tenkje litt Paulo Coehlo, berre meir jordnært og moderne. Eller Breaking Bad, det er eit par parallellar her og (dødssjuk, korleis tene pengar raskt så familien har noko å leve av når eg døyr, nyfødt baby in the mix), berre mindre valdeleg. Eller Et helt halvt år, berre frå eit anna synspunkt. Konklusjonen min er i alle fall at det er ei veldig allsidig bok som vil passe for dei fleste.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Djevelen i den hvite byen» av Erik Larson

Boka er sponsa av Font forlag

Djevelen i den hvite byen

Denne boka er perfekt for alle som elska sesong 5 av American Horror Story: Hotel, enkelt og greitt fordi mykje av sesongen er basert på dette (sjuke) hotellet til (den sjukare) H. H. Holmes. Sjølv om boka i seg sjølv ikkje tek for seg så mykje av det som skjer på hotellet (det er jo ein dokumentar/true crime, så alt er jo basert på fakta, og fakta er noko av det som rett og slett manglar her).

Det vi derimot får vite mykje om, er korleis Holmes starta svindlar, forhold til unge kvinner som forsvant og bygginga av hotellet, «festningen». Unge kvinner som han ansetter slutter å kontakte familien sin, flytter utan ord, går fra menna sine, drar på ferie. Å skjule drapa sine var ikkje eit problem heller, hugs at dette er på slutten av 1800-talet og du kunne skifte namn, forfalske signaturar og spre rykter om kor folk befant seg, og korleis skulle nokon kunne avsløre deg? Det er skremande å tenke på alle menneska han hadde kontakt med, alle etterforskarane han snakka med som ikkje mistenkte noko som helst fordi han smilte og var sjarmerande.

Det er kanskje litt vel mykje arkitekturhistorie inn i biletet i forhold til den faktiske historia om H. H. Holmes, men kapitla om Holmes og arkitekten Burnham er separate, så du kan fint hoppe over dei om du vil (sjølv om du kan lære vanvittig mykje, som at verdsustillinga  var opphavet til eden skolebarn les i USA kvar dag, pariserhjulet, spraymaling og mykje meir). Boka er true crime, og skummel. Eg fikk faktisk mareritt – folk er (faen) ikkje friske.

Forlag: Font
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Se meg» av Nicholas Sparks

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Se meg

Når du tenker Nicholas Sparks tenker du sikkert Dagboken, The Last Song, klissete kjærleikshistorier og slikt. Vel, du har for så vidt rett. I bøkene til Sparks (og filmatiseringane) er det mykje kjærleik, og det er det for så vidt her òg, men den siste boka hans inneheld så mykje meir. Det som fyrst kan verke å vere ei typisk motsetningar tiltrekker-historie, utviklar seg raskt til å bli ein spenningsroman av eit eige kaliber.

Maria er ganske perfekt: vakker, intelligent, hardtarbeidande advokat. Colin er derimot annleis, med si valdelege og kriminelle fortid. Han har brukt mykje tid og krefter på å forandre seg, og Maria forelsker seg mot betre vitande. Men akkurat når forholdet deira når ei høgde og dei begge er stormande forelska, viser det seg at det er Maria si fortid som skal ta dei att og presse dei til det ytterste. Historia tar ein nifs turn, og livet til Maria vert dramatisk forandra, og Colin er på nippet til å øydelegge alt for seg sjølv.

Det er ei strålande historie, ein gnistrande roman og alle andre lovord du kan kome opp med. Om du før har tenkt at Sparks sine bøker er for romantiske for deg, ombestem deg ASAP, for denne boka er vanvittig spanande, absolutt på nivå med «klassiske» thrillere. Den grip tak i deg, og slepp ikkje før siste side er ferdig lest. Og kanskje ikkje då heller.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016