Sitat

«Max, Mischa og Tetoffensiven» av Johan Harstad

Max, Mischa og tetoffensiven

Ei bok på nesten 1100 sider, som har bortimot dobbelt så mange ord per side som ei vanleg bok. Over eit døgn med lesing. Å vere i det same universet og i dei same, få karakterane så lenge gjer noko med deg. Spesielt når det er snakk om så godt som rein epikk, utan noko stort drama eller mysterium eller problem som skal løysast. Har eg opplevd Vietnamkrigen? Regissert veldig spesielle teaterstykke, eller solgt svindyr kunst? Nei. Men på eit merkeleg vis har eg jo det, via Harstads bok. Og den må jo ha vore ganske bra, sidan eg «orka» å lese ut denne mursteinen.

Romanen handlar hovudsakleg om Max. Som barn på grensa til ungdomslivet vert han tvangsflytta (av foreldra) til USA, frå Stavanger. Han er rasande over å måtte forlate vennane sine. Max er ikkje så utadvent av seg, og får kun éin god venn når han flyttar til Long Island, nemleg Mordecai. Det er Mordecai som seinare introduserer han for Mischa. Vi følger Max i rundt 25-30 år. Innimellom møter vi også Owen, som blir ein viktig person i Max» liv. Owen følgjer vi i veldig ukronologisk rekkefølgje, og får høyre om hans tid i Vietnam, i notida, om forholdet til Martha, forholdet til Seymore og kona og ein del andre ting. (Ærleg: Owen si historie kunne vore si eiga bok, både når det kjem til spenninga og antal sider, og det ville kanskje fungert betre. Ein slags spin-off av MMT.)

Det går ikkje an å nekte for at boka er god (og det gjer eg heller ikkje), og altså godt skriven. Men eg synest det kjem altfor tydeleg til uttrykk kor hardt Harstad har prøvd å lage setningar som skal verke så poetiske, og vere quotable. Det verkar litt vel falskt litt vel ofte, dessverre. Det er verst i starten. Eg vil ikkje anbefale denne boka til kven som helst, ein skal ha tålmodighet for å kome seg gjennom denne. Enkelte av setningane er ei og ei halv side lang, skild med mange semikolon, bindestrekar og nye setningar i parentes. Det kan bli litt vel mykje, og ingen kan påstå at korkje skrivemåten eller historia i seg sjølv er lettleste. (Det er og ganske mange overflødige skildringar, som med fordel kunne vore kutta ned til éin tiandedel.)

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Bare én hemmelighet» av Simona Ahrnstedt

Boka er sponsa av Vigmostad & Bjørke

Bare én hemmelighet

Eg vil insistere på at du bør lese den fyrste boka, Bare én natt, før du tek til på denne. Dersom du ikkje gjer det, vil du gå glipp av vanvittig mykje kontekst og poeng, og enkelte menneske vil verke veldig todimensjonale. Så bare gjer det, okei? For i denne romanen fortsetter vi eigentleg berre på den same historia som starter i den fyrste, men frå eit anna synspunkt.

For no følgjer vi Alexander De la Grip og Isobel Sørensen. Isobel er lege, er med i Leger uten grenser og i sin eigen bistandsorganisasjon i Tsjad, Medpax. Isobel oppdager at ein stor stiftelse har slutta å donere til organisasjonen, og vert ikkje overraska når ho finn ut at det er stiftelsen til Alexander; ho fornærma han ganske grovt og skjelte han ut då han la an på henne for eit halvt år tid sidan. Ho blir ganske så sint, og då ho skjeller ut Alexander for å kutte støtta, bestemmer han seg for at ho er ganske pen, og at han godt kunne tenkt seg å ligge med henne. Og Isobel hater seg sjølv for å ha dei same kjenslene for han. Og dramaet er i gong.

Det er ikkje like mange thrillerelement i denne boka som i Bare én natt, men den er likevel mykje meir aktuell. Den tek for seg krig, terror, flyktningar, psykologi og seksualitet (ikkje berre sex). Dramatiske avsløringar er det eigentleg ikkje så mange av, men det er likevel eit lite dykk i kva vi menneske oppfattar som unormalt og skamfullt. Lettlest, medrivande og romantisk!

Forlag: Vigmostad & Bjørke
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Simona Ahrnstedt finn du HER.

Sitat

«Sporvekslingsmordet» av Hans Olav Lahlum

Boka er eit rådgjevareksemplar frå forfattaren

Sporvekslingsmordet

No har vi kome til det tredje året og den tredje romanen eg har lest og kommentert på førehand, av Hans Olav Lahlum. Og eg kan seie med handa på hjartet seie at dette er ei veldig annleis, og kanskje meir kjenslevâr enn dei førre bøkene om K2 og Patricia.

K2 hamnar sjølvsagt opp i ei ny mordetterforsking, som viser seg å vere knytt til båe ei forsvinning på femtitalet og eit drap på førtitalet. K2 treng som vanleg hjelp frå Patricia for å løyse saka (og denne er endå meir komplisert enn dei førre), men det viser seg å vere veldig vanskeleg. For det fyrste kan det verke som om politisjefen har fått snusen i Patricias hjelp, og for det andre halter forholdet mellom Patricia og K2, og for å parafrasere sistnemnde: dei er meir som gode vener forkledd som kjærastar.

Det er eit utruleg komplisert plott, med mange detaljer, fordommar, unike karakterar og uvanleg mykje kjensler. Og om du ikkje blir litt lei deg av denne boka, då bør du skamme deg.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Hans Olav Lahlum finn du HER.

Sitat

«Syndenes forlatelse» av John Hart

Boka er eit ukorrigert førehandseksemplar frå Font forlag

Syndenes forlatelse

Denne boka har tatt frå meg nattesøvnen på meir enn éin måte. Det er slik du veit at ein thriller er god: når den er så godt skriven at du ikkje vil slutte å lese, samstundes som den er truverdig nok til at det du les skremmer livskiten ut av deg.

For tretten år sidan vart den dekorerte politihelten Adrian Wall arrestert og fengsla for eit mord. Alle var sikre på at det var han som hadde gjort det, utanom Elizabeth Black. No er Elizabeth sjølv politi, og har hamna i ein liknande situasjon: to svarte menn er drept av henne, ei kvit politikvinne. Ikkje berre drept, men brutalt drept. Adrian vert løslatt på prøve, og Elizabeth klarer ikkje å halde seg unna han, til trass for alle beskjedane ho får av sine overordna. Samstundes må Elizabeth klare å unngå arrestasjon sjølv, noko som er ganske vanskeleg når du nektar å samarbeide med delstatspolitiet.

Boka er eit djupdykk inn i ulike menneskesinn, og menneskets evne til kjærleik, hat, tilgjeving og hevn. I tillegg tar den for seg den politiske biten av dobbeltdrapet, altså svarte som vert brutalt drept av kvite politimenn utan ein tilsynelatande grunn. Den er altså svært aktuell. I tillegg er den nesten latterlig godt skrive, så dette er ei bok eg kan gje ein heilhjarta sekser. Les den!

Forlag: Font
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av John Hart finn du HER.

Sitat

«Bare én natt» av Simona Ahrnstedt

Boka er eit leseeksemplar frå Boklageret

Bare en natt

Denne boka er ein skikkeleg pageturner! Svenskar har ein tendens til å skrive gode bøker, og dette er nok eit eksempel. I denne boka møter vi drama, romantikk, sosietet, hevn og tunge fortider. Det er ein strålande samansett roman for alle som liker den nye bølgja av sexy bøker, utan at erotikken er hovudfokuset her i det heile.

Vi møter Natalia De la Grip, ei overklassekvinne som jobbar knallhardt. Uansett kva ho gjer, slepp den mannssjåvinistiske faren hennar ho ikkje med i familieselskapet. Dette veit David Hammar, ein nykomling i finansverdenen, som har store planer for Natalia. Han tek ho med ut til lunsj, og oppdager til si eiga overrasking at han vil møte henne igjen. Etter kvart ligg han med henne, men det er uansett berre for éi natt. Heilt til det ikkje er «berre» det.

Det er som sagt mykje drama, og spenningsnivået er høgt. Det er twists and turns, båe for lesarane og karakterane sjølve. Karakterane og hendingane er i og for seg ganske realistiske, og sjølv om boka er på rundt 550 sider, går den fort ned. Så om du liker «husmorporno» med litt mindre «porno» i historia, vil denne boka passe deg ypperlig! (Og den er uendeleg mykje betre enn Fifty Shades!)

Forlag: Vigmostad & Bjørke
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Simona Ahrnstedt finn du HER.

Sitat

«Rein natur» av Maria Tryti Vennerød

Rein natur

Denne forteljinga er inspirert av verkelege hendingar og personar, ikkje minst den verste og mest frykta av nazidoktorane under andre verdskrigen, Doktor Josef Mengele, som jobba i Auschwitz og som hadde tilnamnet «Dødens engel». Dette er ein del av forordet til stykket. Resten av forordet presiserer at sjølve stykket er oppdikta og ikkje historisk etterretteleg. Det er skrive for eit prosjekt om andre verdskrig av Det Norske Teatret.

Dette er eit intenst lite stykke, der vi følgjer Josef Mengele i ulike aldrar. Det er tre periodar av livet hans, delt opp av eit kor og Hippokrates. Det er eit dykk inn i menneskelegheit, grusame handlingar, naturens eigen natur og om å ville det beste. Det handlar om vitskap, legekunst, forsking og ikkje minst – målet med forskinga. (Og det fungerer skikkeleg godt på nynorsk! Eigentleg gjer vel det meste drama det?)

Det vil ta deg ein halvtime å lese ut denne tynne boka, men bruk litt ekstra tid og nyt den! Det gjorde i alle fall eg.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Tilgi meg» av Lori Nelson Spielman

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Tilgi meg

Å, for ei flott bok! Etter å ha lest Spielman si debutbok, En liste for livet, var det nesten skummelt å starte på denne. Tenk om den var elendig i forhold? Men til alle som har lest debuten, vil eg berre seie med ein gong at denne er like god!

Hannah Farr er på ein nedtur. Talkshowet hennar har dårlege sjåartal, kjærasten nektar å forlove seg med henne (og han har ei skikkeleg sur dotter), faren er død og ho har ikkje snakka med mora si på tjue år. I tillegg prøver ein kollega å stele showet hennar (bokstaveleg talt!). Hannah er mildt sagt sur, og i tillegg skal ho plutseleg måtte tilgi mora for å ha valgt elskeren over dottera, berre på grunn av nokre teite «tilgivelsessteiner» som mobbaren hennar frå barneskulen har sendt henne? Det kjem ikkje på tale, heilt til ho plutseleg ikkje har noko val. Og då oppdager Hannah at det kanskje er ho, og ikkje mora, som burde be om tilgjeving.

Dette er ei heilt anna historie enn den fyrste boka, men også denne handler mykje om å ta eit grep i livet sitt; å bli kvitt det som er vanskeleg, vere seg sjølv, gjere det ein ynskjer, og ikkje minst gjere opp for seg. Ei varm og sjarmerande bok, med ei historie som vil sitje att ei stund!

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Lori Nelson Spielman finn du HER.

Sitat

«En liste for livet» av Lori Nelson Spielman

Boka er sponsa av Cappelen Damm

En liste for livet

Herregud, for ein nydeleg roman! Eg vil berre kaste seksarar etter han! Sjølv om det er klisjéaktig å seie at ein ikkje klarte å leggje ned ei bok, så var det tilfelle her. Eg satt heile dagen i strekk og berre las og las (og som eit kvalitetsstempel: eg ser for tida Downton Abbey på nytt, så det at eg ikkje tok ei lesepause for å sjå ein episode var ganske nytt!).

Brett Bohlinger lev eit ganske priviligert liv. Ho har nok av pengar, stor familie, ein kjærast, fin leilighet og skal straks arve mora sin posisisjon som administrerande direktør i kosmetikkfirmaet. Det einaste som er vondt i Brett sitt liv er grunnen til at ho skal arve ein tittel – mora har nyleg dødd av kreft. Men det varer berre ei lita stund. Ved testamentopplesinga får ho beskjed om at ho ikkje får ei krone av arven før ho fullfører ønskelista si frå då ho var 14. Som inkluderer blant anna å skaffe seg hest (midt i byen?), skaffe seg eit godt forhold til faren sin (som er død?) og få barn (med ein kjærast som ikkje vil ha barn). Og alt dette med meir må gjerast i løpet av eitt år. Bretts liv blir totalt snudd på hovudet.

Denne boka tar for seg vennskap, familieband, å oppdage nye (eller gamle og no gløymde) sider ved sitt eige liv, og å gjere det som kjennest rett, same kor vanskeleg det kan vere. Og er det ein ting ein aldri skal gå på akkord med her i livet, så er det kjærleiken! Eg elska denne boka, og gler meg til å gje meg i kast med den nyaste romanen hennar, Tilgi meg!

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Lori Nelson Spielman finn du HER.

Sitat

«Belgravia» av Julian Fellowes

Boka er eit førehandseksemplar frå Gyldendal Norsk Forlag

Belgravia

Eg ELSKAR Downton Abbey, så når denne boka vart annonsert heldt eg på å skrike av glede. Og etter å ha lest ho, trur eg at eg skal setje meg ned og sjå heile Downton Abbey ein gong til. Enkelt og greitt fordi Julian Fellows verkeleg kan å skape eit godt plott med mykje drama og komplekse karakterar.

Vi følgjer mange ulike menneske i denne boka. Vi følgjer James Trenchard, ein sosialt ambisiøs handelsmann som desperat ynskjer å bli godtatt i sosieteten; kona hans, Anne, som er litt meir realistisk av seg; sonen deira Oliver (som innbiller seg at han er sosieteten) og kona hans igjen, Susan (som er ei manipulativ kjerring). På den andre sida av Belgrave Square finn vi den faktiske sosieteten: Lady Caroline Brockenhurst (tenk typ bestemora i Downton Abbey); svogeren hennar Stephen (ein spillegal tulling); son til Stephen, vicomte John Bellasis (ikkje spillegal, men minst like tulling) og hans forlovede, Lady Maria Grey. Og så midtpunktet for alles drama; prestesonen og handelsmannen Charles Pope.

Det er mykje drama, og spenninga byggjer seg berre høgare og raskare dess nærmare slutten vi kjem. Vekslinga mellom dei ulike karakterane er overraskande lett, så ein vert ikkje stressa sjølv om perspektivet plutseleg snur. Og ikkje bli fortvila over alle namna og titlane! Det kan vere kjempeforvirrande i starten, men du får taket på det. Så hvis du ikkje allereie har lest boka kapittelvis i e-bok, så anbefalast det å kjøpe den!

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Calendar Girl: Begjært» av Audrey Carlan

Boka er eit førehandseksemplar frå Cappelen Damm

Begjært

Og historia fortsetter! Dette er andre bok om Mia Saunders og hennar år som eskorte. Vi følgjer Mia i april, mai og juni, og etter denne boka er vi altså halvvegs i historia hennar. What? Og så må eg vente på dei to neste bøkene?? Vi snakkar oktober og november, liksom.

Mia har fortsatt reisa si, og hamnar først i Boston (i april) hos ein baseballspelar som ikkje heilt har orden på privatlivet sitt. I mai reiser ho til Hawaii, der ein designer har leigd ho heile månaden for å vere modell for eit plus size-merke. Etter ein heit (på alle måtar) månad, blir juni tilbrakt i Washington DC, hos ein 65-årig politiker. Mia er jo som sagt i forrige omtale av serien ganske tøff, og klarer ikkje la vere å blande seg borti alle sine private affærer og spille hobbyterapeut. (Spoiler: For dei som kun har hørt om bøkene og ikkje lest dei, kan eg avsløre at Mia absolutt ikkje er horete. I denne boka har ho faktisk ikkje sex med ein einaste klient!)

Denne boka går djupare enn den første. Kvar «episode» tek for seg ei litt alvorlig tema, og Carlan behandlar dei fint. I april står brystkreft sentralt, i mai kroppspress og i juni seksuelle overgrep. Eg køddar ikkje når eg seier at eg gråt i «juni». Heilt ærleg, spander på deg desse bøkene.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Audrey Carlan finn du HER.

Sitat

«Kven er redd?» av Carl Frode Tiller

Kven er redd?

For eit skodespel! Ein må faktisk snappe etter luft her, jo. Dette er verkeleg morosamt, og det går slag i slag. Eg lo høgt fleire gonger, og humra konstant for meg sjølv. Det første eg gjorde no når eg sette meg foran Macbooken (etter å ha lese heile greia i eit strekk) var å leggje alle bøkene til Tiller på ynskjelista mi. For denne fyren veit tydelegvis kva han driv med.

Stykket «Kven er redd?» handlar om Bjørn. Bjørn er middelmådig i det meste: som skodespelar, ektemann, far, menneske generelt. Han er til og med middelaldrande (snakk om gjennomført type!). Han og kona har eit ganske anstrengt forhold, men ikkje fullt så anstrengt som det han har til borna sine eller svigerforeldra, eller sin eigen far. Men det er heller ikkje langt i frå. Bjørn spelar hovudrolla i eit stykke kalla «Hvem er redd for Virginia Woolf», og etter kvart kjem Bjørn sine eigne redslar fram. Mellom kvar «familiescene» er det ein monolog av Bjørn, der han snakkar direkte til publikum.

Eg har ikkje tenkt å avsløre meir, berre at stykket er fantastisk (så om nokon vil setje det opp, tek eg gjerne på meg rolla som regissør og castingansvarleg, for eg har allereie den perfekte skodespelaren i hovudet i rolla som Bjørn). Sjølv om du ikkje les drama til vanleg, vil du nesten ikkje merke det, det er like lettlest som ein roman. Såpass skildrande, og likevel ikkje dikterande, er sideteksten. Eg anbefalar skodespelet på det varmaste!

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Carl Frode Tiller finn du HER.

Sitat

«Mors gaver» av Cecilie Enger

Mors gaver

Denne boka vant Bokhandlerprisen i 2013, og dei bøkene pleier jo å vere ganske gode. Og med så mykje skryt som denne har på omslaget og inn i omslaget, burde den jo vere fantastisk? Og tjaaaaa. Den er jo fin! Veldig, veldig fin. Det kjennest jo nesten litt for privat og intimt å lese så mykje om andre menneske sine liv (det er jo ein sjølvbiografisk roman), men Enger gjer det eigentleg lettare å lese enn det kanskje burde vore.

Boka handler om mora til Cecilie Enger, som no lid av Alzheimer og bur på sjukeheim. Når ho og søskena tømmer barndomsheimen før den skal selgast, finn Cecilie moras lister. Lister over alle julegaver gitt og fått i rundt 40 år. Med utgangspunkt i desse listene fortel Cecilie om moras sjukdom, det som vert huska eller gløymd, minner frå barndommen og ungdomstida si, og korleis ho og familien opplever Alzheimeren.

Det er som sagt ei veldig fin bok, med mange interessante tankar og refleksjonar. Den var litt kjedeleg dei fyrste 50 sidene, når alle menneska vert presentert (og må plasserast mentalt), men når vi er komne litt inn i boka vert den god. Det er fint, trist og ei interessant bok. Litt overvurdert, men ikkje mykje.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av Cecilie Enger finn du HER.

Sitat

«Arven» av Katherine Webb

Arven

Eg er superfan av Katherine Webb, så eg vart skuffa når eg starta på denne boka. Det tok meg 200 sider å kome godt i gang og bli fenga. Til gjengjeld skal det seiast at når historia fyrst hadde kome skikkelig i gang, var den kjempespanande og ikkje minst original. Eg vart overraska for kvart kapittel, og det tok heile boka å avsløre alt.

Boka handlar om Erica og hennar familie. Ho og syster si, Beth, reiser ut på familiegodset for å rydde opp i boet etter den nyleg avdøydde bestemora, Meredith. Det er mange vonde minner på godset, for då dei var barn forsvant fetteren på mystisk vis. På loftet finn Erica mange mystiske brev og gjenstandar frå oldemora Caroline, og i hagen finn ho barndomsvennen Dinny. Parallelt følgjer vi Caroline som ung.

Denne boka tar for seg mange tema (bare sjå på antall tags!), så her er noko for alle, altså. Likar du veksling mellom fortid og notid, å lese om engelske gods, amerikansk nybygging, urfolk, taterar, psykiske lidingar eller berre spanande bøker generelt, så vil du nok like denne. Så lenge du har tolmod til å kome deg gjennom den fyrste halvdelen.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2011

Fleire bøker av Katherine Webb finn du HER.

Sitat

«Calendar Girl: Forført» av Audrey Carlan

Boka er eit førehandseksemplar frå Cappelen Damm

Forført

Eg er heilt ærleg overraska over kor godt eg likte denne boka. Veldig mange bokbloggerar og kritikarar har jo slakta den og skildra den som møl og porno (ja, for porno er så mykje meir «akseptabelt» visuelt enn litterært??). Men hallo, den er jo sååå underhaldande, lettlest og sexy! Greit nok at eg er midt i målgruppa for boka, men det gjer den jo ikkje mindre bra. Den har ei handling med god driv, mindre sex enn ein skulle tru, og karakterane er ganske realistiske. Eg kan forstå at mange voksne vil seie seg ueinig i det, men om du ikkje har vore ungdom dei siste ti åra, så er du kanskje ikkje klar over at det ei tid tilbake var veldig populært å kalle venninne sine for hore og bitch, óg meine det positivt. (Og grunnen til at alle menna er så sexy, er jo fordi tanta berre plukker ut sexy menn til Mia.)

Men det vart veldig mykje introduksjon! Du har sikkert høyrt «vaskelappen» før, men boka handler altså om Mia Saunders. Faren til Mia ligg i koma, etter å ha blitt banka opp av ein lånehai han skuldar 1 million dollar. Fordi Mia pleide å date lånehaien, har ho fått ein betalingsplan over eitt år – og den einaste måten Mia kan tene så mykje pengar på, er ved å ta jobben tanta tilbyr henne som eskorte. Mia hatar ideen, og ser fram til året med gru. Heldigvis for Mia har ho flaks når det gjeld klientane sine. I januar lev ho livet i Malibu, før ho reiser vidare til Seattle og deretter Chicago.

Eg likte Mia utruleg godt. Ho er fyrig, sjølvstendig og har eit enormt bein i nasen. Kort og godt likte eg boka, og gler meg til å starte på neste. Og for dei som synest sexen var kleint skildra: prøv sjølv, då. Det norske språket er utruleg funksjonshemma når det kjem til erotiske ord som ikkje er anten utruleg kliniske, kleine eller direkte vulgære.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Audrey Carlan finn du HER.

Sitat

«Huset du elsket» av Tatiana de Rosnay

Huset du elsket

Dette er ein syltynn liten roman om kjærleik. Kjærleik til byen sin, til barna sine, til ektemannen, til livet.

Rose Bazelet er enkje i Paris i 1860-åra. På denne tida vert byen modernisert med nye gater, kloakksystem, parkar og rett og slett «forskjønna». Rose sitt hus har vore i ektemannens familie i 150 år, men dette huset ligg i ei gate som skal jamnast med grunnen. Til trass for ein fin pengesum, nektar Rose å flytte. Gjennom brev til den døde ektemannen, og enkelte brev fra familiemedlem, fortel Rose si historie.

Det er ei lågmælt historie om eit vanskeleg val, eit vakkert liv med for mykje råskap og sorg; om å miste barn, mann, og by. Og til slutt livet.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2011

«Avslørt» av Renée Knight

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Avslørt

Dette var ei av fjorårets mest omsnakka thrillarar, og det herska stor ueinigheit om boka var ein genistrek eller kjedelig og lite truverdig. Min dom? Fantastisk. Eg trudde maaaange ganger underveis at eg hadde skjøna samanhengen, men ikkje éin gong fikk eg rett. (Og det er ganske sjeldan!) Karakterane er ekstremt ærlege og truverdige, og dette gjer dei lette å kjenne seg att og leve seg inn i.

Hovudkarakteren er Catherine, sjølv om jeg-fortelleren er ein mann ved namn Stephen Brigstocke. Catherine får panikk når ho oppdagar at boka ho les i handlar om henne sjølv, og ei frykteleg hending fra tjue år tilbake, som ho aldri har fortalt nokon om. Den einaste som kunne vite noko, er død. Catherine skjønar at ho er avslørt, og ser livet sitt falle frå kvarandre, bit for bit.

Eg satt om kvelden og måtte presse meg til å lese vidare. Ikkje fordi den var kjedeleg, men fordi eg ikkje orka tanken på vente til i morgon med neste kapittel, sjølv om eg var usigeleg trøytt. Og det er vel eit kvalitetsteikn?

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Hold pusten så lenge du kan» av Maria Sand

Hold pusten så lenge du kan

«Hold pusten så lenge du kan»? Ja, det kan du seie! Denne boka tok pusten ifrå meg fleire gonger. Greit at det er ein debutroman frå i fjor, men kvifor er ikkje denne boka snakka meir om? Den tar jo for seg eit viktig tema!

Gjennom delar kalla Før, Etter, Så og Nå møter vi Alva. Alva har eit tøft liv. Som åtteåring vert ho mobba, bestevenninna, Kjersti, døyr og foreldra hennar går frå kvarandre. Som tenåring er ikkje livet mykje betre, sjølv om det er veldig annleis. Alva slit med sunne forhold, både til seg sjølv, andre menneske og haldningar. I tillegg lev ho med skuldkjensla over at det kanskje var bitte litt hennar feil at Kjersti døydde.

Språket er så godt, det dirrar! Og måten Sand har brukt pronomena på er utruleg perspektivskapande. Som barn er Alva «jeg», som tenåring opplever ho seg sjølv utanfrå og er «du». Som ung vaksen er ho «hun» og som vaksen er ho seg sjølv att. For ei effekt! Tonen i boka er heilt unik. Sår, fin, vond, og ikkje minst presis. Den MÅ bare lesast.

Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Stillitsen» av Donna Tartt

Stillitsen

Dette er ei bok om sorg, familie, kunst, å tilgi (eller ikkje), å ikkje passe inn, å ta feil val, ekstensiell angst. Og den gjekk rett inn på mi topp fem (minst) liste over fantastiske bøker.

Når Theo er 12, forlét faren han og mora. Når Theo er 13, døyr mora i eit terrorangrep på museet dei besøker. Theo klarer å kome seg ut av bygninga, og med seg får han Stillitsen, eit kunstverk av Carel Fabritius fra 1654. Dette kunstverket blir starten på mykje glede og smerte for Theo. Han har ein ustabil oppvekst, med ein familie i New York, sin eigen alkoholiserte far og stemor, aleine, hos antikvitetshandlaren Hobie. Og Theo gjer mykje dumt. Han slit med skuldkjensle, med angst for folkemengder, dop, og you name it. Men han oppdager raskt at fortida har ein måte å ta deg att på.

For ein gongs skuld er det legitimt å seie «Skal du berre lese éi bok i år…», og ikkje berre fordi den er så tjukk at ein som ikkje les så mykje gjerne vil bruke et år, men fordi den er så himla fantastisk. Det er ein fantastisk roman, som er så velskriven at du ikkje vil leggje han i frå deg, til tross for mangel på typiske spenningsmoment og lokkeduer ein gjerne får i (mykje kortare) romanar for å lese vidare. Det trengst rett og slett ikkje her.

Forlag: Tiden
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«For alltid i ditt hjerte» av Viola Shipman

Boka er sponsa av Cappelen Damm

For alltid i ditt hjerte

For ei utrulig fin bok! Om du leitar etter ei feelgoodbok som ikkje er ei tåredryppande kjærleikshistorie, er dette verkeleg boka for deg. Den handlar om familie, tap, å vere sterk og ikkje minst å leve livet til det ytterste. Den er behageleg skrive med mykje varme, og med akkurat rett mengde klisjear.

Denne historia om Lolly, dottera Arden og barnebarnet Lauren vert fortalt gjennom kvar av dei ulike charmane (dei små tilhenga på smykker) Lolly har på armbandet sitt. Kvar charm fortel ein viktig del av historia til Lolly, mora hennar og bestemora hennar, historier korkje Arden eller Lauren visste om. Arden og Lauren må gå djupt i seg sjølve i løpet av boka, for å finne ut korleis dei vil leve, for hittil har ingen av dei vore særleg lukkelege.

Viola Shipman er eit pseudonym, for memoristen Wade Rouse. Ein mann. What? Ikkje for å vere sexist, men har ein mann verkeleg skrive ei så fin «damebok» som går så djupt inn i tre kvinner? Eg kjenner meg like sjokkert som då eg fann ut at Blomstene i Shanghai var skriven av ein mann. Bare, wow. Då lurer eg berre på kvifor menn ikkje kan steppe up og lese slike bøker sjølv? (Eller innrømme at dei les dei i smug.)

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Istvillingene» av S.K. Tremayne

Istvillingene

Uææ, eg sit her med frysningar. For ei utruleg skremmande bok! På eit eller anna vis klarer ho likevel å vere truverdig, og eg som alltid har ynskt meg tvillingar… Huff.

Sarah og Angus Moorcroft flytter frå London til ei lita øy i Skottland, der Angus kjem frå. Flyttinga skal hjelpe dei og dottera, Kirstie, å kome seg over tragedien som ramma dei for litt over eit år sidan. Nemleg det dødelege fallet til Lydia, Kirsties einegga og identiske tvilling. Og midt i flyttinga, kjem Kirstie med ei uhyggjeleg utsegn: ho er Lydia, og det var Kirstie som døde. Sarah veit ikkje kva ho skal tru, for det var kun Kirstie som såg fallet, og det er umogleg å skilje tvillingane frå einannan. Kan ho faktisk ha tatt så feil? Sarah kan heller ikkje snakke med mannen om problemet, ekteskapet deira hanglar så fælt at dei knapt snakkar saman.

I boka kjem det tydeleg fram at Sarah og Angus har ganske ulike oppfatningar av kva som skjer og har skjedd. Begge veit noko dei ikkje vil dele med den andre, og alt bygger seg opp til ein overraskande slutt. Dette er ein ekstremt god psykologisk thriller, som i tillegg er fantastisk godt skriven. Så om du ikkje vil lese typiske sommarbøker i sommar, les denne. Og eg kan garantere at ikkje eingong sola vil varme opp blodet ditt medan du les.

Forlag: Font
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av S.K. Tremayne finn du HER.