Sitat

«Satelittmenneskene» av Hans Olav Lahlum

Satelittmenneskene

Dette er utan tvil ein av favorittbøkene mine om K2 og Patricia! Motstandsmannen Magdalon Schjelderup døyr under mistenkelege forhold – midt under ein familiemiddag. Og så seint som dagen før hadde Schjelderup kontakta K2 og bedt om eit møte, for han trur at ein av hans nærmaste vil drepe han.

Det er eit avgrensa tal menneske som kan ha drepe han, for mordaren må vere ein av middagsgjestane. Og saman med Patricia, vil K2 prøve seg på ei ny drapssak. Og enda meir pirrande vert det når fleire brev dukker opp som avslører kven andre i omgangskretsen som skal døy. Kor mange døyr før saka vert oppklart?

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2011

Fleire bøker av Hans Olav Lahlum finn du HER.

Sitat

«Ingrid Winters makeløse mismot» av Janne S. Drangsholt

Ingrid Winters makeløse mismot

Denne boka er blitt hausa opp til å vere ei hysterisk morosam bok, og hylla av blant andre Henriette Steenstrup. Og for å vere ærleg: det er den mest oppskrytte boka frå 2015. Verkeleg. Kanskje den ikkje traff helt fordi eg ikkje er ei førti år gamal dame med små barn og fæle kolleger og hussalg. Men sjølv om eg hadde vore det, hadde eg nok likevel ikkje funne den hysterisk. Maksimalt ville eg kalla den underhaldande. Alt eg satt igjen med var eigentleg irritasjon over hovedkarakterens dumskap.

Boka handlar om Ingrid. Ho jobbar på på Universitetet i Stavanger, demotert og med drittsekkar av kollegar og studentar som ikkje likar henne. Ekteskapet hennar er ganske daudt, og blir ikkje betre når ho byr på eit hus dei ikkje kan ha råd til og reiser til Russland midt i flytteprosessen.

Ingrid manglar (i følge meg) sosiale antenner, og lev alt for mykje i ein fantasiverden for seg sjølv. Ironisk nok var det desse bitane som var det beste med boka. I tillegg er Ingrid ein ganske upåliteleg forteljar som ikkje klarer å oppføre seg som ein vaksen. Eg forstår at denne boka liksom skal ta for seg kvardagsproblem med humor, men det fungerer ikkje. Så for å oppsummere: oppskrytt til dei grader, frustrerande karakterer, skivebom. Absolutt ikkje ei bok du treng å lese. Du er herved advart.

Forlag: Tiden
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Bryllupsgaven» av Marlen Suyapa Bodden

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Bryllupsgaven

Eg har lest veldig få historiske romaner om 1800-talets Amerika, men eg innser at eg verkeleg burde lese fleire. Tittelen her er for min del litt forvirrande, då det faktum at ho vert gitt i bryllupsgave til halvsøstera si ikkje er poenget i boka i det heile (eigentleg vert ho berre med på kjøpet), og skjer ikkje før midt ut i boka.

Boka er fortalt av to sterke kvinner, som parallelt går gjennom sitt personlege helvete: ei slavekvinne ved navn Sarah, og hennar frue, Theodora Allen. Begge fortel om sine oppvekster, og livet på Allenplantasjen. Theodora mistrivst som husfrua til Cornelius, og Sarah bruker dagane på å drøyme om å rømme frå plantasjen. Men lite går som planlagt for nokon av kvinnene. Det er dødsfall, kjærleik, og ikkje minst skuffelsar og sorg. Det er verdt å merke seg at boka er fortalt i fortid, og det er veldig tydeleg at lesaren er mottakaren av personlege historier dei sjølve fortel. Men som man kan med alle historier, er ikkje forteljaren påliteleg. På dei to siste sidene vart eg helt satt ut, og følte meg nesten dum som ikkje hadde sett samanhengen før no.

Om du likar dei moderne sørstatsromanane i Lynne Bryant-stil, burde du òg prøve deg på den meir historiske typen.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«Bienes død» av Lisa O’Donnell

Bienes død

Denne boka vil rive deg opp innanfrå, frå ende til annan. Den vil få deg til å gispe, skrike, stirre vantru mot sidene med eit blankt blikk. For om denne boka ikkje ryster deg, er du laga av stein (og kan berre gå heim først som sist).

Boka handler om to systre: Marnie på 15, og hennar litt yngre syster Nelly. Dei har hatt ein ganske fæl og spesiell barndom. Foreldra er tunge rusmisbrukarar, og kunne ikkje brydd seg mindre om borna sine. På julaftan gravlegg dei foreldra sine i hagen. Nelly veit at Marnie drepte dei, og Marnie veit at Nelly drepte dei. Dei er heilt åleine, og ingen kan vite om det. Boka handler òg om naboen deira, den eldre mannen Lenny. Lenny er homofil, og fordi ein elsker av han var, vel – ung, har han rykte på seg som pedofil i staden. Jentene held seg unna Lenny – det burde jo alle gjere – men Lenny ser at noko ikkje stemmer, og at dei treng hjelp.

Boka er rå. Den er full av sjokkerande element, fine samtaler og vanskelege tankar. Den passar for både vaksne og ungdom, og eg trur at uansett kor gamal du er, vil den treffe deg midt i hjartet.

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«Ensom ulv» av Jodi Picoult

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Ensom ulv

Etter berre å ha lest to bøker av henne, er Jodi Picoult allereie blitt ein av favorittane mine. For ein fantastisk forteljar! Og måten ho skiftar perspektiv og driv historia framover på – ein kan bli imponert av mindre. Om du ikkje har lest noko av Picoult før, sett i gong å gjere det – no.

Denne handlinga er utrulig original, og litt typisk amerikansk. Boka kretser rundt Luke – naturverner, far, eksmann og ikkje minst ulveelskar (Luke har faktisk eit motstykke i verda, noko som gjer det endå meir spanande å lese alle historiene om naturopplevingane). Han ligg for tida i vegetativ tilstand (koma) på sjukehuset. Legane trur han aldri vil vakne opp, og dottera Cara og sonen Edward blir bedt om å ta avgjerda for livsforlenging. Problemet er at dei er ueinige, og Cara er mindreårig, medan Edward har vore fråverande i seks år. Problema i familien aukar når rettsvesenet vert innblanda på ulike måter.

Historia fenger, flyt raskt og er nesten umulig å leggje frå seg. I byrjinga er kanskje språket litt vel metaforisk til å vere personleg forteljar, men det gjer ikkje så mykje. Karakterane er realistiske, ein både likar og mislikar dei, og det er nesten skummelt å tenkje på at historia også godt kan vere realistisk.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2014

Fleire bøker av Jodi Picoult finn du HER.

Sitat

«Irma Dahl – den dedikerte begravelsesagenten» av Kristine S. Henningsen

Boka er sponsa av Juritzen forlag

Irma Dahl

Fyrst av alt vil eg berre vite korleis i alle dagar ein kan kome på ideen om å skrive denne boka. Og så vil eg klappe litt. For denne boka er strålande! Den er velskriven, banebrytande og latterleg morosam. Eg storkosa meg gjennom heile leseprossessen, og det vart eit par seine netter; eg ville ikkje legge boka ned.

Vi møter Irma Dahl. Irma tok (uheldigvis) livet av ein pasient som sjukepleiar, og etter ho vart permittert har ho tatt vakter på Kirkens SOS. Men irritasjonen stig når ho aldri møter nokon på telefonlinja som faktisk vil ta livet sitt. Og kva er då vitsen?? Så ho får seg jobb i eit gravferdsbyrå, og elskar det umiddelbart. Ho strekk seg den ekstra mila for alle (nesten) avdøydde, og er ressurssterk til fingerspissane. Irma har eit annleis forhold til døden enn dei fleste, og dette, i kombinasjon med litt brukne sosiale antenner, skaper ganske mange utrulege situasjonar.

Boka er tragisk, og morosam. Døden er jo noko ein ikkje skal spøke med – men ein skal ikkje snakke om han på ein kvardagsleg måte heller. Henningsen bryt ned eitt og eitt tabu, og resultatet er fantastisk. Ho har kanskje satt lista for moderne tragikomikk. For ver så snill, la det kome meir.

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Go Ask Alice» av Beatrice Sparks

Go ask Alice

Denne boka las eg gong på gong på barneskulen, på norsk. I ettertid har eg oppdaga at boka ikkje er ei anonym dagbok som proklamert, men at det på 80-talet vart oppklart at det var ein roman skriven som ei anonymisert dagbok.

Denne boka er to dagbøker, liksom ført av ei anonym jente ved namn Alice. Ho veks opp i USA i overgangen mellom 1960- og 70-talet. Ho er ikkje spesielt sosial av seg, og når familien flytter til ein annan by blir situasjonen berre forverra. Alice vert dratt inn i verd av dop og sex, og stikk fleire gonger av heimanfrå. Til slutt vert ho lagd inn på mentalsjukehus. Skildringane av «trip»-ane, presset, tankane ho slit med… Det er rett og slett sjukt å lese.

Dette er ikkje ei bok ein les for å kose seg med. Det er ei vond bok, ei grusom historie og ein stor tankevekkar. Lesinga går av seg sjølv, og ein blir heilt oppslukt av historia. Det viser berre at verkelegheita kan vere vel så grusom som fiksjonen (som likevel var fiksjon).

Forlag: Arrow Books
Utgivelsesår: 2011 (1972)

Norsk tittel: «Bare spør Alice»

Sitat

«Historiefortelleren» av Jodi Picoult

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Historiefortelleren

FOR ei bok! Å herregud, eg veit ikkje kor eg skal gjere av meg!! Denne boka har holdt meg i åndenød sidan det første avsnittet, og vil definitivt vere hos meg lenge. Sjølv om vi er helt i byrjinga av året, vil eg likevel seie at dette vert en av årets beste bøker. For wow, kva kan slå denne?? Eg sluttar meg til absolutt all ros på omslaget.

Boka handlar om Sage (ja, som i salvie). Sage sine foreldre er daude, og ho har ikkje kontakt med systrene sine. Ho har eit svært arr i ansiktet, og dette gjer henne folkesky. Men så vert ho venn med Josef på 95. Sage er glad for å ha ein ven, helt til han fortel henne at han var nazist under andre verdskrig, og vil at Sage skal tilgi han (ho er jødisk) og hjelpe han å dø. Sage, som har ei bestemor som overlevde i Auschwitz, vert rasande og anmelder han til Justisdepartementet.

Historia vekslar mellom Sage, Leo (en føderal agent som «jakter» på nazistar), Josefs historier om kva han gjorde under krigen, og bestemora til Sage som fortel om sine opplevingar under krigen. Eg sluttar meg til Sunday Express: det er passasjer som får deg til å hive etter pusten. Om du ikkje les denne boka, går du glipp av noko STORT.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2014

Fleire bøker av Jodi Picoult finn du HER.

Sitat

«En sang fra fortiden» av Katherine Webb

En sang fra fortiden

FOR ei historie! Wow. Når eg las bakpå, tenkte eg at dette kom til å vere ein slags «Lolita»-type bok, men åånei. Denne historia var noko heilt spesielt.

Boka handlar om Mitzy fra Blacknowle, på slutten av 30-talet. Ho er 14 år fyrste gong ho møter kunstnaren Charles Aubrey og familien hans. I løpet av tre sommarferiar kjem dei til landsbyen hennar, og ho forelskar seg i Charles.

I notida møter vi Zach. Zach er ein kunstnar og stor fan av Charles Aubrey. Han reiser til Blacknowle for å finne informasjon om Aubreys liv til boka si. Og til si store overrasking møter han Mitzy, som er på mange av Aubreys maleri. Og Mitzy har mange hemmelegheiter ho ikkje vil at nokon skal oppdage.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av Katherine Webb finn du HER.

Sitat

«En juledrøm» av Amanda Prowse

Boka er sponsa av Cappelen Damm

En juledrøm

Denne boka er perfekt for alle som har julestemning frå september til februar (som meg). Dette er ikkje ei stor historie. Den går verken over lang tid eller tar for seg store verdsproblem. Det er ei bittelita historie, med nydelege karakterar og eit herleg språk.

Boka handler om Meg. Meg har vekse opp med å verte send att og fram mellom den dysfunksjonelle familien sin og ei rekkje fosterheimar. Megs største ynskje sidan ho var lita har vore å feire jul – på skikkeleg vis. Og i år har ho sjansen. Etter mange tragedier i livet, har ho endeleg ein son som er gamal nok til å forstå konseptet, og gler seg til å feire med han og bonusfamilien sin. Men så må ho på ein jobbtur til New York, og der møter ho Edd. Og ho og Edd fell hodestups for einannan. Meg må ta eit val – skal ho ta sjansen på kjærleiken eller feire jul med sonen?

Det høyrast kanskje litt klisjé eller kjedeleg ut, men boka er kjempefin. Det er mange uventa situasjonar, fine og vonde opplevingar, og samstundes kvardagsleg. Eg trur dei fleste vil bli rørt av denne fine boka.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Vinterindianere» av Anne Gjeitanger

Vinterindianerne

Dette er ei tynn lita flis av ein roman, i veldig typisk Oktober-stil. Den er lågmælt, fin, sår, men kva handler den om?? Ein må liksom lese vaskelappen bakpå for å forstå kva ein skal lese. For meg vert det litt feil.

Boka handler om Anne på fem-seks år. Ho forel om barndomen på hytta, og kvardagslivet etterpå. Heile boka er eit svær før. Veslebroren døyr (og det er ikkje spoiler, det blir avslørt heilt i byrjinga). Det er ei veldig fin bok, og ein kan kjenne seg igjen i mykje. Boka er fortalt i retrospekt, men tankegangen og samanhengen er likevel som hos eit barn. Eg kan kjenne igjen mange av mine eigne refleksjonar og logiske, men likevel ulogiske, tanker.

Boka er på knappe 100 sider, så eg burde jo ha lest den på ein time. Men stoffet var sårt og tungt, og det gjorde at eg måtte ha pauser for å fordøye det eg hadde lese. Ei fin, lita bok. Langt i frå nokon framtidig klassiker, men verdt lesinga om du har ein time (eller to) til overs.

Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Det blå rommet» av Susan Henderson

Det blå rommet

Tillie er sju år. Faren arbeider i forsvaret, og mora heimeverande. Eigentleg veldig heimeverande, for ho har malt døra igjen, med eit uhell. Det er kanskje denne hendinga som skildrer mora best. Når familien på fire (det er og ein bror med i biletet), oppdager Tillie at mora ikkje er i det nye huset, og ingen vil fortelle henne kvar ho er. Tillie byrjar å leite etter mora, og oppdagar eit rom i kjellaren, der eit merkeleg, blått lys siv ut mellom dørkarmane.

Historia er fortalt frå Tillie sitt synspunkt, og er sår og fin. Sjølv om den kanskje er litt urealistisk, er historia så fin at det eigentleg ikkje gjer noko. Eg vil anbefale den til absolutt alle.

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2013

Sitat

«BH-er og besvergelser» av Sarah Mlynowski

BHer og besvergelser

Dette var utan tvil ei av favorittbøkene mine då eg var yngre. Denne vart lest opp og ned i mente fleire gonger.

Boka handler om Rachel. Rachel er 14, men ikkje spesielt moden for alderen, slik som besteveninna. Eller veslesystera på 9. Dette gjer Rachel rasande og misunneleg til tusen, for ho har nettopp oppdaga at både mora og systera er hekser, og har magiske krefter (og systera var den fyrste modne dottera, og fekk kreftene). Mora har lagt vekk magien, og synest heller ikkje at det passer seg for niårige jenter å bruke magi. Men Rachel har andre planer, og prøver å bruke systera sin magi til sin fordel – det er jo trass alt ho som er eldst, og skulle hatt kreftene (meiner ho).

Boka er kjempemorosam, lettlest og herlig oppbygd. Den passer kjempefint for jenter i alderen 12-16 år. Det er chic lit + Harry Potter.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2009

Sitat

«Steinhimmelen» av Karin Brunk Holmqvist

Leseeksemplar frå Boklageret

Steinhimmelen

Eg er litt lei meg for at eg ikkje likte denne boka spesielt godt. Den var noko eg streva meg gjennom, og det får meg til å ville gråte litt – eg elskar jo Brunk Holmqvist sine bøker??

Men så var heller ikkje dette ei typisk bok for henne å vere. Hoveupersonen var for eksempel 34 år gamal, i motsetning til dei typiske karakterane på nærare 80 år. Erna bur saman med foreldra sine, som jo er nærare 60, men det er ikkje heilt det same. Det er som om ein er på feil side av hovudkarakterane, om de skjøner? Det var heller ikkje nokon spesielle forviklingar i boka. Det var liksom berre Erna (som heilt usannsynleg har eggforma hovud og kun ein hårtjafs på toppen) som har ein sur gubbe av ein far, ei underkua mor og forelskar seg i ein nytilflytta fyr. Det er liksom ikkje meir enn det.

Til vanleg kosar eg jo meg med desse bøkene, men denne vart for platt. Det vart liksom for usannsynleg, og eigentleg litt for dumt inn i mellom. Klart eg humra litt av enkelte spøkar i boka, men om eg ikkje hadde visst kven forfattaren var, hadde eg aldri tippa Brunk Holmqvist – ho er jo vanlegvis så mykje betre?

Forlag: Silke
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Karin Brunk Holmqvist finn du HER.

Sitat

«Du elsket alltid havet» av Lucy Clarke

Du elsket alltid havet

Eg er Lucy Clarke-fan til tusen. Eg kan ikkje tenkje meg folk som ikkje liker bøkene hennar, same om du er 15 eller 50. Dei er fantastisk spennande, og har alltid ein twist som får deg til å sperre auga opp og gispe høgt (sjølv om du kanskje sitter på bussen og folk stirer).

Katie si verd vert rysta når ho får ein telefon frå politiet om at systera, Mia, vert funnen død på Bali. Politiet der seier at ho tok sitt eige liv, men Katie nekter å tru på det. Ho bestemmer seg for å finne ut kva som eigentleg skjedde, og reiser frå sitt A4-liv for å fylgje i Mias fotspor. Men turen vert ikkje heilt som venta, og det ho oppdager, endrar alt.

Den er så fantastisk bra, denne boka. Det er den fyrste Lucy Clarke-boka omsett til norsk, og eg er så glad for at det fins to til (og at ho skriv på den fjerde!).

Forlag: Apropos
Utgivelsesår: 2014

Fleire bøker av Lucy Clarke finn du HER.

Sitat

«Hele livet på en dag» av Alyson Richman

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Hele livet på en dag

Kvar skal eg starte? Skal eg starte med kor viktig og opplysande denne boka er? Eller fortelje om tårene som strømma langs kjakane mine i går då eg las dei siste 100 sidene?

Richman bruker ekte historier i bøkene sine – med fiktive karakterer, vel å merke. Men det er så hjerteskjerande at dette faktisk har hendt menneske for berre 70 år sidan. Boka handler om Lenka og Josef, eit ungt par som finn kvarandre i Praha på 30-talet. Utan at nokon ser det kome, står krigen på døra, og dei vert skilde frå kvarandre. Lenka får beskjed om at Josef døyr i ei skipsulykke, og Lenka blir antatt død i Auschwitz. 60 år seinare møter dei kvarandre att – i sine borneborns bryllaup.

Denne boka handler om alt i mellom desse hendingane. Om jøder, holocaust, sorg, og gleda ved nytt liv. Rett og slett ei utruleg viktig og nydeleg bok.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av Alyson Richman finn du HER.

Sitat

«Glassarven» av Marci Alborghetti

Glassarven

Ei nydeleg historie om familie og våre kompliserte kjensler for kvart familiemedlem. Ein er jo glad i dei, men gud så lyst ein kan ha til å klabbe til dei innimellom og. Denne boka viser denne fine balansen, i løpet av en desembermånad. Ikkje la deg lure av vaskelappen og kva den fortel om handlinga. Dette er handlinga:

Under andre verdskrig møter vi Anna i Italia, som driv ein jødisk barneheim. Når ho skjøner at ho kanskje ikkje vil overleve krigen, sender ho det kjæraste ho eig til kusina Filomena, som emigrerer til USA. Dette er glassarven: juleornament i glass i tolv deler. Filomena deler ut desse kvar for seg til familiemedlem og vener i løpet av dei neste 60 åra. Så plutseleg sit ho gamal og litt bitter, døtrene hennar har ikkje lenger kontakt og alt er litt ødelagt og feil. Ho treng meir pleie, men nektar å flytte frå kjøkkenet sitt til ein eldreheim. Men så går ho med på det, på eitt vilkår: familien skal feire jul i lag i den vesle leiligheita hennar. Og så startar kaoset.

Vi les historia der kvart kapittel blir fortalt av eit nytt familiemedlem. Vi les om usikkerhet, såra kjensler og sakn. Forhold mellom søsken, svigermødre og -døtre, barn og ektefeller. Ei bok full av julemirakler og familiekjærleik.

Forlag: Juritzen
Utgivelseseår: 2011

Sitat

«En ny grevinne» av Fay Weldon

En ny grevinne

Avslutninga av trilogien Kjærlighet og arv er den minst utforutsigbare boka av dei, sjølv om tittelen gir eit stort hint. Og for fyrste gong får vi vere med på dramaet, ikkje berre lese referat! Vi snakkar barnekidnapping, skilsmissetruslar og uaktsomt drap.

Rosina returnerer som rik enke fra Australia, med store planer om å gi ut ei bok om aborigineranes seksualvaner, og Isobel blir spinnvill. Som om ho, Isobel, ikkje hadde nok å tenkje på allereie? Kongen med følge og elskerinne skal kome på jakt, om berre seks månader! Rosina flytter inn saman med Anthony og Diana Robin, søskenparet vi møter i den fyrste boka. Dit flykter også Minnie når ekteskapet hennar leggast i grus.

Eit spørsmål ein kan stille seg er korleis alt dette ville gått om ikkje politibetjenten Andrew Strachan hadde blanda seg bort i absolutt alt? Uansett, dette er desidert den beste av bøkene! Vi er litt saman med tenarane igjen, og tidsperspektivet er meir normalisert, ikkje hypersakte som i den fyrste boka eller hyperraskt som i den andre. Vel verdt å lese!

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2014

Fleire bøker av Fay Weldon finn du HER.

Sitat

«Bildet av Rebecca Winter» av Anna Quindlen

Boka er sponsa av Bastion forlag

Bildet av Rebecca Winter

Anna Quindlen var ein ny forfatter for min del, men eg vart absolutt ikkje skuffa! Det tok eit kapittel eller tre for å kome heilt inn i boka og Rebecca (spoiler: ho er seksti). Den er skrive akkurat slik eg likar lett litteratur: korte kapittel (med morosame titlar), endringar i perspektiv (ein hund), og massevis av digresjonar (fleire avsnitt i parentes). Rett og slett ei gøyal leseoppleving!

Rebecca er fotograf. Vel, nesten avdanka fotograf. Ho er skild for mange år sidan, og har ein son. Ho har og ein far, og ei mor på ein sjukeheim. Og med alle desse som vil ha ein bit av henne, skjøner Rebecca at ho ikkje har råd til leiligheita si i New York lengre. Så ho leiger ut leiligheita til blodpris, og leiger eit billeg hus i ein skog nokre timar unna. Her bli Rebecca (fyrst motvilleg) ven med Sarah, Jim, Tad og får seg hund. Og akkurat i det ho skal til å oppleve suksessen på nytt, skjøner ho at ikkje alt kan fangast gjennom ei kameralinse.

Rebecca og dei andre karakterane i boka var ein fest å bli kjend med! Ei utruleg velskriven bok (for min smak, i alle fall), med mykje kjensler, humor og velvridde formuleringar.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Etter deg» av Jojo Moyes

Boka er sponsa av Bastion forlag

Etter deg

Ein blir ofte skuffa av oppfølgjarar (og dette er jo oppfølgjaren til Et helt halvt år), så eg var nesten redd for å starte på denne boka. Men denne skuffa ikkje. Herregud, så flott! Eg elska jo historia om Lou og Will, og var knust på slutten. Men denne boka tok opp att tråden på ein fin måte, med ei heilt anna historie, sjølv kort tydeleg Lou er prega av Will.

Lou har flytta til London. Ho lev i si eiga vesle boble, og usikker på kven ho er, kvar ho er og kvar ho skal. Og ut av det blå, dukker Wills ukjende dotter opp. Lily er ein trøblete tenåring, som klarer å rote seg bort i problem overalt, og Lou klarer ikkje la vere å prøve å ta vare på henne. I tillegg til å leike reservemamma, forelsker ho seg i ambulanseføraren Sam. Lou tenkjer fortsatt på Will, men klarer ikkje finne ut kven av dei ho føler seg utro mot.

Det som er så flott med Jojo Moyes bøker er at det kun er handling på handling – det er ikkje overpynta språk eller vekt på utsjånad eller naturskildringer. Det er enkelt, ærleg og bra. Og eg gler meg allereie til den tredje boka.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Jojo Moyes finn du HER.