Sitat

«Forviklinger» av Emma Chase

Boka er sponsa av Bastion forlag

Forviklinger

Og DER var Emma Chase tilbake med New York-serien! Kvardagen krev litt fluff i ein mørk og kald novembermånad (spesielt med eksamen rett rundt hjørnet), og kva er betre til å slappe av med enn ei god bok??

Denne gongen spoler vi tida tilbake, og tidslina er parallell med den fyrste boka. Vi følgjer Matthew, kompisen til Drew, som innleier eit forhold med Kates veninne, Dee. Matthew bestemmer seg nesten med ein gong at han skal vere lojal, tolmodig og den perfekte mann for Dee. Men Dee vil ikkje ha forpliktelse – ho vil vere fri, leve singellivet og livet generelt. Men Matthew pressar, og akkurat som Ikaros flyg han litt for nær sola.

Det som er kjekt med desse bøkene er jo fortellerteknikken. Hovudpersonen fortel deg historia direkte, og metafiksjon er jo gøy! I tillegg fyller denne boka ut enkelte «manglande» scener frå den fyrste boka, samtaler som kun vert referert til. Og så er det jo litt deilig å vite frå starten av at slutten er god. Så no ventar vi berre roleg på den fjerde boka?

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Emma Chase finn du HER.

Sitat

«Hemmeligheter» av Emma Chase

Boka er eit leseeksemplar frå Boklageret

NY Hemmeligheter

Hurra! Alt endte lykkeleg for Drew og Kate! Eller? Det blir berre fleire forviklingar for radarparet i den andre boka i New York-serien, denne gongen frå Kate sitt synspunkt.

For Kate er, tada!, gravid. Men ho veit ikkje heilt korleis ho skal fortelle det til Drew, så ho møter ein gynekolog i skjul. Drew oppdager det, og trur at ho er utro, og svarer Kate med same mynt. (Dette er jo ekstremt frustrerande for oss som lesarar, som veit fakta gjennom heile boka!) Og som ei kvar fornuftig dame, går ho frå han. Kanskje Drew då oppdager kva for tabbe han har gjort? Kate drar tilbake til heimbyen sin, men forventa ikkje å møte eksen sin, Billy der.

Plottet er som sagt til stoooor frustrasjon, og eg ville slenge den i veggen på eit par tidspunkt. Men ein les den jo ut då. Ein må jo finne ut om Drew faktisk er dum. Svaret på det får du finne ut sjølv.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Emma Chase finn du HER.

Sitat

«Bildet av Rebecca Winter» av Anna Quindlen

Boka er sponsa av Bastion forlag

Bildet av Rebecca Winter

Anna Quindlen var ein ny forfatter for min del, men eg vart absolutt ikkje skuffa! Det tok eit kapittel eller tre for å kome heilt inn i boka og Rebecca (spoiler: ho er seksti). Den er skrive akkurat slik eg likar lett litteratur: korte kapittel (med morosame titlar), endringar i perspektiv (ein hund), og massevis av digresjonar (fleire avsnitt i parentes). Rett og slett ei gøyal leseoppleving!

Rebecca er fotograf. Vel, nesten avdanka fotograf. Ho er skild for mange år sidan, og har ein son. Ho har og ein far, og ei mor på ein sjukeheim. Og med alle desse som vil ha ein bit av henne, skjøner Rebecca at ho ikkje har råd til leiligheita si i New York lengre. Så ho leiger ut leiligheita til blodpris, og leiger eit billeg hus i ein skog nokre timar unna. Her bli Rebecca (fyrst motvilleg) ven med Sarah, Jim, Tad og får seg hund. Og akkurat i det ho skal til å oppleve suksessen på nytt, skjøner ho at ikkje alt kan fangast gjennom ei kameralinse.

Rebecca og dei andre karakterane i boka var ein fest å bli kjend med! Ei utruleg velskriven bok (for min smak, i alle fall), med mykje kjensler, humor og velvridde formuleringar.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«New York: Bekjennelser» av Emma Chase

NY Bekjennelser

Dette er den første boka i «New York»-serien til Emma Chase. Chase skriver morsomt, sexy og dramatisk. Sjølv om det er brennheite sexscener i boka, vel eg heller å kategorisere den som ein kjærleiksroman. For det er det alt handler om, og for aller fyrste gong i Drew Evans liv.

For Drew Evans har alt: penger, ein jobb han elsker, hobbyer, venner.. Alt ein ungkar i New York kan ynskje seg. Drew er ikkje den typen mann som ikkje vil ha det han ikkje kan få, han vil ikkje ha det han har hatt før. Heilt til han møter Kate. Han veit ikkje kvifor, men han vil berre ha meir. Det er kun ein million problem: Kate arbeider på kontoret hans (og ein av Drews reglar er å ikkje ha sex med ein kollega), og i tillegg er ho allereie forlova. Men Drew er ikkje typen til å gje opp – og endar opp med å presse alt for hardt.

Boka er kjempeunderhaldande og går fort ned! Det er jo lett underhaldning, ikkje ei tung bok, men vi treng alle litt av den typen litteratur inn i mellom og? Og så er det jo ekstra kjekt at boka er frå mannens perspektiv!

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2014

Fleire bøker av Emma Chase finn du HER.

Sitat

«Birøkterens datter» av Santa Montefiore

Boka er sponsa av Bastion forlag

Birøkterens datter

Eg skriv omtala mi av ei bok så fort eg kan etter å ha lese den, og eg kan fortsatt kjenne stivna tårer på kinna mine. No fell eg ofte ei tåre eller to når eg les ei engasjerande bok, men dette var annleis. Eg rett og slett hulka meg gjennom dei tre siste kapitla. Ufatteleg rørande og varm. Aldri før har eg kjend så mykje omtanke og medkjensle for karakterar i ei bok.

Vi får historiene til Grace og dottera Trixie gjennom tre ulike tiår. På slutten av tredvetalet følgjer vi Grace som ungdom; vi går saman med henne gjennom ungdomsforelskelse, farens død og andre verdskrig. Grace må gi kall på alt ho er glad i for å reise til Amerika saman med ektemannen Freddie. På midten av syttitalet er Grace blitt ei middelaldrande dame med ei tenåringsdatter, Trixie, som er håplaust forelska. Håplaust er nøkkelordet. Men Trixie gløymer aldri ungdomsforelskelsen, og som vaksen dame i 1990 oppdager ho mora sin store hemmelegheit og sorg – og ikkje minst korleis den er knytt opp mot henne.

Dei som har titta litt innom her før, veit kanskje at eg har vore nokså ambivalent til Santa Montefiore, men har synest at bøkene hennar berre har blitt beire og beire. Og bønene mine blei sanne, for dette er den beste boka til Santa Montefiore så langt! Utruleg nydeleg, godt skrive, og flott historie! Om ein er einig i moralen i boka, og kor vidt enkelte ting utviklar seg litt vel raskt og urealistisk, er éin ting; men det som verkeleg betyr noko er jo så klart om den er bra! Så les den; viss ikkje går du glipp av ei stor oppleving.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Santa Montefiore finn du HER.

Sitat

«Winkie» av Clifford Chase

winkie

Eg leiter desperat etter ord som kan skildre denne boka. Den var så utruleg snål. Men samtidig var den så vakkert og poetisk skriven, eg kunne ikkje leggje den ned.

Hovudpersonen er ein kosebamse som tilfeldigvis får liv. På grunn av ei misforståing blir han arrestert av US Army og anklaga for å vere terrorist. Det faktum at han er ein bamse, er desse amerikanarane for dumme til å godta, dei finn på mykje tull om at han er ein dverg med genfeil, ein sjukdom, ei forkledning og andre heilt latterlige skuldingar. Alt for å oppretthalde the war against terror.

Boka er fortellingar frå då bamsen tilhøyrde Cliff Chase (forfattaren sjølv), då har tilhøyde mora til Cliff, Ruth, tida hans i fengselet, livet som «bjørn» i skogen, og ein ufatteleg frustrerande rettsak med skodespelarar som vitner frå 1800-talet.

Boka er mildt sagt spesiell. Men den var hysterisk morsom, satirisk, søt og rørande. Og veldig lettlest!

Forlag: Font
Utgivelsesår: 2006

Sitat

«Bienes historie» av Maja Lunde

Bienes historie

Dette er Boka. Legg merke til den store B-en. For dette er den beste norske boka i 2015. Om boka hadde vore tre gonger så tjukk, ville eg fortsatt ha ynskt at den var lengre.

Boka har tre historier, som sakte, men sikkert flettast inn i ein annan. Eg veit nesten ikkje kva for ei eg likte best av dei tre, dei var så ulike! Det var tre heilt ulike forteljarar, både i tid og stad, personlegdom, stemme… Alle historiene var knytt rundt bier (naturleg nok) og eit sterkt band mellom foreldre og barn – og kor raskt det kan forsvinne.

Vi les om William, ein melankolsk (eller deprimert) forskar i England 1852 – han vil gjerne studere bier og lære alt om røkting av dei, men slit med å få inspirasjon til å komme seg ut av senga. George er ein birøkter i dagens USA, og blir ramma av biedauden som herjar Amerika. Han prøver òg å få eit nært forhold til son sin, men aner ikkje kvifor alt han prøver vert feil. Og så er det Tao. Tao er ei kinesisk kvinne i eit framtidig Kina – 2098. Biene er alle daude, og handpollinering sysselset nesten heile Kina. Europa og Amerika har så godt som gått under. Tao sitt liv er ganske einsformig, inntil son hennar vert sjuk, og forsvinn frå sjukehuset. Som den mora ho er, er Tao villeg til å ofre alt for å son sin att.

Eg vil avslutte og oppsummere med eitt ord: MESTERVERK.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Maja Lunde finn du HER.

Sitat

«Alligatorvannet» av Lynne Bryant

Alligatorvannet

Å, som eg skulle ønske at eg kunne lese denne boka for første gong igjen! Den er nydeleg, rett og slett herlig lesning. Historia er varm, perfekt bunden saman og sjølvsagt med ein flott liten twist på slutten som løyser flokene.

Boka handler om tre generasjoner kvinner i ein familie frå Mississippi. Avery, hennar mor Marion, og hennar mor igjen, Willadean. Avery reiser for første gong tilbake til familien etter at ho som 18-åring stakk av for å føde dottera Celi – som er halvt svart. Avery er livredd for at mora, som er relativt rasistisk, ikkje vil godta dottera. Forholdet mellom Avery og Marion og Marion og Willadean er begge såre og vanskelege, og dei slit med å forstå ein annan. I løpet av sommaren blir historiene deira, både frå notida og kvar sin ungdom, nøsta opp og bunde saman att. Celi skal få møte faren sin for fyrste gong, og Avery er livredd for kva som kan kome til å skje – Aaron har nemleg gifta seg etter at Avery forlet byen – vil den nye familien hans akseptere dottera deira?

Boka er ei flott historie om umogleg kjærleik, veldige skjebner, familieliv og uendeleg vennskap. Om du vil ha ei bok som får deg til å le, gråte, smile og sukke fornøgd når du legg ho fra deg; her er ho.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av Lynne Bryant finn du HER.

Sitat

«The Fault In Our Stars» av John Green

tfios1

Tårer, tårer og atter tårer. Det er ordet som skildrer boka alle har lest. Eller i alle fall sett filmen. Men uansett, boka er sjølvsagt betre.

Hazel Grace er 17 år, og har uhelbredelig kreft. Livet er ganske enformig og kjedeleg, heilt til ho møter Augustus. Gus er 18, og er i remisjon. Han mista beinet, men er frisk. Dei vert gode vener, og Hazel møter ei ny verd. Gus legg ikkje skjul på at han er forelska i henne, men Hazel er alt for redd til å gjengjelde kjenslene. Ho skal jo trass alt døy, og det kan skje når som helst. Enkelte ting er uunngåelege.

Det er ei veldig annleis bok. Karakterane – som er tenåringar – er veldig modne menneske. Dei diskuterer vaksne emner, men opplever og dei vonde kjenslene som følgjer med ungdomslivet. Den er varm, og den som ikkje græt av boka, burde skamme seg.

Forlag: Penguin
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av John Green finn du HER.

Sitat

«Den siste rømling» av Tracy Chevalier

Boka er sponsa av Apropos forlag

Den siste rømling

Å lese denne romanen var ei storslått oppleving. Den var rolig og stille, men djupt alvorleg og dramatisk – alt på éin gong. Boka foregår på midten av 1800-talet, og bakgrunnsteppet for historia er slavene som rømmer frå plantasjane i sør og reiser nordover. Men historia er ikkje om slavane – men om dei som hjelpte dei, og kor mykje dei ofra for å kunne hjelpe.

Boka handlar om Honor Bright, ein kveker frå England som reiser til Ohio, USA. Planen er at syster hennar skal gifte seg med ein kjenning i statane, men ho døyr undervegs. Og Honor er åleine. Med hjelp frå framande kjem ho seg fram til målet – men livet blir absolutt ikkje slik ho håpte på. Snart møter Honor sin første slave på rømmen – og klarer ikkje la vere å hjelpe. Men hennar nye familie godtar ikkje dette, og Honor blir slitt mellom lojaliteten til sin nye familie og prinsippa og samvitet sitt. Ho kjem til punktet der ho må velje, og valet ho tek kan koste henne livet.

Boka var lavmælt og forsiktig fortalt, utan mykje dramatisk språk og uro. Historia vart rett og slett fortalt, på ein heilt fabelaktig måte, kan eg legge til. Temaet var eit tema eg har lest veldig lite om, og det var ekstremt interessant. Alle som liker serien Little House on the Prairie, vil elske denne boka.

Forlag: Apropos
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Indias datter» av Shilpi Somaya Gowda

Boka er sponsa av BOKeksperten.no

Indias datter (2)

Boka startar på åttitalet i India med Kavita Merchant, som føder sin fyrstefødde. Ei dotter. Mannen Jasu tek bornet og set det ut i skogen. Dei har ikkje råd til ei dotter. Andre gongen Kavita føder er det også ei dotter. Kavita ber Jasu om nokre timar åleine med barnet før det skal drepast. Desse timane brukar ho på å gå til Bombay og levere dottera Usha til ein barneheim.

På den andre sida av verda, i San Fransisco, opplever Somer endå ein spontanabort. Ho kan ikkje få barn. Ho og mannen Krishnan bestemmer seg for å adoptere frå India, der Krishnan kjem i frå. Jenta dei vel er kalla Asha.

Boka strekkjer seg over 20 år, og ein får innblikk i Indias kultur, kor enn barbarisk den enn måtte vere til tider. Det nye livet til Kavita, det nye livet til Somer etter at Asha blei ein del av det. Når ho er 20 år reiser Asha til India for å finne ut kvar ho kjem i frå. Boka er vakkert skiven, på den måten at kvart einaste ord er ærlig. Enkelte hendingar er så grusomme at ein får tårer i auga. Innblikka i den indiske slummen gir sterke inntrykk, og ein må klype seg i armen for å fatte at dette skjer i den verkelege verda.

Boka er sterk, den er grusom, og den er varm. Den anbefalast av heile mitt hjarte.

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2013

Sitat

«Søndager med The Supremes» av Edward Kelsey Moore

Boka er eit leseeksemplar frå Boklageret

Supremes

Ein fryd å lese! Åh, så mange fine ord eg kan finne til å skildre denne boka. Etter første kapittel var eg hekta, og eg har kosa meg så vanvittig mykje med å lese denne flotte boka. Eg gråt og lo, og eg vart ekstremt glad i karakterane i boka, og eg skulle ynskje den aldri tok slutt.

Boka handler om The Supremes; Barbara Jean, Odette og Clarice som er middeladrande, svarte kvinner i Indiana, USA. Dei har vore bestevenninner sidan 60-talet, og kvar søndag et dei på Earl’s All-You-Can-Eat etter kyrkjetid. Vi følgjer kvinnene gjennom kreft, tap av born og ektemann, utroskap og vennskap (og eit heilt sjukt vilt bryllaup!).

Boka har humor, den har varme. Vi snakkar mødre som røyker hasj, å kunne sjå daude mennesker (som den alkoholiserte Eleanor Roosevelt). Det var så mykje godt og morosamt i denne boka. Men det var og mykje sårt, som seksuelt misbruk, barnedaud og å miste den store kjærleiken. Eg gråt opptil fleire gonger.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2015

Ny norsk tittel: «Alltid på en søndag»

Sitat

«Saras nøkkel» av Tatiana de Rosnay

Dei fleste av oss har vel kanskje sett filmatiseringa av boka med same namn, og veit kva den handler om. For dei som ikkje har det, handlar altså denne boka om den amerikanske journalisten Julia. Og parallelt med hennar historie, får vi høyre om Sara og hennar opplevingar under krigen.

Julia har budd i Paris i 25 år, er gift med ein franskmann, og saman har dei dottera Zoë. Medan ho jobber med ein artikkel, oppdager ho ein fæl og ofte ignorert del av fransk historie, Vel d’Hiv. I juli 1942 arresterte det franske politiet mange tusen jødar (mykje på eige initiativ) og sendte dei vekk til konsentrasjonsleirar, medan det franske folk berre sto og såg på. (Og dette er faktisk sant.) Ho finn ut at leiligheta til ektemannens familie tilhørte ein slik familie som blei arrestert, og set i gang med å finne ut kven desse menneska var, og oppdager at ingen veit kva som skjedde med Sara, dottera i den jødiske familien.

No er det lenge sidan eg har sett filmen, men eg huska likevel nok til å ha eit godt grep om historia før eg starta på boka. Altså, boka var god, den, og eg skal ikkje påstå at det var bortkasta tid, men: boka kjem ikkje til å setje nokon varige spor hos meg, for det har allereie filmen gjort. Er det berre eg som blir vanvittig rørt og prega av nesten alle historier knytt til andre verdskrig?? Dersom du ikkje har sett filmen, les boka! Har du sett filmen, har du eigentleg fått med deg det meste. De Rosnay skriv såpass nøkternt og rett fram at du ikkje vil ha gått glipp av mykje indre liv.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2008

Fleire bøker av Tatiana de Rosnay finn du HER.

Sitat

«Bringebærpiken» av Karen Swan

Bringebærpiken

Eg begynte å lese denne boka med forventingar om ei skikkelig klissete, søtsuppe-bok. Boka skuffa på det punktet. Heldigvis. Den var SÅ mykje meir enn ei kjærleikshistorie. Den var varm, morosam, herlig. Ei feelgoodbok ein ikkje har lyst å legge i frå seg. Stor takk til tante Marit som gav den til meg!

Boka handlar om Cassie. Det første som skjer i boka er at Cassie, medan ho feirer sin tiårsbryllupsdag, oppdager at mannen har vore utro. Med hennar beste venninne. Oooog i tillegg er far til denne venninnas barn. Eit slag i trynet. Bestevenninne hennar frå skulen overtaler henne til å bu fire månader med kvar av dei, for å hjelpe henne gjennom bruddet. Ho bur i New York med Kelly, hos Anouk i Paris og hos Suzy i London. I løpet av året som går forelsker ho seg, kranglar med vennane, folk blir gravide, folk skal gifte seg – vi får eit lite liv på ein gong. Boka er skikkelig catchy, sjølv om slutten blir ganske openbar. Men, vi vil jo eigentleg at det skal ende godt uansett, gjer vi ikkje?

Forlag: Apropos forlag
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«Hvor ble du av, Bernadette» av Maria Semple

Bernadette

Fin, fin, fiiiin bok. Den tar for seg så ekstremt mykje som går på det å ikkje passe inn, vere litt sær og utestengt – men som vaksen. Boka er fortalt av dottera til Bernadette, Bee, og boka er ikkje skrive som ei vanleg bok. Boka du held i henda er satt saman av Bee, og er ein god miks av epostar, dagboksnuttar, artiklar, blogginnlegg og handskrivne lappar frå mange ulike menneske. Gjennom desse får vi ta del i livet og meiningane til ulike menneske. Bernadette er eit artitekturisk geni og slit med diverse psykiske problem, Bee er eit geni, og faren jobbar for Microsoft, og hyperintelligent. Han er og ein dust.

Det vert planlagt ein intervention for Bernadette, men ho forsvinn på mystisk vis. Ingen veit kvar ho er blitt av. Eigentleg kan eg ikkje fortelle så mykje meir utan å spoile heile boka, men den er knallgod. Lettlest, enkelt å ta pauser og lese i små doser, morsom som få, og karakterane kjem mykje betre fram enn ein skulle tru. Enkelt og greit ei kjempebra bok.

Forlag: Bastion forlag
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«Smaken av følelser» av Aimee Bender

Smaken av følelser

Om denne boka har eg blanda kjensler (hehe, ordspel). Boka var skrive på ein heilt fantastisk nydeleg måte, og plottet med familien i seg sjølv var veldig fint. Historia om Rose og familien hennar er kjempekoseleg, med mange fine minner. Spesielt andre halvdel av boka koste eg meg med. Eg var derimot litt skeptisk til sjølve konseptet i boka. Rose kan, når ho et mat, smake korleis den som laga maten føler. Altså: det går eg eigentleg ikkje med på. Hadde det vore i ein eller annan magisk verden, kanskje. Men som ei vanleg jente i ein vanleg familie i USA, det blir for vagt for min smak (hehe, endå eit ordspel). Så om litt sånne finurlege og spesielle handlingar er di greie: les den.

Boka er for all del ikkje dårleg! Berre ikkje heilt mi type bok. Men det hadde jo vore kjedeleg om alle i verda berre leste dei same bøkene, eller kva?

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2013

Sitat

«Glassklokken» av Sylvia Plath

Bok sponsa av BOKeksperten.no

glassklokken

Så, først og fremst, wow. Utan tvil ei av dei beste bøkene eg har lest. Handlinga var kanskje ikkje så kjemperask eller spanande, men det var så mange detaljar! Det var kjensler, tankar, avsporingar. Og original hending. Boka handla om Esther, ei middelklassejente på sekstitalet i USA som blir deprimert og psykisk sjuk etter kvart. Det var såpass levande at eg sjølv følte meg halvgal igjennom boka.

Esther er ei jente med bein i nasa, ho bryr seg fint lite om ho tråkker på folk sine kjensler. Ho har sett babylik, mista faren, synest guten ho teknisk sett er forlova med (som har fått tuberkulose) er kjempeekkel og vil ikkje ha noko med han å gjere lengre. Ho prøver fleire gonger å ta sjølvmord, og endar opp på asyl. Boka har ganske open slutt, ein får aldri heilt vite om ho kjem ut eller ikkje.

Det som gjorde at boka skilde seg ut for min del var at Esther tenkte på så mykje rart. I hytt og pine, tilfeldige situasjonar. Resonnementa hennar gav på ein måte ikkje heilt meining, eller i det heile tatt, men i hennar hovud fungerte det. Slik er det vel å vere gal, kanskje?

Eg er utruleg glad for at eg fekk akkurat denne boka i posten. Så ja, les den. SÅ verdt det.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2014 (1963)