Sitat

«Se meg» av Nicholas Sparks

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Se meg

Når du tenker Nicholas Sparks tenker du sikkert Dagboken, The Last Song, klissete kjærleikshistorier og slikt. Vel, du har for så vidt rett. I bøkene til Sparks (og filmatiseringane) er det mykje kjærleik, og det er det for så vidt her òg, men den siste boka hans inneheld så mykje meir. Det som fyrst kan verke å vere ei typisk motsetningar tiltrekker-historie, utviklar seg raskt til å bli ein spenningsroman av eit eige kaliber.

Maria er ganske perfekt: vakker, intelligent, hardtarbeidande advokat. Colin er derimot annleis, med si valdelege og kriminelle fortid. Han har brukt mykje tid og krefter på å forandre seg, og Maria forelsker seg mot betre vitande. Men akkurat når forholdet deira når ei høgde og dei begge er stormande forelska, viser det seg at det er Maria si fortid som skal ta dei att og presse dei til det ytterste. Historia tar ein nifs turn, og livet til Maria vert dramatisk forandra, og Colin er på nippet til å øydelegge alt for seg sjølv.

Det er ei strålande historie, ein gnistrande roman og alle andre lovord du kan kome opp med. Om du før har tenkt at Sparks sine bøker er for romantiske for deg, ombestem deg ASAP, for denne boka er vanvittig spanande, absolutt på nivå med «klassiske» thrillere. Den grip tak i deg, og slepp ikkje før siste side er ferdig lest. Og kanskje ikkje då heller.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Tidlig en morgen» av Virginia Baily

Boka er sponsa av Bastion forlag

Tidlig en morgen

Virginia Baily (så frustrerande at det ikkje er Bailey) er ein ny forfatter i stallen til Bastion, og Tidlig en morgen er den første boka hennar som er omsett til norsk. Det er ei rørande historie, men oppbygginga er ikkje perfekt.

Under andre verdskrig i Italia redder Chiara ein liten jødisk gut frå å bli deportert. Han er sju år, og ikkje særleg interessert i sin nye familie (forståeleg etter kvart). Han veks deretter opp til å ikkje bli guds beste barn, og set blant anna barn på ei jente ved namn Edna. Edna får ei datter i Wales som ho kaller Maria, og som tenåring oppdager Maria sanninga om at mannen ho trudde var faren hennar, ikkje var faren hennar likevel. Her kryssar Maria og Chiaras liv kvarandre.

Det er ei utruleg spennande historie! Eg er absolutt fascinert av kor original vinklinga på eit veldig brukt tema, er. Eg kan eigentleg ikkje få sagt kor fin eg synest historia er, men det blir likevel langt i frå full score i frå meg, då historia vert litt rotete presentert (veldig forvirrande kva årstal og stad vi befinn oss i), og omsetjinga/korrekturen ikkje er så stram som han burde vore.

TLDR; God historie, rotete tekst.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Gaven» av Ellen Vahr

Boka er sponsa av Aschehoug forlag

gaven

Bøker som vert nominert til bokhandlerprisen er stort sett verdt å få med seg, og spesielt interessant vert det jo når desse bøkene attpåtil er debutbøker. Det er vel det ein enkelt og greitt kan kalle ein brakdebut?

Gaven handler om Anne Brannfjell, Noregs mest kjende «kloke kone», og hennar historie; frå ein fattig oppvekst på ein husmannsplass i Vardal, til livet som ettertrakta klok kone i Christiania på 1800-talet. Og sjølv om det kanskje var noko vi visste frå før, var livet i fattige Noreg slettes ikkje lett, og reisa til Anne er beintøff. (For eit kvinnfolk!) Ho måtte motgang, båe frå enkeltmenneske, frå presteskapet, doktorer og den norske lov, i tillegg til å bli svikta av ein mann ho stolte på. Eg vil verkeleg ikkje avsløre for mykje av handlinga, men eg kan love at handling er det nok av!

Eg slit litt med å forstå nøyaktig korleis det var å vekse opp i så fattigslige kår, men denne boka skildra det godt. Det fine med nærleiken ein får i småkår, framandgjeringa og einsemda ein kunne oppleve i dåtidas byer. Kor avhengig ein eigentleg var av einannan og miljøet rundt seg, og kor raskt alt kan falle i frå kvarandre dersom noko ikkje går etter planen. Boka set eit lys på kor viktig det er å følgje sin eigen veg, uansett kor vanskeleg det kan verke der og då. Ein må våge å gjere det ein veit er rett, sjølv om det gjer vondt. Og det er kanskje idealistisk, men noko må ein tru på? Kvifor skal ein ellers gidde noko?

Boka kan samanliknast med Eplehagen av Marianne Storberg og typ «norske serier». Den er kjempefin,  rørande og ikkje minst velskriven. Og at den er basert på ekte mennesker (med unntak av to), med den historia, er nok til å gi meg gåsehud. Eit relevant spørsmål er jo om dette er årets julegavetips til mor, bestemor, tante, kone? Jepp!

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Bonita Avenue» av Peter Buwalda

Boka er sponsa av Font forlag

Bonita avenue

Eg har ikkje ytt denne boka rettferd, det kan eg seie med ein gong. Å lese denne midt i eksamenslesinga er noko av det teitaste eg har gjort, for eg har berre fått lest eit kapittel eller to om dagen, og det er rett og slett ikkje nok. Denne boka fortener at du dykker djupt inn i den og sluker sju-åtte-ni kapittel dagleg. For den er knallgod.

Eg har heller ikkje lyst å fortelje kva den handler om, for då vil eg øydeleggje omtrent alle overraskingar for dykk. Men eg kan jo sei at den startar med at Aaron Bever tar eit tog, og på dette toget møter han på den tidlegare svigermor si, som han ikkje har sett på mange år. Faktisk ikkje sidan han fekk eit psykisk samanbrot og omtrent øydela livet sitt. Han får vite at svigerfaren er død. Denne hendinga og opplysninga sender han tilbake i tid, og han kontaktar ekskjærasten sin Joni. Joni har flytta til USA og gjer stor suksess der, og har ingen ynskjer om å møte Aaron igjen. Litt etter litt vert forholdet deira rulla opp, Aarons psykiske helse, historia om Jonis far Siem, og korleis alt gjekk til helvetet. Nøkkelordet her er familiehemmelegheitar som avslørast.

Boka er nesten ufrivilleg morosam, med så mange tragiske (for karakterane) og komiske (for oss lesarar) scener, ting som nesten er for absurde til å vere oppdikta. Eg synest ikkje stikkorda mine for denne omtala er spesielt dekkande, for dei gjev nesten eit slags inntrykk av at det er Fifty Shades det er snakk om, men boka minner eigentleg meir om … tja, Et lite liv, kanskje? Ikkje like storslått, men skrivestilen er litt den same. Det er eigentleg ganske vanskeleg å samanlikne denne boka med noko anna. Den er noko for seg sjølv.

Forlag: Font
Utgivelsesår: 2016 (2010)

Sitat

«Hypnotisøren» av Lars Kepler

Hypnotisøren

Dei som følgjer bloggen min, veit at eg er litt skeptisk til krim og må få det eg leser høgt anbefalt først, og no er det seks år sidan den fyrste boka om Joona Linna kom, og eg høyrer enno berre positivt om serien. Det er jo eigentleg ganske tjukke bøker til å vere krim/thriller, og eg lurte jo på korleis i alle dager ei så tjukk bok skal kunne halde spenninga og likevel ikkje skuffe i slutten?

Vel, eg aner ikkje korleis det skjedde, men eg satt altså og las denne boka sju timar (!) i strekk kvelden (omtrent 420 sider, for min del, boka er på 530 sider), så å seie at den gjekk raskt unna er vel ikkje å overdrive? Sjukt spennande, og utruleg velskrivne greier!

«Hypnotisøren» det er snakk om her, er psykiateren Erik Maria Bark, men han gav opp praksisen for ti år sidan etter ein del oppstyr rundt ein av pasientane i hypnosegruppa hans. Likevel bruker han no hypnose for å hjelpe politiet i ei spesielt prekær etterforskning, der ein heil familie er blitt slakta ned. Yngstesonen er så vidt i live, og ligg på sjukehus, og etter å ha hypnotisert den så vidt bevisste femtenåringen, bryt helvete ut. Media tar kontakt med Erik, og det er ikkje alle som tek lett på at han igjen har praktisert hypnose; og no er fleire menneske i fare.

Det som var spesielt drivande i denne boka, og som for min del klassifiserer det som thriller og ikkje ein krimalroman, var vel at vi fekk perspektivet frå dei andre involverte i historia, ikkje berre kriminaletterforskeren (altså han godaste Joona Linna). Den voldsomt kompliserte saka vart jo løyst til slutt, av stabeisen Joona Linna, som alltid har rett. Og eg har rett når eg seier at dette er ei god bok.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2010

Fleire bøker av Lars Kepler finn du HER.

Sitat

«Et lite liv» av Hanya Yanagihara

Boka er sponsa av Gyldendal Norsk Forlag

et-lite-liv

Dette er ei heilt fantastisk bok. Eg føler ikkje at eg har lese, eg føler at eg har levd. Eg har fordjupa meg i denne tjukke boka, og eg har levd i denne verda. Det er ikkje ei glad historie, dette er ei stor oppleving. Teksten gnistrar, orda veks og sidene flyr av seg sjølv. Eg har grått og grått og smilt og ledd, og no er det slutt. Det er ei skikkeleg tom kjensle, og eg vandrar berre rundt på måfå i leiligheta. Kva bok skal eg kunne starte på etter denne????

Denne mursteinen roterer hovudsakleg rundt Jude (sjølv om jeg-personen er Harold). Jude er det mystiske limet i vennskapet mellom han, Willem, Malcom og JB. Dei har gått på college saman, og dei held på vennskapet gjennom heile livet (sjølv om det er litt av og på). Willem, Malcolm og JB er ganske opne karakterar det ikkje tek lang tid å bli kjend med, men å bli kjend med Jude tek eit heilt liv. Det blir ganske klart tidleg i romanen at han har hatt ein grusom (eller mangel på) barndom, og dette slepp aldri taket.

Dette er hjerteskjærande lesing, og som nevnt grein eg augene mine tørre. Denne boka går så djupt, og sit att hardt. Den utforsker styrken på vennskap, ser på den ulike kjærleiken vi kan kjenne for menneske, kor mykje vi er villige å ofre for dei vi elsker. Det er ei bok om rettferd, vennskap, familie, mellommenneskelege band, skyld og skam. Men kanskje mest om vennskap.

Kapitla er av og til typ 90 sider med få blankliner, så det er ikkje teknisk sett lettlest. Men om du berre lar deg flyte med, vil boka forsvinne på nokre dager. Eg gjer denne boka toppkarakter, eller for å parafrasere ei eldre dame på Kjekt å ha (som ikkje heilt forsto korleis terningkast fungerer): «Eg gir denne boka terningkast 10 på en skala fra 1-10.»

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Paris for én» av Jojo Moyes

Boka er sponsa av Bastion forlag

Paris for én

Det har vore ganske mykje oppstyr den siste tida angåande denne boka: er prisen for høg for innholdet; prøver forfatter eller forlag å skvise mest mogleg ut av desse bøkene; er dette ei bok for vaksne med lesevansker? Eg er eigentleg ganske lei av å høyre om dette, så eg fant ut at eg ville lese den sjølv (for man kan faktisk velge å lese dei bøkene ein vil, og la andre gjere det same utan at det må vere eit problem). Og veit det kva? Eg likte boka. Sidan eg uansett fekk henne sponsa, spelar ikkje prisen noko rolle for meg, men for dei som synest den speler ei rolle, så kan de alltids gå på biblioteket og lese boka heilt gratis.

Handlinga i boka: Nell er på veg til Paris, ein tur ho skulle på med kjærasten sin. Problemet som opnar heile boka er at nevnte kjærast ikkje dukkar opp på perrongen, men sender ei tekstmelding og seier han kanskje skal kome seinare. Dette «kanskje» vert raskt eit «definitivt ikkje», og Nell aner ikkje kva ho skal gjere. Etter ei mindre hyggeleg natt på hotellet, forsøv ho seg til eit morgontog heim, og togprisane gjer at ho ser seg nøydd til å vente til neste morgon. Lite aner ho kva slags døgn ho har i vente.

Eg synest boka var søt og koseleg, og veldig typisk Moyes-stil: lettlest, romantisk og utan for mykje mellom linjene. Dette er jo eigentleg ei «novella», eit litt ukjent konsept på norsk, men det er altså ein slags kortroman (det er ikkje (utheva) ei novelle, for den oppfyller ikkje sjangerkrava der, altså). Denne boka gir deg ca en time med hyggeleg lesning, og er ikkje det i grunnen greitt nok? Det er ofte slikt ein treng mellom 800-siders bøker og thrillarar.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Jojo Moyes finn du HER.

Sitat

«Nattergalen» av Kristin Hannah

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Nattergalen

Dette er ei slik bok der sidene berre flagrer av gårde; ei sånn bok du tar deg sjølv i å skumlese fordi den er så spennande, og deretter må tvinge deg sjølv til å lese i eit normalt tempo. Og herregud, for ei avslutning. Eg har ikkje grått så voldsomt av ei bok på månedsvis; denne historia er enkelt og greitt så nydeleg at eg ikkje helt har ord.

Vi er i Frankrike under starten på andre verdskrig, og tyskerane har okkupert den vesle byen Vianne bur i med familien sin. Mannen vert sendt ut i krigen, og Vianne si ti år yngre syster Isabelle vert sendt til henne for å hjelpe henne. Men når ein tysker flytter inn i huset, orker ikkje Isabelle å vere der meir. Ho rømmer til Paris og blir ein del av motstandsrørsla, under kodenamnet Nattergalen. I boka følgjer vi både Vianne og Isabelle i sine ulike, men likevel begge grusame, opplevingar av krigsåra.

Boka er full av familieband, kjærleik, håp, ideologi, vennskap, offer, mot, sorg og gleder. Det er ei rasande godt språk, og dei fem hundre sidene går unna i ein fei. Kristin Hannah har klart å komponere ein bortimot perfekt roman, som både engasjerer leseren og framstår som truverdig. Det er ikkje ei bok som er svart-kvitt i moralen, men som viser dei komplekse menneska bak ein uniform eller ein tittel. Eller eit kodenamn.

Det er rett og slett ein helt strålande roman, og om du likte bøkene til Alyson Richman eller Historiefortelleren av Jodi Picoult, er dette ei bok for deg. Eg veit nesten ikkje kva meir eg kan seie om den, for eg har både ingen ord og altfor mange ord. Dette er ei bok som vil bli hos meg i lang tid, kanskje er den til og med umulig å gløyme?

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Barnepiken» av Kathryn Stockett

Barnepiken

I tilfelle nokon ikkje har fått det med seg, så elskar eg sørstatsromanar. (Det er nesten så eg burde ha ein eigen kategori for dei på bloggen.) Og ja, dette er jo ein av dei mest klassiske og kjende av dei moderne sørstatsromanane, og eg kan ikkje fatte at eg ikkje har somla meg til å lese denne før no.

Boka fortel tre parallelle historier: ei om den svarte hushjelpa Aibileen; ei om Aibileens venninne og også svart hushjelp, Minny; og ei om Skeeter, ei kvit ung kvinne som bestemmer seg for å skrive ned Aibileen og Minnys historier om korleis det er å vere ei svart hushjelp hos «hvite fruer» i 1960-talets Mississippi. Men lite går som planlagt, og kvar av dei tre, sterke kvinnene opplever kor mykje dei må ofre for å stå opp for seg sjølve og det dei trur på.

Dette er ein varm og glimrande roman. Den er fylt av vennskap, ambisjonar, historie, og ikkje minst av sjølvtillit. Den skildrar karakterane skummelt ærleg, på godt og på vondt, så eit sit ikkje att med kjensla av at dette var ei skikkelig klissete bok der alt gikk bra for alle «dei snille». Så løp og kjøp boka, eg er sikker på at du vil kose deg med den like mykje som eg gjorde! (Og endeleg, kan eg sette meg ned å sjå filmatiseringa av boka.)

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2010

Sitat

«Bare én natt» av Simona Ahrnstedt

Boka er eit leseeksemplar frå Boklageret

Bare en natt

Denne boka er ein skikkeleg pageturner! Svenskar har ein tendens til å skrive gode bøker, og dette er nok eit eksempel. I denne boka møter vi drama, romantikk, sosietet, hevn og tunge fortider. Det er ein strålande samansett roman for alle som liker den nye bølgja av sexy bøker, utan at erotikken er hovudfokuset her i det heile.

Vi møter Natalia De la Grip, ei overklassekvinne som jobbar knallhardt. Uansett kva ho gjer, slepp den mannssjåvinistiske faren hennar ho ikkje med i familieselskapet. Dette veit David Hammar, ein nykomling i finansverdenen, som har store planer for Natalia. Han tek ho med ut til lunsj, og oppdager til si eiga overrasking at han vil møte henne igjen. Etter kvart ligg han med henne, men det er uansett berre for éi natt. Heilt til det ikkje er «berre» det.

Det er som sagt mykje drama, og spenningsnivået er høgt. Det er twists and turns, båe for lesarane og karakterane sjølve. Karakterane og hendingane er i og for seg ganske realistiske, og sjølv om boka er på rundt 550 sider, går den fort ned. Så om du liker «husmorporno» med litt mindre «porno» i historia, vil denne boka passe deg ypperlig! (Og den er uendeleg mykje betre enn Fifty Shades!)

Forlag: Vigmostad & Bjørke
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Simona Ahrnstedt finn du HER.

Sitat

«Tilgi meg» av Lori Nelson Spielman

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Tilgi meg

Å, for ei flott bok! Etter å ha lest Spielman si debutbok, En liste for livet, var det nesten skummelt å starte på denne. Tenk om den var elendig i forhold? Men til alle som har lest debuten, vil eg berre seie med ein gong at denne er like god!

Hannah Farr er på ein nedtur. Talkshowet hennar har dårlege sjåartal, kjærasten nektar å forlove seg med henne (og han har ei skikkeleg sur dotter), faren er død og ho har ikkje snakka med mora si på tjue år. I tillegg prøver ein kollega å stele showet hennar (bokstaveleg talt!). Hannah er mildt sagt sur, og i tillegg skal ho plutseleg måtte tilgi mora for å ha valgt elskeren over dottera, berre på grunn av nokre teite «tilgivelsessteiner» som mobbaren hennar frå barneskulen har sendt henne? Det kjem ikkje på tale, heilt til ho plutseleg ikkje har noko val. Og då oppdager Hannah at det kanskje er ho, og ikkje mora, som burde be om tilgjeving.

Dette er ei heilt anna historie enn den fyrste boka, men også denne handler mykje om å ta eit grep i livet sitt; å bli kvitt det som er vanskeleg, vere seg sjølv, gjere det ein ynskjer, og ikkje minst gjere opp for seg. Ei varm og sjarmerande bok, med ei historie som vil sitje att ei stund!

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Lori Nelson Spielman finn du HER.

Sitat

«Belgravia» av Julian Fellowes

Boka er eit førehandseksemplar frå Gyldendal Norsk Forlag

Belgravia

Eg ELSKAR Downton Abbey, så når denne boka vart annonsert heldt eg på å skrike av glede. Og etter å ha lest ho, trur eg at eg skal setje meg ned og sjå heile Downton Abbey ein gong til. Enkelt og greitt fordi Julian Fellows verkeleg kan å skape eit godt plott med mykje drama og komplekse karakterar.

Vi følgjer mange ulike menneske i denne boka. Vi følgjer James Trenchard, ein sosialt ambisiøs handelsmann som desperat ynskjer å bli godtatt i sosieteten; kona hans, Anne, som er litt meir realistisk av seg; sonen deira Oliver (som innbiller seg at han er sosieteten) og kona hans igjen, Susan (som er ei manipulativ kjerring). På den andre sida av Belgrave Square finn vi den faktiske sosieteten: Lady Caroline Brockenhurst (tenk typ bestemora i Downton Abbey); svogeren hennar Stephen (ein spillegal tulling); son til Stephen, vicomte John Bellasis (ikkje spillegal, men minst like tulling) og hans forlovede, Lady Maria Grey. Og så midtpunktet for alles drama; prestesonen og handelsmannen Charles Pope.

Det er mykje drama, og spenninga byggjer seg berre høgare og raskare dess nærmare slutten vi kjem. Vekslinga mellom dei ulike karakterane er overraskande lett, så ein vert ikkje stressa sjølv om perspektivet plutseleg snur. Og ikkje bli fortvila over alle namna og titlane! Det kan vere kjempeforvirrande i starten, men du får taket på det. Så hvis du ikkje allereie har lest boka kapittelvis i e-bok, så anbefalast det å kjøpe den!

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Kven er redd?» av Carl Frode Tiller

Kven er redd?

For eit skodespel! Ein må faktisk snappe etter luft her, jo. Dette er verkeleg morosamt, og det går slag i slag. Eg lo høgt fleire gonger, og humra konstant for meg sjølv. Det første eg gjorde no når eg sette meg foran Macbooken (etter å ha lese heile greia i eit strekk) var å leggje alle bøkene til Tiller på ynskjelista mi. For denne fyren veit tydelegvis kva han driv med.

Stykket «Kven er redd?» handlar om Bjørn. Bjørn er middelmådig i det meste: som skodespelar, ektemann, far, menneske generelt. Han er til og med middelaldrande (snakk om gjennomført type!). Han og kona har eit ganske anstrengt forhold, men ikkje fullt så anstrengt som det han har til borna sine eller svigerforeldra, eller sin eigen far. Men det er heller ikkje langt i frå. Bjørn spelar hovudrolla i eit stykke kalla «Hvem er redd for Virginia Woolf», og etter kvart kjem Bjørn sine eigne redslar fram. Mellom kvar «familiescene» er det ein monolog av Bjørn, der han snakkar direkte til publikum.

Eg har ikkje tenkt å avsløre meir, berre at stykket er fantastisk (så om nokon vil setje det opp, tek eg gjerne på meg rolla som regissør og castingansvarleg, for eg har allereie den perfekte skodespelaren i hovudet i rolla som Bjørn). Sjølv om du ikkje les drama til vanleg, vil du nesten ikkje merke det, det er like lettlest som ein roman. Såpass skildrande, og likevel ikkje dikterande, er sideteksten. Eg anbefalar skodespelet på det varmaste!

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Carl Frode Tiller finn du HER.

Sitat

«Arven» av Katherine Webb

Arven

Eg er superfan av Katherine Webb, så eg vart skuffa når eg starta på denne boka. Det tok meg 200 sider å kome godt i gang og bli fenga. Til gjengjeld skal det seiast at når historia fyrst hadde kome skikkelig i gang, var den kjempespanande og ikkje minst original. Eg vart overraska for kvart kapittel, og det tok heile boka å avsløre alt.

Boka handlar om Erica og hennar familie. Ho og syster si, Beth, reiser ut på familiegodset for å rydde opp i boet etter den nyleg avdøydde bestemora, Meredith. Det er mange vonde minner på godset, for då dei var barn forsvant fetteren på mystisk vis. På loftet finn Erica mange mystiske brev og gjenstandar frå oldemora Caroline, og i hagen finn ho barndomsvennen Dinny. Parallelt følgjer vi Caroline som ung.

Denne boka tar for seg mange tema (bare sjå på antall tags!), så her er noko for alle, altså. Likar du veksling mellom fortid og notid, å lese om engelske gods, amerikansk nybygging, urfolk, taterar, psykiske lidingar eller berre spanande bøker generelt, så vil du nok like denne. Så lenge du har tolmod til å kome deg gjennom den fyrste halvdelen.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2011

Fleire bøker av Katherine Webb finn du HER.

Sitat

«Fugletribunalet» av Agnes Ravatn

Fugletribunalet

No har eg ynskt meg denne boka så lenge, at eg har nesten ikkje lov til å mislike henne. Og så er den jo i tillegg på nynorsk! Men den var heilt annleis enn forventa. Ikkje at eg heilt veit kva eg forventa av ho?

Boka handlar om Allis, som røymer frå ei skandale i NRK. Ho hamnar hos Sigurd Bagge, som hushjelp og gartnar (ikkje at ho kan noko om det), ein stille fyr langt ut på landet. Han treng hjelp når kona er vekke på reise, men Allis oppdagar fort at det er mykje som ikkje stemmer med historia hans.

Boka er skikkelig spanande! Det er ei kjensle av uro gjennom heile greia, og den er creepy som få. Og Ravatn held på spenninga til siste side. Herrefred, eg må ta ei pustepause!

Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av Agnes Ravatn finn du HER.

Sitat

«Café Estrella» av Linda Ask-Knutsen

Boka er sponsa av forfattaren

Café Estrella

Då har eg lest oppfølgjaren til Orkanen. Igjen møter vi Mira Cara Rodriguez, og fortsetter historia på minuttet, der den forrige boka slutta.

Mira har ei krevjande framtid i møte: ho skal bli kjend med den nye familien sin, sette seg inn i rolla som hovudaksjonær i farens rederi, og avstand skaper problemer i forholdet mellom henne og Levi. I tillegg har ho fleire draumar enn før, og vert autorisert til å besøke limbus (tilstanda mellom levande og døde), men valet ho tek der skaper store fysiske og psykiske problem for Mira.

Boka går ikkje like raskt framover som forgjengeren, men den går endå djupare. Det byggjer seg opp eit drama i boka, men som aldri blir heilt forløyst eller avslørt (skriv ferdig den tredje boka, Linda!). Vi går inn på Mira på eit meir personleg nivå, og mykje meir av hennar indre liv, noko som er veldig interessant, då Orkanen tok meir for seg alt som skjedde rundt Mira. Du må for øvrig definitivt lese den fyrste boka før du starter på denne, elles kjem du ikkje til å forstå 1/10 av handlinga. Så… no skal eg liksom sitte her og vente eit år på avslutninga?!

Forlag: Kolofon
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Linda Ask-Knutsen finn du HER.

Sitat

«Black Rabbit Hall» av Eve Chase

Black Rabbit Hall

Dette er altså debutboka til Eve Chase, og kom på norsk i år. Og etter utruleg mange anbefalingar om boka, kjøpte eg den –  innbunden og til fullpris, ei sjeldan oppleving. Og eg angra eigentleg litt, men mest fordi gullfargen på omslaget smittar og øydela lommeboka mi.

På slutten av sekstitalet, på Black Rabbit Hall, skjedde fleire tragiske ulukker som endra Ambers liv for alltid – både på godt og vondt. Over tredve år seinare kjem Lorna og forloveden til godset for å sjekke om det er brukandes til bryllupsloka. Jon er skeptisk, men Lorna forelskar seg i huset og lar seg lokke til å kome att og bu der ei helg. Og det blir ei helg som kjem til å forandre livet hennar.

Omtalene om boka seier at det er veldig likt Daphne DeMaurier, og det er eg heilt einig i: ein knakandes god slutt, men det skjer ikkje noko i dei første 75% av boka. Så godt som ingenting. Og slutten er litt forutsigbar, litt ikkje. Men den var likevel fin å lese, mest på grunn av det friske og gode språket. Midt på treet, altså.

Forlag: Gyldendal norsk forlag
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Flink pike» av Gillian Flynn

Flink pike

Det er ikkje thrillarar og krim eg les mest av, så eg prøver å vite på førehand at den typen bøker er GODE før eg les dei. Og etter å ha hørt denne boka bli skrytt opp i skyene, tenkte eg at det fekk stå til. Og eg kan love deg at skrytet var berettiga.

Amy er sporlaust vekke. Ektemannen Nick vert raskt politiets hovudmistenkt av mange grunner: han smiler heile tida, er altfor roleg, lyg i bøttevis til politiet og har ikkje alibi (og det er berre til å starte med!). Nick veit ikkje kva han skal tru, og leiter desperat etter eit svar – som i tillegg må reinvaske han. Og det viser seg å vere mykje lettare tenkt enn gjort, når han byrjar å mistenkte at Amy har forsvunne av fri vilje.

Boka er delt inn i 3 delar, og i kvar del vekslar vi mellom Amys og Nicks perspektiv på ekteskapet deira. Eg visste (dessverre) frå før sånn ca korleis boka enda, så det la jo ein dempar på overraskingsmomentet, men fy søren for ei spenning det likevel var. Eg var ikkje heilt nøgd med slutten, eg hadde håpt det vart annleis – men (dessverre?) var slutten realistisk og tru mot resten av boka. Heile greia vart slukt på ein dag, for eg slapp (heldigvis) å leggje den i frå meg. Og no har eg tenkt å sjå filmen, for eg er ganske nysgjerrig på korleis ein kan filmatisere denne psykologiske thrillaren. Og så kjenner eg at det er fint å vite at når eg kjem heim i frå ferien, ligg dei andre bøkene hennar og ventar på meg.

Forlag: Font forlag
Utgivelsesår: 2013

Sitat

«Safranhuset» av Rosanna Ley

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Safranhuset

På omslaget er boka kalla båe fortellerkunst på sitt beste, meiningsfull og vakkert skrive, og eg kan ikkje gjere noko anna enn å slutte meg til rosen. For wow, for ei bok; ei bok om familieband, opprinnelse, vennskap, tilgjeving, sorg og lengsel. Ei bok som ikkje lett vil bli gløymt.

Boka vekslar mellom fire synspunkt og på sett og vis eigne historier. Nell, Amy, Lillian (grandtanta til Amy) og Glenn (sonen til Lillian). Amy og Nell møtast i Marokko, på eit matkurs. Nell er der fordi ho fekk kurset i bursdagsgåve av ektemannen etter at mora hennar døydde brått, og etterlot Nell knust. Amy er der for å fotografere, og for å leite etter Glenn, som ingen har sett sidan 1969. Det einaste Lillian har etter han er eit postkort han sendte frå Essouira, utanfor Marrakech. I Marokko vert Nell og Amy venner, og saman oppdager dei kor viktig familie er – men òg kor naudsynt ei eiga styrke er.

Og så vil eg eigentleg ikkje avsløre meir av handlinga, for den er så god!! Måten alle historiene, hemmelegheitane og menneska møtast og går i hop på. For sjølv om eg kanskje såg éi av løysingane kome, kunne eg aldri ha gjetta meg fram til delane og detaljane i historia. Og favorittdelane mine av boka var faktisk Glenn sine skildringar av reisene sine og livet i Marokko. Dette er rett og slett ei rørande, herlig og god bok, så sett den på leselista di med éin gong!

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Rosanna Ley finn du HER.

Sitat

«Sommerfugløya» av Corina Bomann

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Sommerfugløya

Det er så deilig med slike bøker som bare fanger deg frå første side! Akkurat som Måneskinnshagen av Bomann, tar boka deg rett inn i ein avgjerande augneblink i ei kvinnes liv. Og igjen vert vi sendt på tur til eksotiske sydhavsøyer. Denne boka var rett og slett ei fryd å lese!

Boka handler om Dianas jakt på familiens store, mørke hemmelegheit. Etter at grandtanta døyr, er ho nemleg den siste slektningen i live, og grandtanta har sørga for at ho vert satt på sporet av skandalen ingen ville eller lenger kunne snakke om. Skandalen ramma Grace, Dianas tippoldemor, då ho budde med foreldra og systra på teplantasjen deira på Sri Lanka. Handlinga vekslar mellom Graces opphold på plantasjen, og Dianas jakt på kva som skjedde. (Personlig synest eg at Graces historie var den verkeleg interessante, men det synest vel strengt tatt Diana òg?) Og slutten tok meg verkeleg på senga!

Handlinga suser av gårde, og du har knapt tid til å puste! Eg var litt redd for at enkelte tråder ville forbli knytte (slik som i Måneskinnshagen), men alle spørsmål vart heldigvis svart på. Boka er òg pendlervennlig som få, då kapitla er ca 15 sider lange, og avsnitta 2-3 sider. Så du har alltid tid til eitt kapittel til, noko som går skummelt mykje ut over matlaging, eksamenslesing og husarbeid! (Men er det ikkje berre verdt det?)

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Corina Bomann finn du HER.