Sitat

«Glassarven» av Marci Alborghetti

Glassarven

Ei nydeleg historie om familie og våre kompliserte kjensler for kvart familiemedlem. Ein er jo glad i dei, men gud så lyst ein kan ha til å klabbe til dei innimellom og. Denne boka viser denne fine balansen, i løpet av en desembermånad. Ikkje la deg lure av vaskelappen og kva den fortel om handlinga. Dette er handlinga:

Under andre verdskrig møter vi Anna i Italia, som driv ein jødisk barneheim. Når ho skjøner at ho kanskje ikkje vil overleve krigen, sender ho det kjæraste ho eig til kusina Filomena, som emigrerer til USA. Dette er glassarven: juleornament i glass i tolv deler. Filomena deler ut desse kvar for seg til familiemedlem og vener i løpet av dei neste 60 åra. Så plutseleg sit ho gamal og litt bitter, døtrene hennar har ikkje lenger kontakt og alt er litt ødelagt og feil. Ho treng meir pleie, men nektar å flytte frå kjøkkenet sitt til ein eldreheim. Men så går ho med på det, på eitt vilkår: familien skal feire jul i lag i den vesle leiligheita hennar. Og så startar kaoset.

Vi les historia der kvart kapittel blir fortalt av eit nytt familiemedlem. Vi les om usikkerhet, såra kjensler og sakn. Forhold mellom søsken, svigermødre og -døtre, barn og ektefeller. Ei bok full av julemirakler og familiekjærleik.

Forlag: Juritzen
Utgivelseseår: 2011

Sitat

«Morder-Anders og hans venner (samt en og annen uvenn)» av Jonas Jonasson

Morder-Anders

Igjen med desse ekstremt lange titlane, da! Men dei er jo halve moroa? Og skal vi snakke om kor frekt det er av Dagbladet å kalle det ein farseroman? Og sei det er for mykje stillstand mellom slaga? Det er jo ikkje sant i det heile tatt! Det fantastiske med bøkene til Jonasson er jo fortellermåten, som er heilt unik og humoristisk.

Denne boka skil seg litt ut frå dei andre. Den foregår berre i notid, og fortidene blir raskt oppsummert (sjølv om dei, som i det vanlege liv, alltid tar oss att), og Morder-Anders er eigentleg ikkje hovudpersonen. Men like morosam som dei andre? Ja!

Hovudpersonane er resepsjonisten Per Persson (eller Jansson), og den tidlegare sognepresten Johanna Kjellander (som er ateist). Tilfeldigheitane vil ha det til at desse to støter på kvarandre, som i sin tur støter på Johan Andersson, betre kjend som Morder-Anders. Han har tilbrakt så godt som heile sitt 56 årige liv i fengsel, så ein kombinasjon av piller og sprit gjerne leder til mord for hans del. Presten og resepsjonisten bruker Morder-Anders som torpedo, og tener store penger på det. Men så vert morderen interessert i prestens bibelvers (som ho sleng ut i hytt og vær), og plutselig blir han kristen. Og så må dei endre businessen lite grann.

Hysterisk morsom, humoristisk skrive og engasjerande til siste side! (Og nei, det er ikkje for langt mellom slaga! Kor mange mord og drap kan ein eigentleg kreve av ein rehabilitert og kristen morder?)

Forlag: Vigmostad & Bjørke
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Jonas Jonasson finn du HER.

Sitat

«Bildet av Rebecca Winter» av Anna Quindlen

Boka er sponsa av Bastion forlag

Bildet av Rebecca Winter

Anna Quindlen var ein ny forfatter for min del, men eg vart absolutt ikkje skuffa! Det tok eit kapittel eller tre for å kome heilt inn i boka og Rebecca (spoiler: ho er seksti). Den er skrive akkurat slik eg likar lett litteratur: korte kapittel (med morosame titlar), endringar i perspektiv (ein hund), og massevis av digresjonar (fleire avsnitt i parentes). Rett og slett ei gøyal leseoppleving!

Rebecca er fotograf. Vel, nesten avdanka fotograf. Ho er skild for mange år sidan, og har ein son. Ho har og ein far, og ei mor på ein sjukeheim. Og med alle desse som vil ha ein bit av henne, skjøner Rebecca at ho ikkje har råd til leiligheita si i New York lengre. Så ho leiger ut leiligheita til blodpris, og leiger eit billeg hus i ein skog nokre timar unna. Her bli Rebecca (fyrst motvilleg) ven med Sarah, Jim, Tad og får seg hund. Og akkurat i det ho skal til å oppleve suksessen på nytt, skjøner ho at ikkje alt kan fangast gjennom ei kameralinse.

Rebecca og dei andre karakterane i boka var ein fest å bli kjend med! Ei utruleg velskriven bok (for min smak, i alle fall), med mykje kjensler, humor og velvridde formuleringar.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Høyt henger de og søte er de» av Karin Brunk Holmqvist

Høyt henger de og søte er de

Den femte boka av Karin Brunk Holmqvist, og eg føler at dei fleste omtalene mine av bøkene hennar er ganske så like. Bøkene er jo sånn sett like? Eldre folk i morsomme situasjonar. Men nokon er jo betre enn andre (sjølv om ingen av dei kjem til å slå Potensgiverne uansett), og dette var ikkje av dei dårligare (som Rosa elefanter som mangla ein god slutt).

Denne historia er av mindre storleik enn dei andre. Den handlar rett og slett om to vennepar som har kolonihagar saman i storbyen. Gunnar kjøper blomster til Berta, og ei misforståing gjev han rykte som skjørtejeger. Gunnar blir rasande på hagekolonisten som spreidde ryktet om han, og bestemmer seg for å hevne seg. Og før han veit ordet av det, står politiet på døra.

Brunk Holmqvists bok er som vanleg full av vennskap og varme, og mange sprell.

Forlag: Silke
Utgivelsesår: 2014

Fleire bøker av Karin Brunk Holmqvist finn du HER.

Sitat

«Kaffe med musikk» av Karin Brunk Holmqvist

Kaffe med musikk

Halleluja, bok nummer fem fra Karin Brunk Holmqvist! Varmt, humoristisk og nesten alt for realistisk.

Ordforklaring: «kaffe med musikk» er kaffi med ein skvett whisky. Dette oppdager venninne Inez, Olga og Viola som har vunne ei bussreise til Tyskland. Til julemarkedet i Schwerin! Etter mykje om og men bestemmer dei seg for å reise og nyte turen, med kanskje litt vel mykje alkohol. Det er ein skikkeleg venninnetur, med den halvvegs venninna Svea på slepet. Svea hopper riktignok til sengs med den første mannen ho møter i Tyskland, og forholdet mellom Svea og ektemannen Ola vert snakkis for damene resten av turen. Spesielt når Ola også plutseleg dukker opp … i Tyskland!

Det går ikkje an å mislike denne boka, ein flirer og humrer for seg sjølv gjennom heile lesinga.

Forlag: Silke
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av Karin Brunk Holmqvist finn du HER.

Sitat

«Winkie» av Clifford Chase

winkie

Eg leiter desperat etter ord som kan skildre denne boka. Den var så utruleg snål. Men samtidig var den så vakkert og poetisk skriven, eg kunne ikkje leggje den ned.

Hovudpersonen er ein kosebamse som tilfeldigvis får liv. På grunn av ei misforståing blir han arrestert av US Army og anklaga for å vere terrorist. Det faktum at han er ein bamse, er desse amerikanarane for dumme til å godta, dei finn på mykje tull om at han er ein dverg med genfeil, ein sjukdom, ei forkledning og andre heilt latterlige skuldingar. Alt for å oppretthalde the war against terror.

Boka er fortellingar frå då bamsen tilhøyrde Cliff Chase (forfattaren sjølv), då har tilhøyde mora til Cliff, Ruth, tida hans i fengselet, livet som «bjørn» i skogen, og ein ufatteleg frustrerande rettsak med skodespelarar som vitner frå 1800-talet.

Boka er mildt sagt spesiell. Men den var hysterisk morsom, satirisk, søt og rørande. Og veldig lettlest!

Forlag: Font
Utgivelsesår: 2006

Sitat

«Rosa elefanter» av Karin Brunk Holmqvist

Rosa elefanter

Nok ei koseleg bok av Karin Brunk Holmqvist, dronninga over pensjonerte svenskar på landsbygda utan peiling på den moderne verda. Så mange bøker, og likevel med så ulike plott! Denne var kjempemorsom, men eg syns dessverre «løysinga» på plottet var litt for enkel og platt, you can do better! Men det er klart, alt av Brunk Holmqvist er koselesing frå ein ende til ein annan.

Boka handler om ekteparet Selma og Artur, som har levd heile livet på ein går på Skåne. Dei to nabohusa er tomme, men så flytter Disa inn i foreldras gamle hus. Disa driv med nakenyoga, rosenterapi og ein heil haug alternative greie. I det andre huset flytter det inn eit ektepar, og mannen er pastor i ei religiøs sekt og arrangerer vekkkingsmøter i hytt og pine. Selma og Artur aner ikkje korleis livet framover vil bli, spesielt ikkje når dei ser pastoren grave ned noko som ser ut som eit lik i hagen sin.

Forlag: Silke
Utgivelsesår: 2012

Fleire bøker av Karin Brunk Holmqvist finn du HER.

Sitat

«Fantastisk og elsket av alle» av Martina Haag

Fantastisk og elsket av alle

Fantastisk og elsket av alle (og på jobben går det også kjempebra) er ei snart ti år gammal svensk bok om skodespelaren Isabella Eklöf. Ho er vel strengt tatt ikkje skodespelar, men er arbeidslaus og på trygd. Og dei få jobbane ho får som skodespelar er pinleg dårlege og lavtløna, og trygda går straks ut på dato. Ho treng jobb. Alle innen film, tv og scene i Sverige får tilsendt ein CV (som er ekstremt overdriven). Og etter mykje strev, får ho endeleg draumerolla på Dramaten. Men det er eit lite problem; ho får jobben fordi ho lyg om at ho er akrobat. Og Bella blir svimmel av å knyte skolissene sine.

Boka er lettlest og ganske enkel. Eg føler svensk samtidslitteratur er utruleg humoristisk uansett kva tema dei tek opp, og er veldig originale komedier; karakterer som skaper sine eigne problem, og som eigentleg ikkje endrar seg etter løysinga av problema. Når vi snakker om denne boka, snakker vi eigentleg om ei god blanding mellom Karin Brunk Holmqvists og Lena Anderssons bøker. Ganske kort bok, så verdt å lese om du vil ha noko enkel underhaldning.

Forlag: Pantagruel
Utgivelsesår: 2006

Sitat

«Sirile gentlemen søkes» av Karin Brunk Holmqvist

Sirile gentlemen søkes

Bok nummer tre av Karin Brunk Holmqvist er like god som dei to fyrste! Det er fin og koseleg lesning. Dette var vel så langt kanskje den mest realistiske av bøkene, men like morosam fordi om!

I boka møter vi Alma og Margit, som får husa sine ekspropriert av kommunen, fordi ein veg skal byggjast ut. Dei blir midlertidig plassert på ein aldersheim, i vente på byggjing av pensjonistboliger. I løpet av tida på aldersheimen tar dei datakurs, kjøper langbukser (!!) og set inn ei kontaktannonse der dei søker etter «sirile gentlemen» (for dei som lurte, så er sirile ei «feilskriving» av virile, men kva gammal jomfru på 79 år kan vite slikt?). I tillegg ser Alma sitt snitt til å få skaffa tilbake husene deira ved å drive utpresning på bestyrerinna, som har eit forhold til ein gift kommunepolitiker.

Boka er fylt av humor, og hyggeleg lesning! Og vi ynskjer nok alle at vi er like «sirile» som desse kvinnfolka når vi nærmar oss 80 år.

Forlag: Silke
Utgivelsesår: 2011

Fleire bøker av Karin Brunk Holmqvist finn du HER.

Sitat

«The best thing that never happened to me» av Laura Tait & Jimmy Rice

The best thing that never happened to me

På boka står det: «First love. Second chances.» Å, er ikkje det noko vi alle kan kjenne oss igjen i? Tanken på kor annleis ting ville vore om den første kjærleiken hadde gått i orden? Det er temaet boka tar opp.

Alex og Holly har vore venar sidan dei var elleve år gamle. I løpet av tenåra blir dei forelska i kvarandre, men av frykt for ugjengjeldte kjensler og å øydelegge venskapet, tør ingen av dei å seie noko. Holly flyttar til London for å studere, og kontaktar aldri Alex igjen, etter å ha fått kjenslene sine såra. Elleve år går, og Alex flytter til London. Han tar kontakt med Holly, og sakte men sikkert vert dei bestevennar igjen. Og begge veit at dei gamle kjenslene er der, men heller ikkje denne gongen tør nokon av dei å seie det. Var kjærleiken deira aldri meint å være, eller var den det?

Ei bok med like mykje humor og sarkasme skal ein leite lenge etter. Den er open og ærleg, og karakterane er truverdige og sympatiske, hovudsakleg. Det er fin flyt og driv, og eg kunne ikkje legge henne frå meg. Det finst ikkje nokon norsk versjon, men engelsken er veldig lett, så dei fleste burde kunne klare den språklege utfordringa.

Forlag: Corgi Books
Utgivelsesår: 2014

Boka er ikkje tilgjengeleg på norsk.

Sitat

«Rapsgubbene» av Karin Brunk Holmqvist

Rapsgubbene

Albert og Henning er eit par brødrer og ungkarer som bur saman i barndomsheimen deira. Dei er godt kjend i bygda, då dei er litt eksentriske. Dei lev med moras stemme i øyra, som fortel dei om å sove med sokkar, eller vaske seg i øyra. På gården deira er det ein rapsåker, og ut av det blå dukker det opp spor av romvesen der! Media dukker opp og invaderer oppkjørslen og hagen deira. Når kjem dei til å få tilbake det rolege livet sitt? Og … romvesen???

Bok nummer to av Karin Brunk Holmqvist er like god som den første! God underholdning, med mykje latter på kjøpet.

Forlag: Silke
Utgivelsesår: 2010

Fleire bøker av Karin Brunk Holmqvist finn du HER.

Sitat

«Potensgiverne» av Karin Brunk Holmqvist

Potensgiverne

Eg er fan av svensk litteratur, det er ein spesiell type sarkastisk og samstundes koseleg humor. Eller er det berre eg som føler det slik? Eg elsker i alle fall alle bøkene til Karin Brunk Holmqvist, og debuten «Potensgiverne» er så klart ei av dei beste.

Boka handler om systrene Tilda og Elida, som lev eit fredeleg pensjonistliv på landsbygda i Sverige. Dei er nøgde med eit roleg, gamaldags liv med utedo. Heilt til Alvar flytter inn i nabohuset. Og sjarmerer damene i senk. Plutseleg kjøper dei seg nye klede, dei krøller håret, og dei må skaffe seg innlagt do. For det har Alvar. Men for å få råd til ein innlagt do, så treng dei pengar. Og nød lærer naken kvinne å spinne, så dei finn opp eit potensmiddel. Samstundes ynskjer veslebroren deira at dei skal flytte på gamleheim så han kan ta over barndomsheimen som sommarhus, og har sine eigne problem med kona. Som potens.

Tårene trillar, og boka er god lesning frå side til side. Det er jo ikkje ei bok få har lest, og færre har høyrd om, men det er verkeleg ikkje vanskeleg å skjøne kvifor.

Forlag: Silke
Utgivelsesår: 2009

Fleire bøker av Karin Brunk Holmqvist finn du HER.

Sitat

«Ran og rullator» av Catharina Ingelman-Sundberg

Boka er eit leseeksemplar frå Boklageret

Ran og rullator

Eg likte den første boka i serien om Pensjonistligaen. Og denne, den er betre! Humor tatt til eit nytt nivå. Pensjonistane er klare med neste kupp, og kjøper seg eit gammalt herskapshus utanfor Stockholm. Og så viser det seg at deira nærmaste naboar er medlem av ein skummel MC-gjeng. Men kven er eigentleg dei kriminelle mastermindane av motorsykkelbøllene og eit sett med gamle pensjonistar?

Igjen klarer dei å rote seg opp i litt av klart, og med alderen er jo denne forvirringa. I tillegg blir det litt romanse og krangel innad i gjengen, og ein vert endå meir stressa. For no kan det verke som om dei er ille ute, desse elskelige gamle kriminelle. Men ja, herregud. Svensk humor er aces. Så igjen anbefaler eg å lese bøker om pensjonerte svenskar ute på tur for å lage sprell!

Forlag: Silke
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Catharina Ingelman-Sundberg finn du HER.

Sitat

«Søndager med The Supremes» av Edward Kelsey Moore

Boka er eit leseeksemplar frå Boklageret

Supremes

Ein fryd å lese! Åh, så mange fine ord eg kan finne til å skildre denne boka. Etter første kapittel var eg hekta, og eg har kosa meg så vanvittig mykje med å lese denne flotte boka. Eg gråt og lo, og eg vart ekstremt glad i karakterane i boka, og eg skulle ynskje den aldri tok slutt.

Boka handler om The Supremes; Barbara Jean, Odette og Clarice som er middeladrande, svarte kvinner i Indiana, USA. Dei har vore bestevenninner sidan 60-talet, og kvar søndag et dei på Earl’s All-You-Can-Eat etter kyrkjetid. Vi følgjer kvinnene gjennom kreft, tap av born og ektemann, utroskap og vennskap (og eit heilt sjukt vilt bryllaup!).

Boka har humor, den har varme. Vi snakkar mødre som røyker hasj, å kunne sjå daude mennesker (som den alkoholiserte Eleanor Roosevelt). Det var så mykje godt og morosamt i denne boka. Men det var og mykje sårt, som seksuelt misbruk, barnedaud og å miste den store kjærleiken. Eg gråt opptil fleire gonger.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2015

Ny norsk tittel: «Alltid på en søndag»

Sitat

«Svindel og multelikør» av Catharina Ingelman-Sundberg

Svindel og multelikør

Bare coveret til denne boka er jo nok til å ville lese den! Du ser kanskje at Liv Gade har kalt den årets morsomste bok? Og gud fader, så er eg einig. Plottet i seg sjølv var berre komisk og fantastisk. Fem pensjonerte korsongarar oppdagar at sjukeheimen dei bur på driv med nedskjeringar i budsjettet, og både maten og kaffien vert dårlegare. Dette er uakseptabelt for Märtha, gjengens leiar. Dei planlegg ei flukt og eit ran. Boka er så godt skriven at ein eigentleg ikkje bryr seg om dei får det til eller ikkje, dét er god underhaldning. Dessutan veit vi jo at gamle menneske på 80 år ofte er litt glømske, og desse fem er ingen unntak.

Eg kosa meg så ekstremt med denne boka. Det er så rett på sak, så frekt! At eg verkeleg har fått ei greie for alle dei svenske bøkene om eksentriske pensjonistar, kan ein godt seie! Om den er verdt å lese? Absolutt!

Forlag: Silke
Utgivelsesår: 2014

Fleire bøker av Catharina Ingelman-Sundberg finn du HER.

Sitat

«Analfabeten som kunne regne» av Jonas Jonasson

Bok sponsa av BOKeksperten.no

Analfabeten

Om du bør lese denne boka, er ikkje spørsmålet. Spørsmålet er når du skal lese den. Boka er fantastisk morsom, og plottet så usannsynleg at du trur på det. Fortellarmetoden til Jonasson med å hoppe i tid og synsvinkel er så ekstremt bra utført at å legge ned boka er fysisk umuleg.

Plottet startar i ein slum i Sør-Afrika, der Nombeko Mayeki, ei ung jente, lærer å rekne og lese. Som femtenåring vert ho påkøyrd i Johannesburg, ei påkøyring som skal snu heile livet hennar på hovudet. Ho vert dømd til å arbeide gratis hos han som køyrde over henne, som straff for bulken i bilen. Denne mannen er pålagt av myndighetene å lage ei atombombe, noko Nombeko klarer mykje betre enn han. Så kan man heller lese boka og finne ut korleis denne sørafrikaneren som eigentleg skulle ha levd og dødd i slummen ender opp i Sverige med ei sint jente, ein svensk mann som eksisterer – og tvillingbroren hans som ikkje gjer det.

Boka er så herlig respektlaus, og tonefallet så sarkastisk at eg faktisk lo høgt fleire gonger! Så, gjer deg sjølv ei teneste og kjøp den.

Forlag: Vigmostad & Bjørke
Utgivelsesår: 2014

Fleire bøker av Jonas Jonasson finn du HER.