Sitat

«Historien om et godt menneske» av Birger Emanuelsen

Boka er sponsa av Tiden norsk forlag

Historien om et godt menneske

Ikkje la deg lure av den vesle, kvite pocketboka på biletet over. Det er ingenting lite ved denne boka. Det er ein viktig puslespillbit i samtidslitteraturen. I tillegg til å vere lettlest og underhaldande, så klart.

Thomas kjem frå ein liten by på Sørlandet, der skilsmissene florerte, fredre drog, dopet flaut og ungdomskulturen var brutal. Opp i alt dette hadde Thomas eit lite knippe venar, som han mista kontakta med då dei reiste vekk for å studere. No har han fått sparken frå jobben som journalist, og med den vesle familien sin flytter han tilbake til heimbyen, under påskudd av at mora er sjuk. I heimbyen vert han konfrontert med framtida, notida og fortida, og mykje av det går på korleis Thomas behandler andre menneske.

Thomas er som menneske veldig opptatt av korleis andre menneske ser på han, ser på kona, korleis han kan få dei til å tru dette og dette, slippe unna med ting, og korleis han sjølv ser på dei andre. Han framstår nesten unaturleg ekte som menneske, i ei rå og ærleg skildring av dagens samfunn.

Denne boka er perfekt for alle som fekk med seg Kyrre Andreassen si bok For øvrig mener jeg at Karthago bør ødelegges i haust, og vice versa. Det er ein skikkeleg moderne roman, med samfunnskritikk og realisme. Alt i boka kjennest ut som om det kunne skjedd, frå det kleine ein kjenner rundt menneske ein pla vere venar med, til kjærleiksforhold, og til eigentleg heile dagleglivet. Det er ei god skildring av dagens samfunn og av medmenneskelegdom.

Forlag: Tiden
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Fie faller» og «Noe skal skje» av Therese Aasvik

fie-faller

Kva gjer du når livet ditt kollapser? Når mannen din vil gå fra deg for ei anna? Som ikkje ein gong er yngre og penare enn deg? Når ungane dine ikkje liker deg lenger? Når du misliker alle «vennane» dine, og det viktigaste i livet ditt er å bruke smarte hashtagger på Instagram? Når alt eigentleg går til helvete? Vel, Fie prøver å fikse alt, slik ho alltid gjer. I femten år har ho brukt all si tid på å prøve å vere perfekt, vere den perfekte kona og passe inn i ektemannens vennegjeng (som alle er gifte med kvarandre). Men enkelte ting kan ikkje fiksast, og Fie må prøve det meste på nytt. Utan å avsløre for mykje, kan eg jo seie at enkelte ting kan fiksast.

Boka er tynn og ganske lettlest, med ein herleg liten snert av samfunnskritikk. Fie er ein ganske spennande karakter med mykje under den utruleg overflatiske overflata, som desperat prøver å finne tilbake til ein person ho ikkje veit om ho var. Det var underhaldande å følgje den vesle (eller store?) reisa hennar, og eg er spent på å starte på den nye boka hennar som kjem i januar.

Noe skal skje er sponsa av Vigmostad & Bjørke

noe-skal-skje

Og som dei seier på alle matprogram, vi har juksa litt! For før du les om at eg har lest Fie faller, har eg lest Noe skal skje òg. Denne boka er endå tynnare, og skriven med ein heilt anna stil enn debutboka.

Vi møter Fred, ein middelaldrande (antar eg) ungkar som lev eit ganske roleg og kjedeleg liv (han heiter «Fred» for ein god grunn). Fred ynskjer at noko skal skje, men ein skal vere forsiktig med kva ein ynskjer seg, for seriøst rare ting byrjar å skje. Samstundes fortel Fred om ungdomstida si, og det var visst litt av kvart som skjedde då òg. Vi finn eit enkelt og veldig komplisert menneske i Fred, og det er umogleg å bli glad i han. Det er ei fin og original bok, ein slags spenningsroman light. Absolutt verdt å lese!

Så for å oppsummere, er eg veldig imponert over skrivestilen til Aasvik, og ho er offisielt ført opp på mi uoffisielle liste over forfattarar eg skal følge med på vidare. Eg les verkeleg alt for lite norsk litteratur, alt eg går glipp av!

Forlag: Vigmostad & Bjørke
Utgivelsesår: Fie faller (2016), Noe skal skje (2017)

Sitat

«Hypnotisøren» av Lars Kepler

Hypnotisøren

Dei som følgjer bloggen min, veit at eg er litt skeptisk til krim og må få det eg leser høgt anbefalt først, og no er det seks år sidan den fyrste boka om Joona Linna kom, og eg høyrer enno berre positivt om serien. Det er jo eigentleg ganske tjukke bøker til å vere krim/thriller, og eg lurte jo på korleis i alle dager ei så tjukk bok skal kunne halde spenninga og likevel ikkje skuffe i slutten?

Vel, eg aner ikkje korleis det skjedde, men eg satt altså og las denne boka sju timar (!) i strekk kvelden (omtrent 420 sider, for min del, boka er på 530 sider), så å seie at den gjekk raskt unna er vel ikkje å overdrive? Sjukt spennande, og utruleg velskrivne greier!

«Hypnotisøren» det er snakk om her, er psykiateren Erik Maria Bark, men han gav opp praksisen for ti år sidan etter ein del oppstyr rundt ein av pasientane i hypnosegruppa hans. Likevel bruker han no hypnose for å hjelpe politiet i ei spesielt prekær etterforskning, der ein heil familie er blitt slakta ned. Yngstesonen er så vidt i live, og ligg på sjukehus, og etter å ha hypnotisert den så vidt bevisste femtenåringen, bryt helvete ut. Media tar kontakt med Erik, og det er ikkje alle som tek lett på at han igjen har praktisert hypnose; og no er fleire menneske i fare.

Det som var spesielt drivande i denne boka, og som for min del klassifiserer det som thriller og ikkje ein krimalroman, var vel at vi fekk perspektivet frå dei andre involverte i historia, ikkje berre kriminaletterforskeren (altså han godaste Joona Linna). Den voldsomt kompliserte saka vart jo løyst til slutt, av stabeisen Joona Linna, som alltid har rett. Og eg har rett når eg seier at dette er ei god bok.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2010

Fleire bøker av Lars Kepler finn du HER.

Sitat

«Jane Ashlands gradvise forsvinning» av Nicolai Houm

Jane Ashlands gradvise forsvinning

«Menn som skriv om kvinner», det var det dette «fenomenet» denne boka vart karakterisert under. No er det jo ikkje så veldig uvanleg at menn skriv om kvinner, men det er nok flest kvinner som skriv om menn enn vice versa. Og sjeldan eller ikkje, bra utført er den i alle fall. Denne romanen, altså.

Boka handlar om Jane Ashland, som er i djup sorg. Når Diazepamen sluttar å verke som ynskja, må ho gjere noko anna. Ho må fokusere, og det ender med at ho vert besett av slektsgransking, og ender opp i Noreg. Ho flyr, og på flyet møter ho Ulf («Er det et ekte navn?»). Når ho møter dei fjerne slektningane sine i Oslo, går omtrent ingenting glatt eller etter nokon plan, og ho reiser brått. Ho kontaktar Ulf, og vert med han på fjelltur, sjølv om ho synest Ulf er i overkant interessert i moskusbæsj.

Dette er ei bok om sorg, og korleis takle den. Eller ikkje takle den, og konstant bli fortalt at det no burde gått betre, her ta denne pilla, det går fint, korleis har du det, det er ikkje for seint å finne ein ny, her burde vore teikn til forbetring. Den handlar om å unngå å gå vidare, klamre seg til minner og ikkje byrje å gløyme. Det er rett og slett ei treffande, fin og velskriven bok om sorg og sakn. (Og så er omslaget kjempefint!)

Forlag: Tiden
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Et hav av minner» av Alyson Richman

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Et hav av minner

Eg var ikkje førebudd på kva denne boka var, eller kva den ville gjere med meg. Eg har lest dei andre bøkene til Richman (i alle fall dei norske utgivelsane), og det er i stor grad kjærleikshistorier med modige karakterer knytt til andre verdskrig. Denne boka har for så vidt litt bakgrunn i andre verdskrig, men det er ein heilt annan «krig» som er hovudfokuset. Dette er ikkje ein typisk romantisk dameroman, sjølv om omslaget kanskje kan lure deg litt.

Størsteparten av perspektivet i boka ligg hos Salomé, og alle dei andre historiene i boka er knytt til hennar, gjennom ett eller to eller tre ledd. Under Pinochet sitt kupp i Chile, vart Salomé kidnappa to gonger og mishandla sterkt fordi hennar berømte ektemann var kritisk til kuppet. Og sjølv om Salomé reiste med han og barna sine til Sverige som politiske flyktningar, går det ikkje lang tid før ho og Octavio går frå einannan, for Salomé kan ikkje tilgi. Ho går i terapi, og vi vert og kjend med psykiateren Samuel, hans fortid, og hans kones fortid.

Dette er ikkje ei historie der alle ledda fra fortida møtast i notida og plutselig var alle i slekt, men ein roman som rett og slett knyt saman eit hendelsesforløp. Den er original, sterk og ja, annleis. Det er faktisk ein knusande roman, og ikkje ei bok ein kan pløye raskt gjennom som underhaldning. Det tok meg heile fire dager å lese ut denne boka, for skildringane og historia er så utruleg sterkt. Språket er velskrive og kapitla korte, så boka er i grunnen lettlest; men tru meg, denne boka vil du bruke tid på å kome gjennom (og nyte!).

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016 (2004)

Fleire bøker av Alyson Richman finn du HER.

Sitat

«Klokken og sengen» av Eline Lund Fjæren

Klokken og sengen

Dette er ein samtidsroman med stor slagkraft. Det er eit eller anna veldig treffande å lese ein roman om ei jente på min alder, skriven av ei anna jente på min alder. Angsten, einsemda og tafattheten som er skildra, rører ved hjartet mitt (unnskyld klisjeen) og pirker bort i den delen av hjerna som rår over gjenkjenning og sympati.

«Eg» har flytta frå Oslo til Bergen. Ho bur i ei studioleilighet, søker på jobber ho ikkje vil ha, gidd ikkje stå opp og er ganske sikker på at ho har mista studieplassen sin. Ho har ikkje penger, mat, venner eller mykje anna i kvardagen, men ho er nøgd med å liggje under dyna. Noko av det ho derimot har i kvardagen er saknet etter «han» som vart att i Oslo, og framande menn fyller tomrommet. Og Julie, når ho orkar å svare på oppringningene frå Julie.

Språket er fargerikt, småsjukt, intimt, desperat, rått og ærleg. Det finst nok altfor mange av oss som veit korleis det er å foretrekke dyna framfor omverda, og dette er ei bok som gjev eit truverdig innsyn hos «oss». Eg veit i alle fall at etter å ha lese denne boka, er Fjæren sitt forfattarskap eit forfattarskap eg skal følgje med på framover. Og så må eg sjølvsagt få skaffa meg debutboka hennar, Ung jente, voksen mann.

Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Eline Lund Fjæren finn du HER.

Sitat

«Et lite liv» av Hanya Yanagihara

Boka er sponsa av Gyldendal Norsk Forlag

et-lite-liv

Dette er ei heilt fantastisk bok. Eg føler ikkje at eg har lese, eg føler at eg har levd. Eg har fordjupa meg i denne tjukke boka, og eg har levd i denne verda. Det er ikkje ei glad historie, dette er ei stor oppleving. Teksten gnistrar, orda veks og sidene flyr av seg sjølv. Eg har grått og grått og smilt og ledd, og no er det slutt. Det er ei skikkeleg tom kjensle, og eg vandrar berre rundt på måfå i leiligheta. Kva bok skal eg kunne starte på etter denne????

Denne mursteinen roterer hovudsakleg rundt Jude (sjølv om jeg-personen er Harold). Jude er det mystiske limet i vennskapet mellom han, Willem, Malcom og JB. Dei har gått på college saman, og dei held på vennskapet gjennom heile livet (sjølv om det er litt av og på). Willem, Malcolm og JB er ganske opne karakterar det ikkje tek lang tid å bli kjend med, men å bli kjend med Jude tek eit heilt liv. Det blir ganske klart tidleg i romanen at han har hatt ein grusom (eller mangel på) barndom, og dette slepp aldri taket.

Dette er hjerteskjærande lesing, og som nevnt grein eg augene mine tørre. Denne boka går så djupt, og sit att hardt. Den utforsker styrken på vennskap, ser på den ulike kjærleiken vi kan kjenne for menneske, kor mykje vi er villige å ofre for dei vi elsker. Det er ei bok om rettferd, vennskap, familie, mellommenneskelege band, skyld og skam. Men kanskje mest om vennskap.

Kapitla er av og til typ 90 sider med få blankliner, så det er ikkje teknisk sett lettlest. Men om du berre lar deg flyte med, vil boka forsvinne på nokre dager. Eg gjer denne boka toppkarakter, eller for å parafrasere ei eldre dame på Kjekt å ha (som ikkje heilt forsto korleis terningkast fungerer): «Eg gir denne boka terningkast 10 på en skala fra 1-10.»

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Hålke» av Helene Uri

Boka er sponsa av Gyldendal Norsk Forlag

Hålke

Ei av favorittbøkene mine frå då eg var mindre var skriven av Helene Uri, så å stifte kjennskap til forfattaren i vaksen alder var noko eg gledde meg veldig til. Tenk om denne boka kunne gje meg like mykje glede no som Dråpen som fikk alt til å skje ga meg som åtte-åring? Og det er veldig hyggjeleg å meddele at det gjorde den! Eg har faktisk nettopp nominert den som min favoritt til Bokhandlerprisen, så god var den faktisk; Den beste norske boka hittil i år.

For kan vi snakke litt om språket til Helene Uri? Kor fantastisk godt det er? Det er så medrivande, nervepirrande, lett gjenkjenneleg og truverdig. Uri vinklar historia slik det passar seg, og avslører meir og meir underliggjande tankar og synspunkt. Ho dreg spenninga brått opp til toppen, før ho berre slepper henne ned att. Det kjem (akkurat tydeleg nok) til uttrykk at Uri har tenkt veldig mykje på korleis vi vil oppfatte Ebba og Karl etter kvart som vi kjem tettare inn på dei gjennom boka.

Ebba og Karl har vore i gift i nokon-og-førti år, og har alltid framstilt seg sjølve (og blitt framstilt) som det perfekte par. No er det frost i Oslo, og isen ligg tjukk og speilblank utanfor inngangsdøra, og hindrar dei i å gå ut or leiligheita si. Ebba er rastlaus og Karl irritabel. Det blir ikkje betre når maten (og kaffien) nærmar seg slutten, og friksjonen mellom mann og kone veks. Dei kjeklar og kjem med småstikk til einannan om alt som har skjedd i fortida, om episoder som dei hugser ganske ulikt.

Perspektivet i boka vert meir og meir nyansert dess lenger uti vi kjem, og på fjerde eller femte dagen går verkeleg alt over styr. Ebba har prøvd desperat å halde oppe sine eigne illusjonar, men det er grenser for kor lenge ein kan vere innestengt med ein mann ein både elsker, hater og elsker å hate. For kven av dei har eigentleg rett om den andre? Kven eig sanninga om eit ekteskap? Og er det for seint?

Om eg ikkje var tydeleg nok i innleiinga mi, seier eg det eksplisitt her òg: Dette er den beste norske  boka frå 2016. (Og årets beste julegavetips!)

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«En ting som er» av Robert Lax

En ting som er

Gjendikta av Knut Johansen.

For ein rytmebruk! Lax kutter opp nesten alle stavingar til eigne verseliner (med enkelte dikt som unntak), og fleire ord i same strofer. Det er mykje gjentakingar, som igjen hevar rytma til eit nytt nivå. Det er fantastisk interessant lesing å følgje ei så streng rytme når ein les, samstundes som meininga i dikta trår fram. Det er rett og slett gjennomført rytmisk. Det er lite ekstra på desse sidene.

Dikta handlar om ting sine tilstander. Å vere. Korleis kan vi seie at noko er dødt, kva slags veremåte er det? Fleire av dikta tar òg for seg ulike historiske samfunn (og er veldig lange), medan andre tek for seg familieforhold. Det er ei nydeleg diktsamling, med eit djupt sjeleliv.

Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2015 (1997)

Sitat

«Bak lukkede dører» av B.A. Paris

Boka er sponsa av Gyldendal Norsk Forlag

Bak lukkede dører

Fy søren for ei bok! Nervepirrande, skremmande som få og ikkje minst fucka den med hovudet ditt. Eigentleg synd at eg aldri vil kunne lese den om igjen uten å vite korleis den sluttar. Men sånn er det med gode thrillerar og psykologisk krim! Båe heldigvis og dessverre.

Utanfrå har Grace og Jack det perfekte ekteskapet. Dei tilbringer så godt som all tid saman, er vakre, intelligente og sjarmerande menneske. Dei held ingenting hemmeleg for ein annan, så dei deler til og med e-postadresse. Kor fantastisk er det ikkje å vere så nær eit anna menneske?! (Sarkasme.) Vel, ikkje veldig, viser det seg. Ingen av naboane unntatt nyinnflyttede Esther synest det er merkeleg i det heile tatt, og kvifor skulle dei det? Kva er så gale med å vere perfekte? (Alt, absolutt alt.)

Vanlegvis skriv eg delar av omtala medan eg les for å hugse kva eg tenkte om boka undervegs, men det var berre umogleg med denne boka. For det fyrste er den ikkje så veldig lang, og for det andre slukte eg den i løpet av ein dag. Eg lengta faktisk etter å ta bussen heim, så eg kunne lese på bussen; og om det ikkje seier sitt om kor medrivande denne boka er, så veit eg ikkje kva som gjer. Dette er den perfekte boka for alle som likte Avslørt, Flink pike, og Piken på toget. Om du ikkje allereie har forstått det, så anbefaler eg altså denne boka ekstremt høgt!

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av B.A. Paris finn du HER.

Sitat

«Bare én hemmelighet» av Simona Ahrnstedt

Boka er sponsa av Vigmostad & Bjørke

Bare én hemmelighet

Eg vil insistere på at du bør lese den fyrste boka, Bare én natt, før du tek til på denne. Dersom du ikkje gjer det, vil du gå glipp av vanvittig mykje kontekst og poeng, og enkelte menneske vil verke veldig todimensjonale. Så bare gjer det, okei? For i denne romanen fortsetter vi eigentleg berre på den same historia som starter i den fyrste, men frå eit anna synspunkt.

For no følgjer vi Alexander De la Grip og Isobel Sørensen. Isobel er lege, er med i Leger uten grenser og i sin eigen bistandsorganisasjon i Tsjad, Medpax. Isobel oppdager at ein stor stiftelse har slutta å donere til organisasjonen, og vert ikkje overraska når ho finn ut at det er stiftelsen til Alexander; ho fornærma han ganske grovt og skjelte han ut då han la an på henne for eit halvt år tid sidan. Ho blir ganske så sint, og då ho skjeller ut Alexander for å kutte støtta, bestemmer han seg for at ho er ganske pen, og at han godt kunne tenkt seg å ligge med henne. Og Isobel hater seg sjølv for å ha dei same kjenslene for han. Og dramaet er i gong.

Det er ikkje like mange thrillerelement i denne boka som i Bare én natt, men den er likevel mykje meir aktuell. Den tek for seg krig, terror, flyktningar, psykologi og seksualitet (ikkje berre sex). Dramatiske avsløringar er det eigentleg ikkje så mange av, men det er likevel eit lite dykk i kva vi menneske oppfattar som unormalt og skamfullt. Lettlest, medrivande og romantisk!

Forlag: Vigmostad & Bjørke
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Simona Ahrnstedt finn du HER.

Sitat

«Sapiens: En kort historie om menneskeheten» av Yuval Noah Harari

Sapiens

Denne boka er herved den beste ikkje-skjønnlitterære boka eg har lest. Den er fantastisk!! Harari klarer å formidle så utrulig mykje kunnskap, nesten latterlig effektivt. Ein skulle tru at mykje informasjon om evolusjon, økonomi, religion og så vidare fort ville blitt tørt, men det er nesten umogleg å leggje boka i frå seg. Det er så bra skrive!! (Kan de høyre opphissinga mi frå bak skjermen, eller?) Harari skriv med humor, sjølvironi og innsikt. Det er lett å forstå boka, og like lett å forstå at ho er skriven av ein eksepsjonelt kunnskapsrik mann. Det er lite eg blir skeptisk til, og eg skal innrømme at dei siste kapitla eigentleg skremde meg. (Og som Harari sjølv seier: om du ikkje vert skremd, har du ikkje tenkt nøye nok gjennom det.)

Eg kan no skryte på meg å vite kvifor menneske ofte har så vondt i ryggen, kvifor menneskebabyar er så hjelpeslause i årevis, kvifor gull kostar kva det kostar og kvifor enkelte indonesiske menneske berre vart éin meter høge og vegde 25 kg. Og visste du at vi var minst seks ulike menneskerasar samstundes på jorda for mange titusen år tilbake, men at vi (Homo sapiens) utrydda dei andre?

Dersom du enno ikkje har fått lyst å lese boka, så vil eg tru du ikkje er morosam på fest. Denne boka burde heilt alvorleg vore pensum. Ferdig snakka. Så Bazar forlag, viss denne boka kjem i pocketformat før jul, så skal eg kjøpe den i julegave til heile familien min.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Yuval Noah Harari finn du HER.

Sitat

«En hjelpende hånd» av Gillian Flynn

En hjelpende hånd

Eh? Kanskje det var eg som gikk glipp av noko, men denne skjønte eg altså ikkje. Eg forsto ikkje korleis den endte i det heile tatt! (Så om nokon gjorde det, gi meg gjerne ein lyd.) Dette var eigentleg ganske skuffande etter å ha lese Flink pike av same forfattar.

Ei navnlaus kvinne tener til livets opphold ved seksuelle tenester kombinert med å gi seg ut for å vere synsk. Oppvaksen med ei mor som heller ville tigge enn arbeide, veit ho korleis ho skal lese og manipulere folk. Ting endrar seg når ho møter Susan Burke, som har eit hjemsøkt hus. For første gang opplever «jeg» at ho kanskje har tatt feil – her er kanskje manipulasjon ikkje nok.

Nei, eg skal innrømme at eg ikkje forsto slutten. Og det er ganske synd, for eg synest at oppbygginga var kjempespennande, og det var mange plottwistar, men eg følte det ikkje blei avklart. Dessverre.

Forlag: Font
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Gillian Flynn finn du HER.

«Avslørt» av Renée Knight

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Avslørt

Dette var ei av fjorårets mest omsnakka thrillarar, og det herska stor ueinigheit om boka var ein genistrek eller kjedelig og lite truverdig. Min dom? Fantastisk. Eg trudde maaaange ganger underveis at eg hadde skjøna samanhengen, men ikkje éin gong fikk eg rett. (Og det er ganske sjeldan!) Karakterane er ekstremt ærlege og truverdige, og dette gjer dei lette å kjenne seg att og leve seg inn i.

Hovudkarakteren er Catherine, sjølv om jeg-fortelleren er ein mann ved namn Stephen Brigstocke. Catherine får panikk når ho oppdagar at boka ho les i handlar om henne sjølv, og ei frykteleg hending fra tjue år tilbake, som ho aldri har fortalt nokon om. Den einaste som kunne vite noko, er død. Catherine skjønar at ho er avslørt, og ser livet sitt falle frå kvarandre, bit for bit.

Eg satt om kvelden og måtte presse meg til å lese vidare. Ikkje fordi den var kjedeleg, men fordi eg ikkje orka tanken på vente til i morgon med neste kapittel, sjølv om eg var usigeleg trøytt. Og det er vel eit kvalitetsteikn?

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Fugletribunalet» av Agnes Ravatn

Fugletribunalet

No har eg ynskt meg denne boka så lenge, at eg har nesten ikkje lov til å mislike henne. Og så er den jo i tillegg på nynorsk! Men den var heilt annleis enn forventa. Ikkje at eg heilt veit kva eg forventa av ho?

Boka handlar om Allis, som røymer frå ei skandale i NRK. Ho hamnar hos Sigurd Bagge, som hushjelp og gartnar (ikkje at ho kan noko om det), ein stille fyr langt ut på landet. Han treng hjelp når kona er vekke på reise, men Allis oppdagar fort at det er mykje som ikkje stemmer med historia hans.

Boka er skikkelig spanande! Det er ei kjensle av uro gjennom heile greia, og den er creepy som få. Og Ravatn held på spenninga til siste side. Herrefred, eg må ta ei pustepause!

Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av Agnes Ravatn finn du HER.

Sitat

«Utroskap» av Paulo Coelho

Utroskap

For ei fantastisk bok!! At Coelho har solgt godt over 175 millionar eksemplar av bøkene sine er jaggu lett å forstå. Han har jo ein skrivestil av dei sjeldne, som dreg lesaren vidare, er personleg og ikkje minst full av historie og livskunnskap.

Utroskap handlar om sveitsiske Linda. Ho har ein godt betalt jobb ho elskar, ein mann ho elskar og to barn ho elskar. Likevel fell Linda inn i ein depresjon, og som dei fleste med depresjon, veit ho at ho er det, men klarer ikkje redde seg sjølv. Ho er sta og nektar å oppsøke hjelp, og vil finne lidskapen i livet sitt att på andre måtar. Så når ho møter att ein ekskjærast, grip ho sjansen. Ikkje anar ho kor langt det vil gå, eller korleis hennar eller andres liv vil bli påverka.

Det er ein enorm innsikt i boka om eksistenstiell angst og depresjon. Det er ei slags moderne Madame Bovary-type bok (du veit, er utro fordi en kjedar seg), og den er ekstremt aktuell. Altfor mange i samfunnet vårt slit med depresjon sjølv om ein tilsynelatande har eit fantastisk liv. Det er ei VIKTIG bok. Den er ikkje så lang heller, korte avsnitt og velskriven, så du har absolutt ingen unnskyldning for å ikkje lese henne.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2014

Fleire bøker av Paulo Coelho finn du HER.

Sitat

«Istvillingene» av S.K. Tremayne

Istvillingene

Uææ, eg sit her med frysningar. For ei utruleg skremmande bok! På eit eller anna vis klarer ho likevel å vere truverdig, og eg som alltid har ynskt meg tvillingar… Huff.

Sarah og Angus Moorcroft flytter frå London til ei lita øy i Skottland, der Angus kjem frå. Flyttinga skal hjelpe dei og dottera, Kirstie, å kome seg over tragedien som ramma dei for litt over eit år sidan. Nemleg det dødelege fallet til Lydia, Kirsties einegga og identiske tvilling. Og midt i flyttinga, kjem Kirstie med ei uhyggjeleg utsegn: ho er Lydia, og det var Kirstie som døde. Sarah veit ikkje kva ho skal tru, for det var kun Kirstie som såg fallet, og det er umogleg å skilje tvillingane frå einannan. Kan ho faktisk ha tatt så feil? Sarah kan heller ikkje snakke med mannen om problemet, ekteskapet deira hanglar så fælt at dei knapt snakkar saman.

I boka kjem det tydeleg fram at Sarah og Angus har ganske ulike oppfatningar av kva som skjer og har skjedd. Begge veit noko dei ikkje vil dele med den andre, og alt bygger seg opp til ein overraskande slutt. Dette er ein ekstremt god psykologisk thriller, som i tillegg er fantastisk godt skriven. Så om du ikkje vil lese typiske sommarbøker i sommar, les denne. Og eg kan garantere at ikkje eingong sola vil varme opp blodet ditt medan du les.

Forlag: Font
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av S.K. Tremayne finn du HER.

Sitat

«Flink pike» av Gillian Flynn

Flink pike

Det er ikkje thrillarar og krim eg les mest av, så eg prøver å vite på førehand at den typen bøker er GODE før eg les dei. Og etter å ha hørt denne boka bli skrytt opp i skyene, tenkte eg at det fekk stå til. Og eg kan love deg at skrytet var berettiga.

Amy er sporlaust vekke. Ektemannen Nick vert raskt politiets hovudmistenkt av mange grunner: han smiler heile tida, er altfor roleg, lyg i bøttevis til politiet og har ikkje alibi (og det er berre til å starte med!). Nick veit ikkje kva han skal tru, og leiter desperat etter eit svar – som i tillegg må reinvaske han. Og det viser seg å vere mykje lettare tenkt enn gjort, når han byrjar å mistenkte at Amy har forsvunne av fri vilje.

Boka er delt inn i 3 delar, og i kvar del vekslar vi mellom Amys og Nicks perspektiv på ekteskapet deira. Eg visste (dessverre) frå før sånn ca korleis boka enda, så det la jo ein dempar på overraskingsmomentet, men fy søren for ei spenning det likevel var. Eg var ikkje heilt nøgd med slutten, eg hadde håpt det vart annleis – men (dessverre?) var slutten realistisk og tru mot resten av boka. Heile greia vart slukt på ein dag, for eg slapp (heldigvis) å leggje den i frå meg. Og no har eg tenkt å sjå filmen, for eg er ganske nysgjerrig på korleis ein kan filmatisere denne psykologiske thrillaren. Og så kjenner eg at det er fint å vite at når eg kjem heim i frå ferien, ligg dei andre bøkene hennar og ventar på meg.

Forlag: Font forlag
Utgivelsesår: 2013

Sitat

«Opp fra avgrunnen» av Kristian Hall

Boka er sponsa av forfattaren

Opp fra avgrunnen

Dette er eit personleg innlegg, kanskje det mest personlege denne bloggen vil ha. Når Kristian sende meg boka si, «Opp frå avgrunnen» med undertittelen «Veier ut av depresjon» vart eg kjempeglad. Sjølvutviklingsbøker er ikkje noko eg vanlegvis les, men denne ville eg lese. For er det noko eg har slite med dei siste to åra, er det depresjon.

Depresjonen min er ikkje noko eg snakkar om til mange menneske. Faktisk er det berre den næraste familien min og kjærasten min (til no) som veit at eg har slite. Slit enno. Det går ikkje berre over sånn av seg sjølv. Ein må gjere faktiske tiltak og jobbe med det. Før eg las denne boka hadde eg ikkje så store idear og planar om korleis eg kunne «fikse» meg sjølv. Eg fulgte berre instinkta mine – eg måtte kome meg vekk. Eg bytta vidaregåande skule midt i tredjeklasse, og flytta til ein heilt annan by – 10 timar vekke. Eg skifta miljø, droppa alle aktivitetar, – forlet mange gode ting óg – vart deltidsstudent og fekk meg ein jobb ved sidan, og hadde tre små tantebarn eg kunne fokusere på. Eg fikk nullstilt hovudet mitt sånn nokonlunde. Det var ekstremt vanskeleg å flytte så langt unna foreldra mine, veslesystera mi, bestevenninna mi og operaen, musikalane, russetida. Men eg visste at eg ikkje hadde noko val. Det kjendest ut som om eg skulle kvelast om eg måtte stå opp kvar dag og kjenne på presset som låg over meg. Så eg måtte ta nokre tøffe val. Og no er eg her.

Etter gjennomlesning:

Eg kan ikkje forklare kor mykje eg har sett pris på denne boka. Kristian skriv munnleg, sympatisk, ekstremt godt, og ikkje minst forståeleg. Han forklarar nøyaktig og likevel enkelt, og ein får eit innblikk i korleis hjerna, tankegangar, virkelighetsfiltre og mykje anna i oss fungerer. Medan eg las boka oppdaga eg at eg hadde allerede gjort mange av tiltaka sjølv, til dømes å flytte. Boka er full av fakta, idear, små og store konkrete tiltak og teknikkar ein kan gjere i dagleglivet for å få opp humøret, føle seg betre – og korleis ein får det til å vare.

Etter «superuka»:

«Superuka» er ei veke der ein skal utføre visse teknikkar og øvingar kvar dag, blant anna å starte dagen med å synge/danse i 15 minutt, føre takknemlighetsdagbok, få 8 timers søvn kvar natt og slike andre enkle teknikkar. Vert humøret betre? Fungerer det faktisk? Kan det verkeleg vere så enkelt??

Svaret er ja. Det kjennest nesten litt for godt til å vere sant, og anten det er placebo eller ikkje, så fungerer det. Men denne veka har eg kjend meg så mykje lettare, avslappa og komfortabel. Eg har ikkje vore nervøs for småting, eg har vore meir sosial, positiv og glad. Og ikkje minst ser eg mykje lysare på framtida. Sjølv om alt ikkje kjem til å gå like glatt, trur eg at denne boka kan vere ein ressurs for å få ting til å i alle fall verte enklare å handsame. Og dét kjennest godt å tenkje på.

ALLE burde lese denne boka. Ikkje berre dei (vi) som slit med depresjon. Pårørande, «kurerte» og generelt lukkelege menneske. Alle. Vi kunne alle trenge desse teknikkane i dagleglivet, og ikkje minst kunnskap om og innsikt i oss sjølve og dei virkelighetsfiltra vi har.

Til slutt vil eg berre takke Kristian for at eg fekk moglegheita til å lese denne boka. Tusen takk for hjelp og støtte – boka di er fantastisk.

Forlag: Fakkel forlag
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Fyrvakt» av Jeanette Winterson

Fyrvakt

Eg elska den fyrste boka av Winterson, Ikke bare appelsiner, så eg blei så klart litt skuffa av denne. Men korleis kan noko bli like bra som den semi-biografiske boka om ei lesbisk jente som veks opp med ei gal mor av ein pinsevenn? Akkurat.

Denne boka handla om Silver. Silver bur i Salts i Skottland, og som unge blir ho foreldrelaus. Etter litt om og men hamnar ho hos den lokale fyrvaktaren, Pew. Pew er ein gamal mann, som baserer livet sitt på historier: både å vere ei og å fortelje dei. Vi følgjer spesielt ei historie, om pastoren Babel Dark. Boka tar for seg artenes evolusjon, spørsmålet om Gud eksisterer, og kan historier ende?

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2005

Fleire bøker av Jeanette Winterson finn du HER.