Sitat

«Farvel alle hemmeligheter» av Helene Guåker

Leseeksemplar

Dei fleste les (dessverre) ikkje mykje lyrikk. Eg les heller ikkje like mykje som eg skulle ønske, stort sett kun som pensum. Og hadde dette vore til ein eksamen, kunne eg skrive ti sider om eitt enkelt dikt her, for fader kor mykje materiale her er. Men eg skal beherske meg så godt eg kan, og skrive så det faktisk er forståeleg.

Diktsamlinga er delt inn i tre deler, kvar med sitt eige tema. Det er ei utvikling frå ung, usikker og lettpåverkeleg, til sorgfull og til slutt eigerskap over sin eigen seksualitet. Etter mi meining er alle dikta veldig gode, men den første delen er eineståande. Måten Guåker skildrer vår pornofisering og overseksualisering av verden, er makelaus. Ho tek eit solid oppgjer med forventningspresset og ideala rundt kvinnelig seksualitet, presset for å vere erfaren og perfekt, og korleis vi kvinner unødig konkurrerer med kvarandre.

jeg er vel ikke den eneste som tenker:
jeg er tynnere enn henne

kommer jeg til å tenke:
sånn så jeg også ut

Om det ikkje er tatt rett på kornet, så veit ikkje eg kva som er. Vi bruker så mykje tid på å sjå på andre, tenke på andre og ønske å bli sett. Vi må alltid passe på å vere perfekte. I den andre delen av teksten er fokuset på det naturlege ved kvinnekroppen, fødsel, eit ønske om barn, spontanaborter, aborter. Skamma og sorgen som følger å ikkje kunne bere fram eit barn, det einaste vi som kvinner verkeleg skal kunne klare. I den tredje delen har kvinna tatt tilbake kroppen sin, bryr seg mindre om alle rundt seg og er sikker på seg sjølv.

Guåker tek tilbake det grove og stygge språket som ofte blir brukt av menn om kvinner, men som er ufint av oss å bruke. Vel, Guåker gir faen. Sjekk det her, så stygt, skarpt og midt i blinken:

hvor mange kukksugende kvinner
går det
på en fittesleikende mann?

jeg bare spør, jeg bare lurer:
når skal denne gjelda betales?

Sjølv om du ikkje les mykje lyrikk og tenker det er for svevande, kan eg love deg at dette er dikt du vil forstå. Dei er ganske rett fram, og ikkje minst munnlege. Det er sjeldan eg har lest så munnlege dikt, det grenser mot slampoesi. (Du veit sånne videoer du får opp i facebookfeeden din med kvinner som har lange «taler» på rim om feminisme?) Prisen er òg veldig fin, kun 279 for mykje god litteratur. Dette bør vere årets venninnejulegave. Eg kan ikkje understreke det nok; dette er lyrikk for ALLE, ikkje kun kritikarar og litteraturvitere.

Guåker har skrive ein heftig og heseblesande tekst om verdas syn på kvinners seksualitet. Feministisk litteratur, rop det med meg! Fader så mykje bra det har kome om kvinnelig seksualitet og dens plass i samfunnet i det siste, blant anna Kinderwhore, Hun ba om det, The Vegetarian, Dette skjer ikke og Kan jeg bli med deg hjem. For å nemne nokon. (Les alle, pluss mange andre.)

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2018

Sitat

«Kinderwhore» av Maria Kjos Fonn

Leseeksemplar

Kinderwhore er så himla vond lesning. Og vond lesning er viktig, eg trur det er ganske naudsynt å lese god litteratur om grusomme ting i blant. Det er viktig at vi får pirka borti fordommene våre og ideane vi har om andre menneskes liv. Historia Kjos Fonn legg fram her er ikkje banebrytande – voldtekt er vel noko av det vanlegaste og eldste som eksisterer – men konteksten gjer det ekstra fælt. Vi har ein seksualisert kultur, og barn veks opp så mykje raskare, alle ser alt vi gjer, vi har tilgang til heile verden med eit klikk. Å navigere seg fram her åleine, det er omtrent umogleg. Å lese denne boka bør definitivt sette i gang nokre tanker hos leseren, og du bør bli sint.

Charlotte har ein ganske vond barndom. Ho bur åleine med mora si, men lærer raskt å ta vare på seg sjølv og bli sterk. «Sterk» for Charlotte er å slå først. Plage dei andre ungane før dei plager henne. For Charlotte er angrep det beste forsvar – spesielt sidan det ikkje er nokon andre som forsvarer henne. Ho kler av seg før ho blir avkledd, sprer beina før dei blir skilt med makt, ruser seg før ho blir dopa ned, øydelegg seg sjølv før nokon andre får moglegheita. Ho veks opp seksualisert, voldtatt, rusa, avskilt frå kroppen sin, tom i kropp og tom i hovud. Ho veks opp åleine.

Perspektivet i boka er som hever den over all liknande litteratur. Sjølv om boka er skriven i fortidsform, så møter vi barnet Charlotte som eit barn. Vi møter tolvåringen, som ikkje vil (eller kan) innsjå at ho blir misbrukt og voldtatt. Forsvarsmekanismene er skrudd på, og vi møter ei ufyselig og ubehagelig jente som legg seg etter kjærasten til mora, og deretter går på skulen og skryt av at ho har hatt sex med ein eldre mann. Etter kvart som ho veks til og livet endrer seg, endrer synsvinkelen seg òg. Ein misliker henne, synes synd på henne, er sint på henne, tilgir henne og heier på henne. Det er som å vere inn i eit eige univers når ein les denne boka, ein blir nesten Charlotte. Og det er faen så vondt.

Alle bør lese denne boka. ALLE. I tillegg til å vere ei god og veldig lesbar bok med sterkt innhald, seier den så utruleg mykje om dagens samfunn. Ein kan lære så enormt mykje frå denne boka, kanskje litt om andre, men mest om seg sjølv. Du som les dette: er det du som eig kroppen din?

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2018

Sitat

«Leksikon om lys og mørke» av Simon Stranger

Leseeksemplar

Denne boka, saman med Trude Marsteins siste roman, er vel høstens mest lese og omtalte romanar. For dei fleste nordmenn var vel kanskje Stranger eit nytt namn, men eg las Det som en gang var jord for eit par år sidan, og likte den veldig, veldig godt. (Og kanskje betre enn denne.) Denne her lev kanskje ikkje heilt opp til hypen (og det er vel det evige problemet med hype), men den var likevel ganske god.

Dette er ein sjølvbiografisk og biografisk roman. Simon Stranger skriv i eg-form, om seg og sin jødiske svigerforeldre. Han skriv òg om Henry Rinnan, ein norsk dobbeltagent som tok livet av mange, mange motstandsmenn i ein kjeller i Trondheim. For Stranger oppdaga ein dag at svigerfamilien hans hadde vokst opp i akkurat dette huset, og at oldefaren til kona hadde blitt drept i ein arbeidsleir på ca samme tid.

Vi følger Henry Rinnan heile barndommen, oppveksten og livet som tysk agent, og vi får eit komplett bilete av mennesket. Det skal Stranger ha, at uansett kor grusom Rinnan var, så får han fram at han var ikkje fødd slik. Han vart slik, og kven si skuld det var, det er diskutabelt. Vi følgjer òg historia til Strangers svigerfamilie, i litt tilfeldig rekkefølge. Eg skulle veldig gjerne hatt eit slektstre i starten av boka, for det var litt vanskeleg å henge med, spesielt i starten.

Eit ekstra fint (og ambisiøst) grep – i tillegg til oppbygginga som eit leksikon – er at vi følgjer Strangers skriveferd og prosjektet. Det er spesielt, men han får det til å fungere. Det er som sagt litt vanskeleg å henge med i starten, litt rotete, men siste halvdel av boka er veldig god. Ikkje årets beste roman for min del, men absolutt eit solid stykke litteratur.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Simon Stranger finn du HER.

Sitat

«Der valmuene vokser» av Kristin Harmel

Leseeksemplar

Eg seie det vel kvar einaste gong eg har lest ei bok av Harmel, men fy søren så fantastisk godt ho skriv! Og ikkje berre det, for nokon historier ho klarer å snekre saman. Og dette vert kanskje min favoritt av ho så langt, for gjett kva? Dette er ein historisk roman, ikkje sånn hoppe fram og tilbake-greier. (For vi har straks fått nok av det, eller?) Det er kun to kapittel som er frå vår tidsperiode (med mindre 2002 er blitt historisk allereie), og det er første og siste kapittel. Så det tenker eg teller ikkje, for historia hadde fungert like bra uten.

Ruby gifter seg med Marcel omtrent rett etter at dei møtast. Hodestups forelska følger ho etter han tilbake til Paris, klar for å leve lukkeleg alle sine dager. Så bryt andre verdskrig ut, og etter kort tid er det nazistene som styrer byen. Livet vert snudd på hovudet, og Ruby ser kor grusom verden rundt henne blir, spesielt for jødane. Som hennar jødiske nabo, den vesle jenta på elleve år, Charlotte, som vert spytta på og ropt etter. Ruby bestemmer seg for å gjere alt ho kan for å hjelpe der ho kan. Og slik møter ho RAF-piloten Thomas.

Eg vil ikkje fortelje meir, for eg vil ikkje avsløre for mykje. Men eg kan seie at dette er ei roman fylt av kjærleik, varme, lojalitet og offer. Av livsglede og styrke, barmhjertighet og sorg. Det er ei lettlest bok, men ikkje i forstanden at den er enkelt skriven og overdreven – det er ein velskriven og spennande roman som er omtrent umogleg å legge frå seg. Som absolutt alle bøkene til Harmel, kan eg anbefale denne varmt! Like varmt som Så lenge det er stjerner på himmelen, definitivt.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Kristin Harmel finn du HER.

Sitat

«Brent av solen» av Laura Lippman

Leseeksemplar

Først av alt, kor dødsfint er ikkje dette lekre retroomslaget? (Og det ser enda betre ut i realiteten!) Dette er ein mørk og dramatisk roman, som passer fint til litt kveldslesing i haustmørket.

Pauline, alias Polly, kjem til den vesle byen Bellevue, på flukt fra sitt tidlegare liv. Ho har forlatt ektemannen og deira vesle dotter. Rett etter henne kjem Adam, ikkje heilt tilfeldig. Bellevue er den perfekte staden å forsvinne i, ein trøtt småby der ingen eigentleg bryr seg eller reiser til. Sommaren tar til, Polly og Adam forelsker seg, trass i at begge har store hemmelegheiter som dei skjuler for den andre. Livet ser ut til å plutseleg fungere, men så brenn leilegheita til Polly ned til grunnen, og nokon døyr. Tilliten mellom dei vert skjør, og fortida kjem straks til å ta dei att.

Historia raser ikkje av gårde, plottvistane er ikkje sjokkerande, men plottet i seg sjølv er veldig godt. Handlinga er overraskande truverdig når alt er bretta ut, men likevel uvanleg nok til å vere spennande og sjokkerande. Det er mange spennande deler og dramatiske hendingar, men det kan bli litt for tamt i overgangane. Kanskje litt for klassisk (gamaldags?) krim, eigentleg? Eg ser eigentleg for meg at det hadde fungert betre som film enn bok? Rett etter at eg var ferdig med boka tenkte eg at den var sånn midt på treet, men når eg ser tilbake på den, så var den eigentleg ikkje så verst.

Eg må påpeike to ting som kanskje gjorde leseopplevinga mi litt dårlegare enn den kanskje kunne ha vore: eg var i elendig humør då eg starta på boka (for å bli i bedre humør, liksom); og eg trudde dette var ein thriller. Men som det står på omslaget er det ein «spenningsroman», sjølv om eg trudde det var blitt synonym. Om Lippman hadde utsatt å avsløre visse ting og endra perspektivet litt, kunne dette vore ein heidundrande psykologisk thriller, i stedet vart det for meg ein heilt ok roman. (Elise, når skal du lære å skru ned forventningane dine?!)

Forlag: Font
Utgivelsesår: 2018

Sitat

«Nøtteskall» av Ian McEwan

Leseeksemplar

Dette er ei rar, lita greie, dette. For ein utruleg merkeleg, oppslukande, original og velskriven roman. Det er ikkje ei spesielt tjukk bok, men du og du kor full av innhald den er!

Hovudpersonen er ein namnlaus baby, eller rettere sagt foster. Han eller ho veks og lærer, og er uhyre intelligent. (Det er det som gjer boka så utruleg spesiell.) Den ufødde høyrer på podkast, radio, tv, lydbøker, musikk, og sist, men ikkje minst, samtaler. Og det er nettopp samtala fosteret overhøyrer som er utgangspunktet for historia. For babyens mor, Trudy, har gått i frå babyens far, John, og har ei affære med bror hans, Claude. (Drama!) Men Trudy og Claude er lei av John på alle moglege vis, og bestemmer seg for å ta livet av han. Og det er berre fosteret som er klar over planane.

Eg trur ikkje det er mogleg å seie at dette perspektivet er truverdig på noko som helst slags vis (for kom igjen?!), men det fungerer knallgodt som fortellergrep. Fosteret har stålkontroll på politikk, historie og samfunnskunnskap, men ønsker å vite korleis «blå» eigentleg ser ut. Det gir ein heilt særeigen tvist til historia, og fungerer som talerør for alle slags samfunnskritiske kommentarer. Eller like mykje for å vri vår sympati for eller imot Trudy, Claude og John.

Boka er velskriven, og eg trur dei fleste vil like den. Litt sær, ja. Men kom over det, og nyt historia! Den er absolutt lesverdig, og lett for meg å anbefale vidare!

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«The Silcence of the Girls» av Pat Barker

Leseeksemplar

Denne boka vart ei skikkeleg solid leseoppleving for meg. Boka vert kalla ei omskriving av Iliaden, og krigføringa i Grekenland. Eg kan jo nevne at eg har lest både Iliaden og Odysseen som pensum på UiO, men eg trur eg ville likt boka like godt om eg ikkje hadde kjennskap til gresk historie og mytologi (eller ei blanding, for dei to går jo gjerne hand i hand). Du kan fint tenke på handlinga fritt frå den kjende litteraturen.

Briseis er gift inn i kongefamilien, og lev ganske godt i antikkens Hellas. Livet er ikkje perfekt, men ho har ingen urealistiske standardar. Men no skal alt endre seg: den greske hæren står på døra. Odyssevs, Agamemnon, Akilles og alle deira soldater. Byen blir raskt overvunnen, og Briseis ser ektemann og brødre slakta av Akilles – mannen ho så blir gitt til som slave. Eller eit trofé, om du vil. Ho ser for seg eit forutsigbart liv som tener og sexslave, men uheldigvis for Briseis blir ting enno meir kompliserte når ho hamner midt i ei feide mellom Akilles og Agamemnon.

Gjennom Briseis og hennar medslavar får vi eit innblikk i korleis kvinner blei behandla under krigstid (og elles i historia). Kor maktesløse dei var, men samstundes kor enormt sterke dei måtte vere for å overleve. Det som gjer boka hakket bedre enn du kanskje kunne forventa, er at språket er skrive på ekstremt moderne engelsk. Teksten er full av «cheers», moderne banneord og eit ganske moderne syn på livet dei lev i krigsleiren.

Forlag: Hamish Hamilton
Utgivelsesår: 2018

Sitat

«Himmelfall» av Kari F. Brænne

Eg har gleda meg så intenst til å lese denne boka. Frå eg var lita har eg vore ganske besatt av skjebnen til Romanov-familien. Eg hadde mange ulike bøker om Anastasia, såg Disney-filmen og hadde ei lydbok med ein litt annen versjon. I tillegg har vi nokre russiske familievenner, og eg har rett og slett alltid vore fengsla av historia. I fjor sommar las eg ein roman av Gill Paul, I gode og onde dager, som baserte seg på ideen om at det ikkje var Anastasia som overlevde (som dessverre er avkrefta), men systera Tatjana. Himmelfall tek i grunn for seg samme historie, men Brænne forestiller oss at det var den tredje søstera, Maria, som overlevde. (Stakkars Olga, når skal den fjerde og siste systera få si bok?)

I 1918 vart den russiske tsarfamilien Romanov brutalt drept etter lang tids fangenskap. Landet var ramma av en dobbelrevolusjon og fyrste verdskrig, og tsaren klarte ikkje kontrollere riket eller undersåttane sine lenger. Heile familien døydde, unntatt Maria. (Her altså, på ekte døydde ho saman med dei andre.) Ho fekk hjelp til å rømme, og overlevde. No er ho 112 år gamal og bur i Barcelona. No fortel ho historia om oppveksten sin og revolusjonen til ein norsk forfatter som er på besøk, før det er for seint.

Vi veksler mellom den uvanlege oppveksten hennar, familieforhold, fangenskapet, revolusjonen og livet på rømmen. Det er ein skikkeleg god miks av knallharde fakta, myter og rykter og skire løgna. Rett og slett altopplsukande.

Dette er ein murstein på 712 sider, og det er ingenting eg liker bedre enn gode bøker som aldri tar slutt. FAN-TAS-TISK. Denne var så sjukt god, den kunne vore dobbelt så lang for min del. Det er sjeldan eg anbefaler bøker så heilhjarta, men eg har absolutt ingen kritikk til boka, berre eit ynskje om meir. Eg skulle gjerne hatt ei bok om tida etter revolusjonen og fram til ho flytta til Barcelona. Eg må vite kva som hendte. BRÆNNE, EG MÅ VITE!

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«The Mermaid and Mrs. Hancock» av Imogen Hermes Gowar

Leseeksemplar

Denne boka er råkul. (Eg kjem med veldig mange begeistra omtaler for tida, men eg har rett og slett lest så mykje BRA i høst!) Og eg vil ikkje kalle det fantasy sjølv om det er ei havfrue med her, for i denne boka er det heilt usannsynleg og like eventyrleg for karakterane som det ville vore for oss. Dette er rett og slett ein historisk roman, satt til eit skittent og dramatisk London frå slutten av 1700-talet.

Vi er i 1785, og her følger vi to parallelle historier som ganske snart (og openbert) fletter seg saman. Det er historia om kjøpmannen Jonah Hancock, som får beskjed om at skipperen på vareskipet han eig har solgt skipet og alle varene hans, i bytte mot ei havfrue. Ei heilt ekte havfrue, som dessverre døde på tilbakeveien. Jonah er fortvila og sint, for han er ikkje noko sirkusmann, men ender opp med å stille ut dette groteske og ekle liket av ein havfruebaby. I sjølve London by møter vi kurtisanen (eit fint ord for prostituert) Angelica Neal. Ho er vakker, intelligent og altfor forut for si tid. No har ho mista forsørgeren sin, og må vende tilbake til halliken sin, og slik ender ho opp på ein fest der nevnte hallik har leigd inn ei havfrue for å vise fram – og slik møter ho òg Jonah Hancock.

Dette er ei skikkeleg god røverhistorie, med ein stor porsjon historie. Eg veit ikkje kva anna eg skal seie enn at om du er bittelitt nysgjerrig, så bør du prøve ut boka. Det er ikkje ei bok som vil passe for alle, men eg slukte den rått. Den er velskriven, med overdrevne karakterer, full av mørk humor og kynisme, og eit skikkeleg skråblikk tilbake på 17- og 1800-tallet og Londons overklasse. Det er ei utruleg sær bok, men eg anbefaler den heilhjarta.

Forlag: Harvill Secker
Utgivelsesår: 2018

Sitat

«Tjenestepiken til Omicunlé» av Rita Indiana

Eg veit ikkje heilt kor eg skal starte med å fortelje om denne boka. Eg var ikkje noko fan. Vanligvis er eg veldig glad i slik «sær» litteratur, men dette blei for rart, sjølv for meg. Kor mykje eg faktisk kan fortelje om den, er eg òg litt usikker på, for eg veit ikkje heilt kor mykje eg sjølv forsto … Her må eg faktisk lene meg til vaskelappen bakpå (noko eg sjeldan gjer) og anmeldelsane på omslaget (noko eg omtrent ALDRI gjer), for det var stort sett det eg sjølv fekk med meg.

Vi er i Den dominikanske republikk i 2034, og vi møter Acilde. Ho er no hushjelp for Esther «Omicunlé» Escudero, rådgiver for presidenten. Acilde er ei ung jente som har brukt livet sitt på å prostituere seg for å tene penger til eit kjønnsskifte. No har ho endeleg moglegheita til å tene penger nok, for det finnest ei sprøyte med noko kalla «rainbow bright», som fikser biffen.

Dette dekker ca første halvdel av boka. Resten av boka er litt meir uklar. Tida og dei ulike plotta blir miksa saman, og det er så vanvittig mange namn (og det er ekstra vanskeleg når det er namn ein er ukjend med), og vi raser gjennom handlingane. Det er mykje om naturkatastrofer og politikk, kunst og rasisme. Sånn sett har Jon Rognlien i Dagbladet eit poeng når han kaller romanen «en karibisk storm av ord», for det var litt som ein vill storm: overveldande, overraskande og fullstendig kaotisk.

Forlag: Solum Bokvennen
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Little Fires Everywhere» av Celeste Ng

Little Fires Everywhere er noko av det beste eg har lest på ei stund, spesielt innanfor romamnsjangeren. For på ein måte – og eg veit ikkje korleis eg skal få dette til å ikkje verke kjedeleg – så er boka ein heilt enkel roman, om ei handfull menneske i ein liten forstad i Ohio, USA. Det er to familiar, og deira samanfletning av historier, skjebner og utvikling. Det er ganske enkelt ein roman om ulike typar menneskelege forhold, ulike syn på livet og kva ein bør få ut av det, ulike idear om fridom.

Vi er på nittitalet, i ein oppkonstruert forstad i Ohio. I denne forstaden – no by – er alt planlagt ned til minste detalj, som kva farger ein kan male huset sitt i, og at utleieboliger skal forkles som enmannsboliger for å unngå stigmatisering av å leie versus å eie. Alt har regler, og familien Richardson følger desse til punkt og prikke. Unntatt den yngste dattera, Izzy, men henne snakker ein stort sett ikkje om. Dynamikken i familien vert imidlertid satt på prøve når fru Richardson leiger ut utleieboligen sin til aleinemora Mia og hennar dotter, Pearl. Mia er ein kunstnerisk type, med eit heilt anna syn på livet. Pearl vil ha eit normalt tenåringsliv, og blir god venn med borna i Richardson-familien. Unntatt Izzy – det er Mia Izzy knytter seg til.

Ng (uttalast for øvrig «ing») skriv så himla godt. Dette er fargerikt, brutalt og vakkert. Både unge og vaksne i boka verker truverdige og komplekse, og dei framstår som heilt ekte menneske. Historia er det det same med: dramatisk, underhaldande og spennande, men samstundes jordnær og sannsynleg. Eg kjenner at eg trur på eigentleg alt i boka, og eg vil gjerne ha ein oppfølger. (Og så skal eg definitivt skaffe meg Ng si første bok, Everything I never told you.)

Eg kan ikkje seie noko anna enn at du ver så snill må stole på meg og lese denne boka. Dette er veldig overkommelig engelsk, så eg vil oppmode dei fleste til å prøve seg!

Forlag: Abacus
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«En lang, varm sommer» av Beatriz Williams

Dette var ei bok eg plukka med meg til Marrakesh, fordi eg tenkte at det alltids er greit å ha med litt lettlest lektyre på tur. Tenkte etter nokre kapittel inn i boka at dette blei ein skikkeleg forutsigbar, men underhaldande feelgoodroman, og tenkte at det passa meg bra. Eg er god i ein skikkeleg engasjerande historisk roman (og eg er spesielt glad i perioden 1900-1950, så kva var betre enn eit drama frå tjue- og tredvetalet?).

Tredvetalet. Vi er i dag i 1938, og det er sommar. Som vanleg reiser sosietetsdottera Lily Dane og familien hennar til deira faste sommerhus på østkysten av USA. Den vesle kystbyen pleide å vere hennar favorittstad i heile verda, der ho vaks opp med bestevenninna, Budgie. I år er Budgie tilbake for første gang på lenge, som kona til Nick Greenwald – Lily sin eksforlovede. I løpet av sommaren startar det å utspele seg dramatiske hendingar, og for Lily blir det heilt nødvendig å finne ut kva som eigentleg førte til bruddet mellom henne og Nick, og kva alle andre enn henne sjølv ser ut til å vite …

Eg må jo berre ete i meg orda mine om at boka var forutsigbar. Når man har lest så enorme mengder romaner som eg har, ser man ofte mønster og gjentakande trekk i plott, og eg var sikker på at eg visste kvar dette skulle gå hen. (Dette er òg grunnen til at eg ofte blir skuffa over krim, fordi eg stort sett har lest noko liknande – og dermed avslørande – før.) Men her blei eg lurt trill rundt av det forfattaren hadde på lur for karakterane sine, og det var løyst på ein truverdig og spennande måte.

Dette er ein skikkeleg velskriven, altoppslukende, dramatisk, filmatisk og enormt sjamerande roman. Kven bryr seg om at det er fire år sidan boka kom, gode bøker varer for alltid. Eg vart absolutt imponert og sugd inn i historia som folda seg ut foran meg, og om eg kjem over noko anna av Beatriz Williams, kjem eg nok til å sluke det òg.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«Broren til Hugo» av Per Knutsen

Wow, korleis har eg ikkje fått med meg Per Knutsen før? Då eg starta på lydboka tenkte eg at denne passa fint etter å nettopp ha høyrd ferdig trilogien til Roy Jacobsen. Nordnorsk, same tidsperiode. Til og med same innleser! (Nils Johnson, anbefalast!) Og eg tenkte det var eit bra alternativ til alle som trenger noko nytt etter Jacobsen. Men etter kvart syntes eg det var betre enn Roy Jacobsen. Det var som Roy Jacobsen og Carl Frode Tiller fletta saman mellom to permar.

Erkki er veslebroren til Hugo, og etter andre verdskrig veks dei opp saman i Nordland. Det er ikkje akkurat lett: faren er nazist, mora ei finsk flyktning. Dei favoriserer Hugo, om ein kan seie at nokon er favorisert. Heimen er ganske vond, med mykje banning og vald. Erkki passer ikkje inn, feminin og enkel som han kan virke for den drikkfeldige familien sin. Men når Hugo tabber seg ut i studietida, er det Erkki som vert favoritten. For ei stund.

Seriøst, dette er ei flott bok. Skikkeleg god lesning om ein skikkeleg vond oppvekst. Historia var truverdig, med alle sine stygge og vakre skildringer. Eg vil påstå at boka først og fremst handler om skam. Skam over å velge feil, over å bli utstøtt, over å ha feil tilbøyeligheter. Det er mykje skam, mykje misunning, mykje lengsel. Det er rett og slett mangel på kjærleik. Men det er ikkje berre fælt, det er mykje glede her òg. Lojalitet, ønsker om utdanning og noko meir, mot til å vere seg sjølv. Den er fin. Skikkeleg ekkel, vakker og praktfull.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Hotellet» av Fiona Davis

Leseeksemplar

Eg las denne boka i sommerferien, og eg trengte verkeleg noko lettlest og deilig å drømme meg vekk i. (For hallo, ferie?!) Og det er ein skikkelig herlig feelgoodroman, basert på verkelegheita. For hotellet, Barbizon, er eit heilt ekte hotell, og skapte eit kulturelt skille for unge kvinner; no var det ein stad respektable unge kvinner kunne bu i New York medan dei fekk seg utdanning og karriere. (For gud forby at kvinner skal bu åleine, uten «anstand» eller «selskapsdame».) Okei, tilbake til boka:

På starten av 1950-tallet har Darby McLaughlin nettopp flytta inn i Barbizon Hotel for Women, «Dukkehuset» på folkemunne, og ho er for første gang åleine. Det er skummelt, vanskeleg og byr på fleire problem enn forventa. Ho passer ikkje inn saman med modellane og jentene som berre skal studere litt før dei gifter seg til (meir) penger. Darby blir venn med den puertorikanske stuepika Esme, og får oppleve ei heilt ny side av byen – og livet blir meir komplisert enn ho kunne forventa.

I 2002 bur Rose på Barbizon, som no er omgjort til leiligheter. Ho og sambuaren gjer det slutt, og med knust hjerte kaster journalisten i henne seg over denne saka om dei eldre kvinnene som har fått fortsette å bu i hotellet. Og Darby er den mest interessante av dei, men ho vil ikkje fortelle noko til Rose. Men det bryr ikkje Rose seg om, ho fortsetter å grave. Ho trur ho har oppdaga ei sjokkerande historie, og alt ho vil er å finne ut sanninga.

Som sagt, ein herleg feelgoodroman med drama, historiske detaljer og feminisme. Plottet er kjempebra, teksten er velskriven og det er lett å oppdage at ein har lest heile greia på ein gong. Den har nettopp kome i pocket, og bok to av forfatteren (frittståande) er allerede oversatt til norsk. Løp og kjøp!

Forlag: Panta
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Fiona Davis finn du HER.

Sitat

«Det jenter er lagd av» av Elana K. Arnold

Leseeksemplar

Dette er ei skikkelig god ungdomsbok, ein av dei få som faktisk verker skriven for ungdom. (For det er vel ikkje berre eg som føler at veldig mange barne- og ungdomsbøker for tida eigentleg appellerer til vaksne?) Det er ei sår og fin bok om det helvetet det er å vere jente no til dags, og sjølv om det kanskje ikkje er den absolutt beste eg har lest om temaet, er det ei knallgod bok det er verdt å lese.

Nina sitt forhold på … vel, forhold, er ikkje heilt sunt. For nokon år sidan sa mora hennar til henne at det ikkje er noko som heiter ubetinga kjærleik. At det er enkelte ting som held kjærleik og forhold i live, og det er noko ein må akseptere. (Forholdet mellom mora er faktisk noko av det såraste i boka.) For Nina er dette ei sanning, så ho finn seg i det mindre hyggelige forholdet ho er i; det består hovudsakleg av sex og mangelen på telefonsamtaler. Det blir ikkje betre når det tar slutt, og han går tilbake til eksen.

Mykje av lesninga er skikkelig ekkel, ukomfortabel og ikkje minst truverdig. For alle jenter som har likt nokon som ikkje liker dei på same måten. For alle jenter som har fått hjertet sitt knust. For alle som ikkje føler seg komfortabel. For alle som har gjort ting dei angrer på. For alle som blir vaksne alt for fort.

Forlag: Kagge
Utgivelsesår: 2018

Sitat

«Begynnelser» av Carl Frode Tiller

Leseeksemplar

Okei, alle har vel fått med seg denne, men om du ikkje har det, høyr på meg: les denne boka. Det er ei ytterst menneskeleg historie. I tillegg til Terjes liv, får vi tonnevis av informasjon og refleksjon rundt naturen, både i Noreg og på verdsbasis. Som for eksempel kva rett vi menneske har til å ødelegge naturen, slik vi held på med no i ei rasande fart. (Sjølv om naturen vil klare seg fint, det er oss og dyra vi gjer han uleveleg for.)

Boka starter med at Terje (ein trøndersk miljøverner) ligg på sjukehuset, og han har nettopp tatt sitt eige liv. Mora og systera krangler, som dei alltid gjer. Ekskona er på veg. Han trur han kanskje kan høyre dei, men kvifor ser dei ikkje på han? Terje sitt liv blir oppsummert, frå slutt til start. Han døyr, men før det har han levd. Deler av livet har vore uuthaldeleg trivielle og vanlege, og andre deler har vore så ekstreme og uvanlige, og vi opplever det stykkevis og delt. Frå døden i vaksen alder, bakover til minner frå ungdommen og barndommen.

Boka trekk deg inn, og du blir liksom litt sugd fast. Menneskenaturen og den faktiske naturen, kasta saman i ei knallgod historie. Det burde vere kjempefeil å lese ei bok som går «baklengs», men det fungerer så bra. Eg sitt igjen med så mange spørsmål, som fortsatt svirrer rundt. Kvifor fikk vi berre vite om dei delane vi fikk vite om? Kva med alle dei andre store hendingane vi veit har hendt, kvifor var ikkje dei viktige nok? Absolutt leseverdig, absolutt ei fantastisk bok. Bokmeldingane lyg ikkje, det er ei av dei beste bøkene frå 2017.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Carl Frode Tiller finn du HER.

Sitat

«Kenneth Bergstrøm II» av Tor Edvin Dahl

Eg hadde hørt så mange gode ting om denne boka. Og eg burde jo visst det, at då blei eg skuffa. Men her blei eg ikkje berre skuffa, eg blei megaskuffa. Eg forstår ikkje dei fantastiske omtalene?! Om kor vanvittig psykologisk god den var?

Idar Vik er ein heil vanleg mann. Eller, mindre enn vanleg. Dritkjedelig type, usosial, ikkje spesielt hyggelig, han er nesten ikkje-eksisterande. Men han «får» eit slags nytt liv når ei dame på puben kjem og presenterer seg. Ho trur han er ein journalist ved namn Kenneth Bergstrøm. Og han seier henne ikkje i mot, han berre later som. Og dette kanskje hadde ikkje vore så rart om det hadde skjedd éin gong og det berre blei ei morsom historie å fortelje vennene sine (som han ikkje har …). Men han møter dama fleire gonger, og vennene hennar. Til slutt begynner han å ta initiativet ute og presentere seg som Kenneth Bergstrøm for å få seg eit ligg. Men Noreg er eit lite land. Og til slutt vil jo nokon oppdage det.

Eg foretrakk faktisk den andre delen av boka, der vi møter den ekte Kenneth Bergstrøm og får vite korleis han oppdaga at nokon stjal identiteten hans. For den første delen var faen så creepy når man tenker på det. Kva slags ekling later som om dei er berømte for å få seg eit ligg? Og han er generelt bare ein ubehagelig type. Ei merkeleg bok, heilt ufortjent rosa. Anbefaler den ikkje.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«American Housewife» av Helen Ellis

Dette her er fantastisk morsomt. Skarpt, vittig, mørkt, satirisk, fantastisk! Det er ikkje den typen komikk som gjer at du hyler høgt av latter, men heller heile tida humrer og flirer litt for deg sjølv. Gjenkjenneleg frå første side. (Ikkje alt, så klart, eg har ikkje gått så drastisk til verks som desse kvinnene, men småting som å stresse fordi ei jakke henge feil vei, det er eg kjent med.)

Favoritthistoria mi er utan tvil den andre, med epostutvekslingane. Det var helt vilt morsomt! SÅ EKSTREMT PASSIV-AGGRESSIVT! Som blir ekstremt aggressivt-aggresivt etter kvart … Egentlig blir det ganske mykje aggresjon i historiene. (Det ender tidvis med mord.)

Novellene har alle ulike lengder, oppbygninger, fortellerstemmer og vinklinger. Det er så utruleg imponerande at det er frå samme forfatter. Og at det er ein samanheng mellom dei. Her er monologer, utførlige skildringer av et realityprogram, epostutvekslingar, lister med regler. Alt linka til dagens (galskap av et) samfunn. Og det er som sagt morsomt. Kjøp og les! (Boka er ganske tynn, så det er verdt det sjølv om du ikkje er ein storleser.)

Forlag: Scribner
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Hun ba om det» av Louise O’Neill

Leseeksemplar

Okei, eg er faen så sint no. (Kva er infuriating på norsk?) Denne boka har frustrert meg til tårer. Eg blir litt kvalm av heile greia, mest fordi dette er realiteten for mange, mange jenter. (Og gutter.) LES.

Emma O’Donovan er eit ganske kjipt menneske. Ho er tvers igjennom ei bitch. Ho er kjip mot vennene sine (sånn faktisk kjip, typ seier ting ho veit vil såre dei), flørter med kjærastane deira og trur absolutt alle synes ho er dritdeilig. Det er ganske vanskeleg å like henne. Og når det kjem til stykket – når det skjer, når bildene vert spreidde, når ho berre er ei skamlaus hore – viser det seg at ikkje så mange faktisk liker henne heller. For kven bryr seg om «sluten, bitchen, hora» Emma O’Donovan? Ho ba jo om det.

Eg liker veldig godt at O’Neill gjer hovudpersonen så lite likandes i starten. At man misliker ho, men likevel føler en dyp sympati når det verste skjer. At man synes ho er ein usikker person, ein dårleg venn, et trist menneske, men likevel er på hennar side. (Som man burde.) Dypdykket inn i Emmas sinn er faen så vondt. Måten mora behandler henne både før og etter, korleis faren tek avstand til ho, det faktum er at broren – som absolutt ikkje har eit ansvar – er den einaste som tek det.

OG SLUTTEN. Eg skal ikkje avsløre noko, men eg gråt på slutten. Samfunnet vårt har eit enormt problem med korleis vi ser på kvinners seksualitet, og alle som meiner noko anna er ignorante. Eg vil påstå at denne boka er realistisk, i alt frå handlinga til skrivestilen. (Som alle gjentakelsene, eg vil tru det er slik det kjennest når du kun kan tenke på éin ting.) Fantastisk vond, truverdig og hjerteskjærende.

Forlag: Kagge
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Louise O’Neill finn du HER.

Sitat

«The Dead Ex» av Jane Corry

Leseeksemplar

Då er den tredje boka til Jane Corry sluppen! And oh boy, så spent eg var!! Eg verkeleg digga dei to første bøkene hennar, My Husband’s Wife og Blood Sisters (spesielt den siste der), og eg kan ikkje sei at denne skuffa heller. Ho skriv veldig «engelsk», slik at du veit mykje av handlinga før du starter å lese. Men det som set ho i same bås som Clare Mackintosh og gjengen, er jo at ho klarer å sette ein skikkeleg fin liten twist på slutten av historia.

Vicki har eit ganske kjipt liv. Ho er ufrivillig nyskilt, mannen har ny kone, Vicki tener omtrent ingenting på karriera som aromaterapist, og i tillegg har ho alvorleg epilepsi som gjer at ho av og til mister hukommelsen nokre timer. Å vere disponert for hukommelsestap er ikkje særleg gunstig når politiet dukker opp og spør om du veit kor den sakna eksmannen din er – spesielt ikkje når dei trur du har drept han og lyg om at du mister hukommelsen for å skaffe deg alibi. Du veit, det vanlege.

IGJEN, denne dama lurte meg fleire gonger. Eg konspirerte så godt eg kunne basert på infoen eg fekk, eg traff sånn ca på eit par ting, men flautt nok ikkje heile greia. Eller, er det eigentleg flautt når ho klarer det kvar gong? Då viser det jo berre at ho skriv godt. Og så er det jo akkurat det som er poenget med psykologiske thrillerar: du vil klare å gjette plottet, men samstundes er boka heilt øydelagt om du klarer det. Anbefalast verkeleg! Kun å få på engelsk, då.

Forlag: Penguin
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Jane Corry finn du HER.