Sitat

«Anorektisk» av Ingeborg Senneset

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Anorektisk er ei sjølvbiografisk bok skriven av journalist Ingeborg Senneset. Det er langt frå første gongen ho skriv om lidelsen sin, då ho blogga om den undervegs. Avsnitta i denne boka er delt inn i enkeltdatoar, som igjen er delt inn i dei tre oppholda hennar på psykiatrisk avdeling. Ho kjem med kritikk mot helsevesenet, skryt til helsevesenet, deler det positive og det negative som skjer undervegs i betringa hennar. Ho tek òg opp tvangslidinga som følgjer anoreksien hennar, som mange kanskje ikkje tenkjer over som ein del av sjukdommen. Korleis folk berre ber henne «bli frisk», korleis familie og venner reagerer på utviklinga og ikkje minst korleis ho ser på seg sjølv.

Det er absolutt sterk lesning, men enkelte delar forvirrer meg. Ho skriv i forordet at boka er basert på kladdebøker, dagbøker og blogginnlegg. Eg synest det er vanskeleg å skilje fleire av desse frå kvarandre, kva som faktisk er skrive for andre og kva som er skrive for berre henne. Senneset skriv òg at ho lyg mykje i dagboknotatene (fordi psykologen/behandlaren hennar skulle lese dei), og eg saknar litt kommentarar frå notida der ho kanskje nemner enkelte tanker ho gjer seg i ettertid av det ho skreiv, spesielt viss mykje av det ikkje er heilt sannferdig?

Forordet er sånn førti sider langt, skrive av Finn Skårderud, som er/var psykiateren til blant andre Linnéa Myhre. Og apropos: innhaldet i boka har jo store likhetstrekk med Myhres Evig søndag, som òg baserer teksten sin på blogginnlegg skriven medan ho var på sitt sjukaste. Senneset og Myhre har den same svarte humoren og det same talentet til å fortelje sine historier på ein måte som gjer dei forståelege for oss «vanlege» menneske, og ikkje minst lar vere å romantisere anoreksi. Så sjølv kor ubehageleg og vondt det kan vere å lese deler av denne boka, er den likevel lettlest. Det er definitivt ei av sakprosabøkene du burde få med deg.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Mothering Sunday» av Graham Swift

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Denne boka er verkeleg noko spesielt. Swift klarer å mane fram ei heilt unik stemning, og verkeleg-gjere historia. Det er noko eksepsjonelt atmosfærisk eg ikkje heilt klarer å setje spissen på. (Boka er utgitt på norsk av Gyldendal som Morsdag, men eg kan jo ikkje garantere at omsettinga har klart å bevare det magiske preget som eg ser.)

I eit intervju på sine eldre dagar tenker forfattaren Jane Fairchild tilbake på ein heilt spesiell dag i livet sitt. Morsdag – «Mothering Sunday» – 30. mars 1924: Jane er hushjelp hos ekteparet Nivens, og får som alle andre fri for å feire mor si med familien sin denne dagen. Men Jane er foreldrelaus, og bruker heller dagen sin i senga hos den rike elskeren sin. (Det er så klart ikkje heile handlinga, men eg har absolutt ikkje tenkt å frarøve nokon den gleda det er å oppdage denne historia sjølv.)

Ikkje la omslaget lure deg til å tru at dette er billig husmorporno (sjølv om det står «a romance» på omslaget). Dette er eit sterkt portrett av ei ung kvinne, av ei gamal kvinne, ei kva som helst slags kvinne. Og så er den jo så klart litt sexy og poetisk inni mellom! Det skulle då berre mangle i ei kjærleikshistorie. Men igjen – dette er ikkje det vi nordmenn kallar ei kjærleikshistorie. Mykje av boka fokuserer på litteratur, på bøkene som inspirerte Jane til å skrive – «boy’s adventure books» – og hennar refleksjonar rundt livet i 1924. (Som forresten er eit flott historisk bakteppe, og gjer boka verdt å lese om du så berre likar serier som Downton Abbey.)

Det er ikkje ei stor historie, men den er fortalt med mange, mange små ord fulle av magi. Eg anbefaler denne boka varmt, og håpar at du tek deg to eller tre timar til å lese denne vesle boka. For meg vart i alle fall dette ei bok eg ikkje vil gløyme med det første.

Forlag: Scribner
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Nøkken» av Nathan Hill

Boka er sponsa av Gyldendal Norsk Forlag

Nøkken, eller The Nix, er debutboka til Nathan Hill. Ryktene som har nådd meg seier at han brukte ti år på å skrive boka, tilsvarande det Donna Tartt brukte på Stillitsen; OG at den er like god. Korleis kan man ikkje ville sjekke ut ei slik bok?

Denne mursteinen av ein roman handlar om Samuel Andresen-Anderson, ein nesten-forfattar som underviser to timer litteratur i veka og bruker resten av tida på dataspel. I tillegg er han sonen til Faye Andresen, no kalla Pensjonistterroristen etter at ho kasta grus på ein presidentkandidat. Samuel bestemmer seg for å skrive ei bok om mora, som forlèt han då han var ein ung gut. Han veit ikkje kva han forventar å finne ut om mora når han møter henne att og startar researchen sin, men han oppdager i alle fall at barn kanskje ikkje har rett til eller burde vite alt om mødrene sine.

Tema som er aktuelle i boka er forholdet mellom mor og barn, amerikansk politikk frå sekstitalet, amerikansk politikk etter 11. september, ulike typer vennskap og oppvekst. Det er jo eigentleg ein slags oppvekstroman, men den tek for seg ulike deler av fleire personer sitt liv. Fleire av desse personane sine synspunkt kunne nok vore kutta ut, men dei er eit fint og fargerikt innslag.

Eg merka allereie etter tjue sider at eg likte denne boka veldig, veldig godt. Den er morsom, velskriven og klarte å overraske meg fleire gonger. Dersom du likte Max, Mischa og Tetoffensiven av Johan Harstad, vil du absolutt elske denne boka. (Og om du lurer, er den ca halvparten så lang som boka til Harstad.) Også denne har røtter i Noreg, og tek for seg USA sine krigar i Asia og studentpolitikk.

Dette er ikkje ein fantastisk roman, men ein får eit spesielt forhold til romankarakterer ein følgjer like lenge som ein gjer med så tjukke bøker som denne. Boka er omsett av Vibeke Saugestad, som har gjort ein spesielt god jobb med dialogen, som er utruleg vittig, munnkeg og realistisk. Det er kun eit par av passasjene eg synest var litt merkelege, som denne openberringa til elleveårige Samuel: «Kjærligheten hadde denne fordelen, […] at hennes suksess, ved en underlig form for refraksjon, også ble hans». Altså. En sjetteklassing? Eller denne kommentaren til ei kvinne uten sminke si holdning «framsto ikke som apati, snarere som transcendens». Kva skal det bety?? Men ellers er språket veldig bra, og boka er overraskande lettlest. Den kan absolutt anbefalast!

Og så må eg berre seie at eg elskar det norske omslaget. Grafiske omslag er utan tvil mine favorittomslag, og fristar av ein eller annan grunn mykje meir enn bøker med foto på framsida. Sjekk denne hesten, da! (Som forresten er skikkelsen Nøkken tar når han kidnapper barn.)

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Miss» av Synnøve Sun Løes

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Eg synest Aschehoug er utruleg flinke på å utgi gode ungdomsromanar, spesielt årets bøker. Dette er ein av dei beste (så langt). Det er ein ungdomsroman som gjerne vert overgangen mellom ungdomsbøker og «vaksenbøker», som gir deg det vesle pushet til å lese noko større.

Ea er ei overvektig vestkantjente som ikkje passer inn nokon stad. Ho heklar kjæledyrbikiniar som ho sel på nett, ser mykje reality-tv og et. Et MYKJE. I første halvdel av boka er ho ganske nedfor og sint. Tanta hennar (også overvektig, ei fri kunstnersjel) har tatt livet sitt, og ho sørger. Ho går til psykiater, men kjem ingen vei. Ho vil ikkje gjere som legemora hennar vil – slanke seg. Kvifor skal ho tilpasse seg nokon som helst? Men så dør psykiateren. Ho kranglar med bestevenninna. Mora vert deprimert. Faren hamnar på sjukehus. Sjølv om Ea fortsetter å vere sjølvstendig, vanskeleg og eigenrådig, må ho ta ansvar. Og ho liker det litt meir enn ho trudde ho ville.

Miss er ein samfunnskritisk roman som tek eit oppgjer med kroppspress, einsemd, sosiale normer og sosiale medier. Med letthet leikar Løes seg gjennom alvorlege temaer utan å bli respektlaus. Ho klarer å halde tonen enkel, naturleg og ikkje minst forståeleg. Eigentleg er det forbløffande kor fint ho handsamer tema som overvekt, terapi, einsemd og depresjon. Det er ingenting som er overkomplisert i boka, og det er nesten unormalt kor autentisk Ea verkar som ungdom, kvinne, jente og menneske. Eg kjente meg sjølv igjen mange ganger.

Boka er delt opp i ganske små avsnitt, som er veldig ulike. Her er litt brev til den avdøde tanta, litt lister, samtaler, «fakta om…» og rein handling. Og utsnitt frå Eas sjølvbiografi, Livet til en tjukkis. Boka er stappfull av anekdoter, filosofi, historie og sterke kvinner. Det einaste negative eg har å seie om boka er at dei engelskpråklege orda som er med, ofte er feil. Loser skrivast «looser», i «time’s up» er apostrofen sløyfa, og slikt. Men eg er villig til å oversjå dette, og erklære dette som ein av årets beste ungdomsromanar. Bør òg lesast av vaksne.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Det litterære apotek» av Nina George

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Eg må innrømme her og no at denne boka skuffa meg. Boka var ikkje dårleg, den berre sleit med å fange meg inn. Eg klarte verkeleg ikkje engasjere meg for fem flate øre. Noko mangla, eller var overdrive. Den kjentest nesten masete ut?!

Boka handler om franskmannen Jean Perdu (for meg høyrest dette ut som eit papegøye- eller undulatnamn), som driv ein flytande bokhandel. Altså ein bokhandel på ein båt. Men det er litt annleis enn ein skulle tru ein bokhandel ville vere; Perdu sel deg nemleg ikkje kva som helst. Han har kalla båten Det litterære apotek, og sel deg kun bøker han trur kan kurere det du måtte ha av hjartesorg, angst eller skam, anten du vil eller ikkje. Så ein dag opnar han rommet, der prikk-prikk-prikk (eller Manon, som dama eigentleg heiter) var siste gong han såg henne, eit rom som har vore sperra av i over to tiår. Og når han opnar den døra, opnar han alle sluser. I ei skuff ligg nemleg eit brev frå denne kvinna som knuste hjartet hans. Som resultat av å lese dette brevet, legg han frå kai med den forfjamsa og deprimert-fordi-han-ikkje-klarer-skrive-bok-nummer-to bestselgerforfattaren Max Jordan ombord.

Boka er ikkje direkte dårleg, men språket er så utruleg klisjéfylt! Handlinga prøver å vere realistisk, men er det ikkje. Nokre delar er litt spennande. Likevel, eg blei ikkje dratt inn. Eg hadde aldri noko behov for «det eine kapittelet til», som ein alltid lengter etter når ein les ei god bok. For meg mangla her eit eller anna, men gudveitkva. Tommel ned, altså.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«The Power» av Naomi Alderman

Boka er et leseeksemplar frå Norli

Herregud, for ei fantastisk bok! Absolutt alle som er fans av The Handmaid’s Tale (bok eller serie), bør plukke med seg et eksemplar av denne futuristiske romanen. Margaret Atwood har jo sjølv rosa den opp i skyene. Og sjølv har eg allereie bestilt dei tre andre romanane hennar, for dette er ein forfattar eg vil lese meir i av.

Tenk deg at vi er fleire tusen år inn i framtida. Tenk deg at kvinner er det sterke kjønnet. Tenk deg at ein mann ved namn Neil Adam Armon (stokk om dei bokstavane litt, då) sender ein mail til sin kvinnelege kollega Naomi Alderman og spør om ho vil lese bokmanuset han er ferdig med, The Power. Dette manuset er altså sjølve romanen, ein historisk roman, som han kallar det (for handlinga er frå vår tid, så for framtidige menneske er jo dette historisk). Det er ei utrulig kul vinkling.

Ei jente oppdager at ho kan gi ein mann elektrisk sjokk, brenne huda hans ved berre å ta på han. Ei anna oppdager at ho kan det same. Det viser seg kjapt at nesten alle kvinner har eit innebygd «skein» ved kragebeina, som gir dei denne elektrisiteten, som kan skade og ikkje minst drepe. Opprøra byrjar, og det tek ikkje mange år før kvinnene har teke over land, militær, makt og ein full krig bryt ut. Gjennom desse ti åra følgjer vi den amerikanske politikaren Margot og hennar datter Jocelyn; fosterheimsjenta Allie som vert leiaren for ei ny religiøs rørsle; Roxy, dottera til ein engelsk mafiaboss; og den nigerianske journalisten Tunde, ein av dei få menna som klarer å skaffe intervju med kvinnene om denne nye krafta og det nye samfunnet.

Dette er grusomt godt skrive, og ikkje minst fascinerande til tusen. Problemstillinga er jo ikkje reell, men det gir eit ganske stygt speilbilete av dagens samfunn. Mange av handlingane i boka er skikkelig fæle, men det er ingenting kvinnene her gjer som menn ikkje allereie har gjort. Eigentleg er det litt omvendt av The Handmaid’s Tale (der kvinnene blir fratatt makta), men det er likevel mykje politikk og religiøs ekstremisme som ligg bak også her. Det er ein spennande idé, som eg synest Alderman har gjennomført knallgodt. Boka er så langt ikkje omsett til norsk.

Forlag: Penguin
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Blomstring» av Elizabeth Craft & Shea Olsen

Boka er sponsa av Aschehoug forlag

Denne boka er ein av tre ungdomsromanar Aschehoug satsar hardt på i år, saman med Caraval og Tusen etasjer høy. Eg har venta litt med å starte på denne, fordi den høyrest veldig klissete ut. (Og så har eg jo sett Disney-filmen Starlight, som har akkurat same konsept: når verdens største popstjerne blir forelsker i akkurat deg.) Så heilt ærleg, eg vart overraska over kor godt eg likte den. Faktisk så slukte eg den, det gjekk ned tre-fire sider i minuttet til tider. (Ja, eg liker å følge med på sånt.)

Charlotte Reed er ei sterk og uavhengig jente med store planer for framtida si. I hvert fall større enn mormora, mora og storesystera, som alle fekk barn før dei var ferdig med high school. Charlotte går siste året, og dater ikkje. Ho jobber, har praksisplass, passer nevøen og gjer lekser. Hennar sosiale sirkel består av den homofile bestevennen Carlos og sjefen Holly. Så ein dag kjem Tate inn og bestiller blomster hos Charlotte. Som dukker opp hos henne dagen etter. Ho aner ikkje kva som har skjedd (fordi ho ikkje kjenner igjen Tate). Tate vil ha henne, og etter kvart seier ho ja til å bli med han på date. Og det er starten på eit vilt eventyr.

Det eg verkeleg liker med boka, er at det er ikkje særleg fokus på galne fans og paparazzi, problemet i forholdet ligg hos Tate sjølv. Alle grensene han vil sette, måten han vil beskytte Charlotte frå berømmelsen på, og alt det emosjonelle og psykiske han slit med som følger av livet som kjendis. Og så klart, dette er ei kjempejentete-rosa-superfeministisk bok, så så klart er det ei scene eller to der Charlotte får mykje dyre klær, og Tate reserverer eit heilt lokale til date, litt som Pretty Woman (utan all prostitusjonen og maktmisbruket). Anbefalast for alle jenter i alderen femten til tjue!

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Jeg gidder ikke leve uten deg» av Christelle Ravneberget

Dette var skuffande greier, altså. Eg trudde av ein eller annan grunn at dette skulle vere ein ungdomsroman. Når det etter eit par sider gjekk opp for meg at det var det absolutt ikkje, googla eg boka og såg masse kritikerros og minst éin pris, medan «vanlege» lesarar hadde slakta den. Så eg må nesten henge meg på: dette var ikkje noko særleg.

Handlinga er lagt til Oslo sånn cirka rundt år 2000. Annabel er ein ung kunstner som kastar vekk livet på alkohol og dop. Ho forelsker seg i vokalisten Christian, som om mogleg er endå hardare på rusmidla. Dei forelskar seg, men han vil ikkje gå frå dama og barnet sitt. Så han er utro med Annabel i nokre år, og dei slår jevnlig opp og blir deretter saman att. Her er vald, sex, narkotika og alkohol. (Og sutring.)

Eg kan starte med det positive: her er eit par bra vendingar Ravneberget har komponert. Men miljøskildringane, personskildringane og dialogen er ekstremt lite truverdig. Det skal liksom vere rundt 20 år gamalt, men det verkar alt for moderne. Språket inneheld altfor mange flosklar og klisjear, og det vert kjedeleg å lese. Eg forstår ikkje heilt at denne boka er vert kalla «heftig», her er jo berre klaging og syting og mangel på vilje. Og dersom du leiter etter bøker om mistilpasning, narkotika, ujevne forhold og depresjon, så er det mange betre romanar å få tak i.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«My Husband’s Wife» og «Blood Sisters» av Jane Corry

Begge bøkene er leseeksemplar frå Norli

Jane Corry er ein forfattar som er ut til å putte mykje av seg sjølv inn i bøkene. Ho har sjølv jobba i eit fengsel, slik begge hovudpersonane i desse bøkene òg gjer. Tema som å manipulere loven, kunst, funksjonshemming og oppvekst er sentrale i begge. Eg ser fleire like namn i bøkene, og like datoar. Eg følte rett og slett at eg var i det same universet i begge bøkene. Litt usikker på om det er ein styrke eller svakhet for ein forfattar, men så langt har det i alle fall fungert!

Ed Macdonald er myrda. Den nye kona hans er arrestert for mordet. Men dette er no. For femten år sidan var Ed nygift med Lily. Lily si karriere som advokat tar av når ho forsvarer Joe Thomas, dømt for å ha drept kjærasten sin, men som no vert frikjent med Lilys hjelp. Lily og Ed sitt ekteskap er hult og tomt, men å passe nabojenta Carla hjelp litt. Vesle italienske Carla, med flyfilla av ei mor som er saman med ein gift mann. Carla, som alltid vil ha det andre har. Og som vil gjere kva som helst for å få det.

Corry er veldig, veldig flink å kome seg inn i hovudet på folk. Måten ho skildrar Carla sin barndom er realistisk og ærlig. Og litt brutalt, og litt naivt. Slik som sinte, små barn ofte er. Eigentleg er det ikkje forbrytelsen som er den beste delen av boka, men heller Carla si historie og oppvekst. Av desse to bøkene er det nok denne her som passar minst for krimfans, eller for dei som foretrekker krim à la Store hvite løgner.

Blood Sisters er den nyaste boka til Corry, og kom i år. Det er utan tvil skumlare enn debutboka, og har mykje meir spenning. Her skjer det noko heile tida.

Alison er ein småfattig kunstner tidleg i tredveåra som strever litt med å få endene til å møtast. Motvillig søker ho på ei stilling som kunstlærer i eit «åpent» fengsel i nærområdet, men ho treng pengane. Alison er veldig menneskesky og paranoid, og får panikk når ho begynner å motta lapper og telefonsamtaler om at nokon skal «ta henne». Det virker som om fortida endeleg har tatt henne att. For Alison veit jo at ho har gjort noko veldig, veldig gale når ho var yngre.

Samstundes møter vi Kitty, som bur på ein sjukeheim. Etter ei ulukke ho sjølv ikkje hugsar, har Kitty hamna i rullestol, er delvis funksjonshemma og har ei hjerneskade som svekker hukommelsen hennar. Men bortsett frå det med hukommelsen (og at hjerneskada gjer kommunikasjon omtrent umogleg) er Kitty mentalt tilstede og er nærmast fanga i sin eigen kropp. (Og ho er rasande.) Men så skjer det noko som skal forandre heile livet hennar.

Corry skriv så utruleg godt og realistisk! Det er så utruleg ukomfortabelt å vere inn i hovudet til Kitty. Ho er så rasande og ekkel mot andre, så bitter. Det er skikkeleg fælt, og sjølv om det er godt skildra og truverdig, er det grusomt å lese. Corry held ikkje att, og kvar gong du trur du har skjønt alt, er det alltid litt meir, heilt til den fantastiske siste plottwisten. Boka er kjempespennande, og ein skikkeleg pageturner! Og den absolutt beste av desse bøkene.

Eg vil samanlikne desse bøkene med Liane Moriarty sine, berre meir creepy. Det er ikkje direkte chick-lit, men samstundes er det jo litt slik likevel. Bøkene er i skrivande stund berre tilgjengelege på engelsk.

Forlag: Penguin
Utgivelsesår: My Husband’s Wife (2016), Blood Sisters (2017)

Sitat

«Ektemannens hemmelighet» og «Det Alice glemte» av Liane Moriarty

Så var det på tide å lese denne chick-lit-klassikaren. Eg las eigentleg Store hvite løgner før denne, og må innrømme at den var betre. Men det beviser berre at forfattarskapet til Moriarty går éin veg – oppover – så det er vel ein god ting?

Når Cecilia med eit uhell velter ei av mannens esker på loftet, finn ho eit brev adressert til seg sjølv. Som skal opnast ved ektemannens død. Cecilia vert heilt satt ut, men opner ikkje brevet før ho oppdager at mannen hennar verkeleg ikkje vil at ho skal opne det (og at han lyg om det). Når ho opner dette brevet fell livet hennar saman. Og sjølv om ho ikkje veit det enno, vil innhaldet i dette brevet påverke både Rachel – ei enke med ei trist fortid – og Tess – ei ung mor som nettopp har forlatt mannen sin.

Boka er lettlest og utruleg spennande! Sidene blar om av seg sjølv, og du blir engasjert. Moriarty skriv verkeleg godt, og klarer å treffe enkelte poeng så utruleg presist. Sjølv om mange av temaa i boka er kjipe og såre, vert dei skildra med ei blanding av varme og humor, sarkasme og djup menneskeleg innsikt, som eg trur berre Moriarty kan klare å mestre perfekt.

I skrivande stund er eg litt hekta på denne sjangeren! Desse bøkene er så lettleste, så skildrande at det nesten er som å sjå ein film. Ein slepp liksom å tenkje, og kan berre la seg flyte med. Det er så deilig med slike bøker innimellom! Både bøkene til Moriarty og Jane Corry har gått ned på høgkant (hennar bøker kan òg anbefalast!), og eg gler meg (vanvittig) til Vanvittig skyldig kjem ut i haust!

Det er mykje som endrar seg på ti år. Kanskje spesielt mellom 29 og 39. Men kva om du plutseleg har gløymd alt som har skjedd i mellom desse åra? Kven er du då? Kven var du? Alice vakner opp etter å ha slått hovudet hardt. Det er 1998, ho er nygift og forelska og gravid for fyrste gong. Livet er fantastisk! Bortsett frå at det i virkeligheten er 2008, ho er separert frå mannen sin, har tre barn ho ikkje hugser og er distansert frå den øvrige familien sin. Alice aner ikkje korleis ho skal fungere i kvardagen, og sjokka er ikkje få. Kvifor er ho ikkje nær med syster si lenger? Kven er denne Gina? Ho må lære seg å navigere livet sitt på nytt, og bli kjend med barna sine. Og ho er fast bestemt på å vinne mannen sin tilbake.

Dette er den andre boka til Moriarty (i alle fall på norsk), og har ikkje det krim-elementet dei fleste av bøkene hennar har. Likevel klarer Moriarty også her å skape mykje drama, mange overraskande vendingar og så klart litt djupare og større tema godt miksa inn i herlig chick-lit. Eg er heilt frelst; desse bøkene er så herlige! Dei bør definitivt pakkas ned i strandbagen, kofferten eller kva du no drassar rundt på sommar.

Forlag: Pantagruel
Utgivelsesår: Ektemannens hemmelighet (2014), Det Alice glemte (2015)

Fleire bøker av Liane Moriarty finn du HER.

Sitat

«Varm melk» av Deborah Levy

Boka er sponsa av Solum forlag

SOMMERBOKA, SOMMERBOKA! (Rop det med meg.) Eg las denne boka ut på toget på siste etappen heim frå ferie, og kjende berre korleis eg vart dratt tilbake til sørlige Spania. Miljøet i boka er så utruleg godt skildra, det er nesten som å sitte i sanden ved Middelhavet innimellom.

Romanen handler om tjuefemårige Sofia som reiser til ein svindyr privatklinikk i Spania med si mykje eldre mor, Rose. Rose har nemleg slitt med beina sine i årevis, og Sofia har praktisk talt tatt vare på mora sidan ho var fem. Etter å ha tatt opp lån, har dei råd til å få konsultasjon hos den berømte doktor Gómez i Almería i Andalucía. Ingen har klart å diagnostisere kvifor Rose ikkje kan gå, og behandlinga til denne nye legen er høgst merkeleg. Rose sine symptom utvikler seg merkeleg, og legen hinter til Sofia om at det ikkje er mykje fysisk feil med mora. Medan Rose får behandling, oppdager Sofia livet på strendene og nye sider ved seksualiteten sin.

Språket var heilt fantastisk! Lettlest, ærlig, full av sårbarhet og svart humor. Den er utruleg god, så du bør berre springe og kjøpe! (Eller låne, men ikkje stjele. Om du vil lese på originalspråket, er den engelske tittelen Hot Milk). Eg trur at eg elles berre avsluttar med og seier meg enig i den siste delen av «vaskelappen» bakpå boka: Varm melk er en hypnotisk og særdeles velkomponert fortelling om kvinnelig raseri og seksualitet, om myter og tidløse monstre – og som et bakteppe til det skjøre forholdet mellom mor og datter, ligger et like sårbart Europa som fortsatt strever med å finne en vei opp av ruinene etter finanskrisen.

Forlag: Solum
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Usynlighetens historie» av Martha Batalha

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Er du ferdig med alle bøkene til Ferrante, seier du? Vil du ha noko liknande, men veit ikkje kva? Eller synest du kanskje Napolikvartetten var litt for lang og utfyllande? Då har eg faktisk boka for deg! Skrivestilen er ganske lik Ferrante sin, men med meir tempo (og på bokmål, ein gladnyhet for alle som klager over nynorsken til omsettinga) og litt meir varme og humoristisk snert!

Rio de Janeiro, Brasil, i overgangen mellom femti- og sekstitallet: Eurídice er ei ung kone, som meistrar livet som heimeverande litt for godt. Ho trosser den gammaldagse ektemannen og skriv ei oppskriftsbok, starter å sy kjoler til seg og alle nabokvinnene. Når mannen set ned foten og ho gir opp hobbyane sine, dukker den forlengst forsvunne systera Guida opp att. Guida, som stakk av som tenåring med guten Marcos som raskt forsvinn, og deretter måtte oppfostre sonen sin på ein litt ukonvensjonell måte. I tillegg møter vi mange andre karakterer, som alle er noko for seg sjølve, som bokhandlaren Antônio. Og gjerne mora og bestemora, kjapt oppsummert.

Dette er ei veldig, veldig spesiell og fin lita bok. På knappe 250 sider med nesten uanstendig brei marg vert historia lagt fram. Det er ei lågmælt, humoristisk (eg flirte mange gonger undervegs), søt og til tider makaber bok. Eg kan faktisk ikkje skryte nok av språket oversetter Kaja Rindal Bakkejord har skapt her. Omsetjinga verkar heilt saumlaus, og det var absolutt ingenting eg stussa over. Teksten flyt fantastisk lett, er morosam, seriøs, underhaldande, akkurat passe objektiv og passe sarkastisk, poetisk og fargerik! (Og om du har lest De syv søstre av Lucinda Riley, vil du kanskje kjenne igjen miljøet i Rio de Janeiro på første halvdel av 1900-talet.) Boka er heilt perfekt for lesing i sola no i sommar (eller kvar som helst, det er jo heilt opp til deg), men den kan absolutt anbefalast. Perfekt for alle Ferrante-fans!

Forlag: Pax
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Blond» av Joyce Carol Oates

Rett før eg tok ferie, kjøpte eg meg med denne boka frå jobb. Den er vilt tjukk, så eg har lest nokre kapittel av gongen denne veka eg har vore i Spania. Og uansett kor mykje eller kva eg har lest i mellomtida, har det vore like enkelt å ta opp at tråden. Det er så fengslande! I tillegg er dette mitt første møte med Oates, men allerede etter ei side eller to skjøna eg at det absolutt ikkje ville bli det siste.

Boka følger Marilyn Monroe frå seksårsalderen og til døden. Frå fattige Norma Jean som har eit narkovrak til mor og veks opp hos bestemora, til fosterheimane, tenåringsekteskapet, modellkarrieren, skuespillerkarrieren, dei berykta ekteskapa, dopet, depresjonene.

Det er så levande skildra, det er som å vere inn i nokon sitt hovud. Oates skreller vekk sexbomba, og lèt oss stå att med ei usikker jente som berre vil bli begjært, så ho dermed kan bli elska. Eit barn prega av ein vanskeleg oppvekst, som må finne sin eigen veg i eit nytt og seksualisert samfunn etter andre verdskrig. (Hollywood på femtitalet, det var verkeleg noko.) Korleis takler ei ung og naiv jente at alle i verden vil ha ein bit av henne? At dei elsker henne, vil ligge med henne, hater henne? Innsikta til Oates er djup som få, og det er verkeleg eit mesterverk av ein ambisiøs roman (på norsk: den er dødsbra og heilt eineståande).

No kan det ikkje presiserast nok at dette ikkje er ein biografi. Det er ein roman basert på mytene rundt (og så klart dei historiske fakta vi har om) Marilyn Monroe. Det meste er (i alle fall i følge en rask kikk på Wikipedia), ganske så korrekt likevel. No kan vi jo aldri vite kva ho tenkte eller sa privat, men veldig mykje vart jo skrive om i pressa medan ho levde og etter at ho døde. Men kanskje treng vi ikkje vite alt? Uansett kva som er heilt sant eller ikkje i romanen, så har det vore ei av dei største leseopplevingane mine i år, kanskje nokon gong. Anbefalast verkeleg, med alle sine 869 sider!

Forlag: Pax
Utgivelsesår: 2011

Sitat

«Tusen etasjer høy» av Katharine McGee

Boka er sponsa av Aschehoug forlag

Om du nokon sinne har ynskt deg ein blanding av Gossip Girl og science fiction, så har du fått ønsket ditt oppfylt. Meir spesifikt kan eg faktisk ikkje skildre denne boka, denne underlege og fantastiske blandlinga.

Handlinga går føre seg i (det herrens år) 2118. Mykje har forandra seg (teknologi, meldinger som går via linser ein har på auget, hologram) men menneske er enno menneske. (Kudos til McGee for å ta med den seksuelle aksepten samfunnet vårt held på å utvikle, for omtrent alle i tårnet er bifile. Utrulig kult gjort!) Ei av dei største endringane er kanskje det enorme tårnet som er bygd på omtrent heile Manhattan. Med sine tusen etasjer ruver det over absolutt alt, og rommer ei enorm mengde menneske.

I den tusende etasje er det berre éi leilighet, og der bur ekteparet Fuller med sine to barn: adoptivsonen Atlas og den genetisk (og perfekt) konstruerte dottera Avery. Men til trass for perfeksjonen er ikkje Avery lukkeleg, for ho er forelska i det eine mennesket ho ikkje kan få, nemleg adoptivbroren sin (æsj). Når det går opp for Avery at bestevenninna Leda er forelska i broren hennar, kjølner forholdet mellom dei. Leda forstår ikkje kvifor Atlas ikkje er interessert, og betaler det fattige ingeniørgeniet Watt for å spionere på Atlas via «feeden» hans. Og slik møter Watt Avery, og forelsker seg. I tillegg møter vi Rylin, ei fattig jente som forelsker seg i den rike og deprimerte arbeidsgiveren sin, før ho risikerer alt for pengane sin skyld. Og rike Eris, som mister alt når mora avslører at Eris» far ikkje faktisk er faren hennar. Alle liva til desse menneska vert knytt saman, men ein av dei skal døy. I november 2118 vil ei av jentene falle frå toppen av tårnet og knusast mot bakken. Men kven av dei? Og kvifor?

Boka vert ikkje ordentlig spennande før dei siste femti sidene, men alle skildringane av teknologien og den fiktive framtida er meir enn interessant nok til å halde leselysta oppe. McGee er i alle fall kreativ nok! (Det einaste eg slit med er å sjå for meg tårnet utanfrå, korleis det kan vere fire tusen meter ned til bakken frå toppen, for det må jo skråne på eit eller anna tidspunkt??) Det er som sagt ei slags krysning av Gossip Girl og sci-fi, men det funker merkeleg bra! Kjempekul og original historie, med ei klassisk og god oppbygning.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«The Girlfriend» av Michelle Frances

Eg har lengta etter å lese denne boka, fordi den var så vanskelig å få tak i. Og når eg først fikk bestilt den, så blei så klart pakken «forsinka fra lager». Og så fikk eg den akkurat i tide til sydenturen (derav dette fantastisk kule biletet). Hurra, og den blir slengt (les: forsiktig pakka ned) i kofferten. And off we go!

Daniel er ein veldig hyggeleg, nyutdanna lege med eit godt forhold til mor si, Laura. Laura sjølv er vakker, sukssesrik og ikkje minst faktisk rik. Når Daniel byrjar å date eiendomsmeglerlærlingen Cherry, tek det ikkje lang tid før Laura stusser. Cherry er ganske fattig, og den ferske svigermora mistenker henne ganske raskt for å vere ein golddigger. Cherry kjenner Lauras mistanke på kroppen, og bestemmer seg for å ikkje bli den tapande parten av ein manipulerande og psykologisk kamp om Daniel.

Boka er på 450 sider, og det ville vanlegvis tatt toppen to dagar, men eg følte eg måtte dra meg gjennom starten. Utgangspunktet for boka verka jo SÅ bra! Bakpå står det «When tragedy strikes, one of them tells an unforgivable lie», men det tar omtrent hundre år (over halvvegs i boka faktisk) før denne «katalysatoren» for handlinga faktisk… «katalyserer».  Men altså! Når det faktisk skjer! Utan å avsløre noko (det vert avslørt i kapittel én), så er det Laura som lyg til Cherry. Og når Cherry oppdager det, er helvete laus. For å (prøve) å demonstrere spenningskurven i boka: ….–…../¨¨¨¨¨¨– Hahah, herregud. Poenget mitt er i alle fall at når løgna vert avslørt, ballar det på seg i ei helsikes takt.

Boka kan absolutt anbefalast om du orker å halde ut ei lang oppbygging, for eg kan nesten love at siste halvdel gjer boka verdt å lese (sjølv om «løgnen som endrer alt» er ganske obvious etter kvart). Karakterane er òg veldig komplekse, og det er uvanleg gode skildringer av kvinnene (menna er berre statistar). Korleis kan man følge to kvinner som verkar så normale og ekte, og likevel ikkje sjå kollisjonen som ventar?? Og shit, for ein slutt!

Forlag: Pan Books
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Barna fra toget» av Christina Baker Kline

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Dette er ein sterk og gripande roman om korleis barn (både i 1929 og 2011) opplever det når systemet sviktar dei totalt. Når barneheim og fosterheim er løysinga, men ingen bryr seg eigentleg om kva som skjer med dei. Når dei kjenner seg redusert til eit namn på eit skjema, redusert til ei handelsvare eller ei plage. Om kor raskt ein må vokse opp for å overleve mangelen på omsorg.

Boka handler om Molly – 17 år og i fosterheim. Ho har hatt det vanskeleg stort sett heile livet, og ho er sint på alt og alle. Ho hatar skulen, ho hatar fostermora si. Etter å ha stole ei bok, må ho utføre samfunnstjeneste, og blir sett til å rydde loftet til den 91 år gamle Vivian. Der blir ho kjend med den gamle dama, som er ganske sprek og livlig for alderen.

Vi får òg lære Vivian å kjenne. Rett før børskrakket emigrerte ho med familien sin frå Irland, og dei flytta til New York. Men Vivians skjebne er trist: familien døyr i ein brann, og ho vert sendt på barneheim. Derifrå vert ho sendt på eit tog – «barnetoget» til Midtvesten, for å bli adoptert. Stort sett vil adoptivforeldra ha ein baby, eller ein stor unge som gratis arbeidskraft på gården. Resultatet av eit så laussluppent barnevern, er tragisk for den ni år gamle jenta. Men ho er tøff, og det skal mykje til for å stanse henne.

Historia til Vivian slår meg som ein alternativ versjon av Anne frå Bjørkely (skam deg dersom du ikkje veit kva bok eg snakkar om!), noko som er litt morosamt med tanke på kor sentral den boka eigentleg er for Vivian. Begge kjem jo dundrandes med eit tog, på vei mot ein ny heim. (Dette med barnetog var jo faktisk ei heilt seriøs greie, og det er jo ganske småsjukt. Det er ikkje noko vi høyrer noko om! Korleis er ikkje dette allmenn historie? Og apropos amerikansk historie, Molly er delvis indianar, noko som gir eit ekstra lite lag til historia.)

Altså, for eit språk Baker Kline har! Ho leikar seg gjennom teksten, som er lettlest og fengande. I kombinasjon med den rørande historia, er den totale opplevinga djupt rørande. Faktisk lurer eg litt på kvifor omslaget er så trist og deprimerande, det verkar litt avskrekkande på meg. (Sjølv om enkelte delar av historia er trist.) Og kvifor er ikkje dette ein ungdomsroman? Molly er ein lett karakter å knytte seg til, og ho verkar veldig naturleg og ekte. Det same gjeld Vivien. Historiene deira er begge godt skildra, og det er lett å tru på. Vivian er ein litt meir sympatisk karakter enn Molly, men også Molly veks på deg. Når ein vert kjend med henne.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«En del av meg» av Maren Engelschiøn

Viss du er vaksen, har du kanskje ikkje sett denne boka før. Den står nemleg i ungdomsbokhylla hos bokhandlane, fordi Cappelen Damm har sagt det er ein ungdomsroman. Og sjølv om den absolutt passar til ungdom (hovudpersonen er 18 år), så passar den like bra for vaksne.

Ida føler seg eksotisk heime i Noreg. Ho er eit resultat av moras affære med ein lærer på utveksling i USA. Og attpåtil ein lærar som var halvt indianer! Faren er død, men Ida veit at ho har to halvbrødre på den andre sida av Atlanteren. Så då gjer ho det same som mora, reiser til Minnesota for eit sommarkurs på MLU. Når ho kjem dit, byrjar ho leitinga på familien sin. I tillegg utvikler ho eit par vennskap, forelskar seg (ikkje i ein lærar, hehe), prøver seg som journalist (draumen er å kunne leve av å skrive om indianarar) og oppdager at det meste har konsekvenser.

Det eg likte best med boka, var all historia om indianarar som er plotta inn; indianarkrigar, kasinoa, kontrastar mellom rike og fattige indianarar, alkoholproblema, forholdet til kvite og delvis kvite, delvis indianarar. Indianaren Paul gjer eit særleg sterkt inntrykk, han er eit levande eksempel på korleis ein hard oppvekst i reservata er.

Boka er ikkje veldig forutsigbar, her er eit par gode vriar som held historia interessant frå ende til annan. Kulturkrasjet mellom USA og Noreg eksisterer faktisk, og det er ganske fascinerande. Anbefalast!

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Vi var løgnere» av E. Lockhart

Denne boka var ein av mange kupp eg gjorde på årets Mammutsalg, og då meiner eg verkeleg at denne boka var eit kupp. Og når eg i tillegg høyrde ein kollega av meg lovprise den og seie kor overraskande slutten var, fann eg ut at no må eg jo faktisk få lest den!

Og lese den gjorde eg. Og slutten var verkeleg overraskande. Faktisk var eg overraska over kor overraska eg vart (vanlegvis kan eg gjette meg fram til det meste), men denne psykologiske thrilleren tulla verkeleg med hovudet mitt. Spesielt med tanke på at ein av favorittfilmane mine innan psykologiske thrillarar har veldig likt plott. Og her var så mange hint (sett i ettertid)! Korleis såg eg ikkje dette komme?? (Svar: Fordi forfattaren har gjort ein sabla god jobb.)

Romanen handlar om og blir fortalt gjennom Cadence Sinclair Easton: ung, rik og psykisk sjuk etter ei traumatisk hending ho ikkje hugsar noko av. Etter ei mengde tid på sjukehus, er ho einsam og må gå opp att skule, og lite er slik Cady skulle ynskje det var. Ho har mista kontakta med søskenbarna og forelskelsen Gat (som utgjer dei fire som kallar seg Løgnerne), og gler seg til å kome tilbake og tilbringe sommarferien på familiens private øy (ja, privat øy). Ho prøver å finne ut kva som hendte henne og gav henne hukommelsestap, men ingen i familien er villige til å fortelje henne det.

Det er per definisjon ein ungdomsroman, så den er lynkjapp å lese igjennom; språket er effektivt og drivande. Det vert ikkje for mange tilbakeblikk eller frampeik, ikkje for mykje sutring til trass for traumet Cady har vore igjennom, eigentleg er det ein veldig godt balansert roman. Sjølv om denne boka kom før Piken på toget, vil eg påstå at dette er «ungdomsmotstykket» til Paula Hawkins sin bestselger.

Forlag: Fontini
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Myrkongens datter» av Karen Dionne

Boka er sponsa av Juritzen forlag

Dette er ein utruleg original thriller. Eg trur eigentleg ikkje eg har lest noko liknande. Då tenker eg spesielt på plottet, for språket er slik det er hos dei fleste spenningsbøker – helt ok, men ikkje noko utprega. (Denne boka blei utgitt tidlegare enn planlagt, kanskje det er derfor korrekturen er litt slapp? Men der omsetjinga sviktar, er det lett å forstå kva originalteksten må ha vore – og den er god.) Språkleg er det beste skildringane av oppveksten til Helena, utan tvil.

Handlinga er lagt til den nordlege midtvesten, Upper Peninsula i Minnesota. Den rå og krevande naturen som dekker mesteparten av området er fantastisk godt skildra og atmosfæra heng igjen i heile boka. (Det er nesten så lufta vert litt fuktig av myr og tåkefull der ein sit og les!) I dette miljøet vaks Helena opp som einebarn. Faren var indianer, og ho kjenner naturen som si eiga bukselomme. Å finne spor, jakte på bjørn, lage medisinar, flå dyr; alt er innanfor hennar komfortsone. Hytta ho vaks opp i var primitiv, utan straum og toalett. Ikkje at Helena tenkte noko over dette før ho vart tolv år gamal og forsto kvifor ho og mora budde åleine med faren: dei var fangane hans. Då ho var fjorten år gamal, vart mora til Helena kidnappa av Jacob Holbrook. Helena ender opp som resultatet av utallige valdtekter.

Historia startar med at Helena, no 27 år gamal, høyrer på radioen at Jacob Holbrook – «Myrkongen» – har drept to vakter og rømt frå fengselet han sona straffa si i. Fengselet er merkeleg nok ikkje langt i frå heimen deira. Panikken jager gjennom henne og ho henter dei to døtrene ho har, livredd for at han skal ta ein av dei eller begge to. Ho forstår at ho må fortelje ektemannen om dette tidlegare livet sitt, men politiet slår henne på målstreken. Ektemannen Stephen tek døtrene til foreldra sine. Helena bestemmer seg for å ta opp jakta på faren, for ho er sikker på at politiet aldri vil klare å spore han opp. For ho er langt i frå redd for faren sin, sånn eigentleg. Faktisk er ho veldig glad i han, synest mest synd på han. I sine eigne auge var han ein god og omsorgsfull far, og ho slit med å sjå han som det monsteret alle – inkludert hennar eiga (og no avdøydde) mor – påstår at han er.

Boka er kjempespennande! Helenas jakt på faren er verkeleg noko nytt. Sjølv om spenninga daler litt når vi høyrer om Helenas oppvekst i «hytta» og det ikkje er «spennande» i tradisjonell forstand, så er likevel barndommen hennar så utruleg spesiell og interessant å lese om. Alle naturopplevingane, indianarkulturen og eit barns syn på hennar psykopat av ein far – det er så drøyt bra. Skildringane er nakne, tidvis brutale, men alltid truverdige.

Midt i blinken for alle fans av Flink pike, Bak lukkede dører og så vidare. Det er berre å byrje å lese!

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Den engelske piken» av Katherine Webb

Boka er sponsa av Gyldendal Norsk Forlag

Eg har venta med å lese denne boka til den kom i pocket, for å fullføre samlinga mi. No skulle eg ynskje eg ikkje hadde bygd opp forventingar i eit år, for eg er bittelitt skuffa over denne boka. Eg har absolutt elska dei andre bøkene eg har lest av Katherine Webb, men denne nådde ikkje heilt opp hos meg.

La meg berre byrje med å seie at bakteppet og atmosfæren i denne boka er fantastisk. Det er nok det beste med heile greia, i tillegg til dei sterke kvinnene, då. Ørkenen og femtitallet er verkeleg vidunderleg skildra, og det er som ein film. Likevel manglar det noko, ein slags driv. Eg klarer ikkje engasjere meg heilt i historia, og det irriterte meg litt. Og så er kapitla alt for lange.

Dei sterke kvinnene eg nevnte ovenfor, er Joan og Maude. Mesteparten av handlinga er lagt til Joan si reise til Oman i 1958, då ho som nyutdanna arkeolog reiser dit i håp om å få grave litt rundt og sightsee. Det er dessverre ikkje like lett i eit konservativt muslimsk land, og Joan vert skuffa. Men alt er ikkje forgjeves, for ho får møte Maude Vickery, det store førebilete hennar. Ho har heile livet sett opp til denne eventyrlege føregangskvinna, og klarer med litt om og men å utvikle eit vennskap med den gamle kvinna. Men Maude er ei ganske bitter gamal dame, og har heilt andre planar for den unge venninna si enn Joan forstår.

Det tek litt for lang tid før det faktisk skjer noko dramatisk (bortsett frå det Joan finn ut om forloveden sin, det var ein god – om enn liten – twist!), men som ein enkel historisk roman er boka kjempefin. Den kan minne litt om bøkene til Erica James, der vennskapet mellom unge og eldre er sentralt.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Katherine Webb finn du HER.