Sitat

«The Alice Network» av Kate Quinn

I det siste har eg (tilfeldigvis) lest mange romaner basert på sanne historier frå første halvdel av nittenhundretallet. (Og gudbedre kor mykje fantastisk og fælt som har hendt i «det store århundret»!) Og alle har faktisk vore veldig gode, men dette er utan tvil den beste. Det tok meg usedvanlig lang tid å komme gjennom den, for eg orka ikkje tanken på å skumlese ei einaste side. Når eg først sette meg ned med boka, forsvann eg inn i historia på eit par sekund og sleit med å stoppe.

Under første verdskrig vert den unge kvinna Eve rekruttert til spionasje for England, utplassert i Frankrike som ein del av (det høgst reelle) spionnettverket til Alice Dubois. Livet som spion er mykje mindre glamorøst enn ein skulle tru, og Eve, AKA Marguerite, må ofre mykje av seg sjølv for å smugle informasjon om tyskarane til sine overordna. Og ikkje alt som skjer i krigstid er mogleg å komme over.

Andre verdskrig er nyleg slutt, og nitten år gamle Charlotte leiter etter sitt franske søskenbarn som på mystisk vis forsvann under krigen. Det er liten hjelp å få i søket sitt, men Charlotte er ei jente som ikkje  bryr seg mykje om kva andre meiner og seier. Ho er sterk, intelligent og sta – alt ei ung kvinne ikkje burde vere på første halvdel av nittenhundretallet. Og desse egenskapene er det som fører ho ut på ei totalt kaotisk reise (eller jakt) gjennom Frankrike med eit endå meir kaotisk reisefølge.

Så, om det ikkje var openbert allereie, så anbefaler eg denne boka ekstremt høgt! Du bør vere ganske så OK i engelsk, elles trur eg det kan opplevast litt tungvint. (Men fortvil ikkje, den norske utgåva er her om ein månad!) Men for meg var boka i alle fall spenning og drama frå ende til annan, full av mørk humor, sterke kvinner og overlevelsestrang. Ei seriøst fantastisk historie, bygd på grusomme realiteter.

Forlag: William Morrow
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«De tapte barna» av Rosanna Ley

Leseeksemplar

Ley er så flink til å skape stemninger og inspirere. (Så flink faktisk, at to år etter å ha lest Safranhuset, skal eg endeleg reise til Marokko. Og eg gler meg heilt vilt.) Og for ei evne til å formidle! Den sanne historia denne boka er basert på, rysta meg verkeleg. Faktisk slik at eg måtte fortelle alle i nærheten om det; «VISSTE DU AT…!?».

Boka (som så mange andre for tida) fokuserer på ei fortidshistorie og ei notidshistorie som blir fletta saman. Den eine historia foregår i Spania under borgerkrigen, der unge Julia blir sendt i kloster for å vere trygg (men eigentleg fordi foreldra vil sleppe å betale for maten hennar). Medan ho er i klosteret blir ho sendt til fødeklinikken til dr. Lopez, ein respektert, kristen mann som hjelper «falne kvinner». Men Julia synes noko ikkje stemmer; er det ikkje alt for mange babyer som dør på klinikken?

I vår tid har den unge journalisten Ruby endeleg klart å ta skrittet å gå ut av eit dødt forhold, og prøver å gå vidare frå foreldras død eit halvt år etter motorsykkelulykka dei var i. Men når ho rydder ut av familieheimen, oppdager ho ei skoeske med bilder av ei ukjent ung kvinne, med ein ukjent baby på ei ukjent strand. Kven var denne kvinna og babyen som foreldra har gøymt bilder av i skapet sitt?

Eg kan ikkje sei noko anna enn at eg verkeleg koste meg med boka. Det er ei velskildra historia med truverdige karakterer. Men så har jo eg ein forkjærlighet for historiske romaner basert på ekte historier. Om du liker den type bøker, så er Ley ein av dei beste i sjangeren.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Rosanna Ley finn du HER.

Sitat

«Jeg er ikke …» av Martina Gaux

Leseeksemplar

Oooh, dette er ei bok eg ikkje veit korleis eg kan fortelje så mykje om utan å spoile. Så eg skal halvvegs spoile litt. (Sjølv om eg ikkje synest det er spoiling når det er veldig openbert for alle unntatt hovudpersonen.)

Norske Ryan vakner opp på gata i New York etter å ha blitt påkjørt og mista hukommelsen. Ho er vilt forvirra og prøver å hugse, så ho kan passe inn i livet sitt. Men noko er gale med måten folk snakker til henne, noko er gale med kroppen hennar, noko er gale med leiligheta hennar. Kvifor sender mora brev om at faren sakner sonen sin? Kvar er broren hennar blitt av? Kvifor har ho desse klumpane i skrittet etter påkjørselen, og galast av alt: kvifor vil ingen fortelje henne om denne broren hennar og kvar han er blitt av?

No har eg avslørt så lite eg kan, men om du er oppegåande har du kanskje gjetta deg fram til kvar broren hennar er blitt av allereie. Eg synest i alle fall det var innlysande frå første kapittel. Det er alltid litt kjedeleg når det er slik, men det kan forsvaras med at det er ei lærerik bok. Det var òg ei ganske god bok, sjølv om hovudpersonen verka litt dummare enn ho burde vere for alderen, og det er sånne ting som irriterer meg. Så ikkje toppkarakter altså, men litt meir enn midt på treet.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Windfall» av Jennifer E. Smith

Dette var ei bok eg kjøpte inn til engelskavdelinga då eg jobba i Norli, eigentleg basert berre på omslaget. (Det er jo dødsfint?!) Så eg kjøpte den med meg, men har ikkje rukke å lese den før no. Men på ferietur trengte eg noko litt jentete og fluffy, så når alle dei «jentete» YA-forfattarane (typ Jenny Han) sa at denne var fin, då tenkte eg at det var akkurat det eg trengte. OG det var det!

Alice har hatt verdens verste flaks. Då ho var åtte døydde mora, og då ho var ni døydde faren. No er ho atten, og dei ni siste åra har ho budd med tanta, onkelen og fetteren, Leo. Når Alice og Leos bestevenn, Teddy, feirer bursdag, gir Alice han ein lottokupong. Lite visste ho at han ville vinne 141 millionar dollar. Liva deira er forandra for alltid, og Alice kan ikkje fortelle Teddy at ho har vore forelska i han i tre år. Alt er for komplisert no, og vennskapet smuldrer opp bit fot bit.

Dette er ein skikkelig flott ungdomsroman om vennskap, den første kjærleiken, å ta sine eigne val og kva godt ein kan gjere om ein har moglegheita. Det er faktisk ei veldig velskriven bok, og eg koste meg heilt utruleg med den. Kvar gong eg sette meg ned for å lese i den, forsvann eg heilt inn i min eigen verden. Anbefalast på det absolutt varmaste!

Forlag: Delacorte Press
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«From the Heart» av Susan Hill

Leseeksemplar

Litt treigt ute; Susan Hill er visst ganske berømt. Og så er dette leseeksemplaret frå i fjor vinter, tydeligvis. Men – kven bryr seg om når bøker kjem/kom ut, så lenge dei er gode?? Og denne var verkeleg god. Eit subtilt, roleg og forståeleg språk, som skaper stemninger som få bøker eg har vore borti. Boka er ganske kort, men akkurat som Stoner av John Williams klarer den å skildre – om ikkje heile, så store deler av – eit liv.

Vi er på starten av 1900-talet, og Olive er ei ung kvinne fanga i ei tid som båe gir henne fridom, og tek den frå henne. Ho har val, moglegheit til utdanning og arbeid, men samstundes er det store forventningar knytt til kva ho skal velje. Kva som er akseptabelt, kva som ikkje er skamfullt og kvifor dette speler noko rolle, er spørsmål som alltid ligg i Olives bakhovud. Så når ho blir gravid utanfor ekteskapet, er ho fortvilt over tapet av den vekkadopterte sonen. Og når ho forelsker seg i ein eldre kollega, forstår ho ikkje kvifor ho ikkje kan elske den ho elsker.

Ho kan verke ganske uutdanna og enkel etter dagens standard, men ho er eit produkt av tiåret (og århundret) ho lev i. Ei synes litt synd på henne i starten, men ho er så absolutt eit kvinnfolk med tak i. Ho er faktisk villig til å ofre alt for si eiga lukke. Og kvifor ikkje, når det ikkje går utover nokon?

Boka stiller store og små spørsmål om samfunnet, både no til dags og historisk, og den set enkelte ting i søkelyset. Det er eit fint portrett av ei ung kvinne i to veldig ulike, men sikkert like vanlege, situasjoner frå det førre århundret som vi ikkje opplever i dag i det heile tatt.

Denne boka var så rørande, så verkeleg djupt rørande. Sjølv om Olive kanskje ikkje sa så mykje, så opplevde ho mykje. Dei svake reaksjonane hennar, dei få tankane ho gjer seg rundt situasjonane ho hamner i, det er så relaterbart. Ho har heilt openbert ein svak form for sosial angst, men likevel er ho så utruleg sterk. Sjølv om ho aldri veit kva som er korrekt eller forventa av henne, så gjer ho så langt ho kan det som føles rett for henne sjølv, og gjett kva? Det meste ordner seg, altså. Overraskande nok var denne boka ganske inspirerande. Ei verkeleg fin, lita perle. (Sjølv om eg seriøst misliker det uttrykket, for det er jo oppbrukt til tusen.)

Forlag: Penguin
Utgivelsesår: 2018

Sitat

«The People at Number 9» av Felicity Everett

Eg synest det er ganske frekt av alle som har blurbs på både fram- og bakside å kalle dette ein suspense novel. Det er i alle fall ikkje det her eg ser på som spenning. Fader for ei traurig bok. Det er sånn sett ei interessant analyse av eit jævkla usunt vennskap, men når hovudpersonen er sånn ein tragisk wannabe utan nokon anna substans, så vil eg grave meg ned.

Lou og Gavin har flytta inn i nabohuset til Sara og Neil. Lou er filmskaper, Gavin skulptør. Dei er bohemske, intellektuelle, interessante. Sara blir desperat etter å bli venn med dei, spesielt Lou. Ho dumper sine meir konvensjonelle venner, gjer alt Lou ber henne om, for no er ingen andre bra nok. Ikkje ein gong ektemannen. Ho totalt ignorerer folk som hinter (eller seier rett ut) at Lou berre bruker henne, men ho høyrer ikkje på det øyret.

Om du synest det plottet høyrest spennande ut, må eg dessverre skuffe deg. Det kunne kanskje vore det, men det skjer fint lite. Stort sett er det Sara som går rundt og klager over at ektemannen ikkje passer inn med dressen sin, at folk ikkje forstår henne, at ho er Lous beste venn og blir fornærma om nokon andre kjenner henne betre. Hjelpes for ei sutrete og hjelpeløs dame.

Eg merka at denne omtala blei ganske så sutrete òg, men eg orker ikkje sånne bøker. Eg har eigentleg ikkje tid til det heller, så eg må begynne å velge ut litteraturen eg les litt meir nøye. Så Sophie Hannah og Lisa Hall, synd at det anbefalte den så høgt og som sååå spennande; Eg kjem i alle fall ikkje til å lese dykkar bøker om det er det her de ser på som god litteratur.

Forlag: HQ
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«The Bookshop» av Penelope Fitzgerald

Denne var visst kortlista for Man Booker, og det er jo stort sett et kvalitetsteikn. (Ho var visst ganske berømt òg.) Eg må innrømme eg ikkje heilt såg det kvalitetsteiknet før boka var slutt og eg satt og reflekterte litt. Medan eg las den var det eit ork, så himla rotete, og eg sleit meg gjennom dei knappe 160 sidene.

I 1959 bestemmer Florence Green seg for å opne ein bokhandel i den vesle kystbyen ho bur i. Ho har kjøpt «the old house» og skal flytte inn i overetasjen og ha bokhandel i andre etasje. Problema står vel ganske enkelt i kø: den rike dama i by’n som «alltid» har snakka om å ha eit kunstgalleri der, fiskehandleren som heller vil ho skal kjøpe hans lokale, bankmannen som ikkje vil gi henne lån, folk som generelt skal legge seg opp i alt. Men Florence kunne ikkje brydd seg mindre, ho starter ein bokhandel og den blir faktisk ein suksess. I alle fall for ei stund.

Her er liksom veldig lite dialog (eller forklaring av den som er der), som om du er forventa å kjenne alle personane frå før. Eg synes i alle fall det var veldig vanskeleg å skilje dei i frå kvarandre og finne ut kva dei faktisk meinte eller syntes. Alle snakka så tvetydig og spydig og med henvisninga til ting eg absolutt ikkje hadde fått med meg (om det i det heile tatt var i boka …).

Den siste sida var vel den beste, for den oppsummerte ganske enkelt: folka i landsbyen ville ikkje ha ein bokhandel der. Og det er skikkeleg deprimerande sånn sett, spesielt for ein person som alltid har drøymd om å opne sin eigen, vesle bokhandel.

Forlag: Flamingo
Utgivelsesår: 2002 (1978)

Sitat

«Orphan Monster Spy» av Matt Killeen

Leseeksemplar

Kanskje årets kuleste ungdomsbok? Ikkje den beste eg har lest, men eg digga konseptet så sjukt. Det er som ei slags blanding av Boktyven og ein spionthriller, men ungdomsbok. Det er heller ikkje fantasy, men eg føler dette er noko for (oss) fantasyfans. Historia er satt til andre verdskrig, her er ein internatskule, nazister, slemme tenåringsjenter og ein ekte, engelsk spion. Altså … !

Sarah er jødisk, men ser absolutt ikkje slik ut med sitt blonde hår. Oppfostra av skodespelarmora åleine, har ho lært seg mange språk, kroppsspråk inkludert, korleis spele ei rolle og ikkje minst korleis ein utnytter ein situasjon til sin eigen fordel. Når ho prøver å flykte til Sveits etter at mora døyr, møter ho ein engelsk spion, som utgir seg for å vere ein tysk nazist. Dei finn ut at dei kan dra nytte av kvarandre, og Sarah vert sendt som spion til ein internatskule for døtrene til høgtståande nazister – der ei av jentene er dottera til ein som forsøker å utvikle ei atombombe …

Boka er veldig lettlest, velskriven og spennande stort sett heile tida. Karakterane er kanskje litt overflatiske, men historia er veldig medrivande. Og kanskje blir vi betre kjend med både Sarah og «The Captain» neste år, for det er visst første bok i ein serie! Eg har i alle fall planer om å få med meg den òg.

Forlag: Usborne
Utgivelsesår: 2018

Sitat

«Three Little Lies» av Laura Marshall

Leseeksemplar

Okei, eg kan jo seie det for ordens skuld: rett etter at eg hadde lest Friend Request, blei det klart at vi (i Vigmostad & Bjørke, altså) skal utgi den på norsk. Og då denne òg. (Mi utgåve er eit proof eg har fått frå importavdelinga vår.) Dette er altså ei bok eg kjem til å jobbe med, men det er såpass lenge til at det får vere greit å omtale den her likevel. Eg vil jo berre tipse om gode bøker?!

For ti år sidan satt Olivia i ein rettsal og såg tenåringssonen sin bli dømd for voldtekt. Han har alltid påstått at han var uskuldig, og no er han løslatt. Og samtidig som han blir løslatt, forsvinn Sasha, ei av jentene som vitna mot han, og som Daniel alltid har beskulda for å lyge i retten. Ellen, Sashas bestevenninne frå den tida og no romkamerat, blir panisk. Ho er overbevist om at Daniel har gjort noko mot Sasha, men politiet trur henne ikkje. Og kvifor påstår eigentleg Daniel at både ho og Sasha laug i retten? Dei fortalde då sanninga! Gjorde dei ikkje?

Chick lit-krim, absolutt. Men gud for ein god sjanger det er! Tenk på Liane Moriarty, Clare Mackintosh, Michelle Frances, Ruth Ware, Jane Corry, need I go on? God underholdning, godt plott, gode karakterskildringer og generelt ei god bok. Dette er då den andre boka til Laura Marshall, som har kome ganske kjapt etter den første. Eg absolutt digga Friend Request, og den er kanskje hakket bedre. Men denne tar utan tvil for seg ei større tema.

Forlag: Sphere
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Laura Marshall finn du HER.

Sitat

«Brudekjolen» av Pierre Lemaitre

Leseeksemplar

Brudekjolen er ein verkeleg smart thriller. Eg kan ikkje seie superoriginal, for den første store tvisten har eg sett i ei anna bok, men det gjer jo eigentleg ikkje denne boka dårleg. Eg såg den berre komme. (Men det blir vel slik når man les nokre hundre bøker i året, spesielt når det kjem til krimplott?) Og eg såg òg den neste tvisten. Den heilt, heilt siste derimot. Då nikka eg, fornøgd med å bli litt overraska. Det var nokre finurlige vendinger innimellom òg.

Møt Sophie. Ustabil, deprimert, med store hull i hukommelsen. Ho er barnepike for ein rik familie, men bortsett frå det har ho ikkje noko liv. Ho har gitt opp alt, og orker ikkje seg sjølv. Ho veit at grusomme ting skjer rundt henne, at ho gjer fæle ting ho ikkje kan hugse. Guten ho har ansvaret for, er ein dag død då ho vakner. Som vanleg kan ikkje Sophie hugse noko, men ho veit at ho må bort. Kofferter vert pakka, penger tatt ut frå banken og ei drosje køyrer henne til Gare de Lyon.

Fransk krim er blitt mi greie. Bernard Minier først og fremst, men eg likte godt måten denne var skriven på. Eg har hatt liggande Irène, Alex og Camille (dei andre bøkene til Lemaitre) veldig lenge, og kanskje eg no skal få summa meg til å lese dei?! Denne her var i alle fall spennande, velkomponert, rystande og herlig ekkel. Anbefales!

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2018

Sitat

«Verden leker gjemsel» av Siri M. Kvamme

Leseeksemplar

Verden leker gjemsel var ein underleg, men sterk roman. Faktisk virka den ganske sjølvbiografisk, men det legg eg meg ikkje oppi. (Sjølv om hovudpersonen var forfatter og skreiv ein roman om det som skjedde i romanen, skikkeleg meta.)

Hanna har ein komplisert livssituasjon. Ho er stemor for to barn, og blir tvangssosialisert med sambuarens ekskone og hennar nye mann, og det er stort sett ganske ubehagelig. I tillegg har ho ein sjeldan augesjukdom, som gjer at ho sakte, men sikkert, vil miste synet. Som forfatter er Hanna livredd for å miste synet, ho orkar ikkje tanken på å ikkje kunne skrive lenger. (Noko som er komplett idiotisk; viss Beethoven kunne komponere musikk som døv, kan man jaggu diktere ein roman.) I total panikk reiser ho på jentetur til Island – og blir der.

Boka er veldig velskriven, og Kvamme har eit godt språk. Eg må innrømme at eg blei like deprimert som inspirert. Ein får liksom litt lyst til å berre stikke av frå alt etter å ha lese denne boka, samstundes som du ikkje vil noko anna enn å klamre deg fast til alt du har kjært, før det er borte for alltid.

OG la oss berre sjå på kor glupt omslaget og tittelen er. Tittelen viser jo til at ho blir blind, og sjekk den knallrosa sirkelen over auget. Åh, eg elsker sånt.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Gratis og uforpliktande verdivurdering» av Marit Eikemo

Leseeksemplar

Du har sikkert sett denne på bestselgerlistene rundt om, og det er ei snakkisbok som dei aller fleste har fått med seg. Og sjekk det superfreshe omslaget og den slåande tittelen! Men – lev den opp til hypen? Vel, ja.

Hanne har funne den perfekte gata, i det perfekte nabolaget, og no er endeleg det perfekte huset til sals. At det er alt for dyrt betyr ingenting, at ekteskapet smuldrer betyr like lite – for snart vil dei bu i ein perfekt heim! SKAL bu i ein perfekt heim. Har Hanne bestemt. Problema starter når dei ser på prospektet, går på visning og skal legge inn bud. Det er tida for dei store samtalene; dessverre viser det seg at livet til Hanne og Andreas er langt frå perfekt, og at enkelte ting ikkje kan gløymast heilt.

Eg har brått lest to romanar av Marit Eikemo på under to veker, og det føltes halvvegs som å lese same boka? Eller, det er det fleire har sagt til meg. Eg må innrømme at eg ikkje er heilt einig. Klart, det handler mykje om boligmarkedet, korleis vi fokuserer på ting og lar materialisme komme i vegen for det verkeleg livet. Men for meg handler denne boka mykje meir om nye sjanser: så fort vi får flytta blir ting betre; så fort vi får pussa opp, så fort vi har eit perfekt hus.

Samfunnskritikken er ikkje like eksplisitt her som i Alt inkludert, og det gjorde boka mykje betre. Ein kunne nok og samanlikna historia med Ingrid Winters makeløse mismot, men der den prøvde å vere morosam og bomma, treff Eikemo spikeren på hovudet med ein subtil og småslem humor. Anbefalast!

Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Marit Eikemo finn du HER.

Sitat

«Arr» av Auður Ava Ólavsdóttir

Leseeksemplar

Dette er faktisk den første boka eg har lese av Ólavsdóttir, sjølv om eg har skjønt at ho har gitt ut fleire bøker som er omsette til norsk. Og gjett om eg har planer om å lese dei to andre! Dette var ei skikkelig god bok. Ei ganske kort bok, men kvalitet over kvantitet. (Sjølv om det heller ikkje står på kvantiteten heller.)

Jónas er ein no litt overflødig mann. Mora Gúdrun har nesten gløymd han, kona Gúdrun har skilt seg frå han, og han har nettopp funne ut av dottera Gúdrun Vatnalilja ikkje er dottera hans. Han har ingen grunn til å leve lenger, og reiser til ein by som pla vere ein flott turistby, men som no er ein ruin etter krig. (Det kan virke som om det er ein stad i Midtøsten.) Der er det ironisk nok ikkje lett å døy, og Jónas sitt perspektiv på ting blir litt – veldig – forandra.

Ein kan kanskje samanlikne det med En mann ved navn Ove (og dermed Forsøk på å være lykkelig), sjølv om dette er mykje meir litterært. Og så er fyren litt mindre furten. Men det er litt den same historia; ein sur og ganske ulykkelig fyr, gidd ikkje meir, men blir vikla inn i andre sine liv, og vipps har livet fått meining att. Denne går jo litt meir inn på større samfunnsproblem (som krig, drap og flyktninger), utan å vere deprimerande. Utruleg flott bok.

Forlag: Pax
Utgivelsesår: 2018

Sitat

«Alt inkludert» av Marit Eikemo

Vi diskuterte Alt inkludert i lesesirkelen min i går, men eg er fortsatt ikkje heilt sikker på kva eg synest. Karakterane er veldig karikerte, alle er liksom skuggar; det er ikkje snakk om veldige truverdige eller djupe personar. Samstundes er det karakterer vi alle kan kjenne att, fordi vi har sett desse tendensene før.

Agnes er ei aleinemor som saman med dattera Maja flytter inn i et hybelhus i eit boligområde i ein ikkje-namngitt by (men vi veit vel alle at det er Oslo? Det er alltid Oslo). Ho kjem til den nye leiligheta utan flyttelass, berre med to kofferter. Når folk spør, dikter ho opp alt mogleg og prøver å late som om ho passer inn. Ho bruker mykje av tida si på FINN for å kjøpe møbler og starte livet på nytt, men ein kan ikkje seie at det er så mykje som skjer i den retninga. Ho møter mange forskjellige folk i områda rundt, på godt og vondt.

Det er ei samfunnskritisk bok, men det hadde vore bittelitt betre utan nokon av dei litt lause og filosofiske kommentarene som dukker opp (spesielt i samtalene mellom Agnes og Eva). Politiske bøker blir betre om dei ikkje prøver å vere politiske. (Det er eit ganske bra sitat om det: politiske bøker er ikkje gode, men gode bøker er alltid politiske, det er dét eg vil fram til.)

Boka var overraskande lettlest, interessant, litt monoton, men alt i alt ei ganske ok leseoppleving. Eg har i alle fall fått ganske mykje å reflektere rundt når det kjem til korleis eg bruker pengane mine.

Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Marit Eikemo finn du HER.

Sitat

«The Vegetarian» av Han Kang

Levende og døde var ei av dei mest skjellsettande bøkene eg las i fjor, og eg hadde planer om å vente med å lese The Vegetarian til den kom på norsk (som den vel gjer i år?), men så dukka den brått opp på pensumet til faget eg endte opp med å ta i vår. Så no har eg nettopp levert 4000 (forhåpentligvis logiske) ord om boka, men det skal eg spare dykk for!

Boka er delt inn i tre delar, og ingen av dei er fortalt frå hovudpersonen, Yeong-hye, sitt perspektiv. Den første delen er frå ektemannen hennar, Mr. Cheong, sitt syn. Det er i denne delen boka Yeong-hye bestemmer seg for å gi opp kjøtt (og alle dyreprodukt, så eigentleg er ho veganer, men The Vegan har liksom ikkje samme schwung.). Andre del er frå svogeren som fortel, og siste del er frå systera sitt synspunkt. (Og eg skal ikkje seie meir om handlinga, for då ødelegg eg litt.)

Romanen har mange lag, alt frå absurd, til provoserande til fint. Det er ein grådig sterk roman om seksualitet, galskap, samfunn, forhold til mat, familierelasjoner og begjær. Det er ei heilt unik bok, totalt annleis enn noko anna eg har lest. Original, knallgod og absolutt lesverdig.

Forlag: Portobello Books
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Han Kang finn du HER.

Sitat

«Reisen hjem» av Lori Lansens

Reisen hjem er ei bok eg kjem til å bære med meg lenge. Detaljane kjem nok til å bli borte, men den ulidelig triste, men hjartevarme stemninga sitt i. Det var ei ordentlig rørande og fin historie.

Sharla er ei lita jente, totalt neglisjert og avvist av mora. Avvist blir ganske bokstavelig når mora skaffer Sharla barnevakt for sommeren, men stikk av med den nyaste i ei lang rekke kjærastar. Barnevakten er ei svart, eldre dame ved namn Addy Shadd, som òg veit korleis det er å ha det vanskeleg. Ho er ei utruleg varm og forståelsesfull dame, som gjer sitt absolutt beste for vesle Sharla, som kjem til å bety alt for henne. I tillegg får vi følge Addy frå ho var femten, og fram til i dag.

Eg trur seriøst hjartet mitt knuste ein gong eller fem når eg høyrde historia til vesle Sharla, og eg skulle gjerne fortalt mora hennar ein ting eller to. For den saks skuld er det mange i Addy sitt liv eg skulle skjelt ut òg. Men det var ikkje berre fælt, her var mange flott menneske ein kunne lært litt av. Alt i alt var dette ei kjempefin og sterk bok, som er perfekt til sommerlektyre.

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2011

Sitat

«All Grown Up» av Jami Attenberg

Så mørk, men subtil humor. Så velutforma og godt portrettert. Det er faktisk noko vi nordmenn er helt ræva på når det kjem til bøker: å lage portretter. Norsk litteratur har ei overvekt av veldig konkrete historier og familiesagaer og krim, men veldig lite god litteratur som berre skildrar eit menneske, ei kjensle, ein stad eller ei epoke. (Men klart det er unntak, som Jane Ashlands gradvise forsvinning av Nicolai Houm, det er ei fantastisk portrettering!)

Denne vesle romanen er skildringa av livet til Andrea, ei kvinne som no fyller førti. Ho er singel, bur i New Yorker, ga opp ei karriere som kunstner og har ein kjip jobb. Men ho er på ein måte nøgd med det; ho bur åleine, skulder ingen noko og lev slik ho vil. Ho ynskjer ikkje å gifte seg – sjølv om ho meiner folk ikkje trur henne når ho seier det. Broren hennar har ei dotter som er dødssjuk, og forholdet til mora er turbulent. I tillegg til at livet no ikkje er spesielt konvensjonelt, var barndommen ganske hard òg.

Vinklingane er ulike frå kapittel til kapittel, dei er ikkje kronologiske eller samanhengande. Det er ikkje ein klar start, klar slutt eller klare vendepunkt. Det er rett og slett berre ei velskriven bok om å leve eit liv ein vil ha, og ikkje gjere det for nokon andre enn seg sjølv – uansett kor lite tilpassa det livet er.

Forlag: Sceptre
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Kan jeg bli med deg hjem» av Marie Aubert

Kan jeg bli med deg hjem er novellesamlingmotstykket til diktsamlingen Dette skjer ikke av Ida Lórien Ringdal. Ikkje bare innholdsmessig, men begge er rosa og omslaget er berre grafikk og dei er tynne fliser. Men fliser rike på innhold, innhold eg trur treff ei nerve i samfunnet vårt.

I kvar av desse ni novellene blir det fortalt historier som riv litt i deg. Dei inneheld alle einsame menneske, desperate etter ei eller anna form for kontakt. Uten unntak er kontakten dei søker usunn, og eg blei litt uvel innimellom. Men det er noko så utruleg trist ved desse menneska, ein blir båe kjempetrist og småkvalm av heile greia. Alle desse menneska vi møter som mangler eit eller anna grunnleggande, så utilfredse, og som ikkje klarer å forbetre situasjonen sin.

Det er ei veldig, veldig fin novellesamling som garantert vil gjere inntrykk. Og den er kjempekort, så det er fort gjort å lese – dette er ikkje ei bok du har lyst til å innrømme at du ikkje har lest.

Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Marie Aubert finn du HER.

Sitat

«Turtles All the Way Down» av John Green

Alle har vel venta spent på den nye boka til John Green? Eg har i alle fall! Og eg kan jo sei at eg har tenkt litt på bøkene hans før eg skreiv om denne. Og det er jo ikkje eigentleg bøker for alle. Dei er veldig gode medan ein les, og ein hugser historiene, men det er så langt kun The Fault In Our Stars som eg enno hugser følelsen av. Og eg trur det forblir slik, for dette er ikkje den beste han har.

Aza Holmes er ikkje den heilt typiske tenåringen. Ho slit med tvangstanker, og det påvirker korleis ho fungerer blant familien og vennene sine. Det er vanskeleg å vere sosial, og enda vanskelegare å vere ein god venn. Så når bestevennene ber henne bli med på dusørjakt etter den forsvunne milliardærfaren til Azas ungdomsforelskelse, blir ting litt komplisert.

Eg er jo fan av bøkene, og sjølv om alle historiene hans er ganske ville, så synest eg denne berre var usannsynlig. ENDÅ ei bok om ein eller annan usannsynlig rik unge? Det er så klart fint at han belyser psykiske lidelser på ein fin måte, men sjølve handlinga i boka er berre … teit. C’mon, Green. Du kan betre. (Og ja, altså, eg er ikkje berre kritisk. Måten han fortel om tvangstankene til Aza er utruleg rørande og velskildra, men eg blei berre veldig satt ut av settingen.)

Boka kom omtrent samtidig på norsk, så den er å få på morsmålet òg, om du heller vil lese den utgåva. Skilpadder hele veien ned, heiter den.

Forlag: Penguin
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av John Green finn du HER.

Sitat

«Forsøk på å være lykkelig» av Lorenzo Marone

Leseeksemplar

Cesare er ein ganske einsam, gamal fyr som misliker det meste og dei fleste. Og gudane skal vite at han ikkje legg skjul på det heller, så han er ikkje den mest populære fyren i nabolaget. Likevel er det noko som sakte endrer seg når han ser at den unge naboen, Emma, tydeleg har problem i heimen og med mannen sin. Noko Cesare ikkje har turt å gjere på lenge bobler opp – nemleg å bry seg om sine medmenneske. Og så blir kvardagen litt annleis.

Eg har ofte sett Cesare bli samanlikna med Ove frå En mann ved navn Ove, men eg har i skrivande stund ikkje lest den boka, så det kan eg ikkje uttale meg om. Boka var koselig den, ei søt historie (bortsett frå at det var ganske merkeleg med delane der gamlingen snakka mykje om puppane til den sekstiårige prostituerte han ofte låg meg), men like fort glemt som lest.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016