Sitat

«Romaner» og «Jeg ikke dum» av Bård Torgersen

Bøkene er sponsa av Flamme forlag

Er det berre meg, eller er det unormalt mykje god litteratur på det norske markedet for tida?? Eg finn berre meir og meir eg liker når eg les moderne, norsk lyrikk. (For eksempel Arne Ruset eller Dette skjer ikke av Ida Lórien Ringdal.)

Denne diktsamlinga er – som tittelen avslører – skildringar av romanplott, og litt om romanen sin plass i samfunnet. Det er morosamt, bisart, satirisk og ikkje minst originalt.

romanen
portretterer

tre menn verden
kunne klart seg uten
stalin
hitler
og en fyr
som
står i
kassa på
kiwi

Eg hadde definitivt lest fleire av romanane som er lagt fram her. Faktisk vurderer eg om eg skal skrive eit par av dei sjøl. (Er det plagiat? Kontakt meg viss du er advokat.) Mange av dikta kunne vore sett saman i grupper, og enkelte handlinger ser ut til å kunne bli fletta saman.

romanen er
lett å
oversette
men ikke så
mye annet

Eit av dei kulaste dikta i samlinga, er det eg har limt inn under her. Linje nummer to, «jeg ikke dum» er òg tittelen på den nyaste diktsamlinga til Torgersen.

ape lærer fire hundre ord
jeg ikke dum
jeg ape
apen snakker og snakker
boka blir refusert
alle vil tenke at apen er en innvandrer
forfatteren skriver bok om en innvandrer
uten indre monolog eller dialog
boka makter likevel å mane fram
svært nære og poetiske bilder
skriver en ledende kritiker

Og her er altså den nyaste diktsamlinga! (Gratulerer med innsatsen, og takk for merksemda diktomtala mi får av deg.) «Jeg ikke dum» er ei linje som dukker opp i denne samlinga òg, ei eiga strofe i eit lengre dikt:

jeg ikke dum
jeg ikke psykologisk troverdig

Og favorittdiktet mitt i denne samlinga:

kjære gud
som IKKE finnes
la det IKKE bli krig
jeg er redd

Denne samlinga er litt meir «seriøs» enn Romaner, og eg skal driste meg til å kalle det sentrallyrikk (dikt om liv, død eller kjærleik – så veit du det!). Det er spesielt livet og døden som får plass i desse dikta. Her er redsel for både liv og død, historier om familie og reiser, tanker om menneskets plass på jorda og jordas plass i universet. Ikkje minst er språket like frekt, frisk og humrande presist som i Romaner.

Absolutt eit godt knippe med dikt, som definitivt er verdt å sjekke ut om du liker skarp poesi. Og så er det jo ein bursdagsinvitasjon til slutt! Eg vil veldig gjerne komme, viss eg får lov? (Eg meiner, eg er jo allereie invitert.)

Forlag: Flamme
Utgivelsesår: Romaner (2015), Jeg ikke dum (2017)

Sitat

«Natt på stranda» av Elena Ferrante

Boka er sponsa av Det norske samlaget

Hallo, folkens! Barnebok frå Elena Ferrante er no tilgjengeleg på norsk! (Sjølv om originalen på italiensk er ti år gamal, så den er ikkje ny.) Illustrasjonane er laga av Mara Cerri, og dei er ganske spesielle. Alle ser ut som skumle, surrealistiske oljemaleri, men dei er verkeleg vakre. Det passar ganske godt med den mørke, men hjertevarme historia.

Celina er dukka – eller «dottera» – til Mati. Dei er på sin vanlege strandtur saman, då faren til Mati gir henne ein kattunge i gåve. Celina blir straks sjalu på katten Minù, og tek det veldig ille opp at Mati vert så ivrig at ho gløymer Celina att på stranda. For det er temmeleg skummelt på stranda om natta, her er farer som lusker overalt. Spesielt Den Store Raka. Celina vert både trua, fråstjåle namnet sitt og alle orda ho har lært, brent og dratt ut i havet.

Det er ei ganske surrealistisk historie, der man kan stjele folks namn og ord, snakke med bølgjer og eld, og så klart – dukka kan jo snakke. (Trur ho i alle fall sjølv.) Sjølv om Celina er ei ganske modig og frekk lita dukka, er historia òg litt sår. For Celina er jo Mati mammaen hennar, og kva er ei dukke utan ein mamma? (Ingenting!)

Det er verdt å legge merke til at Ferrante klarer å halde på den friske, muntlege stilen vi kjenner frå Napolikvartetten, Svikne dagar og Den dunkle dottera sjølv i ei barnebok. Eg trur eg kunne gjetta at det var Ferrante som hadde skrive den sjølv om eg ikkje hadde visst det frå før. Dette er jo ei barnebok, så her er og fletta inn litt «bæsj og tiss»-humor for ungane, men eg holdt på å flire meg i hjel sjølv. Kor ofte høyrer du ei dukke forbanne ein katt og ynskje at han får diaré, liksom?

Det er eit utruleg sjarmerande eventyr, så klart med ein fin slutt. Eg tenker at for alle Ferrante-fans med ungar, blir dette ei populær julegåve. Og ikkje ver redd, den blir nok populær hos ungane òg! Tru på meg når eg seier at dette er eit sprelsk og friskt eventyr!

Forlag: Det norske samlaget
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Elena Ferrante finn du HER.

Sitat

«Et eget rom» og «Jeg nekter å tenke» av Lotta Elstad

Et eget rom er et leseeksemplar frå Norli

Dette er ei kort lita satire om feminisme, byråkrati, Oslo som by og Noreg som land, utdanningssystemet, media, politikk, kunst – ja, det meste får plass i denne flisa av ei bok.

Møt Anna Louisa Germaine. Ei nylig pensjonert, sytti år gamal dame – professor! – som bur i ei leilighet ho kjøpte ved å vaske skitne pengar, lure borettslaget og manipulere sin mannlige venn. Etter ein heller offentlig debatt trakk ho seg tilbake frå rampelyset, og har berre «leika kontor» dei siste ti-femten åra. No er ho endelig pensjonert, og skal nyte livet. Det varer ikkje så lenge, for når ho opner avisa ser ho eit intervju med ein tidlegare kollega, og vert kalla denne kvinnas «horemamma». Ho vert rasande, for folk er verkeleg idiotar. Ho skriv ein kronikk som tilsvar – for hand – og mimrar tilbake til fortida si medan ho skriv.

Anna Louisa er morsom (det burde ho jo vere, dette er trass alt satire), hissig og ikkje minst truverdig som karakter. Ho er ein stereotyp, utan tvil. Skråsikker, pedantisk, meir teoretisk enn praktisk, feministisk, konfliktsky samstundes som ho er lett provosert, småsleip og usikker. (Rett og slett eit ekte menneske?)

Slik som eg skreiv om Nils-Øivind Haagensen sin roman Er hun din? (utan at eg skal samanlikne dei for øvrig) er dette ein typisk norsk samtidsroman, typ poetisk, veldig spesifikt tema, kven-treng-vel-kapittelinndeling-no-tildags?, relativt kort og med eit par djupe tankar. men her er mange djupe tankar. Kanskje på grensa til for mange? Ikkje at norske lesarar er dumme, men dette vert til tider itt for akademisk, smalt, politisk og historisk til at det når ut til absolutt alle. Når eg no skriv om den, går det opp for meg at den først og fremst er morsom. Det er liksom det eg ender opp med uansett.

Jeg nekter å tenke er et forhåndseksemplar frå Flamme forlag

Akkurat som Et eget rom er Jeg nekter å tenke ein intelligent, morosam og feministisk roman om både det generelle og det meir spesifikke. Det er skarp og morsom kritikk mot byråkratiet, politikk, og tek òg opp abort og feminisme. Også her er hovudpersonen ei kvinne med ei litt underlig historie. Men denne gongen er det ei ung kvinne, og sånn sett eit mindre karikert vesen.

Her har Hedda Møller hatt eit forhold til ein mann som ikkje var like interessert som henne. Når ho bestemmer seg for å gå vidare med livet sitt, reiser ho på restplass til Aten. Men flyet må nødlande, og ho ender opp i Sarajevo. Via ein datingapp møter ho Milo, som er altfor interessert i henne. (Er det ikkje typisk at dei vi er interessert i, ikkje liker deg like mykje?) Når ho kjem tilbake til Oslo, oppdager ho at ho er gravid. Ho veit så klart at ho vil ta abort, men med dagens reglar i helsevesenet går det ikkje like kjapt og enkelt som ho forventa – ho vert gitt tre tenkedagar, som i praksis vert seks dagar. Og det å ikkje tenke er ikkje lett!

Tema som ujevne kjærleiksforhold, byråkrati, abort, moderne teknologi og fullstendig galskap gjer boka superaktuell. Sjølv om Hedda hamner i ulykka på fleire måtar, er det ei munter og glad bok, med potensiale til å treffe mange folk og mange ømme punkt. Eg følte meg i alle fall truffen inn i mellom. Og forresten, så burde alle som likte Senteret av Victoria Durnak lese denne (og vice versa), for den svarte humoren rundt eit uønska barn er til stede i begge bøkene.

(I begge bøkene blandar ho inn mykje populærkultur [ho gir att nesten heile Mad Men-episodar, referer til andre seriar, apper, artistar og uttrykk som mansplaining].Eg skjøner ikkje heilt når ho er sarkastisk og seriøs, for trur ho faktisk at Sugababes syng «push the bottom»? Det er jo button. Og ho skreiv noko feil på teksten til OutKast òg, men eg gidd ikkje finne det fram att. Er det med vilje??)

Forlag: Flamme
Utgivelsesår: Et eget rom (2016), Jeg nekter å tenke (2017)

Sitat

«Mothering Sunday» av Graham Swift

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Denne boka er verkeleg noko spesielt. Swift klarer å mane fram ei heilt unik stemning, og verkeleg-gjere historia. Det er noko eksepsjonelt atmosfærisk eg ikkje heilt klarer å setje spissen på. (Boka er utgitt på norsk av Gyldendal som Morsdag, men eg kan jo ikkje garantere at omsettinga har klart å bevare det magiske preget som eg ser.)

I eit intervju på sine eldre dagar tenker forfattaren Jane Fairchild tilbake på ein heilt spesiell dag i livet sitt. Morsdag – «Mothering Sunday» – 30. mars 1924: Jane er hushjelp hos ekteparet Nivens, og får som alle andre fri for å feire mor si med familien sin denne dagen. Men Jane er foreldrelaus, og bruker heller dagen sin i senga hos den rike elskeren sin. (Det er så klart ikkje heile handlinga, men eg har absolutt ikkje tenkt å frarøve nokon den gleda det er å oppdage denne historia sjølv.)

Ikkje la omslaget lure deg til å tru at dette er billig husmorporno (sjølv om det står «a romance» på omslaget). Dette er eit sterkt portrett av ei ung kvinne, av ei gamal kvinne, ei kva som helst slags kvinne. Og så er den jo så klart litt sexy og poetisk inni mellom! Det skulle då berre mangle i ei kjærleikshistorie. Men igjen – dette er ikkje det vi nordmenn kallar ei kjærleikshistorie. Mykje av boka fokuserer på litteratur, på bøkene som inspirerte Jane til å skrive – «boy’s adventure books» – og hennar refleksjonar rundt livet i 1924. (Som forresten er eit flott historisk bakteppe, og gjer boka verdt å lese om du så berre likar serier som Downton Abbey.)

Det er ikkje ei stor historie, men den er fortalt med mange, mange små ord fulle av magi. Eg anbefaler denne boka varmt, og håpar at du tek deg to eller tre timar til å lese denne vesle boka. For meg vart i alle fall dette ei bok eg ikkje vil gløyme med det første.

Forlag: Scribner
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Nøkken» av Nathan Hill

Boka er sponsa av Gyldendal Norsk Forlag

Nøkken, eller The Nix, er debutboka til Nathan Hill. Ryktene som har nådd meg seier at han brukte ti år på å skrive boka, tilsvarande det Donna Tartt brukte på Stillitsen; OG at den er like god. Korleis kan man ikkje ville sjekke ut ei slik bok?

Denne mursteinen av ein roman handlar om Samuel Andresen-Anderson, ein nesten-forfattar som underviser to timer litteratur i veka og bruker resten av tida på dataspel. I tillegg er han sonen til Faye Andresen, no kalla Pensjonistterroristen etter at ho kasta grus på ein presidentkandidat. Samuel bestemmer seg for å skrive ei bok om mora, som forlèt han då han var ein ung gut. Han veit ikkje kva han forventar å finne ut om mora når han møter henne att og startar researchen sin, men han oppdager i alle fall at barn kanskje ikkje har rett til eller burde vite alt om mødrene sine.

Tema som er aktuelle i boka er forholdet mellom mor og barn, amerikansk politikk frå sekstitalet, amerikansk politikk etter 11. september, ulike typer vennskap og oppvekst. Det er jo eigentleg ein slags oppvekstroman, men den tek for seg ulike deler av fleire personer sitt liv. Fleire av desse personane sine synspunkt kunne nok vore kutta ut, men dei er eit fint og fargerikt innslag.

Eg merka allereie etter tjue sider at eg likte denne boka veldig, veldig godt. Den er morsom, velskriven og klarte å overraske meg fleire gonger. Dersom du likte Max, Mischa og Tetoffensiven av Johan Harstad, vil du absolutt elske denne boka. (Og om du lurer, er den ca halvparten så lang som boka til Harstad.) Også denne har røtter i Noreg, og tek for seg USA sine krigar i Asia og studentpolitikk.

Dette er ikkje ein fantastisk roman, men ein får eit spesielt forhold til romankarakterer ein følgjer like lenge som ein gjer med så tjukke bøker som denne. Boka er omsett av Vibeke Saugestad, som har gjort ein spesielt god jobb med dialogen, som er utruleg vittig, munnkeg og realistisk. Det er kun eit par av passasjene eg synest var litt merkelege, som denne openberringa til elleveårige Samuel: «Kjærligheten hadde denne fordelen, […] at hennes suksess, ved en underlig form for refraksjon, også ble hans». Altså. En sjetteklassing? Eller denne kommentaren til ei kvinne uten sminke si holdning «framsto ikke som apati, snarere som transcendens». Kva skal det bety?? Men ellers er språket veldig bra, og boka er overraskande lettlest. Den kan absolutt anbefalast!

Og så må eg berre seie at eg elskar det norske omslaget. Grafiske omslag er utan tvil mine favorittomslag, og fristar av ein eller annan grunn mykje meir enn bøker med foto på framsida. Sjekk denne hesten, da! (Som forresten er skikkelsen Nøkken tar når han kidnapper barn.)

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Miss» av Synnøve Sun Løes

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Eg synest Aschehoug er utruleg flinke på å utgi gode ungdomsromanar, spesielt årets bøker. Dette er ein av dei beste (så langt). Det er ein ungdomsroman som gjerne vert overgangen mellom ungdomsbøker og «vaksenbøker», som gir deg det vesle pushet til å lese noko større.

Ea er ei overvektig vestkantjente som ikkje passer inn nokon stad. Ho heklar kjæledyrbikiniar som ho sel på nett, ser mykje reality-tv og et. Et MYKJE. I første halvdel av boka er ho ganske nedfor og sint. Tanta hennar (også overvektig, ei fri kunstnersjel) har tatt livet sitt, og ho sørger. Ho går til psykiater, men kjem ingen vei. Ho vil ikkje gjere som legemora hennar vil – slanke seg. Kvifor skal ho tilpasse seg nokon som helst? Men så dør psykiateren. Ho kranglar med bestevenninna. Mora vert deprimert. Faren hamnar på sjukehus. Sjølv om Ea fortsetter å vere sjølvstendig, vanskeleg og eigenrådig, må ho ta ansvar. Og ho liker det litt meir enn ho trudde ho ville.

Miss er ein samfunnskritisk roman som tek eit oppgjer med kroppspress, einsemd, sosiale normer og sosiale medier. Med letthet leikar Løes seg gjennom alvorlege temaer utan å bli respektlaus. Ho klarer å halde tonen enkel, naturleg og ikkje minst forståeleg. Eigentleg er det forbløffande kor fint ho handsamer tema som overvekt, terapi, einsemd og depresjon. Det er ingenting som er overkomplisert i boka, og det er nesten unormalt kor autentisk Ea verkar som ungdom, kvinne, jente og menneske. Eg kjente meg sjølv igjen mange ganger.

Boka er delt opp i ganske små avsnitt, som er veldig ulike. Her er litt brev til den avdøde tanta, litt lister, samtaler, «fakta om…» og rein handling. Og utsnitt frå Eas sjølvbiografi, Livet til en tjukkis. Boka er stappfull av anekdoter, filosofi, historie og sterke kvinner. Det einaste negative eg har å seie om boka er at dei engelskpråklege orda som er med, ofte er feil. Loser skrivast «looser», i «time’s up» er apostrofen sløyfa, og slikt. Men eg er villig til å oversjå dette, og erklære dette som ein av årets beste ungdomsromanar. Bør òg lesast av vaksne.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Det litterære apotek» av Nina George

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Eg må innrømme her og no at denne boka skuffa meg. Boka var ikkje dårleg, den berre sleit med å fange meg inn. Eg klarte verkeleg ikkje engasjere meg for fem flate øre. Noko mangla, eller var overdrive. Den kjentest nesten masete ut?!

Boka handler om franskmannen Jean Perdu (for meg høyrest dette ut som eit papegøye- eller undulatnamn), som driv ein flytande bokhandel. Altså ein bokhandel på ein båt. Men det er litt annleis enn ein skulle tru ein bokhandel ville vere; Perdu sel deg nemleg ikkje kva som helst. Han har kalla båten Det litterære apotek, og sel deg kun bøker han trur kan kurere det du måtte ha av hjartesorg, angst eller skam, anten du vil eller ikkje. Så ein dag opnar han rommet, der prikk-prikk-prikk (eller Manon, som dama eigentleg heiter) var siste gong han såg henne, eit rom som har vore sperra av i over to tiår. Og når han opnar den døra, opnar han alle sluser. I ei skuff ligg nemleg eit brev frå denne kvinna som knuste hjartet hans. Som resultat av å lese dette brevet, legg han frå kai med den forfjamsa og deprimert-fordi-han-ikkje-klarer-skrive-bok-nummer-to bestselgerforfattaren Max Jordan ombord.

Boka er ikkje direkte dårleg, men språket er så utruleg klisjéfylt! Handlinga prøver å vere realistisk, men er det ikkje. Nokre delar er litt spennande. Likevel, eg blei ikkje dratt inn. Eg hadde aldri noko behov for «det eine kapittelet til», som ein alltid lengter etter når ein les ei god bok. For meg mangla her eit eller anna, men gudveitkva. Tommel ned, altså.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Blond» av Joyce Carol Oates

Rett før eg tok ferie, kjøpte eg meg med denne boka frå jobb. Den er vilt tjukk, så eg har lest nokre kapittel av gongen denne veka eg har vore i Spania. Og uansett kor mykje eller kva eg har lest i mellomtida, har det vore like enkelt å ta opp at tråden. Det er så fengslande! I tillegg er dette mitt første møte med Oates, men allerede etter ei side eller to skjøna eg at det absolutt ikkje ville bli det siste.

Boka følger Marilyn Monroe frå seksårsalderen og til døden. Frå fattige Norma Jean som har eit narkovrak til mor og veks opp hos bestemora, til fosterheimane, tenåringsekteskapet, modellkarrieren, skuespillerkarrieren, dei berykta ekteskapa, dopet, depresjonene.

Det er så levande skildra, det er som å vere inn i nokon sitt hovud. Oates skreller vekk sexbomba, og lèt oss stå att med ei usikker jente som berre vil bli begjært, så ho dermed kan bli elska. Eit barn prega av ein vanskeleg oppvekst, som må finne sin eigen veg i eit nytt og seksualisert samfunn etter andre verdskrig. (Hollywood på femtitalet, det var verkeleg noko.) Korleis takler ei ung og naiv jente at alle i verden vil ha ein bit av henne? At dei elsker henne, vil ligge med henne, hater henne? Innsikta til Oates er djup som få, og det er verkeleg eit mesterverk av ein ambisiøs roman (på norsk: den er dødsbra og heilt eineståande).

No kan det ikkje presiserast nok at dette ikkje er ein biografi. Det er ein roman basert på mytene rundt (og så klart dei historiske fakta vi har om) Marilyn Monroe. Det meste er (i alle fall i følge en rask kikk på Wikipedia), ganske så korrekt likevel. No kan vi jo aldri vite kva ho tenkte eller sa privat, men veldig mykje vart jo skrive om i pressa medan ho levde og etter at ho døde. Men kanskje treng vi ikkje vite alt? Uansett kva som er heilt sant eller ikkje i romanen, så har det vore ei av dei største leseopplevingane mine i år, kanskje nokon gong. Anbefalast verkeleg, med alle sine 869 sider!

Forlag: Pax
Utgivelsesår: 2011

Sitat

«A Work In Progress» og «Note To Self» av Connor Franta

Når eg skaffa meg desse bøkene, ante eg ikkje kven Connor Franta var. Rett og slett fordi eg ikkje eigentleg sit på YouTube og ser vloggar. Det har bare ikkje vore mi greie. For om du lurer, er Connor Franta ein ung gut som i enda yngre alder hadde millionar av følgjarar på YouTube. (Kor kul er du, liksom?) Eg endte opp med bøkene etter å ha forelska meg i omslaget til Note to self (herrejesus så vakre bøkene er!), og spurte etter eit leseeksemplar etter å ha bladd i boka. Og når eg fekk den, oppdaga eg at dette var oppfølgjaren til den første memoaren til Franta, altså A Work In Progress. Og når eg endeleg fekk tak i den igjen, kunne eg byrje lesinga. Det er altså mykje styr og venting bak dette innlegget. Det store spørsmålet er jo alltid: var bøkene verdt timane det tok å lese dei?

Etter å berre ha lest fem side, boblar det inne i meg. Eg veit allereie at svaret er ja – eit rungande ja; desse bøkene kjem eg til å elske. (Det skjer av og til, når bøkene er veldig gode, at eg konstant må notere kva eg tenker om boka og må skrive dette innlegget undervegs så eg ikkje gløymer noko.) Connor skriv så naturleg, så morosamt – eg trur han kunne ha skrive kva som helst og det ville vore interessant (kanskje det er derfor han har millionar av følgjarar på YouTube-kanalen sin?).

Kva kan eg seie om innhaldet i boka? Det er jo ikkje akkurat som om eg kan tease litt med handlingsforløpet, det er jo berre ein ung gut som fortel om livet sitt så langt. Eller, «berre og berre», fru Blom. Det er ei bok om ein oppvekst, om vennskap, å vere usikker

Men slapp av, dette er ikkje ei deprimerande bok om ein vanskeleg oppvekst, einsemd i tenåra og korleis vlogging redda livet hans. Nei, Connor har hatt ein fin oppvekst og skulegang, alltid hatt mange venner og eit godt forhold til foreldra sine. Det som er så spesielt her, er perspektivet han har på det.

Og så er her mange bilete (eller foto, om du vil)! Det er veldig koselig å sjå familiebilete, tilfeldige tullebilete tatt med mobil, bilete av venner — det bryt teksten opp på ein fin måte. (Du treng forresten ikkje bekymre deg om om du burde google han før du byrjar å lese. Det treng du ikkje, han forklarer alt meir enn godt nok sjølv.)

Note To Self er eit leseeksemplar frå Norli

Bok nummer to er ikkje ein memoar på same måte som den første. Det er meir ei samling av bilete, dikt, tanker og slikt. I introduksjonen skriv Connor sjølv: I’d like to think of this as a scrapbook of my mind. A collection of small vulnerabilities. A harmony of notes to self. (For eit språk!) Språket er faktisk veldig likt The Fault In Our Stars og dei andre bøkene til John Green (som tilfeldigvis er ei av favorittbøkene hans), så om du likar dei, er desse midt i blinken for deg.

Connor er ei kunstnarsjel, og i denne boka er det ekstra mange bilete. Ikkje berre familiebilete, men fotografi han har teke sjølv. Han kombinerer bileta med dikt, bruker dei for å bryte opp tekst og delar av boka. Det er stort sett ganske enkle bilete, men ein får lyst til å klippe dei ut og ramme dei inn (men så klart ville eg aldri klipt i boka mi, er du sjuk?!). No trur eg ikkje han skal satse på å bli poet (sjølv om her er nokon gullkorn), men tekstane hans er ganske gode. Han opnar opp om det å kome ut av skapet, få hjartet sitt knust, å slite med depresjoner og kjem med råd til korleis vi kanskje burde bruke tida vår.

Bøkene er – på grunn av sin unge forfattar – ungdomsbøker. (Eigentleg er det litt slik som debatten rundt biografien til Sophie Elise – «er ho ikkje for ung til å utgi biografi?») Men slik som Sophie Elise, har Connor Franta oppnådd mykje i løpet av få år: mykje musikkproduksjon, videoar, enorme veldeldighetsprosjekt i Afrika og no bok. (Det er lov å bli imponert, kanskje til og med applaudere.)

Seriøst, desse bøkene er så vakre! Både omslaget, det grafiske designet inne i boka, til og med papiret er tjukt og skrifta estetisk trykt på det. Altså, dei er på det nivået at det er helt ok å ha bøkene sjølv om du ikkje kan lese engelsk og berre sjå på bileta. (Eg kjem ikkje over det.) Så kjøp bøkene, og NYT DEI.

Forlag: Keywords Press
Utgivelsesår: A Work In Progress (2015), Note To Self (2017)

Sitat

«Gåten» av Jessie Burton

Boka er sponsa av Font forlag

Det hender eg av og til får meg nokre overraskingar. Ofte kjem dei i form av bøker i postkassa, noko som var tilfellet her. Allereie i mars dukka den opp, men med eksamen og skule hamna den i ein haug med andre bøker på den alltid like lange leselista. Eg plukka den ganske tilfeldig ut av bunken fordi eg lengta etter ein roman – ein med litt lengde og god handling, utan for mykje kjærleiksdrama i. Etter at eg plukka boka opp, har eg knapt lagt ho i frå meg. Ordet «oppslukt» er faktisk for svakt å bruke.

Historia startar i London i 1967. Odelle, ei eksotisk mørk og karibisk jente, er lei av den intetsigende jobben på skobutikken ho arbeider på. Ho vert letta og lukkeleg når ho vert ansett på The Skelton, eit kunstgalleri. Ho vert fascinert av sjefen sin, Marjorie Quick, ei ganske unik karrierekvinne av si tid. (Dersom du har likar Mad Men, trur eg du òg vil like denne delen av boka, den er så godt skildra!) I eit bryllup møter ho Lawrie, ein kvit overklassegut. Han viser henne eit maleri han har arva av mora, og ho tek det med for å vise det til sjefane sine. Det viser seg ganske raskt at maleriet er heilt spesielt, og har ei ganske myteomspunnen og godt skjult fortid – og korleis kan det ha seg at mora til Lawrie eigde eit slik mesterverk?

I 1936 møter vi Olive som bur i Spania med si engelske, mentalt sjuke mor og sin tyske far. Ho er eit sjeldan stort kunsttalent, men tør ikkje fortelje foreldra at ho er komen inn på kunstskulen Slade. Livet hennar endrar seg likevel brått når søskenparet Isaac og Teresa dukker opp og byrjar å arbeide for den vesle familien hennar. Isaac er ein veldig politisk type med sterke meiningar, og Teresa er ei ganske hard og einsam ung kvinne. Dei tre unge menneska er alle saman gode venner, heilt til Teresa begår eit mislukka forsøk på å hjelpe Olive å få vist fram kunsten sin. Etter det, er det ingenting som vert det same att for nokon av dei.

Språket til Jessie Burton er verkeleg spektakulært godt! Det gnistrar og brenn og er så fantastisk originalt. Det er ei rein glede å lese. Detaljane i språket, i sjølve forteljinga av historia er så… nøyaktige. Dei er noko for seg sjølv, heilt fritt for klisjeer og plattheitar. Eg har eigentleg ikkje ord. (Bortsett frå dei 453 orda dette innlegget består av!)

Dette er kanskje den beste historiske romanen eg har lest nokon gongLes den! For meg var dette ei reise like magisk som det praktfulle omslaget hintar om at det skulle bli.

Forlag: Font
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Dam» av Claire-Louise Bennett

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Denne boka gir ordet «kritikerrost» ei ny meining. Den har fått så mykje skryt, og nytt opplag er allereie på vei. Og den er berre nokre veker gamal! Det var anmeldelsen i VG som gjorde at eg skaffa meg eit leseeksemplar, for kor høgt anbefalt kan eigentleg ei bok vere?

Dette er debutboka til Bennett. Debutbøker er alltid spennande. Dei er ofte så utruleg gjennomarbeidd, for forfattaren har gjerne jobba med den i årevis medan ho eller han venta på å få den publisert. Denne boka verkar det derimot som om Bennett berre har stått opp ein dag, skjenka seg ein kopp te og rabla ned. Og høyr-høyr: DET ER EIN GOD TING. Teksten flyt så lett, verkar så lite tvungen, så munnleg og naturleg.

Boka handler om ei kvinne som lever i einsemd på den irske landsbygda. Ho knyt seg til naturen og forsvinn liksom inn i den. Alt det vi kanskje ser om viktig i liva våre, viskar ho nesten heilt ut; kven ho er, mannen ho har eit forhold til, utdanninga si, karriera si. Alt er vagt og gøymd godt. Heile boka er berre mange – både korte og lange – tankestrøymar, om absolutt alt mogleg; om det enkle livet denne kvinna lever, eit skilt som er blitt satt opp, ein middag ho ikkje ville ete, ein fest ho planlegger ned til minste detalj. Eg trur det skjer noko med veldig isolerte menneske, eit eller anna endrar seg. Bennett får fram denne endringa, ein slags desperasjon. Etter kva er ikkje like lett å setje fingeren på, men noko er det.

Dette er ikkje ei bok du berre kan bla gjennom, du må lese den. Du må lese kvart einaste ord. Du må lese alle dei små teikna på sorg, panikk, sinne, og alle situasjonane – små eller store – som frustrerer, overvelder og opprører. Den pirrer og provoserer, men mest av alt pirker den i nysgjerrigheita mi. Det er noko meir her, noko eg heilt sikkert har gått glipp av.

Eg absolutt elsker det norske omslaget! Originalboka er heilt blå med enkel kvit skrift foran (for dei som vil lese på engelsk), og den er fin nok den, men sjå på det her da! (No er jo eigentleg alle bøkene til Pelikanen forlag så utruleg skjønne.)

Forlag: Pelikanen
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Mens vi venter på Bojangles» av Olivier Bourdeaut

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Litterære referanser er dei beste referansene, og ein treng vel ikkje ha studert litteraturvitenskap for å dra kjensel på tittelen. Tittelen viser til Mens vi venter på Godot av Samuel Beckett, eit absurd teaterstykke. I starten av boka står det at denne boka er hans sanne historie, full av løgner, «på både retten og vrangen». Så det verker jo ganske så passande! (Og viss du lurer, er det ikkje den ekte historia om livet til Bourdeaut.)

For ein gong skuld skal eg avsløre nesten alt som skjer i boka, av to grunnar: handlinga er ikkje det viktigaste her, men måten den blir fortalt på; og alt eg avslører står uansett på baksida. Boka handler om ei veldig unik kvinne. For sonen hennar verkar ho fantastisk, morsom, vakker og perfekt, der ho gjer akkurat slik ho vil, gir blaffen i konvensjoner og forpliktelser. For mannen hennar, med sin unike humor, trudde lenge at ho berre var like eksentrisk som han. Men når skattevesenet er på døra (etter at han har tatt nokre snarveier for å kunne forsørge og ta vare på kona og sonen), set ho fyr på huset og blir innlagt. Etter ei stund innesperra, arrangerer dei ei falsk kidnapping for å ta henne med til Spania for å fortsette det ville livet deira.

Boka er ei rørande historie, fortalt på ein utruleg unik måte som vekslar mellom naivitet og djup innsikt. Den fremstiller utan tvil temaet rundt mentale sjukdommar på ein ny måte. Det er ei fin, lettlest og kort bok, som utgjer sjarmerande lesing.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«I gode og onde dager» av Gill Paul

Boka er eit førhandseksemplar frå Aschehoug forlag

Etter å ha lest mykje original engelsk litteratur i det siste, følte eg at eg ville ha noko lettare å lese på. Basert på omslaget tenkte eg at dette ville vere noko eg berre kunne dykke ned og forsvinne i. Og eg kan helse og sei at boka raskt sugde meg inn. Og så er det så deilig at når ei bok først gjer det, så er den sånn fem hundre sider lang og det kjennest som om den aldri skal ta slutt.

Handlinga i romanen er basert på ekte historie: Under fyrste verdskrig møtte den nest eldste dottera til den russiske tsaren ein soldat ho forelska seg i. Ho pleide han som sjukepleier etter at han blei skada ganske tidleg under krigen. Dei utviklar raskt varme kjensler for kvarandre, til trass for at han er eit stykke under hennar stand. Gill Paul skriv sjølv at denne boka tek for seg kva ho ser for seg hendte etter revolusjonen i 1917, då ho ikkje kunne få seg til å tru at soldaten Dmitrij svikta storfyrstinne Tatjana.

Eit av dei store spørsmåla i europeisk rojale historie har jo vore om Anastasia overlevde (sidan liket av henne blei funne mykje seinare, då ho blei begravd på ein annan stad enn resten av familien). Denne boka tek utgangspunkt i den same idéen: Kva viss Tatjana overlevde, takka vere Dmitrij? Vidare byggjer Paul romanen opp med oldebarnet til Dmitrij, Kitty Fisher, som nettopp har gått frå ektemannen sin og forlatt Storbritannia til fordel for bestefarens hytte i ein skog utanfor New York.

Eg har lest forunderlig lite skjønnlitteratur med handling frå Russland, så eg antar eg kan krysse det av på lista. (I sommar har eg nemleg store planar om å lese mange romanar satt til eksotiske land.) Det er jo eit ganske fascinerande land (og historia om revolusjonen og drapet av tsaren og familien hans har alltid interessert meg), som har røtter både i det orientalske og europeiske. Det er rett og slett eit vanvittig bra bakteppe for romanen. (Og så er det veldig historisk korrekt, nesten overveldande truverdig.)

Til slutt må eg berre legge til at dette var ei fantastisk bok. Om du trur Lucinda Riley er bra, er det berre å gyve laus på Gill Paul: dette er endå betre.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Gill Paul finn du HER.

Sitat

«Nattafortellinger for rebelske jenter» av Elena Favilli & Francesca Cavallo

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Det er på tide å springe til barneavdelinga på din lokale bokhandel og kjøpe ei barnebok. Ei bok full av hundre godnatthistorier for rebelske jenter. (Men ikkje gløym å lese den til gutane dine òg.) Denne boka inneheld 100 enkle biografiar om ekstraordinære jenter og kvinner, og tilhøyrande 100 ulike illustrasjonar. Og det er ikkje berre det at boka er så himla fin, det er tanken bak den! Det er så utrulig viktig å få fram kvinnene som har endra verda. (Og ikkje kom med «men skal ikkje vi ha ein om menn òg?», for – unnskyld språket – piss meg i øyret. Som om ikkje 99% av alle historiebøker skrivne før 1950 kun fortalte om menn sine bragder.)

Boka inneheld historier om kvinner frå mange forskjellige land, og illustrasjonane som er spesiallaga til boka er laga av seksti ulike kvinner, også frå ulike land. Boka er ein hyllest til kvinner, og kva vi har gjort, sjølv når alle sa at det ikkje kunne gjerast (av kvinner, altså). Her er dronningar, piratar, matematikarar, dansarar, fjellklatrarar, politikarar og you name it. For veit du kva? Du kan faktisk bli akkurat kva du vil – jente eller gut. Eller begge deler.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Arv og miljø» av Vigdis Hjorth

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Arv og miljø

Endeleg har eg og fått lest denne boka! Den har jo stått på leselista mi sidan den kom ut i haust (like lenge som den har stått på bestselgerlistene), og no har eg endeleg fått somla meg til å lese den. Og shit pomfritt, dama kan skrive! Dette er ei bok du ikkje kan suse igjennom; Eg måtte tvinge meg sjølv til å ta pustepauser (eg ville jo eigentleg ikkje legge den i frå meg), men her er det mykje å ta inn over seg og reflektere over før ein les vidare.

Bergljot har brutt med familien sin. Ho har så vidt kontakt med den eine systera, men dét er det. Etter å ha blitt mistrudd av dei då ho fortalte om overgrepa ho vart utsett for av faren, nektar ho å vere ein del av familien. Når foreldra opplyser om testamentet der dei to systrene får familiehyttene, medan ho og broren Bård får ei knapp kompensasjon, vert ho sugd inn i dramaet igjen – til trass for trangen til å halde seg unna. Det blir ikkje betre når faren dør midt i arvetvisten. Her kunne alt ha blitt betre, dersom mora og systrene berre kunne innrømme at dei trudde på ho, at dei angra. Men eigentleg vert det berre verre. Det er vanskeleg for Bergljot å snakke med familien som har avfeid henne heile livet, som ignorerer smerta hennar, som trur ho prøver å «gjere seg interessant».

Bortsett frå den veldig gjenkjennelege handlinga og frustrasjonen ein opplever, så er språket veldig, veldig interessant. Det er veldig muntleg, personleg, utan dialogar, med digresjonar eller forklaringar midt i ei setning, litt hopp i tid og hukommelse, litt tankar og litt fakta. Og veldig ekte. (Det minner meg faktisk litt om slik eg skriv når eg sit her og puslar.) Bergljot sin stream of consciousness er det som driv historia framover og verkar så oppriktig! Når du først har kome inn i hovudet hennar vert boka ganske så lettlest.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Vigdis Hjorth finn du HER.

Sitat

«Brev til Victoria» av Marcelo Puglia

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Brev til Victoria

Spenn deg fast og gjer deg klar for ei emosjonell berg-og-dalbane. Fy søren for ei fantastisk bok (og eg kjem heller ikkje over kor VAKKERT omslaget er). Denne boka tar opp så viktige, men eigentleg ingen nye tema. Det er ei ganske tidlaus bok; om forholdet mellom menneske; om kjærleik til livet; om å bruke tida på det som betyr mest; om å klamre seg fast. Forfattaren har sjølv uttalt at denne boka ikkje handlar om liv eller død, men tid. Bruk den rett.

Mauricio har nettopp fått sparken, saman med halvparten av bedrifta. Med eit halvt års sjukeforsikring igjen via jobben, går han for sin årlege sjekk. Og til sitt store sjokk får han vite at han har ein hjernesvulst og seks månader igjen å leve. Mauricio vert knust; han har ei lita jenta på ein månad og ein vakker samboer. Han bestemmer seg raskt for å skrive brev til Victoria (dottera) som ho skal få når ho vert eldre. I løpet av det halve året vi følgjer Mauricio og hans nærmaste, opplever dei mykje. Boka er eigentleg berre ein lang veg med eit vanvittig antall twists and turns, og ein særs kreativ slutt.

Dersom du ikkje liker denne boka, gråter ein skvett eller blir rørt, må du ha eit hjarte av stein. Eg føler liksom at den passer for alle. Måten den knyt saman fleire historier på, forteljarmåten som vekslar mellom brev, personlege synspunkt og ein meir all-vitande forteljar.

Om du treng eksempel til andre verk for å skjøne om dette er noko for deg, kan du tenkje litt Paulo Coehlo, berre meir jordnært og moderne. Eller Breaking Bad, det er eit par parallellar her og (dødssjuk, korleis tene pengar raskt så familien har noko å leve av når eg døyr, nyfødt baby in the mix), berre mindre valdeleg. Eller Et helt halvt år, berre frå eit anna synspunkt. Konklusjonen min er i alle fall at det er ei veldig allsidig bok som vil passe for dei fleste.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Milk and Honey» av Rupi Kaur

Milk and honey

Er det lov å seie at ein sluker ei diktsamling?? Eg veit at dikt skal nytast og alt det der, men denne diktsamlinga er skapt for å slukast. Inndelt kronologisk i the hurting, the loving, the breaking og the healing, er det nesten som å lese ein veldig poetisk roman. Perspektivet er ei ung jentes forhold til ein gut, og det er jo vanskeleg å la vere å tenkje på diktsamlinga som sjølvbiografisk.

Dikta handlar som sagt om kjærleik, om eit brot og å kome over det. Det er varme, sex, sakn, sorg og glede. Dikta er sensuelle, med mykje seksuelle skildringar (utan at det vert vulgært). Det er vondt, nesten fysisk ubehageleg å lese enkelte delar. Det provoserar, det får deg til å føle – det er ekte kunst. Men ja, i tillegg til alt det såre og vakre rundt kjærleiken og det som kjem etter den, er feminismen som skin igjennom. Dikta har eit håp i seg, eit ynskje om likskap mellom kvinner. Dei handler blant anna om å vere den du er, gjere det du vil og sørge for å ha det bra. I dikta ligg det ein beskjed om å ta vare på seg sjølv, og skilje behova sine frå einannan. Ein kan ville ha menneske som øydelegg deg, men det er langt i frå det same som å trenge dei.

Det er rett og slett vakker poesi. Diktaren sjølv er ung, og boka passer perfekt for unge menneske. Det er lettlest, ærleg og gjennkjenneleg. Og eg kan love deg, at denne diktsamlinga vil passe for deg som kanskje ikkje trur du likar dikt. Åja, og så er den kun utgitt på engelsk. Så langt.

Forlag: Andrews McMeel Publishing
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Rupi Kaur finn du HER.

Sitat

«Verden er en boble» av Nicola Yoon

Boka er sponsa av Aschehoug forlag

Verden er en boble2

Viss du har sett trailer for filmen Everything, everything og tenkt at «wow, den verkar sykt spennande!» så er dette boka for deg. For dette er nemleg boka bak filmen. Det er ein ungdomsroman som er veldig lettlest, skrive omtrent som ei dagbok med både tekst, utklipp og meldingar. Men ikkje slik at det vert som ei barnebok altså, det gir eigentleg berre romanen eit moderne og ektefølt preg.

Madeline er sjuk. Veldig sjuk, faktisk. Så sjuk at ho ikkje kan gå ut av huset. Ho brukar dagane sine på heimeundervisning og lesing. Alt er likt kvar dag. Heilt til Olly flyttar inn i nabohuset. Madeline kommuniserer med Olly via internett, og etter kvart slepp ho han inn i huset. Ho oppdagar etter kvart at ho fell for Olly, og at enkelte ting er verdt å risikere livet for. Og det er akkurat det ho bestemmer seg for å gjere.

Boka er eigentleg ein parallell til Rapunzel, og historia er verkeleg eit eventyr. Det er rørande, vakkert, provoserande og intelligent skrive. Denne boka vil vere med meg lenge. Og om du liker bøkene til John Green, vil denne vere midt i blinken for deg.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Nicola Yoon finn du HER.

Sitat

«Huset ved innsjøen» av Kate Morton

Boka er sponsa av Vigmostad & Bjørke

Huset ved innsjøen

Når du ser på dette coveret, kva tenkjer du då? Ein kjærleiksroman full av kliss? Vel, du tek i så fall feil. Denne boka grenser meir til kriminalroman, i begge periodene vi følgjer. Eg har faktisk alle av bøkene hennar, men har ikkje lese dei enno fordi dei ser nettopp ut som klissete kjærleiksromanar. Men uansett, dette er ei bok full av spenning, drama, uvisse hensikter og mykje skuldkjensle.

I 1933 forsvant eitt år gamle Theo frå godset Loanneth i Cornwall, England under ei sommarfest. Ingen spor eller forklaringar vart funne, og mysteriet vart aldri løst. 70 år seinare finn politietterforskaren Sadie Sparrow godset attgrodd, og vert nysgjerrig. Ho har god tid til å grave i fortida, sidan ho er på ufrivillig ferie etter å ha – vel, drite seg ut på jobb og snakka med ein journalist. Ho kontaktar Alice Edevane, ei av døtrene på godset som no er ein kjend forfatter og 86 år gamal, men Alice svarer ikkje på breva. Ho har sin eigen teori om kva som skjedde den natta, og ynskjer ikkje at hennar delaktighet skal kome fram i lyset.

Det er så mange skiftande teoriar i denne boka, og alle verkar så korrekte, heilt til ein ny og betre kjem fram. I tillegg er Sadie plaga av den uløyste saka ho snakka med pressen om, i tillegg har ei ganske personleg sak dukka opp òg. Boka er kjempespennande, og klarer å holde koken gjennom alle dei 573 sidene (sjølv om eg forsto ein ting eller to litt for tidlig; de veit, fargerik fantasi).

Forlag: Vigmostad & Bjørke
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«En eventyrlig julereise» av Corina Bomann

Boka er eit leseeksemplar frå Boklageret

En eventyrlig julereise

Superpopulære Corina Bomann har no rett før jul kome ut med ei smal julehistorie (i eit nydeleg omslag). Den er som sagt smal, i tydinga tynn, og er berre ei kort historie om eit par ulike juleopplevingar.

22-årige Anna Wagner hater jula. Ho orker ikkje stresset, og reiser heller til Syden. Men i år har lillebroren på 9 år bedt henne kome heim til jul, og ho klarer ikkje seie nei. Lille julaften setter ho seg på toget til Berlin, men sovner. Når ho vakner, har ho hamna i Binz, 200 kilometer unna hovudstaden. Det er seint på kvelden, ingen mobildekning og rådyre hotell. Anna har flaks og får skyss med ein brøytebilsjåfør, og slik startar hennar tur heim; hennar eventyrlige julereise. Vel, eigentleg er den ganske jævlig. Og overalt kor ho ender opp, er ho omringa av Last Christmas

Boka er ikkje like god som Sommerfugløya og Måneskinnshagen, men så er den òg mykje tynnare med eit mykje mindre eksotisk tema. Den tar derimot opp alle forventningane og stresset rundt juletida, som mange kjenner på. Ei bok til ettertanke, og koseleg julelesning. Ei deilig bok å slappe av med no i romjula.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Corina Bomann finn du HER.