Sitat

«Nøkken» av Nathan Hill

Boka er sponsa av Gyldendal Norsk Forlag

Nøkken, eller The Nix, er debutboka til Nathan Hill. Ryktene som har nådd meg seier at han brukte ti år på å skrive boka, tilsvarande det Donna Tartt brukte på Stillitsen; OG at den er like god. Korleis kan man ikkje ville sjekke ut ei slik bok?

Denne mursteinen av ein roman handlar om Samuel Andresen-Anderson, ein nesten-forfattar som underviser to timer litteratur i veka og bruker resten av tida på dataspel. I tillegg er han sonen til Faye Andresen, no kalla Pensjonistterroristen etter at ho kasta grus på ein presidentkandidat. Samuel bestemmer seg for å skrive ei bok om mora, som forlèt han då han var ein ung gut. Han veit ikkje kva han forventar å finne ut om mora når han møter henne att og startar researchen sin, men han oppdager i alle fall at barn kanskje ikkje har rett til eller burde vite alt om mødrene sine.

Tema som er aktuelle i boka er forholdet mellom mor og barn, amerikansk politikk frå sekstitalet, amerikansk politikk etter 11. september, ulike typer vennskap og oppvekst. Det er jo eigentleg ein slags oppvekstroman, men den tek for seg ulike deler av fleire personer sitt liv. Fleire av desse personane sine synspunkt kunne nok vore kutta ut, men dei er eit fint og fargerikt innslag.

Eg merka allereie etter tjue sider at eg likte denne boka veldig, veldig godt. Den er morsom, velskriven og klarte å overraske meg fleire gonger. Dersom du likte Max, Mischa og Tetoffensiven av Johan Harstad, vil du absolutt elske denne boka. (Og om du lurer, er den ca halvparten så lang som boka til Harstad.) Også denne har røtter i Noreg, og tek for seg USA sine krigar i Asia og studentpolitikk.

Dette er ikkje ein fantastisk roman, men ein får eit spesielt forhold til romankarakterer ein følgjer like lenge som ein gjer med så tjukke bøker som denne. Boka er omsett av Vibeke Saugestad, som har gjort ein spesielt god jobb med dialogen, som er utruleg vittig, munnkeg og realistisk. Det er kun eit par av passasjene eg synest var litt merkelege, som denne openberringa til elleveårige Samuel: «Kjærligheten hadde denne fordelen, […] at hennes suksess, ved en underlig form for refraksjon, også ble hans». Altså. En sjetteklassing? Eller denne kommentaren til ei kvinne uten sminke si holdning «framsto ikke som apati, snarere som transcendens». Kva skal det bety?? Men ellers er språket veldig bra, og boka er overraskande lettlest. Den kan absolutt anbefalast!

Og så må eg berre seie at eg elskar det norske omslaget. Grafiske omslag er utan tvil mine favorittomslag, og fristar av ein eller annan grunn mykje meir enn bøker med foto på framsida. Sjekk denne hesten, da! (Som forresten er skikkelsen Nøkken tar når han kidnapper barn.)

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Miss» av Synnøve Sun Løes

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Eg synest Aschehoug er utruleg flinke på å utgi gode ungdomsromanar, spesielt årets bøker. Dette er ein av dei beste (så langt). Det er ein ungdomsroman som gjerne vert overgangen mellom ungdomsbøker og «vaksenbøker», som gir deg det vesle pushet til å lese noko større.

Ea er ei overvektig vestkantjente som ikkje passer inn nokon stad. Ho heklar kjæledyrbikiniar som ho sel på nett, ser mykje reality-tv og et. Et MYKJE. I første halvdel av boka er ho ganske nedfor og sint. Tanta hennar (også overvektig, ei fri kunstnersjel) har tatt livet sitt, og ho sørger. Ho går til psykiater, men kjem ingen vei. Ho vil ikkje gjere som legemora hennar vil – slanke seg. Kvifor skal ho tilpasse seg nokon som helst? Men så dør psykiateren. Ho kranglar med bestevenninna. Mora vert deprimert. Faren hamnar på sjukehus. Sjølv om Ea fortsetter å vere sjølvstendig, vanskeleg og eigenrådig, må ho ta ansvar. Og ho liker det litt meir enn ho trudde ho ville.

Miss er ein samfunnskritisk roman som tek eit oppgjer med kroppspress, einsemd, sosiale normer og sosiale medier. Med letthet leikar Løes seg gjennom alvorlege temaer utan å bli respektlaus. Ho klarer å halde tonen enkel, naturleg og ikkje minst forståeleg. Eigentleg er det forbløffande kor fint ho handsamer tema som overvekt, terapi, einsemd og depresjon. Det er ingenting som er overkomplisert i boka, og det er nesten unormalt kor autentisk Ea verkar som ungdom, kvinne, jente og menneske. Eg kjente meg sjølv igjen mange ganger.

Boka er delt opp i ganske små avsnitt, som er veldig ulike. Her er litt brev til den avdøde tanta, litt lister, samtaler, «fakta om…» og rein handling. Og utsnitt frå Eas sjølvbiografi, Livet til en tjukkis. Boka er stappfull av anekdoter, filosofi, historie og sterke kvinner. Det einaste negative eg har å seie om boka er at dei engelskpråklege orda som er med, ofte er feil. Loser skrivast «looser», i «time’s up» er apostrofen sløyfa, og slikt. Men eg er villig til å oversjå dette, og erklære dette som ein av årets beste ungdomsromanar. Bør òg lesast av vaksne.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Jeg gidder ikke leve uten deg» av Christelle Ravneberget

Dette var skuffande greier, altså. Eg trudde av ein eller annan grunn at dette skulle vere ein ungdomsroman. Når det etter eit par sider gjekk opp for meg at det var det absolutt ikkje, googla eg boka og såg masse kritikerros og minst éin pris, medan «vanlege» lesarar hadde slakta den. Så eg må nesten henge meg på: dette var ikkje noko særleg.

Handlinga er lagt til Oslo sånn cirka rundt år 2000. Annabel er ein ung kunstner som kastar vekk livet på alkohol og dop. Ho forelsker seg i vokalisten Christian, som om mogleg er endå hardare på rusmidla. Dei forelskar seg, men han vil ikkje gå frå dama og barnet sitt. Så han er utro med Annabel i nokre år, og dei slår jevnlig opp og blir deretter saman att. Her er vald, sex, narkotika og alkohol. (Og sutring.)

Eg kan starte med det positive: her er eit par bra vendingar Ravneberget har komponert. Men miljøskildringane, personskildringane og dialogen er ekstremt lite truverdig. Det skal liksom vere rundt 20 år gamalt, men det verkar alt for moderne. Språket inneheld altfor mange flosklar og klisjear, og det vert kjedeleg å lese. Eg forstår ikkje heilt at denne boka er vert kalla «heftig», her er jo berre klaging og syting og mangel på vilje. Og dersom du leiter etter bøker om mistilpasning, narkotika, ujevne forhold og depresjon, så er det mange betre romanar å få tak i.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«En del av meg» av Maren Engelschiøn

Viss du er vaksen, har du kanskje ikkje sett denne boka før. Den står nemleg i ungdomsbokhylla hos bokhandlane, fordi Cappelen Damm har sagt det er ein ungdomsroman. Og sjølv om den absolutt passar til ungdom (hovudpersonen er 18 år), så passar den like bra for vaksne.

Ida føler seg eksotisk heime i Noreg. Ho er eit resultat av moras affære med ein lærer på utveksling i USA. Og attpåtil ein lærar som var halvt indianer! Faren er død, men Ida veit at ho har to halvbrødre på den andre sida av Atlanteren. Så då gjer ho det same som mora, reiser til Minnesota for eit sommarkurs på MLU. Når ho kjem dit, byrjar ho leitinga på familien sin. I tillegg utvikler ho eit par vennskap, forelskar seg (ikkje i ein lærar, hehe), prøver seg som journalist (draumen er å kunne leve av å skrive om indianarar) og oppdager at det meste har konsekvenser.

Det eg likte best med boka, var all historia om indianarar som er plotta inn; indianarkrigar, kasinoa, kontrastar mellom rike og fattige indianarar, alkoholproblema, forholdet til kvite og delvis kvite, delvis indianarar. Indianaren Paul gjer eit særleg sterkt inntrykk, han er eit levande eksempel på korleis ein hard oppvekst i reservata er.

Boka er ikkje veldig forutsigbar, her er eit par gode vriar som held historia interessant frå ende til annan. Kulturkrasjet mellom USA og Noreg eksisterer faktisk, og det er ganske fascinerande. Anbefalast!

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Et sted på grensen» av Emilie Edland

Boka er sponsa av Juritzen forlag

Emilie Edland er eit pseudonym for gudveitkven, og blir snakka om som den fyrste til å skrive ein erotisk roman på norsk. (Eller New Adult-roman, men det er eit merkeleg namn på sjangeren. Husmorporno er mykje meir dekkande.) Eg likte jo Calendar Girl (sue me), sjølv om eg ikkje har rukke å lese den siste boka i serien enno, så eg tenkte å gi denne boka ein sjanse. Og for eit val det skulle ende opp som! Eg har så utruleg mange tankar og meiningar rundt både handling, karakterar og moral i boka at eg absolutt ikkje skal plage dykk med alt, men fleire aspekt ved boka må eigentleg takast opp.

Kjapt oppsummert handling: Nora Adler-Ruud er rik, frigjort og kåt. Ho blir veldig tiltrekt av professoren sin, Nicholas West, og bestemmer seg for å forføre han. Det klarer ho ganske så raskt, og så har dei mykje sex. Utanom forholdet deira, bruker Nora tid på vennene sine, mormora si og ei kollokviegruppe. Sånn enkelt og greitt, er det alt som skjer heilt til Nora oppdager at ho er forelska i Nicholas. (Nicholas er forlova med ei anna, men dei har eit ope forhold medan ho har legeturnus i Nord-Noreg.)

Språket som skildrar den faktiske sexen er utvilsamt betre enn hos Calendar Girl-bøkene (men dei er jo oversette, og det engelske «erotiske språket» er ganske annleis enn det norske, så ein god – og ikkje minst moderne – oversettelse er tilnærma umogleg). Sexen er jo – som i alle erotiske romanar – ganske så idealistisk og nesten latterlig vidunderlig. Så mykje stamina og lårmusklar skulle ein hatt, gitt. Men så har det jo seg slik at vi ikkje les erotiske romanar for den litterære kvaliteten eller realismen i skildringane, vi les den for underhaldning (og nokon bruker den vel for å bli opphissa og). Og som lettlest underhaldning fungerer boka veldig godt. Så folkens, for GUDS SKULD ikkje samanlikne sexlivet ditt med dette. Det er fiksjon.

Som karakter er ikkje Nora eit spesielt likandes menneske, men ho slår meg som veldig ærleg og ekte. Ho bannar (eg skal love deg at dei fleste unge jenter – inklusive meg sjølv – ofte bannar «for mykje», i alle slags situasjonar). Ho er kanskje litt vel feminazi: hatar når jenter gifter seg unge og bruker tid på kjøkkenet. Det blir litt vel «sjå på meg så frigjort eg er som ikkje vil ha eit forhold berre mykje sex fordi eg er ei så moderne kvinne og du bør beundre meg for det». Ho er kanskje ikkje det beste førebiletet, men ho er ikkje det verste innan erotisk litteratur, heller. Og så har ho ein del gode vitser, og det er ein ganske fin diskusjon i boka om prestasjonspresset blant unge jenter på side 190.

Men, eg klarer ikkje å la vere å henge meg opp i eit par ting. Ein har ikkje knoker på ryggen. Å analysere Beowulf på vidaregåande er absolutt ikkje pensum. Når nokon i naborommet føner håret, så er det umogleg å sove vidare. Google maps fungerer som kart utan internett. Uttrykk som «han puster tungt mens han ser tungt ned på meg». Når dei ser ein film på Netflix som ikkje er på Netflix. Boka hadde hatt godt av ei solid runde innstramming, korrektur og språkvask, for her er mykje som kunne vore betre.

Ein annan ting som plagar meg, er Edlands udiskret forsøk på å drive seksualundervisning. Spesielt når det ikkje er så vellukka. Joda, fint å ikkje ha sex i berusa tilstand, og å diskutere prevensjon i forkant. Men når dei bare pesa på med analsex uten kondom, men bare vaska seg før dei har vanlig sex igjen, så blir eg frustrert. Eit kjapt Googlesøk ville vore nok til å finne ut at det absolutt ikkje er hygienisk nok. Det norske folk treng absolutt seksualundervisning, og det er eit bra forsøk, men eg håper at den ekte jobben til Edland ikkje er helsesøster på ein ungdoms- eller vidaregåande skule.

Så for å oppsummere! (Takk gud for at innlegget straks er over, tenker du kanskje no?) Har Edland klart å skrive betre husmorporno enn Fifty Shades of Grey – slik målet var? No har eg ikkje lest den berømte SM-trilogien (eg har betre bøker å lese), så utan å samanlikne kan eg seie at det er ei god bok i sin sjanger. Altså, den tek seg veldig opp i siste halvdel, og eg skal driste meg til å slenge ut ein femmer (ikkje at eg eigentleg brukar terningkast, men berre så du får ein peikepinn, liksom). Eg les gjerne bok nummer to dersom den skulle komme.

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«OG» av Veronica Salinas

Dette er ei ganske spesiell ungdomsbok. Den handlar om ei ung jente som reiser til Noreg frå Argentina for å vere au pair i Fredrikstad. I Fredrikstad blir ho sendt på norskkurs og lærer seg.. vel, å snakke norsk. Ho trives ikkje hos familien ho bur hos, og sakner heimlandet sitt sårt. Boka veksler mellom å vise oss korleis ho har det i Noreg og korleis ho opplever kulturen, og minner frå barndommen i Argentina. Eg-personen ynskte nemleg ikkje å flytte, men det politiske klimaet i Argentina gjorde det umogleg å bli der.

Det er ei lettlest bok som gir eit fint perspektiv på korleis det er for immigrantane som skal tilpasse seg kulturen og språket vårt. (Og det kan eg skjøne at ikkje alltid er like lett, vi nordmenn kan vere ganske sære.) Det eg ikkje skjøner, er kvifor dette er ei ungdomsbok? Den kan då vitterleg bli lest av både unge og gamle! Ta det som ei oppfordring.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Far din» av Bjørn Ingvaldsen

Denne barneboka provoserte meg. Den gjorde meg frustrert, fekk meg til å kjenne meg igjen og sette meg inn i ein situasjon. Den er truverdig, og den gjorde meg vekselsvis kald og varm i hjarterota. Med andre ord, ei veldig vellukka bok.

Boka handlar om Leo, som kjem heim og oppdagar at faren er blitt henta av politiet. Mora er i ei heilt eiga tilstand, og anar ikkje kva ho skal gjere. Det viser seg at faren har stole frå jobben, frå kolleger, frå garasjer og teke opp store lån. Leo merker mest av dette på skulen, der alle i klassa gjer det klart at dei ikkje vil ha noko med han eller «bandittfamilien» å gjere. Leo er mellom 9-11 (tippar eg), og veit ikkje kva han skal gjere med problemet. Så han gjer for det meste ingenting.

Historia er veldig, veldig godt skildra. Den verkar veldig truverdig, og går rett på sak. Det er lite om kjensler, hovudsakleg om kva guten tenkjer og opplev. Det er ikkje berre Leo som får historia til å verke realistisk, det er alle karakterane rundt han òg. Det er eit lite bygdesamfunn, og det er så altfor treffande korleis folk tek avstand og er ubehagelege (og av og til hjelpsame). Det er ein brysom nabo, det er klassekameratar som trur dei er bedre enn alle (og veldig påverka av foreldra sine meiningar), butikkansatte som ikkje lar deg handle, det er gode venner, det er nokre lærarar som er greie og nokre som ikkje kunne brydd seg mindre. (Og eg veit kva eg snakkar om, eg er frå ein slik stad.)

Eg vil legge til at eg trur boka fungerer best som vanleg litteratur. Vaksne gjer ofte den feilen når dei kjøper barnebøker, at dei kjøper noko dei ser på som relevant for barnets situasjon. Til dømes kjøper dei bøker om skilsmisser når dei sjølve skal skilje seg. Som om du kjøper denne boka til ein som har ein forelder i fengsel. Tru meg, ungar er smartare enn vi/dei vaksne tenkjer at dei er. Dei klarer fint å gjere seg opp meiningar om slike situasjonar sjølve. Om noko, burde slike bøker vere leste meir og på generelt grunnlag, og ikkje spesielt.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Poesiar: Etter Henrik Wergeland» av Jon Fosse

Poesiar

Dette er eit ganske interessant prosjekt. Jon Fosse fikk ei stor interesse for diktinga til Wergeland etter å ha flytta inn i Grotten, der Wergeland i si tid budde. Fosse noterte mykje i margen om dikta han las, og skreiv så desse sjølvstendige dikta med Wergeland sin poesi som utgangspunkt. Dette er, for å sitere vaskelappen, «skrift over skrift». Vidare står det bakpå at «Det er noko frå Wergeland i alle dikta som her er samla, hulter til bulter, frå fleire dikt i eitt dikt, mykje i eit dikt, lite eller nesten ingenting i eit anna».

Sjølv har eg ikkje eigentleg lese noko av Wergeland, så eg har ikkje noko omgrep på kor mykje som er inspirert, nesten rett avskrive eller berre småplukk; Men at her er nasjonalromantiske trekk, er det i alle fall ikkje tvil om. Det er norsk natur, det er kjærleik, det er død. Alt er så flott og vakkert. Det som gjer dette ganske kult, er at det meste er skrive i modernistisk form.

Eg skal ikkje skryte på meg å ha forstått alt innhold frå perm til perm, men det er etter mitt syn ikkje så mykje djupareliggande meining bak desse dikta. Dei er derimot veldig fine og hyggjeleg lesing, og som sagt; eit interessant prosjekt. Og det er vel i hovudsak det, eit kunstnerisk og litterært prosjekt, meir enn faktisk litteratur til å lese som kos. (Og så er det mykje strofer i parentes! Parentes i litteratur, spesielt sjølvstendige setningar og delar, er noko eg er veldig for. Det må seiast.)

Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Portrett av ein varulv» av Carl Frode Tiller

Portrett av ein varulv

Det siste skodespelet til Carl Frode Tiller (i skrivande stund), Kven er redd?, er noko av den beste dramatikken eg har lest, så når eg kom over dette skodespelet på jobb, så måtte eg berre plukke det med meg. Det er jo ein del år gamalt allereie (når slutta 2011 å vere tre år sidan???), men det var jo ganske interessant å sjå korleis skriveria hans har utvikla seg. Og eg må jo innrømme at eg vel å sjå det på den positive sida, at dei har utvikla seg i ei god retning, for Kven er redd? er ein god del betre (i alle fall etter min smak).

Men så har jo dette dramaet eit heilt, heilt anna tema. Skodespelet handlar om Kent, ein heavy-metalelskande drop out frå vidaregåande. Han oppfører seg som ein totalt, komplett og heilstøpt drittsekk. Vi følgjer han frå han kranglar med systera på vei til fest, til vors, til fest, til samanbrotet etterpå. Kent har mange meiningar om samfunnet og menneska rundt seg, men det skin tydeleg gjennom kor sårbar og faktisk såra Kent eigentleg er. Men kan han skjerpe seg i tide?

Eg likte teksten, men eg kan ikkje heilt sjå det for meg på ei scene. Det fungerer nok best som eit dramastykke berre for lesing (og ja, slikt finnes med vitande og vilje, for dykk som ikkje er heilt inne i skodespelverda). Det er eit kult, enkelt og lettlest stykke.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2011

Fleire bøker av Carl Frode Tiller finn du HER.

Sitat

«Jeg kommer snart» av Selma Lønning Aarø

Jeg kommer snart

No har det seg slik at eg har rydda ein del i bokhyllene mine. I stua har eg sortert bøkene etter farge, og kun kvite, turkise, rosa og gule bøker får stå der og matche det øvrige interiøret. Eg oppdaga ganske raskt at eg ikkje har så mange rosa bøker, så eg drog på skattejakt på jobb. Og veit de kva eg oppdaga? At nesten alle rosa bøker handler om sex. Heilt seriøst. Eg kjøpte fire bøker; éi handla om religion og dei resterande tre om sex, spesielt et kvinnes perspektiv. Ei av desse tre bøkene vart altså denne her av Selma Lønning Aarø (ho som har skrive Hennes løgnaktige ytre, men den har eg ikkje rukke å lese i skrivande stund).

Tittelen burde kanskje vore Jeg vil komme nå. For boka handler om Julie, ei vaksen dame som aldri har fått orgasme. Ikkje at ho har prøvd så voldsomt, men no er det på tide. Ho har ikkje fast jobb, men no som ho har au pair, kan ho låse seg inn i seks timar om dagen med diverse utstyr (ho har 8 dagar igjen av ei 30-dagers orgasmegaranti frå Kondomeriet). Ho klarer ikkje å slappe av, ho tenkjer på heilt andre ting og klarer altså ikkje å komme. Medan ho ligg der, tenkjer ho på alt mogleg, og vi får mange tilbakeblikk på hennar «tidlegare liv» som ung.

Og her skjærer det seg litt for meg. (For ikkje misforstå – eg liker boka! Det er utruleg viktig å snakke om den kvinnelege orgasmen, men med moderasjon. For hovedkarakteren Julie har jo rett i at det kan verke som om absolutt alle har fantastisk sex heile tida. Og det er jo ikkje sant. Her sluttar bloggens lengste parentes.) Problemet mitt er at denne boka skal/burde reflektere det mange kvinner føler og opplever rundt temaet, nemleg utilstrekkelig. Men Julie mister litt av denne «typiske kvinna» når ho fortel at ho drap hunden sin som barn, har hatt mange valdelege kjærester og har sex med ein tilfeldig fyr som legg asfalt då ho var tretten år. Ho blir litt for utilgjengeleg, og eg klarer ikkje identifisere meg heilt med henne.

«Julie» burde appellere til alle kvinner som faker orgasmer. For tru du meg – eg har òg faka orgasmer. Det begynner å bli lenge sidan, for du kjem til eit punkt der du faktisk må lære deg å seie i frå. Noko anna hjelper liksom ikkje. Det er jo det der med å kjenne seg mislykka dersom du ikkje kjem. Og så er det utruleg slitsomt å føle at ein må prestere kvar jævla gang ein har sex. For det er jo et press. Eg skal ikkje komme (haha) med mange ulike råd basert på personleg erfaring. Eg tenker eigentleg berre å fortelje deg at du bør lese denne boka, anten du har hatt ei orgasme eller ikkje. Det er ganske god litteratur.

Forlag: Flamme
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av Selma Lønning Aarø finn du HER.

Sitat

«Ensomheten i Lydia Ernemans liv» av Rune Christiansen

Ensomheten i Lydia Ernemans liv

Det var ikkje så mange stikkord eg kunne bruke om denne boka, for den handlar eigentleg ikkje om så mykje. Ikkje om einsemd ein gong, for Lydia er eigentleg ikkje einsam. Synest eg, då. Men eit rikt liv vil eg heller ikkje påstå at ho har, i alle fall ikkje i starten av boka.

Boka er kort, og følgjer Lydia igjennom eit par år av livet sitt. Lydia er svensk, utdanna veterinær og bur i ei bygd utanfor Oslo. Ho lev eit stille, roleg, høfleg og eigentleg fint liv, og saknar eigentleg ikkje så mykje.

Det er ikkje så mykje plot eller handling, men ei fin og lita forteljing om Lydia og alt som går føre seg inne i hovudet hennar. Ikkje ei bok for den utålmodige lesar som forventar action, men perfekt lesning for å slappe av på sengekanten. (Sjølv om han kunne spart seg dei få svenske avsnitta inn i mellom, for svensk er verkeleg vanskeleg å lese!)

Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«Den fordømte friheten» av Kaja Melsom

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Den fordømte friheten

Dette er ei slags salig blanding av dokumentar, sjølvhjelpsbok (unnskyld, sjølvutvikling) og essay. Den minner meg veldig om Sapiens av Yuval Noah Harari, på måten den er skriven på. Lettlest, forståelig og ganske så konkluderande. Melsom vert til tider litt moraliserande og påståeleg, men det meste ho legg fram er – i alle fall for meg – forståelege og fornuftige argument.

Denne knøttlille boka tek altså for seg «selvrealiseringstyranniet» i dagens samfunn. Altså det at alle skal vere så kreative, jobbe for seg sjølv, finne den store kjærleiken (som skal få blodet til å bruse heile livet), og ikkje minst vere unike. Blir vi nokon gong bra nok? Viktige nok, spesielle nok? Uunnverlige? Svaret er jo ganske enkelt: NEI.

Dama er altså filosof, men ikkje la det skreme deg. Boka går fint an å lese om du aldri har opna ei filosofibok eller teke EXPHIL på universitetet. Ved bruk av kvardagssituasjonar og konkrete eksempel viser Melsom korleis vi sakte, men veldig sikkert øydelegg for oss sjølve. Dette temaet er jo noko eg faktisk tenker ganske mykje over: Kvifor er vi alle så deprimerte for tida? Kva er annleis no? Kvifor blir det ikkje betre? Måten Melsom setter «for mykje fridom» som kjerna for dette er ganske interessant, og har i alle fall gitt meg ein del svar, og eit nytt spørsmål eller to. Og eg anbefaler også deg å lese denne medan du venter på at den nye boka til Harari skal bli omsett til norsk.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Senteret» av Victoria Durnak

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Senteret

Dette er ei rå (på fleire måter) lita bok du kan spandere på deg utan dårleg samvit. Victoria Durnak skriv så bra, at sjølv om du bare følger tankane til hovedpersonen (det vert nemnd éin gong at ho heiter Elsa), så er det interessant og reflektert. Eg sit i alle fall att med kjensla av at eg har lest eit lite stykke god litteratur.

Hovedpersonen (Elsa) har nettopp blitt mamma, men ho er ikkje blitt glad i dottera si, «babyen». Ho har ikkje gitt ungen namn enno (det er visst ganske viktig å gjere dette innan seks månader for å unngå purringar og politianmeldelse). Ho har flytta frå Oslo til Skien, der ho ikkje kjenner ein einaste person, noko som var heile ideen bak flyttinga. Ho bur aleine, og bruker dagane på å trille vesla rundt om på Herkulessenteret. Der prøver ho av og til å bli venn med dei butikkansatte, ryddar i butikkhyllene og lèt vogna stå åleine i nokre minutt av gongen i håp om at nokon skal stele babyen. Og så blir ho interessert i tenåringsjenta Tiril, som konstant naskar og tar selfies.

Gjennom heile boka vert tema som fødselsdepresjon og einsemd skildra med ein varme, sårhet og humor som i mine auge gjer boka knallsterk. Mange av tankane til Elsa kan nok dei fleste av oss kjenne oss att i. Sjølve oppbygginga av romanen er òg verdt å merke seg, som at ho skriv eit innlegg på Babyverden om kjenslene sine, som får varierande svar i løpet av boka. Eit av favorittelementa mine var den subtile nedtellinga som gjekk føre seg jamt og trutt. Og om du lurer på kva nedtellinga talte ned til, så får du lese boka. Faktisk: les boka uansett. Og gi den i gave til vennane dine. Og familien din. Og dei butikkansatte på den lokale Menyen.

Forlag: Flamme
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Victoria Durnak finn du HER.

Sitat

«Arv og miljø» av Vigdis Hjorth

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Arv og miljø

Endeleg har eg og fått lest denne boka! Den har jo stått på leselista mi sidan den kom ut i haust (like lenge som den har stått på bestselgerlistene), og no har eg endeleg fått somla meg til å lese den. Og shit pomfritt, dama kan skrive! Dette er ei bok du ikkje kan suse igjennom; Eg måtte tvinge meg sjølv til å ta pustepauser (eg ville jo eigentleg ikkje legge den i frå meg), men her er det mykje å ta inn over seg og reflektere over før ein les vidare.

Bergljot har brutt med familien sin. Ho har så vidt kontakt med den eine systera, men dét er det. Etter å ha blitt mistrudd av dei då ho fortalte om overgrepa ho vart utsett for av faren, nektar ho å vere ein del av familien. Når foreldra opplyser om testamentet der dei to systrene får familiehyttene, medan ho og broren Bård får ei knapp kompensasjon, vert ho sugd inn i dramaet igjen – til trass for trangen til å halde seg unna. Det blir ikkje betre når faren dør midt i arvetvisten. Her kunne alt ha blitt betre, dersom mora og systrene berre kunne innrømme at dei trudde på ho, at dei angra. Men eigentleg vert det berre verre. Det er vanskeleg for Bergljot å snakke med familien som har avfeid henne heile livet, som ignorerer smerta hennar, som trur ho prøver å «gjere seg interessant».

Bortsett frå den veldig gjenkjennelege handlinga og frustrasjonen ein opplever, så er språket veldig, veldig interessant. Det er veldig muntleg, personleg, utan dialogar, med digresjonar eller forklaringar midt i ei setning, litt hopp i tid og hukommelse, litt tankar og litt fakta. Og veldig ekte. (Det minner meg faktisk litt om slik eg skriv når eg sit her og puslar.) Bergljot sin stream of consciousness er det som driv historia framover og verkar så oppriktig! Når du først har kome inn i hovudet hennar vert boka ganske så lettlest.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Vigdis Hjorth finn du HER.

Sitat

«Lykke til!» av Tegnehanne & Jostein Larsen

Boka er sponsa av Kagge forlag

Lykke til

Dette er ei bok til ungdommen skriven av Hanne Sigbjørnsen (mest kjend som Tegnehanne) og Jostein Larsen (Hanne sin sambuar). Altså, ALLE har vel fått med seg kven Tegnehanne er på dette tidspunktet, og om du ikkje har det er det på tide.

I denne boka finn du «52 ting du dessverre må gjennom før du blir voksen», alle med litt tekst og ein god del tegneseriestriper. Og kva kan eg seie? Det er ganske så spot on. Det er muleg å kjenne seg igjen i omtrent alt, og du sitt att med ei god kjensle. Teksten (og særleg stripene) er ekstremt morsomt, litt kleint, litt trøstande og litt deprimerande. Men slik er det, slik er livet. Streken (fancy ord for tegnestil) er litt annleis enn dei vanlege tegneseriane til Hanne, men humoren er akkurat den same. Om ikkje drøyare!

Denne boka er seriøst den perfekte gåva, anten til deg sjølv eller andre. Både for tenåringar og «unge vaksne» som treng å forberede seg på den verkelege verda, og for «eldre vaksne» som kan le og prise seg lykkelege over å vere ferdige med det. Eg fell jo inn i den første kategorien, og det kjennest ut som om eg nettopp har fått en god klem.

Forlag: Kagge
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Et hundeliv» av Arne Svingen

Boka er sponsa av Gyldendal Norsk Forlag

Et hundeliv

Dette er vel eigentleg ei barnebok, men den kan lesast av absolutt alle aldrar. Det er ikkje bilete i den, så det er ei «vanleg» bok. Eller vanleg og vanleg, fru Blom. Boka er unormalt morosam, og veldig unik!

Synsvinkelen tilhøyrer ein hund. Hunden Basse (eller som han har kalt seg sjølv, Reginald Birger El Nachos Bigdog IV), som tilhøyrer Narko-Kjell. Basse lev det han sjølv kaller eit hundeliv, for han må heile tida bite folk og bur i ei rotete leilighet. Narko-Kjell eigde Basse før han vart Narko-Kjell og berre var Kjell (sjølv om Basse ikkje er einig i dette med at nokon eig han). Han ser på seg sjølv meir som ein ven som Narko-Kjell desperat treng. Dette vert bevist når Narko-Kjells halvbror Gusto dukker opp (mora kalte han opp etter si favorittkaffimaskin), og treng Kjell som verge medan mora er på sjukehuset. Og det kan forandre litt av kvart.

Boka er som sagt morsom, og ei ganske god barnebok. Uten å skulle virke belærande, viser den litt av korleis narkomane kan ha det, og kor vanskeleg rusmisbruk kan vere å leve med – og at det kan vere like vanskeleg å bli kvitt uvanen. Basse sine kommentarar er veldig on point, anten dei er kritiske eller vennlege. Resultatet er i alle fall ei knallbra bok!

Forlag: Gyldendal
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Tinderella» av Heidi Nathalie Hovland

Boka er sponsa av Juritzen forlag

Tinderella

Eg har litt vondt inne i meg. Sorry not sorry, men dette er ikkje særleg bra. Boka skal liksom passe for dei som likar SKAM, men eg ser absolutt ingen likskapar mellom serien og boka, på noko nivå. For å ikkje snakke om karakteren Sofie! Ho er nitten, men oppførselen er meir som tretten. Intelligensen og normal folkeskikk er kanskje lågare. Det står bakpå at Sofie er sjølvutleverande og ironisk. I call bullshit. Sofie framstår berre som smådum, barnsleg (ho snakkar seriøst berre dritt om foreldra sine, som ikkje eigentleg gjer noko gale) og overflatisk. Det vert ikkje oppfatta som sarkasme eller satire frå mi side, berre kleint.

Sjølve boka handler berre om alle dei forskjellige gutane som Sofie møter, som alle er dumme, kjedelege, sjølvopptatte, overflatiske, frekke eller stygge. Vel, shocker, Sofie er ikkje noko catch sjølv. Ho er ferdig på vidaregåande, jobbar på kafé og bur fortsatt heime, noko ho surmular over konstant. Ho leiter berre etter kjekke, rike, vestkantgutar, men ingen er bra nok når det kjem til stykket (til trass for kor smålubben, lite pen, lat og kjedeleg Sofie sjølv veit ho er). Ho sveipar og sveipar. Ho vil så gjerne ha kjæreste, men ingen er bra nok. Ho klager over alle som dumpar ho etter ein date, men gjer akkurat det same sjølv. Forfattaren har jo uttalt at mykje er basert på eigne erfaringar, og dersom det stemmer synest eg eigentleg litt synd på ho.

UNNSKYLD for at eg verkar så sur og negativ. Eg prøver alltid å vere positiv når eg omtaler bøker, for vanlegvis vil bøker passe for ein eller annan. Eg ser derimot ikkje heilt kven som vil like denne boka. Vaksne kjem nok til å tenke det same som meg (auch, er eg så gamal allereie??), unge vil nok oppfatte det som ganske merkeleg opplegg. Eller, opplegget og ideen er ikkje så dum, utførelsen er berre mislukka. Språket er dårleg (show, don’t tell gjekk forfattar og redaktør hus forbi), det skjer ikkje så mykje som ikkje involverer alkohol og sex av typen why not? Uff, nei, det funker ikkje. Eg føler eg burde vere ung og kul og like denne boka (eg er yngre enn forfattaren), men det gjer eg dessverre ikkje.

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Min fars fem bad og andre fortellinger» av Per Schreiner

Min fars fem bad

Denne boka med mange fortellinger er skriven av Per Schreiner, ein av manusforfattarane bak Kampen for tilværelsen (den sjukt morosame TV-serien om livet i Ullevål Hageby). Og eg kan eigentleg seie med ein gong at dersom du likte den serien (den er jo dessverre ikkje tilgjengeleg lenger), så vil du òg like denne boka. Den er like full av mørk humor, ei perfekt blanding sannsynlege og usannsynlege hendingar og viser fram dei små, fæle delane vi har inne i oss.

Som for eksempel å la formannen i burettslaget døy fastklemt under bilen sin. Å ikkje ville bli som far sin, som fyller tomromma i livet sitt med å byggje nye bad (derav tittelen på boka). Korleis det er å døy. Og er det innafor å lyge til foreldra sine om å ha fått barn? Korleis overleve ei helg med konas motbydelige familie?

Boka er fylt med temaa og brokkane nevnt ovanfor, pluss mykje meir. Eg trur eg kan garantere at du vil le, på ein litt sånn klein og vantru måte. Men du vil like det òg. Dét trur eg i alle fall at eg kan garantere.

Forlag: Tiden
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Chicks o’hoi» av A.N.P.

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Chicks ohoi

Denne boka har jo vorte ein liten snakkis sidan den kom ut, og hoppa ganske raskt inn på bestselgerlistene for sakprosa. Når eit leseeksemplar kom inn i butikken kunne eg ikkje dy meg, mest på grunn av det utruleg kule coveret.

Eg kan seie etter berre 40 sider at dette ikkje er ei «ekte» dagbok. Altså, det kan godt hende at dette er skrive av ei jente på min eigen alder, men eg synest det er så vanvittig tydeleg at denne «dagboka» har jenta skrive for å gi den ut. Det er ikkje ei «hundre prosent usensurert dagbok» i den forstand at jenta berre har notert ned kvardagen sin og SÅ bestemt seg for å prøve å publisere den. Det er ganske misvisande, etter mi meining, å kalle det «bekjennelser» og gudveitkva. Det er ei ung jente som fortel om livet sitt, og prøver å skrive djupe (dårlege) essay, endå dårlegare skjult som dagbokinnlegg. (Eg nekter i alle fall å tru på at den er ekte.)

Eitt av spørsmåla A.N.P. stiller dagboka si er om ho har ein unormal vennegjeng eller om ein berre aldri høyrer om folk sine sjuke tankar og handlingar. Eg haller ekstremt mot det første, for desse greiene er faen ikkje normale. Uansett kor normalt seksualitet er, så er enkelte av desse greiene berre seriøst fucka. Og warning/spoiler: boka inneheld dickpics. Er det i det heile tatt lovleg??

Elles kan eg seie at det meste som står i boka er totalt ekkelt. Sitat: «Jeg vil slikke flere hårete rumpehull.» Altså, eg er heilt for at seksualitet er normalt, men litt må det gå an å halde privat. Eg veit ikkje heilt kva eg skal seie. Eg kan jo sitere ein kollega: dette er eit makkverk. Det er faktisk noko av det verste eg har lese. Både innhaldet, skrivemåten… At dette er publisert, er på grensa til flaut. Stryk det. Det ER flaut. Ikkje kast vekk tida di på denne boka, uansett kor poppis den er for tida.

Forlag: Kagge
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Kledd naken» av Agnes Lovise Matre

Boka er sponsa av Gyldendal Norsk Forlag

Kledd naken

Eg er vel ikkje den fyrste i landet til å lese Kledd naken av Agnes Matre, men eg håpar då verkeleg at eg ikkje blir den siste. Denne boka fortener eit breitt publikum. Temaa som vert tekne opp er viktige. Boka er jo heller ikkje ny, men voldtekt slutter jo aldri å skje. Orda «viktig» og «bok» bør her plasserast saman.

Iselin lev eit perfekt liv. Ho er gift med ungdomskjærasten, har to fine barn og er lærar i bygda. Det einaste problemet ho har er at ho er litt husredd, men det har jo aldri skjedd noko. Heilt til ho vert brutalt voldtatt etter ein bygdefest, og i tillegg av ein nær venn. Ingenting blir det same. Panisk vel ho å halde det for seg sjølv, og angsten overmannar henne. Ekteskapet skrantar, ungane lid og sladderen går over heile bygda. Iselin er hjelpeslaus.

Temaet er sårt som få, og ein vert konstant provosert når ein les. Eg er jo frå ein liten stad sjølv, så bygdemiljøet i boka er veldig gjenkjenneleg. For de som har lest bloggen min ei stund, veit at eg gjerne snakkar om pendlerbøker; lettlestebøker med korte kapittel. Denne er slik. Ekstra spennande er det at perspektivet skiftar, om ikkje ofte, frå Iselin til mange av dei involverte. Boka er kjempebra, men det er litt vel drøyt å kalle det ein kriminalroman, slik bladet inni seier. Og ja, sjølv om slutten var kanskje likevel litt for vag for min smak, så anbefaler eg boka.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2016 (Comino forlag 2015)