Sitat

«Hennes løgnaktige ytre» av Selma Lønning Aarø

Okei, eg føler meg utruleg late to the party her, men har de lest denne boka?! Gudnådemeg, altså. (Vel, eg las den ikkje. Eg høyrde den på lydbok, og gjett om eg kan anbefale det! Andrea Bræin Hovig har gjort ein fantastisk innlesarjobb.)

Anna Munch har du nok aldri høyrd om. Eller du har kanskje høyrd at ho var ein stalker, som forfulgte Knut Hamsun, plaga han, sendte anonyme brev til folk han kjende om kor grusom han var? Det du burde høyrd var kor utruleg fantastisk ho var som forfatter, kor moderne ho var som kvinne og kor urettferdig samtida og ettertida har behandla henne. Og det er dette Selma Lønning Aarø tek opp i denne biografiske romanen basert på ekte brev, dagboknotater og fleire biografiar.

Anna har ein underleg oppvekst med sine mange søsken på eit asyl, der faren er bestyrer. Ho lengter etter å kome seg vekk frå alt og alle, og gifter seg med søskenbarnet til Edvard Munch. Ekteskapet visner raskt når ho begynner å skrive og får utgitt bøker. Bøkene får fantastiske kritikker, men privatlivet rakner. På eit foredrag høyrer ho Hamsun snakke om litteratur og politikk, og sender han eit brev for å fortelle kor einig ho var og kor flott talen hans var. Hamsun svarer ved å dukke opp på døra dagen etter. Dei utvikler eit vennskap, og Anna føler seg knytta til han på eit nesten åndelig nivå. Samstundes er han ein av samtidas største forfattarar, og skremmer livet av henne. Etter kvart går Hamsun lei av vennskapen etter ei episode på eit hotell, og plutseleg snur samfunnet (og avisene, og politiet) seg mot Anna. Hamsun har anmeldt henne, og hevda at ho er mentalt ustabil.

Historia er fortalt frå Annas dotter, Signe, sitt syn. Fortellinga til Signe vert sett i gang når ho i 1945 kjem ut frå Grini etter krigens slutt, og ser nekrologen Hamsun har skrive om Hitler. Brått hugser ho barndommen sin, og denne mystiske mannen frå den, han som kanskje var skuld i foreldra si skilsmisse, hennar oppvekst utan ei mor og kanskje skuld i moras galskap og lidenskap.

Sjølv om dette er ein heilt annleis roman enn Lønning Aarø pleier å skrive (som Jeg kommer snart), dukker mykje av den same tematikken opp: forholdet mellom kvinner og menn. Eller kanskje meir mangelen på det? Hamsun påstår jo at det ikkje eksisterte noko slags forhold mellom dei to, medan Anna meinte at dei hadde ei samhørighet.

Eg kan absolutt anbefale denne boka! For eit språk, for ei historie, for ei innsikt vi får! Og ikkje minst kor mykje norsk litteraturhistorie som er skvist inn i denne relativt tynne boka. Det her burde absolutt vore pensum på innføringsfaga i litteraturvitenskap (and I should know). Om du er like treig som meg og ikkje har lest boka enno, gjer deg sjølv ei teneste; LES DEN.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Selma Lønning Aarø finn du HER.

Sitat

«En sang for druknede sjeler» av Bernard Minier

Leseeksemplar

Hurra!! Ny bok av Bernard Minier! O lykke, kan du godt seie. Det seier du i alle fall om du fekk med deg den første boka om kriminalførstebetjent Martin Servaz i fjor haust, Hvis helvete var av is. For den var jo fantastisk. Den (og denne) er faktisk noko av den beste krimmen eg har lest, og eg misliker eigentleg politikrim. Men Minier er fantastisk. Og når bøkene er på 600 sider, er det jo voldsomt godt gjort å halde spenninga oppe gjennom heile greia.

Martin Servaz vil nok aldri heilt bli fri frå spøkelset til Julian Hirtmann. Eller, tanken om han. Han er sikker på at Hirtmann vil kome att – ein mann som han kan aldri slutte å drepe. I mellomtida må Martin gjere jobben sin som politimann, og ei ekkel sak dukker opp. Ein ung, vakker lærar har blitt funnen død i badekaret sitt, med mange dukker flytande i bassenget hennar. Og ved bassengkanten sit ein elev. Saka verker ganske så enkel, heilt til Martin oppdager at ein CD av båe Hirtmann og Martin sin favorittkomponist, Mahler. Og brått er det litt meir komplisert.

Fortida til Martin blir gravd opp, og framtida til dottera vert truga. Ingenting i saka ser ut til å gi meining, og den hovedmistenkte er sonen til Martins ungdomskjærast. Som sagt: litt komplisert. Og etter kvart griseskummelt. Perfekt påskekrim!

Sjekk det creepy omslaget, då!! Akkurat slik som i bok nummer ein er det fokus på eit auge (som så klart har mykje med plottet å gjere), og eg elsker at dei matcher.

Eg antar den tredje boka kjem i haust, i alle fall håper eg det. Eg venter i alle fall i spenning, og gler meg allereie.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Bernard Minier finn du HER.

Sitat

«Veronika vil dø» av Paulo Coelho

Coelho sine bøker er stort sett slik at du anten elsker eller hater dei, og eg er ein av dei som elsker dei. Dei er jo ganske spesielle, og ikkje vanlege romanar med ei enkel historie rett fram. Her er det stort sett viktig å lese litt mellom linjene, og følge med på dialogen og tankane til personane framfor handlinga. Utroskap er kanskje ei av favorittbøkene mine.

Veronika er ei ganske så alminnelig, slovensk ung jente. Ho har ein ok jobb, kjærester og venner frå tid til annen, livet er stort sett ganske ok. Og her er problemet. Livet er så likefram og grått og Veronika ikkje føler at ho faktisk lever. Ho føler faktisk at livet er for stabilt. Så ein dag svelger ho mange smertestillande, klar for døden. (Problemet med ting som paracet og slikt, er at det ikkje tek livet av deg. Det skader derimot levra, hjartet og andre organ såpass at du vil døy av skadene etter kvart; ein ganske smertefull død. Så sånn sett «døyr» du to gonger.) Så Veronika vakner på eit asyl, for å leve ut sine siste dager der, saman med dei mentalt sjuke og dei som later som dei er det, for å leve avskjerma på staten si rekning. Og medan ho døyr, lærer Veronika mykje om å leve.

Boka er verkeleg ein tankevekker, og alle som har slitt med depresjon eller sjølvmordstanker bør lese den. Den gir så utruleg mykje! Coelho skriv så utruleg fint, og han skildrer både menneska og miljøet så utruleg godt. Han veit kva han snakker om; han har sjølv vore innlagt på institusjon nokre gonger då han var yngre, og ingen har enno fortalt han kva han gjorde der. Og Veronika er basert på ein ekte person, slik som asylet er basert på eit ekte asyl i Slovenia.

Ei bok verdt å lese, for alle som vil lære litt om livet.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2012 (1998)

Fleire bøker av Paulo Coelho finn du HER.

Sitat

«Optikeren på Lampedusa» av Emma Jane Kirby

Leseeksemplar

Optikeren på Lampedusa er ein dokumentar om ei båtlass med flyktningar som forliste utanfor øya Lampedusa i 2013. Optikeren på øya og ein gjeng av vennane hans var tilfeldigvis ute med båten sin, og klarte å redde 47 av dei. (Å hjelpe ulovlige immigranter er … vel, ulovleg i Italia.) Denne boka handler om tida før hendinga, sjølve hendinga og korleis optikeren og dei andre takler dette i ettertid.

Ein vanleg vennegjeng, som oppdager at det plutselig stimler av folk rundt båten deira. Menneske som skrik etter hjelp, skrik for å redde livet sitt. Som klorer etter henda deira, trygler om å bli dratt ombord. Blikka deira, fulle av skam, redsle og verdiløyse. Og ikkje minst den grusomme kjensla til optikeren og dei andre når dei forstår at dei ikkje kan redde alle, og må velje kven som får leve og kven som må døy.

Boka er skriven meir som ein roman enn ein dokumentar, og eg gløymer innimellom at det er sakprosa og ikkje fiksjon. Det er eit par veldig sterke scener inni her, men det kan òg bli litt trått. Boka er ganske så rørande, men den lever ikkje opp til potensialet sitt. Litt for treig for ein roman, for lite fakta for ein dokumentar. Den har vunne mange priser og slikt, og eg forstår jo det; det er jo ein kjempevekker for alle som ignorerer flyktningkrisa. Men ja, nei, kanskje Emma Kirby ikkje var den rette til å skrive boka?

Forlag: Press
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Ung jente, voksen mann» av Eline Lund Fjæren

Ung jente, voksen mann er debutboka til Eline Lund Fjæren, men eg har allerede lest (og elska!) bok nummer to, Klokken og sengen. Ho er verkeleg ein fantastisk skribent, dette er bøker du sluker i eitt jafs med massevis av knuter i magen og tårer i augekroken. Verkeleg. Og for ikkje å snakke om kor mange priser ho allereie har vunne. Herrejemini, altså.

Boka handler om ei jente på tretten som har eit forhold til ein mann på over tredve. (Jada, ulovleg, we know.) Ho skjuler naturleg nok denne delen av livet sitt for familien, kun eit par venninner veit om det. Ho er så annleis enn dei andre – å miste jomfrudommen som trettenåring medan venninnene dine kanskje får sine første kyss set deg liksom litt utanfor. Han veit ikkje heilt kva han skal gjere med saka, mannen i forholdet heller.

Vi følger dei gjennom eit fem år langt av-og-på-forhold, der maktbalansen skifter undervegs. Noko som fascinerte meg ved boka var den totale mangelen av unnskyldninger for det skandaløse forholdet. Det var ikkje «å, eg veit at dette er feil, men det er kjærleik», det var berre. Du får heller aldri vite akkurat korleis forholdet starta og kven som tok initiativet, det var i alle fall eit moment som fanga meg. Historia fordeler ikkje skuld eller ansvar, det er berre ei skildring av dette ujamne, men av og til nesten for jamne, forholdet.

Og så er det jo spekulert i massevis om dette er ein sjølvbiografisk roman. Så vidt eg veit har Lund Fjæren aldri svart på det, men eg kan jo innrømme at eg trur at det er det. Fleire av kjenneteikna til jenta stemmer overeins med forfattarens eigne trekk, og til og med etternavnet vert kommentert. Men eg skal ikkje kome drassande med debatten om «virkelighetslitteratur», eg nøyer meg med å bedømme dette som god litteratur, fiksjon eller fakta.

(Biletet er passande nok tatt i Bergen, på favorittstubben min langs Tippetuene på vei opp til Fløyen. Ja, eg har ein favorittstubbe.)

Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av Eline Lund Fjæren finn du HER.

Sitat

«Kvinnen i vinduet» av A.J. Finn

Leseeksemplar

A.J. Finn har jobba i forlag sjølv, og har no gitt ut si første bok. Det er ein mann, om nokon skulle lure på kva som gøymer seg bak dei to bokstavane. Og alle med sosiale medier har vel fått med seg denne boka i januar/februar, eg veit i alle fall at feeden min praktisk talt har vore spamma. Og alle har vore frå seg av begeistring! (Om du har lest bloggen min jamt, veit du at då blir eg veldig skeptisk og redd for å bli skuffa.) Så fekk eg altså tak i eit leseeksemplar, og satte i gong.

Anna Fox lid av agorafobi (frykt for opne rom), og har frivillig sperra seg sjølv inne i eit års tid. Mannen og dottera er ikkje lenger hos henne, og ho drikk tett. Ho tek òg litt av den sterke medisinen psykologen hennar skriv ut til henne, når det passer seg slik. Anna er faktisk psykolog sjølv, og bruker dagane sine på å hjelpe andre med agorafobi. Og så sit ho i vinduet og spionerer (og fotograferer) naboane. Det er berre ei snuskete, lita vane utan poeng, heilt til ho ser den nye dama i nabohuset bli drept. Men ingen trur henne – dei trur ho har dikta opp eller innbilt seg alt. Og det er vel alle dei tomme vinflaskene og tomme pilleeskene bevis nok på?

Eg må berre innrømme det (faen); eg blei skuffa igjen. ÅÅÅÅ, kvifor gjer eg dette mot meg sjølv? Ein kan ikkje benekte at Finn kan skrive, det er vel dette ein kaller «elegant». Men det tek for lang tid før handlinga verkeleg starter. Akkurat litt for lang, og det blir litt for langtekkeleg gjennom heile boka. (Litt som med filmreferansane; god idé, men det blir så altfor mange.) Eg såg fleire av dei store tvistane kome på lang avstand, og blei regelrett sur når eg kom på slutten og oppdaga at det var jo omtrent blåkopi av Frustrerte fruer! (Og sjølv om det kom ein ganske bra tvist etter der igjen, så var eg allerede såpass irritert at den vanlege entusiasmen og sjokket var fråverande.)

Det er ganske mange spennande scener i denne velskrivne boka, men den lev ikkje opp til hypen. Sånn sett misunner eg dei som las boka utan nokon forventingar. For dei vart jo dette sikkert ein skikkeleg opptur; for meg vart det ein ganske … flat tur.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2018

Sitat

«The One Memory of Flora Banks» av Emily Barr

Denne unike ungdomsromanen er ei slik bok som berre blir betre og betre dess lenger ut i boka du kjem. Den starta ganske dramatisk, blei så veldig treig ei stund, men siste halvdel var verkeleg ekstrem. Det var twist på twist på slutten, og uhyre spennande.

Flora Banks har hukommelsestap. Eit ganske spesielt tilfelle av det, for ho hugser alt som skjedde før ho var elleve år gamal og opererte ut ein svulst. Ingenting ho har opplevd etter det fester seg i hukommelsen, men Flora gjer så godt ho kan for å leve eit normalt liv. Ho er no sytten år gamal, og på fest saman med bestevenninna, Paige. Men på slutten av festen kysser ho kjærasten til Paige, Drake. Dette hadde jo berre forsvunne ut i intet, dersom det ikkje var slik at Flora hugser det når ho vakner. Ho hugser faktisk kysset, heilt på ekte. Flora er overbevist om at det er ekte kjærleik, og når Drake tek kontakt frå Svalbard, grip ho sjansen sin til å vere med guten ho elsker, og reiser. (Og de kan jo tenke dykk korleis det her utspelar seg når ho gløymer alt som har skjedd rundt kvar tredje time!)

Grunnen til at det er treigt i starten, er fordi ho ramser opp heile livet sitt kvar gong ho gløymer kvar ho er. Det er på grensa til frustrerande, men eg forstår jo kvifor det må vere slik. Men veldig lite viser seg å vere slik det kan sjå ut ved første augneblink i Floras liv, og stein etter stein blir snudd. Dette er verkeleg eit psykologisk drama av førsteklasses kvalitet, og Barr viser gong på gong i slutten av boka at ho har evna til å overraske. LES!

Fleire bøker av Emily Barr finn du HER.

Forlag: Penguin
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«En av oss lyver» av Karen M. McManus

Leseeksemplar

ALTSÅ, spenningsromanar for ungdom. Her er det mykje bra, men denne er verkeleg fantastisk. Ikkje så altfor grusom, men meir psykologisk utfordrande. Eg verkeleg susa gjennom boka, for den var så medrivande! Det tok bittelitt tid å venne seg til den brå vekslinga mellom karakterane, men når du hadde blitt kjend med dei, gjekk det fint.

Simon, Nate, Addie, Cooper og Bronwyn er alle svært forskjellige ungdommar, som alle sit att etter skulen ein dag. Dei er absolutt ikkje den typiske forsamlinga i gjensittinga (unntatt Nate, då), og det viser seg å ikkje bli ei typisk gjensitting heller. For før tida er ute, er Simon død. Og nokon i rommet må vere den skuldige. Dei fire andre seier dei ikkje gjorde det – men ein av dei er nøydd til å lyge. For nokon har drept Simon.

Boka er superspennende, og sidene flyr av gårde. Du blir så godt kjend med karakterane, og det aller meste er ganske så truverdig. Her er så mange problem ein kan kjenne seg att i, så mange viktige tema som vert tekne opp. Du blir glad i personane, og du sit med nervane i heilspenn til siste side er snudd.

Eg har eigentleg berre ein ting å klage på: altså den derre siste sida. Den var så altfor obvious. Når hinta kom, trudde eg at det var falske spor slik at eg skulle bli lurt til å tru at eg hadde skjøna samanhengen. Og eg blei dritskuffa når eg kom til slutten og forsto at eg hadde visst det heile tida. Eg hadde faktisk håpt på ein smartare slutt.

Boka er òg tilgjengeleg på engelsk, One of us is lying, dersom du foretrekk det.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Karen M. McManus finn du HER.

Sitat

«Gather the Daughters» av Jennie Melamed

Ikkje les denne om du er ei sart sjel. Det er ikkje ei ungdomsbok. Det er ein sterk, altfor truverdig og skremmande dystopi.

Kva viss du har vokst opp på ei lita øy, og du heile livet har blitt fortalt at de er dei einaste igjen i verda. I det som pleide vere USA er det no berre øydeland: alt er brent opp av flammer frå dommedag og kunne sjuke og funksjonshemma mennesker er att. De er dei einaste igjen.

Nokre jenter gler seg til dei får mensen så dei kan bli gifte. Dei aller fleste gruer seg. Janey er den som gruer seg mest; faktisk så mykje at ho har sulta seg i årevis for å unngå å bli fruktbar. Ho er dermed mykje eldre enn dei andre jentene, og har fått ein rar og mislikt posisjon i samfunnet. Ho er vaksen, men ikkje vaksen. Amanda er ei av dei som har sin «summer og fruition» no (fruktbarhetssommer?), og vert raskt gift og gravid. Men når Amanda får greie på eit par ting og begynner å stille spørsmål ved det religiøse samfunnet, ender ho opp død. Og verre enn det – Janey ser korleis ho døyr. Og det er her alt eksploderer, for Janey har fått nok av det undertrykkande samfunnet ho lev i, og ho trur ikkje på alt dei er blitt fortalt om forfedrene sine. Ho starter eit opprør, som ender brutalt.

Som eksempel på kor fucka desse religiøse gærningane er: det er heilt normalt – faktisk forventa og påkrevd – at fedre skal forgripe seg på døtrene sine frå dei er småbarn, så dei skal vere førebudd på ekteskapet som kjem rett etter første sommer med mensen. Vanligvis i tolv-trettenårsalderen. Og ja, menna er ofte ti år eldre. Og når dei har blitt vekkgifta, flytter dei stort sett inn i huset til eit av foreldrapara, og dei må berre fint ta gift og ofre livet for den yngre generasjonen. KVA I SVARTE FAEN.

Dette er ei historie om å stå opp for seg sjølv og alle andre, tørre å stille dei kritiske spørsmåla og viktigheten av å gjere offer. Viktigheten av vennskap, fellesskap og tillit. Og litt om svakhetene vi alle har, og kva svakheter vi ikkje burde akseptere under nokon omstende.

Boka er knallbra. Midt i blinken for fans av The Handmaid’s Tale og The Power. Men igjen, boka har sterke scener: eg tek ikkje noko ansvar for mareritt.

Forlag: Tinder Press
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Lollo» av Linna Johansson

Boka er sponsa av Aschehoug forlag

#rosaprosa er ei seriøs greie for tida. Det florerer av rosa omslag på bøkene, og dei har ein tendens til å vere irriterande gode. (Eg elsker rosa, og det var kun på grunn av fargen at eg ville lese denne boka.) Og altså, jenter, plukk opp denne fantastisk sterke og feministiske romanen! Et must-read?

Då Lollo var tjue år traska ho saman med venninna si Lidija, utan jobb eller skule eller eigentleg noko som helst å finne på. No er Lollo 28 år og fortel om dette året, då ho og Lidija vart dratt inn i ein gjeng der alkohol, narkotika, festing, stripping på internett og prostitusjon er ein del av kvardagen. Avisene lagde ei sak om det, og Lollo fortel oss no si side av saka «alle» har høyrt om.

Boka klarer å veksle mellom å vere sexy og motbydelig, sår og glad, vakker og stygg. Det einaste den konsekvent var, var god. Seriøst, den er knallgod. Eg veit ikkje kor mykje meir eg kan seie uten å spoile boka, så eg trur eg kan nøye meg med å seie at den absolutt bør lesast! Spesielt av kvinner mellom atten og trettifem år? (Men ikkje høyr på meg, les den om du vil, uansett om du er sytti, liksom.)

Det er ganske vanskeleg å ikkje tru at dette er sjølvbiografisk, for det verkar så nært og ekte at det nesten må vere sjølvopplevd. Og så er boka dedisert til Lidija. Likevel kan ikkje internettet gi meg eit positivt svar på dette. Eg fann derimot ut av Linna Johansson er kjent for å eit feministisk litteraturskrift, Bleck, og at dette er debutromanen hennar. Noko som forklarer mykje. Boka er samfunnskritisk, krass og forteljarstemma til Lollo er overbevisande.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Hvis helvete var av is» av Bernard Minier

Boka er eit førehandseksemplar frå Aschehoug forlag

Dette er ein verkeleg murstein av ein krimroman – og eit mesterstykke. Fransk krim, altså. Kva er greia? Kvifor funker det så utruleg bra? (Eg kunne vel faktisk skrive ein analyse om kvifor, men det trur eg at eg står over.) Det er uansett noko av det sjukaste eg har lest på lenge.

Det er så skummelt, det her. For det fyrste er handlinga lagt til foten av Pyreneene, på den franske sida. Det er fjellandskap i desember, kaldt, mørkt, ein småby med eit creepy gruvesystem frå tredvetalet. Som om ikkje det er eit ekkelt nok bakteppe i seg sjølv, er mykje av handlinga lagt til ein klinikk for dei største kriminelle psykopatane i Europa, samla på Wargnierklinikken opp i fjellsida – her er altså jævlig farlige psykisk sjuke menneske i ein skummel liten fjellby. Og betre blir det faen ikkje av å dra inn døde, flådde hestar, seksuelle overgrep og groteske mord. Hjælpes.

Historia startar med at ein flådd, opphengt hest vert funnen i toppen av gruvene. Kriminalførstebetjent Martin Servaz vert heller sur når han oppdager at han skal bruke tida si på å etterforsket drapet på ein hest. Men det er ikkje kva hest som helst, men hesten til forretningsmogulen Éric Lombard. Det heile synest ganske dumt for Servaz, heilt til ein farmasøyt i byen vert funnen, brutalt myrda. Og når DNA frå den farlegaste innsatte på Wargnierklinikken dukker opp på begge åstadene, veit ingen kva dei skal tru. For den berømte mordaren Julian Hirtmann kan vel ikkje ha kome seg ut frå cella si? Eller? Og om han hadde det, kvifor drepe ein hest og så reise tilbake til klinikken?

Eg skal ikkje avsløre så mykje meir av handlinga (og her er mykje, for det er cirka 630 tettpakka sider), men eg kan love at den er fantastisk bra. Kven kan finne på slikt? Plottet er så intelligent, riv ruskande gale, og spenningsoppbygginga perfekt. Boka blir berre betre og betre, og Minier vrir seg elegant gjennom heile historia. Eg vart berre meir og meir nysgjerrig, men klarte ikkje gjette korleis det her ville ende. Og så det med hesten, det er ganske bisart og grotesk. Fantastisk ekkelt.

I tillegg er boka ganske samfunnspolitisk av seg. Media vert kritisert, det psykiske helsevesenet i Frankrike får gjennomgå og samfunnet generelt. Det er definitivt ein fullpakka kriminalroman som vil suge deg inn. Eg slukte den på eit lite døgn, og elska kvart minutt av denne brutale og sinnsjuke (!) historia.

Den franske originalen er utgitt i 2011, noko som forklarer kvifor folk fortsatt bruker MSN og har klapptelefonar. (Det er jo lov å flire litt av akkurat det, synest eg.) Men ja, det slutter jo ikkje her! Dette er den fyrste boka i ein serie om Martin Servaz, og det er vel komne ut tre på engelsk, trur eg? Så her er mykje å sjå fram til!

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Bernard Minier finn du HER.

Sitat

«Mudderhund» av Inge Schilperoord

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Dette var ei bok eg sikkert ikkje ville lest, om det ikkje var for at ein kollega fortalte meg om den. Det er Sidespor-serien til Aschehoug, så du veit jo at du får noko spesielt og lite kommersielt. Og eg kan starte med å seie at eg trur mange vil bli støtt av boka, men at det òg er ei bok så mange som mogleg bør lese. Men ver forberedt på at det tidvis er ganske tøff lesnad.

Jonatan er nettopp sluppen ut av fengsel, på grunn av manglande bevis i saka mot han. Saka han vart tiltalt for var altså pedofili. Han har gått mykje i terapi og er ganske trygg på seg sjølv. Han har strenge rutiner og arbeider mykje for å halde tiltrekkinga si mot barn i sjakk. Han reiser til mora som skal flytte ut av ei blokk klar for riving, berre for å oppdage at ei dame har flytta inn i naboleiligheita, med den vesle dottera si, Elke. Jonatan prøver så hardt å avvise henne, men ho er så einsam. Alt går fint så lenge dei berre kan passe fisken han prøver å friskne til, men det vert vanskelegare og vanskelegare. Og så døyr fisken.

Dette er ei bok ein bør prøve seg på. Den tek opp att ein ganske viktig debatt som var i vår, om pedofili. Mange misforstår både uttrykket, legninga og definisjonen av ordet. Vi må kunne skille mellom pedofile – folk som mot sin vilje har ei legning – og overgrepsmenn (og -kvinner). Det handler om å kontrollere impulsane ein får, begjæret og reaksjonane sine. Veldig mange pedofili skammar seg og arbeider utruleg hardt for å fungere som eit normalt medlem av samfunnet. Schilperoord er kriminalpsykolog, og klarer å skildre denne indre kampen skarpt og sårt, og ikkje minst truverdig. I dette tilfellet er jo Jonatan ein som prøver, og ikkje får det til. Refleksjonane han gjer seg i boka er noko å ta med seg vidare.

Eg vil avslutte med at det er ei ganske velskriven bok. Eg gir den absolutt toppkarakter. Den starter så roleg, vakker, vag og sår, og dess lenger ut i boka vi kjem, dess meir brutal, rå, ekkel og mørk blir den. Og eksplisitt. Det kan vere direkte motbydelig å lese til tider, men det er eit tema vi må tørre å snakke meir om! Schilperoord er ikkje redd for å ta opp eit tema dei fleste ser på som tabu, og som definitivt vil få enkelte lesarar til å rase. Du er advart.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Jeg lar deg gå» og «Jeg ser deg» av Clare Mackintosh

Begge bøkene er forhåndseksemplar frå Cappelen Damm

Du har jo sikkert fått med deg Jeg lar deg gå som kom i fjor, for den vart jo ein bestselger over natta. I tillegg er den skrytt opp i skyene. Eg fikk ikkje somla meg til å lese den før no, og med slike store håp til boka er det vanskeleg å ikkje bli skuffa.

Eg begynte å lese boka klokka sju om morgonen, og synest at det gikk ganske treigt i del ein. Velskrive, liksom, men ikkje så utruleg spennande. Men shame on me for å dømme for tidleg, for når del ein var ferdig og eg starta på del to, vart eg tatt totalt på senga! Eg følte meg så lurt, typ trill rundt.

Ei mors verste mareritt: hennar femårige gut vert påkjørt og drept. Ein politimanns verste mareritt: ein bilfører som stikk av og ei sak som er umogleg å løyse. Både mora til guten og politmannen Ray kjenner på ei skuldkjensle dei ikkje klarer å shake. For å kome seg unna Bristol, byen er det skjedde, reiser Jenna Gray til ei knøttlita bygd i Wales og leiger seg ei lita hytte ut med klippane. Fortsatt prega av ulukka, starter ho eit nytt liv og sørger for ungen som døydde. Ho bygger seg sakte opp eit nytt liv. I Bristol forsker Ray vidare på saka, og eitt år etter ulukka er det ein bit som fell på plass. Og på nytt skal Jennas liv knusast.

Handlinga er inspirert av ei ekte sak Mackintosh jobba med då ho var politi. Eg klarer jo ikkje la vere å lure på kor mykje som er sant og kva som er «kunstnerisk fridom», men Mackintosh kan uansett skrive. Og for ein tvist!!!

Då eg begynte på den andre boka hennar, tenkte eg at plottet var latterleg opplagt. Så tenkte eg at den fyrste boka jo var bygd på ei ekte sak, og at Mackintosh tydeleg mangler fantasi, trass at ho kan skrive godt. Igjen må eg innrømme at eg dømde for kjapt. Eg gjekk faen meg på limpinnen igjen. Ho fekk meg til å tru at eg var sååå glup som hadde skjøna samanhengen, men så… tok eg feil??

Men altså. Til mitt forsvar er dette den same oppskrifta som i Jeg lar deg gå (sjølv om bøkene ikkje har noko som helst med kvarandre å gjere). Begge er blanding av psykologisk thriller og vanleg politikrim, då du følgjer begge sidene. Du har hovudpersonen i førsteperson, politietterforsker i tredjeperson, og så gjerningsmannen i førsteperson – men i kursiv. Så det er jo same opplegget, så litt uoppfinnsomt er det jo, sjølv om eg må innrømme at det fungerer utruleg bra.

Zoe Walker er på veg til jobb som vanleg, då ho plukker opp ei gratisavis og blar i. Sjokkerande nok oppdager ho eit bilete av seg sjølv i ei annonse for seksuelle tenester. Ho vert rasande, flau og forvirra. Er dette ein dum spøk? Korleis har nokon fått tak i et bilete av henne? Viss det er henne då, og ikkje nokon som liknar? Ho sjekker avisa dagen etter, og då er den same annonsa der, berre med ei anna kvinne avbilda. Zoe vert ganske forvirra og rapporterer det til politiet. Dei tar det ikkje særleg alvorleg, før ho finn ei eldre utgave med bilete av ei kvinne som nyleg vart rana. Det viser seg raskt at kvinnene som er avbilda har blitt voldtatt, rana og til og med drept. Zoe forstår at det snart må bli hennar tur.

Dette er skikkeleg creepy greier, og plottet er fantastisk bra. I den fyrste boka er jo den største tvisten i midten av boka, men her er spenninga på topp heile vegen og når makspunktet på siste side. For epilogen er direkte rystande, og den fucka meg over heile to gonger! Herrejesusfred. Eg må seie at eg synest denne var betre enn Jeg lar deg gå, sjølv om begge er knallgode.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: Jeg lar deg gå (2016), Jeg ser deg (2017)

Fleire bøker av Clare Mackintosh finn du HER.

Sitat

«Den hemmelige kvinnen» av Anna Ekberg

Boka er sponsa av Bazar forlag

Bazar forlag er ufatteleg flinke på underholdningsromanar (og det er berre å innrømme det: vi treng slike bøker innimellom!). Denne boka vert kalla «kjærlighetskrim», og frontast som noko nytt. Det er kanskje litt misvisande og henvender seg meir til damer? Og det vil eg ikkje høyre eitt ord om, at denne boka «passer best for kvinner». For her er like mykje handling frå eit manssperspektiv. Og så er boka full av sånt mannfolk liker; vold, horer, penger og alkohol. (Slapp av, det var ein spøk.)

Du veit mest sannsynlig kven Anna Ekberg er allereie, utan at du er klar over det. Det er eit pseudonym for Anders Rønnow Klarlund og Jacob Weinreich, betre kjende som krimduoen bak bøkene av A.J. Kazinski. Og dette er faktisk ein like god krim, fantastisk spennande!

Louise Andersen driv ein kafé på Bornholm og bur der saman med kjærasten sin, forfattaren Joachim, og har gjort det dei siste tre åra. Så dukker det ein dag ein mann opp på døra, og leiter etter Helene. Dei trur først han er gal og ringer politiet, men det viser seg raskt å vere meir komplisert enn som så. For Louise er eigentleg ei rik kvinne som heiter Helene og driv eit shippingfirma. Problemet er at Helene ikkje kan hugse dette, eller mannen sin Edmund, eller barna sine, eller eigentleg noko som helst. Når Helene prøver å finne ut om fortida si, dumper ho òg over ei ganske stygg historie om faren, shippingfirmaet og seg sjølv. I mellomtida prøver Joachim å finne ut kven Louise Andersen eigentleg var, sidan hans kjærast viste seg å vere ei «Helene». Også han hamner midt opp i ei ganske stygg sak, som brått fører til at Helene vert arrestert.

Oversettelsen er ein av dei betre eg har lese av dansk til norsk. (Vanlegvis synest eg dei som oversetter dansk gjer skikkeleg latmannsarbeid og berre skifter ut skrivemåte.) Boka var meir krim enn kjærleik, og sjokkerande god (i alle fall i forhold til forventingane mine).

Dette er ei slik bok som er drivandes spennande medan du les ho, men den lager jo ikkje eit varig inntrykk. Til det vert det litt for «røverhistorie» for meg. Den er knallgod, overraskande, har realistiske karakterar og eit originalt og kreativt plott. Sjølv om Anna Ekberg er fiktiv, trur eg at eg vil seie at ho er Danmarks svar på Simona Ahrnstedt. Og ja, den kan absolutt anbefalast om du ser etter ei bok som sug deg inn i handlinga og held deg der til siste side.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Anna Ekberg finn du HER.

Sitat

«Baby doll» av Hollie Overton

Boka er sponsa av Gursli Berg forlag

Eg kan vel starte med å seie at du ikkje bør vente deg ein krimroman når du startar på Baby doll. Det er heller ikkje ein klassisk thriller, meir eit råspennande drama. (Gir det meining?) Det er ikkje noko stort spørsmål om kven forbrytaren er, det er ganske openbert frå starten av, så det er meir den psykologiske spenninga mellom familiemedlemma og andre involverte som skapar handling og engasjement.

Då Lily Riser var seksten år, vart ho kidnappa frå skulegården. Åtte år seinare er ho enno i fangenskapet, og lite har endra seg bortsett frå at ho har fødd ei jente, Sky. Ein dag gløymer kidnapparen å låse døra til hytta han held ho fanga i, og Lily klarer å rømme med dottera. Ho dukker opp som eit mirakel på dørstokken heime hos mora, berre for å finne ut at omtrent alt er forandra. Alle trudde Lily var død, unntatt tvillingsøstra Abby, hvis liv òg er ganske fucka opp. Når politiet kjem, insisterer Lily på å peike ut kidnapparen sin, for om dei ikkje ser reaksjonen hans når han ser henne, korleis vil dei nokon sinne tru henne? Kven ville trudd noko slikt om han?

Som sagt er det meste av spenninga plassert mellom familiemedlemma, spesielt Abby og Lily. Her er mange dramatiske moment, og overraskingar. (Sjølv når ein kanskje eigentleg ikkje burde bli så overraska?) Karakterane, spesielt Lily og kidnapparen, kan verke litt urealistiske i måten dei oppfører seg på rundt kvarandre. Men igjen, kva veit vel eg om den indre psyka til ein sadistisk jævel eller styrken til ei ung mor i fangenskap? Eg meiner, Natasha Kampusch klarte seg jo?

Dramaet og  plottet gjer meir enn opp for det litt flåsete, amerikanske språket som dukker opp innimellom. Det blir litt vel mykje «ekte kjærleik» her om alle typar relasjonar, og for Lily «går ting opp» og «slår henne» litt for ofte. Kanskje show hadde funka betre enn tell her? Til tross for det ujevne språket, er Baby Doll ein engasjerande, rørande og god roman, spekka med spenning.

Forlag: Gursli Berg
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Idioten» av Elif Batuman

Boka er sponsa av Solum Bokvennen

Idioten er ein litt annleis coming of age novel (dannelsesroman, sjølv om det høyrest meir pretensiøst ut på norsk). Det er ein ganske kompleks roman, som har fokus på så utruleg mykje forskjellig; utdanning, vennskap, (ubesvart) kjærleik, det første møtet med moderne teknologi, språk og litteratur, kultur, og så er her bokstavelig talt ei dannelsesreise.

Denne romanen handlar altså om tyrkisk-amerikanske Selin, som går førsteåret på Harvard. Selin er ei ganske så enkel, uskyldig og gjennomsnittleg jente. Likevel har ho ein tendens til å hamne i dei merkelegaste situasjoner. Ho er ikkje spesielt sosialt oppegåande, kan man vel seie. Å vere litt usikker på korleis ein forholder seg til folk ein er litt interessert i, vert ikkje enklare når ho byrjar å maile med medstudenten Ivan. Ivan er ungarsk og utruleg sær, men Selin fell for han – av ein eller annan grunn. Epostane deira vert ei stund det einaste kommunikasjonsmiddelet dei har, og etter kvart blir det rart å møtast i verkelegheita. For Selin blir Ivan eit slags idealmenneske. (Eigentleg er han ein skikkeleg arrogant dritt, synest eg.)

Vi følger Selin frå hausten fyrste semester, til vårsemesteret og så sommaren etter, då Ivan har lokka henne til å undervise i engelsk i ein liten ungarsk landsby. I løpet av desse tolv månadane reflekterer Selin mykje over dei underlege situasjonane ho hamnar i, livet, seg sjølv, språk, kultur, og tja, det meste. Kanskje spesielt det ujamne forholdet mellom henne og Ivan. Her er mange morsomme scener og betrakningar!

Batuman er tydeleg ein forfatter som skriv om det ho kan. Når ho skildrar utsjånaden til Selin, er det vanskeleg å ikkje sjå på forfatterportettet av Batuman på omslaget. Ho har og den tyrkiske bakgrunnen til Selin, og Selin drøymer jo om å bli forfatter – noko det er openbert at Batuman er. For språket er heilt fantastisk godt, sidene vender omtrent seg sjølv. Ho har skapt ein ganske sympatisk og sårbar karakter, som ein gjerne følgjer vidare. Så, kan eg få ein roman med skuleår nummer to??

Forlag: Solum Bokvennen
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Skjønnhet for aske» av Cecilia Samartin

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Norsk er faktisk det første språket denne boka er publisert på, den engelske utgåva er ikkje å få tak i enno. Så det er jo ei verdspremiere! Og det er ei anna slags premiere òg, for dette er det fyrste møtet mitt med bøkene til Samartin. Det freistar å lese fleire bøker etter å ha lest denne, sjølv om den skal vere ganske annleis enn dei førre bøkene hennar.

Dette er ein ganske rå roman om trafficking, menneskesmuglig, tvangsprostitusjon og alt anna i same kategori. Du kunne kalt det slaveri, for den del. (For det er jo dét det er, moderne slaveri!)

Vi møter tre veldig forskjellige jenter som hamnar i Las Vegas på ganske ulikt vis. Inesa er rundt 16 år og vert kidnappa frå heimbygda si i Moldova; Karla på rundt 14 som forelsker seg og vert manipulert av ein hallik i Mexico; og til slutt 9 år gamle Sammy som stikk av frå barnevernet etter ei grusom hending. Vårt fyrste møte med desse jentene er i Las Vegas når dei møtast for å rømme til California saman. Så vert historiene deira rulla opp, med vondare og verre hendingar for kvart kapittel.

Sjølv om dette er eit ganske jævlig tema, så dristar eg meg til å kalle boka feelgood. Den er jo full av håp! (Vi veit jo allereie frå starten at dei i alle fall er sterke jenter som gjer sitt beste for å kome seg vekk frå «syndenes by».) Det er jo hjerteskjerande! (Sjølv om boka underlig nok ikkje fekk meg til å gråte.) Og ikkje minst viktig, for den belyser eitt tema dei fleste av oss (nordmenn) nok ikkje tenkjer noko særleg på.

Samartin kunne gått mykje djupare inn på den psykologiske biten, og refleksjonane jentene gjer seg om det nye livet sitt. Ho gjer dei ganske distanserte, det blir litt sånn «han voldtok meg» og så fortset berre historia utan å stoppe opp og behandle temaet. På ein måte burde ho jo gå nærare inn på jentene, men samstundes tenkjer eg at då hadde eg nok grått eller kasta opp for kvart kapittel. Den nøkterne måten dei verste handlingane stort sett vert skildra, gjer at boka òg kan passe for ungdom. (Men ikkje kjøp den til tenåringsdottera di om ho er ei sart sjel.)

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Pust for meg» av Cecilie Enger

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Dette er ein av haustens sterkaste titlar. Folk kan kaste seksarar etter Helga Flatland, men når det kjem til psykologiske samtidsromanar, så er det Cecilie Enger som verkeleg imponerer. (Eg har lest Mors gaver òg, men den var berre sånn heilt grei.) Eg meiner det heilt seriøst, denne boka er fantastisk.

Sjølve handlinga kan oppsummerast ganske kort: Anestesilegen Carla Ruud på seksti år skal køyre heimatt til bygda ho vekste opp i og besøke mor si. Når ho nemner dette for ein kollega, spør han om niesa hans som skal den vegen, kan få sitte på? Carla seier at det er greitt, og hentar manusforfattaren Synne på tjueseks år. Turen blir ganske slitsom for Carla, for Synne maser og spør oger utruleg betrevitande og pompøs. Men så treff bilen ein issvull og skjener av vegen. Synne dør. Carla kan berre site makteslaus og sjå på.

Boka dreier rundt korleis Carla takler dette dødsfallet. Skuldkjensla ho både har og ikkje har, refleksjonane rundt om ho skal kontakte foreldra til Synne. Og ikkje minst smerten ho kjenner på, som er veldig ironisk med tanke på jobben hennar innan anestesien. Når Carla så finn dagboka til Synne i bagasjen hennar, klarer ho ikkje motstå freistinga det er å lese.

Det er så utruleg levande skildra, eg kunne sjå absolutt alt medan eg leste. Boka er dramatisk, fin, sår og sterk. For ikkje å snakke om kor reflektert og velresearcha den er! Dette er som sagt ein av dei sterkaste norske titlane i år, kanskje den sterkaste? Kjøp den til deg sjølv, kjøp den til alle du kjenner!

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Cecilie Enger finn du HER.

Sitat

«Vigdis, del for del» av Kaja Schjerven Mollerin

Boka er sponsa av Gyldendal Norsk Forlag

Denne boka kom jo på eit perfekt (kommersielt) tidspunkt – rett etter at folk hadde halvvegs gløymd Fri vilje av Helga Hjorth. For debatten er i gang igjen! Men altså, dette er ikkje eit forsvarsskrift i Arv og miljø/Fri vilje-debatten om virkelighetslitteratur, for boka var påbegynt før Arv og miljø kom ut. Likevel er det ikkje til å stikke under ein stol at denne romanen blei ein stor «del» av Vigdis Hjorth sitt forfatterskap og suksess, så denne tematikken både opner og avslutter boka. Og det er voldsomt interessant!

Eg har gått litt fram og tilbake med meg sjølv, er dette eigentleg ein biografi? Her er jo kun samtaler (samt litt fakta fortalt av Schjerven Mollerin før samtalene)? Det er jo ikkje ei kronologisk historie om eit liv eller eit forfattarskap for fem flate ører, heller ikkje saftige avsløringar, hjerteskjerande opplevingar og ville historier. Men jo, eg har konkludert med at det er ein biografi, for du blir såpass godt kjend med mennesket Vigdis Hjorth. Del for del.

Det er samtaler om alt mogleg innan litteratur, politikk og historie. Samtalene er ærlege og autentiske, sjølv om Schjerven Mollerin styrer retninga med jernhand. Her svarer ein på det ein blir spurt om, og seier ein A må ein seie B. Sjølv på papiret kan ein merke at her er to utruleg intelligente kvinner med god kjemi. Ein treng kanskje ikkje berre interessere seg for Hjorth for å ha glede av denne boka, ein bør ha ei viss interesse for politikk, historie og ikkje minst litteratur for å henge med. For her er mange kulturhistoriske referansar, sjølv om det overraskande nok ikkje gjer boka spesielt tung.

Ein lærer Vigdis å kjenne, del for del og hulter til bulter. Ho er absolutt ei skarp og klok dame som har bøttevis med sjølvinnsikt. Her er òg mange parallellar til Woody Allen og hans verk og humor, og mykje av Hjorths eigen humor. Og varme, då. Det er tullete godt skrive, og til saman vert dette ei ganske fantastisk bok.

Og til det alle lurer på: er overgrepshistoria til Bergljot sann?? Eg skal ikkje avsløre svaret, men om du les boka er det kanskje lettare å gjere seg opp ei meining. (Eg har no alltid hatt mi meining om sanninga i desse to «søsterbøkene», men den debatten får eg heller ta i eit eventuelt innlegg om Fri vilje.)

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Krater» av Marlen Ferrer

Boka er sponsa av Gyldendal Norsk Forlag

Dette er den andre boka til Marlen Ferrer, den fyrste var De bortkomne. Eg har den og liggande, men har ikkje fått somla meg til å lese den enno. Etter denne opplevinga her, blir det i alle fall ikkje spesielt lenge til eg plukkar den opp. Ferrer skriv drivande godt, sjølv om det av og til går litt fort i svingane og eg skummer. (Unnskyld.)

Bo er ein ganske hard, singel type på rundt førti og bur i Oslo by. Sjølv om livet hans ikkje alltid har vore så lett, går det over til å bli direkte sært. Ein morgen går Bo frå one night standen, Leonora, for å kjøpe kaffi. Kynisk som har er, drar han ikkje tilbake til leiligheta si der denne kvinna fortsatt er og sit i senga hans, men stikk innom Kaffibrenneriet for å drikke kaffi i tillegg. Når han etter ein times tid somlar seg tilbake til blokka si, vert han møtt av politisperrer. For der leiligheta hans var, er no eit krater. Ei bombe har gått av, og snart vert det tydeleg at Bo sin nabo, Aldin, er – var – ein ung, islamsk ekstremist som har sprengt ei bombe. Seier dei, i alle fall. Bo klarer ikkje ta det inn over seg heilt. Aldin?

Resten av boka er absurde, djupt reflekterte, morsomme og politiske avsnitt om korleis Bo takler å bli heimlaus (dårlig med forsikring!), roter seg til å bli mistenkt i etterforskninga (fordi han nekter å innrømme at han faktisk kjende Aldin), ender opp på loftet til ekskona til ein framand ei stund, prøver å få kontakt med Leonora, og ikkje minst korleis tapet av Aldin preger han. Her er rett og slett mange merkelege situasjonar. I tillegg vert barndommen hans rulla opp, og det er ei sterk historie om ein oppvekst der ein kjenner seg uønska.

Ferrer har skrive fram eit komplekst forhold mellom menneske som inneheld både omsorg, kjærleik, lojalitet og frykt. Forholdet mellom Bo og Aldin er utan tvil spesielt, og går på tvers av alder, religion og seksualitet. Imponerande nok klarer Ferrer å skildre dette utan å eksplisitt kalle det som er mellom dei eit homofil forhold, og utan å gjere det til ein big deal – noko det eigentleg er, med tanke på at Aldin er ein ekstrem islamist. Sånn sett er det ei veldig politisk bevisst bok, som berører ein del sårbare tema, spesielt når terroristar vert skildra som menneske. For korleis kan ein elske ein terrorist? Kva skjer med alt det fine ein veit om dette mennesket når dei tar slike val? Forsvinn det? Forsvinn kjærleiken?

Dette er enno ei ganske ujevn, men uomtvistelig sterk, original og relativt ny stemme i norsk litteratur. Eg er glad det enno blir gitt ut såpass ukommersielle titlar i Noreg, for dette er ikkje ei bok «massene» vil sluke. Dei som har interessen, vil oppdage ei til tider fantastisk bok om vennskap, kjærleik og religion.

Forlag: Gyldendal norsk forlag
Utgivelsesår: Krater (2017)