Sitat

«Optikeren på Lampedusa» av Emma Jane Kirby

Leseeksemplar

Optikeren på Lampedusa er ein dokumentar om ei båtlass med flyktningar som forliste utanfor øya Lampedusa i 2013. Optikeren på øya og ein gjeng av vennane hans var tilfeldigvis ute med båten sin, og klarte å redde 47 av dei. (Å hjelpe ulovlige immigranter er … vel, ulovleg i Italia.) Denne boka handler om tida før hendinga, sjølve hendinga og korleis optikeren og dei andre takler dette i ettertid.

Ein vanleg vennegjeng, som oppdager at det plutselig stimler av folk rundt båten deira. Menneske som skrik etter hjelp, skrik for å redde livet sitt. Som klorer etter henda deira, trygler om å bli dratt ombord. Blikka deira, fulle av skam, redsle og verdiløyse. Og ikkje minst den grusomme kjensla til optikeren og dei andre når dei forstår at dei ikkje kan redde alle, og må velje kven som får leve og kven som må døy.

Boka er skriven meir som ein roman enn ein dokumentar, og eg gløymer innimellom at det er sakprosa og ikkje fiksjon. Det er eit par veldig sterke scener inni her, men det kan òg bli litt trått. Boka er ganske så rørande, men den lever ikkje opp til potensialet sitt. Litt for treig for ein roman, for lite fakta for ein dokumentar. Den har vunne mange priser og slikt, og eg forstår jo det; det er jo ein kjempevekker for alle som ignorerer flyktningkrisa. Men ja, nei, kanskje Emma Kirby ikkje var den rette til å skrive boka?

Forlag: Press
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Ung jente, voksen mann» av Eline Lund Fjæren

Ung jente, voksen mann er debutboka til Eline Lund Fjæren, men eg har allerede lest (og elska!) bok nummer to, Klokken og sengen. Ho er verkeleg ein fantastisk skribent, dette er bøker du sluker i eitt jafs med massevis av knuter i magen og tårer i augekroken. Verkeleg. Og for ikkje å snakke om kor mange priser ho allereie har vunne. Herrejemini, altså.

Boka handler om ei jente på tretten som har eit forhold til ein mann på over tredve. (Jada, ulovleg, we know.) Ho skjuler naturleg nok denne delen av livet sitt for familien, kun eit par venninner veit om det. Ho er så annleis enn dei andre – å miste jomfrudommen som trettenåring medan venninnene dine kanskje får sine første kyss set deg liksom litt utanfor. Han veit ikkje heilt kva han skal gjere med saka, mannen i forholdet heller.

Vi følger dei gjennom eit fem år langt av-og-på-forhold, der maktbalansen skifter undervegs. Noko som fascinerte meg ved boka var den totale mangelen av unnskyldninger for det skandaløse forholdet. Det var ikkje «å, eg veit at dette er feil, men det er kjærleik», det var berre. Du får heller aldri vite akkurat korleis forholdet starta og kven som tok initiativet, det var i alle fall eit moment som fanga meg. Historia fordeler ikkje skuld eller ansvar, det er berre ei skildring av dette ujamne, men av og til nesten for jamne, forholdet.

Og så er det jo spekulert i massevis om dette er ein sjølvbiografisk roman. Så vidt eg veit har Lund Fjæren aldri svart på det, men eg kan jo innrømme at eg trur at det er det. Fleire av kjenneteikna til jenta stemmer overeins med forfattarens eigne trekk, og til og med etternavnet vert kommentert. Men eg skal ikkje kome drassande med debatten om «virkelighetslitteratur», eg nøyer meg med å bedømme dette som god litteratur, fiksjon eller fakta.

(Biletet er passande nok tatt i Bergen, på favorittstubben min langs Tippetuene på vei opp til Fløyen. Ja, eg har ein favorittstubbe.)

Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av Eline Lund Fjæren finn du HER.

Sitat

«Kvinnen i vinduet» av A.J. Finn

Leseeksemplar

A.J. Finn har jobba i forlag sjølv, og har no gitt ut si første bok. Det er ein mann, om nokon skulle lure på kva som gøymer seg bak dei to bokstavane. Og alle med sosiale medier har vel fått med seg denne boka i januar/februar, eg veit i alle fall at feeden min praktisk talt har vore spamma. Og alle har vore frå seg av begeistring! (Om du har lest bloggen min jamt, veit du at då blir eg veldig skeptisk og redd for å bli skuffa.) Så fekk eg altså tak i eit leseeksemplar, og satte i gong.

Anna Fox lid av agorafobi (frykt for opne rom), og har frivillig sperra seg sjølv inne i eit års tid. Mannen og dottera er ikkje lenger hos henne, og ho drikk tett. Ho tek òg litt av den sterke medisinen psykologen hennar skriv ut til henne, når det passer seg slik. Anna er faktisk psykolog sjølv, og bruker dagane sine på å hjelpe andre med agorafobi. Og så sit ho i vinduet og spionerer (og fotograferer) naboane. Det er berre ei snuskete, lita vane utan poeng, heilt til ho ser den nye dama i nabohuset bli drept. Men ingen trur henne – dei trur ho har dikta opp eller innbilt seg alt. Og det er vel alle dei tomme vinflaskene og tomme pilleeskene bevis nok på?

Eg må berre innrømme det (faen); eg blei skuffa igjen. ÅÅÅÅ, kvifor gjer eg dette mot meg sjølv? Ein kan ikkje benekte at Finn kan skrive, det er vel dette ein kaller «elegant». Men det tek for lang tid før handlinga verkeleg starter. Akkurat litt for lang, og det blir litt for langtekkeleg gjennom heile boka. (Litt som med filmreferansane; god idé, men det blir så altfor mange.) Eg såg fleire av dei store tvistane kome på lang avstand, og blei regelrett sur når eg kom på slutten og oppdaga at det var jo omtrent blåkopi av Frustrerte fruer! (Og sjølv om det kom ein ganske bra tvist etter der igjen, så var eg allerede såpass irritert at den vanlege entusiasmen og sjokket var fråverande.)

Det er ganske mange spennande scener i denne velskrivne boka, men den lev ikkje opp til hypen. Sånn sett misunner eg dei som las boka utan nokon forventingar. For dei vart jo dette sikkert ein skikkeleg opptur; for meg vart det ein ganske … flat tur.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2018

Sitat

«Orbulatoragenten» av Bobbie Peers

Leseeksemplar

Orbulatoragenten er den tredje boka om den unge antihelten William Wenton. Og altså, den går altfor fort unna. (Eg meiner dette som eit kompliment, eg skulle gjerne hatt mykje meir!) Den er ikkje akkurat mindre spennande enn dei andre, og slutten lovar fleire bøker!

William trur livet har blitt litt roligare etter at han er flytta heim igjen. Vel, det varer ikkje lenge. Orbulatoragenten dukker opp forkledd som postmann, og William får ei ny kode å løyse. (Og om du lurer på kva ein Orbulatoragent er, så … får du faktisk berre lese boka.) Eit nytt eventyr er på vei mot William, samtidig som alt går til helvete (unnskyld for banneord i eit innlegg om ei barnebok, men det går faktisk lukt den vegen) både i huset deira, med bestefaren og den gamle vennen hans, og ikkje minst med Instituttet. Og som vanleg – det er kun William som kan fikse alt.

Boka er kjempespennande! Og ikkje høyr på den teite kritikken om at «boka er for filmatisk» og at «det burde vore meir forklaring av kodeknekking». Altså, barnebøker burde jo absolutt vere levande skildra og filmatiske?! Og heile poenget med serien er jo at William ikkje eigentleg kan å knekke koder – det er jo luridiumet som gjer det. Jesus, for ein ignoranse det er i dagens samfunn.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Bobbie Peers finn du HER.

Sitat

«Midnattsrosen», «Den italienske jenta» og «Engletreet» av Lucinda Riley

I Midnattsrosen tek Lucinda Riley oss med til India, til svære gods i England og filmbransjen. Så langt som eg i skrivande stund er komen i forfatterskapet til Riley, er dette den beste boka hennar, by far. Historia er ganske truverdig, med mange overraskingar undervegs – faktiske overraskingar.

Rebecca Bradley, den kjende amerikanske filmstjerna, er for tida på eit ganske slitent og gamalt gods i England for å spele inn ein film. Det går ikkje lang tid før inderen Ari Malik dukker opp for å finne ut kva som hendte med grandonkelen hans. For omkring åtti år sidan var oldemora hans, Anahita, sterkt knytta til godset og eigaren av det. Ho fekk eit barn, men har alltid nekta å tru at barnet døydde. Etter Anahitas død, har Ari bestemt seg for å oppfylle hennar siste ynskje, at Ari skulle finne ut kva som skjedde med son hennar.

Boka er full av oppveksten til Anahita i India og seinare England, omveltingane samfunnet opplevde rundt fyrste verdskrig, kulturkræsj, rasisme, kontrastar, drama og forbudt kjærleik. Den er faktisk ikkje så verst, spesielt på lydbok.

I skrivande stund har eg lest 1-3 av De syv søstre, Midnattsrosen og Engletreet av Riley frå før. (Desse innlegga er slengt sammen etter utgivelsesdato.) Og eg har faktisk likt alle dei fem overraskande godt, men Den italienske jenta er det største klisset eg har vore borti. Herregud, det var ei skikkeleg smørje.

Rosanna er elleve år då ho møter Roberto Rossini for første gong. I dagboka si sver ho på at ho skal gifte seg med den snart-berømte operasangeren. Etter ei anbefaling frå Roberto, byrjar ho med sangtimar, og etter mange år med hardt arbeid ender ho opp i Milano, på La Scala. Og der er Roberto. Resten av boka er fylt av familiedrama, sorg, opprør, røyndommar og ikkje minst kjærleiksforviklingar. Og det er skikkeleg overdrevent, dramatisk, uoriginal og tja, lite truverdig. Dette er for ordens skyld ei bok Riley skreiv då ho var yngre, under pikenamnet sitt, Edmonds. Så konklusjonen er at ho har definitivt blitt ein betre skribent med åra.
Eg har faktisk høyrt denne på lydbok (for den krever null hjernekapasitet å følge med på), og innspillinga var skikkeleg dårleg. Det var noko med stemma til innlesaren som minte meg om ein åtte år gamal gut, og så var det ein slags talefeil som frustrerte meg grenselaust.

Engletreet har eg faktisk òg hørt på lydbok, heile tjue timar. Det er sånt som gjer meg nervøs, tanken på å skulle fokusere og hugse nesten eitt døgn med berre lyd. Men det gjekk overraskande greitt! Historia hadde så få karakterer og få store hendingar, at det gjekk ganske fint å følgje med likevel!

Dette er ei familiefortellings, som starter i «feil ende»: Greta Marchmont skal feire si første jul på familiegodset på mange år. Ho var i ei bilulykke for mange år sidan, og då ho vakna opp etter eit langt koma, hugsa ho ingenting av fortida si. Men denne jula, når ho er ute og spaserer og finn grava til sin treårige son, kjem enkelte minner tilbake, og David, vennen hennar som har passa på henne i alle desse åra, hjelper henne å fylle inn hulla.

Vi blir fortalt ei storarta historie om ein uvanleg familie, som likevel har sine ordinære problem, frå krigen slutter til åttitallet: kjærester som svikter, utenomekteskapelig graviditet, uuttalt kjærleik, pliktkjensle og skuffelse, psykiske problem og rampelyset.

Det er verkeleg ei god bok, og eg storkoste meg med den. Den er litt annleis enn dei andre bøkene hennar, synest eg. Går det an å seie at ei Lucinda Riley-bok minner meir om Kate Morton enn Lucinda Riley??

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: Midnattsrosen (2014), Den italienske jenta (2015), Engletreet (2015)

Fleire bøker av Lucinda Riley finn du HER.

Sitat

«The Sun is Also a Star» av Nicola Yoon

Igjen har eg forelska meg i ein fantastisk fin ungdomsroman av Nicola Yoon. Presset for å følge opp ein så fantastisk roman som Verda er ein boble (Everything, everything) må ha vore stort, men Yoon meir enn leverer. Den er endå betre.

Daniel er oppvaksen med koreanske foreldre i USA, og har eit voldsomt press på seg for å vere perfekt, smart og flink. Han skal inn til New York på eit intervju med ein tidlegare Yale-student, som mora håper vil anbefale han til inntakskontoret. Og der møter han Natasha.

Natasha er ein ulovleg immigrant frå Jamaica, men føler seg eitt hundre prosent amerikansk. Familien hennar skal deporterast i kveld, og ho reiser inn til New York for å møte ein advokat – i tilfelle ho kan fikse deportering. Og der møter ho Daniel.

Dette er ein skikkelig, skikkelig fin kjærleiksroman for ungdom, fylt til randen med kulturell historie, vennskap, krysspress, ringvirkninger og skjebne. Yoon har nokon verkeleg fine innspel innimellom, med parallellhistorier, innblikk, framtidige og tidlegare historier og små faktabitar. Ei slukebok uten like. Eg vil gjerne sei at Yoon er ein ny John Green, men Nicola Yoon er nettopp Nicola Yoon. Og tru meg, ho vil bli like stor innen YA fiction.

Utgivelsesår: 2017
Forlag: Corgi

Fleire bøker av Nicola Yoon finn du HER.

Sitat

«Talte dager» av Heidi Linde

Leseeksemplar

Dette er den første vaksenboka mi av Heidi Linde. Eg hugser eg hadde (og likte!) nokre av ungdomsbøkene hennar då eg var sånn ni-ti år gamal, Jug! og Sug. Eg har hørt både veldig positive og nokre lunkne ting om boka, så eg var veldig spent då eg starta. Eg har hatt den liggande nokre månader no, men har ikkje turt å byrje før no. Så … here we go!

Kaja har flytta på hybel, og skal ein mandags morgon ta bussen tilbake til skulen og hybelen. Liv Karin har anstrengt seg for å lage ein fin frokost og start på veka for dottera, men alt ender med kjefting og krangling. Kaja fyk rasande på dør. Denne krangelen er det siste som hender mellom mor og datter – Kaja kjem snart til å døy.

Vi møter òg fleire karakterer i den bygda, som tilfeldig eller ikkje har noko med Kajas død å gjere. Trådane vert samla heilt på slutten, og det går for min del berre sånn halvvegs opp. Ja, ein eller to var kanskje verdt å blande inn i historia, men eit par er skikkeleg unødvendige. Og eg synest oppbygginga var så rar, eg skulle gjerne hatt mykje meir om livet til Liv Karin og korleis ho takla denne sorga, for så langt kjem vi aldri i boka. Det hadde vore mykje meir interessant enn til dømes historia om Ingeborg eller Jonas. Og det var eigentleg den historia eg hadde forventa å få servert?

Vi befinn oss i ei lita vestlandsbygd (hurra!), og eg må innrømme at det er veldig velskildra. Linde har gjort ein kjempejobb med researchen sin, så eg aksepterer lett at dei snakker (skriv?) bokmål. (For eg har klokkertru på at folk må få skrive på det målet dei vil, uten at alle skal kome og klage.) Det er ikkje dårleg, berre det! Faktisk er det heller sjeldent. (Til dømes synest eg Maja Lunde gjorde ein elendig jobb med si «vestlandsbygd» i Blå. Rett og slett litt flaut å lese.)

I utgangspunktet synest eg ideen er veldig god, men det blir litt for mange karakterer, litt for overflatisk og utvatna, og til tider litt langdrygt. Historia er god, men blir nesten litt «overfortalt» av alle dei ulike stemmene. Og så skriv jo Linde sånn sett veldig godt (godt nok til at sidene går kjapt unna), men ho makter ikkje å skildre karakterane såpass nært at ein får medkjensle med dei på dei få sidene dei totalt er med. Dermed berører det – og boka – meg ikkje slik eg skulle ynskje det gjorde. Alt i alt vart det ei ganske midt på treet-oppleving. Dessverre.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«De fems tegn» av Hans Olav Lahlum

Boka er eit rådgjevareksemplar frå forfattaren

Hold on to your hats, people; Hans Olav Lahlum har skrive ein krim/thriller som ikkje handler om K2 og Patricia! Denne gongen er det ei heilt frittståande bok som kjem ut på tampen av sommaren, med eit ganske annleis tema og innhald. Det er ikkje ein typisk whodunnit, vi veit heile tida kven gjerningsmannen er – vi følgjer både han og ein politietterforsker, og får flashbacks ved starten av kvar ny del av boka. Som er – gjett, da! – delt opp i fem delar.

Hovedpersonen har mista alt. Han er pensjonist, men det er ingen familie eller vennskap i livet hans. Han er fortsatt bitter over det grusomme som hendte han under andre verdskrig, og bestemmer seg for at tida er inne for å ta hemn. Med litt hjelp frå internett, leiter han opp «fiendane» sine, og bestemmer seg for å konfrontere dei  med smertene dei påførte han (og kanskje drepe dei på grunn av desse). Og så må han jo reise rundt om i Europa for å få fatt i desse menneska, som no har spreidd seg for alle vindar.

Eg likte boka, og synest den hadde driv. Problemet mitt er språket som heng igjen frå K2 og Patricias seksti- og syttitalsetterforskning. Det vert for gamaldags, på fleire nivå. Men når det er slik ein pleier å skrive krim, så… Enkelte utbroderingar var òg litt vel langdryge og unødvendige. Og enkelte av momenta som leier til oppklaringa, verker for meg usannsynlege, men alt i alt tommel opp. Det er imponerande å halde spenninga oppe sjølv om ein heile tida veit kven som begår drapa, korleis og kvifor. Sjølv om eg fortsatt foretrekker krimserien om K2.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Hans Olav Lahlum finn du HER.

Sitat

«Hjem til deg» av Sarah Jio

Leseeksemplar

Eg har aldri lagt skjul på at eg elsker, elsker, elsker Sarah Jio sine bøker. Ja, dei er lettleste underhaldningsromanar, men dei er er jo fantastisk velskrivne. Jio er absolutt ein av mine favorittforfattarar; bøkene hennar er fylt med så mykje varme, livsglede, dramatikk og historie. Og denne boka er akkurat slik dei forrige: ei fryd å lese. (Og fortener eigentleg eit betre bilete enn saman med den triste palmen i stua mi, men sånn er det når ein bur i Bergen og det pissregner.)

Charlotte er på cruise med ektemannen sin. Det skulle bli ganske så idyllisk, men han jobber mykje og ho har skjult noko for han ei stund. Likevel er ho bestemt på at turen skal bli fin, og dei reiser ut på ein ekspedisjon når cruiseskipet legg til kai. Dei ender opp på to forskjellige båtar til skipsvraket dei skal på tur til, og Charlotte sitt skip hamner i ei ulukke. Ho strander på ei øy, saman med den kjekke og mystiske Gray (og jada, jada: klisjé, men bear with me). Dei knytter eit nært bånd, Charlotte vil til og med kalle det kjærleik, men når det er på tide å forlate øya, er det berre Charlotte som reiser.

Konklusjonen min er veldig enkel: like bra som alle dei andre, sjølv om «greia» med øya er litt søkt. Treng eg seie noko meir? Jio klarer alltid å halde spenninga i live, skape truverdige karakterar og dramatikk, rykke litt i hjerterøttene dine og få deg til å smile. Ei herleg leseoppleving, utan tvil. Anbefalast – som alle av Jios bøker – veldig, veldig varmt.

(Forresten, utgåva mi er eit forhåndseksemplar, og baksideteksten stemmer ikkje heilt overeins med innhaldet i boka. Litt usikker på kva som står på den ordentlige utgåva, men ver obs på det, liksom.)

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Sarah Jio finn du HER.

Sitat

«Bobla» av Siri Pettersen

Leseeksemplar

Eg må innrømme at eg er litt skeptisk. Eg er langt i frå overvelda og entusiastisk, og forstår ikkje heilt kvifor denne var nominert til Bokhandlerprisen 2017. (Eg trur kanskje det seier meir om kor mange bokhandlarar som ikkje les breitt «nok»?) Det er ei ok skriven bok, men langt i frå det beste som er utgitt innan barne- og ungdomslitteratur i fjor.

Kine hater verden: foreldra som er teite, skulen, vennane og generelt alt. Ho er generelt potte sur heile tida, og veit tydelegvis ikkje kor ho passer inn. I alle fall ikkje her i Møllby (ja, byen heiter faktisk Møllby). Ting endrar seg når ho finn ei lita kule som veks til ei boble, som kun Kine kan gå inn i. Der er ho trygg, åleine, lukkeleg og slepp å forholde seg til den teite heimbyen sin. Ho kan faktisk ønske seg kva som helst inne i bobla, og det dukker opp! Men det er jo så klart ikkje så enkelt. Inne i bobla er ei dukke som vert eklare og eklare, og etter ei stund vert bobla vanskeleg å gå inn og ut av. Kine må ta eit val – bli i bobla for alltid, eller gi den opp for godt?

Eg har sett mange skrive at dei er frustrert over ansvaret Kine har i boka, at barnet har så mykje press for å «reparere verden» åleine. Det var ikkje det som plaga meg mest (for eg forstår at ein del av poenget her er å gjere unge miljøbevisste) men den manglande logikken i boka. Historia heng ikkje på greip, det vert aldri skikkeleg oppklara kvifor dukka vil det ho vil, korleis og kvifor ho dukker opp, kvifor Kine gjer noko som helst. Og så var det på grensa til fordummande inn i mellom, nesten rett ut skrive «tenk på alt vi kjøper som vi berre kaster, det er ikkje bra!». Kanskje gjer Pettersen kanskje Kine meir banal og enkel enn ei jente på den alderen er?

I mi meining er boka velmeint, men feilplassert og mislukka som eit innlegg i miljødebatten. Eg liker tanken bak, men eg trur veldig lite kjem til å kome ut av det.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«What Light» av Jay Asher

Jay Asher er forfattaren av Thirteen Reasons Why (Tretten gode grunner på norsk), men denne ungdomsromanen her er noko heilt, heeeeeilt anna. Denne er søt, hjertevarm og sjarmerande. Og så er det jo ei julebok (om biletet ikkje avslørte det, hehe), og har passande nok 24 kapittel. Verkeleg ei perfekt bok å kose seg med i førjulstida. Så legg deg denne på minnet til desember!

Sierra er vokst opp på ein juletrefarm i Oregon, og kvar desember reiser ho med foreldra sine til California for å selje juletrea. Dermed lev ho på ein måte to liv; eitt i Oregon med barndomsvenninnene og skulen, og eit mindre eitt i California med venninna Heather. Men juletrefarmen tener ikkje mykje penger på salgsstaden i California, så Sierra veit at dette kan vere den siste jula hennar her. Ho vil gjere den minnerik. Og den sjansen får ho når ho møter Caleb, og fell pladask for smilehullet og auga hans. Men Caleb har eit fælt rykte i byen, og alle advarer Sierra mot at han ikkje er bra for henne. Men for Sierra, er forelskelsen der uansett.

Dette er ikkje så klisjéaktig som det kan høyrest ut, men eg vil ikkje avsløre for mykje. Det er ei varm og fin historie, med originalitet opp i alt dette som kan høyrest ut som ein standard, forenkla Romeo og Julie-historie. Den handler om vennskap, respekt, å gjere det rette, å ha tillit og gi nye sjanser. Om å tørre å leve livet sitt, uansett kor vanskeleg det kan virke – og så klart: å følgje hjartet sitt.

Forlag: Pan MacMillan
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Jay Asher finn du HER.

Sitat

«The One Memory of Flora Banks» av Emily Barr

Denne unike ungdomsromanen er ei slik bok som berre blir betre og betre dess lenger ut i boka du kjem. Den starta ganske dramatisk, blei så veldig treig ei stund, men siste halvdel var verkeleg ekstrem. Det var twist på twist på slutten, og uhyre spennande.

Flora Banks har hukommelsestap. Eit ganske spesielt tilfelle av det, for ho hugser alt som skjedde før ho var elleve år gamal og opererte ut ein svulst. Ingenting ho har opplevd etter det fester seg i hukommelsen, men Flora gjer så godt ho kan for å leve eit normalt liv. Ho er no sytten år gamal, og på fest saman med bestevenninna, Paige. Men på slutten av festen kysser ho kjærasten til Paige, Drake. Dette hadde jo berre forsvunne ut i intet, dersom det ikkje var slik at Flora hugser det når ho vakner. Ho hugser faktisk kysset, heilt på ekte. Flora er overbevist om at det er ekte kjærleik, og når Drake tek kontakt frå Svalbard, grip ho sjansen sin til å vere med guten ho elsker, og reiser. (Og de kan jo tenke dykk korleis det her utspelar seg når ho gløymer alt som har skjedd rundt kvar tredje time!)

Grunnen til at det er treigt i starten, er fordi ho ramser opp heile livet sitt kvar gong ho gløymer kvar ho er. Det er på grensa til frustrerande, men eg forstår jo kvifor det må vere slik. Men veldig lite viser seg å vere slik det kan sjå ut ved første augneblink i Floras liv, og stein etter stein blir snudd. Dette er verkeleg eit psykologisk drama av førsteklasses kvalitet, og Barr viser gong på gong i slutten av boka at ho har evna til å overraske. LES!

Fleire bøker av Emily Barr finn du HER.

Forlag: Penguin
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«En av oss lyver» av Karen M. McManus

Leseeksemplar

ALTSÅ, spenningsromanar for ungdom. Her er det mykje bra, men denne er verkeleg fantastisk. Ikkje så altfor grusom, men meir psykologisk utfordrande. Eg verkeleg susa gjennom boka, for den var så medrivande! Det tok bittelitt tid å venne seg til den brå vekslinga mellom karakterane, men når du hadde blitt kjend med dei, gjekk det fint.

Simon, Nate, Addie, Cooper og Bronwyn er alle svært forskjellige ungdommar, som alle sit att etter skulen ein dag. Dei er absolutt ikkje den typiske forsamlinga i gjensittinga (unntatt Nate, då), og det viser seg å ikkje bli ei typisk gjensitting heller. For før tida er ute, er Simon død. Og nokon i rommet må vere den skuldige. Dei fire andre seier dei ikkje gjorde det – men ein av dei er nøydd til å lyge. For nokon har drept Simon.

Boka er superspennende, og sidene flyr av gårde. Du blir så godt kjend med karakterane, og det aller meste er ganske så truverdig. Her er så mange problem ein kan kjenne seg att i, så mange viktige tema som vert tekne opp. Du blir glad i personane, og du sit med nervane i heilspenn til siste side er snudd.

Eg har eigentleg berre ein ting å klage på: altså den derre siste sida. Den var så altfor obvious. Når hinta kom, trudde eg at det var falske spor slik at eg skulle bli lurt til å tru at eg hadde skjøna samanhengen. Og eg blei dritskuffa når eg kom til slutten og forsto at eg hadde visst det heile tida. Eg hadde faktisk håpt på ein smartare slutt.

Boka er òg tilgjengeleg på engelsk, One of us is lying, dersom du foretrekk det.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Karen M. McManus finn du HER.

Sitat

«Hjertet er en knyttneve» av Ingrid Ovedie Volden

Leseeksemplar

Åh, Volden har verkelig teken på å skrive vakre ungdomsromanar! Eg likte veldig godt Alt som teller då eg las den for ei tid tilbake sidan, og denne her var faktisk endå betre. Det er noko med måten ho skriv på, som gjer det så intelligent, men likevel tilgjengeleg og forståeleg. Slike barnebokforfattarar treng vi fleire av, for det er alt for mange barnebøker skrivne ganske så nedlatende.

Oliver har familietrøbbel; mora har forlatt dei for ein annan mann, og faren til Oliver er knust. Faktisk så knust at hjartet hans gir etter, og han vert innlagt på kardiologisk. På kardiologisk avdeling møter Oliver plutseleg på Aline, den nye jenta i klassa. Ho har valt hjartet som organ å skrive om i skuleoppgåva dei har fått utdelt, og heng på avdelinga med jamne mellomrom. Eit skjørt og fint vennskap utviklar seg mellom dei, men begge vil oppdage kor vanskeleg det kan vere å måtte ta val.

Som sagt er denne boka heilt nydeleg, og den er veldig lettlest! Kapitla er korte, så den er fin for dei som ikkje er så glade i å lese òg. I tillegg er boka full av kunnskap og klokskap, varme og glede. Det er ei skikkeleg feelgoodbook, og den kan anbefalast til alle frå ti-elleve og oppover.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Ingrid Ovedie Volden finn du HER.

Sitat

«Behold the Dreamers» av Imbolo Mbue

Leseeksemplar

Dette er ein dramatisk og voldsomt velskriven roman om klasseforskjeller, kulturforskjeller, overlevelsesinstinkt og lojalitet. Eg trur temaet kanskje er litt amerikansk til å slå an her i Noreg, men om du er interessert i den økonomiske krisa i USA for nokre år sidan (Lehman-krakket) og afrikanske emigrantar, så vil det vere veldig god lesning.

Jende og kona Neni har nettopp emigrert frå Limbe, Kamerun til New York, USA. Jende har fått seg jobb som privatsjåfør for ein viktig ansatt i Lehman Brothers, Clark Edwards og familien hans. Jende og Neni opplever saman med barna sine kor vanskeleg det kan vere å passe inn. Dei knytter eit underleg og ujevnbyrdig band til Clark-familien. Når krisa rammer Lehman Brothers og Clark sitt liv vert snudd på hovudet, og dermed vert Jendes liv i sin tur også øydelagt. Og til slutt raser alt saman.

Det er ein utfordrande roman, som belyser mange samfunnsproblem i USA. Men det eg likte best med romanen var skildringa av dei mellommenneskelege forholda, både mellom innad i familiane og mellom dei. Dette er ekte menneske, ikkje glansbilete eller klisjear.

Forlag: 4th Estate
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Friend Request» av Laura Marshall

Leseeksemplar

Folkens, hold fast på hattane! Dette kan vere den nye Piken på toget eller Bak lukkede dører! Fantastisk spennande! Og om du har snoka litt på bloggen min, veit du at eg er kjempekresen på krim/thrillerar, fordi eg har ein tendens til å gjette korleis slutten er. Så når eg finn slike bøker som faktisk klarer å halde spenninga heile vegen og avslutte med eit smell, då blir eg glad!

Louise slit med å tilpasse seg det nye livet som skilt åleinemor, og det faktum at eksmannen Sam har fått ny kone og eit nytt barn. Men det er ting man kan leve med. Ting som er litt verre å akseptere, er for eksempel når den avdøde klassevenninna di sender deg ein venneforespørsel på Facebook. Maria. Ei klassevenninne som forsvant under mystiske omstende; omstende skapt av di og andre jenters mobbing. Og meldingane som begynner å tikke inn frå Marias konto er skremmande. Louise vert tvungen til å gjenoppleve fortida si, på kanskje verdas eklaste måte.

Dette er vilt skremmande psykologisk krim, og snik seg så vidt inn i chuck-lit-sjangeren òg. OG GUD BEDRE så forfriskande at ein forfatter som skriv om eit sosialt medium faktisk veit korleis det fungerer. (Det er så altfor mange som dreg inn Twitter eller Tumblr men ikkje aner korleis det faktisk fungerer, og ofte øydelegg heile plottet.) Historia er ekkel, hjerteskjerande, skummel, men absolutt truverdig. Eg heldt i alle fall pusten heile siste halvdel, og hadde ikkje sjans til å gjette slutten. Så les boka, absolutt!

Forlag: Sphere
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Laura Marshall finn du HER.

Sitat

«Gather the Daughters» av Jennie Melamed

Ikkje les denne om du er ei sart sjel. Det er ikkje ei ungdomsbok. Det er ein sterk, altfor truverdig og skremmande dystopi.

Kva viss du har vokst opp på ei lita øy, og du heile livet har blitt fortalt at de er dei einaste igjen i verda. I det som pleide vere USA er det no berre øydeland: alt er brent opp av flammer frå dommedag og kunne sjuke og funksjonshemma mennesker er att. De er dei einaste igjen.

Nokre jenter gler seg til dei får mensen så dei kan bli gifte. Dei aller fleste gruer seg. Janey er den som gruer seg mest; faktisk så mykje at ho har sulta seg i årevis for å unngå å bli fruktbar. Ho er dermed mykje eldre enn dei andre jentene, og har fått ein rar og mislikt posisjon i samfunnet. Ho er vaksen, men ikkje vaksen. Amanda er ei av dei som har sin «summer og fruition» no (fruktbarhetssommer?), og vert raskt gift og gravid. Men når Amanda får greie på eit par ting og begynner å stille spørsmål ved det religiøse samfunnet, ender ho opp død. Og verre enn det – Janey ser korleis ho døyr. Og det er her alt eksploderer, for Janey har fått nok av det undertrykkande samfunnet ho lev i, og ho trur ikkje på alt dei er blitt fortalt om forfedrene sine. Ho starter eit opprør, som ender brutalt.

Som eksempel på kor fucka desse religiøse gærningane er: det er heilt normalt – faktisk forventa og påkrevd – at fedre skal forgripe seg på døtrene sine frå dei er småbarn, så dei skal vere førebudd på ekteskapet som kjem rett etter første sommer med mensen. Vanligvis i tolv-trettenårsalderen. Og ja, menna er ofte ti år eldre. Og når dei har blitt vekkgifta, flytter dei stort sett inn i huset til eit av foreldrapara, og dei må berre fint ta gift og ofre livet for den yngre generasjonen. KVA I SVARTE FAEN.

Dette er ei historie om å stå opp for seg sjølv og alle andre, tørre å stille dei kritiske spørsmåla og viktigheten av å gjere offer. Viktigheten av vennskap, fellesskap og tillit. Og litt om svakhetene vi alle har, og kva svakheter vi ikkje burde akseptere under nokon omstende.

Boka er knallbra. Midt i blinken for fans av The Handmaid’s Tale og The Power. Men igjen, boka har sterke scener: eg tek ikkje noko ansvar for mareritt.

Forlag: Tinder Press
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«The Guest Cat» av Takashi Hiraide

Denne vesle japanske romanen er vel eigentleg ein sjølvbiografisk roman. Eg må innrømme at den ikkje er like rørande og vakker som eg forventa. (Eller kanskje eg las den på feil tidspunkt i livet, eller gjekk glipp av noko vesentleg. Eg gråt i alle fall ikkje der eg vanlegvis ville ha grått.)

Romanen handler om ein japansk forfatter og kona hans, også ein skribent. (Akkurat som Hiraide og kona hans. Rart, det der!) Forholdet er ganske trått, heilt til nabokatten, Chibi, begynner å dukke opp på dagleg basis. Til slutt er katten meir fastbuende enn gjest, men dei gjer eit poeng av at dei ikkje lokker på katten, løfter på ho og slikt. Det skjer noko med dynamikken mellom dei to (no tre) som er ganske spesiell. Heilt til det endrar seg på nytt.

Det er ein veldig liten og fin roman, men eg trur altså at eg gjekk glipp av noko. Kanskje det hadde vore betre om eg las den på norsk? Eg anbefaler likevel alle som liker små perler å gi boka ein sjanse, for det tek ikkje lang tid å lese henne ut.

Forlag: Picador
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«De syv søstre», «Stormens søster» og «Skyggesøsteren» av Lucinda Riley

Då har eg og endeleg tatt fatt på denne – nesten latterleg – populære serien. Ei av bøkene er jo konstant på bestselgerlista, anten i pocket eller innbunden eller som e-bok. Det er jo heilt vilt! Så eg måtte jo faktisk berre sjekke dette ut for meg sjølv, då veldig mange av favorittbøkene mine blir samanlikna med Rileys bøker (og som den book hoarderen eg er, så har eg nesten alle bøkene hennar allereie).

De syv søstre er et leseeksemplar frå Boklageret

I den første boka, får vi sjokkerande nok vite at dei berre er seks søstre (og eg kan lukte at den sjuande nok vil dukke opp før serien er slutt, noko anna ville blitt rart). Alle samlast i barndomsheimen sin i Sveits, då faren deira er død. Og her må vi akseptere eit merkeleg premiss for boka: adoptivfaren deira har reist verda rundt og adoptert desse seks jentene (sjølv om han er singel, mykje vekkreist og dei vert oppfostra av ei slags hushjelp/barnepike), då han prøver å «samle» alle jentene frå eit stjernebilete kalla De syv søstre. Det er heller sært. Men ok, la oss berre godta at han var ein eksentrisk og rik mann som adopterte trengande, nyfødte pikebarn.

Denne boka handler om den «førstefødte» av jentene, Maia. Etter adoptivfarens død, har ho som dei fem andre fått eit brev som leder henne tilbake til opphavet sitt. Maia reiser til Rio de Janeiro, og eit gamalt herskapshus. Problemet er berre at den gamle kvinna som bur der gir henne klar beskjed om at ho tar feil, og umogleg kan vere fødd i dette huset. Og så hopper ti nesten hundre år tilbake i tid, til Rios stortid, då Kristusstatuen skulle setjast opp. Vi følgjer Izabela, ei vakker sosietetsjente som vil frigjere seg frå eit mogleg ekteskap, og blir med ei venninne og hennar familie til Europa, der ho forelskar seg hodestups i byen Paris.

Eg veksla mellom å lese boka og høyre den på lydbok når eg gikk på fjellet (kan eg få litt applaus?), og det var ei heilt herlig historie å ha på øyrene og koble av med. Eg trur ingen vil beskylde boka for å vere veldig realistisk, men nydelig er den! Eg synest miljøet i Rio de Janeiro er heilt fantastisk skildra, og boka blir jo som ein liten ferie dit. Så no får eg komme i gang med nummer to! (Og det blir rart å lese ein brite sin skildring av Noreg.)

I boka om den nest eldste systera, Ally, forflytter vi oss som sagt til Noreg. Dette skjer ikkje før langt ut i boka, og det er mykje vi skal gjennom først. (Forresten var skildringane av Bergen utruleg ekte! Sjølv om eg trur Riley overvurderer nordmenns vennlighet mot framande.) Før farens død, møter Ally sitt livs kjærleik og ser lyst på framtida. Lukka hennar varer dessverre ikkje så lenge, når faren død og forloveden vert riven vekk frå henne. Ho bestemmer seg til slutt for å finne ut meir om røttene sine i Noreg, og undersøker historia om Anna Landvik frå slutten av 1800-talet og hennar tilknytning til Ibsen og Grieg. Eller rettere sagt, til Peer Gynt.

Eg synest historia om sangerinna Anna og hennar liv i Christiania var den absolutt beste delen av boka, og så langt tenkjer eg at Riley kunne fått like mykje ut av å berre ha skrive dei historiske delane av desse bøkene som eigne bøker, og resultatet ville blitt minst like vellukka. Men så er det vel ein del meir å tene dersom du får folk til å kjøpe alle bøkene i ein serie på sju, eg ser den.

Skyggesøsteren er sponset av Cappelen Damm

Star si historie er her faktisk meir spennande enn fortidsdelen, så vidt. Ho føler seg kvalt i forholdet til den dominerande søstera Cece, og prøver å bryte laus. På jakt etter familien sin finn ho ein litt dysfunksjonell ein, som ho forelsker seg i. Men ho forstår ikkje kva hennar opphav skal ha med dei å gjere? Ho starter å nøste opp trådene, men oppdager raskt at ho ikkje er den einaste som leiter.

I fortidsdelen involverer Riley som vanleg mange historiske karakterer, og her får den engelske adelen køyrt seg. (Eg kan kanskje forstå kvifor Kjærlighetsbrevet blei tatt ut av butikk i England for mange år sidan, då romanen opprinneleg kom.) Ho legg ikkje akkurat fingrane i mellom, og fantasien er høg. Men det er litt av det som gjer bøkene såpass gode (sjølv om det ikkje litterære mesterverk, langt i frå), er kor virkelighetsfjernt heile greia er. Og slike totalt utruverdige underhaldningsromanar trengst innimellom. Ei pustepause, liksom.

Dei tre fyrste bøkene i serien er absolutt gode, men som nevnt over kunne dei fint klart seg som sjølvstendige bøker. (Og for meg startar desse kvinnenes historie litt for langt tilbake i tid til at det kjennest relevant for personane dei er i dag.) Det er jo ei stor trend no å veksle mellom notid og fortid på denne måten, og veldig mange liker denne stilen. Det gjer for all del eg og, men eg må innrømme at etter all hypen rundt desse bøkene hadde eg forventa at dei skulle vere dobbelt så gode. Om du ser etter ei verkeleg magisk bok av denne typen, vil eg anbefale I gode og onde dager av Gill Paul. Men dersom du tenker som meg – at den historiske delen utan tvil er den beste delen av boka – bør du sjekke ut bøkene til Dinah Jefferies, spesielt Silkehandlerens datter.

Men lesverdige er bøkene absolutt, og veldig greie å berre fordjupe seg i; rømme litt vekk frå verkelegheita. Og ja, eg skal lese Perlesøsteren. Stay tuned.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: De syv søstre (2015), Stormens søster (2016), Skyggesøsteren (2017)

Fleire bøker av Lucinda Riley finn du HER.

Sitat

«A Separation» av Katie Kitamura

Leseeksemplar

Denne boka var ein ganske underlig leseopplevelse. Stort sett ein god ein, men det var noko som skurra. Språket var litt rart. Det var morsomt, men kanskje litt for bokleg? Som om forfatter eller hovudperson i boka er klar over at det er ei bok, og forteller-forteller historia. Om det gir meining. Eg er litt usikker. Det er verkeleg gripande og du blir engasjert, men likevel er det ein eller annan gnist som mangler, og det kjennest ofte litt påtatt ut heile greia.

Men handlinga er ganske så original og kul! Ei ung kone reiser til Hellas for å leite etter mannen sin som er på researchtur, fordi svigermora presser henne etter å ikkje ha høyrd frå sonen på ei stund. Kona reiser motvillig ned, for ho er sånn eigentleg ikkje kona hans lenger. Dei er separerte, men dei har ikkje fortalt det til nokon enno. Ho har faktisk fått seg ny sambuar allereie. Når ektemannen viser seg å ha hatt eit forhold til ei jente på hotellet dei begge bur på, og at han er forsvunnen uten spor, starter eit merkeleg skodespel der ho må vere den forsmådde kona, den bekymra kona og den kjærlege kona.

Som sagt, kult. Eg veit ikkje heilt om eg trur på dialogane og alt som skjer undervegs, men så er jo heile greia litt absurd. Det tok lang tid frå eg plukka opp boka i starten av oktober til eg las den ferdig no i januar, men eg synest det var litt vanskeleg å kome i gang skikkeleg. Siste halvdel gikk raskt unna, så interessant er den jo!

OBS! Legg merke til at det er eit sitat av Knausgård på omslaget. Det er jo litt kjekt, då. Heia Noreg, liksom.

Forlag: The Clerkenwell Press
Utgivelsesår: 2017