Sitat

«Mischling» av Affinity Konar

Boka er sponsa av Font forlag

Du trudde kanskje at Den forbudte elven kom til å bli Font si sterkaste bok i haust? Det trudde eg òg, heilt til i går kveld. Eg las nesten heile denne boka i eitt jafs, men så blei det midnatt og leggetid. (Frustrasjonen!!) Dette er ei praktfull og sår overlevelseshistorie (som er fiktiv).

Først, litt backstory: Dei fleste veit jo kven Josef Mengele var, «dødsengelen», den berømte nazilegen med sin like berømte «zoo»? Vel, Mengele sin dyrehage var heilt reell, men den hadde ikkje så mange dyr (eller, nazistane såg jo på jøder som hundar, så…), men tvillingar. Og trillingar, viss han hadde flaks. Der utførte han psykiske og fysiske eksperiment, testar, operasjonar og alt han ville av vitskaplege greier. Dette er som sagt heilt reelt, og slik sett er det jo òg ein biografisk roman om Mengele.

Historia blir fortalt av eit sett tolvårige tvillingar, vekselsvis Pearl og Stasha. Dei er einegga og kliss like, og har den spesielle tvillingkontakten Mengele er interessert i å utforske. Og så er dei halvt jødiske, halvt «ariske», noko som gjer dei litt betre i hans auge. Dei kjem til leiren som tolvåringar. Sjølv om dei er heilt like, er dei ganske ulike som menneske. Stasha er offensiv og bestemmer seg for å finne ut så mykje som ho kan om Mengele for å lure han, medan Pearl vil leve eit normalt liv og skyr laboratoriet. Under ei tilstelning forsvinn Pearl, og Stasha vert knust. Og så skjer det utrulege: russerane kjem og Auschwitz er fri. Stasha og ein gut rømmer, og begge er opphengt i Mengele – han må døy. Helst vil dei drepe han sjølve.

Det er ganske fantastisk at ein så grusom roman kan vere så fint skrive. Det er heilt eksepsjonelt, faktisk. Konar klarer å få fram dei subtile skilnadane mellom tvillingane i deira respektive passasjer, i tillegg til at det tydeleg er ei historie som blir fortalt direkte til lesaren. Ho klarer å få fram både det barnlege og uskuldige synet på eksperimenta og livet i konsentasjonsleir, og det vaksne og opplyste blikket ein vaksen som ser tilbake på dette har. Vi må jo hugse at jødane og andre som sat i slike leirer, ofte ante like lite om kva som gjekk føre seg som alle andre, og at det meste har kome fram i lyset i ettertid.

Heilt grusomt sterk roman, altså. Underlig lettlest og vakker, smertefull og var. Den er cirka to veker gamal og har forsvunne litt i mengda i haust (og for ein bokhaust!), men denne tilrår eg deg verkeleg å kjøpe, låne, lese. Absolutt fantastisk.

Forlag: Font
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Den forbudte elven» av Chigozie Obioma

Boka er sponsa av Font forlag

Alle har vel fått med seg denne boka og kjempekritikkane den har fått? Det er den norske omsetjinga av The Fishermen, skriven av nigerianske Chigozie Obioma, og ei veldig god omsetjing, for den saks skuld. Eg trur denne boka kom ganske overraskande på dei aller fleste, for den er verkeleg ei skjult perle. (Eller, ikkje så skjult no lenger, då.)

På nittitalet i Nigeria opplever tiårige Benjamin og dei tre eldre brødrene hans, Ikenna, Boja og Obembe, ein ny slags fridom: faren må flytte vekk på grunn av jobb, og mora er for opptatt med dei to yngste barna til å passe på. Dei dreg for å fiske i ei «forbudt elv», og møter på den lokale galningen, som spår at Ikenna skal bli drept av ein av brødrene sine. Ikenna får panikk, og trekk seg unna familien. Familien går heilt i oppløysing, og tragedie etter tragedie inntreff.

Dette er ei rørande, lågmælt og til tider brutal familieforteljing. Ære og skam speler ei stor rolle i denne kulturen, og det er nesten vanskeleg å setje seg inn i kor stor den rolla er. Og ikkje minst overtrua! Språket Obioma bruker til å skildre denne nære forteljinga, er avslappa og lettlest, og ikkje minst truverdig. Kjenslene kjem tydeleg fram, utan å vere dramatisk og overemosjonelt (noko som er imponerande med tanke på handlinga i boka). Det er ei verkeleg flott og overraskande bok, som passer for absolutt alle. Gavetips til absolutt kven som helst!

Forlag: Font
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Skjønnhet er et sår» av Eka Kurniawan

Boka er sponsa av Pax forlag

Denne romanen har tatt meg med storm! Herregud, for ein lesefest dette skulle vise seg å bli. Etter berre femten sider skjønte eg at denne ville dytte seg oppover og sikre seg ein plass på topp 10-lista mi over gode bøker. Dette er verkeleg ein unik og spinnvill roman, og den tvinger meg til å bruke opp nesten alle dei gode vendingane mine på ein gong. Ikkje la deg lure av omslaget (som kanskje er verdens finaste??), for dette er ikkje ein typisk historisk dameroman.

Eg bruker jo vanlegvis ikkje sitere anna enn frå diktsamlinger i omtalene mine, men her må eg faktisk gjere to unntak. Eitt for å vise den klare og tydelege samfunnskritikken, og eitt for å vise den hysteriske, mørke og drøye humoren i boka.

Det fins ingen verre forbannelse enn å føde ei pen jente i en verden full av menn som oppfører seg like avskyelig som kåte bikkjer.

Det er ein fabel-aktig (og fabelaktig!) roman, du må liksom berre akseptere alt som skjer, sjølv det som er heilt fysisk umogleg. Alt kan sjåast på som metaforer, myter, og som sagt er ikkje samfunnskritikken lagt skjul på.

Boka starter med at ei vakker prostituert, Dewi Ayu, står opp frå grava etter å ha vore død i drøyt tjue år. Men det er ikkje poenget med boka, eller historia. Sjølve boka er knytt saman meir som anekdoter som blander seg saman, med historier frå livet til Dewi Ayu, menneska rundt henne, døtrene som kjem, menna som forelsker i henne og døtrene. Bakteppet er Indonesia under andre verdskrig, japansk okkupasjon, og så – pang! – fredstid for fyrste gong på evigheter i landet. Her er store politiske omveltningar, men hovudsakleg er det dei små hendingane i «vanlege folk» (om nokon i denne romanen kan kallast det) sine liv som er skildra.

For tjueen år siden hadde hun dødd tolv dager etter å ha født ei heslig lita jente, så heslig at jordmora som hjalp henne, ikke kunne være helt sikker på at det virkelig var et spedbarn, og trodde kanskje det kunne være en klump med dritt, ettersom hullet hvor en unge kommer ut, og hullet hvor dritt kommer ut, bare er to centimeter fra hverandre.

Og slik går det altså slag i slag! Sprelsk som fanden, og ikkje redd for å vere direkte. Det er burlesk i bokform, og eg absolutt elsker det. Skråblikket Kurniawan setter på menneske, samfunn, og ikkje minst kvinner i ein mannsdominert verden, er praktfullt. Akkurat som språket. (Boka er forresten ikkje omsett direkte frå indonesisk, men frå den engelske utgåva, Beauty is a wound, og etter å ha lest litt i den, kan eg seie at Hedda Vormeland sitt språk er hakket morsommare enn den engelske versjonen.) Men ja, dette er ei spektakulær bok!! Eg trur absolutt alle med bittelitt humor i kroppen vil kunne storkose seg med denne herlige boka.

Forlag: Pax
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Eka Kurniawan finn du HER.

Sitat

«Veien ved Boolavaun» av Anne Enright

Boka er sponsa av Pax forlag

Dette er ei skikkeleg irsk bok! Anne Enright er jo ein kjend irsk forfattar, miljøet i boka er grønt, vått, vakkert og kaldt, og eg får ein skikkeleg Dubliners-feeling av bokas første halvdel. (Om du ikkje er veldig opptatt av verdslitteraturen, så er Dubliners kanskje det best kjende verket til ein annan stor, irsk forfattar, James Joyce.)

Grunnen til at eg får denne feelingen (eller kjensla, orsak) er at del éin av boka er delt opp i fem, ei historie frå kvart familiemedlem sitt liv. Dei er spreidde på geografi, tid og stad i livet. Det blir liksom berre fem små historier frå tilfeldige irar sine liv, og som tilfeldigvis er i slekt. Eg opplever denne delen som ein kolossal (men viktig) oppbygging til den faktiske handlinga.

Historia starter vel eigentleg i del to, då dei fire søskena Emmet, Dan, Constance og Hanna alle reiser heim att til jul for første gang på lenge, og får vite at mora Rosaleen har tenkt å selje barndomsheimen deira. Barna vert halvvegs sinte, halvvegs trur dei ikkje på henne. Søskena har ikkje spesielt mykje kontakt med kvarandre, og stemninga er heile tida litt beklemt. Og eg kan jo seie såpass at julefeiringa ikkje vert heilt det nokon hadde venta seg.

Ein medrivande roman, absolutt. Ei historie som eigentleg ikkje er noko utanom det vanlege, men skildra eksepsjonelt nøyaktig. Det mest fascinerande med boka er måten Enright klarer å så tydelig skifte fortellerstemme og -stil for kvart kapittel. Ho skriv fint og truverdig om familieliv og relasjoner; det å vere glad i mennesker du ikkje eigentleg likar og skuldkjensla ein får når ein ikkje behandler menneska ein er glad i så godt som ein burde. Dette er fem vilt ulike menneske med veldig ulike liv, for alltid knytt saman av familieband. Enright lukkast med å skildre både dei store og små delane av eit familieliv, både dei delane som er fine og dei delane som er vanskelege. Absolutt ein roman verdt å plukke med seg!

Forlag: Pax
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Om dyr og syn» av Tormod Haugland

Leseeksemplar frå Norli

Eg har ikkje noko forhold til forfatterskapet til Haugland, så dette er faktisk det første møtet mitt med han og det. Eg har ein kollega som anbefalte boka høgt og som har ganske god smak i bøker (hei, Linn Heidi!), og ein sjef (hei, Sylvia!) som kalte boka for ein norsk Stoner. Og eg absolutt elsker Stoner (eg trur eg nemner det i annakvart blogginnlegg), så eg måtte jo berre gi boka ein sjans.

Det er litt rart å lese ein sjølvbiografisk roman om oppveksten og ungdomstida til ein person du eigentleg ikkje veit noko særleg om, men eg føler aldri at eg har gått glipp av noko eller ikkje forstår ein referanse. Det er berre ei skildring av eit ganske nøkternt liv – med litt opp- og nedturar – akkurat slik som Stoner. Kanskje med eit litt varmare språk?

Innhaldet er rett og slett skildringar og ulike historier frå Tormod sin oppvekst (eller hans oppfatning av denne oppveksten) på Haugland. Her er historier frå fylla, frå gardsarbeidet, frå familie- og kjærleikslivet. Og ikkje minst historier om korleis han oppdaga kunst, litteratur og Bergen, og etter kvart ga frå seg odelen til familiegarden. Her er refleksjonar rundt det meste, men kanskje spesielt rundt kva som gjer deg til den du der og kva ansvar ein har til seg sjølv og andre.

Boka er rett og slett nydeleg. Og på eit så fantastisk fint (men òg leseleg for bokmålsfolket) nynorsk! Det er så skore inn til beinet, at alt du les opplevast som essensielt. Likevel er det eit så stemningsfullt og naturleg språk. Ganske imponerande å klare begge deler, faktisk. OG! Her er eit absolutt fantastisk fint kapittel om det å oppdage litteraturen for fyrste gong.

Anten du er glad i god litteratur, er oppvaksen på landsbygda, bryr deg om kunst, er fan av Tormod Haugland som person eller rett og slett vil ha ei god bok om det å vere menneske – og ikkje minst bli det mennesket ein er – så er dette absolutt eit godt alternativ. (Og shoutout til det flotte omslaget!!)

Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«La meg bli med deg» av Rita Paramalingam

Boka er eir leseeksemplar frå Norli

Dette er ei mintfarga lita perle du bør unne deg ein liten time med. For det tek ikkje lenger tid, å kome seg gjennom denne syltynne boka. Det er derimot ei slik bok du kan lese fleire gonger, for den har så mange lag. Det er ganske fascinerande.

Boka er ei lettbeint og truverdig skildra historie om Lara, som har ein sommar ho aldri vil gløyme. Etter ei fæl opplevelse mister ho bestevenninna si Signe, mora bryr seg ikkje om Lara og veslebroren Felix, berre om kjærasten Lars. Det vert såpass at Lara må stele mat på butikken for at ho og broren skal ha noko å ete. Ganske så tøft for ein tiandeklassing, med andre ord. Og ting blir berre verre.

Det er imponerande at ein debutant som Paramalingam klarer å balansere mellom den vakre uskylden til eit barn, og den brutale, og til tider motbydelige, seksuelle oppvakninga til ei ung jente. Her har du ein tenåring med enorme byrder på skuldrene, stort ansvar, i tillegg til kranglane med venner og søsken vi alle kjenner frå dei såre ungdomsåra.

Her er òg ei veksling mellom blomstrande og nydeleg språk, og eit rått og ærleg språk som det òg er viktig å sette pris på. Du vert sugd inn, og boka føles mykje lenger enn den er. Den setter rett og slett spor, og eg aner ikkje kva anna bok eg kan samanlikne det med. Oppsummerande ord: ru, mjuk, stygg og gripande. Det skal bli ganske så spennande å følge med på Paramalingam framover.

Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Lollo» av Linna Johansson

Boka er sponsa av Aschehoug forlag

#rosaprosa er ei seriøs greie for tida. Det florerer av rosa omslag på bøkene, og dei har ein tendens til å vere irriterande gode. (Eg elsker rosa, og det var kun på grunn av fargen at eg ville lese denne boka.) Og altså, jenter, plukk opp denne fantastisk sterke og feministiske romanen! Et must-read?

Då Lollo var tjue år traska ho saman med venninna si Lidija, utan jobb eller skule eller eigentleg noko som helst å finne på. No er Lollo 28 år og fortel om dette året, då ho og Lidija vart dratt inn i ein gjeng der alkohol, narkotika, festing, stripping på internett og prostitusjon er ein del av kvardagen. Avisene lagde ei sak om det, og Lollo fortel oss no si side av saka «alle» har høyrt om.

Boka klarer å veksle mellom å vere sexy og motbydelig, sår og glad, vakker og stygg. Det einaste den konsekvent var, var god. Seriøst, den er knallgod. Eg veit ikkje kor mykje meir eg kan seie uten å spoile boka, så eg trur eg kan nøye meg med å seie at den absolutt bør lesast! Spesielt av kvinner mellom atten og trettifem år? (Men ikkje høyr på meg, les den om du vil, uansett om du er sytti, liksom.)

Det er ganske vanskeleg å ikkje tru at dette er sjølvbiografisk, for det verkar så nært og ekte at det nesten må vere sjølvopplevd. Og så er boka dedisert til Lidija. Likevel kan ikkje internettet gi meg eit positivt svar på dette. Eg fann derimot ut av Linna Johansson er kjent for å eit feministisk litteraturskrift, Bleck, og at dette er debutromanen hennar. Noko som forklarer mykje. Boka er samfunnskritisk, krass og forteljarstemma til Lollo er overbevisande.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Hvis helvete var av is» av Bernard Minier

Boka er eit førehandseksemplar frå Aschehoug forlag

Dette er ein verkeleg murstein av ein krimroman – og eit mesterstykke. Fransk krim, altså. Kva er greia? Kvifor funker det så utruleg bra? (Eg kunne vel faktisk skrive ein analyse om kvifor, men det trur eg at eg står over.) Det er uansett noko av det sjukaste eg har lest på lenge.

Det er så skummelt, det her. For det fyrste er handlinga lagt til foten av Pyreneene, på den franske sida. Det er fjellandskap i desember, kaldt, mørkt, ein småby med eit creepy gruvesystem frå tredvetalet. Som om ikkje det er eit ekkelt nok bakteppe i seg sjølv, er mykje av handlinga lagt til ein klinikk for dei største kriminelle psykopatane i Europa, samla på Wargnierklinikken opp i fjellsida – her er altså jævlig farlige psykisk sjuke menneske i ein skummel liten fjellby. Og betre blir det faen ikkje av å dra inn døde, flådde hestar, seksuelle overgrep og groteske mord. Hjælpes.

Historia startar med at ein flådd, opphengt hest vert funnen i toppen av gruvene. Kriminalførstebetjent Martin Servaz vert heller sur når han oppdager at han skal bruke tida si på å etterforsket drapet på ein hest. Men det er ikkje kva hest som helst, men hesten til forretningsmogulen Éric Lombard. Det heile synest ganske dumt for Servaz, heilt til ein farmasøyt i byen vert funnen, brutalt myrda. Og når DNA frå den farlegaste innsatte på Wargnierklinikken dukker opp på begge åstadene, veit ingen kva dei skal tru. For den berømte mordaren Julian Hirtmann kan vel ikkje ha kome seg ut frå cella si? Eller? Og om han hadde det, kvifor drepe ein hest og så reise tilbake til klinikken?

Eg skal ikkje avsløre så mykje meir av handlinga (og her er mykje, for det er cirka 630 tettpakka sider), men eg kan love at den er fantastisk bra. Kven kan finne på slikt? Plottet er så intelligent, riv ruskande gale, og spenningsoppbygginga perfekt. Boka blir berre betre og betre, og Minier vrir seg elegant gjennom heile historia. Eg vart berre meir og meir nysgjerrig, men klarte ikkje gjette korleis det her ville ende. Og så det med hesten, det er ganske bisart og grotesk. Fantastisk ekkelt.

I tillegg er boka ganske samfunnspolitisk av seg. Media vert kritisert, det psykiske helsevesenet i Frankrike får gjennomgå og samfunnet generelt. Det er definitivt ein fullpakka kriminalroman som vil suge deg inn. Eg slukte den på eit lite døgn, og elska kvart minutt av denne brutale og sinnsjuke (!) historia.

Den franske originalen er utgitt i 2011, noko som forklarer kvifor folk fortsatt bruker MSN og har klapptelefonar. (Det er jo lov å flire litt av akkurat det, synest eg.) Men ja, det slutter jo ikkje her! Dette er den fyrste boka i ein serie om Martin Servaz, og det er vel komne ut tre på engelsk, trur eg? Så her er mykje å sjå fram til!

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Bernard Minier finn du HER.

Sitat

«Blå» av Maja Lunde

Boka er eit førehandseksemplar frå Aschehoug

Blå er den etterlengta andre vaksenboka til Maja Lunde, som i 2015 slo gjennom med romandebuten Bienes historie. Men dette veit du jo, om du er berre bittelitt interessert i norsk litteratur. Det er lova fire bøker i det som no heiter Klimakvartetten, med Blå som nummer to. (På fleire måter, men det kjem eg tilbake til.)

I 2017 møter vi miljøforkjemparen Signe, som er komen att til heimbygda si i Sogn og Fjordane. På 70-talet var ho ein av demonstrantane mot rørlegging av elver i bygda, og når ho no kjem heim som pensjonist, oppdager ho at folk er begynt å forsyne seg av is frå breen òg. For å ha i drinkar i byar som Dubai, ekte fjordis. Ho vert rasande, og legg til sjøs med båten sin, «Blå», for å oppsøke eksen som har vore med på å godkjenne denne utskjeringa av is. I 2041 møter vi David, som er klimaflyktning. Han er på veg gjennom Sør-Europa med dotter si, etter at Frankrike og Spania ikkje har mykje ferskvatn att. Havet har stige, og det meste av vatnet er salt. No har han mista kone og son, og er på desperat jakt etter dei, og eit betre liv lenger nord, der det enno er drikkevatn.

Språket til Lunde er absolutt godt, og ho klarer jo å skape ein driv få andre klarer. Likevel føler eg at historia aldri kjem skikkeleg i gong?

Det kjennest litt skummelt å skrive om denne boka. Eg var så vanvittig begeistra for Bienes historie då eg las den i 2015, og den er fortsatt på topp 10-lista mi. Så ein kan jo trygt seie at fallhøgda var stor. I tillegg las eg anmeldelsen til NRK av boka før eg starta, og den var jo heller kritisk. Kanskje eg ikkje ville tenkt over enkelte svake element om eg ikkje hadde lest anmeldelsen først, men slik blei det jo ikkje.

Eg må jo seie meg einig i fleire av punkta NRK sin anmeldar, Marta Norheim, tek opp. Skildringane av Sogn og Fjordane er ganske så slappe. Eg er ikkje så nøye på det språklege der, for Lunde skriv jo på bokmål og det får vere greitt, men eg kjenner meg ikkje mykje att i fylket mitt. Kor mange små bygder i Sogn og Fjordane har ein buss som går ein gong i timen? Lunde vart jo kalla researchdronninga for ikkje så lenge sidan, men Sogn og Fjordane var ikkje så nøye å sjekke ut om, eller? (Ikkje sint, berre skuffa.)

Andre svakheiter er jo dette at ein blir «leidd ved handa» som Norheim skriv, for det kjente eg verkeleg på. I den første boka av Klimakvartetten, gjekk det liksom eit lys opp for deg undervegs og boka krevde at ein fulgte med og resonnerte sjølv. Her treng du ikkje bruke hovudet omtrent ein einaste gong, for så godt som alt er uttalt og forklart i detalj. Det grenser til ein underhaldningsroman. Og dei få trådane om feminisme og likestilling som dukker opp, men som går ingenstads, og dei filosofiske spørsmåla til barnet om å «eige vatn», er billige triks ein såpass talentfull forfatter kunne spart seg.

Ein kan snakke om å hoppe etter Wirkola, men her må altså Lunde hoppe etter seg sjølv. Og dessverre kjem ho til kort. Når det er sagt, er ikkje boka dårleg. Den er underhaldande, velskriven og til tider rørande. Den kan absolutt skape engasjement og er opplysande, men for meg vart det ikkje heilt det store. Eg anbefaler (sjokkerande nok, til å vere meg) å lese bok to, Blå, før du les Bienes historie (om du ikkje har lest den allereie). Viss ikkje trur eg du blir ganske skuffa.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Maja Lunde finn du HER.

Sitat

«Mudderhund» av Inge Schilperoord

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Dette var ei bok eg sikkert ikkje ville lest, om det ikkje var for at ein kollega fortalte meg om den. Det er Sidespor-serien til Aschehoug, så du veit jo at du får noko spesielt og lite kommersielt. Og eg kan starte med å seie at eg trur mange vil bli støtt av boka, men at det òg er ei bok så mange som mogleg bør lese. Men ver forberedt på at det tidvis er ganske tøff lesnad.

Jonatan er nettopp sluppen ut av fengsel, på grunn av manglande bevis i saka mot han. Saka han vart tiltalt for var altså pedofili. Han har gått mykje i terapi og er ganske trygg på seg sjølv. Han har strenge rutiner og arbeider mykje for å halde tiltrekkinga si mot barn i sjakk. Han reiser til mora som skal flytte ut av ei blokk klar for riving, berre for å oppdage at ei dame har flytta inn i naboleiligheita, med den vesle dottera si, Elke. Jonatan prøver så hardt å avvise henne, men ho er så einsam. Alt går fint så lenge dei berre kan passe fisken han prøver å friskne til, men det vert vanskelegare og vanskelegare. Og så døyr fisken.

Dette er ei bok ein bør prøve seg på. Den tek opp att ein ganske viktig debatt som var i vår, om pedofili. Mange misforstår både uttrykket, legninga og definisjonen av ordet. Vi må kunne skille mellom pedofile – folk som mot sin vilje har ei legning – og overgrepsmenn (og -kvinner). Det handler om å kontrollere impulsane ein får, begjæret og reaksjonane sine. Veldig mange pedofili skammar seg og arbeider utruleg hardt for å fungere som eit normalt medlem av samfunnet. Schilperoord er kriminalpsykolog, og klarer å skildre denne indre kampen skarpt og sårt, og ikkje minst truverdig. I dette tilfellet er jo Jonatan ein som prøver, og ikkje får det til. Refleksjonane han gjer seg i boka er noko å ta med seg vidare.

Eg vil avslutte med at det er ei ganske velskriven bok. Eg gir den absolutt toppkarakter. Den starter så roleg, vakker, vag og sår, og dess lenger ut i boka vi kjem, dess meir brutal, rå, ekkel og mørk blir den. Og eksplisitt. Det kan vere direkte motbydelig å lese til tider, men det er eit tema vi må tørre å snakke meir om! Schilperoord er ikkje redd for å ta opp eit tema dei fleste ser på som tabu, og som definitivt vil få enkelte lesarar til å rase. Du er advart.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Jeg lar deg gå» og «Jeg ser deg» av Clare Mackintosh

Begge bøkene er forhåndseksemplar frå Cappelen Damm

Du har jo sikkert fått med deg Jeg lar deg gå som kom i fjor, for den vart jo ein bestselger over natta. I tillegg er den skrytt opp i skyene. Eg fikk ikkje somla meg til å lese den før no, og med slike store håp til boka er det vanskeleg å ikkje bli skuffa.

Eg begynte å lese boka klokka sju om morgonen, og synest at det gikk ganske treigt i del ein. Velskrive, liksom, men ikkje så utruleg spennande. Men shame on me for å dømme for tidleg, for når del ein var ferdig og eg starta på del to, vart eg tatt totalt på senga! Eg følte meg så lurt, typ trill rundt.

Ei mors verste mareritt: hennar femårige gut vert påkjørt og drept. Ein politimanns verste mareritt: ein bilfører som stikk av og ei sak som er umogleg å løyse. Både mora til guten og politmannen Ray kjenner på ei skuldkjensle dei ikkje klarer å shake. For å kome seg unna Bristol, byen er det skjedde, reiser Jenna Gray til ei knøttlita bygd i Wales og leiger seg ei lita hytte ut med klippane. Fortsatt prega av ulukka, starter ho eit nytt liv og sørger for ungen som døydde. Ho bygger seg sakte opp eit nytt liv. I Bristol forsker Ray vidare på saka, og eitt år etter ulukka er det ein bit som fell på plass. Og på nytt skal Jennas liv knusast.

Handlinga er inspirert av ei ekte sak Mackintosh jobba med då ho var politi. Eg klarer jo ikkje la vere å lure på kor mykje som er sant og kva som er «kunstnerisk fridom», men Mackintosh kan uansett skrive. Og for ein tvist!!!

Då eg begynte på den andre boka hennar, tenkte eg at plottet var latterleg opplagt. Så tenkte eg at den fyrste boka jo var bygd på ei ekte sak, og at Mackintosh tydeleg mangler fantasi, trass at ho kan skrive godt. Igjen må eg innrømme at eg dømde for kjapt. Eg gjekk faen meg på limpinnen igjen. Ho fekk meg til å tru at eg var sååå glup som hadde skjøna samanhengen, men så… tok eg feil??

Men altså. Til mitt forsvar er dette den same oppskrifta som i Jeg lar deg gå (sjølv om bøkene ikkje har noko som helst med kvarandre å gjere). Begge er blanding av psykologisk thriller og vanleg politikrim, då du følgjer begge sidene. Du har hovudpersonen i førsteperson, politietterforsker i tredjeperson, og så gjerningsmannen i førsteperson – men i kursiv. Så det er jo same opplegget, så litt uoppfinnsomt er det jo, sjølv om eg må innrømme at det fungerer utruleg bra.

Zoe Walker er på veg til jobb som vanleg, då ho plukker opp ei gratisavis og blar i. Sjokkerande nok oppdager ho eit bilete av seg sjølv i ei annonse for seksuelle tenester. Ho vert rasande, flau og forvirra. Er dette ein dum spøk? Korleis har nokon fått tak i et bilete av henne? Viss det er henne då, og ikkje nokon som liknar? Ho sjekker avisa dagen etter, og då er den same annonsa der, berre med ei anna kvinne avbilda. Zoe vert ganske forvirra og rapporterer det til politiet. Dei tar det ikkje særleg alvorleg, før ho finn ei eldre utgave med bilete av ei kvinne som nyleg vart rana. Det viser seg raskt at kvinnene som er avbilda har blitt voldtatt, rana og til og med drept. Zoe forstår at det snart må bli hennar tur.

Dette er skikkeleg creepy greier, og plottet er fantastisk bra. I den fyrste boka er jo den største tvisten i midten av boka, men her er spenninga på topp heile vegen og når makspunktet på siste side. For epilogen er direkte rystande, og den fucka meg over heile to gonger! Herrejesusfred. Eg må seie at eg synest denne var betre enn Jeg lar deg gå, sjølv om begge er knallgode.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: Jeg lar deg gå (2016), Jeg ser deg (2017)

Fleire bøker av Clare Mackintosh finn du HER.

Sitat

«Tilbake til Mandalay» av Rosanna Ley

Boka er sponsa av Bazar forlag

I fjor kom Rosanna Ley med Safranhuset på norsk, og det var ein av dei beste feelgoodromanane eg las i 2016. Den var så utruleg godt skildra, og fekk meg skikkelig gira på etnisk matlaging. I vår kom bok nummer to (på norsk), Tilbake til Mandalay. Endå litt tjukkare, og enda litt betre.

Eva Gatsby restaurerer og sel antikvitetar, og drømmejobben blir endå betre når sjefen hennar ber henne dra til Mandalay og to andre byer i Myanmar/Burma for å møte kontakter og kjøpe nokre gjenstandar. Eva vert ganske så oppspilt, for ho veit at bestefaren budde der i mange år som ung mann. Når han får vite at Eva skal til «gamlelandet», sender han med henne ein skulptur som skal leverast tilbake til kvinna han elska, Maya. Eva finn Maya ganske så enkelt, og møter òg barnebarnet hennar, Ramon. Ho vert dratt inn i ein korrupt del av kunst- og antikvitetsverdenen, der både pengar, rykte og ære står på spel.

Det er ei fantastisk skildring av ei eksotisk, dramatisk, vakker og farleg reise. Måten Ley klarer å skildre omgjevnadane, naturen, maten, kulturen og historia på, er heilt vanvittig. I fare for å høyrast ut som ein klisjé, kjennest det faktisk ut som om du er i Mandalay. Både bakteppet og plottet er kjempefint og truverdig. Det er heile 440 sider, så det kjennest (heldigvis) ut som om boka aldri skal ta slutt.

Det er ei varm og nydelig historie om kulturmøter, familieband, kjærleik, tilgjeving og historie. Eg kan tilrå denne minst like høgt som eg anbefalte Safranhuset i fjor.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Rosanna Ley finn du HER.

Sitat

«Den hemmelige kvinnen» av Anna Ekberg

Boka er sponsa av Bazar forlag

Bazar forlag er ufatteleg flinke på underholdningsromanar (og det er berre å innrømme det: vi treng slike bøker innimellom!). Denne boka vert kalla «kjærlighetskrim», og frontast som noko nytt. Det er kanskje litt misvisande og henvender seg meir til damer? Og det vil eg ikkje høyre eitt ord om, at denne boka «passer best for kvinner». For her er like mykje handling frå eit manssperspektiv. Og så er boka full av sånt mannfolk liker; vold, horer, penger og alkohol. (Slapp av, det var ein spøk.)

Du veit mest sannsynlig kven Anna Ekberg er allereie, utan at du er klar over det. Det er eit pseudonym for Anders Rønnow Klarlund og Jacob Weinreich, betre kjende som krimduoen bak bøkene av A.J. Kazinski. Og dette er faktisk ein like god krim, fantastisk spennande!

Louise Andersen driv ein kafé på Bornholm og bur der saman med kjærasten sin, forfattaren Joachim, og har gjort det dei siste tre åra. Så dukker det ein dag ein mann opp på døra, og leiter etter Helene. Dei trur først han er gal og ringer politiet, men det viser seg raskt å vere meir komplisert enn som så. For Louise er eigentleg ei rik kvinne som heiter Helene og driv eit shippingfirma. Problemet er at Helene ikkje kan hugse dette, eller mannen sin Edmund, eller barna sine, eller eigentleg noko som helst. Når Helene prøver å finne ut om fortida si, dumper ho òg over ei ganske stygg historie om faren, shippingfirmaet og seg sjølv. I mellomtida prøver Joachim å finne ut kven Louise Andersen eigentleg var, sidan hans kjærast viste seg å vere ei «Helene». Også han hamner midt opp i ei ganske stygg sak, som brått fører til at Helene vert arrestert.

Oversettelsen er ein av dei betre eg har lese av dansk til norsk. (Vanlegvis synest eg dei som oversetter dansk gjer skikkeleg latmannsarbeid og berre skifter ut skrivemåte.) Boka var meir krim enn kjærleik, og sjokkerande god (i alle fall i forhold til forventingane mine).

Dette er ei slik bok som er drivandes spennande medan du les ho, men den lager jo ikkje eit varig inntrykk. Til det vert det litt for «røverhistorie» for meg. Den er knallgod, overraskande, har realistiske karakterar og eit originalt og kreativt plott. Sjølv om Anna Ekberg er fiktiv, trur eg at eg vil seie at ho er Danmarks svar på Simona Ahrnstedt. Og ja, den kan absolutt anbefalast om du ser etter ei bok som sug deg inn i handlinga og held deg der til siste side.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Anna Ekberg finn du HER.

Sitat

«Kafeen på Roscarbury Hall» av Anne O’Loughlin

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Denne boka var ganske så overraskande! Basert på omslaget ville eg jo tippa at dette var ein dramaroman typ «kjærleik og krig». Men du? Det er det ikkje. Det er faktisk ein ganske rørande og god roman, med mykje tragedie, håp og som opner opp rundt eit ganske mørkt tema i moderne irsk historie.

Ella og systera Roberta bur saman i det gamle herskapshuset Roscarbury Hall på den irske landsbygda, men dei har ikkje snakka saman på fleire tiår. Når banken truer med å ta huset, starter Ella opp ein kafé i ballsalen for å betjene lånet. Roberta vert rasande, og betre blir det ikkje når Ella lar ein amerikansk turist omtrent flytte inn og hjelpe til med drifta. Amerikanaren Debbie vart nemleg adoptert frå eit irsk kloster og prøver desperat å finne røttene sine – og klarer dermed å rippe opp i ei vond fortid for mange.

Etter eit kapittel eller to tenkte eg at dette ville bli ei slags krysning av Karin Brunk Holmqvist og Santa Montefiore, men etter å ha lest heile boka trur eg at eg heller definerer det som «eldre frustrerte fruer med hjartet på rette staden». (Ti humorpoeng til meg.) Vi er jo i Irland, så her er katolske nonner og kloster, svære herskapshus og eit bygdemiljø som tatt ut av ein film.

I starten av boka kan den verke ganske så morsom og feelgood som ein får det, men den er mykje meir. Her er mange vonde skjebner som knytast saman, familiehemmelegheiter som avdekkas og sår som rippast opp i. Likevel er det absolutt ei bok å kose seg med. Eg håper faktisk at dette blir ein film!

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Butcher’s Crossing» av John Williams

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Eg er jo litt sånn late to the party når eg les denne no, men sånn blir det jo av og til. Eg foretrekker nok fortsatt Stoner blant bøkene til Williams, men denne er ganske så fantastisk òg! Og om du lurer på kva type bøker som likner, kan eg jo nemne John Steinbeck og Carson McCullers» Hjertet er en ensom jeger. Ein meir moderne samanlikning er nok bøkene til Robert Seethaler.

Will Andrews er ein ganske så privilgert østkystgutt, med tre år på Harvard University bak seg. No er han reist til Bucther’s Crossing på vestkysten (California?) for å finne ut kva han skal gjere med seg sjølv og livet sitt. Han ender opp med å finansiere og bli med på ei bøffeljakt, ei reise som tek han heilt til fjella i Colorado. Det vert ein ganske så dramatisk tur, både fram og tilbake.

Dette er altså noko så sært som ei poetisk bok om bøffeljakt. Det er eit skarpt portrett av ei tid då amerikanarane omtrent utrydda bøflane, og ei historie om ein av dei mange små byane som har dukka opp og så berre forsvunne igjen når ei næring går tapt.

Språket er rett og slett hypnotisk, på same nivå som Stoner. Men der Stoner fokuserer på å ramse opp eit heilt liv, er Butcher’s Crossing ei historie om éin tur. Williams sparer heller ikkje på detaljane rundt flåinga av bøflane, for skal det vere korrekt, så skal det vere korrekt; her er gule fettklumpar, analåpninger, eting av okseballar og hovne tunger. (Deilig.) Sjølv om det kan høyrest litt for detaljert ut, så skjer likevel Williams vekk alt det overflødige. Det er underlig at han klarer å gjere bøkene så stemningsfulle! Men det er dei, altså, kvar og ei.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2015 (1960)

Fleire bøker av John Williams finn du HER.

Sitat

«Speil speil blink» av Dorthe Nors

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Det er nesten litt flaut, men eg forsto ikkje tittelen på boka før eg begynte å lese. Speil, speil, blink? Hallo, det er jo rekkefølgja på ting ein gjer når ein lærer å køyre bil. (Noko eg burde hugse, for det er verkeleg ikkje så lenge sidan eg tok lappen sjølv.) Og det er jo nettopp det denne boka handler om, å ta førarkortet.

Grunnen til at eg las denne boka er ganske enkel; den vart nominert til den internasjonale Man Bookerprisen, saman med blant andre Roy Jacobsen for De usynlige. Eg tenkte jo som så at då var jo dette eit safe bet, og trudde eg hadde en fantastisk leseopplevelse foran meg. Men akk så lett ein ka la seg lure! Dette var kjempekjedeleg.

Boka handler om Sonja, ei dame i førtiåra som skal lære seg å køyre bil. Ho er ganske så tafatt og konfliktsky som person, noko som ikkje er like lett når ho bytter køyrelærar. Blant anna gøymer ho seg når ho ser den førre utanfor køyreskulen, fordi ho er redd for å få kjeft. (Du ser korleis dette ender?) Ho liker ikkje massøren sin, men blir likevel med dama på ein tur, som ho så stikk av frå. Generelt liker ho vel ikkje folk, og har eit dårleg forhold til familien. Ho er altså singel, barnlaus og einsam. Og ja, yrket hennar! Ho omset bøker frå svensk til dansk. Spesielt krimbøkene til ein forfatter, og ho hater både han og bøkene, og Sonja legg ut om dette i det vide og det breie.

Er dette dansk humor? For eg forstår ikkje. Det er ikkje vittig, det er ganske så nitrist. I tillegg dreg forfattaren inn så mange uvesentlege karakterar og eg mistar tråden heile tida. Eg trur det er meininga at dette skal vere ein liten, lågmælt og fin roman, men når hovudpersonen er så irriterande og teksten så forbanna rotete, hjelp det ikkje at det er ei interessant personskildring.

Eg ville som sagt ikkje ha lese boka om den ikkje vart nominert til den nevnte prisen, for eg hadde aldri høyrd om Dorthe Nors før. (Dansk forfattark, om det ikkje var tydeleg.) Dersom dette er noko av det beste ho har skrive (med tanke på nominasjonen), så kjem eg vel ikkje til å lese meir av henne. Dette er ikkje ei anbefaling.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Baby doll» av Hollie Overton

Boka er sponsa av Gursli Berg forlag

Eg kan vel starte med å seie at du ikkje bør vente deg ein krimroman når du startar på Baby doll. Det er heller ikkje ein klassisk thriller, meir eit råspennande drama. (Gir det meining?) Det er ikkje noko stort spørsmål om kven forbrytaren er, det er ganske openbert frå starten av, så det er meir den psykologiske spenninga mellom familiemedlemma og andre involverte som skapar handling og engasjement.

Då Lily Riser var seksten år, vart ho kidnappa frå skulegården. Åtte år seinare er ho enno i fangenskapet, og lite har endra seg bortsett frå at ho har fødd ei jente, Sky. Ein dag gløymer kidnapparen å låse døra til hytta han held ho fanga i, og Lily klarer å rømme med dottera. Ho dukker opp som eit mirakel på dørstokken heime hos mora, berre for å finne ut at omtrent alt er forandra. Alle trudde Lily var død, unntatt tvillingsøstra Abby, hvis liv òg er ganske fucka opp. Når politiet kjem, insisterer Lily på å peike ut kidnapparen sin, for om dei ikkje ser reaksjonen hans når han ser henne, korleis vil dei nokon sinne tru henne? Kven ville trudd noko slikt om han?

Som sagt er det meste av spenninga plassert mellom familiemedlemma, spesielt Abby og Lily. Her er mange dramatiske moment, og overraskingar. (Sjølv når ein kanskje eigentleg ikkje burde bli så overraska?) Karakterane, spesielt Lily og kidnapparen, kan verke litt urealistiske i måten dei oppfører seg på rundt kvarandre. Men igjen, kva veit vel eg om den indre psyka til ein sadistisk jævel eller styrken til ei ung mor i fangenskap? Eg meiner, Natasha Kampusch klarte seg jo?

Dramaet og  plottet gjer meir enn opp for det litt flåsete, amerikanske språket som dukker opp innimellom. Det blir litt vel mykje «ekte kjærleik» her om alle typar relasjonar, og for Lily «går ting opp» og «slår henne» litt for ofte. Kanskje show hadde funka betre enn tell her? Til tross for det ujevne språket, er Baby Doll ein engasjerande, rørande og god roman, spekka med spenning.

Forlag: Gursli Berg
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Torget» av Victoria Durnak

Boka er sponsa av Flamme forlag

Eg hadde mitt første møte med Victoria Durnak i vår, då eg las Senteret. Og den var enkelt og greit fantastisk. Den er betre enn denne her, men det viser vel berre at Durnak har blitt ein betre forfattar på to år. Likevel kan ein kjenne igjen skrivestilen, den mørke humoren og den genuine menneskelegheita ho skriv fram.

Elin er ein gartner, og ikkje mykje anna. Boka starter med at ho i eit anfall av raseri gir vekk plakaten ho og kjærasten deler til ein loppemarknad. Ho angrer ganske kjapt, og prøver å kjøpe den tilbake. Det er ikkje lett. Elin trur ho har løyst problemet når ho då slår opp med kjærasten (Isak). Men det einaste Isak vil ha med seg er skoa sine og plakaten når han skal flytte. (Uflaks.) Så Elin prøver desperat å få tak i plakaten ein mann kjøpte rett foran nasa hennar, og oppdager i samme slengen at fyren har eit fotoalbum med barnebilder av hennar bestevenninne, Siri. Kaotisk, ikkje sant? Og fordi ho er arbeidsledig og no einsam, starter ho ei underlig greie med å levere (gratis) tinga folk sel på Finn.no til folka som kjøper dei.

Denne businessen er jo ganske merkeleg, for kven ville stolt på ein tilfeldig framand som tek med seg ei vare du skal selje? Det lukter jo løgn og fanteri lang veg. Korleis fungerer dette i praksis?? Og i tillegg til denne merkelege, nye vana, har Elin ein tendens til å dikte opp namn og historier på omtrent alle rundt seg, og av og til går det litt vel langt.

(Ellers må du hugse å lese overskriftene til kvart kapittel, for her er mange minner frå forholdet, og det er lett å glippe på kva som skjer no og kva som har skjedd før.)

Det er morosamt, menneskeleg og brutalt, med ein overraskande brå og dramatisk slutt, som ironisk nok er det som er skildra mest nøytralt i heile boka. Perfekt for alle som har lest og likt bøkene til Lotta Elstad.

Forlag: Flamme
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Victoria Durnak finn du HER.

Sitat

«Håndbok for flyktninger» av Vegard Sæteren

Boka er sponsa av Flamme forlag

Dette er debutboka til Vegard Sæteren, og for ein debut! Det er sjeldan eg har lest ei diktsamling som balanserer så hårfint mellom alvor og vill humor, men det kan sjå ut som om Sæteren berre leikar seg gjennom heile teksten.

Blant anna er her mykje bruk av kjente eventyr, sanger og rim med ein liten (eller stor!) tvist. Her refererast det til norsk folkelig litteratur både opp og i mente. Og det er så utruleg artig! Både eg og Jonas (som las samlinga før meg) lo høgt, og vi kan begge skrive under på at dette er humor. Som diktet om Gubben og gamla og diktet om Tre små kinesere, fantastisk fin gjendikting! Men dei er veldig lange, altfor lange til å gjengi her. Så kva med dette:

dere er sikkert slitne
bare det å
omadressere aviser
vaske ut av huset
ringe strømleverandøren
og pumpe opp gummibåter

dere måtte kanskje leie en oppbevaringsboks til alle tingene?

legge perifere naboer til på facebook og snapchat
love å holde kontakten

Det drypper jo av sarkasme! Dette er det første diktet i del to, «avslapningsøvelser». Altså, sjå kor ærleg bekymringa verker i første linja og så blir det jo berre mindre og mindre seriøst. Som om det å omadressere eit avisabonnement var noko av det verste med å flykte frå krig. Vi klarer å trekke ein parallell her, folkens? Utan at eg skal legge ord i Sæteren sin munn, så kan vi jo reflektere litt over kor overflatisk omsorgen vi har for flyktningar er. Og dette er jo den typen ting vi sjølv må gjere når vi skal flytte, kor sjølvopptatte er det mogleg å bli? Eg kan jo fortsette å vise denne fantastiske demonstrasjonen av kor altfor bra vi nordmenn har det:

en gang
holdt jeg på å bli spist

av en ulv
jeg var ute og løp i skogen
med en
følelse av
at den var rett i nærheten

så forferdelig

det er vondt å leve med

Dette er ei så dagsaktuell diktsamling som ein får. Aktuelt som faen, faktisk. Du kan finne framandfrykt, kritikk av byråkratiet, korte dikt og lange dikt, humor, alvor, og eit ønske om å hjelpe. Her er rett og slett litt for ein kvar smak. Det einaste eg har å utsette på samlinga, er kanskje den raude tråden. Den blir til tider veldig tynn (hehe), sjølv om den innimellom er tjukk som eit rep, spesielt i del åtte, «dikt i jeg-form». Alt i alt er det absolutt eit godt knippe dikt – og ein fantastisk debut – så eg trur eg runder av med «vaskelapp»-diktet:

kanskje dere kan dra tilbake dit dere kom fra?

det er
litt vanskelig

det er
litt vanskelig for oss
også

Forlag: Flamme
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Idioten» av Elif Batuman

Boka er sponsa av Solum Bokvennen

Idioten er ein litt annleis coming of age novel (dannelsesroman, sjølv om det høyrest meir pretensiøst ut på norsk). Det er ein ganske kompleks roman, som har fokus på så utruleg mykje forskjellig; utdanning, vennskap, (ubesvart) kjærleik, det første møtet med moderne teknologi, språk og litteratur, kultur, og så er her bokstavelig talt ei dannelsesreise.

Denne romanen handlar altså om tyrkisk-amerikanske Selin, som går førsteåret på Harvard. Selin er ei ganske så enkel, uskyldig og gjennomsnittleg jente. Likevel har ho ein tendens til å hamne i dei merkelegaste situasjoner. Ho er ikkje spesielt sosialt oppegåande, kan man vel seie. Å vere litt usikker på korleis ein forholder seg til folk ein er litt interessert i, vert ikkje enklare når ho byrjar å maile med medstudenten Ivan. Ivan er ungarsk og utruleg sær, men Selin fell for han – av ein eller annan grunn. Epostane deira vert ei stund det einaste kommunikasjonsmiddelet dei har, og etter kvart blir det rart å møtast i verkelegheita. For Selin blir Ivan eit slags idealmenneske. (Eigentleg er han ein skikkeleg arrogant dritt, synest eg.)

Vi følger Selin frå hausten fyrste semester, til vårsemesteret og så sommaren etter, då Ivan har lokka henne til å undervise i engelsk i ein liten ungarsk landsby. I løpet av desse tolv månadane reflekterer Selin mykje over dei underlege situasjonane ho hamnar i, livet, seg sjølv, språk, kultur, og tja, det meste. Kanskje spesielt det ujamne forholdet mellom henne og Ivan. Her er mange morsomme scener og betrakningar!

Batuman er tydeleg ein forfatter som skriv om det ho kan. Når ho skildrar utsjånaden til Selin, er det vanskeleg å ikkje sjå på forfatterportettet av Batuman på omslaget. Ho har og den tyrkiske bakgrunnen til Selin, og Selin drøymer jo om å bli forfatter – noko det er openbert at Batuman er. For språket er heilt fantastisk godt, sidene vender omtrent seg sjølv. Ho har skapt ein ganske sympatisk og sårbar karakter, som ein gjerne følgjer vidare. Så, kan eg få ein roman med skuleår nummer to??

Forlag: Solum Bokvennen
Utgivelsesår: 2017