Sitat

«Mann, tiger» av Eka Kurniawan

Leseeksemplar

Skjønnhet er et sår er et jækla mesterverk, så eg var veldig spent på denne. Den er mykje tynnare, og ganske annleis – men samstundes veldig lik. Skrivestilen (eller oversettelsen frå engelsk) er kliss lik, og eg trur eg kunne gjetta meg til kven forfattaren var sjølv om eg ikkje hadde visst det. Det er noko leikent, eventyrlig og direkte i språket. Kurniawan er ikkje redd for korkje forskjønningar eller råskap i teksten sin.

Mann, tiger starter med eit mord. Det er likevel langt i frå ein krimroman. Anwar er blitt drept av Margio. Men kvifor skulle den unge og litt sjenerte guten drepe den mykje eldre mannen? Det gir ikkje meining for nokon i den vesle landsbygda. Men for leseren vil det snart gi meining, for Kurniawan ruller opp ei historie som starter med Margios foreldres ungdomstid. Her er kjærleikslause ekteskap, vonde oppvekster, klasseskilnader og utroskap. Det er liksom indonesisk folklore, og handler om ein mann som trur han har ein tiger i/med seg.

Det vert ganske dramatisk til tider, og morsomt, og småtrist og ulidelig vondt. Det er noko med språket til den indonesiske forfatteren som berre skaper eit nytt univers (eller opnar eit ukjent eitt for oss stive vestingar) og krever den heile og fulle merksemda til lesaren. Og like sterkt som eg anbefalte Skjønnhet er et sår, kan eg anbefale denne.

Forlag: Pax
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Eka Kurniawan finn du HER.

Sitat

«Krittmannen» av C.J. Tudor

Leseeksemplar

Oooh, eg elsker slike krimbøker som skiljer seg ut frå resten av sjangeren. Dette er langt i frå den tradisjonelle krimromanen, og høyrer heller ikkje til den populære psykologiske thrilleren. Eigentleg er det vel ein slags noir? Ein skikkeleg mørk roman om hemmeligheter i barndommen, å kjenne sine nærmaste og det absolutt styggaste i kvar av oss.

Eddie Adams kan båe verke som – og er – ein ganske trist mann. Han bur i barndomsheimen og er lærar på skulen han sjølv gjekk på som barn, i ein bitteliten by i England. Hans einaste omgangskrets er barndomsvennane, «Fat Gav» og «Hoppo». Og den unge leigetakeren, som han er litt småforelska i. (Ja, trist). Og han drikk altfor mykje, altfor ofte. Alt går sin vante, patetiske gang, heilt til ein annan skikkelse frå barndommen dukker opp: Mickey. Og Mickey dreg med seg mange minner til byen og ripper opp i sår mellom den gamle gjengen. For Eddie blir fortida brått veldig nær, og han vert minna om alt det grusomme som hendte dei den sommaren for 30 år sida: drapa, voldtektene, lemlestelsane, krittmenna. Og korleis ingenting eigentleg blei oppklart.

Det er litt ytre spenning, men det meste er indre spenning, i form av minner og psyke. Så den er ganske roleg, men gud så mykje Tudor har klart å pressa inn. Her er ekstrem religion, seksuelt misbruk, bygdedyr, underlige vennskap og mykje raseri. Så sjølv om boka ikkje er heseblesande, er den verkeleg spennande. Omtrent umogleg å leggje ned; Tudor heldt på dramatikken til siste side. Bokstavelig talt.

Eg kan absolutt anbefale denne boka! Perfekt påskelektyre. Uhyre velskriven, og om du likte Matt Weslowskis Seks historier, trur eg at denne òg er i di gate. God lesning!

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av C.J. Tudor finn du HER.

Sitat

«Det flyvende sirkus» av Susan Crandall

Leseeksemplar

Dette er ei ny bok (vel, to år gamal no, då) frå forfattaren av Å slentre plystrende forbi kirkegården, Susan Crandall. Og den var jo heilt nydeleg, eg trur ingen som har lest den har unngått å bli berørt. Denne er òg fin, men ikkje i same klasse. Faktisk burde denne kanskje gå som ungdomsroman, for den er litt lettare skriven.

Etter første verdskrig opplever unge Henry at livet hans raser saman. Foreldra er døde, og han er ganske åleine i verda; for Henry er son av tyske immigrantar. Ingen vil vite av han, unntatt ein godhjarta svenske som tek han til seg. Men ikkje heile familien til mannen er like begeistra, og på grunn av desse er Henry no på rømmen. Tilfeldigvis møter han på ungjenta Cora og den litt eldre Gil. Gil er ein pilot, og reiser rundt med flyet sitt for å underholde folk og tene ein slant. Cora er ei fattig jente frå ein før rik familie, som er lei av den kontrollerande mora. Saman reiser dei (om enn litt motvillig i starten) rundt i USA for å lage show.

Det er som ein roadmovie, skikkelig filmatisk skildra, om ei reise med fly og motorsykkel rundt om i USAs innland. Og Cora er eit skikkelig råskinn, og ein tidleg feminist. Det utvikler seg etterkvart eit trekantdrama i gjengen, og alle har hemmeligheter dei skjuler for dei to andre.

Boka er veldig underhaldande og lettlest. (Eller, eg høyrde den på lydbok.) Og medan eg høyrde, trudde eg at eg kom til å gløyme boka ganske raskt, men etter nokre veker, har eg oppdaga at eg fortsatt hugser omtrent alt, og det viste seg å bli ganske minnerikt til slutt. Kan absolutt anbefalast!!

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Susan Crandall finn du HER.

Sitat

«Veronika vil dø» av Paulo Coelho

Coelho sine bøker er stort sett slik at du anten elsker eller hater dei, og eg er ein av dei som elsker dei. Dei er jo ganske spesielle, og ikkje vanlege romanar med ei enkel historie rett fram. Her er det stort sett viktig å lese litt mellom linjene, og følge med på dialogen og tankane til personane framfor handlinga. Utroskap er kanskje ei av favorittbøkene mine.

Veronika er ei ganske så alminnelig, slovensk ung jente. Ho har ein ok jobb, kjærester og venner frå tid til annen, livet er stort sett ganske ok. Og her er problemet. Livet er så likefram og grått og Veronika ikkje føler at ho faktisk lever. Ho føler faktisk at livet er for stabilt. Så ein dag svelger ho mange smertestillande, klar for døden. (Problemet med ting som paracet og slikt, er at det ikkje tek livet av deg. Det skader derimot levra, hjartet og andre organ såpass at du vil døy av skadene etter kvart; ein ganske smertefull død. Så sånn sett «døyr» du to gonger.) Så Veronika vakner på eit asyl, for å leve ut sine siste dager der, saman med dei mentalt sjuke og dei som later som dei er det, for å leve avskjerma på staten si rekning. Og medan ho døyr, lærer Veronika mykje om å leve.

Boka er verkeleg ein tankevekker, og alle som har slitt med depresjon eller sjølvmordstanker bør lese den. Den gir så utruleg mykje! Coelho skriv så utruleg fint, og han skildrer både menneska og miljøet så utruleg godt. Han veit kva han snakker om; han har sjølv vore innlagt på institusjon nokre gonger då han var yngre, og ingen har enno fortalt han kva han gjorde der. Og Veronika er basert på ein ekte person, slik som asylet er basert på eit ekte asyl i Slovenia.

Ei bok verdt å lese, for alle som vil lære litt om livet.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2012 (1998)

Fleire bøker av Paulo Coelho finn du HER.

Sitat

«Ung jente, voksen mann» av Eline Lund Fjæren

Ung jente, voksen mann er debutboka til Eline Lund Fjæren, men eg har allerede lest (og elska!) bok nummer to, Klokken og sengen. Ho er verkeleg ein fantastisk skribent, dette er bøker du sluker i eitt jafs med massevis av knuter i magen og tårer i augekroken. Verkeleg. Og for ikkje å snakke om kor mange priser ho allereie har vunne. Herrejemini, altså.

Boka handler om ei jente på tretten som har eit forhold til ein mann på over tredve. (Jada, ulovleg, we know.) Ho skjuler naturleg nok denne delen av livet sitt for familien, kun eit par venninner veit om det. Ho er så annleis enn dei andre – å miste jomfrudommen som trettenåring medan venninnene dine kanskje får sine første kyss set deg liksom litt utanfor. Han veit ikkje heilt kva han skal gjere med saka, mannen i forholdet heller.

Vi følger dei gjennom eit fem år langt av-og-på-forhold, der maktbalansen skifter undervegs. Noko som fascinerte meg ved boka var den totale mangelen av unnskyldninger for det skandaløse forholdet. Det var ikkje «å, eg veit at dette er feil, men det er kjærleik», det var berre. Du får heller aldri vite akkurat korleis forholdet starta og kven som tok initiativet, det var i alle fall eit moment som fanga meg. Historia fordeler ikkje skuld eller ansvar, det er berre ei skildring av dette ujamne, men av og til nesten for jamne, forholdet.

Og så er det jo spekulert i massevis om dette er ein sjølvbiografisk roman. Så vidt eg veit har Lund Fjæren aldri svart på det, men eg kan jo innrømme at eg trur at det er det. Fleire av kjenneteikna til jenta stemmer overeins med forfattarens eigne trekk, og til og med etternavnet vert kommentert. Men eg skal ikkje kome drassande med debatten om «virkelighetslitteratur», eg nøyer meg med å bedømme dette som god litteratur, fiksjon eller fakta.

(Biletet er passande nok tatt i Bergen, på favorittstubben min langs Tippetuene på vei opp til Fløyen. Ja, eg har ein favorittstubbe.)

Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av Eline Lund Fjæren finn du HER.

Sitat

«Midnattsrosen», «Den italienske jenta» og «Engletreet» av Lucinda Riley

I Midnattsrosen tek Lucinda Riley oss med til India, til svære gods i England og filmbransjen. Så langt som eg i skrivande stund er komen i forfatterskapet til Riley, er dette den beste boka hennar, by far. Historia er ganske truverdig, med mange overraskingar undervegs – faktiske overraskingar.

Rebecca Bradley, den kjende amerikanske filmstjerna, er for tida på eit ganske slitent og gamalt gods i England for å spele inn ein film. Det går ikkje lang tid før inderen Ari Malik dukker opp for å finne ut kva som hendte med grandonkelen hans. For omkring åtti år sidan var oldemora hans, Anahita, sterkt knytta til godset og eigaren av det. Ho fekk eit barn, men har alltid nekta å tru at barnet døydde. Etter Anahitas død, har Ari bestemt seg for å oppfylle hennar siste ynskje, at Ari skulle finne ut kva som skjedde med son hennar.

Boka er full av oppveksten til Anahita i India og seinare England, omveltingane samfunnet opplevde rundt fyrste verdskrig, kulturkræsj, rasisme, kontrastar, drama og forbudt kjærleik. Den er faktisk ikkje så verst, spesielt på lydbok.

I skrivande stund har eg lest 1-3 av De syv søstre, Midnattsrosen og Engletreet av Riley frå før. (Desse innlegga er slengt sammen etter utgivelsesdato.) Og eg har faktisk likt alle dei fem overraskande godt, men Den italienske jenta er det største klisset eg har vore borti. Herregud, det var ei skikkeleg smørje.

Rosanna er elleve år då ho møter Roberto Rossini for første gong. I dagboka si sver ho på at ho skal gifte seg med den snart-berømte operasangeren. Etter ei anbefaling frå Roberto, byrjar ho med sangtimar, og etter mange år med hardt arbeid ender ho opp i Milano, på La Scala. Og der er Roberto. Resten av boka er fylt av familiedrama, sorg, opprør, røyndommar og ikkje minst kjærleiksforviklingar. Og det er skikkeleg overdrevent, dramatisk, uoriginal og tja, lite truverdig. Dette er for ordens skyld ei bok Riley skreiv då ho var yngre, under pikenamnet sitt, Edmonds. Så konklusjonen er at ho har definitivt blitt ein betre skribent med åra.
Eg har faktisk høyrt denne på lydbok (for den krever null hjernekapasitet å følge med på), og innspillinga var skikkeleg dårleg. Det var noko med stemma til innlesaren som minte meg om ein åtte år gamal gut, og så var det ein slags talefeil som frustrerte meg grenselaust.

Engletreet har eg faktisk òg hørt på lydbok, heile tjue timar. Det er sånt som gjer meg nervøs, tanken på å skulle fokusere og hugse nesten eitt døgn med berre lyd. Men det gjekk overraskande greitt! Historia hadde så få karakterer og få store hendingar, at det gjekk ganske fint å følgje med likevel!

Dette er ei familiefortellings, som starter i «feil ende»: Greta Marchmont skal feire si første jul på familiegodset på mange år. Ho var i ei bilulykke for mange år sidan, og då ho vakna opp etter eit langt koma, hugsa ho ingenting av fortida si. Men denne jula, når ho er ute og spaserer og finn grava til sin treårige son, kjem enkelte minner tilbake, og David, vennen hennar som har passa på henne i alle desse åra, hjelper henne å fylle inn hulla.

Vi blir fortalt ei storarta historie om ein uvanleg familie, som likevel har sine ordinære problem, frå krigen slutter til åttitallet: kjærester som svikter, utenomekteskapelig graviditet, uuttalt kjærleik, pliktkjensle og skuffelse, psykiske problem og rampelyset.

Det er verkeleg ei god bok, og eg storkoste meg med den. Den er litt annleis enn dei andre bøkene hennar, synest eg. Går det an å seie at ei Lucinda Riley-bok minner meir om Kate Morton enn Lucinda Riley??

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: Midnattsrosen (2014), Den italienske jenta (2015), Engletreet (2015)

Fleire bøker av Lucinda Riley finn du HER.

Sitat

«The Sun is Also a Star» av Nicola Yoon

Igjen har eg forelska meg i ein fantastisk fin ungdomsroman av Nicola Yoon. Presset for å følge opp ein så fantastisk roman som Verda er ein boble (Everything, everything) må ha vore stort, men Yoon meir enn leverer. Den er endå betre.

Daniel er oppvaksen med koreanske foreldre i USA, og har eit voldsomt press på seg for å vere perfekt, smart og flink. Han skal inn til New York på eit intervju med ein tidlegare Yale-student, som mora håper vil anbefale han til inntakskontoret. Og der møter han Natasha.

Natasha er ein ulovleg immigrant frå Jamaica, men føler seg eitt hundre prosent amerikansk. Familien hennar skal deporterast i kveld, og ho reiser inn til New York for å møte ein advokat – i tilfelle ho kan fikse deportering. Og der møter ho Daniel.

Dette er ein skikkelig, skikkelig fin kjærleiksroman for ungdom, fylt til randen med kulturell historie, vennskap, krysspress, ringvirkninger og skjebne. Yoon har nokon verkeleg fine innspel innimellom, med parallellhistorier, innblikk, framtidige og tidlegare historier og små faktabitar. Ei slukebok uten like. Eg vil gjerne sei at Yoon er ein ny John Green, men Nicola Yoon er nettopp Nicola Yoon. Og tru meg, ho vil bli like stor innen YA fiction.

Utgivelsesår: 2017
Forlag: Corgi

Fleire bøker av Nicola Yoon finn du HER.

Sitat

«Talte dager» av Heidi Linde

Leseeksemplar

Dette er den første vaksenboka mi av Heidi Linde. Eg hugser eg hadde (og likte!) nokre av ungdomsbøkene hennar då eg var sånn ni-ti år gamal, Jug! og Sug. Eg har hørt både veldig positive og nokre lunkne ting om boka, så eg var veldig spent då eg starta. Eg har hatt den liggande nokre månader no, men har ikkje turt å byrje før no. Så … here we go!

Kaja har flytta på hybel, og skal ein mandags morgon ta bussen tilbake til skulen og hybelen. Liv Karin har anstrengt seg for å lage ein fin frokost og start på veka for dottera, men alt ender med kjefting og krangling. Kaja fyk rasande på dør. Denne krangelen er det siste som hender mellom mor og datter – Kaja kjem snart til å døy.

Vi møter òg fleire karakterer i den bygda, som tilfeldig eller ikkje har noko med Kajas død å gjere. Trådane vert samla heilt på slutten, og det går for min del berre sånn halvvegs opp. Ja, ein eller to var kanskje verdt å blande inn i historia, men eit par er skikkeleg unødvendige. Og eg synest oppbygginga var så rar, eg skulle gjerne hatt mykje meir om livet til Liv Karin og korleis ho takla denne sorga, for så langt kjem vi aldri i boka. Det hadde vore mykje meir interessant enn til dømes historia om Ingeborg eller Jonas. Og det var eigentleg den historia eg hadde forventa å få servert?

Vi befinn oss i ei lita vestlandsbygd (hurra!), og eg må innrømme at det er veldig velskildra. Linde har gjort ein kjempejobb med researchen sin, så eg aksepterer lett at dei snakker (skriv?) bokmål. (For eg har klokkertru på at folk må få skrive på det målet dei vil, uten at alle skal kome og klage.) Det er ikkje dårleg, berre det! Faktisk er det heller sjeldent. (Til dømes synest eg Maja Lunde gjorde ein elendig jobb med si «vestlandsbygd» i Blå. Rett og slett litt flaut å lese.)

I utgangspunktet synest eg ideen er veldig god, men det blir litt for mange karakterer, litt for overflatisk og utvatna, og til tider litt langdrygt. Historia er god, men blir nesten litt «overfortalt» av alle dei ulike stemmene. Og så skriv jo Linde sånn sett veldig godt (godt nok til at sidene går kjapt unna), men ho makter ikkje å skildre karakterane såpass nært at ein får medkjensle med dei på dei få sidene dei totalt er med. Dermed berører det – og boka – meg ikkje slik eg skulle ynskje det gjorde. Alt i alt vart det ei ganske midt på treet-oppleving. Dessverre.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Bobla» av Siri Pettersen

Leseeksemplar

Eg må innrømme at eg er litt skeptisk. Eg er langt i frå overvelda og entusiastisk, og forstår ikkje heilt kvifor denne var nominert til Bokhandlerprisen 2017. (Eg trur kanskje det seier meir om kor mange bokhandlarar som ikkje les breitt «nok»?) Det er ei ok skriven bok, men langt i frå det beste som er utgitt innan barne- og ungdomslitteratur i fjor.

Kine hater verden: foreldra som er teite, skulen, vennane og generelt alt. Ho er generelt potte sur heile tida, og veit tydelegvis ikkje kor ho passer inn. I alle fall ikkje her i Møllby (ja, byen heiter faktisk Møllby). Ting endrar seg når ho finn ei lita kule som veks til ei boble, som kun Kine kan gå inn i. Der er ho trygg, åleine, lukkeleg og slepp å forholde seg til den teite heimbyen sin. Ho kan faktisk ønske seg kva som helst inne i bobla, og det dukker opp! Men det er jo så klart ikkje så enkelt. Inne i bobla er ei dukke som vert eklare og eklare, og etter ei stund vert bobla vanskeleg å gå inn og ut av. Kine må ta eit val – bli i bobla for alltid, eller gi den opp for godt?

Eg har sett mange skrive at dei er frustrert over ansvaret Kine har i boka, at barnet har så mykje press for å «reparere verden» åleine. Det var ikkje det som plaga meg mest (for eg forstår at ein del av poenget her er å gjere unge miljøbevisste) men den manglande logikken i boka. Historia heng ikkje på greip, det vert aldri skikkeleg oppklara kvifor dukka vil det ho vil, korleis og kvifor ho dukker opp, kvifor Kine gjer noko som helst. Og så var det på grensa til fordummande inn i mellom, nesten rett ut skrive «tenk på alt vi kjøper som vi berre kaster, det er ikkje bra!». Kanskje gjer Pettersen kanskje Kine meir banal og enkel enn ei jente på den alderen er?

I mi meining er boka velmeint, men feilplassert og mislukka som eit innlegg i miljødebatten. Eg liker tanken bak, men eg trur veldig lite kjem til å kome ut av det.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«What Light» av Jay Asher

Jay Asher er forfattaren av Thirteen Reasons Why (Tretten gode grunner på norsk), men denne ungdomsromanen her er noko heilt, heeeeeilt anna. Denne er søt, hjertevarm og sjarmerande. Og så er det jo ei julebok (om biletet ikkje avslørte det, hehe), og har passande nok 24 kapittel. Verkeleg ei perfekt bok å kose seg med i førjulstida. Så legg deg denne på minnet til desember!

Sierra er vokst opp på ein juletrefarm i Oregon, og kvar desember reiser ho med foreldra sine til California for å selje juletrea. Dermed lev ho på ein måte to liv; eitt i Oregon med barndomsvenninnene og skulen, og eit mindre eitt i California med venninna Heather. Men juletrefarmen tener ikkje mykje penger på salgsstaden i California, så Sierra veit at dette kan vere den siste jula hennar her. Ho vil gjere den minnerik. Og den sjansen får ho når ho møter Caleb, og fell pladask for smilehullet og auga hans. Men Caleb har eit fælt rykte i byen, og alle advarer Sierra mot at han ikkje er bra for henne. Men for Sierra, er forelskelsen der uansett.

Dette er ikkje så klisjéaktig som det kan høyrest ut, men eg vil ikkje avsløre for mykje. Det er ei varm og fin historie, med originalitet opp i alt dette som kan høyrest ut som ein standard, forenkla Romeo og Julie-historie. Den handler om vennskap, respekt, å gjere det rette, å ha tillit og gi nye sjanser. Om å tørre å leve livet sitt, uansett kor vanskeleg det kan virke – og så klart: å følgje hjartet sitt.

Forlag: Pan MacMillan
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Jay Asher finn du HER.

Sitat

«The One Memory of Flora Banks» av Emily Barr

Denne unike ungdomsromanen er ei slik bok som berre blir betre og betre dess lenger ut i boka du kjem. Den starta ganske dramatisk, blei så veldig treig ei stund, men siste halvdel var verkeleg ekstrem. Det var twist på twist på slutten, og uhyre spennande.

Flora Banks har hukommelsestap. Eit ganske spesielt tilfelle av det, for ho hugser alt som skjedde før ho var elleve år gamal og opererte ut ein svulst. Ingenting ho har opplevd etter det fester seg i hukommelsen, men Flora gjer så godt ho kan for å leve eit normalt liv. Ho er no sytten år gamal, og på fest saman med bestevenninna, Paige. Men på slutten av festen kysser ho kjærasten til Paige, Drake. Dette hadde jo berre forsvunne ut i intet, dersom det ikkje var slik at Flora hugser det når ho vakner. Ho hugser faktisk kysset, heilt på ekte. Flora er overbevist om at det er ekte kjærleik, og når Drake tek kontakt frå Svalbard, grip ho sjansen sin til å vere med guten ho elsker, og reiser. (Og de kan jo tenke dykk korleis det her utspelar seg når ho gløymer alt som har skjedd rundt kvar tredje time!)

Grunnen til at det er treigt i starten, er fordi ho ramser opp heile livet sitt kvar gong ho gløymer kvar ho er. Det er på grensa til frustrerande, men eg forstår jo kvifor det må vere slik. Men veldig lite viser seg å vere slik det kan sjå ut ved første augneblink i Floras liv, og stein etter stein blir snudd. Dette er verkeleg eit psykologisk drama av førsteklasses kvalitet, og Barr viser gong på gong i slutten av boka at ho har evna til å overraske. LES!

Fleire bøker av Emily Barr finn du HER.

Forlag: Penguin
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«En av oss lyver» av Karen M. McManus

Leseeksemplar

ALTSÅ, spenningsromanar for ungdom. Her er det mykje bra, men denne er verkeleg fantastisk. Ikkje så altfor grusom, men meir psykologisk utfordrande. Eg verkeleg susa gjennom boka, for den var så medrivande! Det tok bittelitt tid å venne seg til den brå vekslinga mellom karakterane, men når du hadde blitt kjend med dei, gjekk det fint.

Simon, Nate, Addie, Cooper og Bronwyn er alle svært forskjellige ungdommar, som alle sit att etter skulen ein dag. Dei er absolutt ikkje den typiske forsamlinga i gjensittinga (unntatt Nate, då), og det viser seg å ikkje bli ei typisk gjensitting heller. For før tida er ute, er Simon død. Og nokon i rommet må vere den skuldige. Dei fire andre seier dei ikkje gjorde det – men ein av dei er nøydd til å lyge. For nokon har drept Simon.

Boka er superspennende, og sidene flyr av gårde. Du blir så godt kjend med karakterane, og det aller meste er ganske så truverdig. Her er så mange problem ein kan kjenne seg att i, så mange viktige tema som vert tekne opp. Du blir glad i personane, og du sit med nervane i heilspenn til siste side er snudd.

Eg har eigentleg berre ein ting å klage på: altså den derre siste sida. Den var så altfor obvious. Når hinta kom, trudde eg at det var falske spor slik at eg skulle bli lurt til å tru at eg hadde skjøna samanhengen. Og eg blei dritskuffa når eg kom til slutten og forsto at eg hadde visst det heile tida. Eg hadde faktisk håpt på ein smartare slutt.

Boka er òg tilgjengeleg på engelsk, One of us is lying, dersom du foretrekk det.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Karen M. McManus finn du HER.

Sitat

«Hjertet er en knyttneve» av Ingrid Ovedie Volden

Leseeksemplar

Åh, Volden har verkelig teken på å skrive vakre ungdomsromanar! Eg likte veldig godt Alt som teller då eg las den for ei tid tilbake sidan, og denne her var faktisk endå betre. Det er noko med måten ho skriv på, som gjer det så intelligent, men likevel tilgjengeleg og forståeleg. Slike barnebokforfattarar treng vi fleire av, for det er alt for mange barnebøker skrivne ganske så nedlatende.

Oliver har familietrøbbel; mora har forlatt dei for ein annan mann, og faren til Oliver er knust. Faktisk så knust at hjartet hans gir etter, og han vert innlagt på kardiologisk. På kardiologisk avdeling møter Oliver plutseleg på Aline, den nye jenta i klassa. Ho har valt hjartet som organ å skrive om i skuleoppgåva dei har fått utdelt, og heng på avdelinga med jamne mellomrom. Eit skjørt og fint vennskap utviklar seg mellom dei, men begge vil oppdage kor vanskeleg det kan vere å måtte ta val.

Som sagt er denne boka heilt nydeleg, og den er veldig lettlest! Kapitla er korte, så den er fin for dei som ikkje er så glade i å lese òg. I tillegg er boka full av kunnskap og klokskap, varme og glede. Det er ei skikkeleg feelgoodbook, og den kan anbefalast til alle frå ti-elleve og oppover.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Ingrid Ovedie Volden finn du HER.

Sitat

«Friend Request» av Laura Marshall

Leseeksemplar

Folkens, hold fast på hattane! Dette kan vere den nye Piken på toget eller Bak lukkede dører! Fantastisk spennande! Og om du har snoka litt på bloggen min, veit du at eg er kjempekresen på krim/thrillerar, fordi eg har ein tendens til å gjette korleis slutten er. Så når eg finn slike bøker som faktisk klarer å halde spenninga heile vegen og avslutte med eit smell, då blir eg glad!

Louise slit med å tilpasse seg det nye livet som skilt åleinemor, og det faktum at eksmannen Sam har fått ny kone og eit nytt barn. Men det er ting man kan leve med. Ting som er litt verre å akseptere, er for eksempel når den avdøde klassevenninna di sender deg ein venneforespørsel på Facebook. Maria. Ei klassevenninne som forsvant under mystiske omstende; omstende skapt av di og andre jenters mobbing. Og meldingane som begynner å tikke inn frå Marias konto er skremmande. Louise vert tvungen til å gjenoppleve fortida si, på kanskje verdas eklaste måte.

Dette er vilt skremmande psykologisk krim, og snik seg så vidt inn i chuck-lit-sjangeren òg. OG GUD BEDRE så forfriskande at ein forfatter som skriv om eit sosialt medium faktisk veit korleis det fungerer. (Det er så altfor mange som dreg inn Twitter eller Tumblr men ikkje aner korleis det faktisk fungerer, og ofte øydelegg heile plottet.) Historia er ekkel, hjerteskjerande, skummel, men absolutt truverdig. Eg heldt i alle fall pusten heile siste halvdel, og hadde ikkje sjans til å gjette slutten. Så les boka, absolutt!

Forlag: Sphere
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Laura Marshall finn du HER.

Sitat

«Gather the Daughters» av Jennie Melamed

Ikkje les denne om du er ei sart sjel. Det er ikkje ei ungdomsbok. Det er ein sterk, altfor truverdig og skremmande dystopi.

Kva viss du har vokst opp på ei lita øy, og du heile livet har blitt fortalt at de er dei einaste igjen i verda. I det som pleide vere USA er det no berre øydeland: alt er brent opp av flammer frå dommedag og kunne sjuke og funksjonshemma mennesker er att. De er dei einaste igjen.

Nokre jenter gler seg til dei får mensen så dei kan bli gifte. Dei aller fleste gruer seg. Janey er den som gruer seg mest; faktisk så mykje at ho har sulta seg i årevis for å unngå å bli fruktbar. Ho er dermed mykje eldre enn dei andre jentene, og har fått ein rar og mislikt posisjon i samfunnet. Ho er vaksen, men ikkje vaksen. Amanda er ei av dei som har sin «summer og fruition» no (fruktbarhetssommer?), og vert raskt gift og gravid. Men når Amanda får greie på eit par ting og begynner å stille spørsmål ved det religiøse samfunnet, ender ho opp død. Og verre enn det – Janey ser korleis ho døyr. Og det er her alt eksploderer, for Janey har fått nok av det undertrykkande samfunnet ho lev i, og ho trur ikkje på alt dei er blitt fortalt om forfedrene sine. Ho starter eit opprør, som ender brutalt.

Som eksempel på kor fucka desse religiøse gærningane er: det er heilt normalt – faktisk forventa og påkrevd – at fedre skal forgripe seg på døtrene sine frå dei er småbarn, så dei skal vere førebudd på ekteskapet som kjem rett etter første sommer med mensen. Vanligvis i tolv-trettenårsalderen. Og ja, menna er ofte ti år eldre. Og når dei har blitt vekkgifta, flytter dei stort sett inn i huset til eit av foreldrapara, og dei må berre fint ta gift og ofre livet for den yngre generasjonen. KVA I SVARTE FAEN.

Dette er ei historie om å stå opp for seg sjølv og alle andre, tørre å stille dei kritiske spørsmåla og viktigheten av å gjere offer. Viktigheten av vennskap, fellesskap og tillit. Og litt om svakhetene vi alle har, og kva svakheter vi ikkje burde akseptere under nokon omstende.

Boka er knallbra. Midt i blinken for fans av The Handmaid’s Tale og The Power. Men igjen, boka har sterke scener: eg tek ikkje noko ansvar for mareritt.

Forlag: Tinder Press
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Den forbudte elven» av Chigozie Obioma

Boka er sponsa av Font forlag

Alle har vel fått med seg denne boka og kjempekritikkane den har fått? Det er den norske omsetjinga av The Fishermen, skriven av nigerianske Chigozie Obioma, og ei veldig god omsetjing, for den saks skuld. Eg trur denne boka kom ganske overraskande på dei aller fleste, for den er verkeleg ei skjult perle. (Eller, ikkje så skjult no lenger, då.)

På nittitalet i Nigeria opplever tiårige Benjamin og dei tre eldre brødrene hans, Ikenna, Boja og Obembe, ein ny slags fridom: faren må flytte vekk på grunn av jobb, og mora er for opptatt med dei to yngste barna til å passe på. Dei dreg for å fiske i ei «forbudt elv», og møter på den lokale galningen, som spår at Ikenna skal bli drept av ein av brødrene sine. Ikenna får panikk, og trekk seg unna familien. Familien går heilt i oppløysing, og tragedie etter tragedie inntreff.

Dette er ei rørande, lågmælt og til tider brutal familieforteljing. Ære og skam speler ei stor rolle i denne kulturen, og det er nesten vanskeleg å setje seg inn i kor stor den rolla er. Og ikkje minst overtrua! Språket Obioma bruker til å skildre denne nære forteljinga, er avslappa og lettlest, og ikkje minst truverdig. Kjenslene kjem tydeleg fram, utan å vere dramatisk og overemosjonelt (noko som er imponerande med tanke på handlinga i boka). Det er ei verkeleg flott og overraskande bok, som passer for absolutt alle. Gavetips til absolutt kven som helst!

Forlag: Font
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Skjønnhet er et sår» av Eka Kurniawan

Boka er sponsa av Pax forlag

Denne romanen har tatt meg med storm! Herregud, for ein lesefest dette skulle vise seg å bli. Etter berre femten sider skjønte eg at denne ville dytte seg oppover og sikre seg ein plass på topp 10-lista mi over gode bøker. Dette er verkeleg ein unik og spinnvill roman, og den tvinger meg til å bruke opp nesten alle dei gode vendingane mine på ein gong. Ikkje la deg lure av omslaget (som kanskje er verdens finaste??), for dette er ikkje ein typisk historisk dameroman.

Eg bruker jo vanlegvis ikkje sitere anna enn frå diktsamlinger i omtalene mine, men her må eg faktisk gjere to unntak. Eitt for å vise den klare og tydelege samfunnskritikken, og eitt for å vise den hysteriske, mørke og drøye humoren i boka.

Det fins ingen verre forbannelse enn å føde ei pen jente i en verden full av menn som oppfører seg like avskyelig som kåte bikkjer.

Det er ein fabel-aktig (og fabelaktig!) roman, du må liksom berre akseptere alt som skjer, sjølv det som er heilt fysisk umogleg. Alt kan sjåast på som metaforer, myter, og som sagt er ikkje samfunnskritikken lagt skjul på.

Boka starter med at ei vakker prostituert, Dewi Ayu, står opp frå grava etter å ha vore død i drøyt tjue år. Men det er ikkje poenget med boka, eller historia. Sjølve boka er knytt saman meir som anekdoter som blander seg saman, med historier frå livet til Dewi Ayu, menneska rundt henne, døtrene som kjem, menna som forelsker i henne og døtrene. Bakteppet er Indonesia under andre verdskrig, japansk okkupasjon, og så – pang! – fredstid for fyrste gong på evigheter i landet. Her er store politiske omveltningar, men hovudsakleg er det dei små hendingane i «vanlege folk» (om nokon i denne romanen kan kallast det) sine liv som er skildra.

For tjueen år siden hadde hun dødd tolv dager etter å ha født ei heslig lita jente, så heslig at jordmora som hjalp henne, ikke kunne være helt sikker på at det virkelig var et spedbarn, og trodde kanskje det kunne være en klump med dritt, ettersom hullet hvor en unge kommer ut, og hullet hvor dritt kommer ut, bare er to centimeter fra hverandre.

Og slik går det altså slag i slag! Sprelsk som fanden, og ikkje redd for å vere direkte. Det er burlesk i bokform, og eg absolutt elsker det. Skråblikket Kurniawan setter på menneske, samfunn, og ikkje minst kvinner i ein mannsdominert verden, er praktfullt. Akkurat som språket. (Boka er forresten ikkje omsett direkte frå indonesisk, men frå den engelske utgåva, Beauty is a wound, og etter å ha lest litt i den, kan eg seie at Hedda Vormeland sitt språk er hakket morsommare enn den engelske versjonen.) Men ja, dette er ei spektakulær bok!! Eg trur absolutt alle med bittelitt humor i kroppen vil kunne storkose seg med denne herlige boka.

Forlag: Pax
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Eka Kurniawan finn du HER.

Sitat

«Veien ved Boolavaun» av Anne Enright

Boka er sponsa av Pax forlag

Dette er ei skikkeleg irsk bok! Anne Enright er jo ein kjend irsk forfattar, miljøet i boka er grønt, vått, vakkert og kaldt, og eg får ein skikkeleg Dubliners-feeling av bokas første halvdel. (Om du ikkje er veldig opptatt av verdslitteraturen, så er Dubliners kanskje det best kjende verket til ein annan stor, irsk forfattar, James Joyce.)

Grunnen til at eg får denne feelingen (eller kjensla, orsak) er at del éin av boka er delt opp i fem, ei historie frå kvart familiemedlem sitt liv. Dei er spreidde på geografi, tid og stad i livet. Det blir liksom berre fem små historier frå tilfeldige irar sine liv, og som tilfeldigvis er i slekt. Eg opplever denne delen som ein kolossal (men viktig) oppbygging til den faktiske handlinga.

Historia starter vel eigentleg i del to, då dei fire søskena Emmet, Dan, Constance og Hanna alle reiser heim att til jul for første gang på lenge, og får vite at mora Rosaleen har tenkt å selje barndomsheimen deira. Barna vert halvvegs sinte, halvvegs trur dei ikkje på henne. Søskena har ikkje spesielt mykje kontakt med kvarandre, og stemninga er heile tida litt beklemt. Og eg kan jo seie såpass at julefeiringa ikkje vert heilt det nokon hadde venta seg.

Ein medrivande roman, absolutt. Ei historie som eigentleg ikkje er noko utanom det vanlege, men skildra eksepsjonelt nøyaktig. Det mest fascinerande med boka er måten Enright klarer å så tydelig skifte fortellerstemme og -stil for kvart kapittel. Ho skriv fint og truverdig om familieliv og relasjoner; det å vere glad i mennesker du ikkje eigentleg likar og skuldkjensla ein får når ein ikkje behandler menneska ein er glad i så godt som ein burde. Dette er fem vilt ulike menneske med veldig ulike liv, for alltid knytt saman av familieband. Enright lukkast med å skildre både dei store og små delane av eit familieliv, både dei delane som er fine og dei delane som er vanskelege. Absolutt ein roman verdt å plukke med seg!

Forlag: Pax
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Om dyr og syn» av Tormod Haugland

Leseeksemplar frå Norli

Eg har ikkje noko forhold til forfatterskapet til Haugland, så dette er faktisk det første møtet mitt med han og det. Eg har ein kollega som anbefalte boka høgt og som har ganske god smak i bøker (hei, Linn Heidi!), og ein sjef (hei, Sylvia!) som kalte boka for ein norsk Stoner. Og eg absolutt elsker Stoner (eg trur eg nemner det i annakvart blogginnlegg), så eg måtte jo berre gi boka ein sjans.

Det er litt rart å lese ein sjølvbiografisk roman om oppveksten og ungdomstida til ein person du eigentleg ikkje veit noko særleg om, men eg føler aldri at eg har gått glipp av noko eller ikkje forstår ein referanse. Det er berre ei skildring av eit ganske nøkternt liv – med litt opp- og nedturar – akkurat slik som Stoner. Kanskje med eit litt varmare språk?

Innhaldet er rett og slett skildringar og ulike historier frå Tormod sin oppvekst (eller hans oppfatning av denne oppveksten) på Haugland. Her er historier frå fylla, frå gardsarbeidet, frå familie- og kjærleikslivet. Og ikkje minst historier om korleis han oppdaga kunst, litteratur og Bergen, og etter kvart ga frå seg odelen til familiegarden. Her er refleksjonar rundt det meste, men kanskje spesielt rundt kva som gjer deg til den du der og kva ansvar ein har til seg sjølv og andre.

Boka er rett og slett nydeleg. Og på eit så fantastisk fint (men òg leseleg for bokmålsfolket) nynorsk! Det er så skore inn til beinet, at alt du les opplevast som essensielt. Likevel er det eit så stemningsfullt og naturleg språk. Ganske imponerande å klare begge deler, faktisk. OG! Her er eit absolutt fantastisk fint kapittel om det å oppdage litteraturen for fyrste gong.

Anten du er glad i god litteratur, er oppvaksen på landsbygda, bryr deg om kunst, er fan av Tormod Haugland som person eller rett og slett vil ha ei god bok om det å vere menneske – og ikkje minst bli det mennesket ein er – så er dette absolutt eit godt alternativ. (Og shoutout til det flotte omslaget!!)

Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«La meg bli med deg» av Rita Paramalingam

Boka er eir leseeksemplar frå Norli

Dette er ei mintfarga lita perle du bør unne deg ein liten time med. For det tek ikkje lenger tid, å kome seg gjennom denne syltynne boka. Det er derimot ei slik bok du kan lese fleire gonger, for den har så mange lag. Det er ganske fascinerande.

Boka er ei lettbeint og truverdig skildra historie om Lara, som har ein sommar ho aldri vil gløyme. Etter ei fæl opplevelse mister ho bestevenninna si Signe, mora bryr seg ikkje om Lara og veslebroren Felix, berre om kjærasten Lars. Det vert såpass at Lara må stele mat på butikken for at ho og broren skal ha noko å ete. Ganske så tøft for ein tiandeklassing, med andre ord. Og ting blir berre verre.

Det er imponerande at ein debutant som Paramalingam klarer å balansere mellom den vakre uskylden til eit barn, og den brutale, og til tider motbydelige, seksuelle oppvakninga til ei ung jente. Her har du ein tenåring med enorme byrder på skuldrene, stort ansvar, i tillegg til kranglane med venner og søsken vi alle kjenner frå dei såre ungdomsåra.

Her er òg ei veksling mellom blomstrande og nydeleg språk, og eit rått og ærleg språk som det òg er viktig å sette pris på. Du vert sugd inn, og boka føles mykje lenger enn den er. Den setter rett og slett spor, og eg aner ikkje kva anna bok eg kan samanlikne det med. Oppsummerande ord: ru, mjuk, stygg og gripande. Det skal bli ganske så spennande å følge med på Paramalingam framover.

Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2017