Sitat

«Elsk meg» av Sophie Elise

Leseeksemplar

Sophie Elise Isachsen kom i fjor med si andre bok, også dette er sakprosa med utgangspunkt i Isachsens eige liv, sjølv om denne er skriven meir som ein roman. Boka er velskriven, aktuell og ikkje minst innsiktsfull. Isachsen er utan tvil ein talentfull forfatter.

I denne boka fortel Isachsen opent om eit forhold til ein nitten år eldre mann (som er blitt «avslørt» som Henrik Thodesen, men er anonym i boka). Det starter ganske tilfeldig og fysisk, men for Isachsen blir det raskt ein kraftig forelskelse, som ikkje blir gjengjeldt. Han svarer berre på meldinger innimellom, han kontakter henne sjeldan før midnatt og er ikkje interessert i å gjere noko offisielt. For Isachsen blir behovet på bekreftelse og kjærleik så intenst at ho ikkje lenger klarer å fungere i kvardagen; bloggen virker barnsleg og dum, vennane er ikkje ein prioritet – alt står på vent til neste gong han kontakter henne.

Ingen kan påstå at Isachsen ikkje kan skrive, for boka er lettlest og sjeldan medrivande. Språket er kanskje ikkje det absolutt beste, men det er autentisk, spesielt når ein tenker på Isachsens unge alder og dialekt. (Og om det ikkje er finpussa, så er jo det absolutt forlagets ansvar.) Innhaldet er fint vinkla, og ho klarer å skape ei stemning i teksten. Og det eg kanskje likte best med boka, var måten Isachsen skildrer si eiga rolle i det heile; ho framstiller ikkje seg sjølv som eit offer, men tek ansvar for å sjølv ha tatt val som ikkje var dei beste, og klarer å sjå situasjonen frå ulike perspektiv. Og det står det respekt av.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Sophie Elise finn du HER.

Sitat

«Forbruk i september» av Eline Lund Fjæren

Leseeksemplar

Altså! Eline Lund Fjæren er komen for å bli, folkens. For tredje gang har ho bevist at ho kan skrive fletta av kven som helst; Forbruk i september er minst like god som dei to førre bøkene. (Som eg sterkt tilrår deg å lese!)

Emilie, «vidunderbarnet» i avisa ligg med den yngste kollegaen sin, fjorten år eldre Espen, etter ein jobbfest. For Espen virker det ikkje som om Emilie er spesielt interessert, kjærast har ho òg. Han ser ikkje på seg sjølv som noko storfangst, så det får greie seg med litt fantasering om denne veslevoksne jenta. Men så slutter Emilie i avisa og gjer det slutt med kjærasten, og eit forhold veks fram mellom henne og Espen.

Eg simpelthen elsker måten Lund Fjæren har bygd opp romanen på, måten ho sakte nærmer seg Emilie som person på; først berre omtalt, som ein idé meir enn eit menneske, gjennom Espen; neste del av historia frå Emilies side av historia, men fortsatt utanfrå i tredjeperson; og til slutt i førsteperson.

Det er ei altfor presis framstilling av altfor mange forhold i dagens samfunn, og tittelen er verkeleg slåande. For det er jo nesten for galt å kalle det eit forhold, når ordet forbruk er så mykje meir treffande? Det sosiale (og seksuelle) spillet mellom desse to menneska, som ikkje eigentleg elsker kvarandre, men som treng kvarandre på ulike måter.

Den siste sida av romanen oppsummerer eigentleg heile stemninga, heile innhaldet, heile kreativiteten i Lund Fjærens fantastiske språk (for dette er ein person som skriv med eit sjeldan, språkleg overskot!). Som Jeg smilte til ham og lurte på hvordan jeg så ut. Og kanskje favorittsetninga mi i heile boka: Du elsker et menneske, det elsker ikke deg, hvor alminnelig er ikke det?

Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Eline Lund Fjæren finn du HER.

Sitat

«Kvit bok mørk vinter» av Eirik Ingebrigtsen

P2-lytternes romanpris nærmer seg raskt, og dette er ein av dei nominerte bøkene som eg trur eg ganske ukjent for dei fleste. Ingebrigtsen har skrive fleire bøker og vunne fleire priser, men er ikkje noko kommersiell suksess. Urettferdig, men forståeleg.

Kosovo-krigen er over, men å kalle dagens tilstand «fred» er å dra det litt langt. Vi møter Reza, ein veteran frå krigen, som kom heim og oppdaga at ein serbisk soldat hadde voldtatt kona hans og ho var blitt gravid. Dette var for så vidt daglegdags, men Deborah nekta å ta abort eller sette bort barnet. Så Isa har hatt ein ganske vondt oppvekst med ein stefar som hater han. Det einaste lyspunktet var storebroren, Shkodran. Vi møter desse brørne og Reza då dei er med ein gjeng veteranar ut i skogen for å felle tre til brensel, og hogstdagen blir etter kvart ganske dramatisk.

Romanen er knøttliten, 122 små sider med stor skrift, så om du vil lese så mange bøker som mogleg i år, er dette ei bok å notere på lista. Handlinga går over éin dag, med fleire tilbakeblikk. Stilistisk sett er romanen ganske så bra (kulden som både er konkret og metaforisk gjennom heile boka, for eksempel), og om dette hadde vore pensum på litteraturvitenskap kunne eg nok fått ei god oppgåve ut av det. Det går i rasande tempo, raskare og raskare, her er ingen avsnitt å puste på, knapt eit punktum er brukt. Ein klarer å henge med i starten, men mot slutten så går det litt for raskt i svingane for den vanlege lesaren, og det er ikkje alt som er tatt med som føles naudsynt, samstundes som ein mangler nokre bitar av puslespelet. Om du ikkje les ein del «litterær litteratur», så er det ikkje sikkert du vil få glede av denne presise og vonde romanen.

Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2018

Sitat

«Så mye hadde jeg» av Trude Marstein

Leseeksemplar

Ein av 2018s store vinnarar, saman med Søsterklokkene og Leksikon om lys og mørke. Nominert til alt mogleg, no også P2-lytternes romanpris. Eg har holdt meg unna boka ei stund, fordi eg alltid blir skuffa over bøker som selger så bra og som blir skrytt opp i skyene, men no hadde vi valgt den som lesesirkelbok for februar, så då var det berre å legge fordommane vekk og sette i gang. Og det anbefaler eg alle andre å gjere òg!

Dette er ein oppvekstroman, med visse utsnitt frå syttitalet og til i dag. Vi følger rotlause Monika, yngst i søskenflokken, som prøver å navigere seg gjennom livet. Ho starter på jussen, men dropper den raskt til fordel for litteraturen, som ho heller aldri gjer noko stort med. Ho ønsker seg kjærleik, men innleier forhold med både ein av lærarane sine, romkameraten, og ei rekke andre mannfolk, og ingenting er bra nok etter nokre år. Vi får altså sjå bruddstykker av alle moglege slags liv, Monika i alle moglege slags roller: datter, søster, niese, venn, kjærast, eks, mor. Men aldri eigentleg som seg sjølv. Og spørsmålet eg (og fleire i lesesirkelen) satt att med var om ho eigentleg har ein substans?

Eg likte boka kjempegodt, og Trude Marstein er verkeleg eit skriveført menneske. Det var ikkje før vi plukka boka i bitar i fellesskap at det gjekk opp for meg at sjølv om eg følte sympati med Monika under heile lesinga, så mislikte eg veldig mykje med henne som person. Ho var ei dårleg mor, konstant utro, sytete, tiltakslaus og tilpassa seg og livet sitt etter den nyaste mannen i det. Det er trist, når ein tenker over det, for det gjenspeiler veldig mykje av dagens samfunn. Og det er kanskje det beste i heile boka: kor nøyaktig Marstein treff med den berømte spikeren på alle dei ulike personane i boka som karakterer vi absolutt alle møter i dagleglivet. (Eg utfordrer deg til å lese romanen og prøve å bevise at du ikkje kjenner ein som Jan Olav!)

Forlag: Gyldendal Norsk Litteratur
Utgivelsesår: 2018

Sitat

«Og skipet siglar vidare» av Mads Rage

Leseeksemplar

Og skipet siglar vidare er en debutroman frå i fjor. Det er ein dystopi, og handlar om eit skip som siglar rundt i fjorden i ei postapokalyptisk verd. Det kan verke som om all «vår» kunnskap er vekke, for folk er konstant sjuke og døyr ofte, dokteren lager «medisin» (av grønske han berre koker på?) og ingen kan lese.

Historia sentrerer seg rundt Poll, som er blitt vaskeansvarleg på skipet, etter at førre mann nettopp døydde. Medan han vasker kahytta til kapteinen, kjem han over bøkene (som berre blir brukt til å legge ved lik som lempast på sjøen) og stel ei. Han prøver å halde dette hemmeleg, samstundes som dei aller fleste på skipet blir sjuke, inkludert kapteinen og dokteren.

Bak på skriv forlaget at dette universet er skildra «med stor overtyding og språkleg overskot», og eg synest det er vanskeleg å vere einig. Språket er ikkje dårleg, men er absolutt ikkje bokas største kvalitet. Heller synest eg ikkje at dette universet er skildra spesielt godt, og i alle fall ikkje nok. Det er for mykje som ikkje heilt stemmer, mange hol i handlinga, og slutten var ganske brå og litt malplassert.

Det som derimot er bra med romanen (og som gjorde at eg plukka han opp i det heile), var plottet og ideen bak; at vi har slike generasjonsskip, alle må leve på havet, alle er åleine. Om denne romanen hadde vore 1/4 av ein større roman, hadde det sikkert fungert betre. Det blir litt for lite handling, og eg forstår ikkje heilt poenget med handlinga som er tatt med. Kvifor dette utsnittet av livet på skipet? Eg vil vite kvifor dei har så mykje dødvekt i bøker om bord i skipet når ingen kan lese og dei berre legg ei bok ved kvart lik, eg vil vite kvifor Poll misliker Vik så sterkt. Eg treng rett og slett meir informasjon, og det synest eg ikkje at eg får.

Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2018

Sitat

«Dyret» av Heidi Furre

Skrive for framtida.no

Dyret av Heidi Furre er ein av dei såkalla «føderomanane» som kom i fjor haust, saman med eit knippe andre bøker. Ikkje har eg lest mange bøker om å vere gravid, og ikkje har eg vore det sjølv heller. Likevel trefte boka ei nerve i meg, og eg kan seie at dette er ein stor roman. Ikkje i fysisk forstand, for boka er ein lettvekter med sine cirka 150 sider, men den inneheld så enormt mykje; den krever å bli lest sakte og reflektert over ei stund før ein går vidare.

Ei ung kvinne oppdager at ho er gravid. Ho er i alle fall ung i vårt samfunn, men utgamal som fyrstegongsfødande i forhold til sine formødrer. Kvinna er ein ganske vanleg ungdom; ho har ei bachelor i kunsthistorie som har gitt henne ei karriere som evig vikar, ho bur i eit kollektiv med ei god venninne, og ho festar sin del. No er ho derimot gravid, og alt dette må ta slutt. Ho treng ei leilegheit saman med barnefaren, fast jobb for å få permisjonspengar, og ikkje minst må ho vite kva ho skal gjere som gravid, og som mor. I takt med den vaksande magen, prøver ho å finne fotfeste i det som skal bli ein ny kvardag.

Dette er absolutt ein bok om graviditet, men som sagt rommar den så utruleg mykje meir. Det er mest ein roman om å vere kvinne, båe historisk og i dagens samfunn, om kropp og seksualitet, og skamma som ofte er bunden til det. Tinga vi ikkje snakker om i det daglege, temaa vi helst unngår, men som eg trur dei aller fleste jenter opplever. Vi følgjer i grunnen eit heilt kvinneliv frå ende til annan, fortalt gjennom hovudpersonens eigne minner, hennar von og redsler for den vesle jenta som skal kome, minner om mora og historier om bestemora og oldemora.

Furre klarer å skape ein truverdig hovudperson, som ein (i alle fall som kvinne) kan kjenne seg att i frå fyrste side. Ho romantiserer ikkje på noko vis verken svangerskapet eller fødselen, men får like mykje fram dei vonde, ekle, rare kjenslene og oppdagingane som dei fine. Og sjølv om enkelte deler kan verke ganske brutale (om ein ikkje sjølv har opplevd graviditet), så er det mykje glede i romanen, og mykje kjærleik. Kanskje kan ein strekke seg så langt som å seie at romanen kan forsterke eit ønske om å få barn?

Forlag: Flamme
Utgivelsesår: 2018

Sitat

«Kvinner og barn først» av Gill Paul

Leseeksemplar

Eg absolutt elska den første boka eg las av Gill Paul, I gode og onde dager. Gi meg ein skikkeleg god, tjukk, historisk roman og eg kan kople av i timevis. Den første handla om fallet til Romanov-dynastiet, og denne handler om Titanic. (Og finnest det nokon som ikkje er vilt fascinert og rørt av Titanic?)

Hovudpersonen er (overraskande nok, men kult) ein ung mann som heiter Reg. Han jobber ombord på skipet, og er ein av dei få som overlever. Han er ein fattig fyr frå England, og prøver å spare opp penger så han kan gifte seg med kjærasten og kjøpe eit hus til dei. Men ja, så synk jo skipet, og planane må endrast. Vi møter også småbarnsmora Annie og den unge sosietetsjenta Juliette, som alle prøver å kome vidare med liva sine og sine eigne utfordringar.

Eg trudde boka skulle handle mykje meir om kva som skjedde på skipet, men Titanic begynner på gå ned allerede sånn ein femtedel inne i boka, og held vel på til omtrent ein tredjedel uti. (Litt vel langdrygt?) Resten handler om kva som skjer i desse personane sine liv etterpå. Og sjølv om ikkje alt akkurat var truverdig, så var boka veldig spennande og vanskeleg å legge frå seg. For Gill Paul kan verkeleg skrive, og eg gler meg allereie til å lese boka som kjem ut i vår og handler om den britiske kongefamilien.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Gill Paul finn du HER.

Sitat

«Ollis» av Ingunn Thon

Leseeksemplar

Åh, alle barnehjerter gler seg! Eller dei burde, i alle fall. Spesielt om dei får denne herlege barneboka til jul. For fans av Maria Parr og Astrid Lindgren; dette er ein ny klassiker. Her snakker vi prisernominasjoner og strålande anmeldelser, og mi omtale føyer seg inn i ei lang rekke av skryt.

Livet til Ollis har endra seg fullstendig. Det har alltid vore Ollis og mamma, men no er det Ollis og mamma og mammas nye kjærast og deira nye baby. Men, det er straks sommarferie og ho kan bruke tida med sin beste venn i heile verden, nabojenta Gro. Dei drar på tur inn i skogen, og plutselig finn dei ei gul postkasse. Og oppi postkassa ligg eit postkort – til Ollis?! Vidare kjem eit eventyr, forviklingar, såra kjensler, store gleder og mykje latter. SÅ MYKJE LATTER.

Ollis er ei varm og nydeleg bok om vennskap, endringar og utfordringar – og kvardagsmagi. Dette er ei barnebok som verkeleg henvender seg til barn, og ikkje bare vaksne. (Og det vert sjeldnare og sjeldnare, spør du meg. Og spør meg, eg les tonnevis av barne- og ungdomsbøker for eigen del og for tanteungane mine.) Eg anbefaler boka med glede!

Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Tre vegar til havet» av Brit Bildøen

Leseeksemplar

Dei siste vekene har eg berre drukna i god, norsk litteratur (og attpåtil på nynorsk!), og det er så kjekt at vi har forfattarar her til lands som kan måle seg med utlandet. Og den nyaste boka til Brit Bildøen (einaste eg har lest så langt av ho) er heilt, HEILT FANTASTISK. Noko av det absolutt beste eg har lest i år, utan tvil. Å gi denne boka i julegåve, er eit kompliment til mottakaren.

Boka er delt inn i tre ulike historier, som fortellinga veksler mellom. Kroppen, Staten, Eksilet. (Og namna kan virke pompøse i starten, men dei vil til slutt gi total meining, eg lover.) I Kroppen møter vi ei kvinne som ikkje får adoptere barnet ho og ektemannen har lengta etter og straks skulle få. I Staten møter vi ein stalker som skal legge ein død katt foran ei dør. I Eksilet møter vi ei kvinne som lev eit avskjerma og roleg liv som translatør og ringmerker fugler når ho ikkje går tur med hunden sin.

Tre historier som sakte flettar seg saman. Gradvis dukker det opp hint, samanhengar og logikk i det som kan verke uforståeleg i starten. På midten vil alt begynne å gi litt meining, og på slutten vil du vere litt rysta. Eg var i alle fall det. Og eg følte meg tilfreds, men eg hadde fortsatt eit spørsmål eller to. Ikkje noko som øydela, men som berre fekk meg til å undre.

Det er mykje i boka som fortsatt sit i meg, og eg mistenker at det ikkje vil sleppe heilt enno. Raseriet, sorgen og det knuste hjartet som er skildra, er så sterkt og truverdig at det kjennest ut som mitt. Boka er rett og slett meisterleg. Eg veit ikkje om eg kan seie det så mykje tydelegare? Kjøp boka (stjel den, om du må), og nyt.

Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2018

Sitat

«Svartstilla» av Susanne Skogstad

Leseeksemplar

Susanne Skogstad er ein debutant frå Nordfjordeid, der eg gjekk på vidaregåande. Ikkje er ho mykje eldre enn meg heller, så når boka fikk så mykje skryt og gode terningkast, var det jo bare å ta fatt! Og så herleg det er å lese bøker ein har store håp for, og ikkje bli skuffa?! Boka er rørande, heilstøpt og vakker i all si sorg.

Vi følgjer ei gamal dame som har mist ektemannen. Ho klarer ikkje å gi slepp på han. Dei vaksne barna går vidare med liva sine, dei har ikkje tid til å ta vare på henne eller eit stort hus, og vil ha henne inn på eldretunet. Kvinna har ein sorg, ei svartstille, som ho ikkje kan eller ønsker å bli kvitt. Ho vil berre ha mannen sin tilbake, sitt livs kjærleik. Ungane forstår ikkje, og ho klarer ikkje å få dei til å forstå.

Det er ei uendeleg vakker bok om den kvardagslege kjærleiken, gleda og sorga ved familie. Om offer. Om å bli etterlatt. Mest av alt er det ei hyllest til kjærleiken, trur eg. Det var så lett, men samstundes vondt, å vere i sinnet til kvinna. Lukka og frustrasjonen som skifta, kjensla av å ikkje bli forstått. Eg tenkte mykje på bestemora mi då eg las boka, som mista bestefar min for eit par år sidan. Dei var veldig like kvinna og mannen som vart skildra her, og eg gråt fleire gonger.

Unn deg denne boka til jul. Eller kjøp den i gåve. Uansett, leseren vil bli veldig, veldig nøgd. Det er lite eg likar betre enn gode bøker, og gode bøker på nynorsk er kanskje det aller finaste. Og når det i tillegg er handling frå ein stad som er heime for meg, fullt av ord og uttrykk eg er oppvaksen med? Då trur eg faktisk vi har nådd toppen av fint.

(Fun fact: Fjorden på omslaget, er Nordfjorden sett frå Nordfjordeid sentrum. Og skildringane av sentrumsgata der du køyrer forbi idrettshallen og barneskulen før du svinger opp til eldretunet, er akkurat slik det faktisk er på Nordfjordeid.)

Forlag: Gloria
Utgivelsesår: 2018

Sitat

«Stoisk uro og andre filosofiske smular» av Agnes Ravatn

Leseeksemplar

Eg har ikkje oppdaga Agnes Ravatn før dei siste par åra, og eg absolutt elska Fugletribunalet. Verda er ein skandale var ganske kul òg. Dette er tekster ho skreiv på før desse, som først no er blitt bok. (For alt har jo blitt utgitt i Dag og Tid før.) Stoisk uro er todelt, der første del er Ravatns forsøk på å leve etter ulike filosofiske retningar i praksis, og andre delen er ei utforsking av Søren Kierkegaards ulike stadier.

I den første delen (som blei avbrutt halvvegs som serie) føler eg ikkje at det er veldig mykje av humoren til Ravatn som skin gjennom. Du skal vere ganske så bevandra i exphil for å henge med uten å måtte lese opp att ein gong eller to. Det er eit par artige vendingar, men eg synes ikkje det fungerer heilt. Det er rett og slett litt for mange fagtermer, ideologier og menneske å forholde seg til, og det blir faktisk ikkje folkeleg nok. Og kanskje det var derfor ho ikkje orka å fullføre serien, fordi ho merka det sjølv?

Det er i den andre halvdelen av essaysamlinga (eller smulesamlinga?) at Ravatn sin penn verkeleg kjem til sin rett. Ho er sarkastisk, sjølvironisk, nådelaus på eigne og andres veger. Her er fleire avstikkere og personlige historier som gjer at ein klarer å verkeleg forstå stoffet. Kierkegaard var vel den filosofen vi var minst borti på pensum då eg sjølv tok exphil, men eg følte likevel at eg hang med. Kanskje fordi her er meir plass til å formidle mindre innhald? Det er plass til alle «smulane» i Ravatns hovud, og det er akkurat det som gjer tekstane hennar så gode.

Alt i alt var det veldig bra, og siste halvdel raste av garde. Og eg følte at eg lærte mykje, og vart kanskje litt inspirert sjølv? (Ikkje til å prøve å følge ein filosofi, men til å ikkje leve så kategorisk, altså.)

Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Agnes Ravatn finn du HER.

Sitat

«Heim» av Johan B. Mjønes

Leseeksemplar

Eg er heilt satt ut. Dette var ein verkeleg intens og rørande roman. Eg hadde så utruleg vondt på slutten, eg måtte lese ferdig, men eg ville ikkje at boka skulle ta slutt og eg hadde så utruleg vondt. Det var tårer i auga, og eg klarte ikkje anna enn å sjå for meg den snille onkelen min, lenka til en rullestol og med et djupt ønske om å ikkje vere til bry. Han har òg hender som har levd.

Jørgen Heim ligg på sjukeheimen og det er hans siste døgn. Timane vert telt ned ved hjelp av pleierane sin journal. Han er dement, full av smerte og lengsel. Han glir inn og ut av rommet på sjukeheimen og oppveksten sin på garden Heim. Minnene tek han tilbake til ein barndom som den yngste sonen, brått ein ungdom som odelsgut og eit liv som bonde. Det er vonde minner, gode minner. Han angrer på noko, er stolt av andre ting. Jørgen Heim har ikkje levd noko ekstraordinært liv, han er ikkje ein ekstraordinær mann – men han er eit godt menneske, inkludert alle sine feil og mangler. Og tida hans renn ut.

Det er ei hypnotisk og treffande historie. Perfekt om du likte Om dyr og syn, Begynnelser eller Stoner. (Kanskje vi kan kalle denne boka ein slags kombo av alle tre?) Måten teksten runder seg sjølv, gjentar seg utan å bli kjedeleg, gir litt meir kvar gong, skaper eit portrett av Jørgen, det er fantastisk godt. Den er rett og slett fantastisk god, og Jørgen Heim kjem til å leve med meg ei stund. Dette er noko av det beste innen norsk litteratur for året, og det er synd fleire ikkje har oppdaga denne perla. Dette burde jo vore både Brageprisnominasjon og Bokhandlerprisnominasjon. Og herregud, eg har tårer i auga medan eg skriv omtala mi. (Mjønes, slutt å bland deg opp i tårekanalene mine på denne måten. Men fortsett med å skrive bøker.)

Sitat

«Compis» av Hasse Hope

Leseeksemplar

2018 har vel vore det største året for kjendisbøker, men forfriskande nok utgir ikkje Hasse Hope ein biografi om ein vanskeleg oppvekst, overvinning av utfordringer og nettmobbing. Han skriv ein sjukt rå ungdomsroman om det å vere kul i staden. Eg veit ikkje om mange hadde forventa at Hasse Hope skulle skrive ein ungdomsroman?! Av alle ting, liksom. Eg synest det skin igjennom at det er Hope, om ein les ut enkelte passasjer høgt og har sett litt av sketsjane hans på TV. Same høge tempo og hysteriske latter og vilt innhold. Eg har aldri klart å bestemme meg for om eg liker dei heilt eller ikkje, men etter å no oppleve kor sofistikert humoren hans kan vere, lener eg mot «liker».

PrivatOil (tidlegare Equinor) har utvikla ein 100% menneskeliknande robot for alle ensomme ungdommer, Compis (eller COMPis). Det einaste problemet med snille og omtenksomme Compis, er at han er det mest ukule og nerdete vesenet som eksisterer. Han er trass alt programmert av robotingeniører, og dei er ikkje akkurat kule. Og kven vil ha ein så ukul venn? Så superkule og dødshigge Leo Kreutzberger får (etter utpresning og andre ulovlige aktiviteter) påprakka oppdraget med å gjere Compis kul. Men det viser seg at kulhet ikkje er det lettaste i verden å lære vekk.

Her er massevis av kulturelle referanser, parodier, skråblikk og vitser. Og eg flirte meg gjennom mesteparten av boka, men eg er litt usikker på om eg trur boka vil passe målgruppa (13-18). Eg trur kanskje referansane er litt for vaksne/gamaldagse? Dei passer vel meir for 20-30, som faktisk har sett Titanic og kanskje heng litt meir med i politikk? Boka er sikkert morsom for ungdommen òg, men eg trur eg og mine jamnaldrande vil få ein god del meir ut av den.

TLDR; morsom framtidsroman om teknologi og kulhet, spekka med referanser og satire! (Tommel opp!)

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2018

Sitat

«Eleanor Oliphant har det helt fint» av Gail Honeyman

Leseeksemplar

Dette er vel noko av det tristaste eg har lest i heile mitt liv. Så utruleg deprimerande og kjipt eit menneske kan ha det? Eg forbanner alle som fortalte meg at dette var feelgood og lovte meg at eg kom til å bli sjarmert av Eleanor. Eg synest inderlig synd i henne og heia på henne på slutten, men sjarmert var ikkje i nærheten. Det er klart ho har ei heilt jævlig barndomshistorie og slit psykisk, men eg hadde skikkeleg problemer med å like henne. Det er jo ikkje hennar feil at ho er slik ho er, men ho er så tiltakslaus at eg blir heilt stressa. (Og no føler eg meg som verdens mest usympatiske menneske.)

Eleanor har heile sitt vaksne liv prøvd å blende inn. Etter ein traumatisk oppvekst er merksemd det siste ho vil ha, så ho held seg i bakgrunnen. Ho er heilt, heilt åleine. Ingen kontakt med kolleger, ingen familie (unntatt mora som ringer ein gong i veka frå ein institusjon), ingen venner. Kun henne, kryssorda og vodkaen. Og sosialtenesten som kjem innom ein gong i halvåret, og strømmålermannen. Og fyren som sel henne vodka. Og slik lever Eleanor, og har det heilt fint. HEILT FAENS FINT. Ho aner ikkje korleis ho skal samhandle med andre mennesker, misforstår det meste og misliker dei fleste. Mest av alt seg sjølv.

Det er ikkje tvil om at Honeyman kan skrive, for boka er utvilsomt litterært god. Det er ei god historie, med ein veldig god vri på slutten. Men eg stiller meg litt på sida til alt «sensasjonspreiket» og hypen, for eg merka jo både på all rosen rundt boka og på innhaldet at det var meininga eg skulle riste på hovudet og smile småbedrøva over «ho derre Eleanor, altså». Men eg klarte det verkeleg ikkje. Ikkje at eg skal påstå eg har opplevd like jævlige ting som frøken Oliphant, men eg klarte ikkje tru heilt på det.  Sleit psykisk, uten tvil, men eg kunne ikkje kjenne meg igjen i det som skulle forestille depresjon. Ho var litt for konstruert? Nei, eg orka ikkje heilt å forholde meg til det, eg blei bare irritert. Feelgood, du liksom.

Det er ei god skildring av einsemd, traumer og psykiske lidelser og absolutt av vennlighet og kor mykje det har å seie i kvardagen. Men eg kan ikkje seie meg einig med Sunday Express som seier at «denne vil du ikke gå glipp av». Du må for all del lese og like boka, men du går verkeleg ikkje glipp av den største leseopplevelsen i verden ved å la vere.

Forlag: Aschehoug
Utgiveslesår: 2018

Sitat

«Syden» av Marianne Kaurin

Leseeksemplar

Wow, denne barneboka var realistisk og truverdig, på grensa til det ubehagelige. Eller, vi bikker over det ubehagelige. Eg blei faktisk ganske opprørt medan eg leste boka. Det var vanskelig å føle sympati med Ina omtrent heile boka (sjølv om det var ganske synd på henne), for ho var ein ganske kjip unge. Det var vel dei fleste i den klassa. Og sjølv om Ina blir likandes etterkvart, og vi forstår kvifor ho oppfører seg som ho gjer, så er ho så tankelaus og stygg til tider at eg blir litt sint. Men, så kan jo unger vere ganske grusomme når dei har det kjipt. Takk gud for at ein ikkje er tolv år lengre.

Ina har ganske nylig flytta til byen, men ho har ikkje heilt klart å passe inn. Ikkje her, heller. Ho blir erta av klassekameratene, og det er like kjedeleg heime. Mora er arbeidsledig, og «trøtt» heile dagen. Og Ina gruer seg til sommerferien, spesielt når dei plutseleg ein dag i klassa må fortelle kva dei skal gjere i ferien. Og kva skal ho seie? Ho skal ikkje til Rhodos, Kroatia, USA, England eller Frankrike … Så i panikk seier ho at ho skal til Syden. Og ho håper dei andre trur på henne. For aldri i verden om ho vil innrømme at mora er blakk og at dei ikkje skal noko som helst, slik den endå nyare eleven, Vilmer velvillig deler om seg sjølv. For kor teit går det an å bli?

Som sagt har Ina det ganske fælt, og ho oppfører seg ganske stygt mot Vilmer. Ein synest jo synd på henne, spesielt når ein møter ekle jenter som Mathilde og Regine. (Men ein kan ikkje unnskylde det i det uendelige.) Og måten Ina observerer dei andre på, det er så spot-on korleis unger tenker og resonnerer, både på godt og på vondt. Her er òg mykje fint om vennskap, men det meste av handlinga er ganske så vond. Det er ei bok eg anbefaler (for 10-12-åringer) med blanda kjensler, men litt folkeopplysning om korleis unger behandler kvarandre kan aldri skade. (Og ja, eg trur dette er heilt vanleg – det er ikkje så lenge sidan eg var på den alderen sjølv og følte at eg ikkje passa inn.)

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2018

Sitat

«What If It’s Us» av Becky Albertalli & Adam Silvera

Leseeksemplar

I tilfelle det ikkje har vore skikkeleg openbert, så elsker eg YA. (Som er litt annleis enn det vi kaller ungdomsromaner, det er ikkje heilt det same.) Young adult-bøker. Og spesielt om unge homofile med kaotiske liv (det er så ekstremt mange fine og velskrivne kjærleiksromaner om skeiv ungdom, og eg veit ikkje heilt kvifor, men det får meg alltid i godt humør). Eg har vore ganske sjuk i det siste og knapt orka å lese på tre-fire veker, så eg håpte at denne her skulle få fart på lesinga og humøret. Og er det forfattarar eg stoler på for lettleste, sjarmerande og medrivande bøker, så er det nettopp Albertalli og Silvera – og når dei to slår seg saman …?!

Arthur er i New York for sommeren, som praktikant i moras advokatbyrå. Og han kjeder seg eigentleg, og er stressa. Foreldra krangler konstant, ting har vore rare mellom han og bestevennane sidan han kom ut som homofil og jentene på jobben er ikkje interessert i ein sekstenåring til venn. Ben har budd i New York heile livet, og har ein mykje kjipare sommar. Han har gått gjennom eit kjipt brudd med sin første kjærast, og er i tillegg stuck på sommerskule, attpåtil med eksen. Han er på vei til posten for å sende ein pakke, då han møter på Arthur. Men så blir dei dratt frå kvarandre i ein flash mob (for det er jo New York …), og dei aner ikkje korleis dei skal møtast igjen. Og er det meininga at dei skal møtest igjen? Skjebnen har i alle fall planer …

Dette er ei kjempefin og søt bok om vennskap, kjærleik, store og små gester og ikkje minst det å jobbe for eit forhold. Det var kanskje det eg likte best med boka, at det ikkje var så mykje fokus på happily ever after, men kanskje meir på kor mykje arbeid og kjærleik som ligg bak forhold, både av det romantiske og det vennskapelege slaget. Og kva er eigentleg verdt mest av dei to? Eg anbefaler dette samarbeidet like høgt som eg anbefaler dei individuelle bøkene til forfatterane; altså veldig!

Forlag: Simon & Schuster
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Becky Albertalli finn du HER.
Fleire bøker av Adam Silvera finn du HER.

Sitat

«Moxie» av Jennifer Mathieu

Leseeksemplar

Moxie hadde eg fått anbefalt frå fleire hald før eg plukka den opp, og med åra har eg blitt veldig skeptisk til bøker som blir skrytt opp i skyene, for eg blir alltid skuffa. Så eg starta å lese, iskaldt og forberedt på det verste. Og for ein gongs skuld gjekk det altså min vei, for eg endte opp med å like boka kjempegodt.

Vivian er ei typisk flink, grei og snill pike. Ho er pliktoppfyllande til fingerspissane, har ein liten venninnegjeng og gjer alle leksene sine. Vivian er den rake motsetninga til mora si, som i sin ungdom var ein opprørsk tenåring og ihuga feminist. Men ein dag finn Vivian nokre bilder frå moras ungdom, og ho blir så inspirert. Og mest av alt blir ho sint; sint på dei kjønnsdiskriminerande kleskodene, favorisering av gutane sitt fotballag over jentenes, gutanes ekle behandling av jentene på skulen. Så i vilt raseri lager ho ei fanzine kalla «Moxie» (eit slags blad) der ho auser ut sinnet sitt og ber jentene stå opp mot urettferda. Det blir starten på ein revolusjon.

Karakterane er fine, om enn litt stereotypiske. Jentene passer inn i typiske former, men er likevel veldig komplekse og støtter kvarandre, som jo er temaet i boka. Gutane og mennene derimot er anten heilt fantastiske, eller tvers gjennom onde. Det er jo for å få fram eit poeng, men akkurat den biten bør ein vere litt forsiktige med, tenker eg – det er ikkje hjelpsomt om feminisme og mannehat vert miksa for tett. Mathieu klarer likevel å jobbe seg litt inn der på slutten, og drar inn litt meir «normale» mannfolk.

Tempoet i boka er ikkje så veldig høgt, og i starten tenkte eg at det gjekk litt treigt, men så gjekk det opp for meg halvvegs ut i boka at det føltes nesten underlig naturlig og truverdig. Det var jo fortsatt spennande og mykje opp og ned, men det blei faktisk realistisk nok til at det kunne ha skjedd. Og ikkje berre realistisk (for dessverre er jo enormt mykje av innhaldet i boka altfor realistisk), men det var inspirerande òg. Alt i alt ei veldig god ungdomsbok, med nokre gode og viktige poeng for ungdommen (og vaksne); vi kjem mykje lenger om vi støtter kvarandre i stedet for å konkurrere med kvarandre; vi kan få til endring om vi står saman; og sist men ikkje minst, er det fortsatt mykje i samfunnet som faktisk MÅ endrast på. Absolutt ei bok å anbefale!

Forlag: Kagge
Utgivelsesår: 2018

Sitat

«Farvel alle hemmeligheter» av Helene Guåker

Leseeksemplar

Dei fleste les (dessverre) ikkje mykje lyrikk. Eg les heller ikkje like mykje som eg skulle ønske, stort sett kun som pensum. Og hadde dette vore til ein eksamen, kunne eg skrive ti sider om eitt enkelt dikt her, for fader kor mykje materiale her er. Men eg skal beherske meg så godt eg kan, og skrive så det faktisk er forståeleg.

Diktsamlinga er delt inn i tre deler, kvar med sitt eige tema. Det er ei utvikling frå ung, usikker og lettpåverkeleg, til sorgfull og til slutt eigerskap over sin eigen seksualitet. Etter mi meining er alle dikta veldig gode, men den første delen er eineståande. Måten Guåker skildrer vår pornofisering og overseksualisering av verden, er makelaus. Ho tek eit solid oppgjer med forventningspresset og ideala rundt kvinnelig seksualitet, presset for å vere erfaren og perfekt, og korleis vi kvinner unødig konkurrerer med kvarandre.

jeg er vel ikke den eneste som tenker:
jeg er tynnere enn henne

kommer jeg til å tenke:
sånn så jeg også ut

Om det ikkje er tatt rett på kornet, så veit ikkje eg kva som er. Vi bruker så mykje tid på å sjå på andre, tenke på andre og ønske å bli sett. Vi må alltid passe på å vere perfekte. I den andre delen av teksten er fokuset på det naturlege ved kvinnekroppen, fødsel, eit ønske om barn, spontanaborter, aborter. Skamma og sorgen som følger å ikkje kunne bere fram eit barn, det einaste vi som kvinner verkeleg skal kunne klare. I den tredje delen har kvinna tatt tilbake kroppen sin, bryr seg mindre om alle rundt seg og er sikker på seg sjølv.

Guåker tek tilbake det grove og stygge språket som ofte blir brukt av menn om kvinner, men som er ufint av oss å bruke. Vel, Guåker gir faen. Sjekk det her, så stygt, skarpt og midt i blinken:

hvor mange kukksugende kvinner
går det
på en fittesleikende mann?

jeg bare spør, jeg bare lurer:
når skal denne gjelda betales?

Sjølv om du ikkje les mykje lyrikk og tenker det er for svevande, kan eg love deg at dette er dikt du vil forstå. Dei er ganske rett fram, og ikkje minst munnlege. Det er sjeldan eg har lest så munnlege dikt, det grenser mot slampoesi. (Du veit sånne videoer du får opp i facebookfeeden din med kvinner som har lange «taler» på rim om feminisme?) Prisen er òg veldig fin, kun 279 for mykje god litteratur. Dette bør vere årets venninnejulegave. Eg kan ikkje understreke det nok; dette er lyrikk for ALLE, ikkje kun kritikarar og litteraturvitere.

Guåker har skrive ein heftig og heseblesande tekst om verdas syn på kvinners seksualitet. Feministisk litteratur, rop det med meg! Fader så mykje bra det har kome om kvinnelig seksualitet og dens plass i samfunnet i det siste, blant anna Kinderwhore, Hun ba om det, The Vegetarian, Dette skjer ikke og Kan jeg bli med deg hjem. For å nemne nokon. (Les alle, pluss mange andre.)

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2018

Sitat

«Kinderwhore» av Maria Kjos Fonn

Leseeksemplar

Kinderwhore er så himla vond lesning. Og vond lesning er viktig, eg trur det er ganske naudsynt å lese god litteratur om grusomme ting i blant. Det er viktig at vi får pirka borti fordommene våre og ideane vi har om andre menneskes liv. Historia Kjos Fonn legg fram her er ikkje banebrytande – voldtekt er vel noko av det vanlegaste og eldste som eksisterer – men konteksten gjer det ekstra fælt. Vi har ein seksualisert kultur, og barn veks opp så mykje raskare, alle ser alt vi gjer, vi har tilgang til heile verden med eit klikk. Å navigere seg fram her åleine, det er omtrent umogleg. Å lese denne boka bør definitivt sette i gang nokre tanker hos leseren, og du bør bli sint.

Charlotte har ein ganske vond barndom. Ho bur åleine med mora si, men lærer raskt å ta vare på seg sjølv og bli sterk. «Sterk» for Charlotte er å slå først. Plage dei andre ungane før dei plager henne. For Charlotte er angrep det beste forsvar – spesielt sidan det ikkje er nokon andre som forsvarer henne. Ho kler av seg før ho blir avkledd, sprer beina før dei blir skilt med makt, ruser seg før ho blir dopa ned, øydelegg seg sjølv før nokon andre får moglegheita. Ho veks opp seksualisert, voldtatt, rusa, avskilt frå kroppen sin, tom i kropp og tom i hovud. Ho veks opp åleine.

Perspektivet i boka er som hever den over all liknande litteratur. Sjølv om boka er skriven i fortidsform, så møter vi barnet Charlotte som eit barn. Vi møter tolvåringen, som ikkje vil (eller kan) innsjå at ho blir misbrukt og voldtatt. Forsvarsmekanismene er skrudd på, og vi møter ei ufyselig og ubehagelig jente som legg seg etter kjærasten til mora, og deretter går på skulen og skryt av at ho har hatt sex med ein eldre mann. Etter kvart som ho veks til og livet endrer seg, endrer synsvinkelen seg òg. Ein misliker henne, synes synd på henne, er sint på henne, tilgir henne og heier på henne. Det er som å vere inn i eit eige univers når ein les denne boka, ein blir nesten Charlotte. Og det er faen så vondt.

Alle bør lese denne boka. ALLE. I tillegg til å vere ei god og veldig lesbar bok med sterkt innhald, seier den så utruleg mykje om dagens samfunn. Ein kan lære så enormt mykje frå denne boka, kanskje litt om andre, men mest om seg sjølv. Du som les dette: er det du som eig kroppen din?

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2018

Sitat

«Leksikon om lys og mørke» av Simon Stranger

Leseeksemplar

Denne boka, saman med Trude Marsteins siste roman, er vel høstens mest lese og omtalte romanar. For dei fleste nordmenn var vel kanskje Stranger eit nytt namn, men eg las Det som en gang var jord for eit par år sidan, og likte den veldig, veldig godt. (Og kanskje betre enn denne.) Denne her lev kanskje ikkje heilt opp til hypen (og det er vel det evige problemet med hype), men den var likevel ganske god.

Dette er ein sjølvbiografisk og biografisk roman. Simon Stranger skriv i eg-form, om seg og sin jødiske svigerforeldre. Han skriv òg om Henry Rinnan, ein norsk dobbeltagent som tok livet av mange, mange motstandsmenn i ein kjeller i Trondheim. For Stranger oppdaga ein dag at svigerfamilien hans hadde vokst opp i akkurat dette huset, og at oldefaren til kona hadde blitt drept i ein arbeidsleir på ca samme tid.

Vi følger Henry Rinnan heile barndommen, oppveksten og livet som tysk agent, og vi får eit komplett bilete av mennesket. Det skal Stranger ha, at uansett kor grusom Rinnan var, så får han fram at han var ikkje fødd slik. Han vart slik, og kven si skuld det var, det er diskutabelt. Vi følgjer òg historia til Strangers svigerfamilie, i litt tilfeldig rekkefølge. Eg skulle veldig gjerne hatt eit slektstre i starten av boka, for det var litt vanskeleg å henge med, spesielt i starten.

Eit ekstra fint (og ambisiøst) grep – i tillegg til oppbygginga som eit leksikon – er at vi følgjer Strangers skriveferd og prosjektet. Det er spesielt, men han får det til å fungere. Det er som sagt litt vanskeleg å henge med i starten, litt rotete, men siste halvdel av boka er veldig god. Ikkje årets beste roman for min del, men absolutt eit solid stykke litteratur.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Simon Stranger finn du HER.