Sitat

«Vann til elefantene» av Sara Gruen

Vann til elefantene

Korleis skal eg begynne å beskrive denne herlige romanen?? Det som er så herlig med denne boka er at nesten alt i ho er sant. Ikkje heile historia, den er fiksjon, men alle delane av henne. Nesten alt som skjer i boka, til dømes av dyra stikk av og ein løve blir funnen under ein oppvaskbenk med ein oppvaskar, er ting som faktisk har skjedd. Og det er ganske kult.

Romanen følgjer nesten-veterinæren Jacob Jankowski si reise med Benzini-brødrenes sirkus (ikkje det at Benzini-brødrene er der, då). Han hoppar på eit tilfeldig tog i fart etter å ha mista foreldra, heimen og droppa avsluttande eksamen. Dette toget viser seg å vere eit sirkustog, og dei treng tilfeldigvis litt hjelp med ein sjuk hest. Og før Jacob veit ordet av det, er han dyrlege for sjiraffar, løvar, kamelar og til slutt elefanten Rosie. På denne reisa oppdager Jacob kor egoistiske enkelte menneske han vere, og kor sjølvoppofrande andre er. Han finn kjærleiken, og knytter vennskap. Og utan å meine det, skapar han mykje drama.

Den rommar liksom det meste; vennskap, forelskelse, nye opplevingar, drama, hat, psykiske lidingar, grusomme menneske og attpåtil eit sirkus! Du føler at du er i ei blanding av Dagboken og Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant, og om ikkje det høyrest interessant ut, så veit ikkje eg! Og no skal eg endeleg få sett filmatiseringa. (For eg er så klart ein sånn ein som skal lese boka først.)

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2008

Sitat

«Veien fra Italia» av Anna Grue

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Veien fra Italia

Etter å ha lest ein del krim, litt Ibsen og eit par dokumentarar, hadde eg ein craving for ein skikkeleg kjærleiksroman, og plukka fram dette leseeksemplaret som eg fant på jobb. På omslaget står det at forfattaren kan sine saker, og at det er ei bok som flyt over av kjærleiksforviklingar. Så eg satte i gang, men følte at det var meir forviklingar enn kjærleik det var snakk om, og det skal holde hardt å påstå at dette er ein kjærleiksroman.

Vittoria, ei ung italiensk kvinne, har køyrd frå Roma til København i den vesle fiaten sin, saman med babyen sin, Massimo. Ho er på flukt, og kan aldri sjå seg tilbake. I Danmarks hovudstad flyttar ho inn på eit litt shabby hotell, der ho møter nattklubbservitrisa Conny, som er Vittorias rake motsetning. Dei danner likevel eit nært vennskap, til tross for sine ulikheiter. Når Vittoria får jobb som husbestyrerinne for enkemann doktor Møller, vert kvardagen hennar snudd på hovudet. Ho strevar hardt for å tilpasse seg sitt nye liv som dansk, men oppdager at det er vanskeleg å leve eit godt liv med eit stor hemmelegheit hengande over seg – spesielt når ho nektar å dele den med nokon.

Veien fra Italia er absolutt ikkje den største leseopplevinga mi, men eg satte stor pris på det historiske perspektivet og tidsbiletet i boka, som føltes veldig autentisk. Eg likte og mislikte karakterane om einannan, så slikt sett var desse òg veldig naturleg portrettert. Faktisk trur eg at eg heller hadde elska ein roman om Conny, ikkje Vittoria. Veldig kort oppsummert fant eg boka til å henge midt på treet; nokon vil nok elske den, andre synes den er forferdelig kjedeleg.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Verden er en boble» av Nicola Yoon

Boka er sponsa av Aschehoug forlag

Verden er en boble2

Viss du har sett trailer for filmen Everything, everything og tenkt at «wow, den verkar sykt spennande!» så er dette boka for deg. For dette er nemleg boka bak filmen. Det er ein ungdomsroman som er veldig lettlest, skrive omtrent som ei dagbok med både tekst, utklipp og meldingar. Men ikkje slik at det vert som ei barnebok altså, det gir eigentleg berre romanen eit moderne og ektefølt preg.

Madeline er sjuk. Veldig sjuk, faktisk. Så sjuk at ho ikkje kan gå ut av huset. Ho brukar dagane sine på heimeundervisning og lesing. Alt er likt kvar dag. Heilt til Olly flyttar inn i nabohuset. Madeline kommuniserer med Olly via internett, og etter kvart slepp ho han inn i huset. Ho oppdagar etter kvart at ho fell for Olly, og at enkelte ting er verdt å risikere livet for. Og det er akkurat det ho bestemmer seg for å gjere.

Boka er eigentleg ein parallell til Rapunzel, og historia er verkeleg eit eventyr. Det er rørande, vakkert, provoserande og intelligent skrive. Denne boka vil vere med meg lenge. Og om du liker bøkene til John Green, vil denne vere midt i blinken for deg.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Nicola Yoon finn du HER.

Sitat

«Huset ved innsjøen» av Kate Morton

Boka er sponsa av Vigmostad & Bjørke

Huset ved innsjøen

Når du ser på dette coveret, kva tenkjer du då? Ein kjærleiksroman full av kliss? Vel, du tek i så fall feil. Denne boka grenser meir til kriminalroman, i begge periodene vi følgjer. Eg har faktisk alle av bøkene hennar, men har ikkje lese dei enno fordi dei ser nettopp ut som klissete kjærleiksromanar. Men uansett, dette er ei bok full av spenning, drama, uvisse hensikter og mykje skuldkjensle.

I 1933 forsvant eitt år gamle Theo frå godset Loanneth i Cornwall, England under ei sommarfest. Ingen spor eller forklaringar vart funne, og mysteriet vart aldri løst. 70 år seinare finn politietterforskaren Sadie Sparrow godset attgrodd, og vert nysgjerrig. Ho har god tid til å grave i fortida, sidan ho er på ufrivillig ferie etter å ha – vel, drite seg ut på jobb og snakka med ein journalist. Ho kontaktar Alice Edevane, ei av døtrene på godset som no er ein kjend forfatter og 86 år gamal, men Alice svarer ikkje på breva. Ho har sin eigen teori om kva som skjedde den natta, og ynskjer ikkje at hennar delaktighet skal kome fram i lyset.

Det er så mange skiftande teoriar i denne boka, og alle verkar så korrekte, heilt til ein ny og betre kjem fram. I tillegg er Sadie plaga av den uløyste saka ho snakka med pressen om, i tillegg har ei ganske personleg sak dukka opp òg. Boka er kjempespennande, og klarer å holde koken gjennom alle dei 573 sidene (sjølv om eg forsto ein ting eller to litt for tidlig; de veit, fargerik fantasi).

Forlag: Vigmostad & Bjørke
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Se meg» av Nicholas Sparks

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Se meg

Når du tenker Nicholas Sparks tenker du sikkert Dagboken, The Last Song, klissete kjærleikshistorier og slikt. Vel, du har for så vidt rett. I bøkene til Sparks (og filmatiseringane) er det mykje kjærleik, og det er det for så vidt her òg, men den siste boka hans inneheld så mykje meir. Det som fyrst kan verke å vere ei typisk motsetningar tiltrekker-historie, utviklar seg raskt til å bli ein spenningsroman av eit eige kaliber.

Maria er ganske perfekt: vakker, intelligent, hardtarbeidande advokat. Colin er derimot annleis, med si valdelege og kriminelle fortid. Han har brukt mykje tid og krefter på å forandre seg, og Maria forelsker seg mot betre vitande. Men akkurat når forholdet deira når ei høgde og dei begge er stormande forelska, viser det seg at det er Maria si fortid som skal ta dei att og presse dei til det ytterste. Historia tar ein nifs turn, og livet til Maria vert dramatisk forandra, og Colin er på nippet til å øydelegge alt for seg sjølv.

Det er ei strålande historie, ein gnistrande roman og alle andre lovord du kan kome opp med. Om du før har tenkt at Sparks sine bøker er for romantiske for deg, ombestem deg ASAP, for denne boka er vanvittig spanande, absolutt på nivå med «klassiske» thrillere. Den grip tak i deg, og slepp ikkje før siste side er ferdig lest. Og kanskje ikkje då heller.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Sophie Starks liv og død» av Anna North

Boka er sponsa av Pax forlag

Sophie Starks liv og død

Eg les mange ulike bøker. Enkelte liker eg på grunn av språk eller historie, eller berre ein av delane. Av og til les eg bøker som eigentleg er utruleg gode idear, men pinlig dårlig gjennomført. Denne boka kunne raskt blitt ei slik bok; den er skriven som ein dokumentar om filmskaparen Sophie Stark, med «einsidige intervju» (tenk reality-tv der folk snakker i kamera) av sentrale personer i livet hennar etterfulgt av omtaler av filmane personane handla om. Dette kunne raskt blitt kaos og du ville ikkje følt at Sophie var hovudpersonen i det heile tatt. North derimot, viser at ho har stålkontroll på prosjektet og muskler nok til å bere dette litterære prosjektet, som har blitt til ein av dei mest fascinerande bøkene eg har lest.

Boka handler om Sophie Stark, og blir som sagt fortalt av menneske ho har hatt i livet sitt, frå brødre, til ektemann, til jentekjærasten. Eit skjørt og unikt portrett av eit ungt menneske vert teikna opp; ei jente som ikkje forstår sosiale konvensjoner, som held seg for seg sjølv, elskar film, er livredd. Frå ein fattig oppvekst, til eit spesielt collegeliv, til filmskaper. Sjølv om dei fleste opplever Sophie ganske likt, har dei ganske ulike oppfatningar av hendingane som har kryssa kvarandre.

Dette er ei nydelig og rett og slett fantastisk bok. Du kjenner deg nesten berusa av å lese den, og den tar eit hardt tak i deg. Definitivt ei bok som vil bli hos meg lenge.

Forlag: Pax
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Piken fra Piemonte» av Fioly Bocca

Boka er sponsa av Tiden forlag

Piken fra Piemonte

Leitar du etter ei bok med supefint omslag og rygg til å pynte opp i bokhylla? Ei gave til mor eller datter? Eller bare godt lesestoff til deg sjølv? Look no further! Debutromanen til Fioly Bocca er midt i blinken.

Mora til Anita held på å døy av kreft. Anita veit ikkje kvar ho skal gjere av seg, ho vil gjere alt for å glede mora. Ho skriv lange brev om forloveden og bryllupsplaner (som ho ikkje eigentleg har planlagt), framtidige barn (som heller ikkje er planlagt) og jobben (som det eigentleg ikkje går så bra på). Anita roter seg inn i et nett av små løgner, og kaoset vert komplett når ho møter barnebokforfatteren Arun på ei togreise, og forelsker seg.

Boka inneheld altså ei helt nydelig historie, men fordi den òg inneheld litt for mange setninger på slutten av avsnitta av typen «Å lukke øynene for å slippe å se […] visker ikke ut virkeligheten, men den skyver den et skritt lenger unna.», så går den ikkje heilt til topps hos meg. Men som sagt: ei nydelig historie om forholdet mellom foreldre og barn; ønske om å oppfylle ønska til dei vi er glad i; små, kvite løgner og om å finne ein gnist hos nokon som ikkje er forloveden din. Og likte du Veien til Roma av Mark Lamprell, vil du elske denne boka.

Forlag: Tiden
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Hatet mitt får dere ikke» av Antoine Leiris

Boka er sponsa av Solum forlag

Hatet mitt får dere ikke

For litt over eit år sidan vart Paris utsett for eit terrorangrep. I dette angrepet døydde Hélène, kone til Antoine og mor til 17 månader gamle Melvil. I fortvilelsen etter konas død, skriv journalisten Antoine eit ope brev på Facebook med tittelen Hatet mitt får dere ikke, som vert utgangspunktet for denne sjølvbiografiske romanen.

Antoine uttrykker sorg over å miste sin store kjærleik, frustrasjonen over alt han som nybakt aleinepappa ikkje kan, fortvilelse over at sonen ikkje vil huske den fantastiske mora han hadde. Boka tek for seg dei to veke etter terroraksjonen, stort sett dagleglivet til Antoine og Melvil og korleis dette likevel må gå vidare.

Ei lettlest bok om eit tungt tema, som til trass sin tjukkelse (eller mangelen på sådan) er vond å svelge. Det er ei rørande og enkel bok som får fram essensen i korleis ein skal vinne over terroristane; Ein skal ikkje hate dei, ein skal ikkje vere redd dei, ein skal gå vidare og ignorere dei.

Forlag: Solum
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Din, alltid» av Gøhril Gabrielsen

Din, alltid

Okei, dette var faktisk ikkje ei bok eg hadde tenkt å blogge om, eg tenkte eigentleg berre å bruke den for å ha noko kort og lett å lese på for å kople litt av innimellom eksamenslesinga. Men eg oppdaga ganske raskt at eg må jo faktisk berre fortelle dykk om denne boka, for den er sterk.

«Jeg» starter som ei tolvårig jente i boka, og lev eit lykkelig familieliv, med foreldre som elskar kvarandre; Faktisk er dei så glade i kvarandre, at jenta av og til føler dei helst ville vore aleine og utan henne. Alt dette endrast når veslebroren blir fødd, mora vert sliten, faren flørtar med andre og eit enormt sjalusidrama utspiller seg. Men det som verkeleg gjer at livet deira fell i grus, er døden til babyen – og skuldkjensla jenta sit att med. For kva er det meininga ein skal gjere når man med eit uhell har drept den vesle babybroren sin?

Sjølv tiår etter, definerer ho livet sitt som «tida etter ulukka», og slit enno med skuld. Ho er klar over at ho etter kvart vil ende opp hos mora (det skulder ho henne, ikkje sant?), så ho slår opp med sambuaren og byrjar etter kvart hatar ho livet som slave for mora (som rett nok har hatt slag). På ei rydderunde i huset ti år seinare, finn ho nokre papir som beviser at ho kanskje ikkje er skuldig i brorens død likevel, og at mora visste det. Og ho vert rasande.

Romanen handler om skuldkjensle, usunne familieforhold, manipulasjon, valg, å ønske seg tilgjeving og å ikkje ville gi det. Eg synest ikkje fortellermåten er heilt konsekvent i del éin; av og til kjennest det ut som om det er ei tolvårig jente som snakkar, av og til som ei dame som ser tilbake på hendingane. Boka er veldig lettlest, med 3 delar, delt inn i delar, delt inn i delar. Og ja, som dokker veit, så elskar eg jo slike bøker med mange, mange små delar inni, så eg kan lese på korte bussturar og slikt, dei blir så … tilgjengelige. Hashtag pendlerbok? Ja. #pendlerbok.

Åh, forresten! Kan anbefalast til alle som likte Hålke av Helene Uri.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Et hav av minner» av Alyson Richman

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Et hav av minner

Eg var ikkje førebudd på kva denne boka var, eller kva den ville gjere med meg. Eg har lest dei andre bøkene til Richman (i alle fall dei norske utgivelsane), og det er i stor grad kjærleikshistorier med modige karakterer knytt til andre verdskrig. Denne boka har for så vidt litt bakgrunn i andre verdskrig, men det er ein heilt annan «krig» som er hovudfokuset. Dette er ikkje ein typisk romantisk dameroman, sjølv om omslaget kanskje kan lure deg litt.

Størsteparten av perspektivet i boka ligg hos Salomé, og alle dei andre historiene i boka er knytt til hennar, gjennom ett eller to eller tre ledd. Under Pinochet sitt kupp i Chile, vart Salomé kidnappa to gonger og mishandla sterkt fordi hennar berømte ektemann var kritisk til kuppet. Og sjølv om Salomé reiste med han og barna sine til Sverige som politiske flyktningar, går det ikkje lang tid før ho og Octavio går frå einannan, for Salomé kan ikkje tilgi. Ho går i terapi, og vi vert og kjend med psykiateren Samuel, hans fortid, og hans kones fortid.

Dette er ikkje ei historie der alle ledda fra fortida møtast i notida og plutselig var alle i slekt, men ein roman som rett og slett knyt saman eit hendelsesforløp. Den er original, sterk og ja, annleis. Det er faktisk ein knusande roman, og ikkje ei bok ein kan pløye raskt gjennom som underhaldning. Det tok meg heile fire dager å lese ut denne boka, for skildringane og historia er så utruleg sterkt. Språket er velskrive og kapitla korte, så boka er i grunnen lettlest; men tru meg, denne boka vil du bruke tid på å kome gjennom (og nyte!).

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016 (2004)

Fleire bøker av Alyson Richman finn du HER.

Sitat

«Klokken og sengen» av Eline Lund Fjæren

Klokken og sengen

Dette er ein samtidsroman med stor slagkraft. Det er eit eller anna veldig treffande å lese ein roman om ei jente på min alder, skriven av ei anna jente på min alder. Angsten, einsemda og tafattheten som er skildra, rører ved hjartet mitt (unnskyld klisjeen) og pirker bort i den delen av hjerna som rår over gjenkjenning og sympati.

«Eg» har flytta frå Oslo til Bergen. Ho bur i ei studioleilighet, søker på jobber ho ikkje vil ha, gidd ikkje stå opp og er ganske sikker på at ho har mista studieplassen sin. Ho har ikkje penger, mat, venner eller mykje anna i kvardagen, men ho er nøgd med å liggje under dyna. Noko av det ho derimot har i kvardagen er saknet etter «han» som vart att i Oslo, og framande menn fyller tomrommet. Og Julie, når ho orkar å svare på oppringningene frå Julie.

Språket er fargerikt, småsjukt, intimt, desperat, rått og ærleg. Det finst nok altfor mange av oss som veit korleis det er å foretrekke dyna framfor omverda, og dette er ei bok som gjev eit truverdig innsyn hos «oss». Eg veit i alle fall at etter å ha lese denne boka, er Fjæren sitt forfattarskap eit forfattarskap eg skal følgje med på framover. Og så må eg sjølvsagt få skaffa meg debutboka hennar, Ung jente, voksen mann.

Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Eline Lund Fjæren finn du HER.

Sitat

«Et lite liv» av Hanya Yanagihara

Boka er sponsa av Gyldendal Norsk Forlag

et-lite-liv

Dette er ei heilt fantastisk bok. Eg føler ikkje at eg har lese, eg føler at eg har levd. Eg har fordjupa meg i denne tjukke boka, og eg har levd i denne verda. Det er ikkje ei glad historie, dette er ei stor oppleving. Teksten gnistrar, orda veks og sidene flyr av seg sjølv. Eg har grått og grått og smilt og ledd, og no er det slutt. Det er ei skikkeleg tom kjensle, og eg vandrar berre rundt på måfå i leiligheta. Kva bok skal eg kunne starte på etter denne????

Denne mursteinen roterer hovudsakleg rundt Jude (sjølv om jeg-personen er Harold). Jude er det mystiske limet i vennskapet mellom han, Willem, Malcom og JB. Dei har gått på college saman, og dei held på vennskapet gjennom heile livet (sjølv om det er litt av og på). Willem, Malcolm og JB er ganske opne karakterar det ikkje tek lang tid å bli kjend med, men å bli kjend med Jude tek eit heilt liv. Det blir ganske klart tidleg i romanen at han har hatt ein grusom (eller mangel på) barndom, og dette slepp aldri taket.

Dette er hjerteskjærande lesing, og som nevnt grein eg augene mine tørre. Denne boka går så djupt, og sit att hardt. Den utforsker styrken på vennskap, ser på den ulike kjærleiken vi kan kjenne for menneske, kor mykje vi er villige å ofre for dei vi elsker. Det er ei bok om rettferd, vennskap, familie, mellommenneskelege band, skyld og skam. Men kanskje mest om vennskap.

Kapitla er av og til typ 90 sider med få blankliner, så det er ikkje teknisk sett lettlest. Men om du berre lar deg flyte med, vil boka forsvinne på nokre dager. Eg gjer denne boka toppkarakter, eller for å parafrasere ei eldre dame på Kjekt å ha (som ikkje heilt forsto korleis terningkast fungerer): «Eg gir denne boka terningkast 10 på en skala fra 1-10.»

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Valentinas siste reise» av Santa Montefiore

Boka er sponsa av Bastion forlag

Valentinas siste reise

Med Santa Montefiore så får du det du betaler for og det du forventer: ei nydeleg kjærleikshistorie som rører og underholder heile veien. Her får du eksotiske Italia, engelsk sosietet, drap, drama, familiehemmeligheter og mirakler.

Vi befinn oss både i 1944-45 og 1971-72. I 1944 kjem kaptein (?) Thomas Arbuckle til Incantellaria i Italia, ein søvnig og veldig religiøs by på Amalfikysten. Der forelsker han seg i Valentina, og blir far til Alba. I 1971 er vi i England, der Thomas har teke over familiegodset. Alba kjenner seg ikkje heime (til tross for at ho kom dit som spedbarn), og bur åleine på familiens husbåt, Valentina, i London, der ho lev eit ganske vilt liv med eit utall av menn. Og lite forandrer seg før Fitz dukker opp, og ho bestemmer seg for å reise til Italia for å finne røttene sine.

Eg held fortsatt ein knapp på at Birøkterens datter er hennar beste (utgitt på norsk, i alle fall), men som eg skreiv i omtala mi av Villa Magdalena, så skal det mykje til å slå den, altså. Men Valentinas reise kjem ganske nær. (Og ja, det er den perfekte julegava til mor, syster, venninne eller kven som helst!)

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Santa Montefiore finn du HER.

Sitat

«Paris for én» av Jojo Moyes

Boka er sponsa av Bastion forlag

Paris for én

Det har vore ganske mykje oppstyr den siste tida angåande denne boka: er prisen for høg for innholdet; prøver forfatter eller forlag å skvise mest mogleg ut av desse bøkene; er dette ei bok for vaksne med lesevansker? Eg er eigentleg ganske lei av å høyre om dette, så eg fant ut at eg ville lese den sjølv (for man kan faktisk velge å lese dei bøkene ein vil, og la andre gjere det same utan at det må vere eit problem). Og veit det kva? Eg likte boka. Sidan eg uansett fekk henne sponsa, spelar ikkje prisen noko rolle for meg, men for dei som synest den speler ei rolle, så kan de alltids gå på biblioteket og lese boka heilt gratis.

Handlinga i boka: Nell er på veg til Paris, ein tur ho skulle på med kjærasten sin. Problemet som opnar heile boka er at nevnte kjærast ikkje dukkar opp på perrongen, men sender ei tekstmelding og seier han kanskje skal kome seinare. Dette «kanskje» vert raskt eit «definitivt ikkje», og Nell aner ikkje kva ho skal gjere. Etter ei mindre hyggeleg natt på hotellet, forsøv ho seg til eit morgontog heim, og togprisane gjer at ho ser seg nøydd til å vente til neste morgon. Lite aner ho kva slags døgn ho har i vente.

Eg synest boka var søt og koseleg, og veldig typisk Moyes-stil: lettlest, romantisk og utan for mykje mellom linjene. Dette er jo eigentleg ei «novella», eit litt ukjent konsept på norsk, men det er altså ein slags kortroman (det er ikkje (utheva) ei novelle, for den oppfyller ikkje sjangerkrava der, altså). Denne boka gir deg ca en time med hyggeleg lesning, og er ikkje det i grunnen greitt nok? Det er ofte slikt ein treng mellom 800-siders bøker og thrillarar.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Jojo Moyes finn du HER.

Sitat

«Calendar Girl: Besatt» av Audrey Carlan

Boka er eit førehandseksemplar frå Cappelen Damm

Besatt

Historia om Mia er ikkje slutt enno, men det er ikkje mange månadane att no! Vi er no komne til juli, august og september – månader som vil vise seg å utfordre Mia og presse henne til hennar ytste.

I juli er ho ansatt for å spele forførerske i hiphopvideoen til Anton, betre kjend som Latin Lov-ah (sjukt kleint namn). Mia slit fortsatt med flashbacks etter overgrepsepisoden i juni, og dette påverkar heile tilveret hennar. I august går turen vidare til Texas, der ho er hyra for å late som om ho er den forsvunne systera til Maxwell Cunningham, men oppdager etter kvart at noko ikkje stemmer (ho er heilt hinsides treig til å fatte poenget, faktisk). I september må ho reise tilbake for å ta farvel med faren, då tilstanda hans forverrer seg. Difor møter ho ikkje opp hos den niande klienten, og skuldar no han hundre tusen dollar. Og har dermed ikkje pengar til å betale Blaine, og det tar Blaine heller dårleg.

Like sexy som dei førre, men med eit mykje meir personleg preg. Mia må i stor grad forholde seg til kjenslene sine, og desse gongane kan ho ikkje stikke av. Her er mykje drama, mykje kjærleik, mykje varme og vennskap. Boka tar for seg forhold på godt og vondt, og viser kor viktig det er å ha nære menneske i livet sitt ein kan lene seg på når ein har det kjipt – og kor viktig det er å faktisk lene seg på dei.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Audrey Carlan finn du HER.

Sitat

«Nattergalen» av Kristin Hannah

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Nattergalen

Dette er ei slik bok der sidene berre flagrer av gårde; ei sånn bok du tar deg sjølv i å skumlese fordi den er så spennande, og deretter må tvinge deg sjølv til å lese i eit normalt tempo. Og herregud, for ei avslutning. Eg har ikkje grått så voldsomt av ei bok på månedsvis; denne historia er enkelt og greitt så nydeleg at eg ikkje helt har ord.

Vi er i Frankrike under starten på andre verdskrig, og tyskerane har okkupert den vesle byen Vianne bur i med familien sin. Mannen vert sendt ut i krigen, og Vianne si ti år yngre syster Isabelle vert sendt til henne for å hjelpe henne. Men når ein tysker flytter inn i huset, orker ikkje Isabelle å vere der meir. Ho rømmer til Paris og blir ein del av motstandsrørsla, under kodenamnet Nattergalen. I boka følgjer vi både Vianne og Isabelle i sine ulike, men likevel begge grusame, opplevingar av krigsåra.

Boka er full av familieband, kjærleik, håp, ideologi, vennskap, offer, mot, sorg og gleder. Det er ei rasande godt språk, og dei fem hundre sidene går unna i ein fei. Kristin Hannah har klart å komponere ein bortimot perfekt roman, som både engasjerer leseren og framstår som truverdig. Det er ikkje ei bok som er svart-kvitt i moralen, men som viser dei komplekse menneska bak ein uniform eller ein tittel. Eller eit kodenamn.

Det er rett og slett ein helt strålande roman, og om du likte bøkene til Alyson Richman eller Historiefortelleren av Jodi Picoult, er dette ei bok for deg. Eg veit nesten ikkje kva meir eg kan seie om den, for eg har både ingen ord og altfor mange ord. Dette er ei bok som vil bli hos meg i lang tid, kanskje er den til og med umulig å gløyme?

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Hålke» av Helene Uri

Boka er sponsa av Gyldendal Norsk Forlag

Hålke

Ei av favorittbøkene mine frå då eg var mindre var skriven av Helene Uri, så å stifte kjennskap til forfattaren i vaksen alder var noko eg gledde meg veldig til. Tenk om denne boka kunne gje meg like mykje glede no som Dråpen som fikk alt til å skje ga meg som åtte-åring? Og det er veldig hyggjeleg å meddele at det gjorde den! Eg har faktisk nettopp nominert den som min favoritt til Bokhandlerprisen, så god var den faktisk; Den beste norske boka hittil i år.

For kan vi snakke litt om språket til Helene Uri? Kor fantastisk godt det er? Det er så medrivande, nervepirrande, lett gjenkjenneleg og truverdig. Uri vinklar historia slik det passar seg, og avslører meir og meir underliggjande tankar og synspunkt. Ho dreg spenninga brått opp til toppen, før ho berre slepper henne ned att. Det kjem (akkurat tydeleg nok) til uttrykk at Uri har tenkt veldig mykje på korleis vi vil oppfatte Ebba og Karl etter kvart som vi kjem tettare inn på dei gjennom boka.

Ebba og Karl har vore i gift i nokon-og-førti år, og har alltid framstilt seg sjølve (og blitt framstilt) som det perfekte par. No er det frost i Oslo, og isen ligg tjukk og speilblank utanfor inngangsdøra, og hindrar dei i å gå ut or leiligheita si. Ebba er rastlaus og Karl irritabel. Det blir ikkje betre når maten (og kaffien) nærmar seg slutten, og friksjonen mellom mann og kone veks. Dei kjeklar og kjem med småstikk til einannan om alt som har skjedd i fortida, om episoder som dei hugser ganske ulikt.

Perspektivet i boka vert meir og meir nyansert dess lenger uti vi kjem, og på fjerde eller femte dagen går verkeleg alt over styr. Ebba har prøvd desperat å halde oppe sine eigne illusjonar, men det er grenser for kor lenge ein kan vere innestengt med ein mann ein både elsker, hater og elsker å hate. For kven av dei har eigentleg rett om den andre? Kven eig sanninga om eit ekteskap? Og er det for seint?

Om eg ikkje var tydeleg nok i innleiinga mi, seier eg det eksplisitt her òg: Dette er den beste norske  boka frå 2016. (Og årets beste julegavetips!)

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Biter av lykke» av Anne Ch. Østby

Boka er sponsa av Font Forlag

Biter av lykke

Eg har no lest den nye boka til Anne Ch. Østby som etter ein månad har tatt heilt av internasjonalt med rettigheter solgt i øst og vest (bokstavelig talt). Og det er ikkje så rart, for dette var ei ganske kort, lettlest feelgood bok som innfrir løfta sine; ho er akkurat det skrildringa på omslaget seier at ho er: ein roman om kjærleik, håp og sjokolade. Ikkje berre romantisk kjærleik, men meir ein vennskapeleg kjærleik og ikkje minst ein kjærleik til livet.

Kat er 66 år og enke. Ho sit no som eigar av ein kakaoplantasje, og kjenner litt på einsemda. I staden for å invitere klassevenninnene på besøk, inviterer ho dei derimot til å flytte ned til seg på Fiji (Kat er altså typen som ikkje gjer ting halvvegs). I boka blir vi kjende med Ingrid (med ein indre tvilling, Vildrid), Maya (som har demens), Lisbeth (som berre reiste i frå ektemannen) og Sina (desperat etter å kome seg unna den middelaldrande og hjelpelause sonen). Og Atheca, den fijianske kvinna som jobbar for Kat og tek med seg desse kvinnene sine i kveldsbønene sine.

Dette er ei bok om kor vanskeleg ulike typar kjærleik kan vere; kor vanskeleg det kan vere å ta opp att eit førti år gamal vennskap; kjærleiken som forsvinn i eit ekteskap (om den nokon sinne var der); kjærleiken til samfunnet rundt seg og trua på noko felles. Det handlar om å ikkje slutte å leve berre fordi ein er komen i ein «moden alder», men utfordre livet og prøve noko nytt. Som å oppsøke ein kjekk mann midt på natta og bli med han inn på soverommet, som å dytte den vaksne ungen ut av redet, eller for eksempel å starte ein sjokoladefabrikk.

Dette er ei bok full av varme, vennskap, tilgjeving og nye opplevingar. Vi møter ein annleis kultur på godt og vondt, og lærer mykje. Og ja, ein tur til Fiji hadde jo ikkje vore å fornekte etter å ha lest denne fargerike boka! (Kunne gjerne tenkt meg å smake fisk kokt i kokosmelk med løk og chili.) Det er definitivt ein grunn til at denne boka er kjempepopulær akkurat no, så du treng ikkje vere redd for å kaste deg ut i det og kjøpe den! (Om du vil ha noko å samanlikne med, så minner den litt om Dora Heldt si bok Champagne og hetetokter kryssa med noko av Karin Brunk Holmqvist.)

Forlag: Via
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Stoner» av John Williams

Stoner

No har vel alle fått med seg at bøkene til John Williams plutseleg er i vinden igjen? Og takk gud for det, seier eg! For makan til forfatterskap skal du sjå lenge etter. Eg aner ikkje korleis Williams klarer å få denne boka til å bli så magisk, og aner endå mindre korleis ei kort omtale skal yte den rettferd. Men eg kan ikkje anna enn å prøve. Boka er kort, og kunne vore utlest på ein kveld, men du vil raskt oppdage at du gjerne vil spare kapitla og drøye leseopplevinga så lenge som mogleg; det er verkeleg ei oppleving.

Møt William Stoner. Oppvaksen på gard, og reiser til universitetet for å studere landbruk så han kan hjelpe faren og mora med drifta. Stoner forelsker seg uventa i engelsk litteratur, og skifter studieretning. Etter endte studier, blir han att som lærar på fakultetet, og blir der resten av livet. Han giftar seg, får eit born, finn kjærleiken, hamnar i ei konflikt eller to, og lev ellers eit ganske stille liv. Han er ein ærlig, roleg og prinsippfast mann, som utviklar seg til å bli ein ganske gjenkjenneleg karakter ved University of Missouri.

Gjennom berre 270 små sider følgjer vi Stoner gjennom heile livet. Teksten er ganske nøktern og ærleg, og den ser livet frå Stoner sitt perspektiv, omtrent som ein biografi. Ein får presentert fakta så enkelt og greitt at ein faktisk sit att med ei kjensle av at Stoner var eit ekte menneske, og at det er ei synd og skam at han er borte. Og det er ei synd og skam at romanen er utlest, og at eg aldri får lese den att for fyrste gong. Eg heng meg på skrytekoret på omslaget, og stemmer i at dette er ein perfekt roman.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2014 (1965)

Fleire bøker av John Williams finn du HER.

Sitat

«En ting som er» av Robert Lax

En ting som er

Gjendikta av Knut Johansen.

For ein rytmebruk! Lax kutter opp nesten alle stavingar til eigne verseliner (med enkelte dikt som unntak), og fleire ord i same strofer. Det er mykje gjentakingar, som igjen hevar rytma til eit nytt nivå. Det er fantastisk interessant lesing å følgje ei så streng rytme når ein les, samstundes som meininga i dikta trår fram. Det er rett og slett gjennomført rytmisk. Det er lite ekstra på desse sidene.

Dikta handlar om ting sine tilstander. Å vere. Korleis kan vi seie at noko er dødt, kva slags veremåte er det? Fleire av dikta tar òg for seg ulike historiske samfunn (og er veldig lange), medan andre tek for seg familieforhold. Det er ei nydeleg diktsamling, med eit djupt sjeleliv.

Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2015 (1997)