Sitat

«Noas barn» av Eric-Emmanuel Schmitt

Noas barn

Vi er i Brussel i 1942. Joseph er sju år, og jøde. Når foreldra forsvinn, bur han hos ein greve og ei grevinne til han nesten vert avslørt, og blir sendt vidare til Fader Pons. Pons er ein katolsk prest som driv ein kostskule/eit beskyttelsesprogram for jødiske barn. I sin tid der, reflekterer Joseph mykje rundt ulike religionar, ulike menneskeraser (som jo ikkje eksisterer) og ulike menneskeverd. Han oppdager at han helst vil bli katolikk, men ironisk nok får han opplæring i hebraisk og jødisk skikk hos Pons, som nekter han å konvertere.

Dette er ei viktig bok, med den ærlege forteljerstemma til eit barn som oppdager kven han er og kva verda rundt han er. Han forstår ikkje krigen, han forstår ikkje nazismen. Og først etter at den er over, når verden oppdager kva som gjekk føre seg i konsentrasjonsleirane, vert helvetet ekte for Joseph (slik det vart for mange).

Og berre så det er sagt, så er denne boka basert på ei ekte historie.

Forlag: Pantagruel
Utgivelsesår: 2005

Fleire bøker av Eric-Emmanuel Schmitt finn du HER.

Sitat

«Sjarmen med tarmen» av Giulia Enders

Sjarmen med tarmen

Etter å ha lest Gleden med skjeden, måtte eg jo berre plukke fram eksemplaret mitt av Sjarmen med tarmen, som jo har vore ei stor inspirasjon for førstnevnte bok. Også denne boka er skriven av ein medisinstudent, og vil forklare temaet på ein lettlest og forståeleg måte for vanlege folk.

Det er forresten ikkje berre tarm Enders tek opp, men fordøyelse generelt. Og visste de at alle har slike horisontale forhøyninger langs innsida av kinna? Eg trudde eg berre hadde bitt meg litt for hardt og at vevet hadde grodd slik. Men dei linjene med kjøtt produserer visst spytt. The more you know. Men ja, boka tek frå seg alt til enkle forklaringer av korleis fordøyelsen fungerer, til bæsj og oppkast, og korleis enkelte tarmbakterier kan gjere deg deprimert eller fryktlaus eller få diaré. Kjempemoro.

Og ideen med boka – å skrive om tarmen på ein så sjarmerande måte som mogleg – er vel gjennomført, for den er veldig lett og grei å lese! Kanskje litt vel lange og detaljerte avsnitt og spesifikke bakteriar innimellom, men det går fint. Overlev det.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Livet i Catfish Alley» av Lynne Bryant

Livet i Catfish Alley

Åh, neeeeei, eg ville så gjerne like denne boka. Eg absolutt slukte debuten hennar, så eg blei kjempeskuffa av denne. Det er eigentleg ikkje eit stort persongalleri, men ein kjem ikkje så nære inn på karakterane (sjølv om ein følgjer dei i dramatiske situasjonar), så det blir vanskeleg å skilje dei ifrå einannan. Og spesielt når historia skiftar perspektiv mellom dei, vert det for vanskeleg å få tak på dei. Den einaste karakteren som verkeleg rørte meg, var Junior Jackson.

Roxanne Reeves har jobba hardt for å bli sett på som ei kvit overklassekvinne i Mississippi, og ho vil helst ikkje bli involvert i noko som kan setje spørsmålsteikn ved det. Og det er dette ho er redd skal skje, når ho blir nøydd til å planlegge ei eventuell afroamerikansk omvisning i Clarksville. Ho tek kontakt med Grace, ei nesten nitti år gamal (og så klart svart) lærerinne i byen. Saman med Grace og venninnene hennar, Mattie og Adelle, får Roxanne høyre ei fæl historie om deira felles fortid.

Det er eigentleg ei god historie, men som sagt er karakterane nokså flate. Og la oss ikkje snakke om kor utruleg uoversikteleg boka er lagt opp! Eit kapittel kan vere fem sider med kun ein forteljar, medan eit anna kan vere femti sider med fire forskjellige perspektiv, tre tidshopp og til og med brev inne i desse flashbackene. Det er kjemperotete, og den amerikanske redaktøren burde verkeleg ha gjort noko før boka blei utgitt, to år etter debuten. «Hastverk er lastverk», dei seier i alle fall bestemor mi. (Og tittelen er ganske misvisande òg.)

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Lynne Bryant finn du HER.

Sitat

«Portrett av ein varulv» av Carl Frode Tiller

Portrett av ein varulv

Det siste skodespelet til Carl Frode Tiller (i skrivande stund), Kven er redd?, er noko av den beste dramatikken eg har lest, så når eg kom over dette skodespelet på jobb, så måtte eg berre plukke det med meg. Det er jo ein del år gamalt allereie (når slutta 2011 å vere tre år sidan???), men det var jo ganske interessant å sjå korleis skriveria hans har utvikla seg. Og eg må jo innrømme at eg vel å sjå det på den positive sida, at dei har utvikla seg i ei god retning, for Kven er redd? er ein god del betre (i alle fall etter min smak).

Men så har jo dette dramaet eit heilt, heilt anna tema. Skodespelet handlar om Kent, ein heavy-metalelskande drop out frå vidaregåande. Han oppfører seg som ein totalt, komplett og heilstøpt drittsekk. Vi følgjer han frå han kranglar med systera på vei til fest, til vors, til fest, til samanbrotet etterpå. Kent har mange meiningar om samfunnet og menneska rundt seg, men det skin tydeleg gjennom kor sårbar og faktisk såra Kent eigentleg er. Men kan han skjerpe seg i tide?

Eg likte teksten, men eg kan ikkje heilt sjå det for meg på ei scene. Det fungerer nok best som eit dramastykke berre for lesing (og ja, slikt finnes med vitande og vilje, for dykk som ikkje er heilt inne i skodespelverda). Det er eit kult, enkelt og lettlest stykke.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2011

Fleire bøker av Carl Frode Tiller finn du HER.

Sitat

«Arthur Peppers makeløse reise» av Phaedra Patrick

Boka er sponsa av Bazar forlag

Før du starter på denne boka, må du tenke litt på forventingane dine; om du forventer deg noko som Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant så vil du bli litt skuffa. Det er ikkje noko satirisk eller hysterisk morsomt med denne boka. Den er derimot lettlest, koselig og sjarmerande. Eg synest kanskje «uforglemmelig fortelling» er å ta litt vel i, men det er definitivt ei herlig bok. Og så vil eg berre legge til at originaltittelen matcher innhaldet betre, The curious charms of Arthur Pepper, men det er jo ein tittel som vanskeleg lar seg oversette.

Arthur Pepper er sekstini år gamal, og for eitt år sidan vart han enkemann. No skal han rydde i kona, Miriam, sine eigendelar og kome seg vidare. I den eine støvelen finn han eit charmsarmbånd han aldri kan hugse å ha sett kona gå med. Han vert nysgjerrig, og kikker litt på dei ulike anhenga. På eit anheng av ein elefant finn han eit telefonnummer, som han bestemmer seg for å ringe. Arthur vert heller forvirra når nummeret høyrer til ein indisk lege, som seier at Miriam var barnepiken hans på Goa. Arthur skjøner ikkje bæret, for kona hans var ei roleg dame som ikkje likte luksus, kledde seg i grått og marineblått og var ikkje noko eventyrlysten av seg. Vel, nysgjerrigheta tek over og han bestemmer seg for å finne ut historia bak kvar charm, noko som sender han ut på ei (nesten) «makeløs reise».

Boka er som sagt søt og fin, men det er ikkje stor litteratur. (Eg gjorde den tabba å starte på East of Eden av John Steinbeck før eg leste denne ferdig, og då var det nesten litt kjedeleg å starte på denne igjen). Smett den gjerne ned i kofferten når du skal på sommerferie og vil ha noko lettlest og underhaldande. Og hvis du liker bøker om charms, så kan eg anbefale For alltid i ditt hjerte av Viola Shipman (i tillegg til denne boka her, så klart!).

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Jeg kommer snart» av Selma Lønning Aarø

Jeg kommer snart

No har det seg slik at eg har rydda ein del i bokhyllene mine. I stua har eg sortert bøkene etter farge, og kun kvite, turkise, rosa og gule bøker får stå der og matche det øvrige interiøret. Eg oppdaga ganske raskt at eg ikkje har så mange rosa bøker, så eg drog på skattejakt på jobb. Og veit de kva eg oppdaga? At nesten alle rosa bøker handler om sex. Heilt seriøst. Eg kjøpte fire bøker; éi handla om religion og dei resterande tre om sex, spesielt et kvinnes perspektiv. Ei av desse tre bøkene vart altså denne her av Selma Lønning Aarø (ho som har skrive Hennes løgnaktige ytre, men den har eg ikkje rukke å lese i skrivande stund).

Tittelen burde kanskje vore Jeg vil komme nå. For boka handler om Julie, ei vaksen dame som aldri har fått orgasme. Ikkje at ho har prøvd så voldsomt, men no er det på tide. Ho har ikkje fast jobb, men no som ho har au pair, kan ho låse seg inn i seks timar om dagen med diverse utstyr (ho har 8 dagar igjen av ei 30-dagers orgasmegaranti frå Kondomeriet). Ho klarer ikkje å slappe av, ho tenkjer på heilt andre ting og klarer altså ikkje å komme. Medan ho ligg der, tenkjer ho på alt mogleg, og vi får mange tilbakeblikk på hennar «tidlegare liv» som ung.

Og her skjærer det seg litt for meg. (For ikkje misforstå – eg liker boka! Det er utruleg viktig å snakke om den kvinnelege orgasmen, men med moderasjon. For hovedkarakteren Julie har jo rett i at det kan verke som om absolutt alle har fantastisk sex heile tida. Og det er jo ikkje sant. Her sluttar bloggens lengste parentes.) Problemet mitt er at denne boka skal/burde reflektere det mange kvinner føler og opplever rundt temaet, nemleg utilstrekkelig. Men Julie mister litt av denne «typiske kvinna» når ho fortel at ho drap hunden sin som barn, har hatt mange valdelege kjærester og har sex med ein tilfeldig fyr som legg asfalt då ho var tretten år. Ho blir litt for utilgjengeleg, og eg klarer ikkje identifisere meg heilt med henne.

«Julie» burde appellere til alle kvinner som faker orgasmer. For tru du meg – eg har òg faka orgasmer. Det begynner å bli lenge sidan, for du kjem til eit punkt der du faktisk må lære deg å seie i frå. Noko anna hjelper liksom ikkje. Det er jo det der med å kjenne seg mislykka dersom du ikkje kjem. Og så er det utruleg slitsomt å føle at ein må prestere kvar jævla gang ein har sex. For det er jo et press. Eg skal ikkje komme (haha) med mange ulike råd basert på personleg erfaring. Eg tenker eigentleg berre å fortelje deg at du bør lese denne boka, anten du har hatt ei orgasme eller ikkje. Det er ganske god litteratur.

Forlag: Flamme
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av Selma Lønning Aarø finn du HER.

Sitat

«Ensomheten i Lydia Ernemans liv» av Rune Christiansen

Ensomheten i Lydia Ernemans liv

Det var ikkje så mange stikkord eg kunne bruke om denne boka, for den handlar eigentleg ikkje om så mykje. Ikkje om einsemd ein gong, for Lydia er eigentleg ikkje einsam. Synest eg, då. Men eit rikt liv vil eg heller ikkje påstå at ho har, i alle fall ikkje i starten av boka.

Boka er kort, og følgjer Lydia igjennom eit par år av livet sitt. Lydia er svensk, utdanna veterinær og bur i ei bygd utanfor Oslo. Ho lev eit stille, roleg, høfleg og eigentleg fint liv, og saknar eigentleg ikkje så mykje.

Det er ikkje så mykje plot eller handling, men ei fin og lita forteljing om Lydia og alt som går føre seg inne i hovudet hennar. Ikkje ei bok for den utålmodige lesar som forventar action, men perfekt lesning for å slappe av på sengekanten. (Sjølv om han kunne spart seg dei få svenske avsnitta inn i mellom, for svensk er verkeleg vanskeleg å lese!)

Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«Nattergalen i Sunset Boulevard» av Susan Meissner

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Nattergalen i Sunset Boulevard

Dette er ein herleg historisk roman om eit livslangt vennskap mellom to kvinner.  Historia startar i noko så dramatisk og overdådig som Hollywoods stordomstid, sjølv om det overdådige  ikkje heilt når Violet og Audrey, som er sekretærer på filmsettet til Tatt av vinden. Vennskapet deira har eit par brister: ein liten forskjell i alder og bakgrunn, forelsking i feil folk, usikkerhet og misforståingar. Vennskapet held likevel stand gjennom andre verdskrig, større og mindre kriser, med trykk på større. Eg vil eigentleg ikkje seie noko meir om kva som faktisk skjer, men eg kan jo seie at reisa dit er meget så velskriven.

Noko som er utruleg gøy med denne boka, er at omtrent alt som skjer på filmsettet er ekte greier, basert på blant anna dagboka til ei dame kalla Susan Myrnick. Eg er jo veldig glad i teater og film, så dette bakgrunnsteppet gav boka det lille ekstra! OG som enda ein grunn til at eg likte boka (vil lista av grunna ta slutt, tenker du?), var at du ikkje automatisk likar hovudpersonane utan kritisk sans. Av og til er dei kjipe. Sånn er det jo berre. (Liker du slike bøker, kan eg anbefale alt av Gillian Flynn og Elena Ferrante.) Om du ikkje har skjønt det allereie, så anbefaler eg boka til alle som liker historiske romanar, romanar om vennskap og romanar med det lille ekstra.

Forlag: Tigerforlaget
Utgivelsesåret: 2017

Sitat

«Ildbarnet» av S.K. Tremayne

Boka er sponsa av Font forlag

Ildbarnet

Så dette er den fyrste påskekrimmen min i år. Eg las den forrige boka til forfattaren (unnskyld, den anonyme, kjende forfattaren som skriv under pseudonymet S.K. Tremayne), og eg seriøst elska den. Igjen har ho (eller han) skrive ein skummel roman med utgangspunkt i små barn og overtro. Og for å sei det sånn, den skuffa absolutt ikkje.

Denne thrilleren handler om Rachel Daly. Ho har nettopp gifta seg med den litt eldre David, ein arving til eit svært gods i Cornwall. Rachel var sjølv ganske fattig under oppveksten, og synest det er overveldande å skulle bestyre eit stort og gamalt gods, spesielt når ho heile tida føler ho vert samanlikna (og samanliknar seg sjølv) med Davids avdøde kone, Nina. Nina døydde i ei gruveulykke for kun halvanna år sida, og Rachel vert ganske stressa når hennar nye steson, Jamie, fortel at han drøymde om Rachel, med mykje blod på henda. Betre vert det ikkje når draumen hans ser ut til å bli sann, og Rachel finn forstyrrande brev åtteåringen har skrive til mora – som han er overbevist om at er i live.

I heile boka er det ei nedtelling til den komande jula, som vil vere toårsdagen for Ninas død. Det er ein stor del av drivkrafta (bortsett frå dei utruleg urovekkande handlingane som skjer, naturleg nok). Spesielt med tanke på at Jamie forteller Rachel at ho vil vere død innen første juledag. (Og blodet fraus til is i årene og alt det der.) Og herregud, måten miljøet og naturen i Cornwall er skildra! Det er så utrulig godt gjort, ein ser heile greia for seg og historia berre flyt!

Viss du har lest Istvillingene, så MÅ du berre få med deg denne òg! (Og har du ikkje lest Istvillingane, må du seriøst gjere det! Creepy greier, altså.)

Forlag: Font
Utvgivelsesår: 2017

Fleire bøker av S.K. Tremayne finn du HER.

Sitat

«Svikne dagar» av Elena Ferrante

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Svikne dagar

Dette var faktisk det første møtet mitt med Elena Ferrante. (Eg har jo så klart Napolikvartetten, men den skal sparast til eg har ei veke å pløye gjennom alle på rad.) Og eg kan jo starte med å nevne det alle enten elskar eller hatar ved bøkene hennar generelt: NYNORSKEN. Åååå, så kjekt eg synest det er at nynorsken har fått ein større plass i populærlitteraturen!

Det neste eg vil nevne er råskapen i boka. Både skrivestilen (veldig lik Arv og miljø av Vigdis Hjorth), og det brutale språket. Det er banning, obskøne seksuelle skildringer (vel, ikkje av faktisk sex), vilt raseri, ærlege bekymringer og mykje desperasjon.

Historia dreier seg om Olga, som etter femten års ekteskap vert forlatt av mannen sin. Dei har to barn, og ho har brukt heile livet på å støtte han, flytte dit han måtte flytte, teke seg av heimen. Og no har han gått frå henne for ei anna. Olga vert øydelagt; ho klarer korkje ta vare på seg sjølv, hunden eller barna sine. Ho er konstant rasande, og ho veit ikkje korleis ho skal kome seg vidare. Frustrasjonen vert teke ut over naboar, kundebehandlarar og tilfeldige menneske ho kjem over. Betre vert det ikkje når ho møter på ektemannen med den nye dama – eller, jenta.

Boka er ei driven stream of consciousness med raseri, sorg, panikk og fantasier Olga ikkje vil ha i hovudet. Det er ei fantastisk fordjuping i det primitive i oss, korleis vi kan miste all kontroll når vi mister nokon vi elsker. Det er gripande, sårt og rått – og anbefalast å lese i ein stor jafs.

Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2017 (2002)

Sitat

«Gleden med skjeden» av Nina Brochmann & Ellen Støkken Dahl

Boka er sponsa  av Aschehoug forlag

Gleden med skjeden

Det er så vanvittig kult – og ikkje minst viktig – at denne boka eksisterer. Eg har eigentleg alltid vore interessert i det faglege rundt sex (kven av oss er vel ikkje det??), og eg opplevde i alle fall at seksualundervisninga vi fekk på barne- og ungdomsskulen var dårleg, på grensa til latterleg. Og eg kan ikkje ein gong hugse at vi hadde undervisning om det på vidaregåande. Trinnet mitt var nok ikkje det einaste som opplevde dette, eg trur det er ganske typisk for det norske samfunnet. Det er jo så vanvittig kleint og pinleg å snakke om sex, i alle fall om du er ein mann i førtiåra som skal undervise femtenåringar i temaet. Og det er jo forståeleg, det kan vere litt flautt, eg ser den. Men det er så utruleg viktig! Derfor ropar eg hurra for denne boka; det er jo mykje glede å finne i skjede!

Om du ikkje forstår innholdet ut i frå tittelen, er du kanskje litt ung til å lese denne boka. Du burde helst vite kva illustrasjonen på utsida skal forestille: underliv, fitte, mus, vagina, whatever. Boka – som er skriven av to legestudentar – tek for seg alt du treng å vite om underlivet. Anatomien, det reint medisinske, det seksuelle, mytar, prevensjon og problemer med underlivet. Igjen, alt du treng å vite. Treng eg eigentleg seie så mykje meir om innhaldet?

Vel, ja. Eg er jo ei «ung kvinne», og følgeleg har eg ei slik ei som er på omslaget, ei fitte, flaggermushole, dåse (kjært barn har mange namn). Noko anna ville vore rart. Og det er jo mykje man lurer på! Slik som det med at jomfruhinna er ei myte (for det er det), skulle eg ynskje eg hadde visst tidlegare. Då hadde eg kanskje ikkje gått i nokon år og lurt på kvifor eg ikkje blødde då eg mista jomfrudommen min. Hadde vore fint om seksualundervisninga på skulen hadde nemnt det i forbifarta, liksom. Her vert det snakka om mensen, seksualliv og eigentleg det meste folk har lurt på og spurt desse damene om (for dei har ein blogg, Underlivet). Språket er lettlest, ungdommeleg og friskt. Noko det burde vere, for boka er retta mot ungdommar (men bør lesast av alle). Du vil lære mykje! Eg føler meg i alle fall klar for ein eksamen i underlivet.

Og så er det utruleg kult at forfattarane legg til grunn ei vitskapleg forklaring for kvifor og korleis enkelte vert fødde som feil kjønn. Og det var uhyre interessant, og veldig greit å vite. Så det er jo eit lite slag i trynet til alle som seier at transkjønna «berre er mentalt sjuke menneske» (seriøst, fuck you).

Vart dette innlegget litt for personleg for deg? Då trur eg kanskje du faktisk treng å lese denne boka. Kropp er berre kropp.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017

Boka er illustrert av Hanne «Tegnehanne» Sigbjørnsen. Du finn fleire bøker av ho HER.

Sitat

«Den fordømte friheten» av Kaja Melsom

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Den fordømte friheten

Dette er ei slags salig blanding av dokumentar, sjølvhjelpsbok (unnskyld, sjølvutvikling) og essay. Den minner meg veldig om Sapiens av Yuval Noah Harari, på måten den er skriven på. Lettlest, forståelig og ganske så konkluderande. Melsom vert til tider litt moraliserande og påståeleg, men det meste ho legg fram er – i alle fall for meg – forståelege og fornuftige argument.

Denne knøttlille boka tek altså for seg «selvrealiseringstyranniet» i dagens samfunn. Altså det at alle skal vere så kreative, jobbe for seg sjølv, finne den store kjærleiken (som skal få blodet til å bruse heile livet), og ikkje minst vere unike. Blir vi nokon gong bra nok? Viktige nok, spesielle nok? Uunnverlige? Svaret er jo ganske enkelt: NEI.

Dama er altså filosof, men ikkje la det skreme deg. Boka går fint an å lese om du aldri har opna ei filosofibok eller teke EXPHIL på universitetet. Ved bruk av kvardagssituasjonar og konkrete eksempel viser Melsom korleis vi sakte, men veldig sikkert øydelegg for oss sjølve. Dette temaet er jo noko eg faktisk tenker ganske mykje over: Kvifor er vi alle så deprimerte for tida? Kva er annleis no? Kvifor blir det ikkje betre? Måten Melsom setter «for mykje fridom» som kjerna for dette er ganske interessant, og har i alle fall gitt meg ein del svar, og eit nytt spørsmål eller to. Og eg anbefaler også deg å lese denne medan du venter på at den nye boka til Harari skal bli omsett til norsk.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Pensjonistligaen i skatteparadis» av Catharina Ingelman-Sundberg

Boka er sponsa av Vigmostad & Bjørke

Pensjonistligaen i skatteparadis

No er det lenge sidan bok nummer to om Pensjonistligaen kom, så det var på tide med nummer tre! Eg absolutt elsker desse bøkene, og nummer to vart lest i ein strekk (om eg ikkje hugsar feil). Dei er så utruleg morosame, sjarmerande og sassy. Sjå for deg karakterane til Karin Brunk Holmqvist som berre tek heilt av og blir kriminelle for moro skuld (og for dei fattige). Faktisk vil eg påstå at desse bøkene er minst tredobbelt så morosame som Brunk Holmqvist sine. Så viss du liker den typen bøker, er det berre å gå til anskaffelse av alle tre i denne serien.

Ligaen er i gang med eit nytt ran, og det går som det skal. Märtha er jo the big boss, og har som alltid planer ho ikkje heilt har innvia dei andre i. Poenget med ligaen er jo å gi vekk pengane frå rana til dei som treng dei, som nokre moderne Robin Hood-ar. Men Märtha vil utføre fleire ran for å legge seg opp nok pengar til å starte ein pensjonistby, der eldre kan leve lukkelege (dei hata aldersheimen dei alle budde på før). Men får å få pengar nok til det, så må jo det neste ranet vere stort. Og kva er betre enn den svære luksusyachten som naboen eig? Til fem hundre millioner, og som skattevesenet ikkje veit om? Märtha bestemmer seg raskt for at det er den perfekte forbrytelse, for naboen kan ikkje anmelde dei utan å få ein salig baksmell.

Det er ei historie full av ville påfunn, sprelske idear og reine, skire galskapen. Det er så herlig respektløst og hysterisk! Eg vil tilråe deg til å lese dei to første bøkene om Pensjonistligaen før denne, Svindel og multelikør og Ran og rullator, for det er i dei to bøkene du blir kjend med karakterane. I denne her hoppar du meir rett inn i historia utan å bli oppdatert på fortida. Så det er litt key. Men du gjer jo sjølvsagt som du vil.

Forlag: Vigmostad & Bjørke
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Catharina Ingelman-Sundberg finn du HER.

Sitat

«Nattafortellinger for rebelske jenter» av Elena Favilli & Francesca Cavallo

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Det er på tide å springe til barneavdelinga på din lokale bokhandel og kjøpe ei barnebok. Ei bok full av hundre godnatthistorier for rebelske jenter. (Men ikkje gløym å lese den til gutane dine òg.) Denne boka inneheld 100 enkle biografiar om ekstraordinære jenter og kvinner, og tilhøyrande 100 ulike illustrasjonar. Og det er ikkje berre det at boka er så himla fin, det er tanken bak den! Det er så utrulig viktig å få fram kvinnene som har endra verda. (Og ikkje kom med «men skal ikkje vi ha ein om menn òg?», for – unnskyld språket – piss meg i øyret. Som om ikkje 99% av alle historiebøker skrivne før 1950 kun fortalte om menn sine bragder.)

Boka inneheld historier om kvinner frå mange forskjellige land, og illustrasjonane som er spesiallaga til boka er laga av seksti ulike kvinner, også frå ulike land. Boka er ein hyllest til kvinner, og kva vi har gjort, sjølv når alle sa at det ikkje kunne gjerast (av kvinner, altså). Her er dronningar, piratar, matematikarar, dansarar, fjellklatrarar, politikarar og you name it. For veit du kva? Du kan faktisk bli akkurat kva du vil – jente eller gut. Eller begge deler.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«For evig» av Sarah Jio

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Eg har no lest alle bøkene til Sarah Jio på norsk. Det er så langt seks stykker, og eg gløymer ikkje då eg oppdaga dei. Det er eit år sidan, og eg slukte dei fem fyrste. Og når eg plutseleg oppdaga at det var kome ei ny, måtte eg berre kaste meg over den. Det er noko heilt spesielt med å dukke inn i historiene til Jio, dei berre fangar deg frå fyrste side. Denne boka er ei slik bok du går og legge deg klokka ni, berre så du kan lese i timevis på sengekanten.

Kailey er endeleg der ho vil vere i livet: ein god jobb, hus som skal pussast opp og ein fantastisk forlovede. Ingenting kunne eigentleg bli betre. Etter ein romantisk middag med Ryan – forloveden – gir ho restematen sin til ein heimlaus mann utanfor restauranten. Kailey får sitt livs sjokk når ho oppdagar kven den magre og no tydeleg hjerneskadde mannen er; det er Cade, ekskjærasten og hennar livs store kjærleik. Kailey trudde ho var over denne mannen som forlot henne utan eit ord for så mange år sidan, men no veit ho ikkje lenger kva ho føler.

Dette er ikkje den mest eksotiske, romantiske eller dramatiske boka til Jio. Den er derimot den mest realistiske, og utan tvil den viktigaste av dei. Det er ei rørande historie om korleis dei vi elsker alltid er med i hjarta våre, og kor langt vi er villige til å gå for dei. Varmt, sjarmerande og fint.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Sarah Jio finn du HER.

Sitat

«Lyden av en lerke» av Erica James

Boka er sponsa av Bastion forlag

Lyden av en lerke

ÅÅÅÅÅ, SOM EG HAR VENTA PÅ DENNE BOKA!! Etter å ha slitt meg gjennom Enken,  var denne boka et kjærkomment avbrekk. Eg absolutt elska Alt i et øyeblikk, så gjett om eg var spent då eg starta på denne. Og eg vart ikkje skuffa.

Lizzie har fått sparken frå radiojobben sin etter å ha hatt eit forhold til sjefen sin (etter først å ha dumpa langtidskjærasten sin for sjefen), og må no flytte heim til foreldra sine. For å ha noko å gjere, får mora hennar Lizzie til å vere besøksvenn på ein gamleheim, noko ho slett ikkje har lyst til. Etter kvart oppdager Lizzie at det ikkje er så verst, spesielt ikkje når ho kan sitje i timevis og høyre på gamle Clarissa Dallimore fortelje om livet sitt, spesielt om livet sitt før, under og etter andre verdskrig på landsbygda i England. Lizzie og Clarissa utvikler eit fint vennskap i løpet av boka, og ein blir varm om hjertet.

Historia har mange likskaper med Alt i et øyeblikk; hoppinga i tid, ung kvinne som har det litt vanskeleg, blir venn med gamal dame, får høyre historia hennar og samstundes prøver å ordne opp i sitt eige liv. Men eg føler likevel ikkje at «dette har eg lest før» (sjølv om romanar om unge kvinner i England under andre verdskrig er ein guilty pleasure of mine), for det er ei veldig fin bok. Eg likte den forrige boka betre, men dette var uansett ei absolutt herlig bok å dukke ned i. Enjoy!

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Erica James finn du HER.

Sitat

«Senteret» av Victoria Durnak

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Senteret

Dette er ei rå (på fleire måter) lita bok du kan spandere på deg utan dårleg samvit. Victoria Durnak skriv så bra, at sjølv om du bare følger tankane til hovedpersonen (det vert nemnd éin gong at ho heiter Elsa), så er det interessant og reflektert. Eg sit i alle fall att med kjensla av at eg har lest eit lite stykke god litteratur.

Hovedpersonen (Elsa) har nettopp blitt mamma, men ho er ikkje blitt glad i dottera si, «babyen». Ho har ikkje gitt ungen namn enno (det er visst ganske viktig å gjere dette innan seks månader for å unngå purringar og politianmeldelse). Ho har flytta frå Oslo til Skien, der ho ikkje kjenner ein einaste person, noko som var heile ideen bak flyttinga. Ho bur aleine, og bruker dagane på å trille vesla rundt om på Herkulessenteret. Der prøver ho av og til å bli venn med dei butikkansatte, ryddar i butikkhyllene og lèt vogna stå åleine i nokre minutt av gongen i håp om at nokon skal stele babyen. Og så blir ho interessert i tenåringsjenta Tiril, som konstant naskar og tar selfies.

Gjennom heile boka vert tema som fødselsdepresjon og einsemd skildra med ein varme, sårhet og humor som i mine auge gjer boka knallsterk. Mange av tankane til Elsa kan nok dei fleste av oss kjenne oss att i. Sjølve oppbygginga av romanen er òg verdt å merke seg, som at ho skriv eit innlegg på Babyverden om kjenslene sine, som får varierande svar i løpet av boka. Eit av favorittelementa mine var den subtile nedtellinga som gjekk føre seg jamt og trutt. Og om du lurer på kva nedtellinga talte ned til, så får du lese boka. Faktisk: les boka uansett. Og gi den i gave til vennane dine. Og familien din. Og dei butikkansatte på den lokale Menyen.

Forlag: Flamme
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Victoria Durnak finn du HER.

Sitat

«Lycke» av Mikaela Bley

Boka er eit leseeksemplar frå Boklageret

Lycke

Dette er den fyrste boka i ein ny serie om journalisten Ellen Tamm (og eg håpar Cappelen Damm vil fortsetter å gi den ut!). Makan til lettlest krim har eg sjeldan vore borti. Språket er enkelt, historia er ganske rett fram og egnar seg fint for såkalla «sarte sjeler». Så kvifor skal du lese den om den er så enkel? Vel, døm sjølv:

Lycke er 8 år. Ein fredag vert ho sluppen av utanfor treningshallen for den ukentlige tennistreninga si, som både mora, faren og stemora har gløymt er avlyst. Når dei skal hente henne, er ho ikkje å finne. Politiet anstrenger seg ikkje særleg hardt; mora er kald; stemora misliker Lycke fra før; og faren er totalt uengasjert. Ho er eit ganske uelska barn, når alt kjem til alt. Ein av dei få som ser ut til å bry seg, er journalisten Ellen Tamm. Ho veit at det ikkje vil endre noko av det som har skjedd, dersom ho finn Lycke, men ho kan ikkje la vere å prøve. Om berre ikkje privatlivet hennar (og no det arbeidslivet) var så himla kaotisk.

Det er ikkje ei bok som får toppkarakter, men eg gler meg likevel til den neste boka i serien, Liv. Historia om Ellen er nemleg langt i frå ferdig, og eg er spent på utviklinga til både Jimmy, det merkelege forholdet Ellen har til Ove, og så vil eg at Leif skal få seg ein på trynet. Snart. Så for å oppsummere: om du likar god krim som ikkje vil gi deg mareritt, er dette boka for deg!

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Enken» av Fiona Barton

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Enken

«Et samlet britisk pressekorps har gitt glimrende anmeldelser». Det står inni. Og etter å ha lest denne boka, klarer eg ikkje la vere å tenke at her vil journalistane berre vere hyggjelege med ein kollega (Fiona Barton er journalist). For dette er ikkje ein særleg god thriller.

Problem nummer ein er korleis boka vert presentert. STAPPFULL av blurbs, med ord som «den ultimate psykologiske thrilleren» og samanlikning med Flink pike, og det skaper alt for store forventinger. Som det ikkje er mogleg å oppfylle. Eg synest ikkje den var så spennande, og vart ikkje hekta i så mykje som eit minutt ein gong. Problem nummer to er den ujevne skrivinga. Karakterane verkar så falske, og gamaldagse. Hadde dei ikkje nemnt datamaskiner, ville eg trudd det var ein krim frå sekstitalet. Og så har Barton ein merkeleg forkjærleik for franske uttrykk som eg ikkje forsto ein dritt av.

Boka handlar om enka til Glen Taylor, og handlinga strekker seg frå 2006 til 2010, med perspektiva til «Enken», «Journalisten», «Etterforskeren», «Moren» og «Ektemannen» (ganske ujevnt fordelt). I 2006 vart toårige Bella Elliot kidnappa få heimen sin, og det tar ikkje lang tid før Glen er hovudmistenkt i saka. Vi får vite med ein gong at han vart frikjent, for i 2010 vert han påkøyrd på gata. Kona (no enka) Jean er den som sit att med svara på alle spørsmåla om han, og slipp for første gong ein journalist inn. Og så er det jo denne hoppinga fram og tilbake mellom notid, og til då etterforskninga pågikk.

Og så spørsmålet på framsida, då: var Glen Taylor ein kjærlig ektemann eller en morder? Vel, kjærlig ektemann gjer vel Jean det klart på dei første sidene at han ikkje var uansett om han kidnappa jenta eller ikkje. Det er berre mange slike småting som irriterer meg. I dei første kapitla er det kun «hehe, journalisten trur ho lurer meg» og «hehe, no lurer eg enken godt». Det er berre slitsomt. Og så er det jo ikkje «berre enken som vet sannheten», det er jo ei fullgod politietterforskning på gong. Og så er det ingen plottwist (i alle fall ikkje ein god ein). Eg synest denne boka var ein ganske seriøs skivebom, og tenker at dersom du leiter etter påskekrim, finst det mange betre bøker der ute.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Arv og miljø» av Vigdis Hjorth

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Arv og miljø

Endeleg har eg og fått lest denne boka! Den har jo stått på leselista mi sidan den kom ut i haust (like lenge som den har stått på bestselgerlistene), og no har eg endeleg fått somla meg til å lese den. Og shit pomfritt, dama kan skrive! Dette er ei bok du ikkje kan suse igjennom; Eg måtte tvinge meg sjølv til å ta pustepauser (eg ville jo eigentleg ikkje legge den i frå meg), men her er det mykje å ta inn over seg og reflektere over før ein les vidare.

Bergljot har brutt med familien sin. Ho har så vidt kontakt med den eine systera, men dét er det. Etter å ha blitt mistrudd av dei då ho fortalte om overgrepa ho vart utsett for av faren, nektar ho å vere ein del av familien. Når foreldra opplyser om testamentet der dei to systrene får familiehyttene, medan ho og broren Bård får ei knapp kompensasjon, vert ho sugd inn i dramaet igjen – til trass for trangen til å halde seg unna. Det blir ikkje betre når faren dør midt i arvetvisten. Her kunne alt ha blitt betre, dersom mora og systrene berre kunne innrømme at dei trudde på ho, at dei angra. Men eigentleg vert det berre verre. Det er vanskeleg for Bergljot å snakke med familien som har avfeid henne heile livet, som ignorerer smerta hennar, som trur ho prøver å «gjere seg interessant».

Bortsett frå den veldig gjenkjennelege handlinga og frustrasjonen ein opplever, så er språket veldig, veldig interessant. Det er veldig muntleg, personleg, utan dialogar, med digresjonar eller forklaringar midt i ei setning, litt hopp i tid og hukommelse, litt tankar og litt fakta. Og veldig ekte. (Det minner meg faktisk litt om slik eg skriv når eg sit her og puslar.) Bergljot sin stream of consciousness er det som driv historia framover og verkar så oppriktig! Når du først har kome inn i hovudet hennar vert boka ganske så lettlest.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Vigdis Hjorth finn du HER.