Sitat

«Svikne dagar» av Elena Ferrante

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Svikne dagar

Dette var faktisk det første møtet mitt med Elena Ferrante. (Eg har jo så klart Napolikvartetten, men den skal sparast til eg har ei veke å pløye gjennom alle på rad.) Og eg kan jo starte med å nevne det alle enten elskar eller hatar ved bøkene hennar generelt: NYNORSKEN. Åååå, så kjekt eg synest det er at nynorsken har fått ein større plass i populærlitteraturen!

Det neste eg vil nevne er råskapen i boka. Både skrivestilen (veldig lik Arv og miljø av Vigdis Hjorth), og det brutale språket. Det er banning, obskøne seksuelle skildringer (vel, ikkje av faktisk sex), vilt raseri, ærlege bekymringer og mykje desperasjon.

Historia dreier seg om Olga, som etter femten års ekteskap vert forlatt av mannen sin. Dei har to barn, og ho har brukt heile livet på å støtte han, flytte dit han måtte flytte, teke seg av heimen. Og no har han gått frå henne for ei anna. Olga vert øydelagt; ho klarer korkje ta vare på seg sjølv, hunden eller barna sine. Ho er konstant rasande, og ho veit ikkje korleis ho skal kome seg vidare. Frustrasjonen vert teke ut over naboar, kundebehandlarar og tilfeldige menneske ho kjem over. Betre vert det ikkje når ho møter på ektemannen med den nye dama – eller, jenta.

Boka er ei driven stream of consciousness med raseri, sorg, panikk og fantasier Olga ikkje vil ha i hovudet. Det er ei fantastisk fordjuping i det primitive i oss, korleis vi kan miste all kontroll når vi mister nokon vi elsker. Det er gripande, sårt og rått – og anbefalast å lese i ein stor jafs.

Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2017 (2002)

Sitat

«Den fordømte friheten» av Kaja Melsom

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Den fordømte friheten

Dette er ei slags salig blanding av dokumentar, sjølvhjelpsbok (unnskyld, sjølvutvikling) og essay. Den minner meg veldig om Sapiens av Yuval Noah Harari, på måten den er skriven på. Lettlest, forståelig og ganske så konkluderande. Melsom vert til tider litt moraliserande og påståeleg, men det meste ho legg fram er – i alle fall for meg – forståelege og fornuftige argument.

Denne knøttlille boka tek altså for seg «selvrealiseringstyranniet» i dagens samfunn. Altså det at alle skal vere så kreative, jobbe for seg sjølv, finne den store kjærleiken (som skal få blodet til å bruse heile livet), og ikkje minst vere unike. Blir vi nokon gong bra nok? Viktige nok, spesielle nok? Uunnverlige? Svaret er jo ganske enkelt: NEI.

Dama er altså filosof, men ikkje la det skreme deg. Boka går fint an å lese om du aldri har opna ei filosofibok eller teke EXPHIL på universitetet. Ved bruk av kvardagssituasjonar og konkrete eksempel viser Melsom korleis vi sakte, men veldig sikkert øydelegg for oss sjølve. Dette temaet er jo noko eg faktisk tenker ganske mykje over: Kvifor er vi alle så deprimerte for tida? Kva er annleis no? Kvifor blir det ikkje betre? Måten Melsom setter «for mykje fridom» som kjerna for dette er ganske interessant, og har i alle fall gitt meg ein del svar, og eit nytt spørsmål eller to. Og eg anbefaler også deg å lese denne medan du venter på at den nye boka til Harari skal bli omsett til norsk.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Pensjonistligaen i skatteparadis» av Catharina Ingelman-Sundberg

Boka er sponsa av Vigmostad & Bjørke

Pensjonistligaen i skatteparadis

No er det lenge sidan bok nummer to om Pensjonistligaen kom, så det var på tide med nummer tre! Eg absolutt elsker desse bøkene, og nummer to vart lest i ein strekk (om eg ikkje hugsar feil). Dei er så utruleg morosame, sjarmerande og sassy. Sjå for deg karakterane til Karin Brunk Holmqvist som berre tek heilt av og blir kriminelle for moro skuld (og for dei fattige). Faktisk vil eg påstå at desse bøkene er minst tredobbelt så morosame som Brunk Holmqvist sine. Så viss du liker den typen bøker, er det berre å gå til anskaffelse av alle tre i denne serien.

Ligaen er i gang med eit nytt ran, og det går som det skal. Märtha er jo the big boss, og har som alltid planer ho ikkje heilt har innvia dei andre i. Poenget med ligaen er jo å gi vekk pengane frå rana til dei som treng dei, som nokre moderne Robin Hood-ar. Men Märtha vil utføre fleire ran for å legge seg opp nok pengar til å starte ein pensjonistby, der eldre kan leve lukkelege (dei hata aldersheimen dei alle budde på før). Men får å få pengar nok til det, så må jo det neste ranet vere stort. Og kva er betre enn den svære luksusyachten som naboen eig? Til fem hundre millioner, og som skattevesenet ikkje veit om? Märtha bestemmer seg raskt for at det er den perfekte forbrytelse, for naboen kan ikkje anmelde dei utan å få ein salig baksmell.

Det er ei historie full av ville påfunn, sprelske idear og reine, skire galskapen. Det er så herlig respektløst og hysterisk! Eg vil tilråe deg til å lese dei to første bøkene om Pensjonistligaen før denne, Svindel og multelikør og Ran og rullator, for det er i dei to bøkene du blir kjend med karakterane. I denne her hoppar du meir rett inn i historia utan å bli oppdatert på fortida. Så det er litt key. Men du gjer jo sjølvsagt som du vil.

Forlag: Vigmostad & Bjørke
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Catharina Ingelman-Sundberg finn du HER.

Sitat

«Lyden av en lerke» av Erica James

Boka er sponsa av Bastion forlag

Lyden av en lerke

ÅÅÅÅÅ, SOM EG HAR VENTA PÅ DENNE BOKA!! Etter å ha slitt meg gjennom Enken,  var denne boka et kjærkomment avbrekk. Eg absolutt elska Alt i et øyeblikk, så gjett om eg var spent då eg starta på denne. Og eg vart ikkje skuffa.

Lizzie har fått sparken frå radiojobben sin etter å ha hatt eit forhold til sjefen sin (etter først å ha dumpa langtidskjærasten sin for sjefen), og må no flytte heim til foreldra sine. For å ha noko å gjere, får mora hennar Lizzie til å vere besøksvenn på ein gamleheim, noko ho slett ikkje har lyst til. Etter kvart oppdager Lizzie at det ikkje er så verst, spesielt ikkje når ho kan sitje i timevis og høyre på gamle Clarissa Dallimore fortelje om livet sitt, spesielt om livet sitt før, under og etter andre verdskrig på landsbygda i England. Lizzie og Clarissa utvikler eit fint vennskap i løpet av boka, og ein blir varm om hjertet.

Historia har mange likskaper med Alt i et øyeblikk; hoppinga i tid, ung kvinne som har det litt vanskeleg, blir venn med gamal dame, får høyre historia hennar og samstundes prøver å ordne opp i sitt eige liv. Men eg føler likevel ikkje at «dette har eg lest før» (sjølv om romanar om unge kvinner i England under andre verdskrig er ein guilty pleasure of mine), for det er ei veldig fin bok. Eg likte den forrige boka betre, men dette var uansett ei absolutt herlig bok å dukke ned i. Enjoy!

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Erica James finn du HER.

Sitat

«Senteret» av Victoria Durnak

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Senteret

Dette er ei rå (på fleire måter) lita bok du kan spandere på deg utan dårleg samvit. Victoria Durnak skriv så bra, at sjølv om du bare følger tankane til hovedpersonen (det vert nemnd éin gong at ho heiter Elsa), så er det interessant og reflektert. Eg sit i alle fall att med kjensla av at eg har lest eit lite stykke god litteratur.

Hovedpersonen (Elsa) har nettopp blitt mamma, men ho er ikkje blitt glad i dottera si, «babyen». Ho har ikkje gitt ungen namn enno (det er visst ganske viktig å gjere dette innan seks månader for å unngå purringar og politianmeldelse). Ho har flytta frå Oslo til Skien, der ho ikkje kjenner ein einaste person, noko som var heile ideen bak flyttinga. Ho bur aleine, og bruker dagane på å trille vesla rundt om på Herkulessenteret. Der prøver ho av og til å bli venn med dei butikkansatte, ryddar i butikkhyllene og lèt vogna stå åleine i nokre minutt av gongen i håp om at nokon skal stele babyen. Og så blir ho interessert i tenåringsjenta Tiril, som konstant naskar og tar selfies.

Gjennom heile boka vert tema som fødselsdepresjon og einsemd skildra med ein varme, sårhet og humor som i mine auge gjer boka knallsterk. Mange av tankane til Elsa kan nok dei fleste av oss kjenne oss att i. Sjølve oppbygginga av romanen er òg verdt å merke seg, som at ho skriv eit innlegg på Babyverden om kjenslene sine, som får varierande svar i løpet av boka. Eit av favorittelementa mine var den subtile nedtellinga som gjekk føre seg jamt og trutt. Og om du lurer på kva nedtellinga talte ned til, så får du lese boka. Faktisk: les boka uansett. Og gi den i gave til vennane dine. Og familien din. Og dei butikkansatte på den lokale Menyen.

Forlag: Flamme
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Victoria Durnak finn du HER.

Sitat

«Lycke» av Mikaela Bley

Boka er eit leseeksemplar frå Boklageret

Lycke

Dette er den fyrste boka i ein ny serie om journalisten Ellen Tamm (og eg håpar Cappelen Damm vil fortsetter å gi den ut!). Makan til lettlest krim har eg sjeldan vore borti. Språket er enkelt, historia er ganske rett fram og egnar seg fint for såkalla «sarte sjeler». Så kvifor skal du lese den om den er så enkel? Vel, døm sjølv:

Lycke er 8 år. Ein fredag vert ho sluppen av utanfor treningshallen for den ukentlige tennistreninga si, som både mora, faren og stemora har gløymt er avlyst. Når dei skal hente henne, er ho ikkje å finne. Politiet anstrenger seg ikkje særleg hardt; mora er kald; stemora misliker Lycke fra før; og faren er totalt uengasjert. Ho er eit ganske uelska barn, når alt kjem til alt. Ein av dei få som ser ut til å bry seg, er journalisten Ellen Tamm. Ho veit at det ikkje vil endre noko av det som har skjedd, dersom ho finn Lycke, men ho kan ikkje la vere å prøve. Om berre ikkje privatlivet hennar (og no det arbeidslivet) var så himla kaotisk.

Det er ikkje ei bok som får toppkarakter, men eg gler meg likevel til den neste boka i serien, Liv. Historia om Ellen er nemleg langt i frå ferdig, og eg er spent på utviklinga til både Jimmy, det merkelege forholdet Ellen har til Ove, og så vil eg at Leif skal få seg ein på trynet. Snart. Så for å oppsummere: om du likar god krim som ikkje vil gi deg mareritt, er dette boka for deg!

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Enken» av Fiona Barton

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Enken

«Et samlet britisk pressekorps har gitt glimrende anmeldelser». Det står inni. Og etter å ha lest denne boka, klarer eg ikkje la vere å tenke at her vil journalistane berre vere hyggjelege med ein kollega (Fiona Barton er journalist). For dette er ikkje ein særleg god thriller.

Problem nummer ein er korleis boka vert presentert. STAPPFULL av blurbs, med ord som «den ultimate psykologiske thrilleren» og samanlikning med Flink pike, og det skaper alt for store forventinger. Som det ikkje er mogleg å oppfylle. Eg synest ikkje den var så spennande, og vart ikkje hekta i så mykje som eit minutt ein gong. Problem nummer to er den ujevne skrivinga. Karakterane verkar så falske, og gamaldagse. Hadde dei ikkje nemnt datamaskiner, ville eg trudd det var ein krim frå sekstitalet. Og så har Barton ein merkeleg forkjærleik for franske uttrykk som eg ikkje forsto ein dritt av.

Boka handlar om enka til Glen Taylor, og handlinga strekker seg frå 2006 til 2010, med perspektiva til «Enken», «Journalisten», «Etterforskeren», «Moren» og «Ektemannen» (ganske ujevnt fordelt). I 2006 vart toårige Bella Elliot kidnappa få heimen sin, og det tar ikkje lang tid før Glen er hovudmistenkt i saka. Vi får vite med ein gong at han vart frikjent, for i 2010 vert han påkøyrd på gata. Kona (no enka) Jean er den som sit att med svara på alle spørsmåla om han, og slipp for første gong ein journalist inn. Og så er det jo denne hoppinga fram og tilbake mellom notid, og til då etterforskninga pågikk.

Og så spørsmålet på framsida, då: var Glen Taylor ein kjærlig ektemann eller en morder? Vel, kjærlig ektemann gjer vel Jean det klart på dei første sidene at han ikkje var uansett om han kidnappa jenta eller ikkje. Det er berre mange slike småting som irriterer meg. I dei første kapitla er det kun «hehe, journalisten trur ho lurer meg» og «hehe, no lurer eg enken godt». Det er berre slitsomt. Og så er det jo ikkje «berre enken som vet sannheten», det er jo ei fullgod politietterforskning på gong. Og så er det ingen plottwist (i alle fall ikkje ein god ein). Eg synest denne boka var ein ganske seriøs skivebom, og tenker at dersom du leiter etter påskekrim, finst det mange betre bøker der ute.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Arv og miljø» av Vigdis Hjorth

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Arv og miljø

Endeleg har eg og fått lest denne boka! Den har jo stått på leselista mi sidan den kom ut i haust (like lenge som den har stått på bestselgerlistene), og no har eg endeleg fått somla meg til å lese den. Og shit pomfritt, dama kan skrive! Dette er ei bok du ikkje kan suse igjennom; Eg måtte tvinge meg sjølv til å ta pustepauser (eg ville jo eigentleg ikkje legge den i frå meg), men her er det mykje å ta inn over seg og reflektere over før ein les vidare.

Bergljot har brutt med familien sin. Ho har så vidt kontakt med den eine systera, men dét er det. Etter å ha blitt mistrudd av dei då ho fortalte om overgrepa ho vart utsett for av faren, nektar ho å vere ein del av familien. Når foreldra opplyser om testamentet der dei to systrene får familiehyttene, medan ho og broren Bård får ei knapp kompensasjon, vert ho sugd inn i dramaet igjen – til trass for trangen til å halde seg unna. Det blir ikkje betre når faren dør midt i arvetvisten. Her kunne alt ha blitt betre, dersom mora og systrene berre kunne innrømme at dei trudde på ho, at dei angra. Men eigentleg vert det berre verre. Det er vanskeleg for Bergljot å snakke med familien som har avfeid henne heile livet, som ignorerer smerta hennar, som trur ho prøver å «gjere seg interessant».

Bortsett frå den veldig gjenkjennelege handlinga og frustrasjonen ein opplever, så er språket veldig, veldig interessant. Det er veldig muntleg, personleg, utan dialogar, med digresjonar eller forklaringar midt i ei setning, litt hopp i tid og hukommelse, litt tankar og litt fakta. Og veldig ekte. (Det minner meg faktisk litt om slik eg skriv når eg sit her og puslar.) Bergljot sin stream of consciousness er det som driv historia framover og verkar så oppriktig! Når du først har kome inn i hovudet hennar vert boka ganske så lettlest.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Vigdis Hjorth finn du HER.

Sitat

«Lykke til!» av Tegnehanne & Jostein Larsen

Boka er sponsa av Kagge forlag

Lykke til

Dette er ei bok til ungdommen skriven av Hanne Sigbjørnsen (mest kjend som Tegnehanne) og Jostein Larsen (Hanne sin sambuar). Altså, ALLE har vel fått med seg kven Tegnehanne er på dette tidspunktet, og om du ikkje har det er det på tide.

I denne boka finn du «52 ting du dessverre må gjennom før du blir voksen», alle med litt tekst og ein god del tegneseriestriper. Og kva kan eg seie? Det er ganske så spot on. Det er muleg å kjenne seg igjen i omtrent alt, og du sitt att med ei god kjensle. Teksten (og særleg stripene) er ekstremt morsomt, litt kleint, litt trøstande og litt deprimerande. Men slik er det, slik er livet. Streken (fancy ord for tegnestil) er litt annleis enn dei vanlege tegneseriane til Hanne, men humoren er akkurat den same. Om ikkje drøyare!

Denne boka er seriøst den perfekte gåva, anten til deg sjølv eller andre. Både for tenåringar og «unge vaksne» som treng å forberede seg på den verkelege verda, og for «eldre vaksne» som kan le og prise seg lykkelege over å vere ferdige med det. Eg fell jo inn i den første kategorien, og det kjennest ut som om eg nettopp har fått en god klem.

Forlag: Kagge
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Ikke min familie» av C.L. Taylor

Boka er sponsa av Panta forlag

Ikke min familie

På tampen av fjoråret las eg Løgnen av denne forfattaren, og no er den andre boka her. Eg absolutt elska Løgnen, så eg må innrømme at eg blei skuffa. Ikkje det at boka er dårleg, for dei 450 sidene gjekk ned på fem og ein halv time, i strekk. Men like bra som den første boka var den ikkje.

Familien Wilkinson lev vidare etter at yngstemann Billy på femten forsvann for eit halvt år sidan. Mora Claire (som og er eg-personen) har ikkje gitt opp håpet, og arrangerer pressekonferanser og deler ut brosjyrer, til trass for at resten av familien heldt på å rakne. Ekteskapet hennar er kjølig, eldste sonen drikk og svigerdottera som bur med dei slit og tydeleg på grunn av kjærasten (som er han som drikk). Så ein dag finn Claire seg sjølv på eit hotellrom, og aner ikkje korleis ho har hamna der. Ho får rett og slett hukommelsestap av traumet ho har vore gjennom. Det vert eklare og eklare, og ei konstant kjensle av uro fyller boka. Spesielt dei innskotne chattesamtalene som dukker opp mellom handlinga, mellom Billy og ein annan.

Twisten i slutten er faktisk kjempebra! Eg forventa noko heilt anna, så eg veit ikkje om eg var letta eller sjokkert eller trist. Historia bruker ganske mange sider på å bygge seg opp, men eg trur kanskje dei trengst for å skape eit bilete av karakterane og forholda dei har til kvarandre. Det er ein thriller, men ikkje så voldsomt skummelt. Passer heilt fint om du er «ei sart sjel».

Forlag: Panta
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av C.L. Taylor finn du HER.

Sitat

«Et hundeliv» av Arne Svingen

Boka er sponsa av Gyldendal Norsk Forlag

Et hundeliv

Dette er vel eigentleg ei barnebok, men den kan lesast av absolutt alle aldrar. Det er ikkje bilete i den, så det er ei «vanleg» bok. Eller vanleg og vanleg, fru Blom. Boka er unormalt morosam, og veldig unik!

Synsvinkelen tilhøyrer ein hund. Hunden Basse (eller som han har kalt seg sjølv, Reginald Birger El Nachos Bigdog IV), som tilhøyrer Narko-Kjell. Basse lev det han sjølv kaller eit hundeliv, for han må heile tida bite folk og bur i ei rotete leilighet. Narko-Kjell eigde Basse før han vart Narko-Kjell og berre var Kjell (sjølv om Basse ikkje er einig i dette med at nokon eig han). Han ser på seg sjølv meir som ein ven som Narko-Kjell desperat treng. Dette vert bevist når Narko-Kjells halvbror Gusto dukker opp (mora kalte han opp etter si favorittkaffimaskin), og treng Kjell som verge medan mora er på sjukehuset. Og det kan forandre litt av kvart.

Boka er som sagt morsom, og ei ganske god barnebok. Uten å skulle virke belærande, viser den litt av korleis narkomane kan ha det, og kor vanskeleg rusmisbruk kan vere å leve med – og at det kan vere like vanskeleg å bli kvitt uvanen. Basse sine kommentarar er veldig on point, anten dei er kritiske eller vennlege. Resultatet er i alle fall ei knallbra bok!

Forlag: Gyldendal
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Mars er best» av Lea Marie Løppenthin

Boka er sponsa av Fanfare forlag

Mars er best

Gjendiktet av Amalie Kasin Lerstang.

Eg veit ikkje om det eksisterer statistikk på dette, men eg føler at ungdom les ein god del meir lyrikk og poesi no enn før. Eg opplever i alle fall på jobb at det er jentene på min alder som kjem innom og kjøper med seg diktsamlinger, ikkje dei vaksne. Og det er fint for framtida, synest eg. Poesi er viktig, det speler ei rolle. Det kan få fram kjensler og tankar prosa ikkje alltid klarer. Og ei diktsamling eg vil anbefale i år, er denne danske samlinga her, fint gjendikta av Amalie Kasin Lerstang (ho er forfattar hos Cappelen Damm).

Dette er eit knippe dikt, satt i vår tid og i vårt samfunn. Alle saman uttrykker ei slags ro, ei kjensle av at «det går nok greit, slik er det», samstundes som det rettast eit skarpt blikk mot korleis vi er som menneske. Gjennom dikta dukkar nokre av dei same metaforane opp fleire gonger, og skaper ei heilhet i samlinga. Språket er muntleg, ungdommeleg og fullt av ord og uttrykk eg fajtisk ville brukt sjølv. Her er mange kulturelle og ikkje minst litterære referansar til andre verk, verk det lyriske eg-et lar seg inspirere av. Det er veldig fine dikt, veldig såre. Ærleg er eit anna ord eg kan bruke for dei. Dei framstår som veldig ekte, som om dei kjem rett frå hjartet. Og det gjer vel god poesi?

Favorittstrofen min frå diktet oss, som ein smakebit:

og til dere jeg elsker vil jeg nå gjerne si
at når jeg ler så ofte
så er det ikke fordi jeg synes dere er latterlige
i hvert fall ikke latterligere enn jeg selv er
latteren
det er bare smilets måte å bli til lyd på
det er bare smilets måte å bli til lyd på

Fint, hæ? Midt inne i diktsamlinga er det og ei lita kjærleiksnovelle. Og eg kan berre seie det med ein gong, skriv ei bok, Løppenthin! Det er så himla fint. Og om du er usikker på om denne samlinga er noko for deg, så kan du jo tenke at om du likte Milk and honey av Rupi Kaur eller Klokken og sengen av Eline Lund Fjæren, så vil du sikkert like denne vesle diktsamlinga her.

Forlag: Fanfare
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Jordfast» av Graham Norton

Boka er sponsa av Juritzen forlag

Jordfast

Okei, så no har Graham Norton (ja, han talkshowfyren med skjegget og verdens beste latter) kome med si første skjønnlitterære bok. Og eg simpelthen digga den. Sjå for deg ei krysning av den sesongen i Frustrerte fruer der fruene drep en fyr og Med hjartet på rette staden, i sped biiiiittelitt Karin Brunk Holmqvist. Og så skal den visst likne litt på bøkene typ En mann ved navn Ove, men den har eg ikkje fått lest enno, så det kan eg eigentleg ikkje garantere.

Handlinga foregår i den vesle irske byen Duneen, der alt er ganske kjedeleg og stille. PJ Collins er politimann, og ein ganske så overvektig og sjenert type. Det er lite kriminelt i bygda, så han bruker mykje av tida si på å ete. Men så, under eit byggeprosjekt, dukkar det opp eit sett med knoklar av ein ung mann. Heile bygda tenker på Tommy Burke, som alle trur reiste til England, men ingen har høyrd frå han. PJ gjer sitt beste for å løyse saka med hjelp i frå ein betjent i Cork, men det er for mange spørsmål som treng svar. Fleire i bygda var forelska i Tommy, som ikkje akkurat var nokon engel. Og så er det så klart nokon som veit mykje meir enn dei er villege til å fortelje.

Det er ganske spennande, men hovedtema i boka er ikkje krimsaka, føler eg. Det handlar meir om hemmelegheiter på små stader, sjalusi, naboskap og offer. Vi følgjer fleire av bygdas innbyggjarar, som alle har sitt. Det gjer boka varm og truverdig, og boka er ypperleg for dei som foretrekk meir «kosete krim» enn andre.

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Kunsten å være normal» av Lisa Williamson

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Kunsten å være normal

Denne boka MÅ du lese. Det er ein ungdomsroman, men den bør verkeleg lesast av alle vaksne. Dersom nokon har lest I en og samme person av John Irving, så kan du sjå på denne boka som ein light versjon av den. Den er opplysende, personleg og viktig.

Boka handlar om David. David vil vere jente, eller David er jente. Berre at han er biologisk gut. Han held på å gå inn i ein vekstspurt og veit at han snart må seie det til foreldra; det er kun dei to bestevennane som veit det. Når skulen startar etter sommarferien er det ein ny gut på Eden Park, nemleg Leo. Leo vil helst vere for seg sjølv, vere usynleg og berre bli ferdig med skulen. Men både Alicia Baker og David og hans venner har bestemt seg for å bli venn med Leo. Leo viker unna, heilt til han i eit raserianfall slår ned David si bølle. Leo forbanner seg sjølv for å gitt seg sjølv så mykje merksemd, for han har ein hemmelegheit som han ikkje vil dele med nokon. Noko som kan bli problematisk når han forelsker seg i Alicia.

Det er altså to parallelle historier (eller, dei er jo vikla nøye inn i kvarandre), fortalt av to unge gutar med mykje på hjartet. Dei er veldig ulike, kjem frå ulike heimar og er flinke til heilt ulike ting. Det som er så utrulig bra med denne boka er at den ikkje prøvar å normalisere transkjønn, for det er berre gitt at det er heilt normalt; sjølv om det er vanskeleg for folk rundt dei å akseptere til tider.

Boka prøver heller ikkje å overforklare temaet og proppe lesaren full i informasjon. Det er rett og slett ei vellykka bok. Og så trur eg det er ei bok vi treng i samfunnet. For éin ting er kva vi kan lære av sakprosa og dokumentarar, eg trur skjønnlitteraturen alltid vil spele ein viktig rolle i å få folk til å forstå denne typen tema.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Lisa Williamson finn du HER.

Sitat

«Tinderella» av Heidi Nathalie Hovland

Boka er sponsa av Juritzen forlag

Tinderella

Eg har litt vondt inne i meg. Sorry not sorry, men dette er ikkje særleg bra. Boka skal liksom passe for dei som likar SKAM, men eg ser absolutt ingen likskapar mellom serien og boka, på noko nivå. For å ikkje snakke om karakteren Sofie! Ho er nitten, men oppførselen er meir som tretten. Intelligensen og normal folkeskikk er kanskje lågare. Det står bakpå at Sofie er sjølvutleverande og ironisk. I call bullshit. Sofie framstår berre som smådum, barnsleg (ho snakkar seriøst berre dritt om foreldra sine, som ikkje eigentleg gjer noko gale) og overflatisk. Det vert ikkje oppfatta som sarkasme eller satire frå mi side, berre kleint.

Sjølve boka handler berre om alle dei forskjellige gutane som Sofie møter, som alle er dumme, kjedelege, sjølvopptatte, overflatiske, frekke eller stygge. Vel, shocker, Sofie er ikkje noko catch sjølv. Ho er ferdig på vidaregåande, jobbar på kafé og bur fortsatt heime, noko ho surmular over konstant. Ho leiter berre etter kjekke, rike, vestkantgutar, men ingen er bra nok når det kjem til stykket (til trass for kor smålubben, lite pen, lat og kjedeleg Sofie sjølv veit ho er). Ho sveipar og sveipar. Ho vil så gjerne ha kjæreste, men ingen er bra nok. Ho klager over alle som dumpar ho etter ein date, men gjer akkurat det same sjølv. Forfattaren har jo uttalt at mykje er basert på eigne erfaringar, og dersom det stemmer synest eg eigentleg litt synd på ho.

UNNSKYLD for at eg verkar så sur og negativ. Eg prøver alltid å vere positiv når eg omtaler bøker, for vanlegvis vil bøker passe for ein eller annan. Eg ser derimot ikkje heilt kven som vil like denne boka. Vaksne kjem nok til å tenke det same som meg (auch, er eg så gamal allereie??), unge vil nok oppfatte det som ganske merkeleg opplegg. Eller, opplegget og ideen er ikkje så dum, utførelsen er berre mislukka. Språket er dårleg (show, don’t tell gjekk forfattar og redaktør hus forbi), det skjer ikkje så mykje som ikkje involverer alkohol og sex av typen why not? Uff, nei, det funker ikkje. Eg føler eg burde vere ung og kul og like denne boka (eg er yngre enn forfattaren), men det gjer eg dessverre ikkje.

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Naboparet» av Shari Lapena

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Naboparet

WOW, HOLY SHIT. Okei, ikkje les denne boka om du er interessert i nattesøvn, for det vil det bli lite av. Om du derimot vil få hjerna di vridd rundt, bli sjokkert og henge på stolkanten til siste side, er dette boka du bør lese. Den er latterleg spennande.

Anne og Marco Conti er i eit middagsselskap i nabohuset. Barnevakta meldte avbud, så den seks månader gamle babyen ligg heime og søv, medan dei har på babycallen og sjekkar innom kvar halvtime. Alt ser ut til å gå greit, babyen har det fint. Heilt til dei kjem heim i halv to-tida og oppdager at babyen er borte. Panikken treff, politiet blir tilkalt og mistankane aukar. For kor godt kjenner du eigentleg dine nærmaste?

Denne thrilleren utforskar skuldkjensla rundt eit barns forsvinning, hemmelegheiter i eit ekteskap og andre familierelasjonar og panikken over å ikkje kunne stole på nokon – ikkje ein gong seg sjølv.

Boka er bygd opp meir som ein roman enn ei krimbok, og nye avsløringar og perspektiv dukkar opp konstant; ein ekte pageturner (eller bladvender, hehe). Det er ei pokker så bra bok, så om du likte Bak lukkede dører og Piken på toget vil du like denne òg!

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Min fars fem bad og andre fortellinger» av Per Schreiner

Min fars fem bad

Denne boka med mange fortellinger er skriven av Per Schreiner, ein av manusforfattarane bak Kampen for tilværelsen (den sjukt morosame TV-serien om livet i Ullevål Hageby). Og eg kan eigentleg seie med ein gong at dersom du likte den serien (den er jo dessverre ikkje tilgjengeleg lenger), så vil du òg like denne boka. Den er like full av mørk humor, ei perfekt blanding sannsynlege og usannsynlege hendingar og viser fram dei små, fæle delane vi har inne i oss.

Som for eksempel å la formannen i burettslaget døy fastklemt under bilen sin. Å ikkje ville bli som far sin, som fyller tomromma i livet sitt med å byggje nye bad (derav tittelen på boka). Korleis det er å døy. Og er det innafor å lyge til foreldra sine om å ha fått barn? Korleis overleve ei helg med konas motbydelige familie?

Boka er fylt med temaa og brokkane nevnt ovanfor, pluss mykje meir. Eg trur eg kan garantere at du vil le, på ein litt sånn klein og vantru måte. Men du vil like det òg. Dét trur eg i alle fall at eg kan garantere.

Forlag: Tiden
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Chicks o’hoi» av A.N.P.

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Chicks ohoi

Denne boka har jo vorte ein liten snakkis sidan den kom ut, og hoppa ganske raskt inn på bestselgerlistene for sakprosa. Når eit leseeksemplar kom inn i butikken kunne eg ikkje dy meg, mest på grunn av det utruleg kule coveret.

Eg kan seie etter berre 40 sider at dette ikkje er ei «ekte» dagbok. Altså, det kan godt hende at dette er skrive av ei jente på min eigen alder, men eg synest det er så vanvittig tydeleg at denne «dagboka» har jenta skrive for å gi den ut. Det er ikkje ei «hundre prosent usensurert dagbok» i den forstand at jenta berre har notert ned kvardagen sin og SÅ bestemt seg for å prøve å publisere den. Det er ganske misvisande, etter mi meining, å kalle det «bekjennelser» og gudveitkva. Det er ei ung jente som fortel om livet sitt, og prøver å skrive djupe (dårlege) essay, endå dårlegare skjult som dagbokinnlegg. (Eg nekter i alle fall å tru på at den er ekte.)

Eitt av spørsmåla A.N.P. stiller dagboka si er om ho har ein unormal vennegjeng eller om ein berre aldri høyrer om folk sine sjuke tankar og handlingar. Eg haller ekstremt mot det første, for desse greiene er faen ikkje normale. Uansett kor normalt seksualitet er, så er enkelte av desse greiene berre seriøst fucka. Og warning/spoiler: boka inneheld dickpics. Er det i det heile tatt lovleg??

Elles kan eg seie at det meste som står i boka er totalt ekkelt. Sitat: «Jeg vil slikke flere hårete rumpehull.» Altså, eg er heilt for at seksualitet er normalt, men litt må det gå an å halde privat. Eg veit ikkje heilt kva eg skal seie. Eg kan jo sitere ein kollega: dette er eit makkverk. Det er faktisk noko av det verste eg har lese. Både innhaldet, skrivemåten… At dette er publisert, er på grensa til flaut. Stryk det. Det ER flaut. Ikkje kast vekk tida di på denne boka, uansett kor poppis den er for tida.

Forlag: Kagge
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Veien fra Italia» av Anna Grue

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Veien fra Italia

Etter å ha lest ein del krim, litt Ibsen og eit par dokumentarar, hadde eg ein craving for ein skikkeleg kjærleiksroman, og plukka fram dette leseeksemplaret som eg fant på jobb. På omslaget står det at forfattaren kan sine saker, og at det er ei bok som flyt over av kjærleiksforviklingar. Så eg satte i gang, men følte at det var meir forviklingar enn kjærleik det var snakk om, og det skal holde hardt å påstå at dette er ein kjærleiksroman.

Vittoria, ei ung italiensk kvinne, har køyrd frå Roma til København i den vesle fiaten sin, saman med babyen sin, Massimo. Ho er på flukt, og kan aldri sjå seg tilbake. I Danmarks hovudstad flyttar ho inn på eit litt shabby hotell, der ho møter nattklubbservitrisa Conny, som er Vittorias rake motsetning. Dei danner likevel eit nært vennskap, til tross for sine ulikheiter. Når Vittoria får jobb som husbestyrerinne for enkemann doktor Møller, vert kvardagen hennar snudd på hovudet. Ho strevar hardt for å tilpasse seg sitt nye liv som dansk, men oppdager at det er vanskeleg å leve eit godt liv med eit stor hemmelegheit hengande over seg – spesielt når ho nektar å dele den med nokon.

Veien fra Italia er absolutt ikkje den største leseopplevinga mi, men eg satte stor pris på det historiske perspektivet og tidsbiletet i boka, som føltes veldig autentisk. Eg likte og mislikte karakterane om einannan, så slikt sett var desse òg veldig naturleg portrettert. Faktisk trur eg at eg heller hadde elska ein roman om Conny, ikkje Vittoria. Veldig kort oppsummert fant eg boka til å henge midt på treet; nokon vil nok elske den, andre synes den er forferdelig kjedeleg.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Kledd naken» av Agnes Lovise Matre

Boka er sponsa av Gyldendal Norsk Forlag

Kledd naken

Eg er vel ikkje den fyrste i landet til å lese Kledd naken av Agnes Matre, men eg håpar då verkeleg at eg ikkje blir den siste. Denne boka fortener eit breitt publikum. Temaa som vert tekne opp er viktige. Boka er jo heller ikkje ny, men voldtekt slutter jo aldri å skje. Orda «viktig» og «bok» bør her plasserast saman.

Iselin lev eit perfekt liv. Ho er gift med ungdomskjærasten, har to fine barn og er lærar i bygda. Det einaste problemet ho har er at ho er litt husredd, men det har jo aldri skjedd noko. Heilt til ho vert brutalt voldtatt etter ein bygdefest, og i tillegg av ein nær venn. Ingenting blir det same. Panisk vel ho å halde det for seg sjølv, og angsten overmannar henne. Ekteskapet skrantar, ungane lid og sladderen går over heile bygda. Iselin er hjelpeslaus.

Temaet er sårt som få, og ein vert konstant provosert når ein les. Eg er jo frå ein liten stad sjølv, så bygdemiljøet i boka er veldig gjenkjenneleg. For de som har lest bloggen min ei stund, veit at eg gjerne snakkar om pendlerbøker; lettlestebøker med korte kapittel. Denne er slik. Ekstra spennande er det at perspektivet skiftar, om ikkje ofte, frå Iselin til mange av dei involverte. Boka er kjempebra, men det er litt vel drøyt å kalle det ein kriminalroman, slik bladet inni seier. Og ja, sjølv om slutten var kanskje likevel litt for vag for min smak, så anbefaler eg boka.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2016 (Comino forlag 2015)