Sitat

«Det jenter er lagd av» av Elana K. Arnold

Leseeksemplar

Dette er ei skikkelig god ungdomsbok, ein av dei få som faktisk verker skriven for ungdom. (For det er vel ikkje berre eg som føler at veldig mange barne- og ungdomsbøker for tida eigentleg appellerer til vaksne?) Det er ei sår og fin bok om det helvetet det er å vere jente no til dags, og sjølv om det kanskje ikkje er den absolutt beste eg har lest om temaet, er det ei knallgod bok det er verdt å lese.

Nina sitt forhold på … vel, forhold, er ikkje heilt sunt. For nokon år sidan sa mora hennar til henne at det ikkje er noko som heiter ubetinga kjærleik. At det er enkelte ting som held kjærleik og forhold i live, og det er noko ein må akseptere. (Forholdet mellom mora er faktisk noko av det såraste i boka.) For Nina er dette ei sanning, så ho finn seg i det mindre hyggelige forholdet ho er i; det består hovudsakleg av sex og mangelen på telefonsamtaler. Det blir ikkje betre når det tar slutt, og han går tilbake til eksen.

Mykje av lesninga er skikkelig ekkel, ukomfortabel og ikkje minst truverdig. For alle jenter som har likt nokon som ikkje liker dei på same måten. For alle jenter som har fått hjertet sitt knust. For alle som ikkje føler seg komfortabel. For alle som har gjort ting dei angrer på. For alle som blir vaksne alt for fort.

Forlag: Kagge
Utgivelsesår: 2018

Sitat

«Jeg er ikke …» av Martina Gaux

Leseeksemplar

Oooh, dette er ei bok eg ikkje veit korleis eg kan fortelje så mykje om utan å spoile. Så eg skal halvvegs spoile litt. (Sjølv om eg ikkje synest det er spoiling når det er veldig openbert for alle unntatt hovudpersonen.)

Norske Ryan vakner opp på gata i New York etter å ha blitt påkjørt og mista hukommelsen. Ho er vilt forvirra og prøver å hugse, så ho kan passe inn i livet sitt. Men noko er gale med måten folk snakker til henne, noko er gale med kroppen hennar, noko er gale med leiligheta hennar. Kvifor sender mora brev om at faren sakner sonen sin? Kvar er broren hennar blitt av? Kvifor har ho desse klumpane i skrittet etter påkjørselen, og galast av alt: kvifor vil ingen fortelje henne om denne broren hennar og kvar han er blitt av?

No har eg avslørt så lite eg kan, men om du er oppegåande har du kanskje gjetta deg fram til kvar broren hennar er blitt av allereie. Eg synest i alle fall det var innlysande frå første kapittel. Det er alltid litt kjedeleg når det er slik, men det kan forsvaras med at det er ei lærerik bok. Det var òg ei ganske god bok, sjølv om hovudpersonen verka litt dummare enn ho burde vere for alderen, og det er sånne ting som irriterer meg. Så ikkje toppkarakter altså, men litt meir enn midt på treet.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«From the Heart» av Susan Hill

Leseeksemplar

Litt treigt ute; Susan Hill er visst ganske berømt. Og så er dette leseeksemplaret frå i fjor vinter, tydeligvis. Men – kven bryr seg om når bøker kjem/kom ut, så lenge dei er gode?? Og denne var verkeleg god. Eit subtilt, roleg og forståeleg språk, som skaper stemninger som få bøker eg har vore borti. Boka er ganske kort, men akkurat som Stoner av John Williams klarer den å skildre – om ikkje heile, så store deler av – eit liv.

Vi er på starten av 1900-talet, og Olive er ei ung kvinne fanga i ei tid som båe gir henne fridom, og tek den frå henne. Ho har val, moglegheit til utdanning og arbeid, men samstundes er det store forventningar knytt til kva ho skal velje. Kva som er akseptabelt, kva som ikkje er skamfullt og kvifor dette speler noko rolle, er spørsmål som alltid ligg i Olives bakhovud. Så når ho blir gravid utanfor ekteskapet, er ho fortvilt over tapet av den vekkadopterte sonen. Og når ho forelsker seg i ein eldre kollega, forstår ho ikkje kvifor ho ikkje kan elske den ho elsker.

Ho kan verke ganske uutdanna og enkel etter dagens standard, men ho er eit produkt av tiåret (og århundret) ho lev i. Ei synes litt synd på henne i starten, men ho er så absolutt eit kvinnfolk med tak i. Ho er faktisk villig til å ofre alt for si eiga lukke. Og kvifor ikkje, når det ikkje går utover nokon?

Boka stiller store og små spørsmål om samfunnet, både no til dags og historisk, og den set enkelte ting i søkelyset. Det er eit fint portrett av ei ung kvinne i to veldig ulike, men sikkert like vanlege, situasjoner frå det førre århundret som vi ikkje opplever i dag i det heile tatt.

Denne boka var så rørande, så verkeleg djupt rørande. Sjølv om Olive kanskje ikkje sa så mykje, så opplevde ho mykje. Dei svake reaksjonane hennar, dei få tankane ho gjer seg rundt situasjonane ho hamner i, det er så relaterbart. Ho har heilt openbert ein svak form for sosial angst, men likevel er ho så utruleg sterk. Sjølv om ho aldri veit kva som er korrekt eller forventa av henne, så gjer ho så langt ho kan det som føles rett for henne sjølv, og gjett kva? Det meste ordner seg, altså. Overraskande nok var denne boka ganske inspirerande. Ei verkeleg fin, lita perle. (Sjølv om eg seriøst misliker det uttrykket, for det er jo oppbrukt til tusen.)

Forlag: Penguin
Utgivelsesår: 2018

Sitat

«The Vegetarian» av Han Kang

Levende og døde var ei av dei mest skjellsettande bøkene eg las i fjor, og eg hadde planer om å vente med å lese The Vegetarian til den kom på norsk (som den vel gjer i år?), men så dukka den brått opp på pensumet til faget eg endte opp med å ta i vår. Så no har eg nettopp levert 4000 (forhåpentligvis logiske) ord om boka, men det skal eg spare dykk for!

Boka er delt inn i tre delar, og ingen av dei er fortalt frå hovudpersonen, Yeong-hye, sitt perspektiv. Den første delen er frå ektemannen hennar, Mr. Cheong, sitt syn. Det er i denne delen boka Yeong-hye bestemmer seg for å gi opp kjøtt (og alle dyreprodukt, så eigentleg er ho veganer, men The Vegan har liksom ikkje samme schwung.). Andre del er frå svogeren som fortel, og siste del er frå systera sitt synspunkt. (Og eg skal ikkje seie meir om handlinga, for då ødelegg eg litt.)

Romanen har mange lag, alt frå absurd, til provoserande til fint. Det er ein grådig sterk roman om seksualitet, galskap, samfunn, forhold til mat, familierelasjoner og begjær. Det er ei heilt unik bok, totalt annleis enn noko anna eg har lest. Original, knallgod og absolutt lesverdig.

Forlag: Portobello Books
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Han Kang finn du HER.

Sitat

«All Grown Up» av Jami Attenberg

Så mørk, men subtil humor. Så velutforma og godt portrettert. Det er faktisk noko vi nordmenn er helt ræva på når det kjem til bøker: å lage portretter. Norsk litteratur har ei overvekt av veldig konkrete historier og familiesagaer og krim, men veldig lite god litteratur som berre skildrar eit menneske, ei kjensle, ein stad eller ei epoke. (Men klart det er unntak, som Jane Ashlands gradvise forsvinning av Nicolai Houm, det er ei fantastisk portrettering!)

Denne vesle romanen er skildringa av livet til Andrea, ei kvinne som no fyller førti. Ho er singel, bur i New Yorker, ga opp ei karriere som kunstner og har ein kjip jobb. Men ho er på ein måte nøgd med det; ho bur åleine, skulder ingen noko og lev slik ho vil. Ho ynskjer ikkje å gifte seg – sjølv om ho meiner folk ikkje trur henne når ho seier det. Broren hennar har ei dotter som er dødssjuk, og forholdet til mora er turbulent. I tillegg til at livet no ikkje er spesielt konvensjonelt, var barndommen ganske hard òg.

Vinklingane er ulike frå kapittel til kapittel, dei er ikkje kronologiske eller samanhengande. Det er ikkje ein klar start, klar slutt eller klare vendepunkt. Det er rett og slett berre ei velskriven bok om å leve eit liv ein vil ha, og ikkje gjere det for nokon andre enn seg sjølv – uansett kor lite tilpassa det livet er.

Forlag: Sceptre
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Kan jeg bli med deg hjem» av Marie Aubert

Kan jeg bli med deg hjem er novellesamlingmotstykket til diktsamlingen Dette skjer ikke av Ida Lórien Ringdal. Ikkje bare innholdsmessig, men begge er rosa og omslaget er berre grafikk og dei er tynne fliser. Men fliser rike på innhold, innhold eg trur treff ei nerve i samfunnet vårt.

I kvar av desse ni novellene blir det fortalt historier som riv litt i deg. Dei inneheld alle einsame menneske, desperate etter ei eller anna form for kontakt. Uten unntak er kontakten dei søker usunn, og eg blei litt uvel innimellom. Men det er noko så utruleg trist ved desse menneska, ein blir båe kjempetrist og småkvalm av heile greia. Alle desse menneska vi møter som mangler eit eller anna grunnleggande, så utilfredse, og som ikkje klarer å forbetre situasjonen sin.

Det er ei veldig, veldig fin novellesamling som garantert vil gjere inntrykk. Og den er kjempekort, så det er fort gjort å lese – dette er ikkje ei bok du har lyst til å innrømme at du ikkje har lest.

Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Marie Aubert finn du HER.

Sitat

«They Both Die at the End» av Adam Silvera

Om du ser på omslaget, er det to figurar og teksten «This is Mateo» of «This is Rufus», før tittelen på boka kjem: They Both Die at the End. BAM!! Er ikkje det slåande, vel? Og så tenker du kanskje: faen, så unødvendig å avsløre at hovedpersonene dør allereie før ein har opna boka?! Men chill, det er litt meir komplisert enn som så:

Vi er i vår tid, men teknologien vår har kome eit lite hakk lenger. Akkurat som vêrvarsel, har vi no òg dødsvarsel («Death-Cast»). Du blir oppringt rundt midnatt, og får beskjed om at du kjem til å døy innan tjuefire timar. Dei veit ikkje klokkeslett eller korleis, berre at det skjer. Ingen har klart å unngå «spådommen» enno. Men det er ikkje berre fælt, for det er utvikla mange ting for å gjere livet til dei som mottar varselet («Deckers»), som virtuelle opplevingar og reiser, gratis mat, eigne nattklubber og eigne apper. Appen «Last Friends» er den mest brukte. Og slik møtast Mateo og Rufus.

Mateo og Rufus er ganske ulike gutar, begge i slutten av tenåra. Dei har likevel ganske lik bakgrunn; begge er latino, begge har mista familien sin og begge skal døy i dag. Dei møtest, blir venner og bestemmer seg for å leve sine siste timar som om dei aldri skulle ta slutt.

Eg er usikker på om eg liker konseptet, eg trur eigentleg boka kunne vore like god om du hadde droppa omstendigheten rundt korleis Mateo og Rufus møttes. Kanskje. Det vil jo aldri få vite, men eg trur kanskje det. Uansett, boka vart berre betre og betre, og på slutten var eg heilt i frå meg. Kjempeflott, rett og slett!

Forlag: Simon & Schuster
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Mirror, mirror» av Cara Delevingne & Rowan Coleman

Leseeksemplar

Ja, du har høyrt namnet Cara Delevingne før. (AKA verdens beste øyenbryn.) Ho er tidlegare modell, og skodespelar. Blant anna speler ho Margot i filmatiseringa av Paper Towns av John Green. Og no har ho altså skrive ein ungdomsroman sjølv. Det tok litt tid å komme inn i denne boka, og eg la den vekk i ein månad før eg nyleg starta på att. Og den var fortsatt litt treig, og eg hadde tenkt å kome med ein litt spicy kommentar om at Cara Delevingne burde halde seg til runwayen og filminnspilling, men eg skal bite meg i det.

Red, Rose, Leo og Naomi er alle medlem i bandet Mirror, mirror. Dei har alle ulike problem på heimebane, passer ikkje heilt inn nokon stad, men har no funne vennskap i dei andre bandmedlemma. Red, Rose og Leo vert knust då Naomi forsvinn, og innsatsen frå politiet er heller laber. Det er trass alt ikkje første gong Naomi rømmer heimefra. Men det er annleis denne gongen, og Naomi dukker opp halvdød i Themsen og ligg i koma. Gjengen, og Red spesielt, leiter etter svar på kvar Naomi har vore.

Ein kan jo faktisk samanlikne boka med stilen til John Green, sjølv om denne er mykje mørkare. Eg trudde den var ganske så «blablabla»-identitet, heilt fram til midten og kysset mellom Red og Rose endra alt. Og så gjekk historia brått utanfor eit stup og blei dødsens mørk og djup og skummel. Men eg skal ikkje snakke så mykje om dei eklaste temaet her, men heller om det som for meg gjorde boka hakket betre enn berre god. Familieperspektivet her gir boka det lille ekstra, og forholdet mellom barn og foreldre blir sjeldan skildra så godt i ungdomsbøker som akkurat her.

Slutten var ganske spennande, sjølv om «bad guyen» var ganske openberr, men det gjorde ikkje så mykje for historia. Kanskje den berre førte til at plottet blei meir truverdig? Uansett, eg kan absolutt anbefale boka! Det er mulig å få tak i den på norsk òg, den heiter det same.

Forlag: Trapeze
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Snakk til meg» av Vigdis Hjorth

Eg har verkeleg fått sansen for Vigdis Hjorth! Etter at eg las Arv og miljø, kasta eg meg over boka til Kaja Schjerven Mollerin, Vigdis, del for del. (Og eg skal lese Fri vilje etter kvart, altså. Og essaybokpa som nettopp har kome ut!)

Romanen handler om middelaldrende Ingeborg, som opplever at ho har ei frihet i livet: ingen mann, og sonen er flytta ut. Ho reiser til Cuba på ferie nokre veker, og der møter ho cubaneren Enrique. Ho er ikkje sikker på om ho elsker han, men ho vil ikkje gi slepp på denne beruselsen av å ha ei slik spennande affære, og setter i gang den enorme prosessen med å få Enrique inn i landet.

Snakk til meg er både historia om Ingeborgs reiser til Cuba og forholdet til Enrique, men mest av alt er det skildringa av det desperate forholdet ho har (eller ikkje har) til sonen. Boka er skriven som brev utan til og frå, men tydeleg frå mor til son. Ho reflekterer over saknet etter at han flytta ut, korleis ho burde sakne han, korleis han burde sakne henne, og kva er dette «burde»?

Ho skriv så heseblesande og naturleg, og eg føler at eg allereie er blitt fortruleg med korleis ho skriv. Det er tydelig at ho bruker mykje av seg sjølv. Uttrykket «dikte opp for å gjere seg interessant» dukker for eksempel opp i begge bøkene, og temaet usikre forhold mellom foreldre og barn.

Boka var utruleg interessant lesing! Eller høyring. Cathrin Grams innlesing (på Storytel) er absolutt å anbefale!

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2010

Fleire bøker av Vigdis Hjorth finn du HER.

Sitat

«The Rules Do Not Apply» av Ariel Levy

The Rules Do Not Apply (eller Når reglene ikke gjelder på norsk) er kanskje den mest personlege boka eg nokon sinne har lest. Det er ein memoar, ein sjanger nordmenn sjeldan er borti. Vi er liksom ikkje vande med å lese sanne historier om mennesker vi ikkje veit kven er. Eg visste i alle fall ikkje kven Ariel Levy er, og før denne boka gjorde nok ikkje mange her til lands det heller. (Amerikanar ville kanskje visst at ho er ein journalist for The New Yorker.)

Boka starter med slutten. Ariel får besøk av naboane, og aner ikkje korleis ho skal fortelle dei at ho har mista babyen, forholdet er slutt (etter at kona er innlagt på rehab endå ein gong) og at ho må flytte ut av det flotte huset sitt. Ariel fortel om barndommen sin, studietida, starten av karrieren, forholdet til kona Lucy, å bli gravid og å miste barnet. Og mest om det å ha vore mor i tjue minutter, og korleis det endra livet hennar totalt.

For er du ei mor utan barn? Korleis kan du kalle deg ei mor, når alle då spør om babyen din? Babyen din som døde, etter ei dramatisk fødsel i femte månad i Mongolia? (Det er faktisk sjukt dramatisk, og du bør absolutt ikkje gå glipp av denne boka.) Ei heilt vanleg dame, eigentleg. Med ei ekstremt vond historie, velskildra og reflektert.

Forlag: Fleet
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Av måneskinn gror det ingenting» av Torborg Nedreaas

Av måneskinn gror det ingenting av Torborg Nedreaas las eg fordi det var boka som skulle diskuterast i lesesirkelen eg har blitt med i. (På Boksalongen i Bergen, litt snikreklame om du ser på bokmerket!) Eg må innrømme eg aldri hadde høyrd om ho, men etter å ha lest denne boka forstår eg ikkje kvifor. Nedreaas var verkeleg ei kvinne forut for si tid.

Boka er eigentleg fortalt av ein mann. Ein mann som møter ei kvinne på ein togstasjon, tek ho med heim, gir ho vin og lytter til henne. I løpet av ei natt forteller kvinna om eit vondt liv. Som tenåring forelska ho seg i læreren sin, og bruker omtrent heile livet sitt på å få denne mannen til å føle det samme som henne. Ho blir blant anna gravid, ender opp med å gifte seg med ein annan, ho forfølger han. Og ja, vi er i 1947.

1947. Boka var nesten ikkje aktuell då den kom, for ingen snakka høgt om seksualitet, moralske problem rundt graviditet utanfor ekteskap eller skeiv maktbalanse i forhold. (Sånn sett er boka høgaktuell innanfor #metoo.) Men Nedreaas torde å ta opp desse temaa, og på syttitallet blei boka brukt ofte av abortforkjemparar.

Temaet er hovudsakleg å elske nokon som ikkje elsker deg tilbake, og kor besatt denne usunne kjærleiken kan gjere folk. Eigentleg er dette Lena Anderssons sine bøker (Rettsstridig forføyning og Uten personlig ansvar) to generasjonar før. Boka er jo mykje rikare enn dette temaet (sjølv om man har meir enn nok å ta av), samfunnskritikk og vanskelege oppvekstar er ein stor del av historia. Og så er den så sår og fin! Absolutt verdt å lese.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017 (1947)

Sitat

«Kvelande kjærleik» av Elena Ferrante

Leseeksemplar

Kvelande kjærleik er den første romanen til Elena Ferrante, og den tynnaste og kanskje den ikkje-beste? Den er bra (som alt anna), men eg synest både Svikne dagar, Den dunkle dottera og Napoli-kvartetten er mykje betre. Og det er jo eigentleg ein god ting, at forfatterskapet berre blir betre og betre!

Tema i boka er som vanleg forhold mellom kvinner, og eit mor-datter-forhold faller jo absolutt innanfor den kategorien. Denne boka handler meir spesifikt om forholdet mellom Delia og mora hennar, og Delia si oppleving av barndommen sin. Forholdet til mora er ganske skada; Delia misliker ho eigentleg. Ho vil ikkje ha henne nær seg, ho er ganske frastøtt av henne. Og så drukner mora, berre i ført nytt, sexy undertøy. Delia oppdager at mora har hatt kontakt med ein mann frå fortida hennar, og blir dratt rett tilbake til barndommen og bruddet mellom foreldra. Ho må grave litt i minnene sine og dei nyare hendingane, og det er eit ganske hardt slag å sjå på ein forelder og oppdage at vedkommande berre er eit menneske.

Eg treng vel ikkje seie noko om språket? Om du ikkje har fått meg deg korleis Ferrante skriver enno, så veit eg ikkje kva eg skal gjere. Kort sagt: rått, flott og ærleg. Brutalt. Munnleg. Det flyt, enkelt og greitt.

Og eg treng vel i alle fall ikkje seie at eg anbefaler den?! Herregud, det er Ferrante. Les, for faen! (Om du liker Ferrante, for det er jo ein elsk/hat-situasjon. I alle fall om du ikkje liker nynorsk. Noko du burde.)

Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Elena Ferrante finn du HER.

Sitat

«Mann, tiger» av Eka Kurniawan

Leseeksemplar

Skjønnhet er et sår er et jækla mesterverk, så eg var veldig spent på denne. Den er mykje tynnare, og ganske annleis – men samstundes veldig lik. Skrivestilen (eller oversettelsen frå engelsk) er kliss lik, og eg trur eg kunne gjetta meg til kven forfattaren var sjølv om eg ikkje hadde visst det. Det er noko leikent, eventyrlig og direkte i språket. Kurniawan er ikkje redd for korkje forskjønningar eller råskap i teksten sin.

Mann, tiger starter med eit mord. Det er likevel langt i frå ein krimroman. Anwar er blitt drept av Margio. Men kvifor skulle den unge og litt sjenerte guten drepe den mykje eldre mannen? Det gir ikkje meining for nokon i den vesle landsbygda. Men for leseren vil det snart gi meining, for Kurniawan ruller opp ei historie som starter med Margios foreldres ungdomstid. Her er kjærleikslause ekteskap, vonde oppvekster, klasseskilnader og utroskap. Det er liksom indonesisk folklore, og handler om ein mann som trur han har ein tiger i/med seg.

Det vert ganske dramatisk til tider, og morsomt, og småtrist og ulidelig vondt. Det er noko med språket til den indonesiske forfatteren som berre skaper eit nytt univers (eller opnar eit ukjent eitt for oss stive vestingar) og krever den heile og fulle merksemda til lesaren. Og like sterkt som eg anbefalte Skjønnhet er et sår, kan eg anbefale denne.

Forlag: Pax
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Eka Kurniawan finn du HER.

Sitat

«Ung jente, voksen mann» av Eline Lund Fjæren

Ung jente, voksen mann er debutboka til Eline Lund Fjæren, men eg har allerede lest (og elska!) bok nummer to, Klokken og sengen. Ho er verkeleg ein fantastisk skribent, dette er bøker du sluker i eitt jafs med massevis av knuter i magen og tårer i augekroken. Verkeleg. Og for ikkje å snakke om kor mange priser ho allereie har vunne. Herrejemini, altså.

Boka handler om ei jente på tretten som har eit forhold til ein mann på over tredve. (Jada, ulovleg, we know.) Ho skjuler naturleg nok denne delen av livet sitt for familien, kun eit par venninner veit om det. Ho er så annleis enn dei andre – å miste jomfrudommen som trettenåring medan venninnene dine kanskje får sine første kyss set deg liksom litt utanfor. Han veit ikkje heilt kva han skal gjere med saka, mannen i forholdet heller.

Vi følger dei gjennom eit fem år langt av-og-på-forhold, der maktbalansen skifter undervegs. Noko som fascinerte meg ved boka var den totale mangelen av unnskyldninger for det skandaløse forholdet. Det var ikkje «å, eg veit at dette er feil, men det er kjærleik», det var berre. Du får heller aldri vite akkurat korleis forholdet starta og kven som tok initiativet, det var i alle fall eit moment som fanga meg. Historia fordeler ikkje skuld eller ansvar, det er berre ei skildring av dette ujamne, men av og til nesten for jamne, forholdet.

Og så er det jo spekulert i massevis om dette er ein sjølvbiografisk roman. Så vidt eg veit har Lund Fjæren aldri svart på det, men eg kan jo innrømme at eg trur at det er det. Fleire av kjenneteikna til jenta stemmer overeins med forfattarens eigne trekk, og til og med etternavnet vert kommentert. Men eg skal ikkje kome drassande med debatten om «virkelighetslitteratur», eg nøyer meg med å bedømme dette som god litteratur, fiksjon eller fakta.

(Biletet er passande nok tatt i Bergen, på favorittstubben min langs Tippetuene på vei opp til Fløyen. Ja, eg har ein favorittstubbe.)

Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av Eline Lund Fjæren finn du HER.

Sitat

«Gather the Daughters» av Jennie Melamed

Ikkje les denne om du er ei sart sjel. Det er ikkje ei ungdomsbok. Det er ein sterk, altfor truverdig og skremmande dystopi.

Kva viss du har vokst opp på ei lita øy, og du heile livet har blitt fortalt at de er dei einaste igjen i verda. I det som pleide vere USA er det no berre øydeland: alt er brent opp av flammer frå dommedag og kunne sjuke og funksjonshemma mennesker er att. De er dei einaste igjen.

Nokre jenter gler seg til dei får mensen så dei kan bli gifte. Dei aller fleste gruer seg. Janey er den som gruer seg mest; faktisk så mykje at ho har sulta seg i årevis for å unngå å bli fruktbar. Ho er dermed mykje eldre enn dei andre jentene, og har fått ein rar og mislikt posisjon i samfunnet. Ho er vaksen, men ikkje vaksen. Amanda er ei av dei som har sin «summer og fruition» no (fruktbarhetssommer?), og vert raskt gift og gravid. Men når Amanda får greie på eit par ting og begynner å stille spørsmål ved det religiøse samfunnet, ender ho opp død. Og verre enn det – Janey ser korleis ho døyr. Og det er her alt eksploderer, for Janey har fått nok av det undertrykkande samfunnet ho lev i, og ho trur ikkje på alt dei er blitt fortalt om forfedrene sine. Ho starter eit opprør, som ender brutalt.

Som eksempel på kor fucka desse religiøse gærningane er: det er heilt normalt – faktisk forventa og påkrevd – at fedre skal forgripe seg på døtrene sine frå dei er småbarn, så dei skal vere førebudd på ekteskapet som kjem rett etter første sommer med mensen. Vanligvis i tolv-trettenårsalderen. Og ja, menna er ofte ti år eldre. Og når dei har blitt vekkgifta, flytter dei stort sett inn i huset til eit av foreldrapara, og dei må berre fint ta gift og ofre livet for den yngre generasjonen. KVA I SVARTE FAEN.

Dette er ei historie om å stå opp for seg sjølv og alle andre, tørre å stille dei kritiske spørsmåla og viktigheten av å gjere offer. Viktigheten av vennskap, fellesskap og tillit. Og litt om svakhetene vi alle har, og kva svakheter vi ikkje burde akseptere under nokon omstende.

Boka er knallbra. Midt i blinken for fans av The Handmaid’s Tale og The Power. Men igjen, boka har sterke scener: eg tek ikkje noko ansvar for mareritt.

Forlag: Tinder Press
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Skjønnhet er et sår» av Eka Kurniawan

Boka er sponsa av Pax forlag

Denne romanen har tatt meg med storm! Herregud, for ein lesefest dette skulle vise seg å bli. Etter berre femten sider skjønte eg at denne ville dytte seg oppover og sikre seg ein plass på topp 10-lista mi over gode bøker. Dette er verkeleg ein unik og spinnvill roman, og den tvinger meg til å bruke opp nesten alle dei gode vendingane mine på ein gong. Ikkje la deg lure av omslaget (som kanskje er verdens finaste??), for dette er ikkje ein typisk historisk dameroman.

Eg bruker jo vanlegvis ikkje sitere anna enn frå diktsamlinger i omtalene mine, men her må eg faktisk gjere to unntak. Eitt for å vise den klare og tydelege samfunnskritikken, og eitt for å vise den hysteriske, mørke og drøye humoren i boka.

Det fins ingen verre forbannelse enn å føde ei pen jente i en verden full av menn som oppfører seg like avskyelig som kåte bikkjer.

Det er ein fabel-aktig (og fabelaktig!) roman, du må liksom berre akseptere alt som skjer, sjølv det som er heilt fysisk umogleg. Alt kan sjåast på som metaforer, myter, og som sagt er ikkje samfunnskritikken lagt skjul på.

Boka starter med at ei vakker prostituert, Dewi Ayu, står opp frå grava etter å ha vore død i drøyt tjue år. Men det er ikkje poenget med boka, eller historia. Sjølve boka er knytt saman meir som anekdoter som blander seg saman, med historier frå livet til Dewi Ayu, menneska rundt henne, døtrene som kjem, menna som forelsker i henne og døtrene. Bakteppet er Indonesia under andre verdskrig, japansk okkupasjon, og så – pang! – fredstid for fyrste gong på evigheter i landet. Her er store politiske omveltningar, men hovudsakleg er det dei små hendingane i «vanlege folk» (om nokon i denne romanen kan kallast det) sine liv som er skildra.

For tjueen år siden hadde hun dødd tolv dager etter å ha født ei heslig lita jente, så heslig at jordmora som hjalp henne, ikke kunne være helt sikker på at det virkelig var et spedbarn, og trodde kanskje det kunne være en klump med dritt, ettersom hullet hvor en unge kommer ut, og hullet hvor dritt kommer ut, bare er to centimeter fra hverandre.

Og slik går det altså slag i slag! Sprelsk som fanden, og ikkje redd for å vere direkte. Det er burlesk i bokform, og eg absolutt elsker det. Skråblikket Kurniawan setter på menneske, samfunn, og ikkje minst kvinner i ein mannsdominert verden, er praktfullt. Akkurat som språket. (Boka er forresten ikkje omsett direkte frå indonesisk, men frå den engelske utgåva, Beauty is a wound, og etter å ha lest litt i den, kan eg seie at Hedda Vormeland sitt språk er hakket morsommare enn den engelske versjonen.) Men ja, dette er ei spektakulær bok!! Eg trur absolutt alle med bittelitt humor i kroppen vil kunne storkose seg med denne herlige boka.

Forlag: Pax
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Eka Kurniawan finn du HER.

Sitat

«La meg bli med deg» av Rita Paramalingam

Boka er eir leseeksemplar frå Norli

Dette er ei mintfarga lita perle du bør unne deg ein liten time med. For det tek ikkje lenger tid, å kome seg gjennom denne syltynne boka. Det er derimot ei slik bok du kan lese fleire gonger, for den har så mange lag. Det er ganske fascinerande.

Boka er ei lettbeint og truverdig skildra historie om Lara, som har ein sommar ho aldri vil gløyme. Etter ei fæl opplevelse mister ho bestevenninna si Signe, mora bryr seg ikkje om Lara og veslebroren Felix, berre om kjærasten Lars. Det vert såpass at Lara må stele mat på butikken for at ho og broren skal ha noko å ete. Ganske så tøft for ein tiandeklassing, med andre ord. Og ting blir berre verre.

Det er imponerande at ein debutant som Paramalingam klarer å balansere mellom den vakre uskylden til eit barn, og den brutale, og til tider motbydelige, seksuelle oppvakninga til ei ung jente. Her har du ein tenåring med enorme byrder på skuldrene, stort ansvar, i tillegg til kranglane med venner og søsken vi alle kjenner frå dei såre ungdomsåra.

Her er òg ei veksling mellom blomstrande og nydeleg språk, og eit rått og ærleg språk som det òg er viktig å sette pris på. Du vert sugd inn, og boka føles mykje lenger enn den er. Den setter rett og slett spor, og eg aner ikkje kva anna bok eg kan samanlikne det med. Oppsummerande ord: ru, mjuk, stygg og gripande. Det skal bli ganske så spennande å følge med på Paramalingam framover.

Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Lollo» av Linna Johansson

Boka er sponsa av Aschehoug forlag

#rosaprosa er ei seriøs greie for tida. Det florerer av rosa omslag på bøkene, og dei har ein tendens til å vere irriterande gode. (Eg elsker rosa, og det var kun på grunn av fargen at eg ville lese denne boka.) Og altså, jenter, plukk opp denne fantastisk sterke og feministiske romanen! Et must-read?

Då Lollo var tjue år traska ho saman med venninna si Lidija, utan jobb eller skule eller eigentleg noko som helst å finne på. No er Lollo 28 år og fortel om dette året, då ho og Lidija vart dratt inn i ein gjeng der alkohol, narkotika, festing, stripping på internett og prostitusjon er ein del av kvardagen. Avisene lagde ei sak om det, og Lollo fortel oss no si side av saka «alle» har høyrt om.

Boka klarer å veksle mellom å vere sexy og motbydelig, sår og glad, vakker og stygg. Det einaste den konsekvent var, var god. Seriøst, den er knallgod. Eg veit ikkje kor mykje meir eg kan seie uten å spoile boka, så eg trur eg kan nøye meg med å seie at den absolutt bør lesast! Spesielt av kvinner mellom atten og trettifem år? (Men ikkje høyr på meg, les den om du vil, uansett om du er sytti, liksom.)

Det er ganske vanskeleg å ikkje tru at dette er sjølvbiografisk, for det verkar så nært og ekte at det nesten må vere sjølvopplevd. Og så er boka dedisert til Lidija. Likevel kan ikkje internettet gi meg eit positivt svar på dette. Eg fann derimot ut av Linna Johansson er kjent for å eit feministisk litteraturskrift, Bleck, og at dette er debutromanen hennar. Noko som forklarer mykje. Boka er samfunnskritisk, krass og forteljarstemma til Lollo er overbevisande.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Mudderhund» av Inge Schilperoord

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Dette var ei bok eg sikkert ikkje ville lest, om det ikkje var for at ein kollega fortalte meg om den. Det er Sidespor-serien til Aschehoug, så du veit jo at du får noko spesielt og lite kommersielt. Og eg kan starte med å seie at eg trur mange vil bli støtt av boka, men at det òg er ei bok så mange som mogleg bør lese. Men ver forberedt på at det tidvis er ganske tøff lesnad.

Jonatan er nettopp sluppen ut av fengsel, på grunn av manglande bevis i saka mot han. Saka han vart tiltalt for var altså pedofili. Han har gått mykje i terapi og er ganske trygg på seg sjølv. Han har strenge rutiner og arbeider mykje for å halde tiltrekkinga si mot barn i sjakk. Han reiser til mora som skal flytte ut av ei blokk klar for riving, berre for å oppdage at ei dame har flytta inn i naboleiligheita, med den vesle dottera si, Elke. Jonatan prøver så hardt å avvise henne, men ho er så einsam. Alt går fint så lenge dei berre kan passe fisken han prøver å friskne til, men det vert vanskelegare og vanskelegare. Og så døyr fisken.

Dette er ei bok ein bør prøve seg på. Den tek opp att ein ganske viktig debatt som var i vår, om pedofili. Mange misforstår både uttrykket, legninga og definisjonen av ordet. Vi må kunne skille mellom pedofile – folk som mot sin vilje har ei legning – og overgrepsmenn (og -kvinner). Det handler om å kontrollere impulsane ein får, begjæret og reaksjonane sine. Veldig mange pedofili skammar seg og arbeider utruleg hardt for å fungere som eit normalt medlem av samfunnet. Schilperoord er kriminalpsykolog, og klarer å skildre denne indre kampen skarpt og sårt, og ikkje minst truverdig. I dette tilfellet er jo Jonatan ein som prøver, og ikkje får det til. Refleksjonane han gjer seg i boka er noko å ta med seg vidare.

Eg vil avslutte med at det er ei ganske velskriven bok. Eg gir den absolutt toppkarakter. Den starter så roleg, vakker, vag og sår, og dess lenger ut i boka vi kjem, dess meir brutal, rå, ekkel og mørk blir den. Og eksplisitt. Det kan vere direkte motbydelig å lese til tider, men det er eit tema vi må tørre å snakke meir om! Schilperoord er ikkje redd for å ta opp eit tema dei fleste ser på som tabu, og som definitivt vil få enkelte lesarar til å rase. Du er advart.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Den hemmelige kvinnen» av Anna Ekberg

Boka er sponsa av Bazar forlag

Bazar forlag er ufatteleg flinke på underholdningsromanar (og det er berre å innrømme det: vi treng slike bøker innimellom!). Denne boka vert kalla «kjærlighetskrim», og frontast som noko nytt. Det er kanskje litt misvisande og henvender seg meir til damer? Og det vil eg ikkje høyre eitt ord om, at denne boka «passer best for kvinner». For her er like mykje handling frå eit manssperspektiv. Og så er boka full av sånt mannfolk liker; vold, horer, penger og alkohol. (Slapp av, det var ein spøk.)

Du veit mest sannsynlig kven Anna Ekberg er allereie, utan at du er klar over det. Det er eit pseudonym for Anders Rønnow Klarlund og Jacob Weinreich, betre kjende som krimduoen bak bøkene av A.J. Kazinski. Og dette er faktisk ein like god krim, fantastisk spennande!

Louise Andersen driv ein kafé på Bornholm og bur der saman med kjærasten sin, forfattaren Joachim, og har gjort det dei siste tre åra. Så dukker det ein dag ein mann opp på døra, og leiter etter Helene. Dei trur først han er gal og ringer politiet, men det viser seg raskt å vere meir komplisert enn som så. For Louise er eigentleg ei rik kvinne som heiter Helene og driv eit shippingfirma. Problemet er at Helene ikkje kan hugse dette, eller mannen sin Edmund, eller barna sine, eller eigentleg noko som helst. Når Helene prøver å finne ut om fortida si, dumper ho òg over ei ganske stygg historie om faren, shippingfirmaet og seg sjølv. I mellomtida prøver Joachim å finne ut kven Louise Andersen eigentleg var, sidan hans kjærast viste seg å vere ei «Helene». Også han hamner midt opp i ei ganske stygg sak, som brått fører til at Helene vert arrestert.

Oversettelsen er ein av dei betre eg har lese av dansk til norsk. (Vanlegvis synest eg dei som oversetter dansk gjer skikkeleg latmannsarbeid og berre skifter ut skrivemåte.) Boka var meir krim enn kjærleik, og sjokkerande god (i alle fall i forhold til forventingane mine).

Dette er ei slik bok som er drivandes spennande medan du les ho, men den lager jo ikkje eit varig inntrykk. Til det vert det litt for «røverhistorie» for meg. Den er knallgod, overraskande, har realistiske karakterar og eit originalt og kreativt plott. Sjølv om Anna Ekberg er fiktiv, trur eg at eg vil seie at ho er Danmarks svar på Simona Ahrnstedt. Og ja, den kan absolutt anbefalast om du ser etter ei bok som sug deg inn i handlinga og held deg der til siste side.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Anna Ekberg finn du HER.