Sitat

«Verden leker gjemsel» av Siri M. Kvamme

Leseeksemplar

Verden leker gjemsel var ein underleg, men sterk roman. Faktisk virka den ganske sjølvbiografisk, men det legg eg meg ikkje oppi. (Sjølv om hovudpersonen var forfatter og skreiv ein roman om det som skjedde i romanen, skikkeleg meta.)

Hanna har ein komplisert livssituasjon. Ho er stemor for to barn, og blir tvangssosialisert med sambuarens ekskone og hennar nye mann, og det er stort sett ganske ubehagelig. I tillegg har ho ein sjeldan augesjukdom, som gjer at ho sakte, men sikkert, vil miste synet. Som forfatter er Hanna livredd for å miste synet, ho orkar ikkje tanken på å ikkje kunne skrive lenger. (Noko som er komplett idiotisk; viss Beethoven kunne komponere musikk som døv, kan man jaggu diktere ein roman.) I total panikk reiser ho på jentetur til Island – og blir der.

Boka er veldig velskriven, og Kvamme har eit godt språk. Eg må innrømme at eg blei like deprimert som inspirert. Ein får liksom litt lyst til å berre stikke av frå alt etter å ha lese denne boka, samstundes som du ikkje vil noko anna enn å klamre deg fast til alt du har kjært, før det er borte for alltid.

OG la oss berre sjå på kor glupt omslaget og tittelen er. Tittelen viser jo til at ho blir blind, og sjekk den knallrosa sirkelen over auget. Åh, eg elsker sånt.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Gratis og uforpliktande verdivurdering» av Marit Eikemo

Leseeksemplar

Du har sikkert sett denne på bestselgerlistene rundt om, og det er ei snakkisbok som dei aller fleste har fått med seg. Og sjekk det superfreshe omslaget og den slåande tittelen! Men – lev den opp til hypen? Vel, ja.

Hanne har funne den perfekte gata, i det perfekte nabolaget, og no er endeleg det perfekte huset til sals. At det er alt for dyrt betyr ingenting, at ekteskapet smuldrer betyr like lite – for snart vil dei bu i ein perfekt heim! SKAL bu i ein perfekt heim. Har Hanne bestemt. Problema starter når dei ser på prospektet, går på visning og skal legge inn bud. Det er tida for dei store samtalene; dessverre viser det seg at livet til Hanne og Andreas er langt frå perfekt, og at enkelte ting ikkje kan gløymast heilt.

Eg har brått lest to romanar av Marit Eikemo på under to veker, og det føltes halvvegs som å lese same boka? Eller, det er det fleire har sagt til meg. Eg må innrømme at eg ikkje er heilt einig. Klart, det handler mykje om boligmarkedet, korleis vi fokuserer på ting og lar materialisme komme i vegen for det verkeleg livet. Men for meg handler denne boka mykje meir om nye sjanser: så fort vi får flytta blir ting betre; så fort vi får pussa opp, så fort vi har eit perfekt hus.

Samfunnskritikken er ikkje like eksplisitt her som i Alt inkludert, og det gjorde boka mykje betre. Ein kunne nok og samanlikna historia med Ingrid Winters makeløse mismot, men der den prøvde å vere morosam og bomma, treff Eikemo spikeren på hovudet med ein subtil og småslem humor. Anbefalast!

Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Marit Eikemo finn du HER.

Sitat

«Arr» av Auður Ava Ólavsdóttir

Leseeksemplar

Dette er faktisk den første boka eg har lese av Ólavsdóttir, sjølv om eg har skjønt at ho har gitt ut fleire bøker som er omsette til norsk. Og gjett om eg har planer om å lese dei to andre! Dette var ei skikkelig god bok. Ei ganske kort bok, men kvalitet over kvantitet. (Sjølv om det heller ikkje står på kvantiteten heller.)

Jónas er ein no litt overflødig mann. Mora Gúdrun har nesten gløymd han, kona Gúdrun har skilt seg frå han, og han har nettopp funne ut av dottera Gúdrun Vatnalilja ikkje er dottera hans. Han har ingen grunn til å leve lenger, og reiser til ein by som pla vere ein flott turistby, men som no er ein ruin etter krig. (Det kan virke som om det er ein stad i Midtøsten.) Der er det ironisk nok ikkje lett å døy, og Jónas sitt perspektiv på ting blir litt – veldig – forandra.

Ein kan kanskje samanlikne det med En mann ved navn Ove (og dermed Forsøk på å være lykkelig), sjølv om dette er mykje meir litterært. Og så er fyren litt mindre furten. Men det er litt den same historia; ein sur og ganske ulykkelig fyr, gidd ikkje meir, men blir vikla inn i andre sine liv, og vipps har livet fått meining att. Denne går jo litt meir inn på større samfunnsproblem (som krig, drap og flyktninger), utan å vere deprimerande. Utruleg flott bok.

Forlag: Pax
Utgivelsesår: 2018

Sitat

«Alt inkludert» av Marit Eikemo

Vi diskuterte Alt inkludert i lesesirkelen min i går, men eg er fortsatt ikkje heilt sikker på kva eg synest. Karakterane er veldig karikerte, alle er liksom skuggar; det er ikkje snakk om veldige truverdige eller djupe personar. Samstundes er det karakterer vi alle kan kjenne att, fordi vi har sett desse tendensene før.

Agnes er ei aleinemor som saman med dattera Maja flytter inn i et hybelhus i eit boligområde i ein ikkje-namngitt by (men vi veit vel alle at det er Oslo? Det er alltid Oslo). Ho kjem til den nye leiligheta utan flyttelass, berre med to kofferter. Når folk spør, dikter ho opp alt mogleg og prøver å late som om ho passer inn. Ho bruker mykje av tida si på FINN for å kjøpe møbler og starte livet på nytt, men ein kan ikkje seie at det er så mykje som skjer i den retninga. Ho møter mange forskjellige folk i områda rundt, på godt og vondt.

Det er ei samfunnskritisk bok, men det hadde vore bittelitt betre utan nokon av dei litt lause og filosofiske kommentarene som dukker opp (spesielt i samtalene mellom Agnes og Eva). Politiske bøker blir betre om dei ikkje prøver å vere politiske. (Det er eit ganske bra sitat om det: politiske bøker er ikkje gode, men gode bøker er alltid politiske, det er dét eg vil fram til.)

Boka var overraskande lettlest, interessant, litt monoton, men alt i alt ei ganske ok leseoppleving. Eg har i alle fall fått ganske mykje å reflektere rundt når det kjem til korleis eg bruker pengane mine.

Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Marit Eikemo finn du HER.

Sitat

«Kan jeg bli med deg hjem» av Marie Aubert

Kan jeg bli med deg hjem er novellesamlingmotstykket til diktsamlingen Dette skjer ikke av Ida Lórien Ringdal. Ikkje bare innholdsmessig, men begge er rosa og omslaget er berre grafikk og dei er tynne fliser. Men fliser rike på innhold, innhold eg trur treff ei nerve i samfunnet vårt.

I kvar av desse ni novellene blir det fortalt historier som riv litt i deg. Dei inneheld alle einsame menneske, desperate etter ei eller anna form for kontakt. Uten unntak er kontakten dei søker usunn, og eg blei litt uvel innimellom. Men det er noko så utruleg trist ved desse menneska, ein blir båe kjempetrist og småkvalm av heile greia. Alle desse menneska vi møter som mangler eit eller anna grunnleggande, så utilfredse, og som ikkje klarer å forbetre situasjonen sin.

Det er ei veldig, veldig fin novellesamling som garantert vil gjere inntrykk. Og den er kjempekort, så det er fort gjort å lese – dette er ikkje ei bok du har lyst til å innrømme at du ikkje har lest.

Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Marie Aubert finn du HER.

Sitat

«Forsøk på å være lykkelig» av Lorenzo Marone

Leseeksemplar

Cesare er ein ganske einsam, gamal fyr som misliker det meste og dei fleste. Og gudane skal vite at han ikkje legg skjul på det heller, så han er ikkje den mest populære fyren i nabolaget. Likevel er det noko som sakte endrer seg når han ser at den unge naboen, Emma, tydeleg har problem i heimen og med mannen sin. Noko Cesare ikkje har turt å gjere på lenge bobler opp – nemleg å bry seg om sine medmenneske. Og så blir kvardagen litt annleis.

Eg har ofte sett Cesare bli samanlikna med Ove frå En mann ved navn Ove, men eg har i skrivande stund ikkje lest den boka, så det kan eg ikkje uttale meg om. Boka var koselig den, ei søt historie (bortsett frå at det var ganske merkeleg med delane der gamlingen snakka mykje om puppane til den sekstiårige prostituerte han ofte låg meg), men like fort glemt som lest.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Tante Ulrikkes vei» av Zeshan Shakar

Leseeksemplar

Tante Ulrikkes vei er ei fantastisk god bok! Eg veit ikkje om eg kan seie så mykje som ikkje allereie er sagt. Den har allereie vunne prisar, fått fantastiske kritikkar og solgt i bøtter og spann. (Med god grunn.)

Om du ikkje allereie har fått med deg handlinga i boka, så er den like enkel som den er kompleks: to unge gutar frå Stovner, med innvandrerforeldre, som i eit forskningsprosjekt skildrer kvardagen sin. På den eine sida har vi breva til Mo (Mohammed), som verkeleg er det norske idealet på kva ein integrert person skal vere; han er skuleflink, lovlydig og snakker perfekt norsk. På den andre finn vi Jamal og hans innlesinger, ein heilt annan type; slang, banning, han dropper ut av skulen og røyker mykje hasj – generelt ein vandrande stereotypi.

Men du treng ikkje fokusere berre på bakgrunnen til desse ungdommane som vi følgjer gjennom fem-seks år. Boka hadde vore like god om dei var etnisk norske, for problema dei møter i kvardagen er like eksisterande for alle. Og så har dei sine eigne, meir spesifikke problem – men det har vi jo alle. Karakterane er utruleg autentiske, og det riv i hjartet mang ein gang i løpet av lesinga.

For å oppsummere: romanen er fantastisk god. Og eg trur eg må avslutte her, for vi diskuterte denne i lesesirkelen min på mandag, og eg har så mange refleksjoner rundt boka at eg kunne skrive eksamenen min om den. (Og den er faktisk blitt pensum ved eit studie eller to på UiO.)

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«All About Mia» av Lisa Williamson

Når eg les YA er det stort sett fantasy eller bøker om seksualitet. Det var jo slik med den førre boka til Williamson (som eg las på norsk), Kunsten å være normal. (Og den var jo heilt fantastisk!!) Den handla om å vere født i feil kropp, og korleis to ungdommar takler dette. Denne boka pirker derimot ikkje borti så mykje når det kjem til seksualitet (sjølv om her er mykje av den), det er ikkje det som er temaet. Det eg liker med boka, er fokuset den set på korleis ein passer inn i sin eigen familie. Dei fleste ungdomsbøker tek for seg det å passe inn, men som oftast gjeld dette sin eigen kropp eller i samfunnet eller på skulen. Sjeldan har eg lest ei så god skildring av det å ha søstre.

For det er dét som er greia her. I familien til Mia er dei tre søstre: Grace som er eldst, får perfekte karakterer og aldri gjer noko gale; Audrey som er yngst, og kjapt blir sett på som England neste olympiske håp innan svømming; og så er det Mia. Mia har ingen spesielle evner, interesser, talenter. Ho vil berre henge med vennane sine, drikke og flørte. For er det noko Mia kan betre enn søstrene sine, så er det å vere sexy. Og det kjennest fint å bli sett av folk, når du føler at foreldra dine ikkje gjer det.

Eg har òg vokst opp som «dritten i midten», med ei søster på kvar side. (Og fleire halvsøsken, men dei var flytta ut før eg vart tenåring.) Det var underleg autentisk, og eg må innrømme at eg nesten skamma meg enkelte stader eg kjende meg att i teksten litt for godt. For eg har vel kanskje hatt same rolla i min familie.

Aldri har eg lest ei så god ungdomsbok, spesielt når den ikkje tar for seg store kontroversielle tema eller har store vrier. Det er rett og slett berre eit fantastisk godt portrett av ei jente på vei til å bli vaksen. Eg kan absolutt anbefale den for alle som liker Becky Albertalli, John Green, Adam Silvera osv. Eigentleg kan eg anbefale den uansett; ein av vårens beste leseopplevingar.

Forlag: David Fikling Books
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Lisa Williamson finn du HER.

Sitat

«Mirror, mirror» av Cara Delevingne & Rowan Coleman

Leseeksemplar

Ja, du har høyrt namnet Cara Delevingne før. (AKA verdens beste øyenbryn.) Ho er tidlegare modell, og skodespelar. Blant anna speler ho Margot i filmatiseringa av Paper Towns av John Green. Og no har ho altså skrive ein ungdomsroman sjølv. Det tok litt tid å komme inn i denne boka, og eg la den vekk i ein månad før eg nyleg starta på att. Og den var fortsatt litt treig, og eg hadde tenkt å kome med ein litt spicy kommentar om at Cara Delevingne burde halde seg til runwayen og filminnspilling, men eg skal bite meg i det.

Red, Rose, Leo og Naomi er alle medlem i bandet Mirror, mirror. Dei har alle ulike problem på heimebane, passer ikkje heilt inn nokon stad, men har no funne vennskap i dei andre bandmedlemma. Red, Rose og Leo vert knust då Naomi forsvinn, og innsatsen frå politiet er heller laber. Det er trass alt ikkje første gong Naomi rømmer heimefra. Men det er annleis denne gongen, og Naomi dukker opp halvdød i Themsen og ligg i koma. Gjengen, og Red spesielt, leiter etter svar på kvar Naomi har vore.

Ein kan jo faktisk samanlikne boka med stilen til John Green, sjølv om denne er mykje mørkare. Eg trudde den var ganske så «blablabla»-identitet, heilt fram til midten og kysset mellom Red og Rose endra alt. Og så gjekk historia brått utanfor eit stup og blei dødsens mørk og djup og skummel. Men eg skal ikkje snakke så mykje om dei eklaste temaet her, men heller om det som for meg gjorde boka hakket betre enn berre god. Familieperspektivet her gir boka det lille ekstra, og forholdet mellom barn og foreldre blir sjeldan skildra så godt i ungdomsbøker som akkurat her.

Slutten var ganske spennande, sjølv om «bad guyen» var ganske openberr, men det gjorde ikkje så mykje for historia. Kanskje den berre førte til at plottet blei meir truverdig? Uansett, eg kan absolutt anbefale boka! Det er mulig å få tak i den på norsk òg, den heiter det same.

Forlag: Trapeze
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Lempi» av Minna Rytisalo

Leseeksemplar

Igjen leverer Pax ein knallsterk roman. Det er ein av dei få finske romanene eg hadde lest, og Fuglehjerne av Johanna Sinisalo var noko av det dårlegaste eg hadde lest (Då eg las den. Har lest verre ting i etterkant.). Så eg var ikkje heilt sikker på om den finske stilen var noko for meg, men Rytisalo skriv ekstremt godt. Om du har lest Sophie Starks liv og død av Anna North (og du burde, om du ikkje har), så forstår du kor eg vil hen når eg seier at Lempi er ei blanding av den og ei historie om «tyskertøsene».

Lempi er altså hovudpersonen i denne boka, men dette er ikkje Lempis historie. Dette er historiene om Lempi, fortalt av tre personar med veldig ulike forhold til henne. Alle forteller sanninga, men dei fortel si sanning. Og den er ikkje lik for nokon.

Vi er i Finland under andre verdenskrig, og Viljami er på veg heim frå fronten. Heime skulle han eigentleg ha funne kona si, Lempi, men Lempi er borte. Ho var igjen på gården saman med arbeidsjenta Elli då Viljami drog ut. Viljami fortel om ei kvinne han elsker, Elli om ei kvinne ho hater. Den tredje fortelleren er Sisko, Lempis tvilling. Sisko føler at Lempi både er halve henne, og også eit tilheng til henne.

Sisko sin del av historia blir også brukt til å fortelle om dei finske «tyskertøsene». Finland sitt forhold til Tyskland under krigen var komplisert, for tyskarane «redda» jo Finland frå Russland, og mange unge kvinner som gifta seg med tyske soldatar og militære oppdaga plutseleg i 1945 at dei var landsforrædere. Sisko var ei slik, berre at historia hennar er enno litt meir hjarteskjærande.

Biletet malt av Lempi er ganske sterkt, og eg trur kanskje Sisko sitt portrett er det mest nøyaktige. Ho ser fleire sider av søstera, sider både Viljami og Elli er for blenda av lidenskap til å sjå.

Rytisalo sitt språk er som nevnt ekstremt godt, og denne boka er ein skikkeleg godbit. Den ligg an til å bli en av årets beste bøker for min del. LES!

Forlag: Pax
Utgivelsesår: 2018

Sitat

«Snakk til meg» av Vigdis Hjorth

Eg har verkeleg fått sansen for Vigdis Hjorth! Etter at eg las Arv og miljø, kasta eg meg over boka til Kaja Schjerven Mollerin, Vigdis, del for del. (Og eg skal lese Fri vilje etter kvart, altså. Og essaybokpa som nettopp har kome ut!)

Romanen handler om middelaldrende Ingeborg, som opplever at ho har ei frihet i livet: ingen mann, og sonen er flytta ut. Ho reiser til Cuba på ferie nokre veker, og der møter ho cubaneren Enrique. Ho er ikkje sikker på om ho elsker han, men ho vil ikkje gi slepp på denne beruselsen av å ha ei slik spennande affære, og setter i gang den enorme prosessen med å få Enrique inn i landet.

Snakk til meg er både historia om Ingeborgs reiser til Cuba og forholdet til Enrique, men mest av alt er det skildringa av det desperate forholdet ho har (eller ikkje har) til sonen. Boka er skriven som brev utan til og frå, men tydeleg frå mor til son. Ho reflekterer over saknet etter at han flytta ut, korleis ho burde sakne han, korleis han burde sakne henne, og kva er dette «burde»?

Ho skriv så heseblesande og naturleg, og eg føler at eg allereie er blitt fortruleg med korleis ho skriv. Det er tydelig at ho bruker mykje av seg sjølv. Uttrykket «dikte opp for å gjere seg interessant» dukker for eksempel opp i begge bøkene, og temaet usikre forhold mellom foreldre og barn.

Boka var utruleg interessant lesing! Eller høyring. Cathrin Grams innlesing (på Storytel) er absolutt å anbefale!

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2010

Fleire bøker av Vigdis Hjorth finn du HER.

Sitat

«La meg være» av Clare Mackintosh

Leseeksemplar

Den tredje og så langt nyaste boka til Clare Mackintosh er her! Eg (som omtrent resten av Noreg) synest dei to første var knallgode thrillerar, så eg gleda meg veldig til å ta fatt på La meg være.

Anna Johnson er ganske så forbanna på foreldra sine. Kanskje mest på mora si, Caroline. Faren begikk sjølvmord for 18 månader sidan, og eit halvt år etter hans død, tok Caroline sitt eige liv. Anna forstår ikkje korleis foreldra (og spesielt mora, som fekk oppleve å bli etterlatt sjølv) kan ha gjort dette mot henne. No sit ho åleine i barndomsheimen sin, med ein baby og ein mann ho er usikker på om ho elsker. På årsdagen dukker det opp eit smakløst gratulasjonskort på døra, med eit hint om at dette ikkje var noko sjølvmord. Anna går straks til politiet, og krev at foreldras død blir behandla som mord. Murray, den pensjonerte etterforskeren som bruker dagane sine til kontorarbeid, veit at denne saka ikkje vil bli tatt seriøst, og bestemmer seg for å undersøke på eiga hand.

Igjen har Mackintosh delt boka inn i fleire delar, der kvar del er ein drøy twist. Ho gjer akkurat det same her, men ho øydeleggjer litt for seg sjølv rett før del tre. Ho avslører ein detalj som gjer at du forstår halvparten av twisten før den kjem, og det irriterer meg. Ja, eg følte meg glup som forsto ein god porsjon før det blei «offisielt avslørt», men man vil jo bli tatt på senga, ikkje sant? Det er det eg vil ha av ein psykologisk thriller, i alle fall. Så sjølv om eg etter kvart oppdaga at eg på langt nær hadde gjetta alt, var eg irritert i omtrent femti sider før eg kunne kose meg igjen.

Boka er absolutt ein velskriven, psykologisk thriller! Like bra som dei to forrige? Njæ, ikkje eitt hundre prosent på linje med dei, men utan tvil i same sjiktet. Men om du ikkje har lest nokon av dei andre bøkene enno (lev du under ein stein?), så anbefaler eg å starte med denne, så blir dei berre betre og betre!

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Clare Mackintosh finn du HER.

Sitat

«Av måneskinn gror det ingenting» av Torborg Nedreaas

Av måneskinn gror det ingenting av Torborg Nedreaas las eg fordi det var boka som skulle diskuterast i lesesirkelen eg har blitt med i. (På Boksalongen i Bergen, litt snikreklame om du ser på bokmerket!) Eg må innrømme eg aldri hadde høyrd om ho, men etter å ha lest denne boka forstår eg ikkje kvifor. Nedreaas var verkeleg ei kvinne forut for si tid.

Boka er eigentleg fortalt av ein mann. Ein mann som møter ei kvinne på ein togstasjon, tek ho med heim, gir ho vin og lytter til henne. I løpet av ei natt forteller kvinna om eit vondt liv. Som tenåring forelska ho seg i læreren sin, og bruker omtrent heile livet sitt på å få denne mannen til å føle det samme som henne. Ho blir blant anna gravid, ender opp med å gifte seg med ein annan, ho forfølger han. Og ja, vi er i 1947.

1947. Boka var nesten ikkje aktuell då den kom, for ingen snakka høgt om seksualitet, moralske problem rundt graviditet utanfor ekteskap eller skeiv maktbalanse i forhold. (Sånn sett er boka høgaktuell innanfor #metoo.) Men Nedreaas torde å ta opp desse temaa, og på syttitallet blei boka brukt ofte av abortforkjemparar.

Temaet er hovudsakleg å elske nokon som ikkje elsker deg tilbake, og kor besatt denne usunne kjærleiken kan gjere folk. Eigentleg er dette Lena Anderssons sine bøker (Rettsstridig forføyning og Uten personlig ansvar) to generasjonar før. Boka er jo mykje rikare enn dette temaet (sjølv om man har meir enn nok å ta av), samfunnskritikk og vanskelege oppvekstar er ein stor del av historia. Og så er den så sår og fin! Absolutt verdt å lese.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017 (1947)

Sitat

«Kvelande kjærleik» av Elena Ferrante

Leseeksemplar

Kvelande kjærleik er den første romanen til Elena Ferrante, og den tynnaste og kanskje den ikkje-beste? Den er bra (som alt anna), men eg synest både Svikne dagar, Den dunkle dottera og Napoli-kvartetten er mykje betre. Og det er jo eigentleg ein god ting, at forfatterskapet berre blir betre og betre!

Tema i boka er som vanleg forhold mellom kvinner, og eit mor-datter-forhold faller jo absolutt innanfor den kategorien. Denne boka handler meir spesifikt om forholdet mellom Delia og mora hennar, og Delia si oppleving av barndommen sin. Forholdet til mora er ganske skada; Delia misliker ho eigentleg. Ho vil ikkje ha henne nær seg, ho er ganske frastøtt av henne. Og så drukner mora, berre i ført nytt, sexy undertøy. Delia oppdager at mora har hatt kontakt med ein mann frå fortida hennar, og blir dratt rett tilbake til barndommen og bruddet mellom foreldra. Ho må grave litt i minnene sine og dei nyare hendingane, og det er eit ganske hardt slag å sjå på ein forelder og oppdage at vedkommande berre er eit menneske.

Eg treng vel ikkje seie noko om språket? Om du ikkje har fått meg deg korleis Ferrante skriver enno, så veit eg ikkje kva eg skal gjere. Kort sagt: rått, flott og ærleg. Brutalt. Munnleg. Det flyt, enkelt og greitt.

Og eg treng vel i alle fall ikkje seie at eg anbefaler den?! Herregud, det er Ferrante. Les, for faen! (Om du liker Ferrante, for det er jo ein elsk/hat-situasjon. I alle fall om du ikkje liker nynorsk. Noko du burde.)

Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Elena Ferrante finn du HER.

Sitat

«Hennes løgnaktige ytre» av Selma Lønning Aarø

Okei, eg føler meg utruleg late to the party her, men har de lest denne boka?! Gudnådemeg, altså. (Vel, eg las den ikkje. Eg høyrde den på lydbok, og gjett om eg kan anbefale det! Andrea Bræin Hovig har gjort ein fantastisk innlesarjobb.)

Anna Munch har du nok aldri høyrd om. Eller du har kanskje høyrd at ho var ein stalker, som forfulgte Knut Hamsun, plaga han, sendte anonyme brev til folk han kjende om kor grusom han var? Det du burde høyrd var kor utruleg fantastisk ho var som forfatter, kor moderne ho var som kvinne og kor urettferdig samtida og ettertida har behandla henne. Og det er dette Selma Lønning Aarø tek opp i denne biografiske romanen basert på ekte brev, dagboknotater og fleire biografiar.

Anna har ein underleg oppvekst med sine mange søsken på eit asyl, der faren er bestyrer. Ho lengter etter å kome seg vekk frå alt og alle, og gifter seg med søskenbarnet til Edvard Munch. Ekteskapet visner raskt når ho begynner å skrive og får utgitt bøker. Bøkene får fantastiske kritikker, men privatlivet rakner. På eit foredrag høyrer ho Hamsun snakke om litteratur og politikk, og sender han eit brev for å fortelle kor einig ho var og kor flott talen hans var. Hamsun svarer ved å dukke opp på døra dagen etter. Dei utvikler eit vennskap, og Anna føler seg knytta til han på eit nesten åndelig nivå. Samstundes er han ein av samtidas største forfattarar, og skremmer livet av henne. Etter kvart går Hamsun lei av vennskapen etter ei episode på eit hotell, og plutseleg snur samfunnet (og avisene, og politiet) seg mot Anna. Hamsun har anmeldt henne, og hevda at ho er mentalt ustabil.

Historia er fortalt frå Annas dotter, Signe, sitt syn. Fortellinga til Signe vert sett i gang når ho i 1945 kjem ut frå Grini etter krigens slutt, og ser nekrologen Hamsun har skrive om Hitler. Brått hugser ho barndommen sin, og denne mystiske mannen frå den, han som kanskje var skuld i foreldra si skilsmisse, hennar oppvekst utan ei mor og kanskje skuld i moras galskap og lidenskap.

Sjølv om dette er ein heilt annleis roman enn Lønning Aarø pleier å skrive (som Jeg kommer snart), dukker mykje av den same tematikken opp: forholdet mellom kvinner og menn. Eller kanskje meir mangelen på det? Hamsun påstår jo at det ikkje eksisterte noko slags forhold mellom dei to, medan Anna meinte at dei hadde ei samhørighet.

Eg kan absolutt anbefale denne boka! For eit språk, for ei historie, for ei innsikt vi får! Og ikkje minst kor mykje norsk litteraturhistorie som er skvist inn i denne relativt tynne boka. Det her burde absolutt vore pensum på innføringsfaga i litteraturvitenskap (and I should know). Om du er like treig som meg og ikkje har lest boka enno, gjer deg sjølv ei teneste; LES DEN.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Selma Lønning Aarø finn du HER.

Sitat

«Det lille pianohuset» av Erica James

Leseeksemplar

Eg har alltid (eller, sidan eg las den fyrste boka hennar på norsk, Alt i et øyeblikk) likt Erica James. Den andre boka som kom på norsk, Lyden av en lerke, var òg fin, men ikkje i same klasse. Og denne her, Det lille pianohuset, er det i alle fall ikkje. At dette er ein av dei bestselgande bøkene til James, forstår eg ikkje! Dette blei ein skikkeleg nedtur.

Owen og Mia, begge i førtiåra i ein liten landsby i England. Owen har nettopp flytta tilbake etter tredve år, og er klar for å roe ned og leve på pengane han tente på å selje bedrifta si. Mia er gift med ein mann som ukependler til Brüssel, og har tre vaksne barn vi òg følgjer. Det leggast veldig tidleg opp til ein romanse mellom dei to, samstundes som du får vite kva som skjer i alle bipersoner sitt liv. Det er rett og slett eit enormt familiedrama.

Akkurat det – å følgje mange, mange personer – fungerer veldig godt hos enkelte forfattarar, som Carson McCullers i Hjertet er en ensom jeger, og John Steinbeck. For James går det ikkje like bra. Eg klarte ikkje knytte meg til ein einaste karakter, og alle føltast veldig flate. Jeff var slem, Madison var fantastisk, Tattie var fantastisk, osv. Det heile var (som sagt) eit familiedrama. Har nokon sett Chesapeake Shores? Utgangspunktet er bra (mange berømte skodespelarar, fine sett, eit potensielt bra plott), men det går rett i dass. Det blir så kjedeleg! Heile boka er som ein lang sesong av eit middelmådig tv-drama, og det er i alle fall ikkje slik eg vil ha bøkene mine.

Eg les jo absolutt alt, og elsker ei god feelgoodbok, men dette var så overfladisk at eg nesten vil grine. James legg riktig nok inn fleire finurlige detaljer (som at Tattie er Marilyn Monroe-imitator og driv ei bedrift som sel økovennlige gaveposer til barnebursdager), men heilheta blir for platt. Med tanke på kor utruleg flott Alt i et øyeblikk var, så kjennest dette nesten litt ut som ein fornærmelse – eg veit jo at ho kan skrive så ekstremt mykje betre. Så gi meg noko betre.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Erica James finn du HER.

Sitat

«En by som Alice» av Nevil Shute

Leseeksemplar


«Bokhandlerfavoritt» står det på framsida; ein god, gamal klassiker. Og som (eks-)bokhandler kan eg jo seie at boka er god. Favoritten min blir den kanskje ikkje, men den er absolutt velskriven. Det er ei skikkeleg typisk bok for si tid, med mykje detaljer (som eigentleg ikkje er naudsynte, men berre oppretthalder ei atmosfære), historie, karakterer og som ikkje fokuserer så mykje på det indre. Hovudpersonen i denne boka er nemleg ikkje fortellaren, så det aller meste vi får vite om henne er annenhåndskunnskap.

Før eg forteller litt om handlinga, vil eg berre sei at starten er vilt forvirrande. Det er mykje forklaring av datoer, slektninger, teknikaliteter og slikt. Endå verre blir det når både Jean (som er hovudpersonen vår) har ei mor som òg heiter Jean, så du mister heilt oversikt. Dei første sidene oppsummert: James McFadden satte opp sitt testamente før andre verdskrig, og siste i rekka til å arve var ungjenta Jean Paget. No er vi komne til 1950, og testamenteksekutoren (jeg-fortelleren) Noel Strachan får beskjed om at McFadden er død. Strachan finn ut at alle andre i arverekka – unntatt Jean – er døde, så han kontakter henne.

Jean har altså plutseleg blitt ei veldig rik, ung kvinne. Og det fortener ho då òg, etter alt ho opplevde under andre verdskrig. Ho var i Malaya då krigen braut ut, og saman med ei rekke andre kvinner vart ho sendt rundt om i landet til fots i fleire år, då ingen leirar ville ta i mot dei. Dei fleste av desse kvinnene (og borna deira) døydde. Jean gløymer aldri hjelpa dei fekk av ein australsk mann, som vart korsfesta (ja, korsfesta!) for å ha stole ein kylling til kvinnene. Vel, Jean bestemmer seg for å bruke av sin nye formue til å reise ned til Malaysia (tidlegare Malaya) for å bygge ein brønn til dei som hjalp henne. Når ho er der, får ho vite at den australske mannen, Joe, ikkje døydde. Jean veit at ho må sjå han igjen, og reiser til Australia for å finne han.

Dette er utan tvil ei romantisk bok, sjølv om eg ikkje vil kalle det ei kjærleikshistorie. Det er mest av alt ei bok om ei sterk kvinne. Og det er basert på ei ekte sterk kvinne, som faktisk leidde ein slik gjeng av kvinner rundt om i Asia (men det var på Sumatra, ikkje i Malaya).

Om du har lest trilogien om Old Filth av Jane Gardam, trur eg nok denne boka vil falle i smak òg.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017 (1950)

Sitat

«En sang for druknede sjeler» av Bernard Minier

Leseeksemplar

Hurra!! Ny bok av Bernard Minier! O lykke, kan du godt seie. Det seier du i alle fall om du fekk med deg den første boka om kriminalførstebetjent Martin Servaz i fjor haust, Hvis helvete var av is. For den var jo fantastisk. Den (og denne) er faktisk noko av den beste krimmen eg har lest, og eg misliker eigentleg politikrim. Men Minier er fantastisk. Og når bøkene er på 600 sider, er det jo voldsomt godt gjort å halde spenninga oppe gjennom heile greia.

Martin Servaz vil nok aldri heilt bli fri frå spøkelset til Julian Hirtmann. Eller, tanken om han. Han er sikker på at Hirtmann vil kome att – ein mann som han kan aldri slutte å drepe. I mellomtida må Martin gjere jobben sin som politimann, og ei ekkel sak dukker opp. Ein ung, vakker lærar har blitt funnen død i badekaret sitt, med mange dukker flytande i bassenget hennar. Og ved bassengkanten sit ein elev. Saka verker ganske så enkel, heilt til Martin oppdager at ein CD av båe Hirtmann og Martin sin favorittkomponist, Mahler. Og brått er det litt meir komplisert.

Fortida til Martin blir gravd opp, og framtida til dottera vert truga. Ingenting i saka ser ut til å gi meining, og den hovedmistenkte er sonen til Martins ungdomskjærast. Som sagt: litt komplisert. Og etter kvart griseskummelt. Perfekt påskekrim!

Sjekk det creepy omslaget, då!! Akkurat slik som i bok nummer ein er det fokus på eit auge (som så klart har mykje med plottet å gjere), og eg elsker at dei matcher.

Eg antar den tredje boka kjem i haust, i alle fall håper eg det. Eg venter i alle fall i spenning, og gler meg allereie.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Bernard Minier finn du HER.

Sitat

«Krittmannen» av C.J. Tudor

Leseeksemplar

Oooh, eg elsker slike krimbøker som skiljer seg ut frå resten av sjangeren. Dette er langt i frå den tradisjonelle krimromanen, og høyrer heller ikkje til den populære psykologiske thrilleren. Eigentleg er det vel ein slags noir? Ein skikkeleg mørk roman om hemmeligheter i barndommen, å kjenne sine nærmaste og det absolutt styggaste i kvar av oss.

Eddie Adams kan båe verke som – og er – ein ganske trist mann. Han bur i barndomsheimen og er lærar på skulen han sjølv gjekk på som barn, i ein bitteliten by i England. Hans einaste omgangskrets er barndomsvennane, «Fat Gav» og «Hoppo». Og den unge leigetakeren, som han er litt småforelska i. (Ja, trist). Og han drikk altfor mykje, altfor ofte. Alt går sin vante, patetiske gang, heilt til ein annan skikkelse frå barndommen dukker opp: Mickey. Og Mickey dreg med seg mange minner til byen og ripper opp i sår mellom den gamle gjengen. For Eddie blir fortida brått veldig nær, og han vert minna om alt det grusomme som hendte dei den sommaren for 30 år sida: drapa, voldtektene, lemlestelsane, krittmenna. Og korleis ingenting eigentleg blei oppklart.

Det er litt ytre spenning, men det meste er indre spenning, i form av minner og psyke. Så den er ganske roleg, men gud så mykje Tudor har klart å pressa inn. Her er ekstrem religion, seksuelt misbruk, bygdedyr, underlige vennskap og mykje raseri. Så sjølv om boka ikkje er heseblesande, er den verkeleg spennande. Omtrent umogleg å leggje ned; Tudor heldt på dramatikken til siste side. Bokstavelig talt.

Eg kan absolutt anbefale denne boka! Perfekt påskelektyre. Uhyre velskriven, og om du likte Matt Weslowskis Seks historier, trur eg at denne òg er i di gate. God lesning!

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av C.J. Tudor finn du HER.

Sitat

«Veronika vil dø» av Paulo Coelho

Coelho sine bøker er stort sett slik at du anten elsker eller hater dei, og eg er ein av dei som elsker dei. Dei er jo ganske spesielle, og ikkje vanlege romanar med ei enkel historie rett fram. Her er det stort sett viktig å lese litt mellom linjene, og følge med på dialogen og tankane til personane framfor handlinga. Utroskap er kanskje ei av favorittbøkene mine.

Veronika er ei ganske så alminnelig, slovensk ung jente. Ho har ein ok jobb, kjærester og venner frå tid til annen, livet er stort sett ganske ok. Og her er problemet. Livet er så likefram og grått og Veronika ikkje føler at ho faktisk lever. Ho føler faktisk at livet er for stabilt. Så ein dag svelger ho mange smertestillande, klar for døden. (Problemet med ting som paracet og slikt, er at det ikkje tek livet av deg. Det skader derimot levra, hjartet og andre organ såpass at du vil døy av skadene etter kvart; ein ganske smertefull død. Så sånn sett «døyr» du to gonger.) Så Veronika vakner på eit asyl, for å leve ut sine siste dager der, saman med dei mentalt sjuke og dei som later som dei er det, for å leve avskjerma på staten si rekning. Og medan ho døyr, lærer Veronika mykje om å leve.

Boka er verkeleg ein tankevekker, og alle som har slitt med depresjon eller sjølvmordstanker bør lese den. Den gir så utruleg mykje! Coelho skriv så utruleg fint, og han skildrer både menneska og miljøet så utruleg godt. Han veit kva han snakker om; han har sjølv vore innlagt på institusjon nokre gonger då han var yngre, og ingen har enno fortalt han kva han gjorde der. Og Veronika er basert på ein ekte person, slik som asylet er basert på eit ekte asyl i Slovenia.

Ei bok verdt å lese, for alle som vil lære litt om livet.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2012 (1998)

Fleire bøker av Paulo Coelho finn du HER.