Sitat

«Charlotte» av David Foenkinos

Boka er sponsa av Solum Bokvennen

Det einaste forholdet eg har til bøkene til franske Foenkinos, er den korte og supersøte kjærleiksromanen Nathalie. (Nathalie var faktisk ei av mine første omtaler her på bloggen, så eg blir litt nostalgisk og småflau av å sjå den att.) Men den likte eg jo supergodt, så når eg oppdaga Charlotte (skriv han kun bøker med kvinnenamn som tittel?), så vart eg jo freista.

Charlotte er ein biografisk roman, basert på livet til den tysk-jødiske kunstneren Charlotte Salomon, som døydde 26 år gamal. Ho skreiv faktisk ein sjølvbiografi, og herifra har forfattaren henta mykje inspirasjon og kunnskap. Vi er jo i Tyskland på tredve- og førtitalet, så nazismen speler ei stor rolle i boka. I tillegg var jo Charlotte og hennar familie ein del av den kulturelle eliten, og vi veit jo alle kva som etter kvart skjedde med jødiske kunstverk, jødiske artistar, kunstnarar og forfattarar. (Om du ikkje veit det, google litt rundt og førebu deg på eit sjokk. Og sjå filmen The Monuments Men!)

Charlotte får ein dårleg start på livet. På morssida i familien tek folk sjølvmord tilsynelatande heile tida, og når ho er ei lita jente er det mora som tek sitt eige liv. Faren er kirurg, og har ikkje moglegheit til å vere heime med ei lita jente. Han gifter seg med sangerinna Paula, som er ein praktiserande jøde. Sjølv om Charlottes familie til no har vore sekulære jøder, tek dei opp att tradisjonane Paula er så glad i. Men Tyskland endrer seg raskt. Charlotte klarer å bli den eine prosenten jøder som får gå på Kunstakademiet i Berlin, og ho set i gong som måler for alvor. Og så dukker Alfred opp – mannen i hennar liv. Charlottes liv vert meir og meir komplisert, og ho reiser til slutt til Frankrike. Det er ikkje noko hemmelegheit at Charlotte døyr under krigen (bare sjå alderen hennar), men livet hennar under krigsåra er fascinerande og hjerteskjerande.

Språket er noko for seg sjølv! Sjølv om du går djupt inn i kjenslene til folk, er det ein «eg»-forteljar i boka som skriv denne historia. Ganske spesielt, men det fungerer. Setningane kjem ganske oppstykka, og her er omtrent like mange linjer som setningar. I tillegg er boka delt inn i delar, som er delt inn i kapittel. Denne hakkete lesninga kan jo slå to veger, og den skal nok vere med på å gjere tempoet i romanen roleg og sakte. For meg vert det heilt motsett! Det gjer at det blir lyrikk, engasjerande poesi! Eg les fortare og fortare inn i meg – sluker det – og kjem til eit punkt der eg vil rope ut teksten! Og så kjem eit nytt avsnitt, og eg startar sakte igjen. Og slik går tralten. (Forfattaren har i eit kapittel forklart kvifor boka er skriven slik.)

Overraskande nydeleg og lettlest bok, som dei færraste (om nokon) vil angre på at dei tok seg tida til å lese. Enten du er glad i lyrikk, bøker med poetisk språk, historiske romanar, kunst, historie eller berre ei god forteljing, er Charlotte midt i blinken.

Forlag: Solum Bokvennen
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av David Foenkinos finn du HER.

Sitat

«Skjønnhet for aske» av Cecilia Samartin

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Norsk er faktisk det første språket denne boka er publisert på, den engelske utgåva er ikkje å få tak i enno. Så det er jo ei verdspremiere! Og det er ei anna slags premiere òg, for dette er det fyrste møtet mitt med bøkene til Samartin. Det freistar å lese fleire bøker etter å ha lest denne, sjølv om den skal vere ganske annleis enn dei førre bøkene hennar.

Dette er ein ganske rå roman om trafficking, menneskesmuglig, tvangsprostitusjon og alt anna i same kategori. Du kunne kalt det slaveri, for den del. (For det er jo dét det er, moderne slaveri!)

Vi møter tre veldig forskjellige jenter som hamnar i Las Vegas på ganske ulikt vis. Inesa er rundt 16 år og vert kidnappa frå heimbygda si i Moldova; Karla på rundt 14 som forelsker seg og vert manipulert av ein hallik i Mexico; og til slutt 9 år gamle Sammy som stikk av frå barnevernet etter ei grusom hending. Vårt fyrste møte med desse jentene er i Las Vegas når dei møtast for å rømme til California saman. Så vert historiene deira rulla opp, med vondare og verre hendingar for kvart kapittel.

Sjølv om dette er eit ganske jævlig tema, så dristar eg meg til å kalle boka feelgood. Den er jo full av håp! (Vi veit jo allereie frå starten at dei i alle fall er sterke jenter som gjer sitt beste for å kome seg vekk frå «syndenes by».) Det er jo hjerteskjerande! (Sjølv om boka underlig nok ikkje fekk meg til å gråte.) Og ikkje minst viktig, for den belyser eitt tema dei fleste av oss (nordmenn) nok ikkje tenkjer noko særleg på.

Samartin kunne gått mykje djupare inn på den psykologiske biten, og refleksjonane jentene gjer seg om det nye livet sitt. Ho gjer dei ganske distanserte, det blir litt sånn «han voldtok meg» og så fortset berre historia utan å stoppe opp og behandle temaet. På ein måte burde ho jo gå nærare inn på jentene, men samstundes tenkjer eg at då hadde eg nok grått eller kasta opp for kvart kapittel. Den nøkterne måten dei verste handlingane stort sett vert skildra, gjer at boka òg kan passe for ungdom. (Men ikkje kjøp den til tenåringsdottera di om ho er ei sart sjel.)

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Pust for meg» av Cecilie Enger

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Dette er ein av haustens sterkaste titlar. Folk kan kaste seksarar etter Helga Flatland, men når det kjem til psykologiske samtidsromanar, så er det Cecilie Enger som verkeleg imponerer. (Eg har lest Mors gaver òg, men den var berre sånn heilt grei.) Eg meiner det heilt seriøst, denne boka er fantastisk.

Sjølve handlinga kan oppsummerast ganske kort: Anestesilegen Carla Ruud på seksti år skal køyre heimatt til bygda ho vekste opp i og besøke mor si. Når ho nemner dette for ein kollega, spør han om niesa hans som skal den vegen, kan få sitte på? Carla seier at det er greitt, og hentar manusforfattaren Synne på tjueseks år. Turen blir ganske slitsom for Carla, for Synne maser og spør oger utruleg betrevitande og pompøs. Men så treff bilen ein issvull og skjener av vegen. Synne dør. Carla kan berre site makteslaus og sjå på.

Boka dreier rundt korleis Carla takler dette dødsfallet. Skuldkjensla ho både har og ikkje har, refleksjonane rundt om ho skal kontakte foreldra til Synne. Og ikkje minst smerten ho kjenner på, som er veldig ironisk med tanke på jobben hennar innan anestesien. Når Carla så finn dagboka til Synne i bagasjen hennar, klarer ho ikkje motstå freistinga det er å lese.

Det er så utruleg levande skildra, eg kunne sjå absolutt alt medan eg leste. Boka er dramatisk, fin, sår og sterk. For ikkje å snakke om kor reflektert og velresearcha den er! Dette er som sagt ein av dei sterkaste norske titlane i år, kanskje den sterkaste? Kjøp den til deg sjølv, kjøp den til alle du kjenner!

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Cecilie Enger finn du HER.

Sitat

«Vigdis, del for del» av Kaja Schjerven Mollerin

Boka er sponsa av Gyldendal Norsk Forlag

Denne boka kom jo på eit perfekt (kommersielt) tidspunkt – rett etter at folk hadde halvvegs gløymd Fri vilje av Helga Hjorth. For debatten er i gang igjen! Men altså, dette er ikkje eit forsvarsskrift i Arv og miljø/Fri vilje-debatten om virkelighetslitteratur, for boka var påbegynt før Arv og miljø kom ut. Likevel er det ikkje til å stikke under ein stol at denne romanen blei ein stor «del» av Vigdis Hjorth sitt forfatterskap og suksess, så denne tematikken både opner og avslutter boka. Og det er voldsomt interessant!

Eg har gått litt fram og tilbake med meg sjølv, er dette eigentleg ein biografi? Her er jo kun samtaler (samt litt fakta fortalt av Schjerven Mollerin før samtalene)? Det er jo ikkje ei kronologisk historie om eit liv eller eit forfattarskap for fem flate ører, heller ikkje saftige avsløringar, hjerteskjerande opplevingar og ville historier. Men jo, eg har konkludert med at det er ein biografi, for du blir såpass godt kjend med mennesket Vigdis Hjorth. Del for del.

Det er samtaler om alt mogleg innan litteratur, politikk og historie. Samtalene er ærlege og autentiske, sjølv om Schjerven Mollerin styrer retninga med jernhand. Her svarer ein på det ein blir spurt om, og seier ein A må ein seie B. Sjølv på papiret kan ein merke at her er to utruleg intelligente kvinner med god kjemi. Ein treng kanskje ikkje berre interessere seg for Hjorth for å ha glede av denne boka, ein bør ha ei viss interesse for politikk, historie og ikkje minst litteratur for å henge med. For her er mange kulturhistoriske referansar, sjølv om det overraskande nok ikkje gjer boka spesielt tung.

Ein lærer Vigdis å kjenne, del for del og hulter til bulter. Ho er absolutt ei skarp og klok dame som har bøttevis med sjølvinnsikt. Her er òg mange parallellar til Woody Allen og hans verk og humor, og mykje av Hjorths eigen humor. Og varme, då. Det er tullete godt skrive, og til saman vert dette ei ganske fantastisk bok.

Og til det alle lurer på: er overgrepshistoria til Bergljot sann?? Eg skal ikkje avsløre svaret, men om du les boka er det kanskje lettare å gjere seg opp ei meining. (Eg har no alltid hatt mi meining om sanninga i desse to «søsterbøkene», men den debatten får eg heller ta i eit eventuelt innlegg om Fri vilje.)

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Krater» av Marlen Ferrer

Boka er sponsa av Gyldendal Norsk Forlag

Dette er den andre boka til Marlen Ferrer, den fyrste var De bortkomne. Eg har den og liggande, men har ikkje fått somla meg til å lese den enno. Etter denne opplevinga her, blir det i alle fall ikkje spesielt lenge til eg plukkar den opp. Ferrer skriv drivande godt, sjølv om det av og til går litt fort i svingane og eg skummer. (Unnskyld.)

Bo er ein ganske hard, singel type på rundt førti og bur i Oslo by. Sjølv om livet hans ikkje alltid har vore så lett, går det over til å bli direkte sært. Ein morgen går Bo frå one night standen, Leonora, for å kjøpe kaffi. Kynisk som har er, drar han ikkje tilbake til leiligheta si der denne kvinna fortsatt er og sit i senga hans, men stikk innom Kaffibrenneriet for å drikke kaffi i tillegg. Når han etter ein times tid somlar seg tilbake til blokka si, vert han møtt av politisperrer. For der leiligheta hans var, er no eit krater. Ei bombe har gått av, og snart vert det tydeleg at Bo sin nabo, Aldin, er – var – ein ung, islamsk ekstremist som har sprengt ei bombe. Seier dei, i alle fall. Bo klarer ikkje ta det inn over seg heilt. Aldin?

Resten av boka er absurde, djupt reflekterte, morsomme og politiske avsnitt om korleis Bo takler å bli heimlaus (dårlig med forsikring!), roter seg til å bli mistenkt i etterforskninga (fordi han nekter å innrømme at han faktisk kjende Aldin), ender opp på loftet til ekskona til ein framand ei stund, prøver å få kontakt med Leonora, og ikkje minst korleis tapet av Aldin preger han. Her er rett og slett mange merkelege situasjonar. I tillegg vert barndommen hans rulla opp, og det er ei sterk historie om ein oppvekst der ein kjenner seg uønska.

Ferrer har skrive fram eit komplekst forhold mellom menneske som inneheld både omsorg, kjærleik, lojalitet og frykt. Forholdet mellom Bo og Aldin er utan tvil spesielt, og går på tvers av alder, religion og seksualitet. Imponerande nok klarer Ferrer å skildre dette utan å eksplisitt kalle det som er mellom dei eit homofil forhold, og utan å gjere det til ein big deal – noko det eigentleg er, med tanke på at Aldin er ein ekstrem islamist. Sånn sett er det ei veldig politisk bevisst bok, som berører ein del sårbare tema, spesielt når terroristar vert skildra som menneske. For korleis kan ein elske ein terrorist? Kva skjer med alt det fine ein veit om dette mennesket når dei tar slike val? Forsvinn det? Forsvinn kjærleiken?

Dette er enno ei ganske ujevn, men uomtvistelig sterk, original og relativt ny stemme i norsk litteratur. Eg er glad det enno blir gitt ut såpass ukommersielle titlar i Noreg, for dette er ikkje ei bok «massene» vil sluke. Dei som har interessen, vil oppdage ei til tider fantastisk bok om vennskap, kjærleik og religion.

Forlag: Gyldendal norsk forlag
Utgivelsesår: Krater (2017)

Sitat

«I en mørk, mørk skog» og «Kvinnen i lugar 10» av Ruth Ware

 I en mørk, mørk skog er eit leseeksemplar frå Norli

Dette er chick-lit-krim i særklasse, for alle som likte Piken på toget og Bak lukkede dører. Likevel vil eg kanskje kalle dette meir ein vanleg thriller enn ein psykologisk thriller, sjølv om du blir ganske slått ut av slutten. Utan å vere kjønnsdiskriminerande, er dette ei bok for damer. For guds skuld, vi er på eit utdrikningslag med mange fulle, unge kvinner. Det kan minne litt om Store hvite løgner, og tilfeldigvis er det Reese Witherspoon (som speler ein av hovudrollene i serieversjonen av Big Little Lies) som skal produsere filmversjonen. Eg gler meg vilt til å sjå kva det blir ut av det!

Boka handler om Leonora «Nora» Shaw. Nora er krimforfatter (!), og ganske tilbaketrekt. Difor blir ho ganske overraska når ho får ein mail frå forloveren til barndomsvenninna Clare. Ho vert invitert til Clare sitt utdrikningslag – på ei hytte i ein mørk, mørk skog. Nora vil eigentleg ikkje reise, for ho skjøner ikkje kvifor ho er invitert. Ho har ikkje snakka med Clare på ti år, og visste ikkje ein gong at ho skulle gifte seg – eller med kven?

Boka er creepy, nesten latterleg underholdande, skarp og eg kan love at du blir bli overraska av i alle fall tre ting. (Sjølv om du trur du har gjetta alt, så lover eg deg at det har du ikkje!)

Kvinnen i lugar 10 er sponsa av Gyldendal

I bok nummer to er handlinga lagt til dei norske fjordane, noko som ein kvar nordmann synest er kult (kvifor blir vi nordmenn så starstruck av oss sjølve når Norge vert nemnd av ein utlending?). Og det er tydeleg at «den vanskelege andreboka» var ganske lett for Ware, for denne er endå meir spennande! Eg vil ikkje eigentleg kalle denne chick-lit-krim, for denne er iskald og skummel som fy.

Reisejournalisten Laura «Lo» Blacklock er på minicruise langs norskekysten for å skrive om reisa med båten, Aurora. Lo er ganske stressa på turen, for rett før ho reiste frå London, hadde ho eit innbrudd i huset og deretter dumpa ho kjærasten. Det blir liksom ikkje betre når ho høyrer eit plask og ser at nabobalkongen (ja, dette minicruiseskipet har glassbalkongar!) er full av blod. Ho slår alarm, men får beskjed om at ingen kan ha blitt kasta ut av den lugaren, for det bur ingen i lugar 10. Noko som Lo absolutt ikkje kan forstå, for ho snakka då med naboen sin tidlegare på dagen og lånte ein maskara? Spenninga auker når det mellom kapitlar dukkar opp epostar, facebookinnlegg og avisutklipp datert berre to dager etter at cruiset startar, der Lo vert meldt sakna. Og så dukker det opp eit lik.

Bøkene hennar minner meg litt om stilen til Gillian Flynn, for det er ikkje alltid du liker hovudpersonen så godt. Likevel, ein får sympati. Og ho klarer å sjokkere, og måten ho held spenninga oppe på er faktisk textbook-bra. Dette er rett og slett utruleg spennande greier, og eg kan anbefale begge bøkene sterkt!

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: I en mørk, mørk skog (2017), Kvinnen i lugar 10 (2017)

Sitat

«Her, nå, alltid» av Catherine Isaac

Boka er sponsa av Bastion forlag

Eg var ganske skeptisk til at dette skulle vere «den nye Jojo Moyes«. Kvifor i alle dager treng vi ein ny Jojo Moyes? Men ja, etter å ha lest boka forstår eg samanlikninga. Sjølv om denne boka er hakket søtare, slo den meg faktisk litt i magen.

Boka handler om Jess, som er åleinemor for tiåringen William. Denne sommaren tek ho han med på ferie til Frankrike, for å tilbringe tid med den fråverande faren sin, Adam. Som om det ikkje er slitsomt nok å vere rundt eksen sin i vekesvis, har ho dårleg samvit for å reise frå mora, som har Huntingtons syndrom, og sakte, men sikkert, mister seg sjølv og døyr. Denne reisa til Frankrike var eit av moras største ønsker for Jess, men Jess sjølv har eit heilt eige motiv for å ta turen.

Utan å avsløre for mykje handler boka om sjukdom – ein arveleg og dødeleg sjukdom – og familieband, kjærleik, ansvarsfølelsen mellom ein forelder og eit barn (begge vegane), å tvinge seg sjølv til å vere den vaksne, tilgjeving og stoltheit.

Boka er søt og romantisk, og utrulig sjarmerande! Sjølv om det er ein lettlest kjærleiksroman, er den medrivande og rørande. Det er jo denne typen bøker Bastion forlag er kjent for, og dette er verkeleg Bastion på sitt beste. Eg må jo berre innrømme at promoteringa er heilt korrekt: dette er ein ny Jojo Moyes. Når kjem filmen?

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Vaffelhjarte» og «Keeperen og havet» av Maria Parr

Denne barneboka (som allereie er ein klassikar) er heile tolv år gamal (!), men eg har ikkje lest ho før no. Noko som kunne virka ganske rart, for Maria Parr er frå ei bygd berre ein god halvtime unna heimstaden min. Og eg visste jo kven ho var! Eg hugsa eg høyrde og las i avisa om den unge jenta frå Sunnmøre som gav ut bok, og eg vart kjempesjalu. Eg skulle jo vere den yngste forfattarinna herifrå! Så ja, eg unngikk nok å lese boka i stille protest og blind misunning. Eg må jo berre flire når eg tenkjer på det. Og ikkje skjøner eg no kvifor eg var sjalu, for eg er yngre no enn Parr var då ho gav ut boka. Ho var jo 24 (eg innbilte meg alltid at ho var sånn seksten?), og eg er berre 21. Så vi får sjå, då! (Neida, ignorer den grusomt dårlege humoren min. Sjølv om alt er heilt sant.)

Dette er ein fantastisk herleg roman (for barn og vaksne) om Trille og Lena. Begge bur dei i den vesle sunnmørsbygda Knert-Mathilde (!), dei er faktisk naboar og bestevennar. I alle fall halvvegs. Trille veit at Lena er hans beste ven, men han er litt usikker på om det går begge vegar. I eit heilt år – frå sommaren før fjerde klasse og til slutten av skuleåret – følgjer vi desse to galne ungane. For dei er galne. Uansett kvar dei går, endar det opp med komplett sirkus. Og likevel går det heilt fint, for uansett kva som skjer, kan tante-farmor sine vafler fikse alt. Men, kva visst det skjer noko som vaflene ikkje kan fikse?

I tillegg til den deilige humoren og det freidige sunnmørsmålet, er her alvor og varme. Dette er ei nydeleg bok om vennskap, familie og om livet på bygda (noko eg veit det meste om). Om du (som meg) har gått glipp av denne boka så lenge, er det på tide å komme seg til butikken. Du vil ikkje angre! Dette er le-høgt-medan-du-er-heime-åleine-materiale.

Keeperen og havet er sponsa av Samlaget

Altså, grunnen til at eg kom i gang med å lese desse bøkene var fordi eg høyrde Maria Parr sjølv lese frå den siste boka. Og eg holdt faktisk på å flire meg i hel. Det var så vittig!

Endå ein gong følgjer vi Lena og Trille gjennom eitt år. Men sjølv om det er tolv år sidan førre bok, har dei berre blitt tre år eldre, og vi møter dei sommaren før sjuande. Og her endrar ting seg litt, for no flytter den nederlandske jenta Birgitte til bygda med sine reisande foreldre. Trille er snill og grei som vanleg og tek i mor Birgitte med – i følgje Lena – litt for opne armar. Lena blir berre surare når ho vert pressa av fotballaget sin nye trenar, sjølv om ho er overbevist om at ho er den beste keeperen. Her er mykje sprell og fanteri her òg, sjølv om det er ein del meir dramatikk. Til dømes å gå julebukk i orkan (som minner mistenkeleg mykje om nyttårsorkanen vi merka hardt på Vestlandet i 2012), og å merke at vennskap vakler og at ingen lever evig.

Denne boka er mykje modnare enn Vaffelhjarte, men det skulle då berre mangle når både forfattar og hovudpersonar er blitt eldre. Likevel er her den same sjarmen og gleda vi opplever i den fyrste boka. Begge bøkene vil få deg til å le og gråte om einannan, kanskje spesielt om du er frå ei lita vestlandsbygd. Og dersom du aldri har tilbrakt ein søndags ettermiddag med desse to bøkene, har du gått glipp av mykje glede her i livet. Eg ser fram til å lese desse høgt (eller berre tvinge dei på) tanteungane mine. Gjer det med dine òg.

Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: Vaffelhjarte (2005), Keeperen og havet (2017)

Sitat

«Verda er ein skandale» av Agnes Ravatn

Boka er sponsa av Samlaget

Agnes Ravatn sitt forfattarskap famnar imponerande breidt! Romanar, essay, sjølvhjelpsbøker… Og for å ikkje snakke om kvaliteten. Til tross for den korte omtala mi av Fugletribunalet, er det nok ein av romanane som sit djupast igjen hos meg.

Denne boka er fulle av essay, eller «stasjonære reisebrev», om korleis opplevinga av å flytte langt ut på bygda etter ti år i Oslo. Det passer jo så greitt no, med barselpermisjon og alt. Sjølv om ideen er ganske idyllisk, er det ikkje alt som lev opp til forventingane. For sjølv om gardshuset er nyoppussa, so tek jo kommuna seg si tid med internettoppkoplinga. Og knekkebrøda blir jo aldri som dei skal! Mobildekninga er håplaus, og her er jo ingen å snakke med.

Vel, nesten. For nærmaste nabo (sånn omtrent) er forfattar Einar Økland. I alle essayene er her samtaler med Økland, om alt mellom himmel og jord. Eg har ikkje noko spesielt forhold til Økland og hans litteratur, men om noko kan gjere deg lysten på å lese verka hans, må det vere desse samtalene og skildringane av han.

Skildringane til Ravatn er skarpe, morosame og menneskelege. Det er snakk om berre nitti sider, men det er overraskande mykje ein kan få pressa inn på så lite plass, altså. Inkludert knekkebrødoppskrifta til Einar Økland.

Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Agnes Ravatn finn du HER.

Sitat

«Tung tids tale» av Olaug Nilssen

Boka er sponsa av Samlaget

Eg trur ikkje eg ville plukka med meg denne boka dersom eg ikkje hadde høyrd Olaug Nilssen lese høgt frå boka. Eg var jo ikkje spesielt begeistra for Få meg på, for faen (boka altså, filmen likte eg godt) og hadde altså ingen planer om å lese denne boka. FØR. Førførfør…! Før Olaug leste høgt frå den, og eg heldt på å grine.

Dette er ein sjølvbiografisk roman, ikkje ein dokumentar. Grunnen til dette er at det er Olaug sine eigne erfaringar det er snakk om, men dei er utelukkande hennar oppleving av «saken» (om eg kan kalle dét det). Det er altså ikkje fiksjon, men skjønnlitteratur basert på røynda.

Sjølve handlinga i boka spinner rundt at ni år gamle, autistiske Daniel treng ein avlastningsplass på institusjon, men at dette er vanskeleg å få til fordi foreldra ikkje vil få stilt ei diagnose for psykisk utviklingshemming. Det heile vert ein kamp mot byråkratiet og diagnosesamfunnet og samfunnet generelt, ein kamp mot seg sjølv og pedagogar og legar av alle slag – for ikkje å snakke om den fysiske kampen mot sonen sjølv. Kva er eigentleg rettferdig? Kva burde ein kunne kreve, ønske seg, søke om? Kva er rimeleg?

Boka er ærleg og sår, og ikkje minst engasjerer den og gir eit nytt blikk inn i livet som mor til ein «annleis» unge. Den kjensla ho skriv fram, om å føle seg utilstrekkeleg, den kan eg relatere til. Eg skal ikkje påstå at eg forstår Olaug eller veit korleis ho har (hatt) det, men eg forstår vel meir at eg ikkje forstår. Så sånn sett skjøner eg jo litt meir enn før, og eg sympatiserer i det minste. Og det er jo ei bragd i seg sjølv, å gjere boka såpass ekte og rørande at ein verkeleg bryr seg om det ein les. For den er det; djupt rørande.

(Eg sleit med lyset når eg tok bilete av boka; den er grønn, ikkje turkis. Eg kunne så klart tatt eit nytt bilete seinare, men det gadd eg faktisk ikkje. Innhaldet er det viktigaste her.)

Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Olaug Nilssen finn du HER.

Sitat

«Dumme, dumme hjarte» av Linda Klakken

Boka er sponsa av Samlaget

På bloggen her er det jo fronta fleire ungdomsbøker som tek opp dette temaet med å vere skeiv. Bøkene til Becky Albertalli til dømes, og Kunsten å vere normal av Lisa Williamson. I ein overgang mellom barn og ungdom, og ungdom og vaksen, kan dette vere vanskeleg å forholde seg til. Omtrent alle bøker og filmer har heterofile par, og det er jaggu på tide at det jamnar seg litt ut i dei fleste medium. Det er jo ein del å få på engelsk (og omsett til norsk) om dette, men bøker om temaet skrivne av ein norsk forfatter, har vore ei sårt tiltrengt mangelvare i litteraturen. Heilt til no, då!

Klara er ei jente som bur på Sunnmøre, ikkje er spesielt kul, har skilte foreldre (som inkluderer den litt deppa faren Frode), ei bestevenninne, og så går ho på ballett. Det er på balletten at ho først får auga opp for den nye jenta frå Oslo, Marie. Ho synest Marie danser sååå fint, er pen og kjempehyggelig. Og så oppdager ho at ho kanskje er forelska for fyrste gong.

Og dette er jo kanskje det beste med boka: den handler om at Klara er forelska i Marie, ikkje at Klara er forelska i ei jente. Det er eigentleg ikkje poenget i det heile. Denne normaliseringa som vi også ser hos Becky Albertalli, er flott! Det er slik det skal vere. Og så fint at mi oppfatning av dette, stemmer med kva forfattaren sjølv hadde som mål. Denne boka kom nemleg i mine hender då eg var på høstmøte med Samlaget, og Linda Klakken sjølv var med og las i frå boka. Klakken er sjølv gift med ei kvinne og har to små jenter, så det er vel ikkje mange som kunne skrive denne boka betre enn henne. Eg vil gjerne presisere det som Klakken sjølv gjer i sitt intervju med Framtida.no, at dette er ei historie om forelsking, ikkje om homofili.

Eg synest boka når opp til målet sitt – å avdramatisere homofili – på ein veldig god måte. Det er jo så uproblematisk! Det er veldig godt formidla, og eg følte aldri at det var ei «komme ut av skapet»-bok, berre ei bok om forelsking.

Under denne hovudhistoria om den første kjærleiken, er det òg fokus på at Klara prøver å muntre opp den nyskilte faren sin ved å prøve å spleise han med diverse kvinnfolk. Uten at faren veit det. Dette tek nokon ganske sære vendingar, og er underhaldande til tusen! Faktisk er heile boka underhaldande. Og hysterisk morsom! Fleire av kommentarane er så presise, så skarpe, og likevel så tydeleg eit barns. Eg vil rett og slett kalle boka ei sjarmbombe utan like, også for oss «vaksne». (Å gud, når blei eg så gamal?) Les den, og ikkje minst – la folk forelske seg i den dei vil. Ikkje ver ein lort.

Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Linda Klakken finn du HER.

Sitat

«Hver gang du forlater meg» av Linnéa Myhre

Boka er sponsa av Tiden forlag

Eg vil gjerne komme med ei tilståing: eg har utsatt å lese denne boka. Eg har lest begge bøkene til Linnéa Myhre, og eg følgjer henne på alle sosiale medier. Eg er stor fan av henne, og det er litt skummelt å lese den første «vanlege» skjønnlitterære boka hennar. Både Evig søndag og Kjære er jo sjølvbiografiske bøker. Eg er så redd for å bli skuffa.

No skal det seiast at det er vanskeleg å lese denne boka utan å tru at det er Linnéa som fortel om seg og sitt liv. Dei to andre er jo uttalt sjølvbiografiske romanar, medan denne vert karakterisert som rein fiksjon. Eg nekter å gå med på at alt her er oppdikta, til det er hovudpersonen for lik Myhre slik ho skildrer seg sjølv i andre bøker.

Som alltid er psykiske lidingar som angst, tvangshandlingar og depresjon, anoreksi og bulimi eit tema. Sjølv om det kanskje er meir ekstremt hos hovudpersonen her, hun, treff den nok mange unge jenter (og gutar). Ho og eksen har eit av og på-forhold som ingen av dei heilt klarer å riste av seg. Ho føler seg misbrukt, uelska, men gir etter gong på gong. Kva han føler er ikkje godt å vite. Ho veit at ho på eit vis blir manipulert, men ho treng liksom den smerta og held fast ved det som gjer henne vondt. Kanskje fordi det som gjer vondt òg gjer godt? Kva er ein uten smerte?

Noko litt fascinerande med skrivemåten i denne boka (som i kjent Linnéa Myhre-stil er morosam, skarp, og sår) er namna som er brukt. Hovudpersonane er hun og han, i tillegg snakkas det om den vise, den andre jenta, han med skjegget, den forlatte. Den einaste som er namngitt er hennar bestevenn, Jakob. Eg trur det gjer innhaldet hakket meir generelt og dermed relevant for alle som les, som gjer at dei kan sette sitt eige namn inn.

Eg trur dei fleste unge jenter som har vore i denne typen forhold (inkludert meg sjølv) har kjent på denne lidenskapen, men mest av alt på frykta for å miste han. Myhre sine skildringar er veldig presise, vonde og ikkje minst gjenkjennelege. Litt slik som Lena Anderssons bøker, den gir deg den sjølvinnsikta ein kanskje ikkje eigentleg ikkje vil ha. Eg kan òg samanlikne den med tematikken i Dette skjer ikke, som er ei diktsamling du definitivt må få med deg om du allereie har lest Hver gang du forlater meg.

Og ja, mad props for fantastisk fresh design på pocketen.

Forlag: Tiden
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Linnéa Myhre finn du HER.

Sitat

«Sweetbitter» av Stephanie Danler

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Denne boka er fabelaktig. Kan eg berre seie det? Kan eg seie ordet «leselykke» uten å virke kjempesarkastisk? For dette er (som dei seier på engelsk) a terrific read. Det er ei berusande bok, verkeleg.

Vin, mat, dop, kjærleik. Og å finne seg sjølv, så klart. Det er dette denne boka handler om. Dette er historia til Tess, som flytter til New York som tjuetoåring og får seg jobb på restaurant. Her lærer ho om smakar, vin, mat, og livet sjølv. Jobben som servitør er hard, på heilt andre måter enn ho hadde venta. Ho forelsker seg raskt i bartenderen Jake, og hamner inn eit ganske utmattande trekantdrama.

Eg sitt igjen med kjensla av å ha lest noko verkeleg strålande. Og eg forstår ikkje korleis ei bok om eit år som servitør kan vere så interessant? Men denne boka vekker appetitten for mat og vin (eg må innrømme eg tok et glas kvitvin eller to medan eg las). Eg trur kanskje dei som faktisk likte Det litterære apotek følte det sånn, at boka gjorde dei svoltne. Ikkje berre på mat og god drikke, men òg på livet og meir bøker. Enkelte bøker får deg jo faktisk til å ville lese meir, får deg til å føle at det aldri blir nok. (Og det blir det jo aldri.)

Boka er absolutt å anbefale, spesielt dersom du er glad i vin og god mat!

Forlag: Oneworld
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Harpiks» av Ane Riel

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Først av alt, ikkje la deg lure av omslaget. Dette er ikkje ei krimbok, det er heller ikkje ein spenningsroman, sjølv om det er slik den vert promotert på både dansk og norsk. Det er berre ein «vanleg» roman med ekle omgjevnader. Eg trudde den skulle vere skummel, og hadde skikkeleg lyst på ein krim når eg begynte på denne. Sååå eg vart litt skuffa, sjølv om boka er god nok.

Handlinga er lagt til nokre øyer på Danmark, spesielt til øya Hodet. (Det er litt vanskeleg å finne ut av tidsrommet i historia, men eg trur den starter på sånn femtitalet og arbeider seg fram til notid?) På denne øya veks Liv opp med mora Maria og faren Jens. Begge pleide å vere ganske normale folk, men om det forblir slik er jo ikkje boka noko interessant. For Maria legg så kraftig på seg at ho berre kan oppholde seg i senga si, og Jens blir ein hoarder. Så dør tvillingbroren til Liv, og Jens tek livet av si eiga mor, Else. Etter dette mister han grepet totalt, lèt dyra og gården forfalle, og Liv veks til og vert akkurat gamal nok til å tenke kritisk om kva som skjer. Og så kjem dagen «då det skjedde», då Livs liv (hehe) vert snudd heilt om på.

Oversettelsen er ikkje spesielt god. (Mitt eksemplar er eit førehandseksemplar og dei plar ikkje vere korrekturlesne, sjølv om dette ikkje er spesifisert på omslaget mitt. Eg håper verkeleg dette er fiksa i den endelege utgåva.) Det kan sjå ut som om teksten omtrent er original, berre at skrivemåten er endra frå dansk til norsk, og enkelte særord er bytta ut. Til dømes står ordet «forbundethet». Altså! Det heiter då gudsjammerleg «forbindelse» på norsk!

Eg skulle ønske eg las denne boka for sånn eit halvt år sidan, då hadde eg nok likt den mykje betre. Kvifor? Fordi viss du har lest Myrkongens datter av Karen Dionne, så er denne litt overflødig. Historia er ganske lik: jente veks opp isolert frå folk med ein psykisk sjuk og kanskje morderisk far som lev i «harmoni med naturen» og ei mor som ser problema, men ikkje kan gjere noko med det. I motsetning til Myrkongens datter, er ikkje dette ein spenningsroman, det er knapt ein roman. Det er berre ei forteljing, eigentleg. Kanskje den hadde fungert betre som ein skikkeleg skummel og ekkel grøsser? Der det hadde blitt avslørt først heilt på slutten at Carl er død? No berre fantaserer eg, men eg trudde det hadde gjort historia betre og meir interessant for lesarar.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«En moderne familie» av Helga Flatland

Boka er eit førehandseksemplar frå Aschehoug

Eg forstår ikkje – alle skryt slik av denne boka? Eg vart liksom ikkje så imponert, eg. Den er for all del godt skrive, har eit interessant tema, men den kunne vore så mykje meir! Altså, handlinga er slik:

Torill og Sverre har vore gift i omtrent førti år, og i anledning Sverres syttiårsdag reiser dei på ferie til Italia med barna Liv (og mannen hennar Olaf og deira to barn), Ellen (og hennar kjærast Simen) og attpåklatten Håkon. Der annonserer dei at dei skal skiljast, og barna vert ganske så overraska. Dei kjenner alle på denne skilsmissa på sin eigen måte, og så følgjer vi dei tre barna i rundt to år etter denne annonseringa.

Bortsett frå at det ikkje stemmer heilt. Det er jo Liv, Ellen og Håkon som fortel historia, men det blir ganske ujevnt. Det er fem delar, og dei er delt slik: Liv, Ellen, Liv, Ellen, Håkon. Manglar det ein bit med Håkon inn i midten der, kanskje? Det er så mykje slike småting som plagar meg med denne boka, og det er ganske frustrerande. Som sagt, det kunne vore utført mykje betre! Eg skulle ønske at handlinga var pressa meir saman og ikkje fordelt slik den er, eventuelt fordelt jamnare på søskena. Dei skildrer same historier litt ulikt, men eigentleg er dei ganske så einige i det meste, så du mistar den tematikken litt. (Arv og miljø derimot, klarer å skildre denne kjensla av ulike oppvekstar i same hus, og det er vel den Flatland prøver å få fram òg?) Og tittelen! Eitt sett med skilte foreldre i ein familie kan vel knapt kallast «ein moderne familie»? Her er ikkje mine-dine-våre-barn, ste- og halv-relasjoner, aldersforskjellar som tullar rundt med greinene på slektstreet…

Nei, altså. Det er absolutt ei god bok, men eg er litt forvirra over at det vert trilla seksarar. Eg ville ikkje trilla meir enn fire. Har eg kanskje gått glipp av noko? Ja, kanskje. Men då er det ikkje formidla godt nok.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Andre folks døtre» av Amy Gentry

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Andre folks døtre tek ikkje opp nokon nye tema; kidnappa barn som dukker opp igjen og usikkerheita rundt om dei snakker sant, seksuelt misbruk, religion… Ingen av delane er nye, men eg synest Gentry knyttar dei saman på ein ganske så god måte.

Julie Whitaker vart kidnappa som trettenåring. Åtte år seinare står ho på døra, og vert ønska velkomen heim. Men når Anna oppdager at Julie lyg om små og store ting, begynner ho å tvile på om det faktisk er dottera hennar som er komen heim – eller om det er nokon som vil ha pengane deira. Når ein privatetterforsker kontakter Anna med sine tvil, klarer ikkje Anna å kjempe mot mistankane sine lenger. All statistikk tilseier at Julie er død – så kven er denne unge kvinna som har flytta inn i heimen til Anna og Tom?

Mellom kvart kapittel, får kanskje/kanskje ikkje-Julie snakke og fortelle si historie. Men her må du halde tunga beint i munnen, for historia vert rulla opp baklengs! Og før ein forstår det, kan det vere veldig forvirrande. Det er jo ein ny vri som gjer boka veldig spennande, men som sagt litt uoversiktlig. Dette elementet er både det beste og det verste med boka.

Når det kjem til psykologisk spenning i boka, kunne nok Gentry drøyd endå lenger med å avsløre om det faktisk var Julie. (Eg gjetta det ganske kjapt, gjer du?) Ho kunne òg gjort meir når det kjem til frustrasjonen, sorgen og hatet knytta til å miste eit barn og ikkje vite kva som har skjedd. Anna fortel liksom lesarane meir om korleis ho følte det, enn å faktisk berre føle. Slutten var veldig bra, og faktisk ganske rørande. Ein litt meir avsluttande slutt enn det som er typisk for psykologiske thrillarar. Absolutt lesverdig bok!

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«De som fortjener det» og «Den tikkende kvinnen» av Peter Swanson

Begge bøkene er sponsa av Cappelen Damm

De som fortjener det er eigentleg den andre boka til Swanson, sjølv om det var den fyrste som kom på norsk. Debuten var den som kom på norsk i år, Den tikkende kvinnen (berre bla bittelitt ned). Dei fleste hugser kanskje at denne thrilleren kom på nyåret 2016, og eg har vel hatt lyst til å lese den heilt sidan den kom ut. Den har jo berre fått fleire og fleire gode skussmål, og eg har sett på bøker på norsk med så enormt mange blurbs på omslaget og dei fyrste par sidene.

Når Ted Severson møter den vakre, unge kvinna Lily på ein flyplassbar, er han litt full. Han er òg lei seg, for han har funne ut at den nye kona hans, Miranda, er utro med byggmesteren dei har leigd inn, Brad. Ted innrømmer for Lily at han vurderer å drepe kona si. Til Teds store sjokk, er dette ikkje eit sjokk for Lily. Lily forstår seg på kjensla av å ville drepe nokon, og tilbyr seg å hjelpe han. Først er det spøk, så er det alvor. Og som i alle thrillarar, er det sjeldan alt går etter planen. (Her går vel omtrent ingenting etter planen.)

Forventingane mine var skyhøge. Skrudd til topps. Og dessverre umoglege å møte. For eg kan starte med å seie dette: det er ei spennande, underhaldande, overraskande og intelligent krimbok dei fleste vil like. Og her er kanskje litt av problemet: blir den for «vaniljesmak»? Det er ikkje noko blodig og grotesk bok, det er ganske openbert heile tida kor sjuke desse folka i boka er, så eg vart vel sjeldan overraska på twistane. (Slutten er finurlig og opner for ein oppfølgjer, sjølv om eg ikkje har høyrd noko om det.)

Kort sagt: velskriven bok, smart plott, greit utført, men det er absolutt ikkje ein sekser. No er eg spenn klar for å lese den fyrste boka Swanson ga ut, og sjå om den kan sjokkere meg litt meir.

Dette er altså debutromanen til Swanson, sjølv om det var nummer to på norsk. Akkurat det spelar lita rolle, for bøkene er frittståande. Men dei foregår i same univers! Det er litt kult. Det er til dømes snakk om det same colleget, og den same politikvinna som dukker opp i begge bøkene (Roberta James, men bøkene handler altså ikkje om henne).

I denne boka møter vi George. George har eit ganske A4-liv no for tida, med eit av-og-på-forhold til Irene. Så dukker plutseleg Liana opp att i livet hans, ein ekskjærast frå college. Problemet er berre at Liana ikkje var Liana på college, men Audrey, og er konstant på rømmen frå politiet. No er ho òg på rømmen frå den mykje eldre eks-elskeren sin, som ho stal ein halv million (ulovlege penger) frå. Ho ber George om ei teneste – å levere tilbake pengane – og sjølv om han veit han burde halde seg langt unna denne kvinna, takker han altså ja. Og då går jo alt som det må; rett til helvete.

Det einaste eg har å utsette på denne boka er dei halvklamme forsøka på erotiske skildringar. Dei kunne han godt spart seg. (Og det droppa han jo i bok nummer to, så det er kanskje ikkje berre eg som har kommentert det?)

Moralen i Swansons bøker kan jo kjapt oppsummerast: ikkje stol på vakre kvinner som tilfeldigvis dukker opp i livet ditt. Ellers kan eg jo seie at bøkene var akkurat like gode! De som fortjener det hadde kanskje meir spenning, men Den tikkende kvinnen har eit mykje meir original og intelligent plott. Så om du kjenner nokon som liker spennande bøker, er denne her absolutt eit godt julegavealternativ. (Eg er altså komen heilt til jul, for slik er det å jobbe i butikk.)

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: De som fortjener det (2016), Den tikkende kvinnen (2017)

Sitat

«Den dunkle dottera» av Elena Ferrante

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Kor skal eg begynne? Eg treng vel ikkje fortelje nokon at dette er bra, for det veit du – det er jo Elena Ferrante. Ferrante er seg sjølv lik, og skriv med den samme menneskelegheita og den same brutaliteten som alltid. Eg må innrømme at Svikne dagar traff meg betre, men det handlar vel meir om at eg veit korleis det er å bli dumpa, men ikkje aner korleis det er å vere mor. Den ambivalensen Leda her føler rundt morsrolla, er ikkje noko eg har grunnlag for å verkeleg skjøne, sjølv om det vert skildra godt.

La meg berre kjapt diskutere tittelen! For dei som ikkje er så stødige i nynorsk (kva gjer du då på min blogg av alle bloggar?) Dunkel betyr mørkt, skjult, gøymd, uklar. Eg slit litt med tittelen (sjølv om eg ikkje kan italiensk og veit kva som var meint), for på engelsk heiter  boka The lost daughter. Det gir litt meir meining for meg, anten du tenker på Leda sine døtre i boka som er flytta til Canada, Leda som trekte seg vekk frå familien sin i Napoli, Elena som forsvinn i ei  liten time, eller tenker på den vesle dukka til Elena som dottera hennar når dukka forsvinn. (Eg lenar meg mot den siste). Men ja, så om du var litt i stuss på kva dunkel betydde, så veit du det no.

Boka handler om Leda, ei dame som pushar femti. Ho dreg på ein ferie ho eigentleg ikkje treng, for ho er singel og døtrene bur i Canada med far sin. Likevel dreg ho altså, og når ho slår seg ned på stranda ser ho ei ung mor (Nina) med dotter si (Elena), i følgje med ein svær napolitansk familie. Ho vert ganske fascinert av begge to, og sit og følgjer med på dei. Ho held seg for seg sjølv heilt til Elena forsvinn på stranda. (Slapp av, dei finn ho att med ein gong.) Frå då av snakker ho meir og meir med denne familien, og begynner å reflektere over seg sjølv som mor, om oppveksten sin og livet sitt no.

Eg må jo innrømme at eg begynner å tru at «Elena Ferrante», uansett kven ho (eg berre veit at det er ei dame) er, har opplevd mykje av dette sjølv. Veldig mange av situasjonane i dei så langt seks romanane på norsk, liknar kvarandre til forveksling. Fleire hendingar mellom mor og barn (som at barnet slår mora) er ganske så like, den akademiske mora som ikkje elska livet som mor når alt kom til alt, rømmer frå Napoli til ein annan del av Italia… Eg seier ikkje at det er sjølvbiografisk direkte, men eg er overbevist over at «Ferrante» bruker utruleg mykje av seg sjølv i bøkene. Noko som kan forklare kvifor ho er så anonym som ho er.

Er det forresten tilfeldig at mykje av denne boka dreier seg rundt dukka den vesle jenta mister, og som Leda stel? Med tanke på at barneboka til Ferrante vart omsett no til hausten, Natt på stranda, som handler om ei dukke som vert gjenglømt på stranda. (Det er nok ganske så tilfeldig, men om du ikkje visste om barneboka, så bør du sjekke den ut! Den er utruleg kul.) Uansett, hugs at Kvelande kjærleik kjem ut til våren! Eg gler meg i alle fall stort.

Men ja, dette vart veldig langt. TLDR; Ferrante er alltid bra, kos deg med boka.

Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Elena Ferrante finn du HER.

Sitat

«Romaner» og «Jeg ikke dum» av Bård Torgersen

Bøkene er sponsa av Flamme forlag

Er det berre meg, eller er det unormalt mykje god litteratur på det norske markedet for tida?? Eg finn berre meir og meir eg liker når eg les moderne, norsk lyrikk. (For eksempel Arne Ruset eller Dette skjer ikke av Ida Lórien Ringdal.)

Denne diktsamlinga er – som tittelen avslører – skildringar av romanplott, og litt om romanen sin plass i samfunnet. Det er morosamt, bisart, satirisk og ikkje minst originalt.

romanen
portretterer

tre menn verden
kunne klart seg uten
stalin
hitler
og en fyr
som
står i
kassa på
kiwi

Eg hadde definitivt lest fleire av romanane som er lagt fram her. Faktisk vurderer eg om eg skal skrive eit par av dei sjøl. (Er det plagiat? Kontakt meg viss du er advokat.) Mange av dikta kunne vore sett saman i grupper, og enkelte handlinger ser ut til å kunne bli fletta saman.

romanen er
lett å
oversette
men ikke så
mye annet

Eit av dei kulaste dikta i samlinga, er det eg har limt inn under her. Linje nummer to, «jeg ikke dum» er òg tittelen på den nyaste diktsamlinga til Torgersen.

ape lærer fire hundre ord
jeg ikke dum
jeg ape
apen snakker og snakker
boka blir refusert
alle vil tenke at apen er en innvandrer
forfatteren skriver bok om en innvandrer
uten indre monolog eller dialog
boka makter likevel å mane fram
svært nære og poetiske bilder
skriver en ledende kritiker

Og her er altså den nyaste diktsamlinga! (Gratulerer med innsatsen, og takk for merksemda diktomtala mi får av deg.) «Jeg ikke dum» er ei linje som dukker opp i denne samlinga òg, ei eiga strofe i eit lengre dikt:

jeg ikke dum
jeg ikke psykologisk troverdig

Og favorittdiktet mitt i denne samlinga:

kjære gud
som IKKE finnes
la det IKKE bli krig
jeg er redd

Denne samlinga er litt meir «seriøs» enn Romaner, og eg skal driste meg til å kalle det sentrallyrikk (dikt om liv, død eller kjærleik – så veit du det!). Det er spesielt livet og døden som får plass i desse dikta. Her er redsel for både liv og død, historier om familie og reiser, tanker om menneskets plass på jorda og jordas plass i universet. Ikkje minst er språket like frekt, frisk og humrande presist som i Romaner.

Absolutt eit godt knippe med dikt, som definitivt er verdt å sjekke ut om du liker skarp poesi. Og så er det jo ein bursdagsinvitasjon til slutt! Eg vil veldig gjerne komme, viss eg får lov? (Eg meiner, eg er jo allereie invitert.)

Forlag: Flamme
Utgivelsesår: Romaner (2015), Jeg ikke dum (2017)

Sitat

«Homo deus: En kort historie om i morgen» av Yuval Noah Harari

Boka er sponsa av Bazar forlag

Eg las Sapiens i fjor, og det var verkeleg ei av dei beste sakprosabøkene eg har lest! Derfor var eg kjempegira når oppfølgjaren, Homo deus, kom på norsk. Det går ikkje an å legge skjul på at Harari har ei fantastisk formidlingsevne, for ein sit igjen og føler seg latterlig intelligent. (Og det er jo alltid kjekt å føle seg glup.)

Lat oss starte med tittelen. Homo sapiens betyr jo «det tenkende mennesket», og homo deus betyr «det guddommelige menneske». For er det ikkje mini-gudar vi er på veg til å bli? Med all den kunstige intelligensen, designerbabyer, moderne medisin, medikamenter som kan endre kjenslene våre eller halde oss i live – kanskje for alltid?

Boka handler jo om framtida, så naturleg nok snur Harari seg mot fortida for å sjå trender, sannsyn og kome med kalkulerte spådommer, spekulasjoner og moglege løysingar. Men det er pokker så skummelt, denne gongen. Det er i alle fall lett å seie seg einig i det Harari skriv, og det får deg jo til å tenke på framtida. Kor er vi på veg? Han utfordrer tankane rundt økonomi, ideen om et individ, ulike ideologiar, moderne medisin, og ikkje minst teknologi. Blant anna, det er så utrulig mykje meir han klarer å skvise inn.

Avsnitta her er litt lengre enn i Sapiens, så det tek litt lenger tid å lese boka, for ein må faktisk sette seg ned og ta seg god tid til lesinga. Språket er heller ikkje like leikent og skarpt som det var i forgjengeren, men det er vanskeleg å ha skråblikk og harselere med noko som enno ikkje har hendt. Det er uansett lettlest, interessant og forståeleg. Kos deg!

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Yuval Noah Harari finn du HER.